Foto: Mattias Fredriksson
Utgåve 5 / Vinter 2017
EIT GRATISMAGASIN OM VERDAS VAKRASTE SKIOMRÅDE
VEGEN MOT TOPPEN
REBELLEN
KELLY CLARK
Spjelkavik-jenta Nina Løseth har endeleg etablert seg i verdstoppen av alpinsirkuset.
Terje Håkonsen har stått sine eigne vegar i snart tretti år.
Den mestvinnande utøvaren i snowboardhistoria har vitja Stranda.
Foto: Margaret M. de Lange
Du skal ha det godt der du har tid til å nyte det. Velkommen til Slettvoll. Bergen: Christiesgate 5 Bærum: Brynsveien 140 Drammen: Ellingsen Møbler Gjøvik: Kiil InteriørDesign Haugesund: In-Design Kristiansand: Møbelmiljø Lillestrøm: Voldgate 2B Moss: Ekholtveien 114 Oslo/Skøyen: Karenslyst Allé 7 Ski: Åsenveien 8 Stavanger: Marieroveien 21A Tromsø: Grønnegata 72-74 Trondheim: Dyre Halses gate1B, Solsiden Tønsberg: hjørnet Tollbodgaten /Storgaten Ålesund: Smibakken 3, Breivika Göteborg: A&Co Stockholm: Regeringsgatan 12 Instagram: @slettvoll_no Informasjon: www.slettvoll.no
-ein liten stad i verdsklasse les meir strandafjellet.no
Strandafjellet
layout raw reklame og foto photocredit hĂĽvard myklebust/ raw reklame og foto
strandafjellet
ski&bo rom/frokost/heiskort inkl.
basseng & sauna gratis for buande
nyt god mat i vĂĽre 4 restaurantar
paviljongen roalden 1042 moh
ta gondolen med og utan ski pĂĽ beina
6
ELDRID SOGNNES KRISTOFFERSEN LEGG EIN TELEMARKSVING I FEBRUARPUDDER NEDANFOR COLA-HAUGEN PÅ STRANDAFJELLET. FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
7
innhald 10 REDAKSJON 12 LEIAR 14 10 GRUNNAR 18 EI HYLLEST TIL NORDVESTEN 26 EIT SKIHJARTE 28 INSTRUKTØREN 30 LYS I LIABYGDA 34 PÅ SKJER 38 BEST PÅ TRÅKK I SKANDINAVIA 42 PÅ BARMARK MED STRANDA ALPIN 50 FRITID FØR 54 90 58 VEGEN MOT TOPPEN 62 KELLY 66 REBELLEN 70 BLÅTT MOT BLÅBRETINDEN 76 ANSOKHORNET 78 STORE SMØRSKREDTIND 1631 MOH. 86 KJÆRLEIK VED FØRSTE KNIPS 98 UTSTYRSTEST
8
100 I TOPPTURSEKKEN 102 ARRANGEMENTKALENDER
COVERBILETE Foto: Mattias Fredriksson Køyrarar: Åmsund Thorsen og Erik Finseth på toppen av Store Brekketind i Sunnmørsalpane. Slogen i bakgrunnen. BAKSIDEBILETE Foto: Martin André Kristoffersen PAPIR Omslag: Munken Kristal 240g m 2 Innhald: Amber Graphic 120g m 2 TRYKK 07 Gruppen AS
redaksjon
MARTIN ANDRÉ
OLE KRISTIAN
DAVID
ANDRÉ
LARS
KRISTOFFERSEN
ÅRDAL
SVILAND
SKJEGGESTAD
JENSSEN
REDAKTØR
TEKSTREDAKTØR
TEKSTBEHANDLAR
ART DIRECTOR
FORMGIVAR
BIDRAGSYTARAR
10
Mattias Fredriksson Ein av verdas absolutt beste ski-, sykkel- og actionsportfotografar. Den arbeidsame og dyktige Smålendingen er busett i Åre, men reiser omkring i verda med kameraet sitt. Vi er stolte av å ha coverfoto og eit bildegalleri frå Mattias på trykk i denne utgåva. Håvard Myklebust Den sprekaste fjellfotografen på Sunnmøre. I denne utgåva tek fjellmannen frå Bjørke oss med på bratt skikøyring på storebroren til Slogen, Smørskredtind. Blådalsbjønnen Bjørn, busett i Blådalen. Ingen har nokon gong sett han, men rykta seier at han var ein rakkar i oppveksten. I denne utgåva gjev Bjønnen oss eit innblikk i korleis fritida til barn og unge var før skjermane tok over heimane på Stranda. ross Bodenmann Illustratør, kunstnar og fotograf. Bur på Vancouver Island i Canada.
Sara Angelica Spilling Fotograf og artist buande i Oslo, oppvaksen i Los Angeles og Vegårshei. oscar Almgren Skredekspert, eigar og dagleg leiar av Uteguiden. I denne utgåva tipsar Oscar oss om kva vi bør ha i topptursekken i vinter. Johan Inge Kistrand Triveleg nordlending som er høgt og lågt på Sunnmøre. I denne utgåva tek Johan Inge oss med på tur til Blåbretinden. Tiffany Anne read Livsglad skikøyrande kunstnar og illustratør frå Colorado. Takk til: Kristian Stornes, Eldrid Sognnes Kristoffersen, Petter Hjørungdal, Jørund Hagen, Svein Ove Langlo, The Arctic Challenge, Gabe L’Heureux, Natalie Mayer, Herman Haver-Mathiesen, Sissel Løseth, Arve Mogstad jr.
Krister Kanck Illustratør, skribent og renessansemenneske frå Bodø, buande i Oslo.
KAN DU TENKJE DEG Å BIDRA MED TEKST, ILLUSTRASJONAR ELLER BILETE TIL PS? SEND OSS EIN E-POST TIL POST@PASTRANDA.NO VI SER FRAM TIL Å HØYRE FRÅ DEG!
Det enkle er ofte det beste.
Stranda Ă…pningstider: 07-23 / 08-21
leiar REDAKTØR MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
12
Kvar vinter kjem dei fallande frå himmelen. Av og til store som tefat, andre gongar små som non stop. Snøfnugga. Eit etter eit legg dei seg på bakken, heilt til dei har farga landskapet kvitt. Fjell og tre innpakka i verdas herlegaste innpakningspapir, slik at barn i alle aldrar kan pakke ut sine vinterdraumar. Då eg var 13 år såg eg min første snowboard-film. Filmen heitte «Subject Haakonsen», og viste Terje Håkonsen og andre snowboard-køyrarar leike seg ned fjellsider rundt om i verda. Det såg spektakulært og morosamt ut. Eg begynte å drøyme meg bort til fjell som var høgare enn dei eg kjente til heime. Draumar som førte meg ståande, først sidelings på eit brett, så rett fram på to plankar, til fjell og fantastiske vinteropplevingar i Nord-Amerika, Alpane, Sør-Amerika og New Zealand, og ikkje minst Stranda. No drøymer mannen på filmen, legenda som kanskje er det enkeltindividet som har gjort mest for å utvikle snowboard til kva det er i dag, Terje Håkonsen, om å arrangere sin konkurranse The Arctic Challenge på Stranda. Kvifor akkurat på Stranda finn du ut i intervjuet med Terje lenger bak i magasinet. Ei anna som vart inspirert av å sjå brettkøyring på film, er amerikanske Kelly Clark. Då ho var 14 år gammal såg ho eit opptak frå halfpipe-konkurransen i OL 98 på ein VHS-kassett. Kelly begynte å drøyme om å leve livet på snowboard. Eit OL-Gull, 9 X-gamesgull og eit hav av andre sigrar seinare kom ho innom Stranda i fjor på veg til X-games i Oslo. Vi hadde gleda av å køyre nokre svingar på Roalden med snowboardhistorias
mestvinnande utøvar, og prate litt om livet hennar på brettet. Ålesund-jenta Nina Løseth la sine første konkurransesvingar i Furset-traseen. Opp gjennom åra har ho lagt uendeleg mange slalåmsvingar, og i fjor vann ho sitt første verdscuprenn i slalåm. Tekstredaktør Ole Kristian Årdal slo av ein prat med Nina på Olympiatoppen i Oslo om vegen til toppen av sigerspallen. Stranda-venen Mattias Fredriksson har reist rundt til fleire skistadar enn dei aller fleste av oss. Han er ein av verdas mest anerkjende ski- og sykkelfotografar. Når han skal fortelle om dei finaste skistadane han har vore på, nemner han to, Treble Cone på New Zealand og Stranda. Vi seier oss einige med Mattias og er stolte over å vise fram nokre av Mattias sine beste blinkskot frå dei ti åra han har vore fast gjest på Sunnmøre. Vinterdraumar kjem i alle slags variantar, nokon av oss drøymer om å stå på toppen av ein sigerspall med edelt metall om halsen, andre om å drikke ein god kopp kakao framfor peisen etter ein dag i bakken. Uansett kva slags draumar du har for den komande vinteren, om det er å lære noko nytt i parken, legge den perfekte skjerande svingen i ny preparert trasé, køyre i botnlaus laussnø, gå topptur på eit fjell du ikkje har vore på før, eller å gi skigleda vidare til barna dine, er Stranda staden kor vinterdraumar blir verkelege. God vinter!
leiar
13
STARTBUA PÅ TOPPEN AV «SPESIALISTEN» I NON STOP SNØFNUGGDRYSS. FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
10 grunnar til at skikøyring er verdas beste idrett TEKST: MARTIN KRISTOFFERSEN / ILLUSTRASJON: TIFFANY ANNE READ
14 1. Skikøyring er sosialt. Delt glede er dobbel glede. Ingenting er så kjekt som ein god pudderdag saman med skikompisar. Det er viktig for oss menneske å kjenne at vi er ein del av eit fellesskap. Kvar gong ein renn på ski tek ein del i fellesskapet saman med alle andre som er ute på ski. 2. Skikøyrarar er i betre humør enn andre. Dei gode opplevingane på ski tek ein med seg inn i kvardagen. Gleda og godkjensla flyt over, som ein foss om våren, til andre delar av livet. Det har også vist seg at skikøyring er godt for ein person si fysiske og mentale helse, sjølv om ein berre renn på ski av og til. 3. Skikøyring gir fantastiske naturopplevingar. For å renne på ski må ein vere ute (med mindre ein bur på ein snøforlaten plass kor ein må ty til innandørs skiarena), og når ein er ute, får kropp og sinn heilt andre inntrykk enn i sofaen. Fjell, snø, frisk luft og sol er ein strålande kombinasjon. Apropos solstrålar, skikøyring gir bra tilskot av vitamin D. 4. Skikøyrarar søv betre. Etter ein action-fylt dag med skileik på Fjellet har kroppen behov for kvile. Ein søv betre enn kva ein gjer om ein har stirra på ein skjerm heile dagen. Undersøkingar har vist at ei god natts søvn er positivt for humør og forbetrar hukommelsen og evna til å lære. Vi foreslår derfor fleire skidagar i skulen. 5. Skikøyring gir betre matvanar. Om du har planlagt ein skidag, hoppar du ikkje over frukosten. Og som vi alle veit, frukosten er dagens viktigaste måltid. Etter nokre timar i bakken vil du i tillegg kjenne behovet for ein god og næringsrik lunsj, og det same med middag, når du er ferdig å renne. Skikøyring hjelper oss med å få rutinar på måltida og ete til faste tidspunkt. 6. Skikøyring styrkar muskulaturen. Ein brukar heile kroppen når ein renn på ski, spesielt beina. Lårmuskulaturen, og ikkje minst setemuskulaturen, får verkeleg køyrt seg i løpet
av ein dag i bakken. Om du vil jobbe på sommarkroppen 2017, er skikøyring svaret. Legg grunnlaget for strandlivet på Stranda i vinter. 7. Skikøyring er bra for kondisjonen. Topptur må jo være verdas morosamaste form for fjelltur. Her får ein kondisjonstrening på veg opp, og skileik på veg ned. Men heisbasert skikøyring er også bra for kondisjonen. Berre sjå på kor mange som pustar og pesar medan dei ber skia på veg til heisen. 8. Skikøyring er bra for minnet og kognitiv tenking. Skikøyring kombinerer aerobisk aktivitet og muskeltrening. Noko som amerikanske Centers for Disease Control hevdar bidreg til at ein lærer betre, tenkjer klårare og tek betre slutningar. Ekspertar meiner at regelmessig skikøyring kan forhindre kognitiv nedsetting og aldersrelatert minnetap. 9. Skikøyring er bra for balansen. Når ein renn på ski, jobbar ein konstant for å oppretthalde balansen, for ein vil jo ikkje ramle. Dette held kjernemuskulaturen i trening heile dagen, men ein merker det ikkje fordi det er så morosamt. I tillegg er det også bra trening for støttemuskulaturen. Dette kan førebygge utbrette vinterskadar som inntreff når du sklir på glatte fortau og trapper. Vi har ikkje rekna på kor mykje denne typen skadar kostar samfunnet i løpet av ein vinter, men vi mistenkjer at det er store summar å spare på at fleire nordmenn trener balansen på ski. 10. Skikøyring har 80-talsdagen. Ein kvar skidestinasjon med respekt for seg sjølv arrangerer ein 80-talsdag i løpet av vinteren, og ein kvar skikøyrar med eit snev av respekt for skihistoria deltek heilhjarta på ein slik dag. I kor mange andre idrettar kan du ta fram dei finaste kleda du finn frå 80-talet, høyre på fantastisk 80-talsmusikk og berre ta ein tur tilbake til fortida? Fotball? Handball? Sykling? Nettopp, ingen andre.
10 grunnar
15
Tre Tre dagar dagar med med fest fest På På Stranda! Stranda! Karnevalstog Karnevalstog og og Mini-alPeritt Mini-alPeritt Afterski Afterski På På stova stova
Masse Masse moro moro På På Stranda Stranda hotel hotel Sjå Sjå Program Program På På alPerittet.no alPerittet.no
Velkomen Velkomen til til AlPerittet AlPerittet 25. 25. februar februar 2017 2017
torsdag torsdag 23/2: 23/2: Ølfestival Ølfestival Fredag Fredag 24/2: 24/2: Chinese Chinese Downhill Downhill Laurdag Laurdag 25/2: 25/2: AlPerittet AlPerittet Påmelding Påmelding På På alPerittet.no alPerittet.no
Ei hyll Nordv 18
DAGLEG LEIAR PÅ STRANDAFJELLET, STIAN GRÆSDAL, GJER KLAR PARKERINGSPLASSEN EIN MORGON NORDVESTEN ER PÅ BESØK.
Ei hyllest til Nordvesten
lest til vesten TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
19
20
JOHAN ARNEMO OG TEODOR DAY PÃ… VEG NED MOT RIKSVEGEN I HEVSDALEN.
Ei hyllest til Nordvesten
21
Kvar vinter tek folk frå fjern og nær vegen til Strandafjellet for å renne på ski. Vi tek alle turen til Fjellet for å dekke våre behov, behov vi har gått og kjent på heile sommaren og hausten. Vi er eigentleg ganske sjølvsentrerte. Når vinteren kjem, tenkjervi stort sett berre på kva vi sjølve kan få ut av ein dag på Fjellet. Vi stressar til heisen for å kome først opp, og når vi har kome opp på toppen, stresskøyrar vi ned for på nytt å kome raskt til heisa, slik at vi fort kan kome opp igjen, og forhåpentlegvis få eit nytt førstespor. Og slik gjeng no dagane om vinteren.
22
Heisvaktarane på Strandafjellet veit å ta seg tid til Nordvesten når han kjem på besøk.
ei hyllest til nordvesten
23
1. Oscar Almgren veit å sette pris på snøen Nordvesten har med seg. 2. Johan Arnemo og Oscar Almgren med puddersmil.
Difor er det så kjekt at vi kvar vinter får besøk av ein gammal ven som ikkje er like sjølvsentrert som oss. Ein fykande fant som kvar vinter reiser lengre enn dei fleste. Han kjem stormande inn frå Norskehavet og innover fjella våre. Han er ikkje av det slaget som kjem tomhendt, nei han er ikkje slik som oss ski- og snowboardkøyrarar. Han kjem ikkje for det han kan få, han kjem for å gje, og kvar vinter har han med gåver til dei som veit å sette pris på eit besøk. Gåver han har raska med seg på reisa mot fastland og høge fjell. Den finaste vintergåva som tenkast kan – laussnø. Mykje laussnø. Og rett som det er har han med seg meir enn kva yr.no melder at han har, han liker å overraske. Kven er så denne fykande fanten som kjem hit kvar vinter? Nordvesten er hans namn. Vi gler oss til å på nytt få besøk av han til vinteren. Av alle vêr og vindar er han vår vinterfavoritt. Medan vi venter på at han kjem stormande på besøk, kosar vi oss med gode minner frå då han var innom førre vinter.
FJELLFØRING KURS & EVENT
» Toppturkurs » Skredkurs » Toppturer » Isklatring » Alpine turer » Trugeturer
« SKREDDERSYDDE PAKKER » Guiding/Kurs - Transport - Kost & Losji Leie av skiutstyr - Lån av skredutstyr - Lån av skredsekk
Besøk vårt guidekontor i Stranda sentrum
facebook.com/uteguiden
instagram.com/uteguiden
twitter.com/uteguiden
Besøk oss pü uteguiden.com
Eit skihjarte TEKST OG ILLUSTRASJON: ROSS BODENMANN / OMSETT TIL NYNORSK AV OLE KRISTIAN ÅRDAL
26
Eg byksa gjennom snøstormen. Kjempa for andreplassen i ei utblåst langrennsløype. Det var blindeføre, og sikta var ikkje lengre enn ein meter. Dei isete skåra beit seg inn i kjakane mine, og vinden var ein mykje sterkare motstandar enn konkurrentane mine. Eg samla meg for eit siste angrep mot mållinja. Eg heiv etter pusten, den kalde lufta brann opp lungene mine, vinden sprakk opp leppene, og nasen min var djupfrosen. Eg myste gjennom snøkasta, og kunne så vidt skimte målflagga i det fjerne. Eg satt inn siste støyten. Hjartet tvinga blodet gjennom dei slitne musklane. Pulsen banka høglydt i øyra mine. Den desperate begeistringa steig opp i meg som eld, og eit siste brus bobla opp frå ein stad djupt inne i meg. Eg kryssa mållinja, utslitt, utlada, men nøgd. Sliten, men likevel aldri så levande. Eg var seks år. Sidan den dagen har ski vore meir enn berre ski. Gutturalt og sanseleg, eit reint og ærleg strev, smelta saman med sterke kjensler. Dei daglegdagse gledene frå små og store sigrar, sorger frå tap, smerter frå brotne bein og dårlege snødagar. Skia syg alltid safta ut av hjartet, enten i form av blod eller kjærleik. Eg møtte kona mi i skibakken. Ein solbleik vårdag på Mammoth Mountain, varm nok til å køyre i berre t-skjorta. Eg helste på ho i heisen og følgde ho resten av dagen ned dei leikne bakkane. Ho var ikkje redd for fart og slo meg ned i støvlane. Det gylne håret hennar i vinden medan ho kraup saman i hockey. Eg mista skjeret fleire gongar medan eg stira på ho… Hemingway sa det best, ”Å følgje hjartet er det same som å miste vitet.” Og eg mista det fort. Ho var modig og vakker, og eg var forelska. Eg er ingen proff. Heller ikkje ven med Jon Olsson. Eg har aldri kasta meg ut frå ei 70 meter høg klippe. Men eg elskar ski. Dei har gjort meg betre. Tatt meg plassar eg aldri kunne gått utan. Skia tar meg lengre enn fjella. Dei har gitt meg meir enn sigrar og romanse. Noko bortanfor kropp, sjel og ande – ein invitasjon til noko berre hjartet skjønar.
