Tempo Næringsmagasin 1 2021

Page 10

Bedriftsprofil

MÅLET VAR EIGEN JOBB

Eigar av Lauareid Service og Lauareid Transport, Bjarte Lauareid (50), tek dagane som dei kjem og grip dei sjansane som byr seg, og meiner det er ein god forretningsstrategi.

Bedriftsideen om kjøp og sal av varmepumper tok form medan han var på vegen som sjåfør for Hustvedt og Skeie, der han var i ti år fram til 2010. Tanken var å nå hyttemarknaden i Telemark med sal av varmepumper via utsal på Haukeli, vegg i vegg med Spar. – Det tok ikkje heilt av i starten, smiler han. På lageret i Steinshagen i Etne er det stablar med varmepumper av ulike merke, her skal det vera noko for ein kvar smak og behov. Her er og brukte pumper som er kasserte og som skal klargjerast for retur og gjenbruk etter Bjarte har tømt dei for gass. I tillegg er det fleire pallar med tørrhøy og fôr. Trass i at draumen om varmepumper i Telemark ikkje tok heilt av, har leveransar lokalt og regionalt sakte men sikkert gitt firmaet solide bein å stå på. Frå ein sped start med kjøp og salg av varmepumper lokalt, har Lauareid Service AS utvida, kjøpt opp og fusjonert. I dag har bedrifta ein stab på 10 personar i

10

1 • 2021

tillegg til deltidstilsette. Bjarte kjøpte opp Kalland AS i 2019 og Varmepumpe Vest i 2020. Tidlegare Grønstad transport tok han over frå Anders Grønstad i juni 2020 og rundt nyttår 2021 utvida han ytterlegare og tok over Sauda Transportservice. I dag er det to vogntog i drift og begge dei tidlegare eigarane er med vidare i staben til Bjarte. – Framleis er det mykje transport til og frå Sverige, men nyleg var Anders i Nord-Noreg for å hente skinn til Granberg Garveri i Ølensvåg frå Bardufoss. Elles er det mykje transport i heile Sør-Noreg, fortel Bjarte. Anders Grønstad er framleis med som sjåfør og tek seg av mykje av logistikken i dette selskapet, understrekar Bjarte, medan Andreas Øvrabø som var tidlegare eigar av Sauda Transportservice også er med vidare som sjåfør. – Målet var å skapa min eigen jobb, smiler han. Den mangeårige langtransportsjåføren og avløysaren, som i 2010 starta opp Lauareid Service, hadde utdanna seg til lanbruksmekanikar før


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.