Foto: Mattias Fredriksson
Utgåve 6 / Sommar 2017
EIT GRATISMAGASIN OM VERDAS VAKRASTE TUROMRÅDE
FIN DAG MED DØDSANGST
FJELLGEITA
FJELLSYKLING PÅ STRANDA
Are Kalvø sørger over alle vennene han har mista til fjellet.
Bonden og verdsmeisteren Emelie Forsberg satsar mot nye høgder.
Stjernefotografen Mattias Fredriksson tek oss med på fjellsykling kring Stranda.
- Norges beste utvalg av Oakley - Treningsklær herre/dame - Sykkel & tilbehør - Sneakers - Klær - Beskyttelse
Rask levering - Sikker betaling - E
Enormt utvalg - Kjente merkevarer
YNGVILD ÅM SOGNNES NYT EIN FIN SOMMARDAG MED BRETTPADLING PÅ EIN BLIKKSTILLE FJORD. FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
innhald 8
6
LEIAR
12
NYHENDE
14
STRESSFRI SHOPPING
16
HANDVERK RUNDT FJORDEN
18
HUDPLEIAREN
20
FAMILIETUR TIL ROALDSHORN
24
VILT, VAKKERT OG VÅTT I GUDBRANDSJUVET
28
VERTINNA
30
Å FARGELEGGE EN BJØNN
34
FJELLSYKLING PÅ STRANDA
42
FJELLGEITA
46
BORTETTER URKEEGGA
52
SØNDAG OG SKRUVEN
58
FIN DAG MED DØDSANGST
60
JAKTA PÅ FJELLFOLKET
64
KNIVMAKAREN I HELSEMVIKA
68
I FOTSPORA TIL OLAV DEN HEILAGE GJENNOM VALLDAL
72
FUGLEMANNEN
76
UTSTYR
78
INSTORDAL
79
NESTE UTGÅVE
80
INFORMASJON
COVERBILETE Foto: Mattias Fredriksson Syklistar: Kevin Landry og Janne Tjärnström BAKSIDEBILETE Foto: Martin André Kristoffersen PAPIR Omslag: Munken Kristal 240g m 2 Innhald: Amber Graphic 120g m 2 TRYKK 07 Gruppen AS
REDAKSJON
10
redaksjon MARTIN ANDRÉ
OLE KRISTIAN
DAVID
ANDRÉ
LARS
KRISTOFFERSEN
ÅRDAL
SVILAND
SKJEGGESTAD
JENSSEN
REDAKTØR
TEKSTREDAKTØR
TEKSTBEHANDLAR
ART DIRECTOR
FORMGIVAR
BIDRAGSYTARAR
8
Mattias Fredriksson Ein av verdas absolutt beste ski-, sykkel- og actionsportfotografar. Den arbeidsame og dyktige svensken er busett i Åre, men reiser omkring i verda med kameraet sitt. Håvard Myklebust Den sprekaste fjellfotografen på Sunnmøre. Fjellmannen frå Bjørke spring opp fjell raskare enn dei fleste. Til denne utgåva leverer han både bilete og tekst om den nye fine turen på Urkeegga.
ross Bodenmann Illustratør, kunstnar og fotograf. Bur på Vancouver Island i Canada. Krister Kanck Illustratør, skribent og renessansemenneske frå Bodø, buande i Oslo. Mathilde Knutsen Sprudlande friluftsjente frå Ålesund, buande i Valldal, der ho jobbar på Valldal Camping og nyt dagane med turar til fots og på hest.
Johan Inge Kistrand Triveleg nordlending som er høgt og lågt på Sunnmøre. I denne utgåva tek Johan Inge oss med på søndagstur til Skruven.
Mats Michael olsen Regissør hjå Spoon Agency i Oslo. Illustratør i PS. Puddelrock-entusiast (betre kjend som Mike Vox). Ein ekta multikunstnar.
Are Kalvø Ei levande legende og son av Stranda. Forfattar, satirikar, komikar, skodespelar og ikkje minst skribent for PS.
Ingvild Hegge Eriksen Tekstforfattarstudent frå Grong, buande i Oslo. I denne utgåva av PS skriv ho om då ho i fjor sommar jakta på kjærleiken på Stranda.
Blådalsbjønnen Bjørn, busett i Blådalen. Ingen har nokon gong sett han, men rykta seier han er mogleg å fargeleggje.
Takk til: Morten Gravdal, Astor Furseth, Rita Svorkås, Erlend Hjelme, Eldrid Sognnes Kristoffersen, TV 2, Oscar Almgren og Hedda Breien.
KAN DU TENKJE DEG Å BIDRA MED TEKST, ILLUSTRASJONAR ELLER BILETE TIL PS? SEND OSS EIN E-POST TIL POST@PASTRANDA.NO VI SER FRAM TIL Å HØYRE FRÅ DEG!
Slettvoll Møbler AS Skaffarvegen 105, Stranda www.slettvoll.no
leiar
10
Vi nordmenn er som kjend ganske opptatt av vêret. Allereie i løpet av vinteren byrjar mange å glede eller bekymre seg for sommarvêret. Når våren så kjem, er det nesten komplett umogleg å ete lunsj på jobb, treffe vener eller vere i andre sosiale samanhengar utan at nokon nemner dette berømte sommarvêret. Den dansk-norske forfattaren Ludvig Holberg sa at ærlegdom varar lengst. Vi skal vere dei fyrste til å innrømme at sommarvêret ikkje alltid er det beste på Sunnmøre, men ofte er det betre og varmare inne i fjorden enn ute på kysten (mrk. havtåka.) Sjølv ikkje verdas vakraste turområde har godvêrsgaranti. Men uansett korleis sommarvêret kjem til å bli, kan Stranda og omland garantere minneverdige naturopplevingar både på land, i vatn og i lufta. Den verdsberømte ski- og sykkelfotografen Mattias Fredriksson gir oss i denne sommarutgåva eit ærleg blikk på fjellsyklinga kring Stranda. Ifølge han held syklinga til tider verdsklasse, men det krevst mykje arbeid for å utvikle stinettet slik at Stranda kan bli ein sykkeldestinasjon i klasse med dei aller beste. Potensialet ligg der: Tek nokon utfordringa? Ein tur i Gudbrandsjuvet i Valldal tek deg til punktet der du må vere ærleg med deg sjølv om kva du vågar. Uansett kvar lista ligg for deg, er mestringskjensla enorm og elvevatnet like kaldt for alle. Emelie Forsberg er verdas beste kvinnelege fjelløpar. I fjor deltok ho på Stranda Fjord Trail Race. Vi fekk gleda av å besøke ho heime i Måndalen for ein prat om løping, mat, og livet med sosiale medium. Om vi skal vere ærlege, må vi innrømme at vi både gruer og gler oss til sommaren. På Sunnmøre finst det så mange fjell at det er vanskeleg å velje kvar neste tur skal gå. Blådalsbjønnen har telt over 500 toppar på 1000 hm eller høgare. Om du også slit med å bestemme deg for kvar du skal på tur, vil vi rå deg til å lese om fjellturane på Skruven og Urkeegga, og sjølvsagt ein av dei aller finaste familieturane du kan gå på Sunnmøre, turen frå Svartvatnet til Roaldshorn (Strandafjellet). Sjølv om vi ønskjer at alle skal få oppleve dei fantastiske fjellturane vi har her, må vi også vere så ærlege å innrømme det finst turar som er så fine at vi ikkje skriv om dei – nokre løyndomar må ein få ha, sjølv i 2017 der alt skal bli dokumentert, delt og kategorisert med emneknaggar. God sommar! – Red.