Eit skihjarte
27
instruktøren TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
«Favoritt-runnet mitt på Strandafjellet er ned Meraftaløypa med nypreppa Völkl storslalåmski! Spesielt om eg er ein av dei første på toppen, då kan eg druse på og prøve å temme skia.»
28
Karl Martin Furset boblar over når han pratar om å renne på ski, det er ikkje vanskeleg å skjøne at han har draumejobben, skiinstruktør på Strandafjellet. – Kor lenge har du jobba som skiinstruktør? – Eg starta utdanninga i 1993 på ESF (Ecole de Ski Francaise) i Frankrike. Etter eit år der forsette eg ved Den Norske Skiskole. Sidan har eg vore instruktør i ca. 18 år. – Kvifor begynte du å jobbe som skiinstruktør? – Eg synest det er utruleg kjekt og givande å sjå at andre lærar seg å renne på ski, og sjå at dei når målet sitt. Det er ein jobb som krev at eg heile tida må utvikle og forbetre meg pedagogisk og praktisk. Og så er det ikkje feil å nyte skiglede kombinert med jobb, for meg er det ein draum som er oppfylt. – Korleis ser ein time med skiintruksjon ut? – Starten på leksjonane er ganske like uansett om ein er nybegynnar eller vidarekomen. Alle må innom ein ferdigheitstest, ein liten gjennomgang av dei elementære faktorane, før dei kan gå vidare og jobbe mot den målsettinga som er ønskeleg. Noko eg sett høgt i leksjonen, er om dei kan stå med utstyret på, om dei kan stoppe og korleis balansen deira er. Ein nybegynnar får så lære riktig ploging og å stoppe, om det er behov for det. Ein vidarekomen må vise at han har balanse, kan ploge, gli over i ein skrensesving, og han skal kunne stoppe kontrollert. Deretter får vidarekomne lære vidare svingteknikk og parallellsving med inngang til det vi kallar carving, svinging med kanting og vektoverføring. – Når begynte du å renne på ski? – Vel, eg trudde aldri eg skulle bli ein skikøyrar på høgare nivå, men så fekk eg vel heller ikkje starte med alpint før eg vart ein 12-13 år gammal. Eg misunnte mange av kameratane mine då eg måtte bruke langrennsskia mine i bakken. Men det var då eg fann ut at eg hadde sans for telemarksvinging med tynne langrennsski. Etter eit år på folkehøgskule klarte eg å mase meg til eit meir eller mindre ustabilt fjellskipar merke Fischer E99, med kvite rottefella-bindingar og eit par frykteleg lave beksømsko, type Asolo Snowfield, for dei som hugsar slikt. Deretter konkurrerte eg i telemark på slutten av 80-talet, og fortsette med det til eg reiste til Frankrike i 93. Paul
Ivar Pedersen lærte meg opp i den mest nødvendige telemarkkøyringa. Så summa summarum har eg ikkje hatt så mykje instruksjon sjølv – eg var mest sjølvlært før eg fekk skikkeleg alpintrening i Frankrike og seinare DNS. – Kva er ditt beste skiminne? – Ikkje heilt enkelt å svare på, for eg har vore på så mange skianlegg rundt i Frankrike, Østerrike, Colorado og ikkje minst i Noreg. Men eg er ein Stranda-elskande skikøyrar, så mitt beste skiminne er ein pudderrik solskinnsdag i Blådalen i 1996, saman med Rolf-Erik Myklebust og Endre Fagerstrøm.
Lys i Liabygda TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
30
EGIL STAVSENG OG KRISTIAN STORNES PÅ VEG OPP HEIHORNET. SUNNYLVSFJORDEN I BAKGRUNNEN.
Lys i Liabygda
«Vi har gått kveldstoppturar dei siste 5-6 åra. Først og fremst tok vi kvelden og natta i bruk av familiære orsakar. Vi var begge småbornsforeldre samtidig som vi hadde ein skiabstinens å handtere»
Klokka nærmar seg seks og ettermiddagssola er i ferd med å forsvinne i sladrespegelen. Eg tek av frå riksveg 650 på Stavsengfjellet i Liabygda, og etter litt rullar hjula inn på gardsvegen til Egil Stavseng. Eg køyrer forbi heimen hans og parkerer bilen framfor porten til den gamle hønsefjøsen. «Vi ser deg når du kjem, berre parker framfor fjøsen», var beskjeden eg fekk. Som sagt så gjort, ikkje før eg har kome meg ut av bilen går porten opp. «Du fann fram», seier Kristian Stornes med eit smil. «Kom inn, vi sit oppi kråa lengst inne». Vi går forbi bilen til Kristian, ein traktor og anna gardsreiskap før vi kjem til ei trapp som går opp til ein innomhus balkong. Langsmed trappa står G3-skia oppstilt, i godstolen på balkongen sit Egil og drikk ein kopp kaffi. Kristian set seg i den andre stolen og eg sleng meg ned i sofaen der tredjemann på kveldstoppturane brukar å sitte. Eg har blitt lokka hit av Instagram-bilder og lovnad om god skikøyring. Skiterrenget startar rett utanfor fjøsen til Egil, det er kortreist skikøyring her til gards. For mange ville dette vere ein draum, men ifølge karane er dette berre ein heilt vanleg kveld i Liabygda. «Vi har gått kveldstoppturar dei siste 5-6 åra. Først og fremst tok vi kvelden og natta i bruk av familiære orsakar. Vi var begge småbornsforeldre samtidig som vi hadde ein skiabstinens å handtere», seier karane medan vi legg fellane på skia. «Etter kvart har vi gjort oss ein del erfaringar med å legge skiturane til seine kveldar, og opplever at det ofte kan vere mindre vind om kvelden og natta. På dagar med skikkeleg flatlys er det nesten betre å legge turane til etter mørkets frambrott fordi lyset frå lykta er så bra at konturane i snøen kjem betre fram», seier Kristian idet vi tek på oss dei nødvendige kleda, og Egil trykker på knappen slik at porten går opp. Vi kliv ut i kulda og spenner på oss skia. Ein etter ein går vi opp mot bjørkeskogen. Då vi har kome eit godt stykke opp i skogen, er himmelen iferd med å bli rosa over Sunnylvsfjorden og Blåhorna, og det er på tide å ta på seg dei små hovudlyktene. Fellene har godt feste i snøen og høgdemetrane går unna på veg opp fjellsida retning Heihornet. Då vi nærmar oss toppen av Heihornet ser vi at himmelen er opplyst på andre sida av fjorden. Lysa i Furset-traseen i Hevsdalen vitnar om kveldskøyring på Strandafjellet. Her på andre sida av fjorden er det stillare og mørkare. Berre tre hovudlykter lyser opp vintermørkret her vi står. Og stjernene sjølvsagt, som no har kome fram og blinkar mot oss høgt der oppe. Vi tek av oss skia, tek på tørre klede og set oss ned. Opp av sekkane til Egil og Kristian kjem det termosar med varm toddy og sjokolade. Frå min sekk kjem det opp ein banan og ei flaske med
31
32
Sunnmørsalpe-panorama frå Heihornet.
vatn. Eg snyltar til meg litt varmt å drikke og ein sjokoladebit. Vi slår av hovudlyktene. Det er stille, vindstille. Fjella langsmed Sunnylvsfjorden: Grjøtet, Blåhorna, Flosteinsnibba, Tretindenibba, og Geitfjellet ser ut som kvite skyskraparar som strekk seg opp frå ein mørk fjord mot dei skinnande stjernene. Då vi sit sånn som dette og nyt utsikta og løyser verdsproblem, forstår eg kvifor Egil og Kristian har med noko varmt i termosen. Eg hadde nok ikkje sete her så lenge med berre ein banan og litt kaldt vatn, og ingen verdsproblem hadde blitt løyst. «Det er lite som gjev større sjelefred enn å sitte på ein topp med skyfri stjernehimmel over seg. Titt og ofte får vi besøk av Nordlyset her oppe. Ein sterk kontrast frå ein hektisk kvardag», filosoferer dei over toddyen. «Det å sitte på ein fjelltopp kan vere, om ein har teke sine forholdsreglar, like fantastisk året rundt. Men meistringskjensla er litt større på ein vinterkveld då det er meir som kan gå galt enn på sommaren. Samtidig er turen ned ein bonus, då vi no sit her på toppen veit vi at det er herlege høgdemeter som venter på å bli signert idet vi legg spor på tur heim». Det blir kjekt å renne ned no tenkjer eg medan eg begynner å småhutre, i kveld har ikkje eg med meg nok klede til å sitje og vente på at nordlyset kjem på besøk. Karane har skjøna teikninga, og vi slår på hovudlyktene igjen. Tomme termosar, sjokoladepapir, ei tom vassflaske og eit frose bananskal går tilbake ned i sekkane. Fellene takast av skia, skoa strammast, og vi spenner på oss skia. Nede på riksvegen over Stavsengfjellet ser vi at ferjekøa er på veg over fjellet mot Stordal. Lysa frå
husa på Stavseng skin mot oss. På andre sida av fjorden er nok kveldskøyringa over no, her er den i ferd med å begynne. Egil og Kristian sklir sakte over platået kor vi står, etter litt blir det brattare, dei sklir raskare og raskare, til eg berre ser snøføyk og snøkrystallar som dansar seg gjennom lufta etter dei i lysstrålane frå hovudlykta mi. Eg står litt igjen på toppen for meg sjølv. Ser meg rundt ein gong til. Ser mot Vardebakkane og Jolgrøhornet. Jolgrøhornet ser større ut i kveld, det er nesten som at det står og karar seg opp på andre sida av Ringsetbotnen. Igjen ser eg opp på stjernene, takkar for selskapet og ber dei helse Nordlyset frå meg. Lysa til Kristian og Egil har bevegd seg eit stykke ned fjellsida, og eg må skunde meg for å halde følgje. Eg lener meg framover og let tyngdekrafta føre meg mot lyset frå hovudlykta mi. Først ein sving, så ein sving til, så ein tredje sving, til slutt mistar eg talet på svingane, men heile tida svingar eg mot lyset. Samstundes undrar eg litt over korleis terrenget ute i mørket er? Det blir med undringa, eg let skia mine fylgje linjene til Egil og Kristian, dei er lommekjende i dette terrenget, og takka vere spora deira kan eg berre nyte nedfarta. Det er i grunn ganske fint å fylgje spora deira, då eg oppdagar at konsentrasjonen må opp eit hakk enn kva tilfelle er i dagsljos. Nede ved fjøsen til Egil blir eitt lys til tre, porten på fjøsen går opp og tre smilande skikøyrarar kliv tilbake inn i varmen. Om skikøyringa var like bra som dei sa? Det har eg lova blir mellom meg, stjernene og lysa ein ser fykande ned fjella i Liabygda om vinteren.
Lys i Liabygda
33
Hugseliste for topptur med hovudlykt Alltid gå i terreng du kjenner. Navigeringa i mørket er utfordrande, og det er vanskelegare å vurdere terrenget og ta omsyn til farane som kan oppstå ved ein topptur. Køyr mindre utfordrande linjer og ta mindre risiko enn du ville gjort i dagslys. Hald kortare avstand mellom kvarandre enn kva du ville gjort i dagslys. Ein vil ikkje rote seg bort i trøbbel på grunn av ukloke val når det einaste lyset ein har sit fast i panna. Ha med dobbelt opp med lys og batteri. Mange av lyktene på marknaden har kort batterilevetid i kulda. Sjølvklart ha med alt av utstyr som ein normalt har med på topptur, skredutstyr og godt med klede.
på skjer TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN FOTO AV DREVSKIA: KARI DAHL, NTNU VITENSKAPSMUSEET
Ein innsving i den alpine skihistoria.
34
Folk har runne på ski i fleire tusen år her til lands. Det kan helleristingane «Bølamannen» utanfor Steinkjer og «Rødøymannen» på Helgeland fortelje oss. «Drevjaskia», som naturleg nok vart funnen på Drevja på Helgeland, er 5200 år gammal og den eldste skia i Noreg. Ho var ei forholdsvis rett treski med særdeles lite innsving. Det var ikkje enkelt å få til dagens skjerande svingar med den skia, men så var det heller ikkje det som var bruksområdet. Ca. 3600 år etter Drevjaskia var det ein ikkje ukjent herremann med namn Sondre Norheim frå Morgedal i Telemark som derimot likte å leike på ski. Sondre tok seg til å skjere inn midten av skia, og laga det vi i dag kallar for innsving, altså at skia er smalare på midten enn i endane. Ei typisk ski frå tida då Sondre Norheim leika seg, og introduserte skileik for fiffen i Kristiania, hadde innsving på om lag 4 mm. I Noreg er tradisjonar viktige, og vi har halde godt på både måten Sondre likte å renne på, og forma på sjølve skia. Det er jo ikkje eit ukjent fenomen at den stolte skinasjonen Noreg ikkje alltid har tatt imot utvikling av nye skistilar med opne armar. Faktisk boikotta Noreg Ski-VM i 1933 i protest mot at alpint skulle bli ei OL-grein tre år seinare. Denne boikotten hindra blant anna hopplegenda Birger Ruud i å konkurrere om nye gullmedaljar i hoppbakken dette året.
Der vi heldt oss til den gode gamle forma for skikøyring, vart andre land meir innovative. På skifabrikken sin i Denver laga amerikanaren Thor Groswold ei ski med innsving på 7 mm i 1939. Noko som landsmannen Dick Durrance sat stor pris på då han vart den første amerikanske skikøyraren som kunne ta opp konkurransen med europearane i slalåmbakken. Innsvingen på 7 mm vart den nye standarden for alpine ski og heldt stand i nesten fire tiår. Om ein tek alpine konkurranseski frå 1940 – 1980 ser ein at innsvingen held seg jamt rundt 6-7 mm. Sjølv om skinasjonen Noreg kunne vere treig å by opp til dans, hadde vi til slutt omfamna den nye måten å renne på ski, alpin skikøyring. Noko Stein Eriksen til gagns viste heile verda då han i 1952 vann sitt legendariske OL-gull i storslalåm i Oslo. Stein vart den første alpinisten som ikkje kom frå eit av alpelanda, til å ta OL-gull, og to år etter OL-gullet i Oslo vart han den første alpinisten til å ta tre gull i eit og same VM då han tok gull i slalåm, storslalåm og kombinasjonen under VM i Åre. Stein Eriksen flytta etter kvart til Park City Utah, vart ein av skipionerane «over there» og seinare omtalt som Mr. Ski. No var det franskmennene sin tur til å bidra i utviklinga av innsvingen. I 1967 flytta franske Dynamic midja på skia frå tåballen og bak til hælen. Ikkje store skilnaden for det blotte auge, men det hadde stor betyding for akselerasjonen ut frå
på skjer
35
MAGNUS MORK LEGG SKIA PÅ SKJER.
36
svingane for dei franske skikøyrerane på den tida, og seinare for alle andre. Men ikkje alle heldt seg til industristandarden på 6-7 mm. Få skikøyrarar har flytta grenser slik mannen frå Joesjö ved Tärnaby i Sverige, Ingemar Stenmark, gjorde. Med sine 86 verdscup-sigrar er Ingemar Stenmark ein av dei absolutt største skikøyrarane i historia. Ingemar var ikkje berre ein enormt dyktig skikøyrar, han var også innovativ. Elan-skia han konkurrerte på, hadde innsving på 8 mm, men luringen Ingemar var framme med fila og fila innsvingen ytterligare, slik at den vart 9 mm. Om 9 mm innsving var mykje, var det ingenting mot det som skulle dukke opp på 90-talet. 1987 er eit svært viktig år i innsvingen sin historie. Då begynte ingeniøren Juri Franko å jobbe for det slovenske skimerket Elan. Saman med Pavel Skofic starta dei eit prosjekt som vert kalla «sidecut extreme.» Dei komande åra lagde desse to skipionerane den eine protypen etter den andre med ekstrem innsving. Dei produserte ski med ekstrem innsving, gjorde testar, skreiv ned og analyserte testdata, og gjentok prosessen gong etter gong. Til slutt enda dei opp med ei storslalåmski med ein innsving på heile 22,25 mm. Det var tre gongar så mykje innsving som andre storslalåmski på den tida. Skia var 203 cm lang og hadde profilen 110 – 63 – 105. Noko som gav ein svingradius på 15 meter, bortimot 35% av svingradien til andre ski på same tid. Resultata let ikkje vente på seg. I dei første renna tok skikøyrarar som rann på slike ski, åtte av ti topplasseringar. Rykta om nyvinninga spreidde seg og Juri og Pavel fekk etter litt beskjed frå leiinga i Elan om å lage kortare versjonar av denne skia med ekstrem innsving. Det resulterte i det som vart kalla «læreski,» ski som det var enkelt å lære seg å renne på. Tilbakemeldingane frå dei som fekk prøve desse læreskia var formidable, folk som ikkje før hadde meistra å renne på ski, kunne no etter kort tid oppleve kjensla av å svinge på ski. Om dei ikkje fekk til perfekte svingar på skjer med eingong, så vart det betre svingar enn kva dei kunne forvente etter same mengde øving på andre ski med innsving på 7 mm. Innsvingen var komen for å bli. Det tok ikkje lang tid før alle dei andre skifabrikantane også begynte å produsere ski med større innsving enn 7 mm. Den dag i dag får ein kjøpt ski i utruleg mange ulike formar, med ulik grad innsving og svingradius. Ein tommelregel er at jo kortare svingradius på skia (ofte oppgitt i m på enden av skia) jo krappare svingar kan du køyre på skjer. I tillegg fungerer ski med kortare svingradius best i lågare hastigheit. – Men korleis nyttar ein innsvingen på skia utan å berre skrense seg ned løypa? Vi vart med den lokale alpinisten Magnus Mork på Roalden for å få nokre tips. Magnus har stått på ski så lenge han kan hugse, og begynte å konkurrere i lokale barnerenn då han var rundt fem år gammal. – Å nytte innsvingen på skia er eigentlig ganske enkelt, men det krev at ein har stått litt på ski og fokuserer på dei rette tinga. Det handlar om å nytte innsvingen på skia, og la skia gjere jobben. Ein skal tidlegst mogleg føre vekta si over på den skia
som er ytst i svingen. Ein startar bevegelsen med å vinkle knea inn mot bakken, etter kvart som skia svingar, kan hofta også falle litt inn. Då er ein avhengig av å ha vekta over ytterskia og i tillegg skal overkroppen alltid peike nedover i bakken og skuldrene ska vere vassrette. Det meste av trykket skal koma når skia peiker ned fallinja. Etter ein har fullført svingen og er på veg mot den andre sida, slepp ein opp trykket på ytterskia og fører trykket over til den andre skia, det som då blir den nye ytterskia.
layout raw reklame og foto photocredit håvard myklebust / raw reklame og foto
-ein liten stad i verdsklasse
Kjøp heiskort online og gå rett til skiheisene.
