Foto: Rocky Strong
Utgåve 2 / Sommar 2015
EIT GRATISMAGASIN OM VERDAS VAKRASTE TUROMRÅDE
HALD PUSTEN
HØGARE ENN HIMMELEN
GOMSDALEN
Ane Dahl Torp kjempar mot Bølgen
Slogen – dronninga av Sunnmørsalpane
Geirangers skjulte perle
FOTO: MARTIN KRISTOFFERSEN / SYKLIST: HÅVARD FALNES KRISTOFFERSEN
vandring på roalden Gamle, unge, toppturentusiastar, fjellvandrarar- eller berre livsnytarar finn eit stort utval fjellturar i området på og rundt Strandafjellet. Med utsikt over den mektige Storfjorden, Sunnmørsalpane og fjordbygda Stranda som motiv er det fleire ruter å velge mellom.
4
A: Krevjande: Svartevatnet- Langevatnet- Kleivdalsfjellet- Roaldshorn: Turen startar ved kommunegrensa Stranda – Sykkylven på Strandafjellet. Parkeringsplassen ligg ved Svartevatnet. Gå over til motsatt side av hovudvegen. Der vil du finne ein godt merka sti opp til Langevatnet. Tidsbruk ca 45 minutt. Frå Langevatnet kan du gå videre til Roaldshorn. Denne turen tek 1-2 timar fra vatnet, og går i variert terreng over Kleivdalsfjellet og opp til Roldshorn. Herifrå kan du fortsette eit par hundre meter ned til Paviljongen Roalden, og om du vil gå videre til Meraftashornet eller Skuravatnet. Du kan også gå videre heilt ned til Stranda sentrum. B: Lett: Hevsdalen- Langlofonna: Ein flott opparbeid grusveg langs elva i flatt terreng. Stien startar ved botnstasjonen ved gondolen og går i retning Sykkylven. På vegen passerer du fleire flotte nye og gamle hytter. C: Lett: Hevsdalen- Ringstadsætra: Startar ved gondolen og går i retning Stranda sentrum. Dette er ei rundløype i nydelig, solrikt småskogsterreng med fin utsikt mot Roaldshorn og omegn. Når du kjem til Ringstadsætra kan du gå videre i enden, og har flott utsikt utover Storfjorden og Stranda frå Skarehaugen. Sjå neste tur. D: Lett: Hevsdalen- Ringstadsetra- Skarehaugen: Dette er ein forlengelse av Turen Hevsdalen-Ringstadsætra. Når du kjem fram til veg-
skillet ved Ringstadsætra, fortset du fram mot Skarehaugen der du kan nyte ei panorama utsikt utover Stranda og Storfjorden. E: Moderat: Hevsdalen- Ringstadsetra- Meraftashornet: Meraftashornet ligg mellom Ringstadsætra og Roaldshorn på Strandafjellet. Den lettaste ruta er å gå frå Hevsdalen, via Ringstadsætra, og opp til Merafta. Skiltet står ved dei siste hyttene øverst i det eldste hyttefeltet.(Ta til høgre når du kjem til Ringstadsætra). Det er ganske bratt veg opp. Denne stien er godt merka og mykje brukt av hyttefolket. Meraftashornet er eit flott utsiktspunkt over Stranda sentrum, Strandadalen mot Hellesylt og Storfjorden. F: Krevjande: Hevsdalen- Ringstadsætra- Meraftashornet- Storgjerdet: Frå Meraftashornet kan du gå ei merka rute ned mot det øverste byggefeltet Storgjerdet. Her går stien gjennom skogsterreng, og den første delen er forholdsvis bratt. G: Krevjande: Hevsdalen- Ringstadsætra- Meraftashornet- Roaldshornet: Det går også ein merka sti frå Meraftashornet og opp til Roaldshorn som ligg 1230 moh, med ei heilt fantastisk utsikt over fjell og fjord. H: Lett: Hevsdalen- Fursetreset: En fin og idyllisk tur på grusveg blant hyttebebygginga. I: Lett: Hevsdalen- Fursetreset- Hevsdalen (Rundtur): Enkel rundløype som går langs elva i Hevsdalen.
Du går over FV 60, og tek turen tilbake igjen ved Ringstadsætra. J: Krevjande: Hevsdalen- Roaldshornet: Vegen som går fra botnstasjonen av Gondolen på Strandafjellet er ypperleg for motbakketrening. Vegen som går fra 430 m.o.h og heilt opp til toppstasjonen på 1062 m.o.h er gruslagt, og går langs Gondolen oppover. Med ein høgdeforskjell på heile 618 meter vil nok dei fleste få opp pulsen her. Frå toppstasjonen på Gondolen kan du ta deg videre opp til toppen av Roaldshorn på 1230 m.o.h. K: Krevjande: Roaldshornet- TrollvardeggaSkuravatnet- Skurahornet: Trollvardegga ligg på ruta mellom Skuravatnet og Roaldshorn. Start ved Roaldshorn og gå langs ryggen ned mot Trollvardegga. Følger du fjellryggen videre nedover kjem du til Skuravatnet. Fortset du frå Skuravatnet i lett stigande terreng går det ein merka sti mot Skurahornet. Her får du betalt med ei nydeleg utsikt over Stranda, Storfjorden og ut mot Dyrkorn. L: Krevjande: Roaldshornet- TrollvardeggaSkuravatnet- Langlo: Løypa går på ein godt synleg, skilta sti. Deretter går løypa inn i skogen, før den ender nede ved byggefeltet Langlo. Turen frå Skuravatnet til Langlo tek ca en time. M: Moderat: Hevsdalen- Gamleveien- Storgjerdet: Turen går på ein gamal traktorveg frå Ringstadsætra og ned til bustadfelta i Storgjerdet.
SOMMEROPEN GONDOL
vandring på roalden
SKANDINAVIAS HØGASTE GONDOLTUR 430-1067 MOH
5
Med utsikt over den mektige Storfjorden og Sunnmørsalpane har gondolen på Strandafjellet blitt ein av Fjord Norges vakraste sommarattraksjonar. Omgjevnadane er perfekte for både vandring og toppturar, så vel som stisykling og frikøyring på sykkel. Eller du kan velge å berre nyte det mektige fjordlandskapet og få servert deilig mat med lokale råvarer på Paviljongen Roalden (1042 moh).
OPNINGSTIDER: 4. juli til 2. august: Kvar dag frå 1200-1700 3. august til 11. oktober: Kvar laurdag og søndag frå 1200-1700 Sjå strandafjellet.no for nærare detaljar og info
Frå Roaldshorn, 1230 moh
Deilig mat i storslått natur
Paviljongen Roalden, 1042 moh
Gondolen tek deg til topps
6
Leiar REDAKTØR MARTIN KRISTOFFERSEN
Eg kjem køyrande tilbake til Stranda frå Norddal og passerer utsynspunktet ved Liabygda kor eg speidar over fjorden. Har det blitt mindre snø på Liavarden no? Jo nærare vi kjem juni, jo meir utålmodig og rastlaus blir eg på at snøen skal smelte. At den skal trekke seg lengre opp enn Hånkebrekka. For under snøen på Liavarden ligg det ein sti, ein sti eg har blitt veldig glad i. Eg trur det er ein av favorittstiane mine. Og snart er dagen her, då eg endeleg kan ta på meg løpeskoa, gå gjennom grinda ved parkeringsplassen på Liene, og la beina begynne å småtrippe over røtene, opp det første litt bratte partiet på stien. Eg lar den leie meg vidare over pukkelryggane mot toppen, gjennom open bjørkeskog der trea står plassert i perfekt avstand til kvarandre, slik at lyset blir heilt magisk når det skin gjennom skogen på varme sommarkveldar. Ut av bjørkeskogen fortsett stien over tregrensa, heile vegen opp til den vesle toppen på 799 høgdemeter. Det finst mange høgare toppar rundt omkring. Men stien opp Liavarden er ein fornøyelse å springe på, og då er det heilt greitt at toppen ikkje er høgare enn den er. Den er akkurat passe for ein morgoneller kveldstur.
Denne sommarutgåva av PS handlar i stor grad om stiar. Stiar er ein fin ting. Dei er fine å ta seg fram på, gjer det enklare å ferdast i terrenget og leier oss til nye plassar gjennom gamle minne. Stiane seier oss noko om dei som budde og gjekk langsmed fjorden før oss. Når dei ikkje segla på fjorden vel og merke. Deira levesett, kvar dei gjekk, og kvifor dei gjekk akkurat der dei gjekk. Men ikkje berre det, stiane fortel oss også noko om oss sjølve. Kvifor vel vi å ta oss fram på akkurat dei stiane vi gjer? Ein kan gjere så mangt på ein sti. Ein kan vandre, springe, og sykle. Utsikta og opplevinga desse stiane rundt Stranda innbyr til, er orsaka til at eg tenkjer det er greitt at snøen forsvinn når vi nærmar oss juni. For når skia går inn i boda, kjem stisykkelen og fjelløpeskoa fram. Opplevinga av fjellet blir ny. Eg gler meg som ein unge til å springe på stien opp Liavarden igjen. Men i sommar skal eg også finne meg nye stiar. Faktisk har eg dagdrøymt om ein i heile vinter, og no er endeleg sommaren her. Uansett om du føretrekk å vandre, springe eller sykle, håpar eg også du finn din drøymesti i sommar. God sommar!
redaksjon
MARTIN
OLE KRISTIAN
DAVID
ANDRÉ
KRISTOFFERSEN
ÅRDAL
SVILAND
SKJEGGESTAD
REDAKTØR
TEKSTREDAKTØR
TEKSTBEHANDLAR
ART DIRECTOR
7
BIDRAGSYTARAR petter Hjørungdal Samfunnsengasjert fjellmann frå Stranda og leiar av foreininga Ljøbrekkas vener. I denne utgåva gir han oss historia om den mest populære fotturen i Stranda kommune. Håvard Myklebust Fotograf og fjellmann frå Bjørke. Vi har vore så heldige og fått tekst og bilete om Molladalen frå Håvard til denne utgåva av PS. Yngvild Åm Sognnes Illustratør buande i Bergen. Har nylig gjenoppdaga gleda ved klatring, men sei heller ikkje nei til ein topptur eller to. renate Thor Illustratør frå Trondheim, buande i Oslo. Tar mastergrad i illustrasjon ved Kunsthøgskolen i Oslo. Ellen Beate Wollen Strandas eigen matskribent. I tillegg til å skrive matbøker produserer ho og mannen vin på eigen vingard i Spania. Når ho ikkje tråkkar vindruer i sola, jobbar ho som marknadssjef på Strandafjellet skisenter. Blådalsbjønnen Bjørn, busett i Blådalen. Ingen har nokon gong sett han, men fleire leste bjørnehistoria hans i vinter. I sommarutgåva delar han ei historie om då han observerte ein ung fjellfant med isøks mylljå Smørskredtindå.
rikke Wennevold Triveleg dame som til dagleg jobbar som arkitekt. Som juniorlangrennsløpar var Rikke i Noregstoppen. No held ho formen ved like med lange sykkelturar langs fjorden, medan ho planlegg nye fine hus og bygningar. Eldrid Sognnes Kristoffersen Smilande sogning som til dagleg jobbar på Stranda Blomster. Når ho ikkje lagar vakre ting på Blomster’n, drikk ho god kaffi og spring rundt i fjellet med ein kvast av blåbærlyng i handa. Hamish Melville London-basert motefotograf og Stranda-ven frå New Zealand. ross Bodenmann Illustratør, kunstnar og fotograf. Bur på Vancouver Island i Canada. rocky Strong Trondheim-basert fotograf, seglar og ingeniør innan petroliumsindustrien, frå New Foundland. Takk til: Erik Strand, Sigurd Drege, Tore Vassbotn, Martin Sundland, Martine Borring, Dan Lystad, Lars Jenssen
innhald INSTAGRAM- KONKURRANSE
8
COVERBILETE Foto: Rocky Strong Syklist: Jean-Christophe Barbier BAKSIDEBILETE Foto: Martin Kristoffersen
PAPIR Omslag: Edixion Offset 250g m2 Innhald: Amber Graphic 120g m2 TRYKK 07 Gruppen AS
8
WALTHER
10
STILØPING
14
LIAVARDEN
16
BLÅHORNA
20
SKURAHORNET
22
GOMSDALEN
24
SYKKEL
30
HEISBASERT STISYKLING
32
STISYKLING PÅ LIAHORNET
36
MEFJELLET PÅ SYKKEL
40
VALLDAL SUMMER GAMES
44
MOLLADALEN
46
HØGARE ENN HIMMELEN
52
ISØKSDEBUT MYLLJÅ SMØRSKREDTINDÅ
58
ORDLISTE
63
LJØBREKKA
64
HALD PUSTEN
68
MATATUR PÅ SKAFFAREN
70
KJETACO
72
SOMMAR
74
KVA SKJER I SOMMAR?
78
NY KOKK
79
STRANDA FJORD TRAIL RACE
80
ALPERITTET PÅ SYKKEL
80
SKOTEST
81
INFORMASJON
84
Indre Storfjord
Indre Storfjord Skurahornet Liahornet Liabygda
Stranda
Valldal
Roalden
gen alen o l g S ollad n i tn gM <Re tnin Liavarden e <R
Eidsdal
9
Norddal
Heimste Blåhorn
Tafjord
Fremste Blåhorn
Ljøbrekka
Mefjellet
Gomsdalen
Geiranger Hellesylt ÅTVARING: DETTE KARTET ER IKKJE NØYAKTIG PÅ MILLIMETEREN. OM DU GÅR DEG VILL I FJELLET, RING BLÅDALSBJØNNEN
10
instagramkonkurranse #pastranda Vinn eit sesongkort for vintersesongen 2016 i Noregs beste skianlegg for frikøyring, Strandafjellet Skisenter. #pastranda på Instagram for å vere med i konkurransen. (Konkurransen avsluttast 31.10.15.) Redaksjonen i PS kårar eit vinnarbilete. @pastranda
instagram- konkurranse
11
Legg Strandaskinke på bakepapir på et stekebrett, dekk over med nytt papir og legg gjerne på to spiseskjeer for å holde bakepapiret på plass. Stek i ovnen på 200 ° C i ca. 10 minutter til de er knasende sprø. Melon og Strandaskinke passer veldig godt sammen, men her står du fritt til å bruke de grønnsakene du liker best. Kutt de opp i strimler så de er passe å dippe! Bland kesam, finhakket hvitløk og pepperrot i en liten bolle. Smak til med lime og pepper. Server alt på et stort fat som snacks. Flere oppskrifter finner du på stranda.no og facebook.com/stranda
walther TEKST OG FOTO: MARTIN KRISTOFFERSEN
12
walther
På vinteren jobbar Walther som ekstravakt i helgane på Strandafjellet. Det er nesten umogleg å ikkje bli smitta av det gode humøret hans når eg hoppar på heisen, sjølv på regnvêrsdagar med vind frå sydvest. På sommaren emigrerer Walther ned frå Fjellet for å bruke tid på sin store lidenskap. Fisking. Eg treff Walther Svorkås Eide utanfor Stranda Hotel. Det er femtitre dagar før fiskesesongen startar i Strandaelva. Pga. nye reglar for fiske i mange av dei større og meir kjende lakseelvane, har Strandaelva fått fleire og fleire besøkande. Walther har fiska i elva i mange år og gler seg til ny fiskesesong. – Første gongen eg såg nokon fiske med fluge var i Tafjorden. Eg var med familien inn til eit fritidshus som arbeidsplassen til far min disponerte. Då eg såg arbeidskollegaen til far min stå og kaste i elva – lina som skein og fluga som dansa gjennom lufta i kveldsljoset – då bestemte eg meg for at dette måtte eg òg prøve. Eg kjøpte meg ei flugestang for konfirmasjonspengane mine i 1989. Det første året veksla eg på å bruke slukstang, makkstang, og flugestang, men etterkvart vart eg kjær i flugefiske. Walther fortel om fisking på ein slik måte at eg mest får lyst til å finne fram stanga og springe ned til elva med ein gong. – Den første laksen tok eg i laksehola på Ous-sida oppi elva. Det var nok litt tilfeldig, nybyrjar og alt som eg var; eg ville ikkje ha fiska på same plassane i dag. Men eg fekk ein laks på 1,7kg. Eg kjem aldri til å gløyme det augeblikket. Korleis er det å fiske i Strandaelva? – Det er ei fin elv å fiske i. Det blir ikkje like mykje kasting som i dei større lakseelvene. Det er først og fremst lengst nede i sone ein at det finst moglegheiter for å kaste. Lengre opp i elva er det mange fine hølar som laksen står i, men her er det meir å lirke fluga uti elva. Det er om lag ei god mil med moglegheiter for å fiske opp elva. Kva betyr fisking for deg? – Eg skal ikkje overdrive, men det betyr veldig mykje. Om det skulle gå ein sommar utan at eg kjem meg ut i elva, då er det krise. Det er noko spesielt med å kome seg ned i elva. For min del har fisking tre fasar: avslappinga med å vere i elva, den tekniske biten med kastinga og spenninga og adrenalinet når fisken bit. Ja, fisking betyr nesten alt. Det betyr faktisk meir enn kva Amcar-interessa mi gjer. Dette er sterke ord frå presidenten i Storfjorden Amcar-klubb. Walther kjøpte sin første Amcar då han var atten år gammal. Tida gjekk med til pussing og lakking, men han hadde ingen plass å sette bilen. – Etterkvart blei eg nøydd til å dumpe den. Interessa for amerikanske bilar behaldt eg, men eg kjøpte ikkje min neste bil før i 2008, importert frå USA. Etter den tid har eg skaffa meg ein til, så no har eg to. Sjølv med interesse for amerikanske bilar, har Walther framleis ikkje testa fiskelykka i USA. Det har han gjort i Russland. I 1999 var han og ein kompis i veg og rafta ned ei elv på Kamtsjatkahalvøya. I sju dagar rafta dei og stoppa og fiska undervegs. – Det var ei mektig og fin oppleving. Vi såg bjørn og fekk mykje fisk. Der var fleire sortar laks. Her heime har vi berre ein. Men sjølv om det var ei fin oppleving å fiske i Russland, slår det ikkje kjensla eg får når eg drar i land ein sølvgrå laks i Strandaelva.
13
FOTO & REKLAME for privat- og bedriftsmarkn aden
identitet og merkevarebygging • fotografering • webproduksjon
Raw Reklame og Foto er eit fullservice reklamebyrå lokalisert på Stranda (gamle Ekornesfabrikken). Her tilbyr vi våre tenester frå den spede idé til ferdig produkt, som inneber alt frå planlegging, layout/ design, fotografering av og for bedrifta, produktutval og portrettering av tilsette. Publisering skjer både via digtale plattformer som nettsider og nyheitsbrev, og i trykksaker som flyers, katalogar, magasin, annonser, plakatar eller folie- og bannerreklame. For private fotograferer vi smårollingen, søskenflokken, familien, konfirmanten og brudeparet.
TELEFON:
46764038 ELLER E-POST: rita@rawreklame.no
NYHEIT!
A LT D U T R E N G T I L D I T T
Selskap Y Om du planlegg konfirmasjon, barnedåp, bryllaup, bursdag eller anna festtilstelning, kan vi hjelpe deg med gode råd og idéar. Vi syr saman kundetilpassa pakkar for deg der alle dine ønsker vert ivaretekne. Vi tilbyr alt frå enkle løysinger med basisprodukt til større prosjekt der vi ordnar alt! Vi fraktar blomer og pynt, dekorerer kyrkjer og selskapslokaler på forespurnad og leiger ut vasar, krukker, urner og lysestakar. Kom gjerne innom vår butikk eller kontakt oss på telefon: 70261329 eller nettsida: strandablomster.no Facebook/Stranda Blomster
STRANDA BLOMSTER OG INTERIØR AS Kirkegata 5, 6200 Stranda
w w w. raw re k l a m e. n o
Frå våren 2015 tilbyr vi websideproduksjon i samarbeid med Fantastiske Osberget.