leiar
11
Andreas Fjellvang nyt utsika innover fjorden pĂĽ veg opp Skurahornet. Foto: Martin AndrĂŠ Kristoffersen
nyhende Kalender Midtsommardagar i Norddal 23.-25. juni Amcar-treff på Stranda 1.-2. juli Valldal Summer Games 6.-9. juli Hellesyltdagane 7.-9. juli Stranda Fjord Trail Race 19. august Oscar Danielson -konsert i samband med SFTR, Storfjord Kulturhus. 19.august Strandadagane 1.-3. september Cornelis och damerna 2. september, Storfjord Kulturhus. Butterfly Galore m/ gjester 16.september, Storfjord Kulturhus. Brothers in Arms – tribute to Dire Straits 23. september, Storfjord Kulturhus. Halvdan Sivertsen – «Ennu ikke landa» 20. oktober, Storfjord Kulturhus. Porter og Stout Ølfestival på Stranda, 27.-29. oktober Eva Weel Skram, 12. november, Storfjord Kulturhus.
12
Summit to Sea er no til sals i App store Tur-appen som er utvikla av Iris Fivelstad, som står bak Villa Norangdal, ligg no ute for sal i App store og Google Play. Summit to Sea er ei digital turbok kor brukaren har moglegheit til å skrive seg inn på fjelltoppar digitalt. På denne måten kan ein samle toppar uansett kor ein er på tur i Noreg eller rundt om i verda. Og brukarane kan konkurrere mot seg sjølve eller andre om tal på turar, toppar og høgdemeter. Nye tilbod frå uteguiden Uteguiden legg bak seg ein vintersesong med rekordbesøk. Over 700 gjester har vore ute på guida turar og skredkurs i fjella på Sunnmøre. No står sommaropplevingar for tur og produktporteføljen til regionens største guideverksemd blir utvida med guida sykkel- og kajakkturar, samt utleige av syklar og kajakkar. Med 15 syklar og 40 kajakkar er Uteguiden klar til å ta imot alt frå familiar som vil på tur til store grupper. I Stranda har Uteguiden besøkssenter rett ovanfor Stranda Hotel, og i Ålesund på Brunholmen. rekorddeltaking i Stranda Fjord Trail race Når PS går i trykken er allereie 450 påmelde til årets store løpefest. Deltakarar frå heile verda har meldt seg på det som har blitt eit av Skandinavias mest spektakulære fjelløp. Påmelding både til SFTR 33 km og SFTR Light 8,5 km på www. strandafjordtrailrace.com Sunnmøre Skilodge Nyoppstarta lodge som ligg på den gamle Tore-Gården i Velledalen. I tillegg til dei sjølvskrivne opplevingane i fjella kring lodgen, får gjestene moglegheit til å nyte «fjøsdagar» om vêret skulle vere for dårleg til tur, eller ein berre treng ein kviledag. Maten dei serverer er stort sett dyrka på garden, kor dei også ystar ost og brygger sitt eige øl. Ope frå september 2017. Etablert i sjokoladeverdstoppen Geiranger sjokolade har etablert seg i toppen av sjokoladever-
da. I år henta den lille sjokoladefabrikken i Geiranger heim tre sølv og ein bronse frå World Chocolate Awards i London. Hellesyltdagane Hellesyltdagane feirar 30 år i år og har blitt ein tradisjon for både lokale og tilreisande. 7. – 9. juli kjem folk i alle aldrar til den vesle bygda inst inne i fjordane og dei 600 innbyggjarane blir tidobla denne helga. Gatene blir fylt med liv og røre, bygda står på hovudet og sola brukar tradisjon tru å smile om kapp med glade menneske. I gatene finn ein over 50 buer, skulen blir gjort om til handelshus, og ulike aktivitetar for liten og stor finn ein på messeområdet. Det vert blant anna halde loppemarknad, gatevandring, tombola, «Ta sjansen», andeslepp og ikkje minst eit forrykande show frå utescena med både lokale aktørar og kjende namn. I år kjem både Sandra Lyng Haugen, Eldar Vågan og i kyrkja syng Maria Haukås Mittet. Strandadagane Livlege dagar på Stranda med aktivitetar for barn og familiar – konkurransar, handelsbuer på torget, konsertar, festtelt, Alperittet sykkel, Veteranbilutstilling og mykje meir. Stranda Porter og Stoutfestival Noregs mørkaste og mest sofistikerte ølfestival går av stabelen på Stranda Hotel 26-29 oktober. Ølsmaking, utstillingar frå ulike bryggeri og seminar. Kåring av beste øl i forskjellige klassar: frukostporter, porter, Baltisk porter, stout og Imperial stout. Laurdag kveld serverast ein tre retters porter- og stoutmiddag med smak av norske fatmodna akevittar med forteljingar frå representantar frå Akevittens venner på Stranda Hotel. Strandahytta Stranda fjellgrend lanserer Strandahytta – ei modulbasert hytte på 30 kvadratmeter med fem sengeplassar. Hytta kan fraktast på lastebil utan spesialtransport og setjast opp kvar som helst. Stikk uT-postar i Stranda kommune Ansok, Buvassbakken, Dregetua, Flofjellet, Herdalen - Ljøbrekka, Kurla, Langevatnet, Liahornet, Møllsvatnet, Nausane, Overåsætra, Svartevatnet - Roaldshorn, Vinsåshornet.