La deg friste av god mat og stemning på ein av våre 4 restauranter.
Ski&Bo på hotell eller hytter/leiligheter på Strandafjellet.
Bedrift
Vi kan tilby eit godt tilrettelagt barneområde og mange aktivitetar for dei minste.
eller
venneg jeng? Kontakt oss for eit tilbod! Skiskule, skiutleige eller berre ekstra utstyr? I vår butikk får du alt du treng for ei god oppleving i bakken.
strandafjellet.no
Strandafjellet
strandafjellet
38
Best på tråkk i skandinavia TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
Gondolen har stoppa og dei siste skikøyrarane tuslar nøgd mot bilane på parkeringsplassen i Hevsdalen. Det er no Sjur Ringstad, skandinavisk meister i tråkkemaskin frå 2010, gjer seg klar for ei ny økt i Noregs vakraste kontorlandskap. Eg skal få lov å bli med.
Best på tråkk i skandinavia
39
Sjur har heilt ok utsyn frå kontorvindauget.
Vi køyrer under heisvaierane på Roaldsheisa, og det polstra skinnsetet byr på mykje meir komfort enn kva eg hadde førestilt meg, noko som kanskje er på sin plass med tanke på at denne doningen kosta godt og vel tre millionar kroner. Med alle knappane og dei to spakane liknar førarsetet meir på cockpiten i eit fly enn ei stor kraftig beltevogn som flyttar snø på fjellet. – Med desse spakane styrer eg belta. Og denne styrer skjeret, fresen og diverse andre småting. Det som er så fint med denne maskina, er at eg kan legge fresen parallelt ut på sida av maskina, det gjer det enklare å preppe når vi køyrer nedover med mykje nysnø, noko vi ofte har her på Stranda. I tillegg er det parkskjer som gjer skjeret svært fleksibelt. Sjur blir tydeleg begeistra medan han forklarar kva denne fantastiske maskina kan utrette. Han har vakse opp på gard, og interessa for traktorar og maskinar kom tidleg. – Eg starta å jobbe som heisvakt på Fjellet då eg var 16 år gammal. Då eg var ferdig i heisen om ettermiddagane, brukte eg å sitte på i tråkkemaskinane medan dei preppa. Dermed hadde
eg mange timar i tråkkemaskina før eg starta å køyre sjølv. – Når preppa du aleine første gong? – Første gongen eg preppa aleine, var natta etter Alperittet i 2005. Den kvelden ville alle «gamlekarane» ha fri for å stikke ned på hotellet. Dermed måtte eg som yngstemann jobbe. Det var ein ganske tøff start. Det var forferdeleg vêr den natta, og eg skulle på eit tidspunkt køyre transportløypa frå Furset-traseen til heisbua på Egga-trekket. Etter kvart trudde eg at eg nærma meg heisbua, men då viste det seg at eg stod under trekket eit godt stykke lenger oppe i fjellsida. Då gav eg opp, og venta til det letta med å preppe ferdig. – I 2010 vart du skandinavisk meister i tråkkemaskinføring, i konkurranse med 45 andre tråkkemaskinførarar frå alpinanlegg i heile Skandinavia. Kva går ein slik konkurranse ut på? – Vi måtte gjennom tre ulike oppgåver. Den siste oppgåva var å køyre tråkkemaskina i eit åttetal. I utgangspunktet er jo ikkje det så vanskeleg, men då tråkkemaskina hadde bilratt som svinga til høgre om eg styrte mot venstre, vart det vanskeleg.
40
Sjur og tråkkemaskina på veg opp mot Roalden, Stranda i bakgrunnen.
Men det gjekk jo på eit vis, og til slutt stod eg att som vinnaren. Eg skulle eigentleg konkurrere mot 12 andre tråkkemaskinførarar i VM i Sveits, men vulkanutbrotet på Island sette ein stoppar for det. Eg skulle ta eit fly kl 10:03 frå Gardermoen til Zurich, og kl. 10:00 stoppa dei all flyging. Tråkkemaskina et høgdemeter som det norske folk et Grandiosa, og vi kan sjå den velkjende utsikta ned mot Stranda og Storfjorden i bakspegelen. Det er ein fin vårkveld, men som Sjur var inne på tidlegare er det ikkje berre finvêrskveldar her på Stranda. – Korleis er det å jobbe når nordvesten slår inn og snøføyken gjer det vanskeleg å sjå kor ein skal køyre? – Ei natt hadde det snødd om lag 10-15 cm då eg starta å preppe Furset-traseen. Nordvesten heldt det gåande heile natta, og det same gjorde eg. Eg køyrde opp og ned heile natta, og då det letta på morgonen var løypa preppa og klar til opning. Då hadde det snøa godt over ein meter den natta. På ei skikkeleg nordvestnatt herjar vind og snøvêret ofte fram til i 8-9-tida, og så skin det opp og blir kjempefint vêr. Då ser ikkje alltid løypene heilt strøkne ut, og folk undrar kvifor vi ikkje har preppa. – Kva er det kjekkaste med jobben på Strandafjellet?
– Det kjekkaste med jobben er å lage fine løyper som gir gjestane gode opplevingar. På sommaren planerer vi ut traseane med gravemaskina og legg på den måten til rette for at preppinga blir betre til vinteren. Det er jo også veldig kjekt å kome i gang med snølegginga om hausten, og starte å preppe løypene etter kvart som det blir produsert snø. – Får du sjølv tid til å renne på ski i løpet av vinteren? – Det blir lite tid til skikøyring. I fjor fekk eg seks skidagar på Fjellet. Eg prøver å lure meg ut ein tur medan eg er på jobb for å sjå over løyper og heisar. Av og til ser eg betre kva som må gjerast når eg har ski på beina. Når eg først har ein dag eller to fri på vinteren, er det ofte så mykje å gjere heime på garden at eg ikkje har tid til å renne på ski. Vi har kome heilt ned til Hevsdalen igjen, og snøkrystallane har hardna til etter at sola har krope lenger og lenger opp fjellsida. Rillene skjeret har etterlatt seg i løypa, byr opp til carvingfest for gjestane som er tidlegast ute i morgon. Men no skal eg klive av tråkkemaskina og ta kvelden, medan Sjur skal halde fram vidare gjennom natta, for i morgon tidleg skal milevis med løyper vere ferske og klare til nye gjestar.
Foto: Ole Andre Skotte
EKTE LIDENSKAP KOMMER AV SEG SELV - spesielt når du får det riktige utstyret! I vår butikk har vi stor lidenskap og sterk kjærlighet til sportsfaget. Vi har de beste merkevarene, et lokalt tilpasset utvalg og solid fagkunskap - og aller mest har vi et hjerte for ekte sport.
Vår erfaring - din sikkerhet!
varer PRIS-MATCH på kjente merke
Sunnmørsalpene - vår lekepla
ss! *Lik vare i butikk
SPORT 1 / FOCUS SPORT Skulevegen 5, 6230 Sykkylven Tlf: 70 25 59 50
www.focussport.no Følg oss:
En ekte sportsbutikk lokalisert i hjerte av Sunnmørsalpene, vi kan friluftsliv og sport.
*
42
pĂĽ Barmark med Stranda Alpin
på Barmark med Stranda Alpin
43
Haustmørket har senka seg over Stranda. Inne i Strandahallen er det lyst og høg aktivitet på barmarkstreninga til Stranda Alpin denne siste fredagen i oktober. 20 ivrige unge alpinstar er i full fart på veg mot ein ny vintersesong. TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
44
Det er høg innsats og djup konsetrasjon hos ungane når dei førebur seg til ein ny vinter.
Jørund Hagen, leiar i Stranda Alpin, og nokre andre fedrar står og ser på medan ungane blir nøye instruert av Marianne Bratli og Renate Strandmann Kaldhusæter. – Vanlegvis brukar vi å vere litt fleire på treningane. Men i dag er ein god gjeng på Halloween-feiring. Alpingruppa har om lag 115 medlemmar. 50 av dei er barn og 30 av dei er veldig aktive. Dei fleste av barna held jo også på med fotball og handball, så det blir mykje trening på dei. Stranda er ei skibygd og i fylgje fleire kjelder vart det arrangert alpine skirenn her lenge før krigen. I praktboka om Stranda Idrettslag av tidlegare journalist i Sunnmørsposten og redaktør av Sunnmøringen, Helge Søvik, les vi at Stranda Idrettslag skipa eit instruksjonskurs i slalåm på Ringstadsætra i 1940. Og i 1941 blei det arrangert treningsrenn i slalåm same stad. Skikøyring er gamalt nytt på Stranda, men gleda over skikøyring er like stor
no som den var første gongen svingar blei lagde i Hevsdalen. Stranda Alpin er ein av dei viktigaste bidragsytarane i bygda til å formidle skigleda vidare til nye generasjonar, om ikkje den viktigaste. Medan vi står og ser på at barna er i ferd med ei ny øving, fortel Jørund om kva mål dei har for barna som er med i alpingruppa. – Vi jobbar mot tre mål. Vi ønskjer at ungane skal utvikle seg til å bli gode skikøyrarar og få oppleve gleda ved skikøyring. Det er vårt viktigaste mål. Men vi ønskjer også at dei skal få oppleve å konkurrere på ski og få livslang nytte av skikøyringa. Og så ønskjer vi å få fram alpinistar som konkurrerer nasjonalt. Vi har hatt mange utøvarar som har hevda seg bra i hovudlandsrennet dei siste åra. – Kor ofte trenar de? – No på hausten har vi ei barmarkstrening i veka. Men når
pĂĽ Barmark med Stranda Alpin
45
Andrea Bratli Randen svevar kontrolert mot ein ny vintersesong.
46
vinteren kjem og ungane kan renne på ski på fjellet, har vi treningar tre gongar i veka, samt renn i helgene. Det blir bra skikøyring på dei. Det er tid for ei ny øving, fedrane dreg tjukkasar og trampolinar utover hallen. Ungane stiller seg opp på rekke, og den eine etter den andre hoppar kontrollert frå den eine trampolinen til den andre for så å avslutte med eit langt svev inn på den ventande tjukkasen. Latteren og smila er på høgde med innsatsen, det er tydeleg at ungane tykkjer dette er ei kjekk form for trening. Ei av dei svevande alpinistane er ti år gamle Andrea Bratli Randen. Ho tok sine første svingar då ho var to og eit halvt år gamal, og har vore medlem av alpingruppa i to år. – Kvifor blei du med i alpingruppa? – Det var fordi eg hadde lyst, det er kjekt å renne på ski og mange av venene mine var med i alpingruppa. – Korleis tykkjer du det er på barmarkstrening? – Det er kjekt på treningane, eg tykkjer det er veldig gøy, men av og til litt slitsamt. Favorittøvinga mi er å hoppe på trampolinane og slikt. – Kva er kjekkast, barmarkstrening eller å renne på ski? – Renne på ski er kjekkast. – Kva er det du likar med å renne på ski? – Eg liker at eg kan renne på ski og vere med venane mine samtidig, og at eg får vere med på renn. – Kva liker du best å renne, slalåm, storslalåm, super g eller utfor? – Eg liker utfor best, det er kjekt når det går fort. Trur du at du kjem til å renne på ski når du blir vaksen? – Ja det trur eg. Treninga går mot slutten, det både ser og høyrast ut til at alpingruppa har nådd to av måla sine når eg ser idrettsgleda i hallen. Og kven veit, kanskje står ein ny Strandar på toppen av sigerspallen i eit World cup-renn ein gong i framtida.
pĂĽ Barmark med Stranda Alpin
47
Mület med barmarkstreninga er sjølvklart dagar med renn til vinteren. Her er Henriette Hole i farta under klubbmeisterskapet i fjor vinter.
Vår unike eigarmodell gjer at vi utbetaler utbytte til våre forsikringskundar. I år fekk våre kundar 12,9% kundeutbytte av innbetalt forsikringspremie. Ønsker du også kundeutbytte fra Gjensidige? Ring oss på tlf 03100, eller besøk oss i Storgata 8, på Stranda.
Illustr.: Rikke Wennevold/ART
© Raw Reklame og Foto AS
EXELLENCE IN ATLANTIC SALMON AND TROUT
Platina Seafood leverer et smakfullt og variert utvalg av lakseprodukter til kvalitetsbevisste kunder på alle kontinenter.
www.platinaseafood.com
Fritid før TEKST: BLÅDALSBJØNNEN / ILLUSTRASJON: KRISTER KANCK
50
Då Blådalsbjønnen va hyn, hadde det norske følkje nyle røkkje å stemt nei te EF, kome se gjønå ei uljekrise, og va endå månge TV-kanala, VHS-spelera og spelkonssolla onda et attraktivt innjadørsliv. Volvo hadde relativt nyle funne opp bilbeltet. Det va soleis lite so va påbøde, og månge forbød so va helder slepphendt handheva, både frå føreldregenerasjonen og frå Øvriheita si sie. Fritida føregjekk ute. Alltid ute. I skogane. I bakkane. På fotballattelegene. I opne garasje. I løe med vekkgøymde heimbrentapparat, og i sjølvbygde hytte med både cowboylitteratur og stølne mannjamagasin i bokhyllene. Vintersdag på glansande ishelle på kjelke- og sparkvegar. Og sommarsdag långsette vegå på heimeskrudde trøsykla. Mestå alltid i kontinuerli trafikkfåre, og långt onda fabrikkproduserte EU-godkjende leikestativ, med godkjend grus og sanddemping, føregjekk dei løgnaste påfunn. Hjelma va brukte berre på ski oppå fjella, og då mest før at Franz Klammer og Erik Håker og dei brukte slikt i utfor. Og litt før at dei va gule, med kule fartsstripe. Mångt skjedde, og ikkje alt tøle endå fullt dagsljøs. Men nøke gjer. Og i so høve he Blådalsbjønnen teke se på tak, og notert ne nøkre episode, omtrentle slik dei nyle vart førtalt nå seinkveldes, ta en jamnaldring. Bli med dinnje jamnaldringen te fritid på slutten ta 70-tale:
Diplomati med vegastikke
Det va om vår’n det året e gjekk i andreklasse, at det en dag, utpå ettemiddagen, va krig. Det ha vør kviskra i krene nepå skuln heile vikå, og på torsdagen kom innkallinga. Det va trie- å fjerdeklassinga so stod før både politikken, diplomatiet , strategien og kommandoen. Våpna – sprettebøga med seljepile, heimespikra og dårli surra tomahawka ta vedskie, tunge treskjold, og halvskakke hatlespyd – hadde øss laga sjøl. Alt ette modell frå Sylvpilen og andre rettferdskrigerske, tegna magasin, kjøpte på Svingen, og på Longva, nedme Ringstabrune . Øss andreklassingane stilte te avtalt mønstring og inspeksjon, straks ette at leksene va undagjort. Månestråle strålte som vanli med sitt fråver, men øss va ein heil oppøste fløkk ta hitt kjønnet, klare før krigsstien. Ettepå gjekk øss fienden te møtes med stort alvor og stigande uro. Learane med førsterkinga, skulle møtte Storgjerdingane med sympatisøra i ingenmannslandet Sløgstamarka, der alle våpenkyndige kara måtte gjere sine eigne val. You were either with us or against us. Ingen nåde. So sløgstamarkingane søkte
tilflukt i kvar sin armé, og kven veit om samhaldet har kome tebake i den delen av bygda den dag i dag. Spenninga bygde seg altso opp, meda to långhærde hæra med sleng i dei knesletne fløyelsbrøkene skeptisk luska mot fienden. Spenninga vart gradvis erstatta med frykt, og frykta fylde lufta då spionane i min, altså den minste hæren, returnerte med beskjed om at øss va i betydele mindretal. Fienden kom med månge! Dermed tyntest det ytterlegare i rekkjene då minstemann måtte heimatt, ette å ha vett brokja i rein skrekk. So såg øss fienden. Og øss talde. Det vart derette full retrett og kaotisk oppløysing i mindre patrulje for heile avdelinga, med påfylgjande gøyme å leite i skogå ned mot Storelva. Dei støsste fjerdklassingane va virkeli store, og det va lett å sjå at det va våpensmeda av klasse i begge bygdelaga. Øss skolv i frykt opponde buske og i uthus. Sjøl trakka e gjønå et møttéte hjellgølv i ei utløe, og landa låkt men heldigt i ei konglevevbefengt tomtynnje, so slik vart et mylljåbels gøyme. Flukta gjekk derette i intervall, altfor urøynt og støyande te at hærane kunne unngå å skræme kvarandre ytterlegare opp. Det va kilometerlångt heimatt for heile gjengen, og øss enda teslutt i et skræmele rendezvous midt på riksvegen. Hær stod der mot hær, og begge parta va nøkk mest lystne på retrett og kveldsmat heime med ne mor. Men tape ansikt? Det gjekk søren ikkje an det helder! Det var midt i dinne stillingskrigen, som gjekk ut på utveksling av lokale skjellsord, trusla og fåfengde forsøk på diskusjon av regla, og som berre vart avbrøtn av ein einaste rekande Volvo i 140-serien, at redninga for minste hæren brått dukka opp. Redninga openberra seg på raud kombisykkel, og i skikkelse av ei praktisk innretta femteklassejente på veg frå handballtrening. Dagen ettepå va øss like gøtt førlikte som før, og Storgjerde og Lea hadde flytta krigen ut på asfalten på Ringstaskuln, der erobring og kontroll av ei blaut letvøge ta en fotball va målet for matfriminuttet. Fronten va no felles, og på fotballbana va han retta mot Framhusarane og nøkre Neaførara, so sjølvsagt den gongen me hadde vøre før opptekne med å leve opp te imaget som innbyggara av Liverpool, te å få med seg gårsdagens krig på hi sidå ta elva. Dei va fredelie på dei vise Framhusingane. Nøkre på vårt lag språng imidlerti meir halvkrøkte og halte enn vanle dinne dagen, men ingen veksla eit ord om korleis ei einsle jente hadde redda ein heil arme frå total audmjuking og bank, eller korleis ho ha rydda opp i den andre, gjennom å sende hynane grinande heimatt, med bønn om nåde, og med raude rende på lår og på bakenda. Rende som før eksempel ei
Fritid før
51
raskt og repetetivt roterande vegastikke i hatleved i dei rette handballspelarhender kunne ha skapt. Det va dissa rendene so mångedubla skulk i symjetimane i fleire klasser i vikevis. Ein va nemle nøydd te bli nauta avslørt som skambanka, om en va gapen nøkk te å troppe opp i 70-talet sine badebukse.