NYSK APER FOR OPPDRE T T SNÆRINGEN
SEASIDE LEVERER LØSNINGER FOR:
› Bedøving og bløgging
› Innfrysning og frysepakking
› Sløying og håndtering
› Tank, transport og
av biprodukt › Sluse og hygieneprodukter
SeaSide AS, 6200 Stranda
bufferløsninger › Rørarbeid
www.stansas.no
Stiløping TEKST: MARTIN KRISTOFFERSEN / ILLUSTRASJON: YNGVILD ÅM SONGNNES
«For å springe treng ein berre løpesko og knapt nok det. Det er faktisk mogleg å springe utan sko.»
16
Det seies at det enkle er ofte det beste. Få aktivitetar er enklare enn å springe. På vinteren treng ein uhorveleg mykje utstyr for skikøyring, alpint så vel som topptur. På sommaren treng ein både sele, tau, kiler og meir til for klatring. For sykling: reserveslangar, sykkelpumpe og hjelm. For padling treng ein sjølvsagt kajakk, åre, spruttrekk og redningsvest. Ja, mange aktivitetar har så lange utstyrslister at det vert ein aktivitet i seg sjølv berre å gjere seg klar for turen. Men for å springe treng ein berre løpesko og knapt nok det. Det er faktisk mogleg å springe utan sko. vi har blitt lurt Sjølve bevegelsen er enkel. Ein fot framfor den andre, litt raskare for kvar gong, inntil ein oppnår passande frekvens og lengde i bevegelsen. Som barn var vi verdsmeistarar i dette. Vi sprang når vi skulle gjere noko, eller ta oss frå ein stad til ein annan. Ein treng ikkje å gå lengre enn til næraste leikeplass for å sjå dette. Barn går ikkje, dei spring. Dei spring med mindre ein vaksen fortel dei at no må du oppføre deg og gå fint. Dei smilar og ler mens dei spring. Kor mange vaksne smilar og ler når dei går fort langs vegen, frå den eine butikken til den andre med ei fullstappa handleveske, eller når dei spring inne på ei tredemølle? Kvifor har løping blitt til noko alvorleg, noko ein må gjere for å kome i form, for å ta av eit par kilo? Eller for å forbetre si eiga tid på 10 km. eller slå naboen si tid på 10 km.? Mange av oss har blitt lurt. Vi har blitt lurt til å tru at dette er det løping handlar om: å kome i form og slå nye rekordar. Men løping handlar om glede. Gleda vi ser hos barna når dei spring. Løping handlar om kjensla ein får når ein beveger seg fritt, akkurat så raskt eller langsamt som ein vil, glede.
Kjenne på stilla Få andre plassar egnar seg betre for løping enn ein fin sti. Stiløping handlar om å finne tilbake til gleda over å bevege seg, den dei fleste av oss kjenner att frå vi var barn. Stiløping handlar om å vere ute og ta seg tid til å nyte stien og naturen. Det handlar ikkje nødvendigvis om å springe raskast mogleg opp eit fjell. Det handlar om å stoppe opp og høyre på fuglekvitter, sjå korleis vinden bles i trea, eller korleis regnvatnet blir til ei lita elv som følgjer stien. Kjenne på stilla og nyte freden på ein fjelltopp over fjorden. Gleda over at føtene dansar seg ned frå Liavarden, eller eit anna fjell. rett utanfor døra Dette kan bli sommaren ein finn tilbake til gleda over å springe. Vi har mange fantastiske stiar å springe på langsmed fjorden vår. Dei fleste strandarar kjenner allereie godt til stiane vi deler i denne utgåva av PS. Men for mange besøkande er desse stiane skattar som har vore skjult, gøymd bak stiar på meir kjende og større fjell. Liavarden og Skurahornet er ikkje dei høgste, Slingsby og Patchell steig aldri opp desse fjella. Dei gir kanskje ikkje like mange likes på Facebook og Instagram som dei meir kjende toppane. Men dei er likevel fantastiske fjell å springe på, og dei ligg så å seie rett ved Stranda. Rett utanfor stuedøra, døra på hytta eller hotellet. Snør skoa, og la stien lede deg til løpegleda du hadde som barn. Hugs, det enkle er ofte det beste.
17
liavarden TEKST OG FOTO: MARTIN KRISTOFFERSEN STILØPER: ELDRID SOGNNES KRISTOFFERSEN
18
liavarden
19
Fakta om liavarden Meter over havet: 799 Lengd: ca 2,5 km Tid: ca. 30 min
Liavarden er ein fjellrygg ved Vassetdalen som strekk seg oppover langs starten av Sunnylvsfjorden. Råsa følgjer ryggen heile vegen opp til toppen. Utsikta er fantastisk utover fjorden, over til Liabygda, og til Stranda. Hit kjem du ved å køyre inn til det som på Stranda vert kalla bygda. Ta av ved Ringstad skule i Stranda sentrum, og følg skilt mot Opshaug. Her kjem du til Opshaug sandtak, vegen fortsetter vidare forbi sandtaket og oppover fjellet. Etter ca. to min. køyring kjem du til bommen til Vasset. Fortsett vidare på vegen som tar ein venstre sving før bommen. Etter nye tre minuttar kjem du til garden Liene. Parker bilen på P-plassen på høgre side av vegen. Gå så over ferista. Råsa til Liavarden startar på høgreside av vegen, ca. 10 meter forbi ferista. Det tek ca. 30 min. i rolig springetempo opp til Liavarden. Rekn i overkant av ein time opp i normalt turtempo.
20
liavarden
ALPINE RUNNING WWW.DYNAFIT.COM 21
DEALER LIST DYNAFIT: Din Sport, Førde • Fagernes Sportsforretning, Fagernes • Fjell og Fritid, Lom • Fjellsport.no, Sandefjord • G-Sport, Stranda • Intersport, Sogndal Intersport, Filefjell • Intersport, Beitostølen • Intersport B.S Aure, Sykkylven • Intersport Lilletorget, Lillehammer • Outdoor, Bergen Platou Sport, Ålesund • Pyramiden Sport, Tromsø • Reser, Molde • Skandinavisk Høyfjellsutstyr, Trondheim Platou Sport, Molde • Sport 1, Lom • Sport 1, Geilo • Sportsbua, Trondheim • Tromsø Sport, Tromsø
22
blåhorna TEKST OG FOTO: MARTIN KRISTOFFERSEN STILØPER: OSCAR ALMGREN
Fakta om blåhorna Meter over havet: 1478/1336 Lengd: 17km, heile rundturen Tid: ca. 1,5 t / 3 t / 4t
Når ein fyrst har tatt turen opp Liavarden, er det lett å la seg freiste til å fortsette å nyte utsikta og fylgje råsa på ryggen langsmed fjorden. Om ein fortsett innover, kjem ein fyrst til Duklidalen. Frå Duklidalen fortsett råsa vidare mot fremste Blåhorn. Det er her moroa verkeleg byrjar. Her kan ein velje mellom to ulike ruter opp. Ein kan enten springe opp skaret midt mellom Fremste og Heimste Blåhorn, eller ein kan følgje råsa som fortsett på ryggen over fjorden, og oppleve ei eventyrleg utsikt ned i fjorden. Når ein kjem opp på ei markert klippe, fylgjer råsa ryggen, og vidare opp steinura heile vegen opp til Fremste Blåhorn. Rekn ein og ein halv time hit frå p-plassen i roleg springetempo.
Frå Fremste Blåhorn er vegen kort til Heimste Blåhorn. Herifrå kan ein fortsette på ryggen vidare ned mot Vasset, for så å fortsette vidare ned grusvegen til bommen, og tilbake opp til bilen. Rekn ca. tre timar på denne rundturen i roleg springetempo. Om ein ynskjer ein lengre tur, kan ein springe tilbake opp mot Duklidalen på ei rås på venstre side av Vassetvatnet, for så å fortsette tilbake til Liavarden og ned til p-plassen på Liene. Gjer du dette kan du plusse på ein god time på løpeturen.
bl책horna
23
Imponerande utsyn innover fjorden p책 veg opp til Fremste Bl책horn.
skurahornet TEKST OG FOTO: MARTIN KRISTOFFERSEN STILØPER: OSCAR ALMGREN
24
På veg ned frå Skurahornet kan ein nyte utsikta mot Leirvasshornet og Smørskredtindane.
skurahornet
Siste bratta opp Skurahornet gir førsteklasses styrketrening for legg- og lårmuskulatur.
Fakta om skurahornet Meter over havet: 849 Lengd: ca 3,5 km Tid: ca. 1 time
Skurahornet er ein fin liten topp på 849 m.o.h. Sjølv om toppen ikkje er av dei høgste, er utsikta mektig innover fjorden. Stien til Skura, som toppen blir kalla på Stranda, startar på Langlo. Nærare bestemt Tingstadvegen. Stien går gjennom granskogen før den slår følge med Langloelva som snirklar seg inn og ut av bjørkeskogen. Over skoggrensa er vegen kort opp til Skuravatnet. Herifrå går stien vidare oppover ryggen i retning fjorden (austover). Allereie her byrjar utsikta å bli fin nedover til Stranda og innover fjorden. Frå toppen av ryggen skal ein ned i eit lite skar, før stien går opp den siste kneika til Skurahornet. Rekn ein til ein og ein halv time til toppen i roleg springetempo. I nedbørsperiodar kan det vere veldig blautt langsmed Langloelva på veg opp til Skuravatnet. Ein kan fortsette turen vidare frå Skuravatnet opp Trollvardegga og vidare til Roalden. Rekn bortimot ein og ein halv time frå Skuravatnet og opp på Roalden.
25
gomsdalen TEKST OG FOTO: MARTIN KRISTOFFERSEN
Fakta om gomsdalen Meter over havet: Ca 600 Fr책 Korsmyra ca 4km. Fr책 Oaldsbygda ca 6km. Fr책 Bringa ca 1,5km
26
gomsdalen
«Cruiseskipa har kasta loss, og ferga har køyrt si siste tur for kvelden. Fjorden ligg blikkstille og nyt roa før natta kjem. Føtene våre følger stien som snirklar seg fram gjennom ei blomstereng høgt over fjorden. Det heile er som ei vandring i eit eventyr.»
27
Klokka nærmar seg ni på kvelden då vi parkerer bilen på parekringsplassen ved Korsmyra. Parkeringsplassen er framleis full av bilar med utanlandske skilt. Eigarane av bilane står og knipsar feriebilete. Vi sleng dei lettpakka sekkane på ryggen, kryssar riksvegen og traskar oppover mot Hausetsætrane. Sommarkvelden er framleis varm og god når vi nærmar oss sætra på Hauset. Vi skulle kunne slå opp teltet her og vore nøgde med det, så vakker er utsikta. Men vi har eit mål for kvelden, vi skal til Gomsdalen. Der ligg fjellgarden med same namn som har oppfostra både stortingsrepresentant, lensmann og ein biskop. Gomsdalen er ein flat og vid dal på nordsida av Geirangerfjorden. Fjellgarden ligg om lag 600 m.o.h. og er den garden som ligg høgast over Geirangerfjorden. Her budde folk fram til 1907. Det finst mange kjende og dramatiske historier frå denne fjellgarden. Den mest dramatiske er historia om Petter Andreas og kona, Anne Elisabeth, som døydde med tre års mellomrom. Få dagar etter gravferda dukka lensmannen opp og ville selje garden på auksjon, då den var herrelaust gods. Det fekk verja til odelsguten stoppa og det heile enda opp med at dei tre eldste borna fekk bli buande på garden saman med bestemora. Dei tre yngste vart sett vekk, kvar til sin plass. Hadde det vore i Alpane Du kan ta deg til Gomsdalen på tre ulike måtar: Frå Oaldsbygda som ligg ved Sunnylvsfjorden, frå Bringa nede ved Geirangerfjorden, eller frå Korsmyra. Vi har valt siste alternativ. Medan vi passerer Hausetsætrane og fortsett langsmed fjorden slakt oppover i terrenget, treff vi ein fransk familie som er på veg tilbake frå dagens vandringstur. Dei er frå seg av begeistring over naturen, men kan ikkje heilt forstå kvifor dei ikkje møter fleire folk ute i desse fjella. Hadde det vore i Alpane, hadde det vore tjukt med folk, seier dei.
kveldsong Etterkvart blir stien brattare og vi et høgdemeter over sva og steinrøys. Vi kan forstå kvifor det har blitt sagt at vegen til garden er blant dei lengste og styggaste på Sunnmøre. Gardsfolket på den tida hadde nok ei heilt anna tilnærming og oppleving av naturen enn kva vi har. Det er utruleg å tenkje på at dei her gjekk med fe og buskap før i tida. No ser vi ned mot Gomsdalen som ligg innpakka i eit lysegrønt teppe av bjørkelauv. Dei høgdemeterane vi sleit oss opp, går vi no ned att til dalen, gjennom frodig bjørkeskog med høgt gras. Kveldsdogga ligg på graset og vaskar føtene våre på veg ned til dalbotnen. Nede ved garden har klokka allereie passert midnatt og himmelen har blitt blågrå. Det er på tide å finne ein teltplass for natta. Vi oppdagar at det er godt med myr og blautt terreng i dalen. Men etter litt leiting finn vi ein høveleg teltplass og gjer oss klar for natta. Elva dansar seg nedover dalen til Geirangerfjorden og spelar sin vante kveldsong for oss. Ein biskop og ein lensmann Korleis gjekk det eigentleg med borna som blei etterlatne etter at Petter Andreas og kona døydde? Ei av jentene døydde i ung alder, men dei andre borna gjekk det bra med. Odelsguten fekk behalde heimgarden, ein annan blei lensmann i Sunnylven, ein tredje blei ein kjent bonde i Oaldsbygda. Søstera vaks opp på austlandet og jobba som butikkdame i Oslo. Den siste av borna var den som reiste lengst vekk frå Gomsdalen. Johannes Gausdal reiste som misjonær til Santalistan i India. Der blei han etterkvart utnemnt til biskop i the Northern Evangelical Lutheran Church.
28
Geiranger i sommardrakt.
gomsdalen
29
Sommarskyer speglar seg i Storvatnet mellom Gomsdalen og Oaldsbygda.
30
Utsikt ned i Oaldsbygda og over Sunnylvsfjorden til Flosteinnibba.
P책 veg tilbake til Korsmyra.
gomsdalen
«Kva andre stadar kan ein gå frå ei fredfull ferd på sti gjennom ei blomstereng høgt over fjorden, til å stå i bilkø i Ørnesvingen fordi ein bubil og turistbuss har forsøkt seg på ei alternativ passering i ein sving?»
31
lunsjavtale med utsikta Vi vaknar av morgonsola som varmar opp teltet. Vi et frukost, nyt utsikta mot Geiranger og observerer eit stadig meir yrande liv av cruiseskip og sightseeingbåtar på fjorden. Her oppe er det stille, ikkje eit menneskje å sjå, det er ro, det kjennes som ei heilt anna verd enn den vi har utsikt ned til. Etter ein førsteklasses havregrynsgrautfrukost, god kaffi og livsnyting på høgt nivå, set vi kursen opp gjennom Gomsdalen mot Storvatnet og brekka til Oaldsbygda. Vi har gjort ein lunsjavtale med utsikta ned mot Oaldsbygda og Synnulvsfjorden. sommarjobb som sau Etter litt baksing opp ura lengst fram i dalen, kjem vi opp i høgda mellom Gomsdalen og Oaldsbygda. Det fyrste vi høyrer er bjøllene frå sauane som er på sommarbeite på denne sia av fjorden. Dei nyt verkeleg det gode livet og let humla suse. Det same har vi tenkt å gjere. Etter at vi har satt opp teltet ved eit lite vatn, tek vi av oss skoa og nyt lunsjen og resten av ettermiddagen barføtt på soloppvarma berg med utsikt ned til Oaldsbygda. På andre sia av Sunnylvsfjorden for Oaldsbygda, ligg Flosteinnibba og ruvar stolt som det høgste fjellet over fjorden. Litt lengre ned i fjellsida ligg den meir berømte Åkernesrevna. Resten av dagen går med til å nyte denne vakre utsikta, og til å sjå på skyene som svevar forbi og alle dei ulike formasjonane dei lagar i løpet av ferda over fjella. Det er godt med slike dagar kor ein går barføtt i fjellet og ser på skyer. Slike dagar skulle ein hatt fleire av, blir vi einige om, idet vi innser at dagen eigentlig er over, kveldsola malar himmelen og det litle vatnet vi sit ved med si oransjeraude farge.
Neste morgon vaknar vi av sauebjøllene som læt høgt oppi fjellsida. Vi nyt frukosten medan vi filosoferer over livet på sommarbeite i fjellet. Det hadde i grunn ikkje vore så dumt å ha sommarjobb som sau, eller gjetar i dessa fjella. Men sauane får igjen ha fjellet for seg sjølv og vi går same vegen tilbake til Gomsdalen som vi kom. fredfull bilkø Medan vi passerer fjellgarden går tankane nok eingong tilbake i tid. Ein kan ikkje anna enn beundre livsmotet til søskenflokken som kom seg opp og fram i verda, sjølv etter å ha mista foreldra og blitt sendt kvar til sin plass i ung alder. Bjørkeskogen er den same no som den var då, og på ein solrik dag som denne gir den oss ei saunaoppleving medan vi slit oss opp fjellsida. Då vi kjem over skogen, ser vi igjen ned i ein fjord med eit yrande liv. Sightseeingbåten er på veg ut, medan eit cruiseskip kjem dampande inn gjennom verdsarvsfjorden. Kontrastane er store til roa og freden i Gomsdalen. Det er noko med desse kontrastane som er veldig fasinerande med Geiranger. Her kan ein ta seg ein liten fjelltur og vere einsam i fjellet, for så å ta turen ned til bygda der ein møter menneskjer frå heile verda. Kva andre stadar kan ein gå frå ei fredfull ferd på sti gjennom ei blomstereng høgt over fjorden, til å stå i bilkø i Ørnesvingen fordi ein bubil og turistbuss har forsøkt seg på ei alternativ passering i ein sving? Medan vi sit der i bilen i solsteiken og ventar på at dei to nytenkande sjåførane skal finne ut av korleis dei kan løyse floka dei har skapt, tek vi like godt av oss skoa og spaserer barføtt på asfalten. Det er jo tross alt sommar.
sykkel TEKST: MARTIN KRISTOFFERSEN / ILLUSTRASJONAR: ROSS BODENMANN
32
veltepetter Sykkelen som er som skapt for Geiranger. Ein sit høgt og får godt utsyn over alle turistane. Kan også inngå i eit synkronisert underhaldningsnummer med einhjulsykkelen. Veltepetteren står også godt i stil med dei gamle og staselege skyssbilane i Geiranger.
Sykkelen blei oppfunnen på 1800-tallet, på 1900-tallet tok det heilt av og sykkelen blei veldig populær. Dette medførte at det i dag finst mange syklar i verda, og mange ulike typar syklar. Det finst syklar med eit hjul, med to hjul, med tre hjul, og med fire hjul. Det finst syklar berekna for ein person, eller for to personar. Sparkesyklar, syklar for landeveg, for strandliv, for stisykling, for downhillsykling. Ja, det finst ein sykkel for nesten alt. Det finst ein song som handlar om at det finst ni millionar syklar i Beijing. Ein i redaksjonen vår har vore i Beijing og kan stadfeste at det finst veldig mange syklar der. Noko som ikkje er så rart i fylgje han, då det også finst veldig mange menneskjer i Beijing. På grunnlag av alle syklane, finst det naturleg nok veldig mange syklistar i Beijing. Ein syklist er personen som sit på sykkelen. Aktiviteten syklisten utfører, kallast å sykle. Det er ikkje berre i Beijing det finst mange syklistar, til dømes finst det
utruleg mange syklar og syklistar i Amsterdam. Ein annan av redaksjonsmedlemma våre har vore i Amsterdam og kan stadfeste dette. Dei seinaste åra har interessa for sykling fått ein ny vår i Noreg. Til dømes finst det mange syklar i Oslo, rett nok ikkje like mange som i Beijing, eller Amsterdam. Det kan ein annan i redaksjonen vår stadfeste. Med andre ord, det finst veldig mange syklar og syklistar i verda. Dette medfører at moglegheita for at det kan dukke opp sykkelturistar langs fjorden, er ganske stor. For å unngå rådville sykkelturistar, tar vi ansvar og deler av vår lokalkunnskap for kvar ulike sykkeltypar kjem til sin rett langsmed fjorden. Vi vil jo helst unngå å oppleve rådville sykkelturistar frå Kina, Holland eller Austlandet som står og klør seg i hovudet og dermed forårsakar køar for alle bubilturistane i sommar.
sykkel
Landevegsykkel Sykkel for rask sykling. Gjerne utført av raske menn med tettsittande sykkelshorts, fargerike trøyer og det som på svensk vert omtala som «snabba solglasögon». Syklar og syklistar som dette trivst utmerka fram og tilbake i Strandadalen, over Fjellet og tilbake, opp Trollstigen, eller opp Dalsnibba.