FOTO: HÅVARD MYKLEBUST
enern FJELLMARATON
7blaner.no
Stressfri shopping TEKST: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN / ILLUSTRASJON: MATS MICHAEL OLSEN
Sommaren er tida for lange frukostar ute på verandaen, ei tid for å drikke formiddagskaffi medan du les avisa og høyrer på rolege sommartonar over radioen, eller pakkar sekken og tar ein tur på fjellet eller til ei av dei mange fine strendene langs fjorden. Likevel er ein av livets harde realitetar at oss alle har eit visst behov for å handle inn til livets naudsyn sjølv om det er sommar – om det er mat, klede eller andre ting ein treng. No finst det ulike måtar å imøtekome desse behova, og vi har gjort ein liten studie av to av dei vanlegaste formane for shopping på Indre Sunnmøre: Handle lokalt på Stranda eller utombygds på Moa. Stranda Moa
14
x
Reisetid på over ein time, drivstoff- og ferjeutgifter.
x
Store sjansar for kø.
x
Store sjansar for at heile dagen går bort til shopping pga. reisetid og kø.
x
x
Moglegheit til å nyte ein kaffi og noko godt attåt på ein eller fleire kafear.
x
x
Moglegheit til å kjøpe nybakt brød eller andre gode bakverk.
x
x
Moglegheit til å kjøpe nytt sports-, fiske-, og fjellutstyr.
x
x
Moglegheit til å handle inn nye fine klede og fottøy til sommarfesten.
x
x
Moglegheit til å handle inn det ein treng for oppussing og måling.
x
x
Moglegheit til å kjøpe nydelege sommarblomster og anna til sommarfesten.
x
x
Moglegheit til å handle inn gode matvarer til sommarfesten.
x
Moglegheit for å framleis ha god tid til ein fjelltur etter handlinga.
Vår konklusjon etter å ha testa begge alternativa, er at ein finn stort sett alt ein treng på Stranda. Og sannsynet for ein sommardag fri for stress med fine naturopplevingar er større om ein handlar på Stranda. Korleis du vel å nytte din sommardag er opp til deg, men vi veit kva vi gjer. Sjåast på fjellet.
© Raw Reklame og Foto AS
EXELLENCE IN ATLANTIC SALMON AND TROUT
Platina Seafood leverer et smakfullt og variert utvalg av lakseprodukter til kvalitetsbevisste kunder på alle kontinenter.
www.platinaseafood.com
Handverk rundt fjorden TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
16
Som ung gjekk Linda Fausa mykje på tur i fjellet og samla på saker og ting som ho fann. No samlar ho på produkt frå lokale handverkarar. Gjennom bedrifta Made in Fjords sel ho ulike produkt frå bortimot 50 av dei beste handverkarane på Sunnmøre. I fjor haust opna Linda butikk i Storgata på Stranda. Då hadde ho allereie lagt bak seg ein sommar med gode besøkstal i Geiranger. Norske og internasjonale turistar la sin elsk på dei lokaltilverka produkta i tre, stein, ull og skinn. No går ho ein ny sommar i møte med eit brennande engasjement for å formidle lokalt handverk til nye besøkande både i Stranda og Geiranger. – Kor kjem dette engasjementet og denne kjærleiken til handverk frå? – Eg brenn for at handverkstradisjonane ikkje skal gå tapt, men vidareformidlast til komande generasjonar. I grunn har eg alltid hatt denne brennande ideen om å løfte fram alle desse flotte folka som lagar norsk kunst og handverk. Eg fekk nok denne kjærleiken frå mor mi og bestmor mi, då eg vaks opp med at dei gjorde handverksarbeid. For meg har det blitt viktig å ta vare på arva og kunnskapen frå tidlegare generasjonar, og gi den vidare slik at den ikkje går tapt. Blant produkta ein finn hos Made in Fjords, er knivar frå Stranda, bunadssølv frå Sykkylven, pikniksett i tre frå Valldal og ein Vikingkolleksjon med ullplagg. Denne kolleksjonen er særs populær blant russiske turistar, og ungdomar som handlar med seg cape frå kolleksjonen. Capen er fin å ha liggande i tursekken då den varmar godt og er lett å ha utanpå jakka når ein tek ein matpause på toppen. – Gjer du andre ting for å vidareformidle handverkstradisjonane? – Vi held også workshops som folk kan melde seg på for å lære om handverkstradisjonane våre. Ved slike workshops kjem handverkarane sjølve og instruerer kursdeltakarerane. Til dømes kom ein familie i fjor til butikken i Geiranger og lærte å trykke på skinn. Eit slikt kurs varar i tre til fire timar. I tillegg til at det er utruleg lærerikt, er det også eit fint høve til å få ei unik oppleving saman med familien. Dei får også med seg eit minne for livet i produktet dei lagar.
FOTO: ARILD SOLBERG
Lokalt og kundeeigd forsikringsselskap med fokus på lokalsamfunnet Gjensidige deler overskotet med sine kundar. Vår unike eigarmodell gjer at vi utbetalar utbyte til alle våre skadeforsikringskundar. I fjor utbetalte vi 13,5% utbyte av innbetalt forsikringspremie. Frå vårt kontor i Stranda sentrum kan vi gjere deg godt forberedt med forsikring. Målet vårt er å tryggje deg som kunde og ivareta ditt behov for gode forsikringar. Våre lokale rådgjevarar gir deg gjerne hjelp til å kartlegge dine forsikringsbehov og finne gode løysinger for deg og din livssituasjon.
