TØFFE UTDANNINGSVAL Mange har meiningar om kva yrkesval dei unge bør ta. Anita Håvardsen, Jarle Lunde og Celina Berntine Vik Thorson er nokre av ungdommane som har gått sine eigne vegar. Bildetekst
– Ein må velje noko ein trivst med, det hjelper ikkje med god lønn dersom du ikkje likar jobben din, meiner Anita Håvardsen (19) som er dekkslærling hjå Odfjell.
24
1 • 2021
Foto: Privat
Anita Håvardsen (19) er dekkslærling på eit av frakteskipa til Odfjell, det norske shippingselskapet er eit av verdas leiande selskap innan lagring og frakting av kjemikalie. På Facebook-sida til Anita er det bilete av arbeidsplassen, eit oransje frakteskip, og ikkje minst ho sjølv kledd i kjeledress i same fargen. Som dekkslærling er ho med på vedlikehald på dekk, lasting og lossing av kjemikalie over heile verda. Sist tur gjekk ho ombord i Houston og av skipet i Brasil. Dagane er varierande og byr på mange ulike oppgåver gjennom ein arbeidsdag. Anita har funne sitt drøymeyrke. – Det var mange som hadde meiningar om kva yrke eg skulle velje, og eg sikta meg eigentleg inn mot legeyrket, tanken var å utdanne seg til patolog, seier Etne-jenta som etter å ha besøkt skuleskipet Gann som tiendeklassing endra retning totalt. – Me fekk aldri noko informasjon om maritime fag på ungdomsskulen, det kunne absolutt vore betre. Så når me besøkte Gann bestemte eg meg med ein gong, dette var mi retning. Havet som arbeidsplass ligg i blodet til Anita. Bestefaren jobba som kranførar på skip, og fortalde ivrig gode historier frå livet til sjøs. Ho visste at yrkesfag og maritime fag var ein god veg å velje, men det ante henne at det ikkje var mange jenter som valde denne yrkesvegen. – Då eg starta på maritime fag på Karmsund VGS var me om lag 30 stykk i klassen, berre 3 av oss var jenter. Eg trur fleire hadde valt desse faga om det blei snakka meir om.