Downhillsykkel Sykkelen for ein gondoltur opp Roalden, og ei vill nedferd på steinete og tekniske parti forbi «store steinen» og «dødsfurua» ned den påbegynte utforstien. Kanskje sommarens mest adrenalinfylte eventyr.
Endurosykkel Sommarens svar på toppturski. Tråkk i veg oppover Liavarden, Liahornet eller Mefjellet. Tråkk til mjølkesyra tek deg og du ikkje klarar å tråkke meir, trill sykkelen resten av vegen opp til toppen. Nyt utsikta, knips nokre bilete og forbered deg på nokon av dei finaste sykkelopplevingane ein kan få i kongeriket Noreg.
33
Damesykkel med korg Sykkelen for ein piknik i Helsemvika på ein varm sommardag. Fyll korga med jordbær frå Valldal og sjokolade frå Geiranger. Stopp langsmed vegen, plukk blomar og dekorer korga.
sparkesykkel Perfekt som tidsfordriv for borna i familien når ein står i fergekø, mest sannsyneleg i Eidsdal eller på Linge.
Einhjulsykkel Bruksområde: Ned grusvegen på Roalden, eller for å underhalde turistar i Geiranger.
Tandemsykkel Sykkelen for romantiske sykkelturar gjennom Norangsdalen, med ei perfekt romantisk avslutning med ein herskapeleg middag på Union Øye.
heisbasert stisykling TEKST OG FOTO: MARTIN KRISTOFFERSEN
«Løypa som har blitt jobba fram på Strandafjellet dei to siste somrane, kan definerast som ei god gammaldags utforløype.»
34
Håvard Gausdal finn flyten med utsyn innover Strandadalen.
heisbasert stisykling
35
Aleksander Lakselv leikar seg med ein nose-manual på norsk kvalitetsberg.
Strandafjellet er eit nydeleg skifjell, kjend langt utanfor Noregs grenser. Etter at gondolheisa blei satt opp i 2012, har det også dukka opp moglegheiter for adrenalinfylte aktivitetar på sommaren. Nemleg heisbasert stisykling, også kjend som Downhillsykling. Denne forma for sykling dreier seg kort og godt om å sykle ned eit fjell i ei tillaga løype. Løypa kan til dømes vere nokså lik ein vanleg tursti, eller den kan vere maskingbygd med tillaga doserte svingar og hopp. Downhillsykling oppstod på 1970tallet i California, og har blitt ein populær sommaraktivitet på skidestinasjonar i Europa og Nord Amerika. Løypa som har blitt jobba fram på Strandafjellet dei to siste
somrane, kan definerast som ei god gammaldags utforløype. Den er handbygd og perfekt for dei som likar utfordrande singeltracksykling. Løypa inneheld det meste: frå fine flytparti til teknisk fjellsykling. Nokre av dei bratte kneikane krev verkeleg god konsentrasjon. Løypa startar oppe ved Roaldspaviljongen og flyt nedover fjellsida med vakker fjordutsikt. Etter kvart glir løypa inn i bjørkeskogen før den kjem ned til botnstasjonen til gondolen. Då har den snirkla seg heile 637 høgdemeter nedover fjellsida. Når PS går i trykken gjenstår det framleis litt arbeid på løypa. Eit par parti må utbetrast før ein verkeleg får godflyten ned Roalden. Vi gler oss verkeleg til å teste sykkelen her til sommaren.
SJÅ FILM FRÅ STISYKLINGA PÅ VÅRE FACEBOOKSIDER: FACEBOOK.COM/PASTRANDA
boards anno
V책r erfaring - dine opplevelser Vi har alt du trenger for de r책este opplevelsene p책 sykkelen i 책r. Hos oss finner du et stort utvalg terreng- og stisykler, beskyttelse, bekledning og sportsbriller - uansett om du er nybegynner eller erfaren.
shop onse
GT Sensor Elite
GT har ryggen din dekt med denne ´hard-charging´ og fulldempede Sensor. Resten. det er opp til deg!
17.999,- 19.999,Hos oss finner du kvalitet fra blant annet
VĂĽr erfaring - dine opplevelser
Stisykling p책 Liahornet TEKST: MARTIN KRISTOFFERSEN / FOTO: ROCKY STRONG SYKLISTAR: JEAN-CHRISTOPHE BARBIER OG BARTOSZ ZELIGOWSKI
Liahornet Meter over havet 961 Lengde 4,5km Rekn ca 2-3 timar opp
38
Stisykling på Liahornet
«Det blir fortalt at syklistar har blitt så glade av å sykle ned frå Liahornet, at dei byrja å danse nede på riksvegen i sykkelgledesrus.»
Liahornet ligg bak den trivelege bygda, Liabygda, rett over fjorden frå Stranda. Medan Strandarane sit og nyt kveldsskuggen på seine sommarkveldar, sit Liabygdarane og grillar i sola ut i dei små nattetimar. Liabygda er solbygda. Sjølv om Strandarane ikkje innrømmer det, hadde nok nokon av dei kunne tenkt seg å bu i Liabygda, om det fanst ei bru vel og merke. I sola kan ein nyte fantastisk stisykling på Liahornet. Lunneplassen på Lied er eit fint utgangspunkt for turen til Liahornet. Herifrå kan ein sykle sætrevegen opp til Liasætra. Frå Liasætra er stien skilta til Liahornet. Frå toppen kan ein nyte utsikta over fjorden til Stranda, Eidsdal og omkringliggande tindar. Toppryggen byr på teknisk fjellsykling. Etter kvart blir stien mindre teknisk der den strekk seg over Storskrednakken (i staden for å sykle over Storskrednakken, kan ein sykle ned mot Sætrenakken, men da får ein tråkke oppover sætrevegen igjen for å ta seg tilbake opp til Liasætra). Frå Storskrednakken glir stien gjennom fin bjørkeskog ned til Liasætra. Her syklar ein på sætrevegen på venstresida av vatnet forbi den litle sætra. Vidare går stien gjennom granskog før den går over ein sæterveg, og fortsett den siste delen gjennom furuskog med fine flytparti. Det heile blir runda av med eit bratt lite parti ned til riksvegen. Det blir fortalt at syklistar har blitt så glade av å sykle ned frå Liahornet, at dei byrja å danse nede på riksvegen i sykkelgledesrus. Kva meir kan ein ønskje seg enn sol og gode opplevingar? I Liabygda får ein begge deler. Rekn om lag to til tre timar opp til toppen. Obs. Det går beitedyr i terrenget som deler av stien går gjennom. Vis respekt og aktsemd for dyra.
39
40
Bartosz Zeligowski finn godflyten i nederste delen av Liahornet-stien.
Stisykling på Liahornet
41
Jean Christoph køyrer slalåm gjennom furuskogen på veg ned frå Liahornet.
mefjellet p책 sykkel TEKST: MARTIN KRISTOFFERSEN / FOTO: ROCKY STRONG SYKLISTAR: JEAN-CHRISTOPHE BARBIER OG BARTOSZ ZELIGOWSKI
Fakta om mefjellet Meter over havet: 1100 Rekn ca 1,5-2 timar opp Ca 4km opp fr책 Hauge Ca 12km sykling ned
42
mefjellet p책 sykkel
43
44
Arbeidet ein legg ned i å dra med seg sykkelen opp Mefjellet er verdt kvar einaste kalori.
I Fjørå finn ein det mest berømte sykkelfjellet i Noreg. Dette har nok Norrøna sin legendariske reklamefilm for sykkelkolleksjonen, Fjørå, mykje av æra for. Kvifor dei valde å kalle opp sykkelkolleksjonen etter Fjørå, er ikkje vanskeleg å forstå. Syklinga her er av ei anna verd. Har ein to bilar er det lurt å sette att ein av bilane nede ved fjorden. Køyr vidare opp til Hauge (400 m.o.h.) og parker på anvist parkeringsplass. Følg skilting og traktorvegen opp til Nysætra. Denne strekninga går fint an å sykle. Oppe på Nysætra (750 m.o.h.) står ein av Storfjordens mest fotograferte benkar perfekt plassert for ein liten pust i bakken. Følg stien vidare langs ryggen opp til Mefjellet (1100 m.o.h.). På vegen opp har du tid til å vurdere dei ulike partia til nedfarten. Vel oppe på Mefjellet blir det ofte konkurrert heftig i bruk av ymse superlativar for å beskrive utsikta. Vi skal ikkje gjere det her. Nedfarten begynner på same stien ein kom gåande opp. Fjellsykling blir ikkje betre enn syklinga på denne fjellryggen. Når du nærmar deg slutten på ryggen, har du to val: Du kan fortsette forbi Nysætra og følgje den same traktorvegen du kom
opp eit lite stykke, før du tar til høgre og følgjer skiltet til Ruggå. Eller du kan ta ein hard høgresving og sykle inn under ryggen og vidare ut til Bjorstadnakken. Frå Bjorstadnakken er det bratt nedover mot stien til Ruggå. Når du treff stien til Ruggå, begynner flytfesten. Hugs å halde til høgre i første stikryss. Frå Ruggå flyt stien nydeleg vidare med skilting mot Ytterlinakken. Så kjem nokre tunge høgdemeter opp Syltefjellet før stien flyt vidare ned gjennom furuskog og over ei lita myr. Undervegs ser ein skilt som forklarar kva del av stien som er for syklistar. Vi oppmodar folk til å respektere skiltinga. Etter myra held ein til venstre, gjennom ei grind og vidare på traktorveg til garden Ruset (350 m.o.h.). Herifrå går ferda vidare på ein gamal handbygd kløvsti. Vi har mykje å takke tidligare generasjonar for, særskilt bøndene. Stien går i hårnålsvingar gjennom furuskogen og plutseleg er du nede på bilvegen ved fjorden. Då er det berre å sykle tilbake til Fjørå med eit stort smil om munnen. Obs: Vis respekt og aktsemd for dyra i området. Til dømes er det fint å bremse ned og sykle sakte forbi sauer og lam.
mefjellet p책 sykkel
45
valldal Summer Games TEKST: MARTIN KRISTOFFERSEN FOTO: VALLDAL SUMMER GAMES
46
valldal Summer Games
47
Jordbærbygda Valldal ligg ein tjuefemminutters fergje- og biltur innover fjorden frå Stranda. Er du glad i jordbær, ekstremsport, eller begge deler? Då er dette dalen å opphalde seg i mellom 2. og 5. juli. Då går nemleg Valldal Summer Games av stabelen. Ekstremsportfestivalen blei arrangert for første gong i 2009, etter at festivalane «Ein skal ikkje sove bort sommarnatta» og «Crap Camp» fusjonerte til Valldal Summer Games. Dette fortel festivalsjef, Ole Henrik Uri, som har teke over stafettpinnen etter at dei opphavlege grunnleggjarane flytta ut av bygda. Elvepadling og stisykling er framleis hovudaktivitetane, men i tillegg står også klatring, rafting, longboard, skating, og slackline på programmet. Festivaldeltakarane får moglegheit til å teste utvalde aktivitetar. Nytt av året er eit ungdomspass for dei mellom 15-18 år. Dette gjer vi for å gi lokale ungdommar moglegheit til å oppleve den fantastiske meistringskjensla og gleda ein får gjennom dei ulike aktivitetane. Eg håper at dette kan være eit bidrag til å bygge opp eit lokalt miljø for denne type aktivitetar, seier Ole Henrik. På kveldstid står det sosiale på programmet. Festivalområdet er i år flytta nærare Valldal sentrum, nærare bestemt Djupøyna. Her blir det grilling, leikar og konkurransar. Laurdag er det også kåring av årets bondeknøl. Årets bondeknøl blir kåra gjennom ein strong man-konkurranse, basert på ulike gjeremål ein finn på ein gard. Vinnaren av årets bondeknøl får i tradisjon tru ein Felleskjøpsdress og ein høygaffel. Vi gler oss skikkeleg til sommarens festival, seier festivalsjefen med eit stort smil. Hjarteleg velkommen til Valldal Summer Games, 2.-5. juli!
Fakta om festivalen Frå: 2. Til: 5. juli Påmeldingsfrist: 30.06.2015 www.deltager.no/vsg15
molladalen TEKST & FOTO: HÅVARD MYKLEBUST
48
Som ein krans kring Molladalen ligg ei av dei finaste tinderekkjene i norsk natur. Ikkje kan den måle seg med Trolltindane i dimensjon eller Jotunheimen i antal meter over havet, men når det kjem til villskap og variasjon skal du leite lenge for å finne maken.
Fakta om Molladalen Lengd: ca.3km frå Melbøsetra Tid: ca. 2 timar Lenker: www.sunnmorsk-klatreklubb.no Litteratur: Fotturar på Sunnmøre av Helge Standal, Jon Hagen og Gunnar Wangen
molladalen
Ikkje mange stadar kan gi ein fjellvandrar tilsvarande sanseinntrykk som Molladalen i slik ei stund. Her ut av Jønshornrenna på veg mot Jønshornet. Molladalsgubben tronar over skoddeteppet til høgre.
Molladalen er ei sjelden flott perle med mangfoldige turmoglegheiter. Fjelldalen ligg i Barstadvik i Ørsta kommune på Sunnmøre. Han ligg vest for Hjørundfjorden, lengst nord på Kolåshalvøya i Sunnmørsalpane. Den gryteforma dalen er omkransa av bratte og taggete fjellformasjonar, og er derfor eit ynda klatreeldorado og toppturmål. Samtidig er dalen spennande for alle som vil på telttur, fisketur eller berre nyte omgivnadane av dei forrevne tindane. Fjella rundt dalen vert omtala med fellesnemnaren Molladalstindane. Dei mest kjende fjelltoppane er Jønshornet 1419 moh (også kalla Ramoen), Randers topp 1414 moh og Mohns topp 1340 moh. I dalen ligg fleire vatn. Det største, Storevatnet, ligg 774 moh og har gode moglegheiter for telting like ved. Mellom fjelltoppane skjærer det seg renner nedover mot Storevatet og mellom desse står det ut ei rekkje pinaklar som er ettertrakta klatremål. Her får klatrarane utfordra seg medan beitande sauer følgjer med som tilskodarar frå dalen.
1974 og har i over tre tiår våre med på å prega aktiviteten i Molladalen. Du finn eigen klatreførar for dalen med skildringar, kart og skisser av dei mange klatrerutene på nettsidene deira (sjå faktaboks).
Historie Sidan starten på 1900-talet og dei engelske klatrepionerar sitt inntog på Sunnmøre, har Molladalen vore ein anerkjend klatrearena. Opp gjennom åra har klatreaktiviteten variert både sommar og vinter. Sommaraktiviteten tok seg kraftig opp med innføringa av svasko og nye sikringsmiddel tidleg på 1980-talet. Det umoglege vart mogleg og mange nye ruter i dei kompakte veggane vart til. Sunnmørsk Klatreklubb (SKK) vart skipa i
Turmoglegheiter Molladalen byr på noko for alle. Her kan du velje alt frå klatring og tinderangling i dei bratte veggane, til enklare toppturar og vanleg fottur gjennom dalen. Dalen innbyr til teltovernatting med fiskemoglegheiter i vatna.
Adkomst Kortaste veg til Molladalen går frå Melbøsætra innst i Barstaddalen. Herfrå følgjer du tydeleg trakk og merka rås langs Molladalselva, opp mellom Nyfjellet og Svinetind og gjennom Molladalsporten. Ved Molladalsporten (smal inngang mot Molladalen) har stien ein litt utsett passasje der det er hengt ut kjetting til å halde seg fast i. Ein bør rekne med ca. 2 timar på oppturen. Molladalen kan også nåast frå Ytre-Standal over Molladalsskaret på 990 moh. Ein annan, kanskje vel så fin adkomst til dalen er opp frå Romedalen, forbi Brillevatnet og over fjellryggen vest for Svinetinden.
Jønshornet 1419 moh: Toppen er ein av dei mest markerte og besøkte toppene i Sunnmørsalpene sommarstid. Det er den
49
50
Sjølve symbolet på Molladalen er det vidgjetne Bladet. Hundrevis prøvar seg opp den smale pinakkelen kvart år.
molladalen
Molladalen med dei kvasse tindane rundt er kanskje noko av det flottaste ein finn i norsk natur. Dei kvasse spira og toppane kan sjå vanskeleg ut å nå, men med litt varsemd kjem ein seg opp utan særlege vanskar på fleire av dei.
høgste toppen i tinderekka rundt Molladalen og på den nordlege delen av Kolåshalvøya. Det gjer at den har veldig god utsikt i alle himmelretningar. Ramoen er namnet dei lokale brukar, etter fiskarane som brukte fjellet som seglingsmerke. Frå nordenden av Storevatnet finn du stien som går opp den bratte fjellsida, Jønshornrenna. I øvre del må du klyve litt for å komme opp på vestegga, deretter variert og litt luftig klyving langs denne. Enklare klyving opp til dei siste meterane gjenstår. Det tek ca. 2 timar til topps frå Storevatnet. Tips: Å starte på Vollane i Barstaddalen og gå opp over Rametinden og returnere ned via Molladalen til Melbøsætra, er ein storslagen rundtur. Det kan vere greitt å ordne seg med ein bil på kvar stad, så ein slepp å gå grusvegen tilbake til Vollane. Svinetinden 1132 moh: Populær skitur om vinteren frå Ytre-Standal. Toppen er enkel å nå frå Molladalen og Storevatnet. Frå sørenden av vatnet går det ein merka sti opp ryggen like vest for Molladalsskaret 990 moh. Her ifrå følgjer du ryggen vestover mot toppen, med ei stadig betre utsikt mot Molladalen og Molladalstindane – som er heile poenget med turen. Tidsbruk er ca. 1,5 timar frå Storevatnet. Bladet: Denne skarpe tindenåla har overlevd tidens tann og har vorte eit symbol for Molladalen. Bladet er dog ikkje synleg frå Molladalen då nåla ligg på Hjørundfjordsida av fjellrekka mellom Randers Topp og Mohns Topp. Den er utan tvil den mest klatra pinakkelen i området, kvart år er det fleire titals
ivrige tinderanglarar som klatrar opp til toppen og tek dei obligatoriske bilda frå vest, der den ser på sitt smalaste ut. Reint klatreteknisk er ikkje Bladet så vanskeleg. Forutan at det er luftig, er det hardaste opptaket i toppen gradert til ein 4’ar. Enklaste tilkomst til Bladet er opp Mohnsrenna frå sørenden av Storevatnet i Molladalen. Mohnsrenna går bratt opp nord for Mohns Topp og er ei spennande rute der ein går opp omkransa med bratte fjellveggar og tindenåler på begge sider. Noko klyving (klatring grad 2) må ein vente seg i renna, utan at nokon burde avskrekkast for det. Vis omsyn til laus stein. På godvêrsdagar med mykje folk kan hjelm anbefalast. Tidsforbruk ca. 1,5-2 timar fra Storevatnet. Tips: Er det kø på Bladet, kan ein avstikkar ut til Mohns Topp 1340 moh vere fint tidsfordriv. Oppe av Mohnsrenna møter du synet av Bladet rett forut. Her tek du høgre (sørover) og går utover den etterkvart så smale egga til toppen. Nokre likar å sikre med tau forbi dei luftigaste passasjane. Frå toppen får du kanskje dalens flottaste utsikt!