«All shook up»
I jula same åre so e ha vør i krigen i Sløgstamarka, fekk nabogutn se akebrett. Guten va like liten so julegåvå va stor. Naboguten va lett i krøppen og fleire år yngre enn me. Og det nye akebrette hass va verkele stort. Og det va djupt nøk te å få heile hynen oppi, bremsføte inkludert. Akebrette va raudt, og sto og brende i kjellaren heile fysste juledag, då det ikkje va skikk å etikette å reke rondt utomhus slike dage, og slett ikkje på besøk. Sjøl slo e i hel den långe juledagen med å leike med innhaldet frå dei harde pakkane frå kvelden før, og høyre på den nye kassetten min med Elvissonga.
52
Ette ei lita æve, då andre juledag plutsele va der, va det gnalljhard oppeberre på snøven og ein superivrig nabogut på døra. Øss mønstra ein fløkk, og fann vegen te næraste bratte attelege, med kvar sitt akebrett. Føret va udiskutabelt fenomenalt. Inga prøvekøyring va diskutert – det vart kappkøyring på direkten. Naboguten va plutsele, den låge alderen te trass, ein redig trussel med det raske nye brette. Misunninga frå øss andre karane va sjølsagt motivasjon nøk te å vilde tukte den stolte minstemannen. «Klar, ferdi, gå!», kom i ustemt kor, cheroxane hekk strategisk på utsiå, raske skubb gjekk gjønå armane og etablerte kontakt med isskørpå gjønå vøttå, og so va det å prøve å halde kontroll nedette på det skarpe føret. Brodern velte fysst, ette høppe over kjerrevegen. Farta va moderat og skrubbsåra små, men han mysste brette, som i einsle flukt hala innpå meg frå venstre. Sjøl fekk e vingling på andre kulen, men heldt det gåande, med ei stigande frykt for konsekvensane ta det som no gjekk føre se. Farta på glansande oppeberre vart nemli svimlande. I venstre augekrok skimta eg naboguten si tøpphue rotere i lufta framfør meg, idet nabogutten sjøl so sovidt stakk opp frå sitt eige djupe akebrett, forsvann ut i lufta, over kanten på neste kul, med ei fart som fekk mi eiga te å verke som parkeringsøving. Det låge tyngdepunktet hass va perfekt. Føtene va pyntele samla i brettet. Inga vingling va å sjå i landingane, og han skaut utover det flatare partiet med eit panisk grep om brettkantane. Sjøl bremsa e med høgrefoten, skjente hardt same veg og fekk brodern sitt akebrett i bakhaudet akkurat idet e enderøyste utfør kul nummer tre, og gjekk kast i kast te e støppa, og såg to førarlause akebrett fyke mot dei høge steinmurane i bøttn ta attelegå. Det urovekkande va likevel at det trie brettet enno hadde førar. Småhynen der framme heldt se om bord med stø kurs mot ondegången! Øss stirde i vantru, og såg nå ta av frå moder jord
på nøkre kula te venstre for steinmurane. So førsvann han ut ta synsfeltet, brettet fysst, haude sist. Øss høyrde et fjernt styn, so et rop i rein angst , so eit nytt styn med preg av sukk – nesten so når Elvis’n song. So dirra det i hesstrengane te heilårshesa ta einestaur heilt neri enden. Det haudrest ut som ein slakk og dårleg stemt gitar, med daud resonans. Steinmuren let se passere på venstre sie, og det va dit e å brodern skrekkslagne småjogga i jakta på vår tapte kamerat. Der var svake spor frå et akebrett på kantane der han sist va observert. Dei siste to høppa ga ei luftferd på sytten meter om øss la dei ihop. (Øss målte det med skistavane seinare på dagen). Siste landinga plasserte se i kanten ta ei steinrøys og fem meter frå einestaurhesa, der øss fann nå hengande på femtestrengen ette restane ta saumen på utedressen. Storøygd hekk han der med ei svulmande, elvisskeiv og gråtbivrande overlippe, so ettekvart blødde stygt. Øss hekta nå førsikti neatt, og veksla nøkre få ord om livet, dauden og den fine tynne linjå, men der va kje mykje låt i nå grunna saka si anledning. Naboguten halta se sjokkskadd og oppskaka heimatt, uten å ofre nyeakebrettet ein tanke. Hesa måtte våren ette settast oppatt med to ekstra klyfteskure, og dei fiolette horisontale stripene på krøppen te naboguten førtalde utette vinteren si eiga historie. Naboguten va forresten mykje inne og bygde Lego den vinteren. Akebrettet vart inn te vidare overteke ta storebroren hass. Storebroren spelte gitar, hadde humor, og meinte at fordelinga av avtrykka på krøppen te lisjebroren hinta om en bluesakkord. En gong spelte han en slik akkord, so e fekk høyre. E va en gla gut, å hadde i dei dagane ikkje nøke forhold te blues. Men der va nøke med lyden so minte meg om en Elvislåt e likte. Songen heitte visst “All shook up”
Kake pr. pedal
Hvis du med tida va blitt en bluesstemt 12-13-åring med syntetpelsfora dongerijakke, mislukka frisyre, dårle hud og trøsykkel som sosialt nav, og viss sykkelen din ikkje skrangla nøkk, so fanst heldigvis Dimmenbuda. På Dimmenbuda kunne du nemle kjøpe de statusfremjande remedier, slik so ekstra lykt, dasjbord, brytara, vimpelhaldarar, batteridriva sykkelfløyte og hønnj. Alt som kunne monterast på en trøsykkel for framtidig ergrelse og skrangling, va å få der. i tillegg te spisspøsa med smågøtt, gode historie, og oppleving av nøke udefinerbart eksotisk. So øss handla, og øss skrudde, å øss knaska karamelle te det både lyste og skrangla gøtt ta tohjulingane. Det heile såg sjølsagt ikkje ut! På det meste hadde tregirs DBS-en min fire frontlykte, to baklys og fire raude kattaue, drivne av til saman fire dynamoa med lause og tvilsamt købla ledninga. I tillegg kom speedometer og to doble hønnj . Og e drøymde om meir! Meir ledninga, meir lampa, meir pynt, og meir motstand frå dynamoa, sjølv om det betydde at e måtte trø hardt for å kome ned Storgata i halvmørkna. Syklane va nytta te alt, frå einsle medi-
Fritid før
Lokal ordliste Hyn Attelege Sprettebøga På Svingen På Longva Learane Storgjerdingane Sløgstadmarkingane Framhusarane Neaførara Å ha vett brokja Gøyme og leite Môttete Konglevevbefengt Letvøge Heilårshes Dimmenbuda Annanasbrus Å ha gjønåsøkt Hyntrava
Smågut /gut /son Dyrka mark Heimelaga bogar til pilskyting På Svingen handel, lokal nærbutikk på Langlo Tidlegare nærbutikk i dei noverande lokala til Betel Busette i Fursetgrenda (mot Engeset og Habostaddalen) Busette i byggefeltet Storgjerde, vest for Langlo Busette på strekninga Esso-Fursetgrenda Busette på Framhus, søraust for Strandaelva ovanfor Langlo. Som regel melemmar i supporterklubben til Liverpool FC Busette neafør, altså i sentrum, som ligg lågt i lendet. Her: Å ha tissa seg ut Gøymeleik (gjemsel) Oppete av môtt (møll) Fullt av spindelvev Lærfille Hes som stod ute året rundt, oftast då av haldbar einestaur. Tidlegare altmogelegbutikk i lokala som no hyser Uteguiden Landsdelens tapte brussuksess frå Oskar Sylte Å ha leita gjennom Hynar (gutar)
tativ verksemd knytt te draumen om framtidig motorsykkel, via stønt og høpp, der alt ekstrautstyret kom i skranglinga og måtte remonterast, te spede forsøk på tilnærming te det andre kjønn. Forsøk som definerte status blant karane, og der alfahannen, som vanli e i dyreverda, enten va den sosialt dyktigaste, eller den vulgært overmodige, og der dei fleste ta øss fall håplaust gjønå i konkurransen, grunna blygheit, sosiale klossmajorferde – og ikkje minst: idiotiske sykla. En seinhaustes kveld fann me øss att på basar frammi dalen. En ta kameratane mine hadde fått napp med ei dalataus, men også punktering og kast på bakhjule på sykkelen dagen før. Heile bølingen vart mønstra og tok tørn med å ha den sykkellause på brettet. Det tok en liten ettemiddag før øss va på grendahuse på Fjørsta, ettekvart med ytterlegare to punkteringa, og tiltakande manko på transportmiddel te heimatturen. Svøltne fekk øss handla øss kake og annanasbrus. Uten tanke på konsekvensa vart det i reint overmot teke nøkre lodd. So då øss utpå kvelden endele kom te trekninga, sku øss ette alle avtala ha vøre heime før lenge sia. E sat sjøl på gul lapp, E 73, som trekninga sjølvsagt klarte å køble ihop med ei blautkake ta den skikkelie, blaute sorten. Og ute hadde fysste snøven begynt å legge se på vegen. Halvanna time ette avtalt inneti, hadde far min rykt ut pr.
motorisert før å leite ette øss hynane. Ette å ha gjønåsøkt både Storgjerde, Langlo, Sløgstamarka, og Lea, hadde han Dalen att. I slapseføre på Dregeskifte møtte han en vinglete trøsykkel med fire blafrande framlys og to gjønåfrøsne hyntrava, pluss ei kakeøskje i begynnande oppløysing oppå. Faderen slakka på farta og tok på se morskemaskå. Lovbrøt vart påpeikt, kameraten min vart skyssa heim, å e måtte fullføre turen passasjerlaus og med reprimande i mente. Bagasjeromme på mazdaen te fadern, bagasjebrettet på DBS’n, samt jakkå og dongeribroka te kameraten min, hadde raude sukkerklisje ette bringebærfylle te felles i dagevis ettepå. Kakå såg kje ut, og e innbilte meg at ho hadde en viss bismak ta oppløyst kakeøskje. Men det væsste med heile greiå va at på Dimmenbuda fekk dei aldri inn kakehaldara te sykkel.
53
90 TEKST: OLE KRISTIAN ÅRDAL FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
I vinter fyller Ragnvald Støyva 90 år, og vi i PS ønskjer å hylle han for eit langt liv i teneste for lokalsamfunnet og Strandafjellet. Det er vanskeleg å samanfatte eit så langt og innhaldsrikt liv på eit par sider, og difor har vi valt oss ut nokre av anekdotane han serverte då vi besøkte han i Dalevegen i haust.
Ragnvald Støyva har vore ei levande Stranda-legende sidan han kom hit for første gong i 1951. Han har vore leiar for Stranda Arbeiderparti, styreleiar for Strandafjellet Skisenter, og redaktør i «Skiheisen» (medlemsbladet til Alpinanleggenes Landsforening). Før han gav frå seg ansvaret for bladet i fjor, kunne han smykke seg med tittelen Noregs eldste redaktør.
54
om då ragnvald flytta inn på lærarrommet på Helstad skule Eg var ferdig på lærarskulen i 1951, og gifta meg fjerde august same året. Då hadde eg framleis ikkje fått jobb, bortsett frå eit par jobbar i Nord-Noreg som eg slett ikkje hadde lyst på. Like etter las kjerringa i Sunnmørsposten at det var eit vikariat på Stranda, og etter ei stund fekk eg telefon frå Overvoll om at eg hadde fått vikariatet. Vi kom hit med båten frå Hellesylt. Det gjekk ikkje buss, og vi kunne ikkje ta drosje sjølvsagt. Då enda vi opp med å vente på ei mjølkerute, og sat på mjølkespannet fram til Sve. Dei hadde sagt at buplass ikkje skulle bli noko problem, men det var ikkje akkurat tiltenkt for folk å bu på skulen. Vi flytta inn på lærarrommet, og nabokjerringa skaffa oss ein divan som vi sat på tvers inne der. Der var ikkje komfyr, men ein liten vedomn og ei gammal kokeplate. Straumen var også dårleg, men det gjekk greitt og vi var nøgde. om då ragnvald fekk orden på det dårlege heiskortsystemet på Strandafjellet I starten kom det ikkje inn nok inntekter, og det var berre pjaskeri med billettørane. «Kan ikkje eg få ein gratistur?» «No klipte eg i stad, lat meg sleppe å klippe denne gongen!» Det enda opp med at eg vart spurt om å hjelpe til, og eg såg at her var mykje å gjere administrativt. Eg prøvde med forskjellige armband, stempel på handa, og mykje rart for å få vekk all gratiskøyring. Og etter kvart fekk oss ganske bra orden på systemet og billettane.
om då ragnvald stilna ei gruppe protestantar på landsmøtet til Arbeiderpartiet Eit år var eg dirigent på landsmøtet til Arbeiderpartiet, det var ei viktig oppgåve som eg ikkje hadde stor erfaring med. Utanrikspolitikken var nokså betent – NATO og forholdet til USA og alt dette styret. Då utanriksministeren var på talarstolen, var det ei gruppe på galleriet som begynte å lage bråk og bue. Eg sat der og hadde ansvar for klubba. Då slo eg klubba i bordet og sa at det er uhøyrt å avbryte talaren, og om det ikkje blir stilt, tek vi ein pause og ryddar galleriet. Då vart det stilt. om då ragnvald lurte seg opp på fjellet for å flytte oppmerkinga for kvar Varmestova skulle stå Først planla vi å bygge Varmestova borte med elva. Men Leiv Berge sat i bankstyret og hadde hytte like ved sidan av. Då fekk vi beskjed om at viss Varmestova skulle ligge der, fekk vi ikkje lån i banken. Men det var berre bra, for det hadde ikkje vore nokon god plass. Då foreslo Idrettslaget at Varmestova skulle ligge oppe i bakken, ved innkomsten til ei slalåmløype, slik at dei kunne gjere tidtakinga frå huset. Det vart eit veldig styr, for vi kunne jo ikkje bygge Varmestova oppe i bakkane! Til slutt vart det bestemt at den skulle ligge nede med vegen, og det vart sett ned stikker. Men plasseringa var keitete etter mi meining, og for langt inn i bakken. Då fór eg og kjerringa opp ein søndagskveld og flytta stikkene ti meter framover dit eg ville ha det. Ingen merka det, og huset vart bygd. om ragnvald sine tankar om klimaendringane og framtida til Strandafjellet No har dei vore relativt heldig med snø dei siste åra, men viss klima og slike ting endrar seg, er jo i alle fall mange anlegg veldig utsett. I gamle dagar var det berre tullprat å snakke om snøkanonar, for her var alltid snø. Men det viser seg at det er nok naudsynt sjølv her. Det svingar jo frå år til år, men at det har vorte våtare, er det ingen tvil om.
90
55
Ragnvald Støyva har vore fleire tusen timar på Strandafjellet, og var ein ivrig skikøyrar til han var langt over 80 år.
N E R U T O P P T OS OSS!
Bestill på nett - hent i vår butikk!
H R E T R A T SVI HAR GODT UTVALG AV UTSTYR TIL SKITUREN! VI FØRER UTSTYR FRA BLANT ANNET:
STRANDA
Vi er på facebook
AS
Sjøgata 8, 6200 Stranda Tlf. 70 26 00 60. post@stranda.g-sport.no
Gi den perfekte julegave; Opphold, middag eller kaffekort
VILLA NORANGDAL HELLESYLT BOUTIQUE & BAR
www.norangdal.com tlf 70 26 10 84 www.summittosea.no
• Alt innen anleggsarbeid • Mobile knuseverk • Sprengningsarbeid • Masseleveranser • Produksjon av ferdigbetong • Vi tar på oss både små og store oppdrag
Opshaug Sandtak as, 6200 Stranda Betong: 942 88 538
www.opshaug.no
Transport: 958 30 125
post@opshaug.no
Kontor: 70 26 93 40
Vegen mot toppen TEKST: OLE KRISTIAN ÅRDAL / FOTO: SARA ANGELICA SPILLING
Den femte januar 2016 kunne Spjelkavik-jenta, Nina Løseth, endeleg sleppe jubelen laus då ho vann sin første Verdscup-siger i slalåm. Og som så mange andre vakre historier, startar også denne på Strandafjellet.
58
Vegen mot toppen
59
Nina Løseth nådde endeleg toppen av podiet då ho tok sin første Verdscup-siger i januar 2016. I år siktar ho mot nye høgder og pallplasseringar.
Nina køyrde sitt aller første slalåmrenn på Strandafjellet. For at ho skulle finne vegen mellom alle dei blå og raude portane, køyrde pappa Terje framfor for å vise veg. Men då faren kryssa ut av løypa for å la dottera køyre aleine over målstreken, følgde Nina likså godt etter og la seg ned like framfor føtene til mora som stod og heia ved sidelinja. – Eg var jo berre fire-fem år og hadde ikkje gjort det før. Eg hugsar at det var litt krise, seier Nina Løseth då eg møter ho mellom treningsøktene på Olympiatoppen i Oslo. No har Nina nyleg kome heim frå skisamling i New Zealand, og skal ut igjen om nokre få dagar for meir alpintrening i dei sveitsiske Alpane. Sesongstarten er like om hjørnet og ho tek sine forholdsreglar då eg spør om vi ikkje kan ta praten ute i haustsola. – Eg har vore litt småsjuk, men vi kan ta bilda ute, så går vi inn igjen. Eg er ikkje langrennshysterisk altså, seier Nina som i år skal feire jul i Austerrike i frykt for å bli smitta om ho reiser heim til småbarnsfamilien i Ålesund. Stranda Nina har blitt ein rutinert alpinist, ho debuterte i Verdscup-sirkuset allereie som 16-åring. Men vegen til ein profesjonell karriere kom ikkje utan hundrevis av ferjeturar mellom Magerholm og Aursnes på veg til Strandafjellet.