Indre Sunnmøre Gjensidige har forsikringskonsesjon på næring, landbruk og privat i Ørskog, Stordal, Norddal, Hornindal og på Stranda. Vil du også ha mulegheit for utbyte frå Gjensidige, treng du økonomisk rådgjeving eller ønsker du ein gjennomgang av dine forsikringbehov? Ring oss på 70269250, eller besøk vårt nye kontor i Bankgata 4 på Stranda.
hudpleiaren TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
Patrycja Pawelec er bioteknologen som utdanna seg til hudpleiar. Kort tid etter ho flytta til Stranda i 2009, opna ho Fintfølende Fingre. 18 –Kva var det som gjorde at du valde å arbeide som hudpleiar framfor bioteknolog? –Då eg skulle utdanne meg i Polen, opplevde eg på mange måtar eit press for å studere eit skikkeleg fag. Hudpleie var ikkje akta for å vere like viktig som bioteknologi. Men då eg var seks år, likte eg å stelle neglene til mor mi og nappe augebryna til bestemor mi som var sengeliggande. Eg trivst betre med å jobbe med menneske enn å sitte på labben. Her på salongen er ingen dagar like. Åtte år etter oppstartinga har den arbeidsame og dyktige hudpleiaren ein tilsett og utvida salongen til tre behandlingsrom. –Før hadde eg over ein månad lang ventetid i timelista. Men no kan me ta imot kundar på mykje kortare varsel enn før. Dei fleste av kundane våre kjem frå Stranda, Hellesylt og Sykkylven. Men med kortare ventetid håpar vi at også fleire hyttefolk vil finne vegen til salongen for å unne seg litt ekstra luksus medan dei er på hytta. –No på sommaren, kva bør ein tenke på for å ta godt vare på huda? –Dagleg stell av huda er veldig viktig. Eg anbefaler regelmessig peeling ein gang i veka. Bruk rens, serum og krem dagleg. Dette er eigentleg viktig heile året og ikkje berre på sommaren. No på sommaren er det også sjølvsagt viktig med solfaktor. I tillegg til kva ein smørar på huda, er jo det ein et minst like viktig. Difor tilbyr vi også sunne smoothies i våre ulike nye velværepakkar som strekk seg opp til tre-fire timar med hudpleiebehandling.
«Dagleg stell av huda er veldig viktig. Eg anbefaler regelmessig peeling ein gang i veka.»
f.v Patrycja Pawelec, Amalia Pasztor
NORGES VAKRESTE FJELLØP PÅ STRANDA 19 AUGUST 2017 STRANDA FJORD TRAIL RACE - 33KM 3000 HØYDEMETER. STRANDA FJORD TRAIL RACE MOTBAKKELØP - 8,5KM 1230 HØYDEMETER.
LØPECAMP I SOMMER 14-16. JULI FORBERED DEG TIL SFTR PÅ LØPECAMP MED OLA HOVDENAK OG MALENE BLIKKEN HAUKØY. OLA OG MALENE ER TO AV NORGES BESTE FJELLØPERE, DE TAR DEG MED UT PÅ DE FINESTE STIENE RUNDT STRANDA.
INFO OG PÅMELDING: WWW.STRANDAFJORDTRAILRACE.COM
Familietur til roaldshorn TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
Sommarvinden blæs over parkeringsplassen på Tjøreveden. Vi er på Sykkylvssida av kommunegrensa i Hevsdalen. Reimane på sekkane er stramma, turskoa snøra, og minstemann i turfølgjet, som har inttatt leiarposisjon i bæremeisa, signaliserer at det no er på tide å setje av stad.
20
Sunnmørsalpane byr på eit nesten uendeleg mangfald av flotte fjellturar. Mange assosierer Sunnmøre med kvasse tindar som stuper ned mot blå fjordar (sjå andre stadar i magasinet). Men ein treng ikkje berre gå bratt for å få godt utsyn over dette eventyrriket. Det finst også turar som klatrar langsamt opp mot himmelen på slake stiar. Turar som er perfekte for dei som vil på tur med barn, eller som trivst med at det ikkje går rett opp heile tida. Ein av desse turane går frå Svartevatn til Roaldshorn. Denne turen har lenge vore ein lokal favoritt, og er no i ferd med å bli ein klassikar som fleire og fleire besøkande sommar- og haustturistar gler seg over. Vi spaserer over riksvegen og inn på stien som snirklar seg mellom fjellbjørkene. Vinden rislar sin sommarsong medan vi akkompagnerer med lydar av tursko som tråkkar på røter og steinar. Det tek ikkje lange tida før vi legg den siste bjørka bak oss og terrenget opnar seg opp. Kvit myrull står tett i tett og nyt sola. Det er nesten som å gå i snø, berre utan kulde. Stien går gjennom eit lite myrstrekke før den kjem over på hardare underlag. Minstemann i bæremeisa har bestemt seg for at ho slettes ikkje berre vil nyte turen sitjande. Vi stoppar opp, bæremeisa blir sett ned, og glad stabbar ho oppover stien mot Langevatn. Det er mykje å oppdage på ein sti. Stein, kvistar, og insekt som vi vaksne ofte overser. Framdrifta er ikkje den største, men gleda over naturen er desto større. Det blir litt brattare rett før vi kjem opp til Langevatn, og minstemann finn plassen i bæremeisa medan vi gjer unna eit av turens to delvis bratte parti. På toppen av bratta ligg Langevatn og ventar på oss. Vi tek ein liten pust i bakken ved turskilta som peikar oss fram til Kleivdalsfjellet (1154m), og vidare mot målet for turen, Roaldshorn (1230). Medan vi let pulsen roe seg ned, nyt vi utsikta mot Ystevasshornet og dei kvasse tindane over Brunstad.