51
52
Håvard Myklebust
molladalen
SPEKTAKULÆRE FJORDEVENTYR Breturer » Klatring » Fjelløping » Hiking 53
Les mer om hva vi tilbyr på vår nettside uteguiden.com facebook.com/Uteguiden
post@uteguiden.com | +47 40 55 46 70
instagram.com/uteguiden
twitter.com/Uteguiden
Høgare enn himmelen TEKST: ELLEN BEATE WOLLEN / INNGANGSBILETE: HÅVARD MYKLEBYST ANDRE BILETE: ERIK STRAND
54
Høgare enn himmelen
Eg skal ikkje begynne med å fortelje deg at du må ta med deg borna og bestige Slogen. La meg heller freiste deg til å ta dei med på ein av verdas vakraste toppturar, og love deg at du aldri kjem til å angre.
– Vi skal på Slogen i helga. – Må vi? – Ja. Når du har bestemt deg for å ta med deg born og bestige ein av Noregs vakraste toppar, kan du gløyme å freiste med Kvikk Lunsj og appelsin. Den må du reise lengre ned i fjellet med. Når turen inneber overnatting i hytte fordi den er so lang, bruker du ikkje lenger freistingar og overtydingar, du lover ikkje lenger gull og grøne skogar i form av grillpølser, saft og ein ekstra kjekspakke til kvelds. Du berre konstaterer fakta og prøver å skape dine beste bilete av kor vakkert det faktisk er. Ferdig med det. Alt det andre treng du å spare på til turen har starta. Nådelaust? Nei, eigentleg ikkje. Det berre høyrast slik ut. «100 ting du må gjere før du døyr» Sjølv hadde eg aldri vore på Slogen, ikkje før eg bestemte meg for å ta med familien min dit. Men eg har alltid hatt lyst til å bestige denne toppen 1564 meter over havet. For meg har den stått som den ultimate tindebestigning i dei vakre Sunnmørsalpane. Slogen er kongen, majesteten, stjerna, kjendisen, «The Royal Family», venninna til Dronninga. Å kome opp dit, og sjå rett ned i Hjørundfjorden der nede. Ingenting kan måle seg med det, tenkte eg. Dessutan fyller eg femti år i år. Du kjem inn i ein ny kategori når du fyller femti. Det er ikkje lenger nokon som krev at du skal bestige tindar, i alle fall ikkje Slogen. Så då må eg nesten krevje det av meg sjølv, tenkte eg. Det blir som ei slik: «100 ting du må gjøre før du dør»-bok som eg får det frykteleg travelt med å krysse av «check» i, samtidig som eg ikkje må gløyme å dele opplevinga med borna. Dessutan blir det etter kvart også rett og slett for flaut å vere Sunnmøring, jobbe med reiseliv, og ikkje ha besøkt Slogen. Det blir som å selje verdas beste bollar utan å ha smakt bollane først. Korleis kan du freiste nokon då? Det tenkte eg også. Så ja – vi skal på Slogen i helga. Og så gjekk vi. «Alle» vegar fører til Slogen Når du går på Slogen vil mange gå til Patchelhytta først for å overnatte. Hit kan du velje mellom tre ruter. Du kan enten gå opp frå Skylstadbrekka frå Øye i Norangsdalen ved den vakre Hjørundfjorden. Det er ei tøff stigning som tek deg dit på 2-3 timar. Du kan også starte frå Engeset på Stranda og opp Liadalen. Det tar om lag same tid. Går du den siste ruta frå Urke, kjem du med bilveg opp til 370 meter over havet. Frå Patchellhytta til Slogen går du på rundt tre timar. Det er det guidebøkene
55
56
Når ein nærmar seg Patchelhytta helsar Slogen ein velkomen til Habbostaddalen.
seier. Ikkje høyr på guidebøkene. Dei seier også at turen er lettare enn du trur og at den passar godt for born. Eg liker ikkje at guidebøkene seier det. Dei er ofte skrivne av erfarne fjellfolk, og erfarne fjellfolk et gjerne slike turar til frukost. Som oftast har dei heller ikkje med seg borna på denne frukosten. Kor lang tid det tek kjem an på fleire ting, spesielt alderen på borna og forma til heile familien. Dei aller fleste born er i fantastisk bra form, dei er lette og lystige, mjuke og spretne, og vil sannsynlegvis sjå på fjellturar, i alle fall når dei først er i gong, som ein leik. Men så er det motivasjonen. Den er kanskje det aller viktigaste. Ein tur skal vere kjekk. Du kan ta på deg ei pulsklokke og sjå ned heilt til du kjem opp, eller du kan rusle, nyte, stoppe og sjå rundt deg. At «turen er lettere enn du trur», er nødvendigvis ikkje heile sanninga. Born kan vere i svært god form, men nokon kan faktisk bli litt redde, og er dei ikkje fjellvande, kan dette vere ein ganske krevjande tur. Den siste biten som er luftig, er det slett ikkje sikkert dei ønskjer å gå. Men når det er sagt – du kjenner barnet ditt best. Tek du dei med, må dei vere fjellvand, ha på seg gode sko med støtte rundt ankelen, og vere i god fysisk form. Motivasjonen er eigentlig ditt ansvar. Og du må vere førebudd på at du kanskje ikkje kjem deg opp saman med barnet dei siste 20 luftige meterane. Sjølv har eg ikkje høgdeskrekk, men eg våga ikkje sjå opp det siste stykket, og då eg kom på toppen, vel, då begynte eg å grine. Meir av rein glede og lette enn av frykt. Den kom først då eg skulle ned att, men det er ei anna historie.
Engesetelva leikar seg ned gjennom dalen og byr på mange fine badekulpar. Leirvasshornet i bakgrunnen.
Heim for å gå i fjellet – Mamma, har vi flytta hjem til Stranda for å gå på fjellturer? Orda kjem frå niåringen. Etter å ha budd i utlandet i seks år, og i hovudstaden før det, har vi valt å flytte tilbake til Sunnmøre, ikkje minst på grunn av kjærleiken til naturen. Dei fantastiske Sunnmørsalpane, fjorden, fjellturar og båtturar. Når eg tenker tilbake var det fantastisk å vekse opp på Stranda. Ei stund hata
Høgare enn himmelen
14-åringen spring som ei geit oppover om morgonen. Vil opp, ikkje noko dill, ventar og sukkar på den treige familien. Det er ikkje merka oppover den bratte fjellsida, berre i byrjinga, men der er mange vardar som viser veg. Akkurat denne dagen er det tilløp til kø. Vi er 70 stykk som har overnatta i den overfylte hytta. Det er ein av desse sjeldne haustdagane, og då må vi opp, alle saman. Oppover fjellsida tenker eg at det er brattare på sidene enn eg trudde. Eg tenker at dette er ingenting for born som ikkje er gamle nok, eller ikkje har fokus. Du skal ha tunga rett i munnen her oppe. Eit steg om gongen. 11-åringen føler seg litt utilpass. Det var litt brattare enn venta, men vi er ikkje aleine, det hjelper, og så er det noko med det å ha eit mål. Det lokkar i seg sjølv. Og dei som passerer oss på veg ned, har stjerner i auga. Stjernene har lovnad om ei løn dei òg. eg det og eg flytta. Men kvar gong eg kom heim, vart kjærleiken til naturen sterkare og sterkare. No ønskjer eg at mine born skal få smaken på det same. Eg ønskjer å gi dei denne kjensla av «jording». Det går ikkje heilt som planlagt. Eg må innrømme at dei er i ferd med å kome inn i denne hatefasen. Vi har kanskje overdrive ørlite – kanskje. Eg forstår at det kan gi kjensla av å ha flytta for å gå i fjellet. Og eg må svelgje at denne hatefasen vil vare nokre år. Sjølv om det innimellom glimtar til. Fordi turane er so fine, so kjekke, byr på overraskingar. Men vi må berre innsjå at dei ikkje ser det på same måten som oss vaksne. Vi må berre prøve å så inn spire, og forhåpentlegvis vil den ligge der halvvegs i dvale, til den slår ut i full blome. Og då blir det kjekt å gå i fjellet igjen. Det er min teori. At denne kjensla, jordinga, er bagasje vi tek med oss. Så dei vil sjå det. Om ei stund. Foreløpig har vi bestemt oss for at tur er noko ein gjer. Alternativet er ikkje å vere heime og gjere ingenting. Men å gjere turane attraktive har vorte ei krevjande oppgåve. Men slik er det ikkje med Slogen. For Slogen har status. Det er dit dei tøffaste går, også ungdomen. Skuleturar blir lagt til Slogen. Er du tøff, går du. «Been there, done that». Det er den kjensla du som forelder også skal lokke fram. Turen er obligatorisk, den er tøff, men du verden for ei meistringskjensle når du kjem til toppen. Berre det å gå til Patchellen er verd turen i seg sjølv. Derfor skal du heller ikkje bli skuffa om du aldri kjem lenger enn til Patchellhytta. stjerner i auga Det beste med Patchellhytta for borna er overnattinga, og det at du berre kan forsyne deg av mat. Fersken og lapskaus på boks blir brått eksotisk. Sovesal med andre som også har same målet blir stas det også. Vi blir ein gjeng der framme på hytta. Vi er gjengen som skal på Slogen, for første eller ente gong, alle som ein, store og små. Vi skal på Slogen, ein av Noregs vakraste toppar.
Høgare enn himmelen Etter tre lange timar nærmar vi oss dei siste luftige metrane. Her går vi opp i puljar. Det er ikkje plass til så mange på toppen av Slogen. Kanskje 10-15 stykker, maks. Og du vil helst ikkje sloss om dei få kvadratmeterane når resten berre er luft. Sjølv trekk eg meg først. Kjenner at det kanskje er noko eg ikkje meistrar, så eg let far og born gå opp først. Må sjå an litt. Deretter blir eg henta med lovnader om nærmast ei «utanom kroppen»-oppleving. Eg klatrar, forsiktig, steg for steg. Du ramler ikkje ned i denne fasen, men du konsentrerer deg hemningslaust, spenner deg, vil ikkje trakke feil på dei vide svaberga. Du må ta steg for steg, og bestemme dei neste slik at du ikkje går deg «fast». Når du til slutt får beskjed om å sjå opp, på himmelen, på fjorden der nede, på skyene og fjella rundt. Eg veit ikkje heilt korleis ein skildrar det. Gliset til borna som skriv seg inn i boka, seier meir enn ord. Du kjenner deg rett og slett heilt på topp her oppe! Det er spennande, skremmande, vakkert, lettande. Kan godt hende kjenner ein seg slik på alle toppar. Eg vel å tru at Slogen gir ei heilt unik kjensle av å vere «heilt opp i skyene». For det er det du er. Alt anna blir så lite rundt deg. Dette blir so stort. Når vi so skal klatre ned att, er det nesten like krevjande. Steg for steg. Konsentrasjon. Du ramlar ikkje, men det blir viktig for alle, store og små med fokus, og det kan vere krevjande etter den lange oppturen. Når du deretter kjem ned på ryggen igjen, kjennest den brått ikkje so skummel lenger. Det er noko med å bryte grenser. Alt blir lettare andre gongen om du tør ta steget vidare. Å gå heilt ned igjen til Patchellhytta, og tilbake gjennom dalen og ned til Engeset igjen, er også ein lang tur. Vi bruker nesten fem timar, men alt er nedoverbakke no. Og der er rikelig med små kulpar og bekkar å dyppe seg i, leike seg litt. Og sjølvsagt stoppe og sjå seg tilbake. Peike stolt opp dit mot himmelen. Der – der har vi vore. Check!
57
58
Utsyn frå Slogen mot Norangsfjorden. Foto: Martin Kristoffersen
Fakta om slogen Sesong: Juni-september, avhengig av snøsmeltinga. Frå Øye: 3 km. 1500 høgdemeter. Frå Patchellhytta: 3 km. 750 høgdemeter. Frå Urke: 8 km. 1200 høgdemeter
om du går med born: • Det er ingen skam å berre gå til Patchellhytta. Det er ein flott tur det også. • Når du kjem opp til det luftige partiet, er det ikkje noko nederlag å ikkje gå dei siste 100 meterane. Der er eit fint platå som tel som topp før det også. • Stopp og overnatte på Patchellhytta før de går vidare til Slogen. Det er koseleg og ein treng gjerne den pausen. • Ver godt kledd. Turen startar gjerne som sommar, men kan ende i vinter på toppen. Lue, hanskar, lang bukse, gode fjellsko med god støtte, vindjakke og rikeleg med mat og drikke. • Husk påfyll av mat og vatn undervegs. Det er ikkje bra å gå tom for energi på denne turen. • Ikkje gløym å sjå opp, og stoppe opp. Turen er undervegs, ikkje berre målet. Spesielt om du går med barn. • Du kjenner barnet ditt best, men eg tykkjer generelt ikkje Slogen passer for dei under 10 år. Skal du til topps krev det av barnet: God fysisk form, ingen høgdeskrekk, evne til fokus og konsentrasjon.
Når ein kjem opp på kamelpuklane kan ein sjå over til Jakta på andre sida av Norangsdalen.
Isøksdebut mylljå Smørskredtindå TEKST: BLÅDALSBJØNNEN / ILLUSTRASJON: RENATHE THOR
60
Isøksdebut mylljå Smørskredtindå
«En herre nærmet sig, folk vék tilside omkring, Slingsby, hørte vi. Og sandelig kom han, og hver enkelt av oss tok han i hånden og lykkeønsket oss med turen. Som en vigsel lå der i håndslaget, som så han unge krefter som skulde ta opp, bringe videre frem hva han hadde vist oss vei mot. Slik møtte han alle begynnere av tindesporten.» ( H. Tønsberg sen. 1933) Fjellfanten va begjynt på dei glade tjueåra. Han hadde nyle lese nøkre ta skildringane hass William Cecil Slingsby frå Jotunheimen og Sunnmøre, men va egentle temmele i startgropa på si eiga alpine løpeti. I den anledning va de likevel to fjell fremst i Habostadala at det spirande alpine egoe hass skjemdest over ikkje å ha vør te tøpps på. Sjøl om han ettekvart hadde skaffa se ei tylft med kompisa so leid ta same avvikande fjellkåtskap, og dei me tetakande apetitt, hadde krafsa se opp på nøkre tinda her heime åre før, so byr tjueåra som regel på anna kåtskap i tillegg. Derme ha han drubba se borti fruentimmer, å rota se te Austlande sia sist. Otegivele frå enkvar alpin ståstad sjølsagt. Ikkje desto minder so gledde han se som en innestengd husky te å sele på ryggsekkjen, å kome se utu grankratte, no når han endele kunne ta se ei haustferie, med grus ta gneiss opponde fotsolå, her heime. Før so han i si ti sa Randers’n:
«Før jeg endnu eied ord Til at tolke, hvad jeg kendte,Du dig ind i Sjælen brendte Klippefyldte Hjørundfjord» Fjellfanten va sjøl minst like bergteken og begeistra so Randers’n, ta landskape i dinne brådjupe saltvasstarmen, so delte dei finaste fjella han visste ta, i to jamndramatiske møla. Haik Ditte hende i åra før han hadde bil, omtrent på same tia so håre te altfor månge va på sitt høgste, i åra då nordisk mester i telemarksving endå kom frå Ørsta, og køyrde renn på Tua-ski eller rosa Åsnes, og då goretex va nytt nøkk te å fungere som tydele markør før stammetehøyrsle blant fjellfølk. Billaus so han va, vart det bussbyte på Stryn, og to tima venting vart, som vanle, korta med Sunnmørske sparetetak, gjønå haiking. Det småregna og va nøkso hyskje, sjøl om han va nær attme sjynå. Goretexjakka måtte derfør på. Lukkå i det tetakandes struplevere, va at en framfus reklamemann i siste skrik Audi quattro, endå va
på flukt frå realitetane ette jappetia. Dinne karen va de altso so dukka opp og slakka på. Løyve te å lempe fjellsekken sin i bagasjerommet, vart gitt, og haikaren innleia, veloppdregjen so han rekna se, me å takke før omtanken, og spørje ærende te sjåføren. Tannkrem og Gore tex Det sku vise se at audimannen va på jakt ette location te et reklameopptak før tannkrem. Det va faktisk fjellfanten si blå klatrejakke frå Berghaus so gjor at mannen hadde tekje nå på, sa han. Det va kanskje ikkje snøytt ologisk å ha ei viss tru på at jakkeberaren va kjend med fjell og bre på Sunnmøre? Det reklamemannen trong å frette kunnskap om, va kar han kunne finne tre brusande fjellbekka, so kom føssande frå same breen? Det va snakk om helikopteropptak. Dei hadde tanka om å fargelegge elvane diggetalt. Sunnmørsbre i raudt kvitt og blått, dei tre fargane i tannkremtubå so dei sku selje. Fjellfanten i passasjersete tenkte no sitt om estetisk kompetens i reklamebransjen, men skulda no likso fyren litt info, som takk før velviljå. Han kunne dessutn, i dei dagane, fire kartblad omtrent utaboks: Det va M711 1219 I (Stranda), 1219 II(Geiranger), 1219 III (Hjørundfjord), å so 1219 IV (Sykkylven). Dessutn va mountaineerimaget hass styrkt og trigga ta nysgjerriheita te reklamefyren, so han sette både hjerne og minne i gir, før å tipse fyren om dei ettelyste tre bekkane bruse. Dialogen vart omfattande långsme vegå, men vart nøke knappare ette at den unge fjellfanten hadde peika på elvane sin odiskutable tendens te å flyte ihop, slik at tannkremen i reklamå, kom te å bli spytta i same gjøle ganske fort. Trass i felles interesse før fjell å natur, va det tydele at reklamefyren hadde lite fartsti frå distrikta. Han undra se mylljå anna på at ei moderne goretexjakke allereie hadde funne vegen heilt te Nordvestlande. Fjellfanten, so hadde handla jakkå si på fabrikkutsal i Newcastle, kvitterte me å be nå sjekke kartblødå sine og sjå om det va særle førskjel på Oslobygda eller Sunnmørskysten når det gjaldt reise før å kome se te fabrikkutsale upon Tyne. Vellæte og takk før skyssen vart det likefullt, og austmannen for flirande vidare nordette Vartdalsstranda, ette ei livfull skildring ta helgelive på Essostasjonen i Ørsta, der Fjellfanten på si sie, endele forlet Audiauraen, og mylljå fyldige gruppe ta Granada og Volvo240 med plysjinteriør, endele trakka på ettelengta Sunnmørsk asfalt. v12 og isenkram Fleire ta Fjellfanten sine medlaupara i det alpine vannvidd va Ørstinga, og enj ta disse villfarne hadde lukkast i å ordna se med fridage frå alle plikte, sopass at det kunne bli långhelg på Patchell. Fjellfanten overnatta me turkameratn, og dei ha neste ettemiddag gitt se i kast me å trakke se långs ræsene i Långseterdalen, med sekkjen full ta Toroprodukt og turutstyr før nøkre daga innimylljå tindå. Det va grått opphaldsver. Råsa va sleip å våt, so ventele va før årstia, å sekkane bar preg av tetakandes rustningskapplaup på utstyrsfronten, so karane va helder tonge i trakkje. Komne fram i fjellbjørkeskogjen vart det støpp før å kike på flymotoren frå en Messerschmitt 109, so ligg att ette luftslagje over Hjørundfjorden i femåførti. Et imponerande stykkje
61
tolvsylindra skrapjarn, og kanskje einaste delen ta flye so vart før tongt te at dei ryggsterke og oppørtunistiske Hjørundfjordingane såg se syn med å frakte det te gards før å nyttegjere se metalle. Fjellfanten kjende på vekta ta sitt eige isenkram bakpå ryggjen, å skjøna gøtt avgjerslå. Han hadde te liks med Ørstingen, prikkevert alpinimaget, med innkjøp av assorterte sjokkfarga dingsa frå sortimange te Skandinavisk Høgfjellsutstyr, utstyr so brann itte å kome se ut frå skåpa, og derfor i litt før rikele mengde va stappa i, og uttapå, dei turkise, lilla, og vel anatomiske Lowe-sekkane. Det va vel gale nøkk å dragse på isøks og stegjarn og sela og karabina og annja sikringsgreie, om en ikkje sku ta på se vekta ta en V12 frå Daimler Benz nedette ræsene?