– Det vart mykje ferje. Vi brukte i alle fall to timar fram og tilbake, og mista jo heile ettermiddagen heime. Vi var ferdig på skulen klokka to, drog halv tre og var heime igjen halv ti på kvelden. I tillegg til kveldskøyring var vi på hytta kvar helg. – Har de hytte på Strandafjellet? – Ja, vi hadde. Ho låg til høgre for trekket på Roaldssida. Er det ein plass eg har lært å stå på ski, så er det jo Stranda. Frå eg var nyfødt, tok dei oss med dit, og eg begynte å stå i strikk då eg var to år. – Har du ein favorittrasé? – Vi var jo alltid mykje ved Fursetheisen. Men vi leika oss også mykje i skogen. Eg føler barn i dag kanskje gjer det litt for lite. Vi trena jo seriøst, samtidig som det alltid var tid til å gjere det vi ville, seier Nina. Søskenkjærleik Nina seier som regel «vi» når ho snakkar om oppveksten på Strandafjellet, for skiinteressa var ikkje noko ho hadde aleine. I 2009 vart familien Løseth historisk då dei tre søstrene Nina, Mona og Lene stilte på startstreken i same storslalåmrenn under VM i Val-d’Isère. I dag er det berre Nina som framleis konkurrerer på toppnivå. – Vi reiste dritmykje saman, og vart jo dritlei kvarandre. Det vart litt mykje til tider, og det er jo ikkje normalt å bu saman
60
med søstrene sine 250 dagar i året. – De budde på same rom også? – Ja, alltid. Eg trur det vart for tett, rett og slett. Det er ikkje sunt for nokon å leve sånn oppå kvarandre. Sidan vi er søstre, kunne eg også tillate meg å krangle mykje meir enn kva eg hadde gjort med andre lagvenninner. Eg kunne vere mykje ærlegare, og av og til styggare, seier Nina. – Det kunne vel vere litt fint også? – Det var jo ei veldig triveleg tid. Men det er spesielt når du står i målområdet og er meir nervøs for søstrene dine som står på start enn for deg sjølv. Det var ei konstant otte for korleis det kom til å gå med dei. No har eg berre meg sjølv å passe på. Hekken I 2008 skada Nina leggen sin då ho skulle hoppe over ein friidrettshekk under ei spensttrening i Ålesund. Ulykka skulle kome til å setje ho tilbake i mange år.
– Det gjekk jo veldig bra fram til eg fekk skaden i 2008. Så sleit eg med den i 2009 og 2010 før eg opererte i 2011. Den øydela så mykje for meg at det er litt rart å tenkje på, seier Nina. – Men kvifor tok det tre år før du opererte? – Spør du meg så spør eg deg. Eg hadde jo vondt, men eg var for ung til å forstå omfanget av det som skjedde. Det er klart at om eg hadde hatt dei folka eg har rundt meg i dag, så hadde ikkje dette skjedd. Då hadde det blitt tatt etter to veker. Men eg var umoden og ivrig, så eg prøvde vidare med smerter. Det fungerte ikkje. Etter operasjonen vart Nina nedgradert av Skiforbundet, og måtte begynne på nytt igjen. Ho måtte jobbe med det mentale og det fysiske, før ho til slutt også fekk skia på beina igjen og begynte å jobbe med det tekniske. – Då tenkte eg at dette er ein lang veg å gå. Eg stod i ein bakke som var relativt flat, og var livredd. Men så vart eg trygg i den flatare bakken, og tok det vidare derifrå, seier Nina.
Vegen mot toppen
61
Nina, 3 år. Sjølv om det kunne vere litt vanskeleg å finne målstreken, er ho allereie her ein fryktlaus og dyktig alpinist.
– Var du nokon gong i nærleiken av å gi opp? – Nei, det ligg ikkje heilt i min natur, svarar Nina. Toppen Den femte januar 2016 stod Nina aleine igjen på toppen av slalåmbakken i Santa Caterina i Italia. Ho hadde vore inne i ein god flyt, og stått på sigerspallen to gongar den siste månaden, med ein andre- og ein tredjeplass. No var ho nærare sigeren enn nokon gong. – Eg visste i underbevisstheita mi at den dagen kom det til å klaffe. Du berre kjenner det på heile systemet ditt at du er i flytsona, seier Nina. Startsignalet gjekk, og Spjelkavik-jenta fossa nedover dei italienske bakkane. Raud, blå, raud, blå. Og medan Svindal ikkje blunkar ein einaste gong før han kryssar mållinja, går augelokka til Nina opp og ned som to vindaugsviskarar på ein regnfull haustdag i Ålesund. Då ho kryssa målstreken var ho over eit
sekund raskare enn nummer to. – Eg hadde venta så lenge på det, og så skjedde det, og så blir du litt sånn... Eg trur dei rundt meg skjønte meir enn kva eg sjølv gjorde. Det var først då eg høyrde nasjonalsongen at eg vart rørt. – Er det alltid eit «must» å vinne? – Ja, så klart. Eg har jo eit ganske sært konkurranseinstinkt liggjande i meg. Det er jo difor i alle fall eg driv med det her, svarar Nina til det dumme spørsmålet mitt. I februar er det VM i St. Moritz. Eg berre nemner det...
kelly TEKST & HOVUDFOTO : MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN ANDRE FOTO: GABE L’HEUREUX
Med ni X-games-gull, fem world snowboard tour-titlar, åtte US open-titlar, og meir enn 70 konkurransesigrar, står Kelly Clark på Roalden og ser ned mot Stranda og Storfjorden.
62
kelly
Året er 2002 og det er OL i Salt Lake City. På toppen av halfpipen i Park City står ei atten år gammal amerikansk jente klar for å skrive seg inn snowboardhistoria med gullskrift. Kelly Clark vinn OL-gull i det som blir startskotet på ei snowboardkarriere verda ikkje har sett maken til. Sju X-games-gull, fem world snowboard tour-titlar, åtte US open-titlar, og meir enn 70 konkurransesigrar seinare, står Kelly på Roalden og ser ned mot Stranda og Storfjorden. Det er berre så vidt ho får sett fjordutsikta denne søndagen i februar, sidan snøelingane kjem og går som dei vil. Ho er på veg til X-Games i Oslo, og har tatt turen innom Stranda på vegen til hovudstaden. Vi i PS hadde gleda av å ta nokre svingar med snowboardlegenda frå Vermont og høyre litt om kva ho sjølv tenkjer om alt ho har opplevd på brettet. – Korleis var det å vinne OL-gull i Salt Lake City som 18-åring? – For å seie det mildt var det uverkeleg og overveldande. Eg kjem aldri til å gløyme då eg høyrde nasjonalsongen og fekk sjå flagget bli heisa på medaljeseremonien. På den tida var det mykje nedslåande i media heime i USA. OL var jo berre fem månader etter 9-11-angrepa. OL i Salt Lake City var eit fint høve for folk til å få noko positivt å prate om, og noko dei kunne vere stolte av. Å vinne OL-gull på heimebane er eit av dei store privilegia eg har hatt i livet mitt. – Korleis vart det til at du starta med snowboard? – Eg vaks opp i ei lita fjellbygd med berre 1200 innbyggarar. Far min lærte meg å stå på ski då eg var to år gammal, og eg begynte å køyre snowboard då eg var sju år. Det året eg starta med snowboard, var det første året det var lov med snowboard i skianlegget heime, det var i 1990. Eg var i alpingruppa frå eg var lita, men det var veldig konkurranseprega, og eg likte ikkje konkurransefokuset. Snowboarding såg morosamt og annleis ut, og eg falt pladask for idretten. – Kva drøymde du om å oppnå med snowboard? – Eg bruker å seie at eg stod på brett før det vart kult. X-games fanst ikkje og snowboard var ikkje med i OL enda. Eg hadde berre ein lidenskap for å stå på brett. Eg var i bakken kvar helg
og håpa på «snow days» (ved store snøfall er det vanleg at skuler stenger i USA), slik at eg kunne få ekstra dagar i bakken. Eg hugsar eit augeblikk frå eg var 14 år gammal som verkeleg forma framtida mi. Det var i 1998 og første gongen snowboarding var med i OL. Eg tok opp konkurransen på ein VHS-kassett, og såg den etter skulen. Eg hugsar at eg sa til meg sjølv: Dette vil eg gjere med livet mitt. Sidan den dagen har eg følgt den draumen. – Du har hatt ein eventyrleg karriere. Du er den mestvinnande utøvaren i snowboardhistoria, og var den første kvinna til å lande ein 1080 (tre rotasjonar) i ein konkurranse. Kva er ditt personlege høgdepunkt og kva har betydd mest for deg? – Tusen takk. Eg er takksam for å ha hatt ei lang karriere med mange høgdepunkt. OL-gullet i 2002 heng høgt, men mitt personlege høgdepunkt er OL-bronsa frå OL i 2010. Eg kom ikkje på pallen i OL i 2006, det var verkeleg ei utfordrande oppleving for meg. Samtidig som det var vanskeleg å oppleve å ikkje kome på pallen, så var det også positivt i form av at det viste meg kva eg verkeleg ønska. Det gav meg ein glød for å satse med heile hjartet mot OL i 2010. Eg har lært at ein gir verdi til ting ut frå kva du har betalt for å oppnå dei. For meg var det utruleg stort å stå på pallen i 2010 etter å ha jobba meg gjennom skuffelsane i 2006, og framleis ha mot til å fortsette å følgje draumen. Folk flest måler suksess etter valøren på medaljane, for meg er suksess målt ut frå alle personlege sigrar langs vegen. Sjølv om eg ikkje vann gull i 2010, er bronsa eg vann eit av mine største augeblikk. – Forutan lidenskapen for snowboarding, korleis har du klart
63
Kelly i halfpipen under X-games i Aspen.
64
å motivere deg til å utfordre dine eigne grenser på snowboard i å kunne reise seg sjølv, gå og springe igjen. Eg tek ein dag av meir en 16 år? gongen og fokuserer på kva eg kan gjere i staden for kva eg ikkje – Eg elskar snowboarding fordi uansett kva du oppnår, vil du kan gjere. Dette fokuset gjer at eg held humøret oppe. Eg er også framleis ikkje vere den beste. Sporten er i konstant endring og takksam for at eg har hatt så mange fantastiske vener som har utvikling, ein må halde følgje og utvikle seg med han. Eg elskar heia på meg i denne litt langsame og vanskelege tida. at eg må lære meg nye ting jamt, det er morosamt. Eg må heile – Kva draumar har du enda ikkje nådd med snowboardkøytida motivere meg sjølv til å satse enda meir. Ein ting eg har ringa di? lært, er at OL ikkje er det endelege målet, og at resultata heller – Eg trur ikkje eg har nådd mitt potensiale enda. Det er drauikkje definerer kven eg er. Om ein ikkje har eit endeleg mål, kan men min, å føle at eg når det høgste nivået eg kan oppnå. Eg ein alltid finne motivasjon til å utvikle seg. siktar mot neste OL med eit håp om å presse meg sjølv lenger I 2010 starta Kelly «The Kelly Clark Foundation» med mål om enn kva eg tidlegare har gjort. å hjelpe barn og ungdom som vil følgje draumen og bli snow– Korleis ser ein perfekt dag på brettet ut for deg? boardkøyrarar. – Ein perfekt dag er ein dag med gode vener og god snø. Og – Eg ønskja å bidra til at sporten utvikla seg til å bli enda betre gjerne med ein god kopp kaffi når ein er ferdig med å renne. – fordi eg var ein del av den, ønskte eg å gje noko tilbake. Ved å gje tilbake har vi gjeve mange mogeligheita til å følgje draumane sine og oppleve snowboarding på måtar dei ikkje kunne gjort sjølve. Eg likar å gje til andre og bidra til at andre kan få mogligheita til å bli betre enn meg på snowboard. X-games i Oslo gjekk ikkje slik Kelly ønskte. Under treninga ein av dagane ramla ho og fekk ein skade i hofta. På imponerande vis klarte ho å trosse store smerter og framleis gjennomføre konkurransen til ein andreplass. Etter X-games i Oslo kom ho på tredjeplass i US Open før ho vart operert for skaden. No har ho brukt heile våren, sommaren og hausten til å jobbe seg tilbake. Vi tek opp tråden via e-post med Kelly medan ho er på New Zealand på førsesongstrening og endeleg tilbake på brettet. – Korleis har det vore for deg å jobbe deg tilbake frå skada di, og kva slags forhåpningar har du for den komande sesongen? – Forutan denne skada har eg ikkje hatt alvorlege skader i karrieren. Denne hofteoperasjonen er den største operasjonen eg har hatt, og også den tøffaste rehabiliteringa eg har vore igjennom. Til tider har det Heime i California. vore utfordrande. Eg har vore nøydd til å ta ein dag av gongen, og vere glad for ting eg tok for gitt før. Slik som
VI BYGGER FRAMTIDENS
BÆREKRAFTIGE SAMFUNN
nybygg VARTDAL SKULE
fasadearbeid ÅSE SJUKEHEIM
vi ønsker oss LÆRLINGER
nybygg ALNES
K. NORDANG har virksomhet innen boliger, næringsbygg og anlegg og har avdelinger i Ulsteinvik, Ålesund og Stranda. Betongarbeid er fortsatt en kjerneaktivitet i K. Nordang, slik det var da vi ble etablert. Vi bygger også leilighetsbygg, skoler, hotell, kontorbygg, industribygg, kaier, broer og noen spesialkonstruksjoner innen for eksempel vannkraftanlegg. Vi har moderne og effektivt utstyr for alle typer kranoppdrag med mobilkraner opp til 220 tonn og kranbiler opp til 85 t/m og transportkapasitet på disse bilene. Videre har vi spesialisert oss på effektiv elementmontasje, både i egne prosjekt og som UE for andre entreprenører. Vi utfører oppdrag innen service, rehabilitering, ombygging på alle typer bygg med vårt høyt kvalifiserte personell innen betong, tømring og snekring. nordang.no
firmapost@nordang.no
+47 70 26 85 85
facebook/ PEAB K.Nordang
rebellen TEKST: OLE KRISTIAN ÅRDAL / FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
Om alt går etter planen, vil verdseliten i snøbrett flokke til Strandafjellet og snøbrettkonkurransen «The Arctic Challenge» i mars 2017. Bak arrangementet står Terje Håkonsen (42) – ein av dei største snøbrettkøyrarane i verdshistoria.
66 Dei aller fleste av oss går gjennom livet utan å tenkje over kvifor verda er som ho er. Vi veks opp, får kanskje ei utdanning, ein jobb, barn og familie. Vi går som alle andre, snakkar som alle andre, og står på ski og snøbrett som alle andre. Terje Håkonsen er ikkje som alle andre. Sidan første gongen han spente snøfjøla til føtene for snart 30 år sidan, har han aldri slått seg til ro med at ting berre er som dei er. I tillegg til å ha vunne utallege konkurransar har han alltid jobba for å sprenge grensene for kva snøbrettsporten kan vere. Den elles så medieskye snøbrettlegenda er litt seint ute då han kjem rasande på scooteren til Filmens Hus i Oslo. Eg har avtalt å møte han i kafeen ein time før pressevisninga av ski- og snøbrettfilmen «Supervention 2» kor Terje Håkonsen har ei av hovudrollene. Terje starta «The Arctic Challenge» saman med Kjell Vagle, Henning Andersen og Daniel Franck i 1999. TAC er eit annleis arrangement som har søkt å dyrke livsstilen meir enn konkurransen, samtidig som verdas beste snøbrettkøyrar kan kome saman for å prøve nye ting. Tidlegare har TAC vore arrangert både i Lofoten, Tromsø og Oslo, men denne gongen er Terje sine auge retta mot den kvite bygdebyen langs Storfjorden. – Eg hadde jo høyrt rykte om Stranda sidan 90-tallet. Det var «pudderheaven» og det beste anlegget i Noreg. Men eg kom meg ikkje opp dit før i 2007. Til forsvar har eg heller aldri vore på Voss, seier Terje og flirer. – Innfridde forventningane? – Det var som vi hadde høyrt. Heisane hadde jo også blitt mykje betre. Stranda har alt – heisanlegg på nivå med Mellom-Europa og råe fjell som i Alaska. Det er heller ikkje langt til kysten, og gode moglegheiter for surfing. Sidan den gong har det blitt fleire turar til Stranda. I 2013 braut han ankelen på veg ned ein sunnmørsalpe under innspelinga av filmen «Supervention 1». Terje vender stadig tilbake til høge og luftige fjelltoppar med eit filmteam på slep, og i 2005 var han med i dokumentaren «First Decent» der han som første
person på snøbrett køyrde ned det spektakulære fjellet 7601 i Alaska. (Sjå Youtube-klipp) – Blir det tid til storfjellskøyring under The Arctic Challenge også? – Om det snør mykje, blir det i alle fall det. Folk har lyst til å bygge eit hopp på toppen av fjellet, og få fjorden i bakgrunnen. Men for meg er ikkje fjorden så viktig. Eg vil køyre bra terreng uansett kor det ligg hen. – Korleis kom interessa for frikøyring? – Eg har alltid frikøyrt, og stukke i skogen for å bygge hopp. Men eg prøver å køyre meir mjuk snø og laussnø. Om det er hardt i bakken finn eg på noko anna. Det seier eg også til nybegynnarar: Aldri køyr snowboard når det er is eller dårleg føre. Finn heller på noko anna. Kanskje det er denne haldninga som gjer at Terje i ein alder av 42 framleis kan køyre snøbrett på så høgt nivå. Før ankelbrotet i 2013 hadde han ikkje brote anna enn ein tommel. Likevel køyrer han ikkje heilt utan risiko. I 2007 sette han verdsrekord for «highest air» då han hoppa 9,8 meter rett opp frå toppen av quarterpipen under TAC i Oslo. Rekorden står framleis. – Det har vore eit problem at folk har vore litt redde når vi inviterer dei. Folk som har vunne Worldcup har enda opp med å sitje å sjå på, medan maskottane på 13-14 år gjerne køyrer seg inn i konkurransen. Det er jo litt sketchy, men dei fleste ulykkene skjer faktisk i låg fart. Quarterpipen er jo laga for at du skal ha jævla stor fart, seier Terje og smiler. – Du må berre gutse frå starten av? – Ja, du må berre kjenne det. Det er så kult å stå på toppen der og sjå at folk berre går for det, då backar alle andre ut og lar deg køyre. Uansett kor redde eller fryktlause deltakarane er, så skal det i alle fall ikkje stå på maten som blir servert under arrangementet. – I byrjinga var eg på mange events, spesielt i Mellom-Europa, kor det var kvitt brød og Nutella til frukost. Vi prøver å
rebellen
67
TERJE HAR FUNNE KREATIVE LINJER PÅ VEG NED FJELLA I SNART 30 ÅR. HER GJER HAN EIN HANDPLANT UNDER EIT BESØK PÅ STRANDAFJELLET I FJOR VINTER.