Frå Langevatn er stien behageleg bratt opp til Kleivdalsfjellet. Vinden tek betre her oppe i høgda, så vi nyttar terrenget til å finne le for å ete nistematen. Med litt lettare sekker og litt tyngre magar er det klart for å gå den siste kneika opp til Kleivdalsfjellet. Frå toppen av Kleivdalsfjellet bretter catwalken til Roaldshorn seg ut. Det er forholdsvis flatt og fint heile vegen, heilt til den siste biten opp til Roaldshorn. Her blir det litt brattare, men ikkje brattare enn at oppdagaren i bæremeisa søv seg gjennom heile denne etappen. Mot toppen av Roaldshorn opnar fjordpanoramaet seg for kvar ein meter vi går. Fjord og fjell til alle kantar. Om det er på grunn av utsikta, eller om det berre er fordi at bæremeisa står i ro, som gjer at oppdagaren vaknar, er ikkje godt å seie. Men å nyte ei skive, nokre rosiner og ei storslagen utsikt som denne, verkar å vere midt i blinken for både barn og vaksne. Vi vaksne tek fram kaffitermosen og lurar også i oss ein sjokoladebit medan oppdagaren utforskar steinar og mose etter alle kunstens reglar. Fleire som har gått frå Svartevatnet kjem også til topps, medan andre har teke snarvegen til topps via gondolen. Gondolen er neste stopp for oss, vi tek fatt på den siste biten av turen: nedoverbakken mot Fjord Panorama Restaurant og toppstasjonen til gondolen. I tillegg til den fine stigninga og utsikta, er det nettopp dette som gjev denne turen ein ekstra dimensjon til familiar som vil på tur. Om ein ønskjer, kan ein avslutte turen med ein god matbit laga av dei finaste lokale råvarer, og ein kjølande is før ein tek gondolen ned. Det er ikkje mange stadar ein kan gjere slikt på toppen av eit fjell. Og i gondolen ned får små barneføter, og ikkje fullt så godt trena vaksne føter, kvile medan auga kan avslutte turen med å nyte utsikta heile vegen ned til Hevsdalen.
Familietur til roaldshorn
21
Turen er best nür ein kan sitje høgt pü trygge skuldrer og nyte utsikta.
Svartevatn - roaldshorn Startstad: P-plassen ved Svartevatn Lengd: 5,5 km Høgdemeter: 900 Berekna tidsbruk: 3,5-5 t til Roaldshorn Egnar seg svært godt for barnefamiliar. Tips: Om de er fleire som skal gå denne turen, parker ein bil på p-plassen på Strandafjellet, slik at de kan køyre tilbake til startstaden ved Svartevatn og dermed sleppe å traske tilbake langs riksveg 60.
22
layout & fotofragering | raw reklame og foto / rafting: erlend hjelme
1
På Paviljongen Roalden (1042moh) kan du nyte maten til eineståande utsikt.
2
Gondolen gjer fjellet tilgjengelig for alle med 360 graders utsikt til fjord og fjell.
3
Kort veg til aktivitetar av alle slag. Her rafting i Valldal.
4
God mat smakar alltid enda betre ute. Vår mat er laga med sesongens råvarer frå lokale produsentar.
5
STRANDA
- ein liten stad i verdsklasse
Med utsikt over dei mektige Sunnmørsalpane har gondolen på Strandafjellet blitt ein av Fjord Norges vakraste sommerattraksjonar. Stranda er perfekt for både fjellvandring, toppturar, stisykling og fjordopplevingar. Ribbturar, klatrepark, og fisketurar på fjorden er berre litt av det som kan opplevast. Her fins aktivitetar for alle, uansett alder eller ferdigheiter, enten på eiga hand eller med lokal guide. Stranda Hotel byr på overnatting, lokal mat, symjehall og sauna – ein perfekt base for aktive dagar. For meir info, besøk våre heimesider: strandafjellet.no / strandahotel.no
opningstider gondol og paviljongen roalden
01.07-20.08 11:00-17:00 / Helgeopent 26.08-15.10 11.00-17.00
Barna likar seg godt på Stranda Hotel. Buande gjestar kan fritt nytte seg av symjebasseng og sauna.
booking@strandahotel.no
strandafjellet skisenter AS / strandahotel
strandafjellet / strandahotel
Bestilling av billettar - strandafjellet.no hugs 10% på online bestilling.
Vilt
24
OG VÃ…TT I
Vilt, Vakkert OG Vått I GUDBRANDSJUVET
VAkkert 25
GUDBRANDSJUVET TEKST: MATHILDE KNUTSEN / FOTO: ERLEND HJELME
Balansegang høgt over Gudbrandsjuvet.
Ein dag med juving byr på spenning frå til dømes zip line og høge
26
svev ned i juvet.
Blodpumpa jobbar iherdig, og blodet strøymer gjennom kroppen min med like stor kraft som vatnet i elva langt der nede under meg. Eg seier til meg sjølv at klatresela kjem til å halde kroppen min trygg under rappellering og zipline. Ho sit godt på kroppen idet vi startar på den fyrste rappelleringa ned langs berga. Men tankane svirrar i hovudet mitt, kan desse små krokane halde meg trygg? Under berghylla står guiden vår. Vi trefte han ved det gamle koselege kaibygget i Sylte, kor Valldal Naturopplevingar held til vegg i vegg med kafeen Under Taket. No står han og ventar på at eg og dei andre i gruppa skal kome oss utanfor kanten. Etter litt er vi alle nede. Det er no det verkeleg byrjar. Ein etter ein skal vi klippe oss til to vaierar som går over elva, og balansere på den nedste vaieren medan vi held oss til den øvste, heilt over til den andre sida. Eg kjenner adrenalinet slå inn i det eg klipsa meg på vaieren, og tek dei første stega ut over elva. Kroppen er i heilspenn og musklane i bein, mage og rygg jobbar intenst for å halde balansen. Hendene held seg godt fast i den øvste vaieren, medan eg jobbar meg over elva som buldrar under meg. Ikkje før vi alle endeleg har fått fast berggrunn under beina, høyrer vi guiden seie: «Er alle klare til å hoppe?» Hoppe? Herifrå og ned i elva? Etter få sekund er eg i fritt fall i lufta. Det blir kaldt idet eg går igjennom vassflata. Kva var det guiden sa eg skulle gjere idet eg kom opp til vassflata igjen? Svøm! Eg svømmer som eg aldri før har gjort i heile mitt liv. Innimellom taka rekk eg å sjå at dei andre i gruppa også kavar med intense armtak mot mottsatt side av juvet. Andpusten karar vi oss opp på solvarme berg. Lettare sjokkert over ein av dei heftigaste opplevingane eg har hatt, men samstundes ekstremt stolt over å ha meistra den sterke straumen i elva som jobba mot meg. Knea mine skjelv framleis, og eg kjenner meg trygg på berget. Det kjennes også