62
måten. Orda va no hondrede år gamle. Fjellfanten og Ørstingen bestemde se for Slingsby si returrute te forsøke på si eiga fysstebestigning ta Brekketinden. Det va den so hadde blitt normalrutå opp, ette det dei kunne skjyne utifrå Randersbokja, so va rekna so sjølve «rutebibelen» før fjelltura på Sunnmøre då disse begjivenheitene fann sta. De va fukti luft blitt, og skøddedøttane dreiv gjønå skara oppme tøppen, so va helder vanskele å få aue på. Dei klivra se oppette ura mot brebøtnen, no me rosa og lysegrøne dagstursekka, me raud og fluorgrøn isøks bakpå. Det va vandelaust å finne fram te breen, so endå, på dinne tia, låg heilt ned i pøytå nedst. Det va derette ei høgtidsstond knytt te å finne fram den ferske isøksa, so blenkte skaftraud, med polert obesudla blad, i et vekslande skøddelys. patchell Breen var snøvdekt, med jamn fjorårssnøv. Berre her og der Ette at dei sjokkfarga børene, med berara, hadde lagt bak se det ha det bråna fram stripe ta blåis. Alpinistane venta med stegmatchande turkisblå Isvatne, og karane hadde sett se mette, jarn og tøg, og heldt høgrekanten ta isen oppette sidå opponde både på slogjeforma te Slogjen, og på kvasstaggane i sydlie Sandgrovhønnje. Oppstigninga gjekk sytalaust, om det ikkje Brekketindrekkjå, drubba dei se tyste fram te smeltevasstjøn- va før regnet og skøddå, so meir å meir antyda at ditte ikkje va nene på Steinreset. Sjokkaldt brådagen før tindekliv. Uten vanska i nevatn vart gløypt, sopass at alpinidet heile, og endå uten å finne fram «De va ditte nyfalne kvite, stane røs i holdet i kvar si ryggvåte tøg eller stegjarn, va karane komne ulltrøye. Kanskje ikkje berre ta se te skaret sydvest for tøppen. Dei i tillegg te eventuell is på kaldevatnet førrestn. Rett fram låg glytte rondt hjørnet te vestsidå. Der, sjølve fjelle, so kom te å verte nemle Smørskredtindane. Dei frami skuggen, låg det nysnøv, og tøppen vanskjen, det va dei sikre på, sto som meir og meir folne, ofjelge sjøl va kje å sjå i det grå. Verken og bratte, te nærare dei sto, å te meir både Fjellfanten og Ørstingen.» Fjellfanten eller Ørstingen hadde det va tydele, at der oppå, der rådde særle klatreerfaring, so dermed vart allereie frosten. Det va mestå so ei det vedtekje vendereis. Før begge, trøyst å finne i det fysste synet ta Patchellhyttå. Ho virka syd- fylgde so ei fysstegongsutprøving av isøksglissade i egne spor, landsk lun der ho låg, på en grønare flekk i ura, långt oppon- nedette bakkane på breen. Men når det kom te stykkje om de dissa grå og svart-kvite fjelltrøllja. Fjellfanten sende en tak- kvelden, smakte nøk nederlagje sterkare enn både isøksglisknemli tanke te ´nå Charles Watson Patchell, so hadde arangert sade og Toro si jegergryte. Samtidi klarna det utom nøvene og finansa og dugnada i dei, tydelegvis fjellglade, 20-åra, og slik Smørskredtindane fekk soleisn plage draumane ekstra sterkt, fått opp den fysste hyttå. Det va kjærkome med et reir å krullje når det ettekvart vart krøpe i pøsane. se ihop i, innimylljå fløga so låg i landskape rondt. Inne viste de se å vere følketomt og ei vike sida siste innskriving i hyttebokja. Snøvrennå Om det va et varsel ska kje vere sagt, men seinhaustes va visst Hovden he omset nå Slingsby når det gjeld klivring på ikkje rekna som sesong. Fjellfanten stod for oppfyringa, Ørstin- Smørskredtinden i 1889 me: gen fann fram kartet, og Toro sto før innhaldet i grytene, so vart «Då eg gjekk over Skylstadbrekka med Mohn i 1876, vart eg servert mylljå isøkse, karabina og stegjarn, so passele tefeldigt, mykje teken av eit vent snøskard over Smørskredtindeggja, rett men tydele statementaktig, låg te pynt og inspirasjon på bordet, under det kvasse nordlege stupet. Dette skardet tyktest no å sånn i tefelle det sku kome følk rekandes. kalle på oss so sterkt at me kjende oss næsten ikkje i stand til å avslå innbjodinga, sjølv om det var audsynt at sydveggen på Brekketind fjellet var klivande.» «Sept.3.1889: Gjorde fyrste oppstigning på Brekketind. Det er Skaret låg der neste mørgå me, ganske nøyakti hondre år og ein framifrå fin klippetopp omgjeven av bredar. (...) Me steig en måne ette nå William Cecil. Men det einaste so va «audsynt» opp på toppen etter Nordryggen, som var temmeleg vanskeleg, neste mørgå, va at vere lest vere te dei bergtekne sin fordel. Det men steig nedatt ein lettare veg, mot det bredebassenget som va klarna, og tøppane skar se inn i klar haustluft. Like klart va vender mot Smørskredtindane. Utsikta var storfeld» det at i dag skulle det klivrast te tøpps, når berre stegjarna, so Det e Dagfinn Hovden so omset skrivelsane hass William Cecil kravde ei halv verktykasse og godver og medvind attpå, før å Slingsby, frå Climbers Book ved hotell Union på Øye, på dinna kunne justerast, vart ferdijusterte! Tøge vart ette kort disputt lagt att, då vendereis vart sagt å vere et greit alternativ, i tefelle det vart sopass skarpe tehøve oppi der. Isskrua heldt ikkje i nysnøv likevel. Det va snøvbreen i rennjå mylljå tindå so gjaldt som veg, sia det altso låg meir fersk nysnøv på dei høgste delane ta fjelle. De va ditte nyfalne kvite, i tillegg te eventuell is på sjølve fjelle, so kom te å verte vanskjen, det va dei sikre på, både Fjellfanten og Ørstingen. Det vart pakka niste og utstyr,
Isøksdebut mylljå Smørskredtindå
tydele potensiale for harakiri. Angsten før å spidde se sjøl på si eiga isøks, eller gjer se travallje me å rive kneledde rett av, gjønå hekting me stegjarna, va lite lystele utsikte. Dei to oppstigande hadde plutsele kvar si psyke i ondabakke å dragast me. Solsidå På plussidå i slike skråninga, kjem heldivis faktume at det e i motene det gjeng oppette. Dessutn e motbakke me stegjarn, teknisk sett, mykje meir beinkløyvt enn å stavre se neatt. Ditte, i lag me utsikt te sol, minne om nederlagje dagen før, og lengt ette fast og flatare grunn, dreiv karane inn i, den i stonda påkravde, mental fysstehjelpa, og te framdrift opp. Psykisk småklene velte dei se skranglande gjønå skaret, te breen på sørsiå og ettelengta solskin. Som kontrast te skrekken i snøvrennå, låg naivitetens nysnøv der og glinsa i lunka haustsol, og dekte både sprekke og anna fanteskap. Fysste drikkepause vart nytta te drøftinga om vidare framdrift. Ørstingen va optimist, men beklaga se litt over det attlagde tøge, me tanke på breen. Fjellfanten va skeptisk på klyvinga, men va trygg på at det innbydande vegg til vegg teppet i kvitt, va et mindre faremoment enn fjelle. Begge tok feil! Ei utafør alle føreskrifte, livsfarle, lausreipa, men sytalaus brekryssing, gjekk onda utn nøke oheld, og førte ned mot den bratte rennå på sydaustsidå. Rennå va i golage og baud på fin innstegssnøv. I lag med sola, va det ditte posetive innslage so redda bestigninga.
og trass usikkerheita på ka so venta, lagt optimistisk i veg oppgjønå morenerøbbane. Ette en go halvtime va mjelkesyrå komen i høgd me mylljågølve, å bakkjen va åt å bratne sopass at isenkramet måtte fram. Øksa te fjellfanten glinsa tong og løfterik i høgrehanda, og stegjarna, so hadde løsna onde utprøving på hyttevølln, hadde endele fått stramma neoprenreimane sopass, at dei såg ut te å halde se i nærkontakt me dei austerrikske biksaumskorne. So vart det plutsele so å gå inn i Slingsby sine opplevinga: «Eit bratt skredelaup førte oss opp i eit breidt snøgjel som me kleiv opp i tverrlykkjor. Dei siste to hundrad fot med snøv var svært harde, so me laut hogge steg med isøksorne.» Oppette snøvbreen passerte Fjellfanten og Ørstingen ei brei Tøppen og styggdjup sprekke i hølgresidå ta den harde snøven. Ho baud Klivringa långs nedsnøva småhylle, og gjønå mindre hamra og gjønå form og omfang, på tydelege løfte om karriereavslutning, opptak oppette gjølet, gjekk opåklagele. Sakte, men sikkert, kom i tefelle nøken kom rutsjande ovaette. Vegvalet gjekk derfør smile og trivselen på plass att me Fjellfanten. I den lause snøven diagonalt mot venstre, då alt plutsele begjynte å hardne te. va det plutsele Ørstingen so vart bleik om nebbe, men ikkje verre Leggane skolv i mjelkesyrekok, enn at utsikta frå varden, 1630 og hjernå tok inn høgfrekvenmeter over Hjørundfjorden, kunne «Som kontrast te skrekken te meldinga om konsekvensa av nytast i strålande haustsol i totida. snubling med stegjarn i 45 graders «Utsynet er sjølvsagt prektig, men i snøvrennå, låg naivitetens gnalljhard oppebere. Kunnskapkan ikkje mæla seg med det frå nysnøv der og glinsa i lunka en om øksegrep å vektplassering Slogen», sei Slingsby’n i klatreboka ved oppbremsing, og nøkre vage på Øye. For Fjellfanten og Ørstinhaustsol, og dekte både sprekke minne om klatrelektyren sine gen va opplevinga nøke heilt anna, og anna fanteskap.» fakta rondt hardheita i fjorårssnøv, og gjekk mångfaldige gånga uttapå seig i bylgje mot synapsane. I tidlegare Slogjetura, prega so dei snøvrennå på si side, seig varmeva ta alvore te tindane so dei no gradene omerkele over i kuldegrade, like fort so hellingsgra- endele sto på. dene strekte se mot høgare siffer. Snart va Ørstingen sitt øs over So tøppa flest, e Smørskredtinden me et vendepunkt. Øksene endele å få brukt utstyret på rett, gått over i ristande symaskin- vart et herkje på veg neatt, beit ikkje på snøven, men kreksa legga og innadvendt prusting. Fjellfanten på si side, sokk inn i og krøkte se fast der dei ikkje sku. Hellingsgrad og formasjona djupe eksistensfilosofiske betrakninga om Meininga og Målet, gjer at rennå i sydaustsida e enj ta dei mindre triveleg stadane i ettekvart so kjennsgjerninga om at nattefrøsten hadde glasert verda te å drubbe se i køllj. Konsentrert og långtekkjele makking heile den skuggefulle rennå, begynte å realisere se. Utsikta nedette svødene vart det. Ørstingen fann trasiheitene å redslå neatt i den før passerte sprekkå, begjynte dessutn å bli svim- før enderøysing med øks i handa trasigast, men begge va gla før lande. Både grepet om den harde virkeleheita på skråplanet, og på ny å kunne stege ut på breen i bøtnen. I bringå va det likevel grepet om den no livsviktige øksa, vart betydele stramma på få åt å snurpe se ihop en viss skrekk før ondabakkjen mot Patchellminutt. Isreiskapen va rett nøkk før harde kare, men hadde også hyttå, nord før skaret. Skrekken vart ikkje nøke bere ta at dei, få meter før avstigning frå den, til då, triveleg breen, stirde skrått nedi ei beistele glyvre, so ette alt å døme, ha gitt se te kjenne medå dei sjøl hadde kava i brattene på sjølve tinden. Dei hadde
63
antakele kryssa fleire snøbrue ta okjend kvalitet lengre nede, og likte ikkje å tenkje på det dei te då ikkje hadde tenkt so mykje på. Stegjarna te nedstigninga vart monterte i ettetånken si stillheit, med en svak trekk få skuggane bak skaret mot ryggen.
64
Bøtnen Knastringa frå jarna va tydele i beskjeden då dei trakka inn i skuggelandet. Drubbing va ikkje på tale, og vegen ned kom te å kreve sin mann. Fjellfanten va turr i kjeften ta konsentrasjon, allereie før han såg over kanten. Den føreskrivne sidelengse gångå med alle taggane i isen, slik han va å finne i Gangdal sin litteratur om klatring og brevandring, vart vurdert som rein galskap. Det vart baklengs gånge me fronttagging, allereie ifrå tjue graders skråning. En fot i gongen. Kjenne ette. Neste fot. Kjenne ekstra ette. Stend begge? So flytte øksa. Kjenne grundi ette. Steg på 30 cm, et og et. Sakte. Konsentrert. Huske pusten. Gløyme mjelkesyrå i legganje. Konsentrere seg. Styre øksa. La ne henge, ikkje brekke. Memorere oppbremsingsrutine i tefelle det glepp. Nye steg. Sjekke Ørstingen. Han såg ut te å klare se? Nye høgg. Oppatt og oppatt. Behove for å riste ut og kvile leggane oppsto allereie før rennå va på det brattaste. Blikka bakover, nedgjønå rennå va te å gyse ta, Patchellhytta en pirliten prikk i bøtnen. Å bli lemlesta i sprekkå der det flata ut, va et høgreval. Knallhard steinurd og knastrete knausa te å gjer se travallje på, på venstresidå, et annja. Fjellfanten imylljå Smørskredtindå valde det trie, og det einaste berekraftige: å vere en trepunkts varmeflekk av livsvilje på krypetur gjønå ditte hardfrøsne helvete. Det va då det fysste feilhøgge kom! Øksa so glapp i eit slite handledd. Balansen so svikta et kløyvt sekund. Metallsmaken i munnen, meda begge vøttane stødde se stivt på ispanseret, og han, ette lynglimtet av angst i hjernå, kjende at stegjarna endå hekk. Hell og lukke! Fjellfanten va fire små metalltagga, og to skjelvande legga myllå å vere og ikkje vere i gravitasjonen og den polerte isbakken si lunefulle hand. Derette lirkinga av øksa innatt i nøven, og påminninga om å puste. Det va definitivt ikkje hyperventilering so va løysinga her. Dei følgjande forhandlingane med Vårherre og motparten hass, vidare langs skråplane, vart omfattande. Diskusjonen me se sjøl om ka so va verst ta invaliditet og død, likeso. Korte glimt av angst, og absurde lovnada om nye hobbya, role familieliv, og lavlandet sine oppofringa, om han berre kom ut av dei neste treddeve minutta, fekk møte kjæresten og slekt og venna på ny, og levde, med mesteparten ta helså i behald. Fantasia om mjuk møse i flatt terreng, om skog, sommarsol og kjøtmiddag med dessert, om kjæresten sin varme famn, sytti mil onda, om musikken sine glede og om store glas med øl. Kort sagt, lengten ette normaliteten og sivilisasjonen si tryggheit og dei kravlause slettene sine løvnada om
kvild, va det so dominerte i tankå. Resten gjekk på sakte autopilot. Fjellfanten imylljå Smørskredtindå kjende se nær bøtn i se sjøl, men hekk endå høgt oppe i ei frøsa snøvrenne, med same hellingsgrad so Keopspyramiden. Trettande time Det va teslutt Ørstingen so kom fysst ne. Han hadde unngått feilhøgg, å va dermed psykisk meir i balanse å nøke mjukare i rørslene. Fjellfanten va emosjonell då føtene endele trakka på mjukare snøv, der hellingsgrada va tebake på onde tredeve grade neafør sprekkå. De vart mestå jogga i stegjarna mot hyttå, men då isøks endele skulle leggast frå se, og stegjarna takast ta, nedpå morenerøbbanje, hekk øksa fast i nøven. Han hadde knepe so lenge å so hardt rondt øksa at han måtte bruke makt med venstrehanda før å løsne grepe. Derette fylgde hyttevask med støle krøppa, og lång kveldsmarsj med tongesekkå, nedatt gjønå Långseterdalen. Då dei endele velte utstyret inn i doningen, og fekk lufta lestane ette långtidstortur i Austerrikarstyvlå, hadde karane vør på farta i tretten tima. Før Fjellfanten va returtrakkinga et trakk gjønå ettetanken. Då de i bilsete, endele va ferdirydda i tankå, va trettande timen openbert blitt starten på ei ny tidsrekning, og et meir heilhjerta vestlandsk tindeliv. Lovnadane frå snøvrennå virka nøke ynkelie i etteti, å va snart transformerte te lovnada om å ta det meir førsikti. Skulle han slå inn på den smale sti, so vart det gjønå kurs å opplæring, ikkje gjønå forsaking av tinderangel. Han hadde innsett nøke ta det so sjølvaste Slingsby’n hadde førfekta lenge før: At tindesporten drog i hop og føredla det beste ti øss, i disse møta mylljå øss og det Store i fjellå. Fjella hadde audmjuka Fjellfanten, og han va i ferd med å lære. Tullferdene te nybegyndarå te trass, tindeopplevingane hadde før alvor gripe tak ti nå, og han va innstilt på å bli læresvein. Men fysst laut han tebake te grankratte i aust. Han hadde en jobb å seie opp, og et flyttelass å hente. Øvst på lasse sku han legge boka hass Slingsby. Tia å skjebnå fekk vise ka so elles vart me tebake over vasskilje.
13 RÅD FØR Å FØRBLI EN FJELLFANT •
IKKJE VER GAPEN OG TRU AT DU E STØRRE ENN FJELLE!
•
LÆR DE Å LYTTE TE FJELLE, SO DU VEIT NÅR DU HE AUDIENS!
•
HUSK AT GRAVITASJONEN E KONSTANT, UANSETT KOR HØG DU E PÅ DE SJØL!
•
VEL ALLTI TUR OG AKTIVITET ETTE EVNE OG ERFARINGSNIVÅ!
•
LYTT TE FØLK SO HE VØR UTE EN VINTERDAG FØR!
•
TA DE RÅD TE KURS (SJØL OM DU E SUNNMØRING OG/ELLER FØDD VERDSMEISTER!)
•
HUSK AT SIKRING PÅ SNØV, IS OG FJELL, E HANDTVERK SO MÅ ØVAST!
•
LÆR DE TEKNIKK Å UTSTYRSBRUK ONDE TRYGGE TEHØVE, FØR DU TRENG DET I TERRENGE!
•
KNYT DE TIL ERFARNE FJELLFANTA SO ØFTE DU KAN!
•
BRUK IKKJE PENG PÅ STEGJARN, UTN FYSST Å HA ISØKS, SO DU HE LÆRT DE Å BRUKE!
•
KRYSS ALDRI BREA LAUSREIPA PÅ SOMMAR, HAUST Å FØRVINTER!
•
SNU TIDSNØKK TE AT BÅDE DU Å FJELLET STE DER NESTE ÅR ME!
•
KOMBINER PRAKSIS ME TEORI, OG MOTSETT.