68
• • • • • •
Terje Håkonsen Fødd 10. oktober 1974 i Vinje. Sambuar med tidlegare handballspelar, Mia Hundvin. Deltok i sitt første nordiske meisterskap i 1988. Drog aleine til USA som 15-åring og forhandla fram sine første profesjonelle kontraktar med Burton og Oakley. Slutta å konkurrere om samanlagtsigeren i Worldcupen i 1994 for å få meir tid til frikøyring. Grunnleggjar og arrangør av «The Arctic Challenge»
bruke mat frå nærområdet. Når eg er host for eit event, og samtidig køyrar, er det viktig at maten er bra. Då bør dei andre også sleppe å ete drit. – Er dette ei kampsak for deg? – Ja, kvifor skal vi putte ting i oss som gjer oss sjuke, eller er med på å øydeleggje miljøet? Forbrukarmakta har mykje å seie. Vi kan ikkje berre vente på at politikarane skal gjere noko. Eg har ei kjensle av at folk berre gjer det fordi alle andre gjer det, men det gjer ikkje eg, og det er eg veldig stolt av. Kafeen på Filmens Hus fyller seg opp av spente pressefolk som gler seg til å sjå filmen som startar om berre nokre få minutt, utan at dette verkar å forstyrre Terje i det heile. Han vil snakke meir om hjartesaka si, og kvifor han i utgangspunktet starta TAC. – TAC vart starta i frustrasjon over alle dei dårlege eventsa som eksisterte, og at alt for få køyrarar bidrog aktivt til å utvikle sin eigen sport. Vi har heile tida prøvd og testa ut ulike konkurranseformer, men i andre konkurransar har det berre dreidd seg om «The Golden Run» i 16 år sidan FIS og OL stal sporten. Terje meiner at «The Golden Run» (altså at berre det beste runnet er teljande i konkurranse) fører til at snøbrettsporten stagnerer, sidan køyrarane berre øver på nokre få utvalde triks
som dei gjer igjen og igjen i dei same halfpipane gjennom heile sesongen. – I skateboard og surfing er det annleis. Der har du konkurransar i forskjellige parkar, og ofte forskjellige vinnarar fordi dei ikkje kan planlegge kva dei skal gjere. I surfing har dei forskjellige bølgjer, og slik kunne det også vore i pipe. No har pipekøyrarane ei trickliste i lomma, og då er det ikkje freestyle lenger, men kunstløp. Og kunstløp er fantastisk, men kunstløp er kunstløp – ikkje snowboarding. – Kva må til for å endre sporten? – Køyrarane må kome seg ut av skalet sitt og ta meir grep om sin eigen sport, seier ein tydeleg engasjert Terje i klar tale. Nesten alle har forlate kafeen og ei dame kjem bort til oss og spør om det kanskje er på tide at også vi blir med opp. – Kva skal vi no eigentleg, spør Terje. – Sjå filmen! Og no begynner han, seier ho. Terje har allereie tankane ein heilt annan stad. I morgon skal han til California og Hawaii for å surfe og varme opp til ny sesong. Han manglar framleis den rike onkelen for at draumen om «The Arctic Challenge» på Stranda kan gå i oppfylling. Kanskje finn han ein rik onkel frå Amerika? Von dess.
PÅ STRANDAFJELLET BRUKER VI SNØEN TO GONGER NYHEIT! Snøen på Strandafjellet vert omgjort til straum på Furset Kraft. Vi leverer lokal straum heim til deg. Vi garanterer at straumen er produsert lokalt. Kjøp produktet Fursetkraft på: www.strandaenergikraft.no
Gasta.no
Tlf. 93 07 98 30
Lokal bank. ENGASJERT BANK. Sparebanken Møre.
Blått mot Blåbretinden TEKST OG FOTO: JOHAN INGE KISTRAND
Eg har ikkje tal på kor mange gongar eg har stoppa opp kring Straumgjerde for å beundre dei gigantiske fjella som står og flottar seg her inne. Dei kan verke uframkommelege der vi denne onsdagen i slutten av april står og ser opp på målet for dagen, Blåbretinden.
70
Blått mot Blåbretinden
71
Endeleg over tregrensa, og på med skia.
72
Sola skin og vêrmeldinga lovar bra vêr for heile dagen. Vi er tidleg oppe og på veg til ferjekaia på Magerholm. Spente på dagens tur – vêret, snøforholda og ikkje minst om vi i det heile tatt kjem oss opp til toppen. Det er ein nokså krevjande tur og tidvis bratt. Frå ferjekaia på Aursneset køyrer vi forbi Straumgjerde og tek av ved Fet, kor vi parkerer ved sidan av ein gardsveg. Snøgrensa har krope langt oppover, så vi fester både skia og skiskoa på sekken, og tek fatt på stigninga iført joggesko. Vi må opp til 450 meter over havet før vi får snø under skoa. Her heng vi frå oss joggeskoa, fyller på med litt energi, spenner på oss skia og går vidare oppover mot Ljøsabreen. Etter litt kjem Trollkyrkjetindane til syne, og vi begynner å merke at vi er i alpint terreng. Turen vidare går knirkefritt. Snøen er stabil, sola tek ikkje skikkeleg tak på denne sida, og det er kaldt i lufta. Forhåpningane om herleg nedkøyring veks for kvar høgdemeter. Her er ingen andre skispor å sjå, vi er dei første som er her oppe etter det siste snøfallet. Etter ca. 3 timar er vi oppe ved høgde 1412 moh. Vi blir stille og ståande å måpe. Utsikta mot Sunnmørsalpane kring oss er formidabel. Vi ser eit turfølgje på to personar som er på veg til Tungremstindane. Dei blir som bittesmå maur i dette mektige alpine landskapet. Når vi har fått fordøya inntrykka, tek vi oss vidare opp mot Lille Blåbretind. Her begynner det å bli bratt. Vi vurderer forholda nøye og ser oss ut ei rute opp. Her er ein berykta skavl som kan bli enormt stor, og vanskeleg å passere. I dag ser han overkomeleg ut. Vi fester skia på sekken og «boot packer» oppover. Det kriblar litt ekstra i magen i slikt terreng, men vi kjem oss vidare opp utan problem. Oppe på Lille Blåbretind ser vi målet klart og tydeleg. Blåbretinden ser nokså uframkomeleg ut med bratte sider på alle kantar. Men det er ei markant renne litt forbi sjølve toppen vi skal opp. Frå der vi no står får vi sette
Vidare opp mot Lille Blåbretind etter å ha passert Ljøsabreen.
Fakta: Tidsbruk: ca. 7 timar tur/retur Lengd: 6 km ein veg Høgdemeter: 1500 Faremoment: Potensiell skredfare heile vegen opp. Ein oppheld seg lenge i utløpssone for skred. Turen egnar seg best om våren. I tillegg er det ein skavl som kan bli veldig stor og risikabel å passere. Utstyr: Skredsøkar, spade, søkestang, isøks og stegjern. I tillegg: normal oppakning for vintertur.
1. Vi tek oss opp renna og opp mot ryggen. 2. Vanskeleg å ikkje bli begeistra under slike omstende.
Blått mot Blåbretinden
73
Utsikt frå toppen retning Sykkylven.
74
Fantastisk nedkøyring med utsikt mot Sykkylven.
«Ein er som regel litt spent på korleis snøen er idet ein set dei første svingane. Er det skare under nysnøen og korleis er gliden? I dag er vi heldige, han er perfekt.»
nokre svingar i flott slush-føre og så skli vidare framover mot renna. Vi set frå oss skia her, og klyv oppover. Oppe på platået tuslar vi vidare til toppen. Synet som ventar oss her er vanskeleg å skildre, men du verda for ei utsikt, det må vere noko av det flottaste Sunnmørsalpane har å by på. Kleda er gjennomsveitte, så no er det på med tørre klede, slik at vi kan sitte og nyte utsikta med brunostskiver og varm kaffi frå termosen. Gode og mette, og innstilte på ei fabelaktig nedkøyring, klyv vi oss ned renna kor vi på veg opp satt frå oss skia. Vi sklir vidare tilbake og må gå opp igjen på Lille Blåbretind. Snøen er i overkant hard akkurat her, så vi set skia tilbake på sekken enn så lenge og tek oss ned til høgde 1412 moh. Her er det berre å stramme skoa, spenne skia og hive seg utfor. Ein er som regel litt spent på korleis snøen er idet ein set dei første svingane. Er det skare under nysnøen og korleis er gliden? I dag er vi heldige, han er perfekt. Sola har ikkje fått tak på snøen her, så han er tørr og fin. Ikkje kva ein vanlegvis forventar i slutten av april.
Vi køyrer non-stop nedover. Etter kvart som vi kjem lengre ned i fjellsida, blir tørrsnøen til nydeleg slush-føre. Nede i skogen finn vi tilbake til joggeskoa, gir kvarandre ein thumbs up og er einige i at dette kanskje var vårens høgdepunkt. Med eit breitt smil om munnen tuslar vi nedover skogen og tilbake til bilen. Ved bilen ser eg attende, opp mot giganten, og føler meg eigentleg ganske audmjuk. Takk for visitten, vi sjåast igjen!
NORGES VAKRESTE FJELLØP PÅ STRANDA 19 AUGUST 2017 STRANDA FJORD TRAIL RACE - 33KM 3000 HØYDEMETER. STRANDA FJORD TRAIL RACE MOTBAKKELØP - 8,5KM 1230 HØYDEMETER.
LØPECAMP I SOMMER 14-16. JULI FORBERED DEG TIL SFTR PÅ LØPECAMP MED OLA HOVDENAK OG MALENE BLIKKEN HAUKØY. OLA OG MALENE ER TO AV NORGES BESTE FJELLØPERE, DE TAR DEG MED UT PÅ DE FINESTE STIENE RUNDT STRANDA.
INFO OG PÅMELDING: WWW.STRANDAFJORDTRAILRACE.COM
76
ansokhornet TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
Eldrid Sognnes Kristoffersen nyt ei av dei vakraste fjordutsiktane du kan få på Sunnmøre.
Nokre dagar vil vi ikkje gå dei lengste toppturane, men framleis ha god utsikt å kvile auga på. På slike dagar er Ansokhornet det lille fjellet som gir stor utsikt. Utsikta frå toppen er spektakulær innover Sunnylvsfjorden, mot Tafjorden og over til Stranda. Det er eit storslått panorama for ei låg energiinvestering. Ta av til Ringset i Liabygda, følg vegen mot garden Ansok. Ca. 300 meter etter at du har passert grinda, får du ein P-plass på høgresida av vegen. Her parkerer du bilen. Turen følger sommarruta, først gjennom granskog ved Haslevikmyra, langsmed traktorvegen og dei raudmerka furutrea, til ein kjem til bjørkeskogen. Her går ein vidare opp til Ansoksætra. Kort tid etter Ansoksætra er ein over tregrensa og har peil på Ansokhornet. Turen går i terreng som ikkje er nemneverdig bratt, men ein må sjølvsagt bruke sunn fornuft og ta gjennomtenkte slutningar basert på skredvarselet.
ansokhornet
77
ansokhornet 888moh tregrensa
ansoksÌtra Tidsbruk: 2,5 timar opp til toppen. Nødvendig utstyr: Skredutstyr og vanleg vinteroppakning.
ringset 250moh
Store Smørskredtind 1631 moh. Berre namnet bør freiste deg til topps TEKST OG FOTO: HÅVARD MYKLEBUST
78
Olav Viddal, Espen Aam, Stig Helset og Bård Smestad på veg oppover vestryggen mot inngangen av rennene.
Store Smørskredtind 1631 moh.
Sjeldan er tilhøva gode nok til å stige opp dette stolte fjellet om vinteren. Dei bratte rutene til toppen har bergteke fleire kresne skiløparar dei siste åra, og denne påskedagen skulle fjellet vise seg frå si beste side. Skikøyring i bratt terreng (over 30 grader) har vorte ein aukande trend blant skiløparar dei siste åra. I takt med utstyrsutviklinga har stadig fleire byrja å oppsøke kvasse fjelltoppar i det ganske land. Skikøyring i slikt terreng vil medføre fare på eit eller anna nivå, og realiteten er at ein del tek sjansar utan å tenkje over at dei gjer det. I denne saka skal eg ikkje argumentere kring debatten om trenden er god eller dårleg. Faktum er at det vert køyrt i bratt terreng, difor vil eg med denne artikkelen formidle nokre ord og tankar om korleis skikøyring i slikt terreng kan opplevast under skredtrygge forhold. Store Smørskredtind fekk stå i fred fram til den lokale hjørundfjordingen Jon Klokk tok med seg britane William Ecroyd og den meir kjende William C. Slingsby til topps den 21. august 1884. Fjellet har eit alpint preg og er mindre tilgjengeleg enn nabofjellet Slogen, sjølv om dei fleste tek seg opp sommarstid utan taubruk. Det er ingen enkle ruter til toppen og alle rutevala er angitt som tunge toppturar med utsett klyving der tau, isøks og stegjern kan kome godt med. Det er først så seint som på byrjinga av 2000talet ein kjenner til at skikøyrarar fann interesse i å ta seg ned frå Smørskredtind på ski. Dei bratte flankane på kvar side av den skarpe toppryggen, søraustsida og nordvestsida, er mellom 40 og 50 grader bratte og set store krav til ferdigheiter, skredkunnskap og teknikk frå skiløparen. Med tida har både ski- og skredutstyret endra seg til det betre, og såleis har det blitt enklare å erobre desse stupbratte fjellsidene på ein tryggare måte. Betre kunnskap og moglegheiter til å innhente informasjon om skredtilhøva, gjer det også greiare å vite når ein kan leggje ut på slike turar. Våren er den beste tida for ein skitur på Smørskredtind. For det første har snøgrensa trekt seg opp i lia, noko som gjer anmarsjen via dalane trivelegare, og for det andre har snøen rundt toppen sete seg skikkeleg. Ein kan såleis ofte trakke i fast vårsnø oppover renna i søraust-sida, som ein når enten via Patchellhytta eller Langfonndalen frå Norangdalen. Dei fleste vel same rute ned som opp, men er tilhøva gode, kan
79
80
det freiste med ei meir direkte linje attende til Patchellhytta, ned ei av rennene i den vanlegvis skuggelagde nordvest-sida. Påska på Sunnmøre er slik ho plar vere når høgtrykket ligg over Vestlandet; ferja over Hjørundfjorden full av bergtekne austlendingar, lukta av solkrem, lokale heltar med solbrilleskille, sveittande fjelltoppar som speglar seg i sjøen og mange moglegheiter! For når vårsola skin frå blå himmel, er det verkeleg eit hav av alternativ på Sunnmøre – iallfall for snøhungrige skiløparar. Vestlandet har, som dei fleste vestlendingar iallfall veit, eit markant lokalt og variabelt klima, noko som kan resultere i dystre snøbøyer i morgontimane og steikande sol på ettermiddagen. Påsken 2015 avtalte eg fellestur på palmelaurdag med gjengen min. Det snøa lett kvelden før, men eit iaugefallande Instagram-bilete, teke mellom skylaga på Patchellhytta, gav håp om at noko stort var i gjære. Likevel, i ei passiv frykt for at det skulle ende i ein heilsvart bomtur i snøbøyer og flatt lyst, bestemte vi oss typisk nok for å «sjå an veret» neste morgon og satse på ei grytidleg ferje frå Sæbø. Ein kjapp sjekk på lokale webkamera frå sengekanten neste morgon kunne konstatere at det vart tur til «den andre sida» av Fjorden med stor F, så det gjaldt å kome seg i skikleda fort som fy. Goma (namnet på ferja mellom Sæbø og Leknes) sklei lydlaust til kai idet vi entra ferjekaia. Med Instagram-biletet frå dagen før i tankane, slo det oss at vi nok ein gong var seint ute då dei offensive skikøyrarane frå Trondheimsregionen hadde føretrinnet med å starte skituren frå 812 meters høgde som Patchellhytta ligg på. I vant stil baksa vi i gang oppover den seige Skylstadbrekka, ein kamp det har vorte skrive diktstrofer om før. Frå gardane på Skylstad, to kilometer sør for Hotell Union Øye, går der ei direkte sommarrås 800 høgdemeter beint opp Fonnskogen i retning Patchellhytta. Brekka, slik vi kjenner den, har sjeldan vore skildra i positive ordelag på vinteren, så det kan anbefalast å starte turen på langt slakkare vis frå Liasætra på Stranda. Frå hytta har ein, som nemnd i tidlegare utgåver av På Stranda, flust av moglege turmål for alle og einkvar. Sjølve toppane krev visse ferdigheiter og utstyr, men turen innover mot hytta kan vere fin i seg sjølv på smale fjellski ein strålande palmelaurdag. Håpet var at nattefrosten skulle gjere vårsnøen berande denne morgonen og at vi såleis kunne liste oss varsamt oppover i trappetrinn langs Brekkeelva. Det utvikla seg derimot raskt til eit intrikat slagsmål som sette både temperament og følelsar i sving. Snø fann vegen inn i bukser og ned i skisko, stålkantane fekta med stirrige bjørkekvistar, sviande sveittedropar i augene, kalde fingrar og lårdjup vårsnø for å nemne noko. Etter ein strevsam batalje flata terrenget ut over skoggrensa. Vi kika tankefullt oppover til høgre medan vi trakka i jamn takt på snølaget som omsider var berande. Fjellfoten som reiser seg majestetisk til vers var dagens hovudmål; Store Smørskredtind. Med lokalkunnskap i ermet visste vi at nordvestsida ville ligge i skugge så tidleg på dagen. Det forundra oss difor at vi såg ferske spor under rennene høgt oppe i sida så tidleg på morgonen. Eit høgst uvanleg syn for ein elles så solhungrig vestlending. Rundt Patchellhytta finn ein turar i alle himmelretningar, og på ein ideell dag kan ein difor køyre på ski i sola frå morgon til seint på kveld, om ein skulle ha nok krut i beina. Vi bestemte oss for å bruke litt ventetid på å leike oss i Hesteskoen på Brekketindbreen, som vender sørover mot sola, berre 2-3 kilometer nord for hytta. Etter ein børs med nokre av påskegjestane på hytta, kjente vi vår besøkelsestid. Våre vennar frå Trondheim var allereie i gong med runde to på Slogen då vi forlét storstova til Patchell Fjellsport. Her kom det oss også for øyret at det var tre ivrige finnar som etter alle solemerke å døme kosa seg i skuggen oppunder Smørskredtind. Blant sagtaggane på Brekketind-breen hygga vi oss i nattas snøfall som hadde stabilisert seg mot det gamle snødekket. I stadig brattare linjer ned frå mange av dei namnlause Brekketindane fekk ein prøvd seg på svingteknikk i bratt lende og forvissa oss om at snøtilhøva var gode nok til å utnytte dagen til fulle då vi først var «på andre sida av Fjorden». Som ved andre trivelege aktivitetar, går tida fort når ein har det kjekt, og sola
Dei siste bratte meterane mot toppen frå nordsida.
bevega seg raskt i si vante bane denne himmelblå aprildagen. Termometeret var likevel lågt for årstida, så solsteiken fekk ikkje tak i snøen så høgt til fjells, slik at her oppe var snøen framleis lett og fin. I det fjerne, retning Norangsdalen, kunne ein likevel høyre at den destruktive metamorfosen førte til buldrande solfonner i solsidene. Nede på hytta helste vi på våre vennar frå Trondheim som var godt nøgde med dagens to turar på Slogen. På trappa steikte sola mellom smilande ansikt og hyggeleg lausprat. Nye skiløpararar kom til, andre drog heim. Tematikken var som mellom skifolk flest; snøforhold, skiutstyr, gestikulasjon av ruteval og røvarhistorier frå gamle toppturar. Ein lengre passiar i triveleg selskap ebba ut i det nokre i følget takka for seg til fordel for ein betre lammemiddag. Sola stod framleis høgt og fleire var rådville på kva som no skulle skje. Klimakset stod i om ein skulle prøve seg på Nordre Smørskredtind som ingen hadde teke jomfrudomen på denne pudderdagen. Med erfaringane som vart gjort kring snøtilhøva før på dagen, var valet enkelt. Etter påfylling av vassflasker og nedpakking av ferdigtørka ytterkle, var turfølget redusert med to, men snøjegeren frå Trøndelag, som skimagasinet Fri Flyt kallar han, valde å hive seg med oss i retning nordaust-sida av Store Smørskredtind. Som nemnd innleiingsvis, går kanskje den vanlegaste ruta til Smørskredtind opp frå hytta til eit skar mellom dei to jamnhøge toppane, Nordre og Store, og vidare opp renna i søraust-sida. I
Store Smørskredtind 1631 moh.