trygt å vite at det står guidar klare til å gripe inn om nokon av oss ikkje skulle klare å svømme heilt over juvet. Etter å ha klatra opp bergknausen skal vi igjen hoppe ut i det fossande vatnet. Adrenalinet brusar ikkje like mykje lenger. Eg kjenner meistrinskjensla, tek sats og hoppar ut i elva. På andre sida av elva klatrar vi opp berget og kjem til ein ventande guide som står ved ei zipline. No er det langt ned til elva. Ho er isklar og herifrå kan vi sjå fiskane svømme. Det er ei trolsk oppleving og dei rette bergveggane som elva i mange år har forma er nok til å ta pusten frå kven som helst. Det er så ufatteleg vakkert. «Er de klare?» ropar guiden. Ein etter ein hiv vi oss utfor kanten og skyt fart under vaieren, høgt over elva. Halvegs over slepp eg taket, og vatnet som ventar kjennes ikkje lenger like kaldt. Fokuset har endra seg frå det kalde vatnet til kor ei rå oppleving eg får vere med på! Tilbake på berggrunn spør den andre guiden oss, «Vil de ha meir luft under beina, nokon som vil hoppe?» og peikar opp mot ein høg bergkant som stuper loddrett ned i elva. Dei tøffaste i gruppa sleng seg utfor bergkanten frå tolv meters høgde, flaksar heftig med armane og klarar akkurat tidsnok å samle bein og armar før dei treff vassflata. Oss andre sprenger like store grenser frå litt lågare høgder. Gledesropa er like høge uansett høgde på fallet og ljomar godt mellom bergveggane nedover juvet. Omkransa av høge fjell og dei bratte bergveggane bodyraftar vi med straumen nedover elva og forbi det prislønna landskapshotellet som sjølvklart heiter Juvet. Besøkande ved hotellet sit og nyt utsikta og sperrar auga opp idet vi kjem flytande forbi. Ein våt og vakker dag i Gudbrandsjuvet går mot slutten, og eg har fått kjenne på urkreftene i meg denne dagen, krefter som er sterke nok til å svømme motstraums i ei vill elv.
vertinna TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
Eg møter den alltid like sprudlande og blide restaurantsjefen, Julia Dudziuk, i lobbybaren på Stranda Hotel ein dag i slutten av april.
28
Vinteren har gjort eit siste krampetak for å prøve å lure oss til å tru at ein travel vintersesong likevel ikkje er over. Men etter å ha tatt imot tusenvis av gjestar på paviljongane på Strandafjellet, Stova og hotellet, retter Julia fokus mot sommarsesongen. – Eg hugsar første dagen eg kom til Sunnmøre. Det regna sidelengs då vi tok inn på vandreheimen i Ålesund, og i gangen hang det varmedressar som stinka fisk, mimrar Julia. Julia vaks opp med foreldre og storebror i Täby, nord for Stockholm. Etter eit år i «Den Svenske Försvarsmakten» som artilleriladar på ein Leopard 2-stridsvagn, sette ho kursen vestover mot Sunnmøre og Ålesund for å tene pengar. – Nokre vennar fortalde meg at det fanst masse jobb i Ålesund. Der kunne eg tene pengar på å sitje og trykke på ein knapp på ein fabrikk. Eg ville spare opp pengar for å reise, og sette meg på flyet til Noreg. Julia hadde derimot ikkje tenkt å jobbe på fabrikk. Ho ville jobbe på fiskebåt og reinske fisk. Men då det ikkje fanst jobb på båt då ho kom, søkte Julia på det ho trudde berre skulle vere ein midlertidig jobb på ein restaurant. Ein restaurant drive av den noverande kjøkkensjefen på Stranda Hotel, Anders Adolfsson. Ho fekk jobben, noko som i ettertid viste seg å vere eit retningsgjevande augeblikk for yrkesvalet til Julia. Etter seks månadar med jobbing i Ålesund reiste Julia som planlagt til New Zealand, Australia og Thailand. Men ho kutta ikkje banda til Sunnmøre. Ho fortsette å reise til og frå Sunnmøre for å hjelpe til i resturanten til Anders – heilt til han ein dag spurte om ho ikkje ville kjøpe seg inn i resturanten. – Eg var berre 22 år gamal. Men eg tok alle sparepengane mine og sa: «No køyrer vi på!» Resturanten heitte C&C, og eg dreiv han saman med Anders i tre år. Det er absolutt mitt beste minne frå restaurantbransjen og det var veldig lærerikt, seier Julia og tek ein sup av kaffien og smiler. Det tredje året Julia var inne som eigar av C&C, vart livet plutseleg snudd på hovudet. Faren hennar, som var hobbypilot med over tretti års erfaring, døydde etter ei flyulykke, og Julia flytta tilbake til Sverige. – Sorga av å miste pappa gjorde meg på mange måtar meir vaksen. Det var ei sorg som sette djupe spor i meg. Eg fekk meg ein «wake up call» på kor ømfintleg og sårbart livet kan vere. Forferdelige ting kan skje, men livet må gå vidare. Eg er svært
takksam for oppveksten pappa gav meg, og at eg hadde ein far som elska meg så lenge han levde. Noko av det viktigaste han lærte meg var at alt er mogleg. Tilbake i Stockholm fortsette Julia å jobbe innan restaurantbransjen, no som restaurantsjef hos Sabis. Etter å ha jobba der i litt over eit år kjende ho behovet for å skaffe seg ei grundigare utdanning. – Eg trivst så godt i denne bransjen. Eg liker å yte service og gjere andre glade, spesielt folk som er ute og reiser. Mat må ein jo ha uansett kor ein reiser i verda, det å bli møtt på ein god måte medan ein et god mat, er veldig viktig. Om ikkje kan det øydelegge heile reiseopplevinga. Rett før sommarferien, det første året under utdanninga hos «Det Företagsekonomiska instituttet», får Julia igjen ein telefon frå Sunnmøre. – Anders Adolfsson ringde meg og lurte på om eg kunne tenkje meg å drifte paviljongen på Roalden den sommaren. Eg svara ja med det same, og reiste igjen tilbake til fjordar og fjell. Det var vintersesongen og det å jobbe med konsept for alle serveringsstadene som verkeleg gjorde det attraktivt å vende tilbake til Sunnmøre. Eg hadde jo stått mykje ski på Stranda tidlegare, og hadde tenkt mine tankar om kva eg kunne gjort om eg hadde drifta Paviljongane. – No har du fullført utdanninga, og vore på Stranda i to år. Kva er grunnen til at du har blitt verande? – Det kjennest godt å vere med og delaktig bygge opp ein destinasjon med ekstremt stort potensiale. Dei siste 10 åra har det jo skjedd mykje på Strandafjellet, men eg trur vi berre har sett starten på reiselivet her på Stranda. Eg trivst med å få vere med på dette, og brenn for at besøkande på Stranda skal kjenne seg velkomne og få lyst til å kome tilbake. – Du sa at noko av det viktigaste faren din lærte deg var at ingenting er umogleg. Kva har dette betydd for deg? – Eg tenkjer ofte: «Klart det er mogleg.» Kvifor ikkje berre prøve? Det kan like gjerne gå bra. Til dømes kan eg få ein idé om å sykle til Sykkylven, men så seier vennar at nei, det er for langt, men då må eg berre teste det. Eller til dømes her på hotellet, vi bestemte oss for å tørre å vere oss sjølve, og satse på noko vi har trua på, i staden for å prøve å gjere alle til lags. Vi meiner det beste er å satse på norskprodusert mat og drikke. Ein må vere tøff og satse på det ein har trua på, for alt er mogleg, konkluderer Julia.