Isøksdebut mylljå Smørskredtindå
ordliste LOKAL ORDLISTE, SORTERT ETTER FØREKOMST I TEKSTEN
nyle tylft grus ta gneiss å drubbe møle hyskje sjynå struplevêr ikkje snøytt å frette långsme vellete ræsene so ventele va prikkevere slogjeform å gløype røs i holdet folne ofjelge mestå fløga vandelaust pøytå tøg nøvene «audsynt» morenerøbbane biksaumsko gnalljhard oppeberre øs å gjere se travallje beinkløyvt småklene lausreipa et herkje å krekse i køllj långtekkjele enderøysing glyvre lestane styvlå
nyleg / nettopp eit dusin grus av bergarten gneiss, den mest vanlege på Sunnmøre. snuble bit / del av kjøleg / trekkfullt / prega av trekk og fukt sjøen / fjorden vêr med strupleregn, plaskande nedbør ikkje heilt å spørje ut langsetter godord og takkseiing stiane som ein kunne vente stelle med tanke på haldbarheit, og sette istand form som ein slogje, ei møkkaharv med vifteform eldre nynorsk ord for å sluke / svelgje fort unna fekk frysningar / ilingar gjennom kroppen fryktelege utrivelege nesten stupa enkelt dammen tau her: hushjørna Dagfinn Hovden brukar dette om openbert / tydeleg morenerabbane / høgdedrag skapt av morene kraftige skinnstøvlar i lær med beksaum knallhard skare opprømtheit å skade seg så ein vert hjelpetrengande enkelt småsjuke her: uinnbunde. Alternativt: utøyla / utan restriksjon ei ulempe, noko å plagast med å plundre / pratisk tulle det til overende keisam, langdryg å gå kast i kast sprekke sokkane støvlane
65
ljøbrekka TEKST: PETTER HJØRUNGDAL / FOTO: HAMISH MELVILLE
«Her har folk vandra i uminnelege tider både i sorg og glede, av plikt og av hyggje.»
66
ljøbrekka
Forklaring av namnet Ljøbrekka Erling Ljøen har butt på Ljøen mesteparten av livet sitt, og er svært oppteken av, og veit mykje om vegen over Ljøfjellet. Vegen har vore kløvveg i uminnelege tider, seier han, og namnet Ljøbrekka kan forklarast slik: Sidan det var så bratt, måtte ein byggje opp under kløva slik at ho ikkje velta. Det gjorde ein med å fylle ein striesekk med gras og leggje under salen og kløva. (I Aasen si ordbok står: Ljo el Ljø: 1. Nylig nedslaaet Græs. 2. Kløvtæppe, Underlag for en Paksadel, bestaaende af et Uldtæppe, en Straapude og et Skind).
Det har vore farveg over Ljøfjellet i uminnelege tider. Vegen vart etter kvart ein del av «Den trondhjemske Postvei» mellom Bergen og Trondheim. Vedtak om ein slik veg, vart gjort i 1674, men det var ikkje fast postrute første åra. Brev, vesentleg offentlege, vart sende når det var behov. Ruta gjekk då over Flofjellet og ned til Hellesylt. Den 13. mai 1785 vart det ved Kongeleg resolusjon vedteke fast postombering, ein gong i veka nord- og sørover mellom Trondheim og Bergen. Strekninga vart målt til 70 mil og transporten skulle ta om lag 113 timar. Postvegen vart den første «riksvegen» gjennom fylket og gjekk gjennom kommunane Stranda, Ørskog, Vestnes, Molde, Gjemnes, Tingvoll, Surnadal og Rindal. Frå 1786 gjekk ruta gjennom Hornindalen og Langedalen til Hellesylt. Derifrå var det båtskyss ut til Naustberget ved Ljøen (ca 5 km), og så heldt ruta fram over Ljøfjellet (805 m.o.h.) til Herdalen og vidare ned Strandadalen til Ous og Sløgstad via Drege og Framhus. Det var bøndene, såkalla postbønder, som frakta posten. Dei fekk visse gode for dette, m.a. slapp dei verneplikt, og det var og ei attåtnæring. riksvegen Posten vart transportert over Ljøbrekka fordi det var rimelegare enn å ro han på fjorden. På land kunne ein mann åleine frakte posten, gåande eller ridande, men på sjøen trong ein tre rorskarar for å få posten fram. I tillegg er Sunnylvsfjorden og svært vêrhard. Kring 1785 vart den gamle ridevegen gjennom Strandadalen utbetra. Arbeidet vart utført av bøndene på Stranda. Vegen kom no i riksvegklasse og vart farande for vogner og karjolar mellom Herdal og Ous med skyss-skifte i Kolbeingarden på Helstad. Staten fastsette, og delvis kosta dette, då den nyoppretta landpostruta mellom Bergen og Trondheim kravde betre vegsamband. Den første tida gjekk vegen over Ljøfjellet meir rett opp og ned. Restar etter den gamle vegen finn ein fleire plassar, m.a. ved Ljøsætra. I Ljøbrekka opp frå Herdalen var utlagd ei 245 m lang og tre tommar brei tjørebreidd trosse som var festa i toppen av stolpar som stod etter kvarandre opp gjennom brekka, og denne trossa kunne folk halde seg faste i eller entre etter. Trossa starta godt til venstre for tunnelinnslaget (sett nedanfrå), og slutta til høgre for øvste svingen (sett ovanfrå), slik at ho var ikkje i kontakt med svingane som kom seinare. Trossa var på plass fram til 1956 før ho vart teken bort. Ein meter av henne ligg på postmuseet i Bergen.
både fjellredd og mørkredd Ofte kunne det sikkert vere vanskeleg å finne vegen over Ljøfjellet, spesielt vinterstida. Frå toppen mot Nykkjevatnet (kalla Vardane) og fram på kanten mot Herdalen vart det difor sett opp vegvisarar (høge stikker). Desse var festa i steinvardar. Det var sikkert ofte eit umenneskeleg slit å kome seg over i all slags ver, spesielt opp og ned Ljøbrekka mot Herdalen. Det vert fortalt at postberaren Abraham Stefanson Herdal (1798-1880) fekk seg ein støkk ein gong. Det var vinter med mykje snø og tungt føre, men over Ljøbrekka skulle og måtte han. Då han var komen om lag midt opp i bergsida, glapp skiene. Mannen med postskreppa visste ikkje ordet av det før han rulla med ei lita fonn rundt seg nedover bratta. Han fann seg sjølv att, forfrosen og fortumla, nede på det islagde vatnet under Brekka. At postføraren etter denne hendinga var både fjellredd og mørkredd, skal ein ikkje seie noko på. den kongelege postjegeren Postomberinga måtte gå unna utan forseinkingar, og av og til kom såkalla postjegerar rundt for å kontrollere dette. Ein vinterdag ein slik postjeger dukka opp i Herdalen, meinte postføraren at det ikkje var vêr til å fare over Ljøfjellet. Men postjegeren stod på sitt, og dei for opp Ljøbrekka, vidare over snaufjellet etter vindskeive snøstikker og kryssa seg ned bratthenget til Ljøen. Der stod Ljøbonden og rorskarane klare med seksringen for å bakse i motvinden inn fjorden til Hellesylt. På heimvegen, som også gjekk i kvasse snøelingar, sette postbonden beint utfor Ljøbrekka mot Herdalen, men han korkje såg eller høyrde noko meir til den kongelege postjegeren. Postbonden klatra difor opp att fjellsida og fann han hjelpelaus i ein snøskavl. Han hadde gått kast i kast nedover, og postbonden måtte buksere den mørbanka, omtumla og blåfrosne stakkaren til gards i Herdalen. Sidan høyrde ikkje postbøndene i området meir snakk om forseinkingar. Farbar veg for 8400 kr Krav om breiare veg over Ljøfjellet kom alt på 1820-1830-talet. På Ljøsida vart nokre brattheng sikra med rekkverk, og det vart bygt landingsvor (steinbryggje). Ved Kongeleg resolusjon av 4. april 1860 vart det løyvd pengar til utbetring av strekninga Ljøen-Herdalen til «en nogenlunde bekvem ridevei» med vegbreidde frå 1,6 til 2,5 m., og i Ljøbrekka opp frå Herdalen vart det samstundes laga 21 slyngar på vegen for å gjere han lettare farbar. Ingeniør Hans Krag, som seinare vart vegdirektør, var formann for veganlegget. Arbeidet kosta 8400 kr.
67
68 Både på Herdalen og på Ljøen var det tidvis behov for overnatting for dei som skulle over Ljøfjellet. Dette medførte både arbeid og kostnad, og ein brukar på Ljøen sende difor søknad til kommunen om pengestøtte. Kommunen behandla søknaden, men såg seg ikkje råd til støtte. I staden vart søknaden vidaresend til amtmannen i Molde. Derifrå kom det ikkje svar. Søknaden vart sikkert liggjande og mygle i ei eller anna skuffe. Hovudveg fram til 1962 I 1841 vart det sett inn dampbåt i ruta mellom Bergen og Trondheim. Etter kvart som dampskipsfarten vart betre, vart posten ført over frå land til sjø. Det var no sett i gang regulær rutetrafikk også på Sunnylvsfjorden, og posten skulle gå med desse rutene. I 1867 vart difor postruta over Ljøfjellet nedlagd. Postførarane på Ljøen og på Herdalen miste no attåtnæringa si, og Herdalsgardane vart fråflytta (1868) og omgjorde til sætrar. Eigarane flytta til Kjølås og kjøpte seg ny gard der. Ved Kongeleg resolusjon 23. juni 1868 vart postvegen frå Bergen til Trondheim nedlagd som post- og hovudveg, og nedgradert til bygdeveg. Men vegen over Ljøfjellet hadde vorte teken opp som hovudveg frå og med året 1855, og var delvis i bruk som transportåre mellom bygdene også etter 1867, heilt fram til den nye vegen mellom Sunnylven og Stranda kom i 1962. Sykkel og saltomortale Gerhard Kjølås fortel ein del frå Herdalen. I 1894 hadde ein Agent Andersen frå Ålesund forvilla seg fram dit. Han kom syklande på ein velosiped i von om å få selje slike. Det var delte meiningar om dette nymotens vedunderet, og somme vaksne meinte det var enklare måtar å gjere slutt på livet sitt enn å kjøpe ein slik. Men ungane var svært interesserte i velosipeden, og var overlukkelege når dei fekk fingre litt med han. På tilbaketuren sykla agenten seg utfor ei bru i ein sving, gjorde saltomortale og hamna i ei lita tjønn. Folk sprang til for å hjelpe han, men heldigvis hadde han berre fått eit sår på eine
kneskåla, og han sykla vidare etter å ha reparert litt på sykkelen. Sommaren 1919 rulla den første bilen inn på sætretunet. Ljøbrekkas vener Første gongen eg gjekk over Ljøfjellet, var i samband med ein skuletur ved Stranda Ungdomsskule, truleg mot slutten av 1970-åra. Vi starta frå Ljøen og eg hugsar vi hadde avtale med Postmeister Hoem. Han møtte oss ved foten av Ljøbrekka mot Herdalen og fortalde interessant om postvegen si historie. Hoem var svært interessert i den gamle postvegen over Ljøfjellet, og visste mykje om han. Vegen over Ljøfjellet er no berre brukt som turveg, men det er kanskje den mest kjende og mest brukte turstrekninga i Stranda kommune. Norvald Kjølås brukte i si tid ein god del tid og krefter på å halde vegen i stand, og Stranda Sogelag, under Oddbjørn Langlo si leiing, administrerte noko reparasjon av vegen nedst i Ljøbrekka mot Herdalen rundt år 2000. Likevel er vegen mange stader til forfalls, og difor vart det i 2014 danna ei foreining, Ljøbrekkas vener, som har som mål å utbetre vegen. Arbeidet blir omfattande og kostbart, for veggrøfter og stikkrenner må utbetrast, vegmurane mange stader må murast opp igjen, og ein må også fleire plassar fylle på masse som vatnet har grave bort. Strekninga frå parkeringsplassen i Herdalen til foten av Brekka vart stort sett gjord ferdig i 2014. I sommar/haust er planen å gjere ferdig strekninga frå fylkesveg 60 på Ljøen til Spønhaugen, i 2016 frå Spønhaugen til toppen av Brekka mot Herdalen, og i 2017 og 2018 vil ein sluttføre prosjektet ved å restaurere Ljøbrekka på Herdalssida. Arbeidet skal utførast av sherpaer i samarbeid med gravemaskinentrepenør. Planane er ambisiøse, men vi har god kontakt med kommune, fylke og stat, så vi har god tru på at vi skal klare å gjennomføre dei. Fylke, næringsliv, organisasjonar og folk i kommunen har og hjelpt oss med pengar, og det vonar vi dei vil gjere også vidare framover. Truleg vil samla prosjekt koste 10-12 millionar kroner, men då har ein også fått ein veg som vil vare i mange tiår framover.
ljøbrekka
69
Ein kan sjølvsagt lure på om det er meining i å bruke så mange pengar på eit slikt prosjekt. Eg meiner det, og det har fleire grunnar. Vegen er eit viktig historisk dokument over vegbygging i tidlegare tider. Sjølve vegen i Ljøbrekka er imponerande arbeid. Murane ved Spønhaugen er svært vakre og vitnar om fagarbeid av beste slag, og bru-kara over elva ved utløpet av Fremste Herdalsvatnet, er og eit flott byggverk. Desse skal vere mura av arbeidsformannen på Herdalssida, Karl Klokk, far til m.a. Einar og Knut Klokk, som og arbeidde på anlegget. uminnelege tider Vegen over Ljøfjellet fortel og om tidlegare ferdsel. Vatnet som ligg nær toppen av Ljøbrekka, ber namnet Kremmarvatnet. Grunnen til dette skal vere at ein kremmar, ein omreisande handelsmann, drukna her for mange, mange år sidan. Og kunne steinane tale, ville vi sikkert fått vite om mykje anna som har gått for seg over Ljøfjellet.
Turen over Ljøfjellet er og ei flott naturoppleving, og sjølve turvegen er framifrå for trening og trim. I tillegg kan ein velje andre turalternativ med utgangspunkt frå denne vegen. Eg vil her nemne turar som over Båsenibba, opp til Styggevassdalen, eller gå Kamb-Ola-flåna til Heiestølen og ned til Timbjørgane. Ein kan og fiske i Fremste Herdalsvatnet eller i Nykkjevatnet. Om vinteren kan ein gå opp frå Ljøen og finne fleire alternative turar frå området ved Ljøsætra. Ein kan mellom anna gå over fjellet, via Brevatnet, og kome ned til Emdalen. Å sitje på Båsenibba, ved Spønhaugen, eller på toppen av Ljøbrekka ein fin sommardag eller sommarkveld, er litt av ei oppleving. Her kan ein nyte naturen, og meditere over kven som har gått over Ljøfjellet før, og kven som vil gå her i framtida. Her har folk vandra i uminnelege tider både i sorg og glede, av plikt og av hyggje, og her vil unge og eldre også i framtida kunne oppleve den vakre naturen.
Hald pusten 70
TEKST: OLE KRISTIAN ÅRDAL / FOTO: FANTEFILM
I haust kan du sjå Ane Dahl Torp kjempe mot vassmassene då katastrofefilmen Bølgen rullar over kinolerretet. I det verkelege livet synest ho naturen er masete og trivst best i dramaet på teaterscena. – Første gongen eg høyrde om Åkernesremna, stod eg på kaia på Stranda. Det var i 2001, mens eg jobba i Molde. Då var vi alltid på Stranda og spelte teater på kulturhuset. Eg såg over til andre sida av fjorden, der fjellet hadde rasa ut for lenge sidan, og syntest først og fremst at det var veldig spennande, men eg blei jo ikkje redd. Klokka har akkurat passert ni då Ane Dahl Torp (39) svarar telefonen med morgonfrisk stemme frå kjøkkenet i Oslo. Bærums-jenta er ikkje den lettaste å få tak i om dagen. Ho er nyleg komen heim frå Noregsturné med teaterstykket Haugtussa, og er i full gang med førebuingane til å spele utandørsteater på Akershus festning i juni. Vi skrur klokka eit år tilbake, til då ho var i Geiranger under innspelinga av Bølgen. Katastrofefilmen som baserer seg på den faktiske moglegheita for at fjellpartiet under Åkernesremna ein dag skal rase ut og skape ei flodbølgje på over 80 meter. – Eg takka ja til filmen for å få jobbe med Roar Uthaug. Han er skikkeleg flink og har laga bra film før. Så fekk eg jo spele med Kristoffer (Joner, red.anm.) og det heile. Eg liker ekstremt godt å spele med Kristoffer. Han er så god på å vere til stades her og no og har ein stor grad av eigenart. Ane har spelt med Kristoffer Joner fleire gongar tidlegare. Blant anna i filmar som Kodenavn Hunter og Gymnaslærer Pedersen. Joner, som speler rolla som geologen Kristian i Bølgen, har dei siste månadane vore mykje i Statane, der han har spelt inn film med sjølvaste Leonardo DiCaprio. Ane speler rolla som Idun i filmen, kona til Kristian og direktør på hotellet.
STRANDA – Eg blir jo litt sånn glad når eg kjem opp til Geiranger. Vi budde på eit kjempefint hotell (Hotel Union Øye, red.anm.) i ei av bygdene like ved, der ein tysk keisar brukte å bu når han var på ferie. Då eg budde i Molde, reiste vi mykje rundt i området på turné. På Stranda låg det ein pizzarestaurant i andre etasje som eg var så glad i. (Mamma Rosa red.anm.) Vi køyrde gjennom Stranda i fjor sommar, og eg blei så skuffa då eg såg at den ikkje var der lenger. Sigurd Drege, dagleg leiar ved Storfjord Kulturhus, mimrar tilbake til Ane Dahl Torp sine Stranda-besøk: – Det eg hugsar best er då ho hadde hovudrolla i Isslottet. Der gjorde ho ei fantastisk rolle. Ho hadde ei unik utstråling på scena og eit vesen som i det store og det heile trollbatt publikum. Då var ho ikkje veldig berømt, men alle skjønte jo at ho her kom til å nå langt. 40 000 LITEr vATN Under innspelinga av filmen måtte Ane vere fleire veker i Romania, der alle scenene under vatn blei spelt inn i eit spesiallaga filmstudio. På eit tidspunkt blei to vasskar med til saman 40 000 liter vatn sprengt for å fløyme over ein heil hotellresepsjon. Inne i resepsjonen var Ane. – Produsenten sa i eit intervju før innspelinga begynte, at dette var dei to tøffaste skodespelarane i Noreg, som hadde takka ja til dette. Eg hadde jo lese manus, men på ingen måte tenkt på kva det innebar. Eg liker ikkje å bade ein gong! Eg
Hald pusten
ANE DAHL Torp SKODESPELAR, regissør og manusforfattar. FØDT 1. august 1975 i Bærum. Dotter av professor i nordisk språk Arne Torp og lektor Berit Helene Dahl. UTDANNA ved Statens Teaterhøgskole i 1999. Arbeidde tre år ved Teateret Vårt i Molde før ho fekk jobb ved Det Norske Teatret i Oslo. DEBUTERTE som filmskodespelar i Kvinnen i mitt liv i 2003. AKTUELL med den kvinnelege hovudrolla i katastrofefilmen Bølgen som handlar om at fjellpartiet over Åkneset rasar ut i Sunnylvsfjorden og skaper ei 80 meter høg flodbølgje.
hadde trening med ein fridukkar og såg masse videoar på Youtube om å halde pusten. Rekorden min er på tre minutt! Ane prata dagleg på Skype med ektemannen Sjur Miljeteig (41) og barna Liv (3) og Sigurd (5) under opphaldet i Romania. Sjur var på forhand sjokkert over at Ane i det heile hadde takka ja til ei slik rolle, og var bekymra for at kona hadde det kjipt under innspelinga. Det er kanskje ikkje så rart når kvardagen består av å vere våt og ha på seg tunge blylodd 12 timar dagleg. – Det var først då eg kom heim at eg kunne seie at det hadde vore heilt fantastisk. Det var skamgøy då vi gjorde det, sjølv om eg ikkje er ein ekstremsportperson. Alt var så på ordentleg. Det var ei spektakulær oppleving. Etter innspelinga har vi vore inne for å ettersynke alle scenene som har med vatn å gjere. Og etter å ha sett filmen, har eg berre ein ting å seie: Eg elskar Bølgen! NATurMENNESKE? – Eigentleg ikkje. Det er så mas å pakke alle desse utstyrsgreiene, at det liksom krev å ta med seg noko. Vi må ha med mat og no har eg barn, så då må eg ha med dassrull også. Ein må bruke eigne turklede, som eit eige kostyme. Det er så masete. Sonen min er ekstremt glad i å vere i skogen, men vi har berre tatt han med to gonger på fem år. Det er ingen tvil om at fleire år som Oslo-borgar, med dagleg påverking frå skyskraparar, brustein og caffè latte, har sett djupe spor i ei sårbar teatersjel. Men Ane kan fortelje om ei tid då livssituasjonen var annleis: – I Molde spelte eg teater om kvelden, var 25 år gammal og hadde ein god del tid til overs. Dermed fekk eg meg hund og gjekk mykje i skogen. Eg fekk også ein del venner som dreiv med ekstremsportslege ting, men den beit eg ikkje på. Ane har ikkje tid til å snakke meir. Ho skal sykle til jobb på Nationaltheatret og er allereie seint ute. Den 20. august kan folk over heile landet sjå ho kjempe ein kamp på liv og død mot dei massive naturkreftene som framleis ligg i dvale, høgt over Åkerneset ved Sunnylvsfjorden. Inntil vidare nøyer ho seg med å kjempe mot morgonrushet i Tigerstaden. Heldigvis brukar ho sykkelhjelm.