Skikøyring med Slogen som tilskodar: Frå dei mange namnlause sagtaggane på Brekketindbreen kan ein få seg flotte svingar i utfordrande terreng om snøtilhøva stemmer.
Olav Viddal nyt god snø under Smørskredtind med Slogen som tilskodar.
81
82
Olav Viddal på veg ut av renna Bananen. Bildevinkelen får renna til å sjå slakk ut. Her er opp mot 50 grader i nokre av henga.
NGI sitt arkiv over skredrapportar kan ein finne tankevekkande tekstar om skredhendingar i denne fjellsida, då med skredutspring i skaret mellom toppane som typisk samlar snø på visse vindretningar. Både med tanke på det, og at sola hadde steikt i søraust-sida, fall valet på den heller uvanlege vegen opp nordaust-sida der finnane hadde trakka seg opp. Skisporet var fornuftig lagt i jamn stigning vestover mot vestryggen av fjellet, som etterkvart vert skarpare og går over til det som vert kalla Vestegga i turbøkene. Før eller sidan måtte sporet difor svinge innover igjen mot inngangen av fleire små, bratte renner som kom ned frå toppflanken. Etter ein kort sjekk og diskusjon kring snøtilhøva, valde vi å fortsette i sporet til følget frå dei finske skogane. Ved traverseringa under munningen på dei små rennene kunne ein føle at turfølget var gripe av stunda sitt alvor. Vi bevega oss no inn i stadig meir skredutsett terreng med utløpssoner over oss og ei lang, sidebratt skråning under oss. Terren-
get var komplekst, men snødekket var stabilt og gjorde det relativt lett å fote seg, trass ei helling nærare 40 grader. I fast rytme trakka vi oss framover i djupe trappetrinn med skia på sekken. Ingen sa noko, berre si eiga hjarterytme og pusten til kompisen bak kunne ein høyre. Knea stanga inn i trinnet over, så bratt var det. Om ingen sa det, så tenkte vi nok det same om innsatsen til finnane som hadde brøyta seg veg opp her, medan ein av oss klaga over pusteeigenskapane til den nye Bergans-dressen sin i sola under Søre Brekketind nokre timar før. På det smalaste i renna hadde slusjet frå nedkøyringa til dei andre ført isvollar fram i dagen. Skarpt stål frå prisgjerrige sportsbutikkar i Alpane vart leita fram og hamra inn i isen for å forsere cruxet. – Eit kritisk punkt for retur same veg, sa nokon lågmælt. Gjennom beina kunne ein sjå korleis turkameratane gjekk laus på isen med isøks og stegjern slik ein sjølv nett hadde gjort det. Under dei igjen kunne ein sjå hytta og påsketuristar brese i solveggen 700 høgdemeter lenger nede. Lite minte no om den
Store Smørskredtind 1631 moh.
83
Flyfoto av Store Smørskredtind, kanskje eit av dei mest majestetiske fjella i Sunnmørsalpane.
muntre stemninga som hadde utfolda seg der nede ein time tidlegare. Ovanfor issvullane entra vi toppflanken, som la seg betrakteleg. Det var likevel bratt opp dei resterande hundre høgdemetrane til den 1631 meter høge toppen, så ein måtte framleis vere fokusert så ein ikkje risikerte utgliding. Med 25 cm nysnø på eit fast snølag under, kan ein lett bli for harmonisk og utelate å tenkje konsekvensar ved moglege feilskjer. Med ei kraft som nærleiken av målet ga oss, baksa vi på i ein langsam sluttspurt, der syretunge lår gjorde at følget spreidde seg dei siste metrane. Ein etter ein steig vi over toppegga, lettare prega etter ein dryg time med djupe kneløft som kunne minne meir om ein gruppetime på Stamina. Ein kjeft vatn og nokre djupe andedrag seinare kunne ein ta seg tid til å stadfeste at utsikta var av sunnmørsk standard, der ein såg nypudra fjelltoppar i alle himmelretningar. Tankane var derimot meir interessert i å gå
gjennom scenarioet som snart skulle gå føre seg. Kven køyrer kvar? Kva om snøen slepp? Enn om eine skia løyser seg ut? var tankar som utspann seg i det ein justerte hakestroppa på skihjelmen og forsikra seg ein siste gong om at bakbindinga frå skiutstyrsmogulen Dynafit verkeleg hadde gått i lås. Køyremønster og linjeval vart nøye vurdert, heilt til ein av oss, av gammal uvane, fekta med stavane slik Lund Svindal og Co gjer før take off. Med ein sjølvsikker sving, kasta førstemann seg ut den store toppflanken, i retning draumelinjene som no var i ferd med å verte ein realitet. Like aust for renna vi kom opp, går renna som etter turen vart døypt Bananen; eit etterlikningsnamn etter den velsmakande frukta. Her låg snøen uspora og innbydande, slik at issvullane fekk ligge i fred i den andre renna. Nedover dansa førstemann i takt med fjellet. Pudderet stod stille i lufta så lett det var, til skiløpar-
en forsvann i krumminga mot fruktas ende. Ein etter ein gav vi oss til dansen med den bratte renna og fjellsida. Snøen var lettare enn kanskje nokon gong, der han piska opp etter skallbekledninga i kvar ein sving. Tankar svirra rundt i hovudet medan ein fokusert såg etter målet i enden av den bratte bakken, og kika i sidesynet om ein løyste ut noko i førre sving – frykt og glede på same tid utan at ein ville det skulle ta slutt. Med blanda kjensler gav vi oss i kast med desse fjellsidene, nokre brattare enn andre. Det er nesten overveldande nokre gonger. Du finn ut at du er under ein straum av hendingar som du ikkje har kontroll over – og likevel er det greitt.
I euforisk rus sklei siste mann inn til samlingsstaden. Det vart som vanleg utveksla high five og fleipa lett om den gjennomførte nedkøyringa som skreiv seg inn som ein av dei flottaste på lang tid. Med helsingar og vink til eit par andre som var på veg opp, sklei vi mot kanten av Skylstadbrekka med eit smil om munnen som berre modellane på charterselskapa sine nettsider har.
84
Det er nesten overveldande nokre gonger. Du finn ut at du er under ein straum av hendingar som du ikkje har kontroll over – og likevel er det greitt.
TLT THE CLIMBOOST!
PERFORMANCE,
WWW.DYNAFIT.COM
Kjærleik ved første knips TEKST: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN / FOTO: MATTIAS FREDIKSSON
86
Mattias Fredriksson er svensken som vart ein av verdas mest anerkjende ski- og sykkelfotografar. I 2006 kom Mattias til Stranda og Sunnmøre for første gong, det var kjærleik ved første knips. Sidan den gongen har han kome tilbake nesten kvart år, vinter som sommar.
Kjærleik ved første knips
87
– Eirik Finseth renn ei hårete linje på Store Brekketind under innspelinga av Field Production-filmen «Side by Side» i april 2010.
88
Kjærleiken har vore gjensidig, og Stranda og Sunnmøre har vist seg fram frå sine beste sider, noko som har resultert i episke bilete som har gått verda rundt i ulike ski- og sykkelmagasin. Med oppdragsgivarar som til dømes Powder Magazine, Salomon, Åka Skidor, Fri Flyt og Bike Magazine har den trivelege og energiske svensken sett og opplevd skikøyring som dei fleste av oss berre drøymer om. Det er få fotografar som har gjort like mykje som Mattias for å sette området vårt på kartet. Vi er svært stolte av å kunne trykke nokre av Mattias sine beste bilete frå dei 10 åra han har vore fast gjest på Stranda i denne utgåva av PS. Men kva var det eigentleg som gjorde at Mattias først fann vegen til den kvite bygdebyen? – Første gongen eg kom til Stranda, var i 2006 for å ta bilete for Peak Performance. Vi var ein stor gjeng med dyktige skikøyrarar som Robert Olsson, Jon Larsson, Sebastian Garhamme og filmaren Fred Arne Wergeland. Fred hadde vore på Stranda og Sunnmøre nokre år tidligare og fortalt at skiterrenget var fantastisk. Og det var verkeleg slik som han hadde fortalt. For meg vart det ei openberring at det fanst slikt skiterreng så nærme heimen. Eg bur i Åre og det er drygt 50 mil å køyre til Stranda. Eg tenkte, shit, hit må eg tilbake. Vi hadde fått ordna det slik at vi hadde løyve til heliskiing den gongen. Det var ikkje som no, at mange var ute og gjekk toppturar i fjellet. Vi hadde fjella meir eller mindre for oss sjølve, og tok for oss fjell etter fjell. – Kva er det med Stranda og Sunnmøre som gjer at du framleis kjem tilbake år etter år? – Det er jo først og fremst på grunn av terrenget, miljøet, og at det er så himla vakkert her. Dei to vakraste skiområda eg veit om er Treble Cone på New Zealand, og Stranda. Naturen ein finn her, finst ingen andre stader. Sjølv om eg har vore på Stranda mange gonger, opplever eg noko nytt kvar gong eg kjem. Det skandinaviske lyset er også noko eg liker godt. Eg har hatt stor glede av å formidle skandinavisk natur og skandinavisk lys til skiverda. I starten kom eg primært for skikøyringa og bileta, men etterkvart har eg også oppdaga at det finst mange gode historier å fortelje frå bygda og menneska som bur her, og då er det jo ekstra kult å kome tilbake. – Har Stranda endra seg sidan første besøk? Første gongen eg kom hit, var her ikkje mykje anna forutan skikøyringa i fjella. Eg hugsar vi leigde oss inn i ein sliten gammal kjellar. Det var
Kjærleik ved første knips
89
90
– UTSIKT FRÅ ROALDSHORNET MOT TUVEGGA, TINDESKARDVATNET OG DALMANNSHORNET PÅ ANDRE SIDA AV HEVSDALEN.
Kjærleik ved første knips
91
92
Kjærleik ved første knips
93
– AMERIKANSKE SVEN BRUNSO REISTE HEILE VEGEN FRÅ DURANGO I COLORADO FOR Å TESTE SKIKØYRINGA RUNDT STRANDA. HAN HAR RUNNE PÅ SKI OVER HEILE VERDA I 25 ÅR, OG ER EIN AV VERDENS MEST PUBLISERTE KØYRARAR. SVEN FEKK EIT VELDIG POSITIVT INNTRYKK AV SUNNMØRE. HER ER HAN PÅ VEG NED FRÅ MØNET UNDER EIN TOPPTUR, APRIL 2016.
94
– Lasse Nyhaugen frosen midt i ein Cork 720 mute grab med hjelp av eit par kraftige blitsar. Klokka var 05.46 då eg tok dette bildet den 18. april 2008.
ikkje mange andre gode alternativ. Men no merkar eg at det skjer ting i bygda, sjølv om ein framleis saknar ulike tilbod ein finn på andre skidestinasjonar. Til dømes er det framleis ikkje mange restaurantar å velje mellom. Ein form for møtestad i tillegg til hotellet kor skifolk kan møte kvarandre etter ein dag i bakken, hadde vore fint. Før var Stranda ein stad som skikøyrarar berre hadde høyrt snakk om, men no er det mange fleire som finn vegen hit for å renne på ski. Stranda har også fått guideverksemder, som «Uteguiden», som bidrar til å dra enda fleire besøkande til bygda. Ein vil jo ikkje at ein skistad skal bli overeksponert og få fleire besøkande enn kva han har plass til, men det er framleis ikkje noko problem på Stranda. – Har du eit favorittfjell på Sunnmøre? – Eg likar verkeleg Saksa, det er eit utruleg vakkert fjell både sommar og vinter. Det er ikkje for langt, og ein får ei fantastisk påskjøning i form av utsikt over fjorden og fjella. Og så får ein kjenne på den litt luftige kjensla heilt på toppen. – Kva er ditt beste minne frå besøka på Stranda og Sunnmøre? – Eg hugsar godt ein «Ski and Sail»-tur i Hjørundfjorden våren 2012, saman med Åsmund Thorsen, Knut Myking, skribenten Mårten Pettersson og fjellguiden Sara Widell frå Sverige. Vi var om bord på båten til Sven Stewart. Det hadde vore ein skikkeleg varm periode og vi var usikre på om det gjekk an å gjennomføre turen som planlagt. Men vi bestemte oss for å køyre på, og fekk nokre superherlege dagar. Høgdepunktet var turen til Skårasalen, og der kom vi ikkje eingong heilt til topps. Vi kom til eit parti med hardpakka og isete underlag og vurderte forholda som for risikofylte til å gå heilt opp. Men det gjorde ingenting då køyringa ned var superfin med god stemning. Kva skal ein seie? Fin skikøyring, bo på ein båt med gode vener og godt vêr.
Ja, alt stemte, rett og slett ei unik oppleving. Eg hugsar også ein tur til Strandafjellet i 2012. Vi såg at det skulle dumpe i påska, men valde å vente på grunn av alle påsketuristane. Etter påska køyrde vi frå Åre. Det vart ein superbra tur, 30 cm nysnø, og så å seie ingen andre på fjellet enn oss. Vi har prata om kor bra snøen var den gongen, det kunne ikkje blåst mykje då han fall frå himmelen. Vi hadde grymt godt skikøyring med perfekt snø. Det lønte seg verkeleg å ha is i magen og vente til påska var over.
Kjærleik ved første knips
95
– På midten av 2000-talet var Jon Larsson frå Duved i svenske Jämtland ein av dei argaste storfjellskøyrarane i Europa, og fekk sjansen til å filme med det amerikanske filmselskapet Matchstick productions. Denne linja frå ein stad i Sunnmørsalpane enda opp i en MSP-film på midten av 2000-talet.
96
– Den minnerike shooten pü Roaldshornet i midten av april 2008 med Field Productions. Dette bildet av Espen Linnerud blei det mest ikoniske bildet frü denne turen. Eg veit ikkje kor mange gongar eg har selt dette bildet til magasin, reklamar, og prints til kundar. Det er ein av mine personlege favorittar frü arkivet mitt.
Kjærleik ved første knips
97
utstyrs-
98
4front Hoji Den kanadiske skitrollmannen Eric Hjorleifson har pussa på storfjellskia si, og vi hadde gleda av å teste 2017-modellen av Hoji under store deler av vinteren i fjor. Skia har blitt herja med på ulike forhold på Strandafjellet, og lufta på toppturar rundt omkring fjorden. Skitestaren vår likte denne skia så godt at den vart «go to»-skia frå vi fekk kloa i ho til sesongen var over. Det er ei fartsstabil ski, og med full rocker flyt den godt i store laussnøsvingar i Blådalen samtidig som den carver fint i løypa om du liker å gjere slikt på veg ned til gondolen. Om ein vel å fortsette frå Blådalen ned gjennom bjørkeskogen, er skia leiken og lettsvinga nok til at ein kan jodle seg heile vegen ned til langrennsløypa. Eric har trimma skia slik at den har blitt lettare, faktisk 15% lettare enn tidlegare. 187cm-modellen veg 1970 gram, noko som kjem godt med når ein legg om til dobbeldans i langrennsløypa på veg tilbake til gondolen. Ei lettare ski er også kjekk på topptur. Med måla 130 - 122 - 121 er det ei ski som taklar det meste ein kan møte på topptur – den har ein svingradius på 30 m. Skia er overraskande lett å halde på kant under traverser på hardt føre vegen opp. Alt i alt er dette ei super toppturski for dei som har nedkøyringa som hovudprioritet, og ei kanon ski for dei som vil ha noko for heisbasert frikøyring.
test
utstyrstest
G3 FINDr94 Skia for køyraren som ønskjer ei ski for alt. Med 94 mm breidde under foten og rocker, flyt ho fint i laussnø. 3D-frest trekjerne med triaxiale karbonfibrar gjev ei fartsstabil ski som handterer krevjande føre. Innsving heilt fram gjer at ein kan angripe svingane betre og få rask respons på hard snø. Skia er vinnar av Fri Flyts skitest, og har fått pris på ISPO og av Backountry Magazine.
Dynafit Chugach Chugach-buksa er satt saman av to ulike material. På baken, lår og kne er det windstopper shoftshell, og resten av buksa er i vassavisande og lettvekts stretch-materiale som pustar eksepsjonelt godt. Med ei vekt på 552 g, tovegs glidelås i sidene, fleire lommer, snøgamasje, og andre smarte detaljer er ho perfekt for toppturen.
TLT 7 performance Toppturstøvelen for deg som ønskjer ein ekstremt lett, men samstundes stiv støvel. Støvelen er avstiva med Titantexfibre i Grilamidplasten og veg berre 999 g i str 27,5. Kort tå for optimalt rotasjonspunkt, og utstyrt med ein komfortabel tilpasningsbar innerkso. Utmerka eigenskaper oppover og nedover har ført til at TLT 7 performance har blitt heidra med ein «Skiers choiche»-pris i Powder Magazine.