vertinna
29
Å fargelegge en bjønn TEKST: BLÅDALSBJØNNEN / ILLUSTRASJON: KRISTER KANCK
30
Ka e det so ska te før å skape en naturbjønn? Altso en sånn en so trivast best lengst råd onda larm og sivlisasjon, og he sine beste stonde når det ikkje e et knysst å ly ette frå artsfrenda i homo sapiens-gruppa, men når lufta e fylt med naturle kviskring frå føssa og småsildre, vind og rasling i buske og småbjørk? Et slikt eksemplar so skyr flashy og glossy, og he sjela full ta naturn sine meir duse fargekomposisjona? En slik so fyst kjenne rette kvilda kome sigande når fuglesongen kjem nær, og ikkje e et varsel om fare frå farande fant på to føte? For nøke må det vere so he forma slike bjønna so Blådalsbjønnen? Det evige spørsmåle om arv og miljø melde se sjølsagt ganske fort. I so måte so e det lite å gjer med genetikken før dei fleste ta øss, både bjønn og mann, medå miljøe ventele e nøke øss i alle fall kan førflytte øss i forhold te? Det va vel slik det heile starta før Blådalsbjønnen. Han flytte se tidle og øftå inn i natur, og fann det meir naturle å gjere det, enn å søkje det so Fridtjof Nansen i si tid kalte «de støyende sentre». Ditte her ska derfør handle om nøkre tidle naturopplevinga, so bjønnen muligens kan ha tekje nøke farge ta. «Fuglene i farger» Den mest utsletne boka i ei relativt rikhaldi bokhylle i bjønnahiet, e ei løfsete, lurvete og medfara 70-tals-utgåve ta «Fuglene i farger» Blådalsbjønnen kan kje ha vør meir enn 10 år då boka kom i hass eige og bruk. Ho e ventele nøke ta det mest verdfulle han eig, viss øss måle i oppleving pr. investert krone. Det va nemle dinne boka so fysst fekk bjønnen ut ta ymse lesekroka og ned frå sykkelsete, sopass at han fota se ut den råslause råaløyså, på leiting ette fuglereir om vårane. Slik vende han se til å sjå: Ette gråtrastereir og finkereir i høgda, meisereir og spor etter spett i trestammane, ette songarrereir, svarttrast og måltrastreir i mylljå vegetasjonen, og ette heimen til raudstrupå og lerkå. Vadarne og rugdå nedpå bakken. Slik vende han seg te å lytte: Ette stillfaren aktivitet i tretøppane, varselskrik og avledningsspitakkel og alskens anna ornitologisk yvjestøde forutå sitt eigenproduserte leven frå knekkande kvist og anna herkje. Og slik vende han se til å ta se fram i olendt lende: Meir lydlaust
og tepassa for kvar erfaring og for kvar oppleving so auka nysgjerriheita. Slik vende han se kanskje te å drøyme me? Om en dag å kunne få sjå nøke so han aldri før hadde sett, og so ikkje nøken andre han kjende hadde sett. En ovanle fugl? En mår? Orreleik? Ei gaupe? Slikt let sjølsagt vente på se, men likevel va draumen etablert, å drive ette å drive rondt i skogå varte ved. Og «Fuglene i farger» illustrerte vårkvardagen med den reinaste kollasjen av naturfargekombinasjona. Te slutt kunne han dei lokale småfuglane på rams, og kunne gå målmedvite på søk i heimeskogå, basert på sjølplukka kunnskap om tidligare gufsefere so ikkje ha vør so vellukka. Å vite ka en ser rondt se og kjenne på at en e blant kjenninga når en krafsa se rondt i skogå, det e kanskje ikkje so staurgale det, før en so ska bli en go bjønn. Haustpaletten i fjellet Sia barndommen i all vesentleheit berre ga kunnkap om fjella i godver og grønfarga i det insektsrike og solvarme sommarhalvåret, va det en ny dimensjon so la seg til naturopplevingane då frosten i tregrenså fekk virke på den pubertale bjønnakrøppen gjønå nøkre kalde teltnete på tur med speidaren. Å velte se utu søvepøsen og måtte gå seg varm i septembersoloppgången i fjella mylljå Stordalen og Valldalen, va en aueopnar før ei anna årstid, med knastrande rim på knallraude rypebær og lavt lys på bjørkekrylane sitt bladgull. Kuldå so gjor at du kvidde de før å førlate søvepøsen før å mige. Den skarpe lufta so fekk tannkremtuba til å bøtnfryse, og gjorde tannkosten te argaste stålbørsta. So tvinga nå å daske høl på isen for å kome seg åt både drikke, vask og matlaging. Ventinga på at stormkjøkkenet sku gjer sitt før å varme te og havregraut. Fingrane so verkte ta kulde onde ihopknørving ta nedrima telt, kalde føte i dei stive fjellstyvlå, bitet i kjakane lenge ette at sola hadde fått begynt å klyve. Det å takle ditte som 13-14 åring, og kjenne at det va gøtt å friskt so lenge en berre handla og va aktiv, det va bjønnautdanning si det! På same måte som det å gå med tung sekk på fleirdagstur.
