Klappet og klart Hjå Møbelringen og Princess i Etne kan du få både hytta eller huset ditt ferdig innreia og styla med møblar og pynt. Konseptet Klappet & Klart har blitt eit ekstra bein å stå på for butikkane.
Fotograf Nordtveit
Møbelringen og Princess i Etne kjem heim til deg eller hytta di med møblar, interiør og gode råd. Her frå eit oppdrag i Røldal.
Ole Strømø er dagleg leiar i Møbelringen Etne, han meiner konseptet er viktig for å styrke drifta i butikken. – Det er mange år sidan me starta opp med dette. I 2010 tok Haukeli Skisenter kontakt sidan dei skulle innreie nokre leilegheiter i nærleiken av skitrekket. Det var starten, og etterpå har me innreia hundrevis av hytter, hus og leilegheiter. Etter kvart fekk me på plass ulike pakkar som kundane kunne velje i, fortel han. Målgruppene for konseptet er ulike, det er privatpersonar som tar kontakt og som ynskjer møblar og eit kyndig blikk på innreiinga av huset eller hytta. Samstundes tar mange byggefirma
14
1 • 2021
og andre kontakt for å leige møblar og få oss til å innreie før visning eller sal. – Det er viktig at det ser fint ut når det skal vere visning, det er mykje meir sannsynleg du kjøper ei hytte du syns det var koseleg å vere i, meiner Strømø som også ser at kundane er ulike når dei tar kontakt. Medan nokre veit veldig godt kva dei ynskjer, er andre meir usikre og kjem med teikningar over rom og areal, då kan dei profesjonelle få nesten heilt fritt spelerom. Kundane er alt frå dei heilt unge og opp til dei som er godt vaksne. – Me ser jo som regel litt av kva dei likar, og me tar ikkje val som me tenkjer veldig få vil like. Men det er viktig at me viser kva me har tenkt og korleis me har sett det for oss, før me startar jobben, då kan ein alltids gjere endringar. – Dette er veldig kjekke jobbar, her skal ein ikkje berre selje ein stol, men skape ei fin møblering som fungerer. Me får teikningar frå kunde, og så reiser me som regel ut sjølv for å sjå og ikkje minst ta mål. Alt må passe ned til den siste detaljen, slår Strømø fast. Jobbane kan variere frå små stylingjobbar til full innreiing av heile hus. Dei har det meste og kan løyse alt frå gardiner og tepper, til vaskemaskin, tørketrommel og bestikk i skuffane. Mange kundar veit kva fargar dei ynskjer, eller kva stil dei likar. Andre er usikre og lurer gjerne på kva som er moderne, eller kva ein bør satse på. – Strengt tatt kan me gjere alt anna enn å setje maten i kjøleskåpet, det er somme gonger det einaste som gjenstår. Mange av kundane har naturlegvis strenge budsjett me må halde oss innafor, men nokre har ikkje det heller. Ein vanleg jobb ligg på ein stad mellom 160–200 timar, inkludert planlegging og gjennomføring av jobben. Den kortaste perioden ein kan leige møblar for er seks veker. Ole Strømø ser at den nordiske stilen framleis held seg i interiøret, og at det no er lov med fargar.