ÅKErNESrEMNA FJELLSPREKKE på 700 meter over Åkerneset ved Sunnylvsfjorden som utvidar seg med opptil 15 cm i året. FORSKARAR har vurdert omfanget av dei ustabile fjellmassane frå 30-45 millionar til heile 100 millionar kubikkmeter. Til samanlikning var Tafjord-raset som krevde 40 menneskeliv i 1934 på tre millionar kubikkmeter. FLODBØLGJA som eventuelt vil kome om heile fjellet rasar ut samtidig kan i verste fall bli 80 meter høg. Mest sannsynleg vil den vestlege delen av sprekka rase ut før den austlege. Noko som vil gjere omfanget betydeleg mindre. ÅKERNES/TAFJORD BEREDSKAP overvaker fjellområdet med det mest avanserte overvakningssystemet i verda. Frå beredskapssenteret på Stranda kan dei nøye følgje utviklinga og varsle turistar og dei lokale innbyggjarane i god tid før raset kjem.
71
Matatur på Skaffaren TEKST: OLE KRISTIAN ÅRDAL / FOTO: IWAN GROOT
Som born gjekk Ellen-Beate Wollen (49) ofte på matatur på Skaffarhaugen. Etter 30 år ute i den store verda, mellom anna fleire år som vinbonde i Spania, har ho no tatt med seg familien og flytta tilbake til Stranda. Og lidenskapen for mat – den er større enn aldri før.
72
Eg er invitert på middag. Det har eg blitt før, fleire gongar, ikkje noko spesielt med det, men denne gongen er det annleis. Den som inviterer er nemleg forfattar av heile fem matbøker, har skreve om mat for mellom anna KK, Allers og Kamille, jobba som programleiar for TV2 og ikkje nok med det: Ho og mannen, Erik Strand, har til og med eigen «bodega» i Spania, der dei produserar naturvin. Eg ringer på døra til huset deira i Movegen, på austsida av Skaffarhaugen. – Hei, velkommen inn. seier Ellen-Beate og Erik. – Tusen takk. – Vi kom akkurat inn døra sjølv, men vi er straks klare. seier Ellen Beate. – Kan ikkje du fyre opp grillen under furua som står over huset? Det klarar du vel? spør Erik. – Klart han klarar det. svarar Ellen-Beate. Du må ikkje bli sjokkert om du finn truser eller sokkar bak huset. Det er berre hunden vår, Bella, som har forsynt seg av klesvasken. Ellen-Beate og Erik kom akkurat ned frå Strandafjellet, der ho no jobbar som marknadssjef. Erik tar sommelierutdanning ved sidan av å jobbe som IT-ansvarleg hos møbelfabrikken Langlo. Dei to trefte kvarandre i Oslo. Ho var journalist for bladet «Det Nye» og laga ein reportasje om «vennegjengen som den nye familien». Då møtte ho ein «kul, samanspleisa gjeng» som ho sjølv blei ein del av. Men den kulaste i gjengen mangla. Det var ein drammensar som var på utveksling i Spania og Ellen-Beate blei nysgjerrig på å møte denne unge mannen. Etter ei stund kom ein solbrun Erik tilbake til fedrelandet og resten er historie. Eg kliv opp på berget bak huset og fyrer opp grillen under furua. Frå berget er det ei nydeleg utsikt, både utover og innover i fjorden. Ikkje lenge etter kjem Ellen-Beate med ei korg full av ymse matvarer. – Du er kanskje spent på kva vi skal servere deg i dag? – Veldig spent. – I dag skal du få smake kjekjøt frå Melchiorgarden i Norddal. – Oi. Det har eg aldri smakt før. – Stranda har heile åtte bruk som driv med geit, og har nokre av Noregs største geitebruk. Likevel er det nesten umogleg å få kjøpt kjekjøt her. I dag blir omlag 90 % av hankjea destruerte. Blant anna fordi folk ikkje er interessert i kjøtet. Ellen-Beate ristar oppgitt på hovudet.
– Før blei geitekjøtet sett på som mindre bra, men dette har forandra seg no. Dei har betre fôr og betre forhold. Kjekjøt er ei rein delikatesse om ein berre førebur det riktig. Den siste boka di heiter Gratis mat – 50 ville og velsmakende vekster. Kva kan vi finne av gratis mat her på Stranda? – Sjå på fjellgardane. Folk lurer på kvifor i alle dagar folk ville busette seg der, men sanninga er at fjellsidene langs fjorden er svært fruktbare. På Skotungane veks det ramslauk. Den liknar på liljekonvall, men er etande og smakar godt. Av ramslauk kan vi blant anna lage ramslaukpesto og ramslaukpuré. Mange av dei gamle stadnamna rundt oss kjem frå det som veks der, som til dømes Ramstaddalen og Jolgrøhornet. Jol betyr kvann og grø betyr gro. Altså er det ein plass der kvann gror. På Fausa, i fjellsida ned mot kraftverket, veks det mykje oregano, eller bergmynte som planta heiter. Vi har så mykje rundt oss, og mange av desse plantene er stappfulle av antioksidantar. Likevel vel vi heller å gå på apoteket og kjøpe det som tilskot på boks. Medan eg lyttar til Ellen-Beate, tenkjer eg at dette er informasjon absolutt alle i pizzabygda Stranda burde vite om. Medan vi ventar på at Erik skal bli ferdig å marinere kjekjøtet nede i huset, serverar Ellen-Beate kvit geitost med pærechutney som appetizer. Bølger av velvære forplantar seg gjennom heile kroppen medan osten smeltar på tunga. Slagordet på heimesida, www.ellenwollen.no, er «En ren nytelse». Både Erik og Ellen-Beate slår meg som livsnytarar av rang. – Livet handlar om å yte og nyte. seier Ellen-Beate. Noko av det koselegaste og viktigaste vi gjer som familie, er å samlast til middag kvar dag. Der får vi snakke om ting og korleis vi har det, samtidig som vi loggar av frå den digitale kvardagen. Ingen mobil eller internett. Spanjolane er flinke til det – å vere der dei er. Dei tek ting meir som dei kjem. Folk har mindre å rutte med. Det einaste dei har å by på er seg sjølve, og det gjer dei til gangs. – Her er vi alltid på neste stad i hovudet, skyt Erik inn, som har kome opp med kjekjøtet som han legg ut på grillen. – Første gongen vi blei invitert på søndagsmiddag i Spania, hadde vi planlagt å vere der ca. to timar før vi drog vidare. Vi skulle jo legge inn eir par søndagsaktivitetar til, men vi fant fort ut at planane for resten av den kvelden gjekk i vasken. Søndagsmiddag i Spania er ei oppleving som varar heile dagen. Først er det middag, så skal ein gjerne gå seg ein liten tur, sove litt, så kaker, kaffi, prate, leike og plutseleg er det seint på kveld.
Matatur på Skaffaren
– Kor lenge budde de i Spania? lurar eg på. – Seks år, svarar Ellen-Beate. – Var det ikkje åtte? spør Erik Eg skjønar at tid fort blir eit relativt omgrep på vingardar i Spania. Plutseleg høyrer vi noko rasle i trea bak oss og ein eldre vandringsmann med stav kjem luskande ut av skogen. – Eg trudde først det var indianarar her i skogen, men så såg eg at det var kjentfolk. – Nei, hallo! Så kjekt å møte på den karen i skogen, seier Ellen-Beate. Vandringsmannen har vore norsklærar for både meg og EB på ungdsomsskulen. – Har du helsa på mannen min, Erik? spør Ellen-Beate. – Nei, det har ikkje eg. Han strekk fram handa og introduserer seg. – Berge, Ivar Berge. Eg har bidratt til oppdragelsen av desse to, men eg trur ikkje dei har tatt varig skade av det. Ivar blir ståande og prate ei stund før han begynner å vise teikn til oppbrot. – No må eg nesten skrive inn deg også i intervjuet, seier eg til han. – Ja, det må du gjere. Du kan skrive: «Som ved eit heldig uhell drubba ein eldre pensjonist innom.» – Det skal eg gjere, lovar eg medan Ivar drubbar seg inn i skogen igjen. – No er maten klar. seier Erik. Hunden Bella og døtrene Hannah (14) og Juni (11) har også kome opp på berget for å ete med oss. Kjekjøtet blir servert med rømme, tomatar og omnsbakte poteter. Kjøtet har rik og god smak, men eg knotar fole med kniven og gaffelen medan eg sit i ei litt keitete sittestilling på bakken. – Du får lov til å ete med fingrane altså. seier Ellen-Beate og smiler. – Det fine med å ete ute i naturen er at ein ikkje treng å vere redd for å miste maten på golvet. Kva var grunnen til at de valte å flytte heilt frå Spania til Stranda? Erik svarar: – Døtrene våre blei aldri heilt spanske. Dei kjente seg litt utanfor og på eit tidspunkt måtte vi bestemme oss for om dei
73
skulle bli spanske eller norske. Etter at vi kom tilbake til Noreg, var det berre å knipse med fingrane så var dei inne i den norske kulturen. Men ein ting heng igjen frå Spania. Der er sola den verste fienden og ein er alltid på jakt etter skugge. Medan andre ungdommar kosar seg i sola her i Noreg, gøymer Hannah og Juni seg i skuggen. Sjølv på påskefjellet i dag prøvde Juni å gøyme seg mellom to buskar. – Sjølv kunne eg faktisk tenkje meg tilbake til Oslo, der vi budde før vi flytta til Spania. Det var Erik som ville til Stranda, seier Ellen-Beate. – Skulle vi tilbake til Oslo, hadde det blitt eit lite rekkehus på 50 kvadrat. På Stranda kan vi bu i stort hus med fin natur rundt oss. Det var eit enkelt val, seier Erik. Ellen-Beate innrømmer at ho også er nøgd med valet. – Det er dette som er røtene mine, og naturen betyr meir og meir for oss alle. Og ikkje minst – det er her vi har familien vår. Ja, så har vi jo framleis garden vår i Spania. I sommar skal vi vere der heile seks veker. – Drøymen måtte vere å få syklistar til å frakte vinen vår frå garden ned til hamna i Spania, og deretter seile vinen med seglskip frå Spania til Stranda. Meir økologisk enn det kan det ikkje bli. Erik smiler lurt. Eg skodar utover mot Stordalsholmen og ser for meg store seglskip kome seglande innover fjorden, fulle av tønner med Erik og Ellen-Beate sin vin. Det er eit fint syn.
Kjetaco OPPSKIRFTER, TEKST OG FOTO: ELLEN BEATE WOLLEN
74
Eg må innrømme at eg er ein forkjempar for at vi skal ete meir kjekjøt. Kjekjøt har fått eit ufortent dårleg rykte. Noko av det ryktet meiner eg skuldast for dårleg tillaging. Mange ser på det som kjipt kjøt. Men det finst ikkje dårleg kjekjøt – berre dårlege måtar å lage det til på. Her har du vår aller beste oppskrift. Helsing Erik og Ellen-Beate Kjetaco med heimelaga «kålslaw» og tyttebærrømme Eg har prøvd å oversette både pulled goat og pulled pork til norsk – men har ikkje heilt lykkast. Så det er like greitt å lære seg omgrepet med det same, so får det vere så som så med norsken. Vår kjetaco er ei fri tolking av den meir kjende «pulled pork sandwich». For kvifor ikkje bruke det vi har aller mest av og et minst av: kjekjøt. Å langtidsbake lår og bog i ovnen på svak varme i fleire timar, til kjøtet mest går i oppløysing fordi det er so mørt, er løyndommen med meir enn kjekjøt. Du kan gjere det same både med lammelår og svinekjøt – det blir heilt fantastisk. Bruker du denne metoden med kjelår eller bog, kan du lage ein god kjøtmiddag med bakte grønsaker og poteter, og du har base for ei fantastisk suppe, eller ein herleg gryterett. Vi vel å strimle kjøtet, for etter denne behandlinga er det faktisk så mørt at du berre kan rive det opp i strimler og servere det i heimelaga kveitetortilla med coleslaw og tyttebærrømme. Eit supert alternativ til fredagstacoen. Gled deg!
oppskrift: Nok til 4-8 personar 2 kjelår/bog av unge kje (1-2 kg) 1 boks tomatar, gjerne økologiske 1 stor løk 1 stor gulrot Timian og andre urter etter smak Salt og peppar 4 knuste fedd kvitløk 2 dl vatn
Sett omnen på 150 grader. Legg låra i langpanne og hell over tomatar, grovkutta løk, gulrøter og kvitløk. Krydre med salt, peppar, kvistar av timian og andre urter. Hell på vatnet og legg aluminiumsfolie tett rundt langpanna. Sett midt i omnen og bak i to til tre timar til kjøtet er så mørt at det slepp beinet. Ta ut låra og sil krafta i ei gryte. Strimle kjøtet med ein gaffel (det er her «pulled» kjem inn i bildet), og legg i krafta. Sett på lokk og sett til side. Tyttebærrømme: Bland eit beger økologisk rømme med eit par spiseskeier tyttebærsyltetøy etter smak. Hell i ein liten serveringsbolle. Kålslaw: Skjer kål i fine strimler. Riv eit grønt eple og skjer ein raudlauk i tynne ringer. Bland saman med eit par spiseskeier økologisk lettrømme og ein skvis sitron. Smak til med salt, peppar, og gjerne litt flytande honning. Det skal ikkje vere for mykje dressing. Legg i ein serveringsbolle.
Kjetaco
KVEITETORTILLAS
oppskrift: 20 stk 7 dl kveitemjøl 2 ts salt 1 ts bakepulver 2,5 dl solsikkeolje 2,5 dl kokande vatn
Bland det tørre. Hell i olje og varmt vatn og bland kjapt saman til ei laus deig. Du skal ikkje blande for mykje, då blir tortillaene seige. Del i 20 like store bitar, dryss på kveitemjøl og legg eit handklede over. La stå i 20 minutt for å kvile. Varm ei steikepanne til middels varme. Kjevle ut deigklumpane til tynne lefser og steik i eit par minutt på kvar side i den tørre steikepanna. Legg over eit reint handklede for å halde på fukten slik at ei ikkje blir harde og tørre. Varme kjekjøtet i krafta, og sil gjerne av krafta, eller sett gryta på bordet og ta opp kjøtet med ein gaffel slik at krafta renn av. Krafta set derimot god smak på kjøtet, derfor heller vi den ikkje ut. Den kan også danne base for ei god suppe seinere. Legg ei tortillalefse på tallerkenen, legg på «pulled» kjekjøt, kålslaw og tyttebærrømme. Nyt!
ROGNEBÆRBLADISKREM oppskrift: 5 dl heilmjølk 2,5 dl kremfløte 2 nevar unge rognebærblad/rognebærbladskot 200 gram sukker 6 eggeplommer Eg må nesten gi deg ei oppskrift på «gratis» mat også. Denne iskremen er ei lita overrasking for dei aller fleste. Den smaker nemlig ei blanding av pistasj og mandel, og får i tillegg farge som lys grøn pistasjiskrem. Første gongen eg vart merksam på rognebærblada sin mandelsmak, var på eit kurs i plukking av ville vekstar. Tygg du på dei unge skota på rognebærblada, vil du først ikkje kjenne noko, men so, etter nokre sekund, kjem den intense mandelsmaken fram. Trekk du dei unge blada i fløte, får du ein enno klarare mandelsmak. Eit perfekt utgangspunkt for herleg iskrem. Basisoppskrifta på sjølve iskremen er inspirert av Eivind Hellstrøm. Du kan også trekke blada i varmt vatn og koke inn med sukker for å få ein base for sorbet. Men ver obs. Når blada er fullt utvaksne, mister dei den karakteristiske mandelsmaken. Då må du vente til neste år, om du ikkje er lur og frys ned bladskota. Då kan du lage iskrem akkurat når du vil. Hell mjølk og fløte i ei gryte og legg i blada. Varm opp til kokepunktet (skal ikkje koke), og la stå under lokk og trekke i kjøleskap, gjerne over natta. Pisk eggeplommer og sukker til eggedosis, og hell over mjølkeblandinga. Pisk saman og varm opp igjen i ein kjele til kokepunktet, eller til kremen startar å tjukne (80 grader). Kjøl ned blandinga, og hell i ei ismaskin, eller hell over i ein bolle du kan ha i frysaren. Frys isen, og rør gjerne i den med jamne mellomrom slik at du unngår krystallar i isen. Server som den er, gjerne pynta med eit lite rognebærblad.
75
sommar FOTO OG STYLING: RIKKE WENNEVOLD OG ELDRID SOGNNES KRISTOFFERSEN PRODUKT FRÅ LIGA KLÆR OG G-SPORT STRANDA
Kva er betre enn musikk på øret, sol i håret, og ein dukkert i spegelblank fjord. Vi har teke fram våre sommarfavorittar på Stranda.
76
sommar
77
78
Kva skjer i sommar? No treng du ikkje vere usikker på kva du skal ta deg til i sommar. Her finn du ei lita ovesikt over det som skjer i bygda og nærområdet.
Nibberittet Geiranger / 6.juni Nibberittet er eit turritt på 21 km arrangert for 16. gongen. Det går frå Geiranger sentrum opp til Dalsnibba, 1500 m.o.h.
80
Wild West Trail Weekend med Uteguiden / 23-26. juli Ei helg med fart, puls og adrenalin i hjartet av Sunnmørsalpane. Tre dagsturar med base på Villa Norangdal og fjelløping med lett sekk.
Kurs i «Gratis mat» med Ellen-Beate Wollen på Overvoll gard / 13-14. juni Kurset tek utgangspunkt i boka «Gratis Mat» som Ellen-Beate Wollen gav ut i fjor.
Olsok i Valldal / 26 og 27. juli På laurdag inviterar Valldal idrettslag til ein dag med mange opplevingar. På søndag er det Olsok-feiring i kyrkja.
Teltets dag på Stranda Feriesenter / 20. juni Teltets dag er ein dag det inviterast til gratis overnatting i eige telt på Stranda Feriesenter. Det blir også aktivitetar som barn og vaksne kan delta på.
Stranda Fjord Trail Race / 22. august 33 km langt fjelløp opp Liavarden via Blåorna og Stranda sentrum med målgong på toppen av Roalden. (Strandafjellet, eller kort og godt Fjellet)
Midtsommardagar i Norddal / 26-28. juni Kyrkjekonsertar, midtsommardans og nye vinklingar på program og aktivitetar.
Wild West Trail Weekend med Uteguiden / 27-30. august Ei helg med fart, puls og adrenalin i hjartet av Sunnmørsalpane. Tre dagsturar med base på Villa Norangdal og fjelløping med lett sekk.
Hjørundfjorden rundt med Uteguiden / 29. juni – 4. juli Bli med guidane til Uteguiden på ein av dei mest spektakulære fjelløpeturane i Noreg, Hjørundfjorden rundt – 6 dagar i Sunnmørsalpane.
Storfjordstemne, Friidrett i Eidsdal / 31. august Valldal idrettslag inviterar til Storfjordstemne i fridrett.