99
100
I topptursekken TEKST: OSCAR ALMGREN / FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
Interessa for toppturar har vakse veldig dei siste åra og eg synast sjølv det er utruleg kult at det er så mykje folk som får auga opp for fjella i nærområdet vårt. For å få dei gode opplevingane i fjella er det viktig å vere godt utstyrt og førebudd. På Vestlandet skiftar vêret raskt og det er vanleg med vêromslag frå til dømes blå himmel og sol til white out.
• •
• Her er ei oversikt over kva eg vanlegvis har med meg i sekken på topptur om vinteren: • Primaloftjakke – Eg føretrekker jakke i primaloft ettersom primaloft toler vatn betre enn dun og varmar nesten like godt. • Ekstra hanskar – Minst eitt par ekstra hanskar er fint å ha med seg, det er fort gjort å miste ein hanske på fjellet. • Ekstra lue – Fint å ha ei lue ekstra. • Buff – Perfekt til beskyttelse mot vêr og vind. • Goggles – Om det blir skikkeleg snøstorm, er goggles det einaste som verkeleg beskyttar auga. • Vindsekk – Supert ved dårlig vêr eller ved eit uhell kor ein må sitte i ro og vente på hjelp. • Førstehjelp-kit – Her er det litt opp til deg sjølv kva du meiner du har bruk for å ha med på den aktuelle turen. • Reparasjons-kit – Her tek eg med det eg treng for å fikse øydelagt utstyr på tur. Mengda ting som eg tek med, er
•
•
• • •
avhengig av om det er ein dagstur eller ein tur over fleire dagar. Kart og Kompass – Dette er eit must for å navigere på tur. GPS – I white out er det veldig fint med GPS. Mange har GPS på telefonen men ver obs på at batteriet på telefonen er veldig mykje dårlegare enn på ein vanleg GPS. Satellittelefon – Mange dalar her på Sunnmøre er utanfor mobildekning. Om uhellet er ute, er dette einaste moglegheita for kommunikasjon. No til dags finst satellittelefonar i rimelege utgåver. Skredutstyr – Dette er ikkje plassen å spare pengar, kjøp skredutstyr med god kvalitet! Det er ikkje anbefalt å kjøpe brukt skredutstyr. Har ein f.eks. mista skredsøkjaren i bakken, kan antennene bli øydelagde. Skredsøkjar (på kroppen ikkje i sekken) – Om du har ein eldre analog skredsøkjar, er det eit must å skifte han ut til ein digital søkjar. Spade – Skal vere i metall og fortrinnsvis med teleskopskaft. Søkestong – Kjøp ei stong som minst er 240 cm lang. Om ein vel ei i karbon eller aluminium, speler mindre rolle. Skredsekk – Det er ei god investering, men langt i frå like god som eit kurs der ein lærer seg å ta rette vurderingar og val i skredterreng.
PS!
Har du sjekka våre prisar? Vi skaffar alt du treng til ditt byggep rosjekt og leverer heilt til døra om du vil!
ALT AV TRELAST OG BYGGEVARER Vi har også entreprenør- og byggmesterforretning i tillegg til byggevareutsalg. Spør oss når du har behov for byggevarer. Utkøyring også til Strandafjellet og Fjellsetra etter avtale.
Velkomen til oss!
Opningstider: Mandag-Fredag: 08.00-16.30 Laurdag: 09.30-13.00 Butikk: Ødegårdsvegen 125, 6200 Stranda Tlf: 70 26 20 60 - firmapost@ous-emdal-bygg.no
Norsk Sjømat Group Leverandør av sjømat
”Vi har tilgang på de ferskeste og mest pålitelige forsyningene av råvarer til produktene våre.” Norsk Sjømat AS
Norsk Sjømat AS Norsk Sjømat Oppdrett AS Svemorka 26, 6200 Stranda Tel. 70 26 88 80. Fax. 70 26 88 90 mail@norsksjomat.no www.norsksjomat.no
Storm Seafood Inc. 86 Pond Valley Road, Woodbury, CT 06798 Tel. 203-263-6933 (kontor) pgati@stormseafood.com www.stormseafood.com
Vital Seafood AS Kyrkjegata 57, 6200 Stranda Tel. 70 26 84 90 jh@vitalseafood.no
Foto: Simen Berg, Arild Juul©Norwegian Seafood Council, Sven Raben©Norwegian Seafood Council, Tom Haga©Norwegian Seafood Council.
TIBE
www.ous-emdal-bygg.no | Facebook: Byggfag Stranda - Ous & Emdal Bygg As
arrangementkalender Dette skjer på Stranda vinteren 2017.
102
November 18. nov. Kick off, Strandafjellet 19. nov. Remember When, Storfjord Kulturhus 26. nov. Kjetil Grodås, Lobbybar Stranda Hotel Desember 3. des. Mon Cheri, Stranda Hotel 9. des. Tore Trubadur, Lobbybar Stranda Hotel 10. des. Kor Løye – «Musikalsk time out», Storfjord Kulturhus, Tore Trubadur - Lobbybar Stranda Hotel 18. des. Julekonsert, Storfjord Kulturhus, Magne Fremmelid, Charlotte Fongen, Ørskog Brass 26. – 30. des. Barneskirenn på Furset kvar dag kl 12.30 26. des. Strandaquizn, Storfjord Kulturhus, Travelling Wildboys - Stranda Hotel 27. des. Kjetil Grodås, Lobbybar Stranda Hotel 28. des. Julejazz Sykkylven Storband, Tricia Bouttè, Kåre Nymark jr., Casinoaften - Stranda Hotel 30. des. Sesongens første Afterski på Stova - Frode Hagebakk drar i gang sesongen frå 19.00- 23.00 31. des. Nyttårsfeiring på Stranda Hotel. 3-retters middag, overnatting, fyrverkeri, open lobbybar, frukostbuffé. Pris 1.042,-/pers i dbl rom (kun middag 475,-) Januar 6. jan. Familietaco, fredag på Stova 19.00-21.00 6. – 8. jan. Toppturkurs Stranda med Uteguiden 6. – 7. jan. Skredkurs Stranda med Uteguiden 7. jan. Kameratredningskurs med Uteguiden 7. jan. Afterski på Stova med Tore Trubadur 16.00-20.00 13. jan. Fjellquiz på Stova kl 19.00-22.00 13. – 14. jan. Skredkurs Stranda med Uteguiden 14. jan. Afterski på Stova kl 16.00-20.00 14. jan. Brevduene – Teateret Vårt – Storfjord Kulturhus 20. jan. Stova Fjellpub til 21.00 20. – 23. jan. Toppturkurs Stranda med Uteguiden 21. jan. Afterski på Stova med Frode Hagebakk 16.00-20.00 27. jan. Familietaco, fredag på Stova 19.00-21.00 28. jan. Afterski på Stova 16.00-20.00
Februar 3. feb. Fjellquiz på Stova 19.00-22.00 4. feb. Afterski på Stova 16.00-20.00 10. feb. Stova Fjellpub til 21.00 10. – 12. feb. Toppturhelg på Stranda med Uteguiden 12. feb. Morsdagbuffé Stranda Hotel - Pris 345,-/per (barn opp til 12 år 150 kr) 11. feb. Afterski på Stova med Luffen Valle 16.00-20.00 15.-19.feb. Uteguiden Toppturcamp med Kaj Zackrisson og Sverre Liliequist 17.-19. feb. Stranda Alpint – KM Super G og Kombi og Slalåm 17. feb. Familietaco på Stova 19.00-21.00 17. – 19. feb. Frikøyringkurs på Stranda med Uteguiden 18. feb. Afterski på Stova med DJ Phongsak 16.00-20.00 18. feb. Valentines-middag på Stranda Hotel – Jan Terje Sager i Lobbybaren 18. – 24. feb. BARNESKIRENN på Furset kvar dag kl 12.30 23. feb. Strandafjellet Ølfestival på Stova - Trollbryggeriet, Tonga Gaardsbryggeri, Geiranger Bryggeri, Grim & Gryt Økobryggeri, Kinn Bryggeri, Austmann, To Tårn, Skifjorden Bryggeri. Pris 345,-/pers KL 20.00-23.00 24. feb. Alperittet - Chinese Downhill premieutdeling på Stova og Fjellpub til kl 21.00 24. – 26. feb. Toppturhelg Stranda med Uteguiden 25. feb. Alpefrukost på Stova fra kl 09.30-11.30 25. feb. ALPERITTET 2017 – NM i Fjelltelemark - Afterski på Stova 16.00-20.00 25. feb. STRANDA HOTEL: kl. 12.00 – Ølteltet opnar! Frode Hagebakk spelar frå kl 14.00. Kystfolket spelar i restauranten på kvelden og Maple & Rye spelar i ølteltet. Mars 3. – 5. mar. Toppturkurs Stranda med Uteguiden 3. mar. Fjellquiz på Stova 19.00-22.00 4. mar. Afterski på Stova med Tore Trubadur 16.00-20.00 10. – 12. mar. Frikøyringkurs på Stranda med Uteguiden 10. mar. Stova Fjellpub til 21.00 11. mar. Stova 80-tals Afterski 16.00-20.00 13. – 18. mar. Toppturveke på Stranda med Uteguiden
16. – 25. mar. The Arctic Challenge 17. – 19. mar. Toppturhelg Stranda med Uteguiden 17. mar. Knut Anders Sørum Band – Storfjord Kulturhus 17. mar. Familietaco på Stova 19.00-21.00 18 mar. Tøffe Trugetauser opp til Fursetpaviljongen inkl middag pris 485,-/pers 18. mar. Afterski på Stova 16.00-20.00 20. – 24. mar. Toppturkurs på Stranda med Uteguiden 24. – 25. mar. Skredkurs på Stranda 24. – 25. mar. Masters of the Strong lift – Paragliding 24. mar. Fjellpub på Stova til 21.00 25. mar. Afterski på Stova 16.00-20.00 31. mar. – 2. apr. Stranda Alpint NM Alpint Masters 31. mar. Premieutdeling på Fjord Panorama Restaurant – Stova Fjellpub til kl 21.00 April 1. apr. KLYPA: Kjellen – Med prostata mot stjernene – Storfjord Kulturhus 1. apr. Premieutdeling på Stova og afterski med DJ Luis Molinari 16.00-20.00 7. – 9. apr. Toppturhelg på Stranda med Uteguiden 7. apr. Familietaco på Stova 19.00-21.00 8. – 16. apr. BARNESKIRENN på Furset kvar dag kl 12.30 Ansiktsmåling ved gapahuken kvar dag i påskeferien. 8. – 9. apr. Stranda Alpint – Landsrenn SSL og PSL 8. apr. Stiga Snowracer-konkurranse på Furset 8. apr. Snøbaren opnar på Fjord Panorama Restaurant – her serverer vi heilgrilla kje ute! 8. apr. Tyroler-Afterski på Stova 16.00-20.00 8. apr. Påskecabarèten «Skinke til besvær» Storfjord Kulturhus 11. apr. Familie-Afterski på stova med barnedisco 16.00-20.00 10. apr. Påskequiz på Stova 16.00-22.00 12. -16. apr. Toppturhelg på Stranda med Uteguiden 12.apr. Strandaquiz`n, Storfjord Kulturhus 13. apr. Skjærtorsdag – Skiandakt på Roalden kl 11.00 Luffen Valle spelar ute ved snøbaren på Fjord Panorama Restaurant 13.00-16.00. Afterski på Stova med DJ Luis Molinari 16.00-20.00 14. apr. DJ Luis Molinari spelar ved snøbaren på Fjord Panorama Restaurant – vi serverer heilgrilla kje ute! 14. apr. Afterski på Stova med JC-Duo. JC-Band spelar på Stranda Hotel 15. apr. Snøbaren open og vi grillar kje ute ved Fjord Panorama Restaurant 15. apr. Påskeeggjakt på Furset kl 12.00-14.00 15. apr. Afterski på Stova med JC-Duo. JC-Band spiller på Stranda Hotel 16. apr. Afterski på Stova 16.00-20.00 20. – 23. apr. Toppturhelg på Patchellhytta med Uteguiden 21. – 23. apr. Toppturhelg på Stranda med Uteguiden 21. apr. Fjellpub på Stova til 21.00 22. apr. ROALDEN OPP – eit motbakke-skiløp 22. apr. Sesongavslutning - I want it All – A Tribut to Queenpå stor scene frå kl 15.00 og grilling ute. Ekstra: Opningstider Strandafjellet: 10-16 (helgeopent fram til jul, kvar dag etter det) Kveldskøyring: tirsdag, torsdag og fredag 18.00-21.00 Opningstider Stova 10-17 alle dagar, ved kveldskøyring ope til 21, Fursetpaviljongen torsdag til søndag 10-16:00, Fjord Panorama Restaurant onsdag til søndag 10.00-16.00 Preppa Langrennspor Völkl Skidemo gjennom vinteren – Strandafjellet er testsenter for Völkl Stranda Il Langrenn: StrandaCup 30.01, 13.02, 16.02, 27.02, 13.03, 27.03 Strandafjellet.no for komplett program og facebook/strandafjellet for oppdateringar. For toppturar og skredkurs sjekk uteguiden.com/kalender/ Storfjord Kulturhus: www.storkultur.no
103
Gi nokon det lille ekstra? Handlaga konfekt fra hjartet av Noreg.
Geiranger Sjokolade, Holenaustet, 6216 Geiranger Telefon +47 967 25 205 bengt@geirangersjokolade.no www.facebook.com/ GeirangerSjokolade
www.geirangersjokolade.no
A R T arkitekter og ingeniører AS Vi er en lokal aktør som kan hjelpe deg med følgende ledd i et byggeprosjekt: -
MODERNE FAMILIEHYTTER SENTRALT PÅ STRANDAFJELLET • Kjempeflott sommer og vinterterreng • Ski inn/ut, ca.150m fra skiheisene • Direkte tilgang til preparerte turløyper • Moglegheit for gode leigeinntekter
• Lett tilkøyring og eigen g garasjeplass • Ca. 58 m2 • Høg standard • Pris fra 2.250.000
prosjektering av hus og hytter Interiørplanlegging Byggesøknad Byggeledelse
Besøk oss i Fjordgården på Stranda eller Daaeskogen Næringsbygg på Moa. For mer informasjon, besøk vår nettside:
a - r- t . n o
www.strandafjellgrend.no - 932 17 451
LAYOUT: RAW REKLAME OG FOTO | PHOTO: AMERICAN CREW
Illustr.: Rikke Wennevold/ART
RINGSTADVEGEN 67 | 6200 STRANDA | 70 26 00 44
OPPGI KODE ”PÅ STRANDA” OG FÅ 15 % RABATT PÅ HEILE SORTIMENTET FRÅ AMERICAN CREW I VÅR BUTIKK. FØLG OSS GJERNE PÅ FACEBOOK
LEKRE UTLEIEHYTTER OG LEILIGHETER I SUNNMØRSALPANE Nye og
moderne hytter på Fjellsetra og Strandafjellet
BO RIMELIG, OPPLEV MYE!
BOOK DITT OPPHOLD PÅ
PRISER FRA
590,for 4-manns hytte
Over 300 senger i hytter på Strandafjellet og Stranda Feriesenter
© RAW REKLAME OG FOTO
©RAW REKLAME OG FOTO
Telefon 922 44 086 / 928 21 726 post@alpehytter.no. www.alpehytter.no
VELVÆRE FOR
hud, kropp og sjel Fintfølende fingre er en hudpleiesalong som tilbyr velværebehandling innen ansikt og kropp, hårfjerning, massasje, manikyr, pedikyr og salg av profesjonelle hudpleie- og sminkeprodukter. Hos oss får du full kroppsbehandling – fra topp til tå! Unn deg selv en avslappende behandling, eller gi bort en behandling som gave til en du setter ekstra stor pris på. Velkommen til oss!
NYHET: STØRRE OG BEDRE
+47 451 64 000
strandabooking.no | strandaferiesenter.no e-post: booking@strandabooking.no
#strandaferiesenter #strandabooking
LOKALER!
RINGSTADVEGEN 67 6200 STRANDA
TIMEBESTILLING: 998 96 401
Layout: Raw Reklame og Foto
I vinterhalvåret dyrkar vi fram innekosen her i butikken. Vi set fram dei beste lysa, både dei med og utan deilige dufter. Vi har store og flotte saueskinn, mjuke puter til sofakroken og te som passar perfekt for ein kveld i godkroken med ei bok. Vi har fristande smakar i hyllene både i form av drops, kvalitetssjokolade, saft og sylte. Eit utval av ferdige bukettar og dekorasjonar står alltid klar til sal laga av våre dyktige dekoratørar. Grøne plantar og kvistar pyntar fint opp i heimen eller på hytta saman med ei ny urne eller vase. Det er alltid kjekt med noko nytt!
“PÅ-STRANDA-TILBOD”
15% PÅ DUFTLYS
Kyrkjegata 5 6200 Stranda
70 26 13 29
Facebook/Stranda Blomster
www.strandablomster.no strandablomsteras@mimer.no
Instagram/strandablomster
n
ne
Ta
ed
m
n de
til
en ikk
t yt en
b
å
t
bu
% 5 1 ge
* gjeld fram til 1/5-17
Stranda Blomster og interiør
S
tP
n po
ku
E
PÅ
L L A
n
te at ab
er
g
de
r vå av
TT A B A R YS L T F 17 U D til 1/5g di
am
fr
l
gy
R
MØBELINNREDNING Nyhet! Flexiseksjoner i sort, preget utførelse.
Tegn selv – og bestill din unike garderobeløsning www.langlo.no Norsk kvalitetsgarderobe skreddersydd etter dine oppbevaringsbehov og tilgjengelige plass!
Nyt den gode følelsen av å ha alt på plass, pent og ryddig!
SKREDDERSØM Produsert på millimeter, fra gulv til tak, og fra vegg til vegg.
d!
bo
til
STRANDA
-ein perfekt base for turar og naturopplevingar i områda rundt Geiranger og Sunnmørsalpane Vi tek deg med på fjelløping, kajakkpadling, stisykling, klatring og på fjellturar, som til dømes vakre Slogen
Kontakt oss for overnatting på hotell, leilighet eller hytter.
her finn du meir informasjon om oss: Strandafjellet: strandafjellet.no Instagram: strandafjellet / facebook: Strandafjellet Uteguiden: uteguiden.com Instagram: uteguiden / facebook: Uteguiden
layout raw reklame og foto photocredit raw reklame og foto / oscar almgren / mattias fredriksson
Ta sommarferien på
@PASTRANDA Instagram
WWW.PASTRANDA.NO Les og del magasinet digitalt
/PASTRANDA facebook.com