Hellesyltdagane / 3-5. juli Tivoli, handelsbodar, konsertar og Hellesyltløpet.
Strandadagar m/Alperittet Sykkel / 4-6. september Livlege dagar på Stranda. Alperittet Sykkel og konsert med «70-talsbanda på Stranda» Eit gjensyn med Nothing is Easy, Fem på Fem, Butterfly Galore, Akropolis, Mon Cheri, Zeltic og Joy. Konsert i storsalen. Dans med APS Lonely i Kalvehagen etter konserten
Hjørundfjorden rundt med Uteguiden / 13.-18. juli Ny moglegheit for å bli med Uteguiden på fjelløpetur rundt Hjørundfjorden – 6 dagar i Sunnmørsalpane.
Opning av pilgrimsleia i Valldal / 6. september Offisiell opning av pilgrimsleia gjennom Valldalen. Pilgrimsvandring, gudsteneste med biskopen og kyrkjekaffi.
Mefjellet Opp / 19. juli Motbakkeløp opp Mefjellet. 7 km langt og 1100 høgdemeter er noko å bryne seg på for både konkurranseløparar og mosjonistar.
Yoga frå Fjell til Fjord, Villa Norangdal / 10-13. september Yoga North står for yogatimar på fjellet og ved fjorden, EllenBeate Wollen kursar oss i sunn gratis mat frå naturen.
Valldal Summer Games / 2-5. juli Ekstremsportfestival i Valldal
ny kokk
ny kokk «Eg har alltid hatt ein draum om å vere rockestjerne. Men ikkje kan eg synge, og heller ikkje spele. Kjøkkenet er min scene.»
Anders Adolfsson frå Gøteborg har budd på Sunnmøre dei siste sytten åra. Heime på Valderøya, der han framleis bur, står kajakken klar i garasjen. I sommar flyttar Anders til Stranda og den nye kjøkkensjefen på Stranda Hotel gler seg til å setje kajakken på fjorden. – Gleda og interessa for mat har eg frå barndommen. Far min var konditor og eg vaks opp i ein heim kor mat var viktig. I starten av tjueåra dreiv eg mitt eige konditori utanfor Gøteborg. Eg var ung og galen og trudde det var ein smal sak å drive eige konditori. Det blei ei verdifull erfaring som eg tok med meg vidare på matferda mi. Anders har sidan den gong blitt ein svært erfaren kokk. Etter at han kom til Sunnmøre har han vore med å starta og drifta Smak Restaurant, vore kjøkkensjef på Thon Hotel, og drifta sin eigen restaurant, C&C, i Ålesund. Det siste han gjorde, var å jobbe på Ona og Finnøy Havstuer for Classic Norway. Men kvifor Stranda? – Eg vaks opp langs kysten og elskar fridomskjensla eg får på havet. Eg får den same kjensla av fridom i fjellet. Moglegheita for å kombinere jobben med eit mangfaldig friluftsliv, drog meg hit til Stranda. Ute i naturen får eg energi, kreativitet og inspirasjon til å lage god mat. Eg har alltid med meg sekk og kniv på fjellturane mine, slik at eg kan plukke med meg ulike vekstar eg finn i nærområda. I tillegg til å vere kjøkkensjef på Stranda Hotel har Anders også ansvar for matserveringa på Roaldspaviljongen på sommaren. På vinteren skal han også stå for maten på Fursetpavilijongen og varmestova. Svensken lovar å servere den autentiske smaken av fjord og fjell. – Gjestane skal få kjenne smaken av maten som ei forlenging av områda dei har vore på tur i. Kortreist mat, krydra med ulike impulsar eg har tatt inn frå reiser eg har vore på. I sommar brukar vi sesongvarer frå nærområdet, det same gjeld til hausten og vinteren. Menyane på hotellet og Roaldspaviljongen kjem til å vere ulike. Maten på Roalden kjem til å bere preg av fjellet.
81
stranda fjord trail race 22.08.2015 Stranda Fjord Trail Race er eit fjelløp som går av stabelen for første gong den 22. august i år. Løpet går gjennom vill og vakker vestlandsnatur og tek løparane med på imponerande naturopplevingar, høgt over Sunnylvsfjorden. Enkelte parti av løpet er luftige, men krev ingen klatre- eller klyveferdigheiter. Løpet startar inne i bygda og følgjer fin tursti opp til Liavarden (799) og Duklidalen. På veg opp til Fremste Blåhorn (1478) og vidare over Heimste Blåhorn (1336) blir terrenget betrakteleg brattare og meir alpint. Når ein kjem ned ryggen frå Fremste Blåhorn går løypa vidare gjennom myrterreng til Vardnakken (878) og Dregetua (693). Herifrå og ned til Stranda sentrum går løypa på fin tursti. Etter ein snarvisitt innom Stranda sentrum og fjordnivå, går løypa opp til målgang på toppen av Roalden (1230). Stranda Fjord Trail Race er 33 km langt og har 2600 herlege høgdemeter å by på. Sjå www.strandafjordtrailrace.com for påmelding.
82
alperittet på sykkel 05.09.2015 Alperittet Sykkel er eit terrengsykkellritt på Stranda. Løypa startar i sentrum nede ved fjorden, går opp til 450 m.o.h. i Hevsdalen før den stupar ned til Furseth og vidare opp til Liasætra. Der må ein krysse elva før ein følgjer løypa via Drege og Helsemvika tilbake til sentrum. Løypa har totalt 980 høgdemeter og går på asfalt, grus- og traktorveg. Rittet blir arrangert av Stranda Sykkelklubb under Strandadagane og har eit yrande folkeliv både ved løypa og i sentrum. Utanom konkurranseklassa blir det også arrangert kortare ritt for både barn og ungdom.
skotest
skotest Dei fleste assosierer Dynafit med førsteklasses topptursutstyr. Men den høgt akta skiprodusenten kan meir enn å lage lette toppturski og støvlar. Dei produserer også løpesko. Vi har testa to av årets nye modellar frå Dynafit.
Dynafit Feline X7 Skoa for deg som vil ha ein lett sko til alpine løpeturar. Vi vog skoa og kvar sko vog 297 gram i storleik 40,5. Solen er laga av Vibram, og har store luggar som bit seg godt fast på stien. Solen har eit tå til hæl-dropp på 8mm og den sit forholdsvis bra på både sleipe røter og stein. Skoa sitt som støypt på foten, mykje på grunn av Boa snøring-systemet. Dette systemet gjer at det også er lett å justere kor stramt skoen sit under løpeturen. Ein har nok plass i tåboksen som er verna av gummi. Hælen har tilstrekkeleg med støtte og skoen er veldig lett på foten. Det var ein draum å springe i oppoverbakkar med den. Og takka vere solen kjenner du deg trygg når du slepp deg laus i nedoverbakkar. Til og med på skråande stiar var det ingen problem med å halde farta oppe. Dette er ein tilnærma perfekt allroundsko for stiane og fjella vi har rundt fjorden. Feline er lett nok for korte og raske motbakketurar, og samtidig ikkje så minimalistisk at den ikkje kan brukast på lengre distansar. Perfekt for å springe inn til Patchellhytta og vidare opp på Slogen ein varm sommarkveld.
Dynafit pantera Dynafit Pantera er ein meir tradisjonell terrengløpesko. Den har tjukkare og stivare sole enn kva Feline X7 har. Men tå til hæl-droppet er framleis 8mm, noko som er lite for ein sko med så tjukk sole. Dette er veldig bra då det gjer det enklare å ha eit meir naturleg springesteg. Kvar sko veg 350 gram i storleik 40,5. Når ein tar på seg skoa, kjenner ein at her er foten godt verna mot alt som kan dukke opp på ein sti. Tåboksen, som har god plass til tærne, har eit vernande lag av gummi heilt ytterst, noko som er fint på fjellstiar med mykje stein. Hælen er også godt verna. Hælkoppen på skoa er ganske høg og veldig stiv. Når ein spring ter skoen seg overraskande responderande til tross for sin tjukke og beskyttande sole. Ein ting er sikkert, og det er at ein ikkje treng å uroe seg for å kjenne spisse steinar gjennom solen. Skoa har godt grep, spesielt på steinete underlag. Dynafit Pantera verkar til å være ein veldig bra sko for dei som vil springe langt i fjellet, gjerne over maratondistanse. Den vil også vere eit veldig godt val for deg som er på leiting etter ein lett og stabil sko for raske fotturar. Panteraen vil nok trivast veldig bra i Tafjordfjella.
83
Vi høyrer til her! Det er mykje inspirasjon å hente i naturen rundt oss. Gleda av å vere underveis er ofte like givande som å nå sjølve målet. For oss er det viktig å støtte verdfulle aktivitetar som skaper trivsel og velvære. Jo betre folk i Møre og Romsdal har det, jo betre har vi det.
TIBE
Leverandør av sjømat
”Vi har tilgang på de ferskeste og mest pålitelige forsyningene av råvarer til produktene våre.” Norsk Sjømat AS
Norsk Sjømat AS Norsk Sjømat Oppdrett AS Svemorka 26, 6200 Stranda Tel. 70 26 88 80. Fax. 70 26 88 90 mail@norsksjomat.no www.norsksjomat.no
Storm Seafood Inc. 86 Pond Valley Road, Woodbury, CT 06798 Tel. 203-263-6933 (kontor) pgati@stormseafood.com www.stormseafood.com
Vital Seafood AS Kyrkjegata 57, 6200 Stranda Tel. 70 26 84 90 jh@vitalseafood.no
Foto: Simen Berg, Arild Juul©Norwegian Seafood Council, Sven Raben©Norwegian Seafood Council, Tom Haga©Norwegian Seafood Council.
Norsk Sjømat Group
Informasjon OVERNATTING, MAT OG OPPLEVINGAR
OVERNATTING STRANDA Stranda Hotel 70 26 90 00 www.strandahotel.no Stranda Feriesenter 451 64 000 www.strandaferiesenter.no Strand booking 451 64 000 www.strandabooking.no
86
Ensetstova 91 74 47 24 www.ensetstova.no Overvoll gard 404 570 62 www.overvoll.no VALLDAL Juvet Landskaps Hotel www.juvet.com Valldal Camping 45 80 07 44 www.valldalcamping.no Fjellro Turisthotell 70 25 75 13 www.fjellro.no Gjerde Camping 70 25 79 61 www.gjerde-camping.no Jemtegård Feriesenter 70 25 90 20 www.jemtegaard.no Vika Ferie og Fritid 97 04 33 97 www.wiigen.no Jordbærstova Feriehus 70 25 76 58 www.jordbarstova.no
Skoglund Camping 91583230 www.skoglundcamping.no
Hotell Geiranger 70 26 30 05 www.hotel-geiranger.no
Valldal Hytter & Fritid 90101143 www.kragebakk.no
Grande Hytteutleige og Camp 70 26 30 68 www.grande-hytteutleige.no
HELLESYLT Stadheimfossen Camp og Hytte 70 26 50 79 www.stadheimfossen.no
Gudbrandsjuvet Camping 70 25 86 31 Muri Hytteutleige 702 57 542 www.murihytteutleige.no
Geirangerfjorden Feriesenter 95 10 75 27 www.geirangerfjorden.net
Hellesylt Camping 90 20 68 85 www.hellesyltturistsenter.no
Dalen Gaard Familiecamping 90 87 74 60 www.dalengaard.no
Villa Norangdal 70 26 10 84
EIDSDAL Eidsdal Camping 70 25 90 29 Solvang Camping 901 18 302 www.solvang-camping.no Hesthaug Gard 97 43 37 70 www.hesthaug-gard.no Solfjord 40964011 www.solfjord.no Eide Camping 70259744 www.eidecamping.com NORDDAL Petrines Gjestgiveri 92 23 48 20 www.petrines.com Relling Camping 70 25 92 13 GEIRANGER Hotel Union Geiranger 70 26 83 00 www.hotelunion.no
Homlong Camping Hytter 90 85 50 82 www.homlong-camping.com Solhaug Camping 70 26 30 76 w ww.solhaugcamping.no Vinje Camping 70 26 30 17 www.vinje-camping.no Geiranger Camping 70 26 31 20 www.geirangercamping.no Fjorden Camping 70 26 30 77 Homlong Gjestetun 70 26 30 40 www.fjelltuncamping.no Fossen Camping 70 26 32 00 www.fossencamping.no Hole Hytteutleige 70 26 30 30 www.holehytter.no
Westerås Hytteutleige 92 64 95 37
Hellesylt Motell 70 26 51 00 Hellesylt Vandrerhjem & Campinghytter 70 26 51 28 TAFJORD Tafjord Camping 97551535 www.tafjord-camping.no Olagarden Tafjord 911 57 953 www.olagarden-tafjord.no Tajord Båthamn og Camping 468 18 505 OMEGN Storfjord Hotel 70 27 49 22 www.storfjordhotel.com Hotel Union Øye 70 06 21 00 www.unionoye.no
Informasjon
OPPLEVINGAR
RESTAURANTAR OG KAFÉAR STRANDA Stranda Hotell Resturant Man – Lau 18.00 – 21.00 Søn 14.00 -18.00 Biffjørnet Man – Tor 10.30 – 21.00, Fre – Lau 10.30 – 22.00, Søn 13.00 – 19.00 Siena pizzeria og grill Man - Fre 11 – 22, Lau 12 - 02.30, Søn 12 - 22. Stranda Bakeri Man, Tir, Tor, Fre 07.00 – 16.30, Ons 07.00 – 13.00, Lør 07.00 – 14.30 Liga kafe. Man – Fre 10.00 – 17.00, Lau 10.00 – 15.00 Stranda Feriesenter resepsjon og servering Roalds Paviljongen på Strandafjellet er open når gondolen går.
Uteguiden 40 55 46 70 www.uteguiden.com Geiranger Adventure 47379771 www.geiranger-adventure.com Geiranger Fjordservice 70 26 30 07 www.geirangerfjord.no Valldal Aktivitetspark 480 90 599 www.valldalaktivitetspark.no Tafjord Friluftsbad 70 25 71 55
HELLESYLT Øcals Pizzabar 70 26 32 55
Norsk Fjordsenter 70 26 38 10 www.verdsarvfjord.no
Peer Gynt Galleriet Kafe/resturant 950 13 170
Tafjord Kraft og Skredsenter 468 93 255 www.kraftogskred.no
Geiranger Sjokolade 967 25 205 www.geirangersjokolade.no
VALLDAL Jordbærstova 70 25 76 58 www.jordbarstova.no
62O Nord 70 11 44 30 www.62.no
Café Olé 70 26 32 30 www.olebuda.no
Gudbrandsjuvet Kafé Kafè Lupinen
Friaren Bistro 70 26 30 25
Kulå Bowling 702 57 020 www.kula.no Lykkeriet 908 42 540 www.lykkeriet.no
GEIRANGER Braseriet Posten 70 26 13 06 www.brasserieposten.no Ola buda 70 26 32 30 www.olebuda.no
Naustkroa 70 26 32 30 Restaurant Westerås 70 26 32 14 www.geiranger.no/westeras
EIDSDAL OG NORDDAL Petrines Gjestgiveri 92 23 48 20 www.petrines.com
TRANSPORT Ingers Trans 40 45 13 33 www.ingerstrans.no
87
neste utgåve
88
Frykt ikkje. Om seks månadar kjem den herlege, mjuke og kjærleiksfulle puddern tilbake til Stranda. Det same gjer vinterutgåva til På Stranda. Då kan du blant anna lese og sjå bilete frå den eventyrlege sesongstarten vi hadde i fjor vinter, få tips til nye toppturar, bli med på besøk til Store Brekketind og Grjøtet, helse på Torill Slettvoll og finne mykje anna triveleg lesestoff frå verdas vakraste skiområde.
annonsar Sikre deg plass i neste utgåve. For info om prisar og format, kontakt: annonser@pastranda.no
N E S L E V E L P P O R U T
! S S O S O H R E T R A ST
UTSTYR E K IS F , R Y T S T U S T F V FRILU A G L A V T U T D O G R VI HA KSTED! R E V L E K K Y S T E G E OG SYKLER MED
Bestill på nett - hent i vår butikk!
STRANDA
Vi er på facebook
AS
Sjøgata 8, 6200 Stranda Tlf. 70 26 00 60. post@stranda.g-sport.no
BOOK DITT OPPHOLD PÅ
PRISER FRA
590,for 4-manns hytte
Over 300 senger i hytter på Strandafjellet og Stranda Feriesenter
© RAW REKLAME OG FOTO | Terje Rakke/Nordic life - Visitnorway.com
BO RIMELIG, OPPLEV MYE!
Bjørnestien Frisør
Oppgi kode: PÅ STRANDA og få 20 % rabatt på alle produkt frå BALMAIN i vår salong. +47 451 64 000
strandabooking.no | strandaferiesenter.no e-post: booking@strandabooking.no
#strandaferiesenter #strandabooking
90
RINGSTADVEGEN 67 / 6200 STRANDA / 70 26 00 44
Kundeutbye frå Gjensidige
annonsar
Vår unike eigarmodell gjer at vi utbetaler utbye l våre forsikringskundar. I år fekk våre kundar 15.4 % kundeutbye av innbetalt forsikringspremie.
91
Vil du også ha kundeutbye frå Gjensidige ? Ring oss på tlf 03100 eller besøk oss i Storgata 8, Stranda
Dagfinn Ødegård Privatmarknad
Terje Langlo Dagleg leiar
Roar Kirkhorn Landbruk og Næring
eldArt Grafisk
TRELAST B Y GG E V A R E R Vi har også entreprenør- og byggmesterforretning i tillegg til byggevareutsalg.
SPØR OSS NÅR DU HAR BEHOV FOR BYGGEVARER! Utkjøring til Strandafjellet og Fjellsætra etter avtale.
BYGGFAG Stranda Ous & Emdal Bygg AS
Åpningstider:
Mandag-Fredag: 08.00 - 16.30 Lørdag: 09.30 - 13.00 Ødegårdsvegen 125 6200 Stranda | 70 26 20 60 | fir mapost@ous-emdal-bygg.no | www.ous-emdal-bygg.no
Fagbutikken i Ditt Distrikt
www.byggfag.no
annonsar
TILBOD:
kr 3500,-
pr. veke til dei 6 første som tingar
BO HALVVEGS TIL FJELLS PÅ STRANDA
I NY UTLEIGESTOVE Ensetstova ligg i Karnelesgarden på Engeset, 7 km frå Stranda sentrum og berre ein unnabakke frå Stranda Skisenter (ski inn). I det nybygde huset kan du nyte stilla på landet og likevel bu sentralt til fjord og fjell med gode turtilbod sommar som vinter. Om du vil, legg verten opp til guida fjell- og toppturar. Ensetstova har to soverom med 5 sengeplassar og plass til 2 ekstrasenger.
Vi er en samfunnsbygger Peab - K. Nordang utvikler moderne samfunn der mennesker skal bo, leve og arbeide. Vi forstår de lokale forutsetningene, tar et sosialt ansvar og utfordrer gamle sannheter med nye løsninger. Det er det som gjør oss til en samfunnsbygger. Les mer om oss på peab.no/knordang
Booking: kontakt@ensetstova.no www.ensetstova.no • + 47 91 74 47 24 93
Chocolate with a view
Følg oss på Facebook: facebook.com/Stranda Energi As
- den perfekte smak Fjordnær Geiranger Sjokolade produserer utsøkt sjokolade med lokale råvarer og med inspirasjon frå norske fjordar og fjell. Sjokoladen blir laget i eit naust, midt i hjartet av verdsarvbygda. Vi er stolte over å servere deg eit reint produkt utan tilsettingsstoffer og konserveringsmiddel.
Geiranger Sjokolade AS N-6216 Geiranger - Norway
Tlf. +47 967 25 205
www.strandaenergi.no
Besøk oss på facebook ...og i Geiranger
“Look for the turquoise bike”
FOTO: MARTIN KRISTOFFERSEN
@PASTRANDA
WWW.PASTRANDA.NO
/PASTRANDA
Les magasinet digitalt
Facebook.com