Å fargelegge en bjønn
31
«Og so va det spenninga, so berre vart styrkt ta stillå på fjordn og pulsn frå ensylindersmaskinå. En still halvtime med ro i krøppen, kaffi i køppen, og sluk i vatnet.»
32 Tyngdå i motbakkå, dei fysste gnagsåra, press på herdå og gnag frå høftereima på sekken, og det at du faktisk kan meistre det. Sette ned frekvens og tempo der det e brattast. Ta små, men effektive pause. Fikse vanskane der og då. Vere testades og ikkje kave de opp før at det gjeng en ekstra time eller to. Før det at du oppleve at fargane e so fine, at det e verdt å dryge. Før at du før fysste gong he oppleve å sjå spraglete og brunmønstra fjellrype på nært hald, og treng tid te å ver i opplevinga. Før at du fekk blånk og feit fisk, med fantastiske farga der oppi fjellvatne, og du no e hekjen på å få prikkevere nå før steiking på båle, so du sjøl he sånka og kveikt opp. Før at du kjenne det i en anna og meir udefinert stad enn i tanken, at krøppen, og at den du egentle e, og va tenkt å vere, he det gøtt no, i ettemiddagssola. Sylvfarga på fjordn Når en e fiskande bjønn i nærheita ta en fjord på nordvestlande, veks det se naturle fram i bjønnaskallen ei førestilling om at fjordn me bør meistrast. Og kanskje vart bjønnen si maritime sie kveikt ombord i ei tresnekke på Geirangerfjordn på sluttn ta 80 åra? Å gå råsa te nedste Ljøen i mai, e allti ei intenst sansele oppleving. Lukta ta solvarma jord og humus, samt frå hegg og andre blømande og vårli ovmotige treslag, e nesten i meste lage før bjønnanasen. Det heile va den gongen godversinnrama i kveldsvarianten av det majestetisk fjord og fjellandskape. 15 hondrede meter høge bardar på kvar si sie ta den stillaste og blankaste vassflatå du kan sjå før deg! Det va opponde dinnje vassflata at øss trudde at øss, med hjelp ta snekkå, so kom tøffande frå Hellesylt, sku klare å lure sjøkreene i Geirangerfjordn te å bite på. I staden vart det bjønnen so vart fånga, slukt heil og oppeten ta sjølve opplevinga og landskapet so han flaut seg gjønå. Det majestetiske i å dunke seg role innette Syltevikstranda på spegelblånk fjord, opponde snøvdekte fjelltøppa, over nær vertikale, vårluktande og grøne fjordstrende, må antakele opplevast ska du fatte styrken i inntrykka. Berre en kajakk eller
kano, eller kanskje turrdrakt og omåtele me symjeferdigheit, vil kunne få de endå nærare elementa. Og so va det spenninga, so berre vart styrkt ta stillå på fjordn og pulsn frå ensylindersmaskinå. En still halvtime med ro i krøppen, kaffi i køppen, og sluk i vatnet. Det knysst ikkje i nøke oventa. Føssane susa. Vatne sirla långsme skrogje. Propellstraumen gurgla i lag me kjølevatne. Maskinå dunka lett inni treøskjå si. Fjordn sjøl veksla berre mylljå grele og strykejarnflatt vatn. Han hadde funne den totale roa. Tida va vekke. Det va gøtt å vere bjønn. Og so sler fisken i enden ta taumen! Eller so dett det ein stein nedette svødå på nordsidå. En skavl brest øvst i eit elvegjyl, eller ei hegre flyg oventa opp, og skreme avsta et førbina, men iltert tjeldepar so sirkla båten i nøkre minutt. Elles berre små skuffelsa, når sjøkrea igjen vise se å ver en sei. Eller glede over ein oventa pjakk. Kanskje ergrelsen over en å annja tangvase so legg se i vegen før taumen. Bortsett frå ditte, berre långe og vandelause, men långt frå långtekkjele, stonde me ro. Og ei kongeørn, so vise se i korte øyeblikk ta nysgjerrigheit. Før han veit ordet ta det, va det blitt minnæte. Lys natt. Grønt lys om våren Lyse daga gi kje berre seine fisketura, men attpåte muligheite til vårskitura på same tia. På en slik vårskitur fann bjønnen et ta månge punkt so live seinare skulde dreie seg rundt. Ditte punkte va grønt, og på grunn av alder og verdigheit so å seie, nærast eviggrønt. For på veg mot Patchellhytta ein vårdag det året han fekk se telemarkski, oppdaga bjønnen Storfurå i Åndalen. No e det slik at Storfurå e i grunn ikkje so fole stor, der ho he klort og klemra se fast på en sydvestle hallande morenerygg midt i Åndalen. Ho e kje so fole spesiell helder, om du ser ne i lag med andre aldrande fure rondt om i lande. Det e meir summen ta plasseringa, forma, alderen, og so det at ho e støsst og eldst a dei 11 furene so finst i dinne lisje dalen so gjer susen. For når du kjem over Åndalsheia i solskin, so e det Storfurå so samla linjene. Der e nave så alt anna tesynelatande stråla ut frå, enten de e no morenerygga, bjørkelie, elvesøkk, landskapsform, eller den forlenga bogelinjå frå Saurdalsnibbå i vest. Storfurå e rett og slett sentrum. Og mot dinna grøne prikken styrte altso bjønnen telemarksvingane over bølgjande røbba og svøkte te han sat opponde den grøne og to famna tjukke treleggen, tyggande på brunostskive med fjølg solbærsaft attåt, tenkjande på alle dei so før måtte ha site akkurat på same trerota: Sætrefølk so såg te buskap,
Å fargelegge en bjønn
Lokal ordliste et knysst småsildre øftå råaløyså yvjestøde herkje gufsefere bjørkekrylane mige ihopknørving fjellstyvlå hekjen på prikkevere sjøkreene knysst sirla grele taumen svødå førbina pjakks vandelause långtekkjele røbba svøkte fjølg furenæle solfjelge snøypa tikst snertne ufs
jegera og skiløpera i månge generasjona, kanskje hundreår, må ha opplevd ditta gamle treet akkurat på same vise, og ha blitt dregne mot det. Mot den turre skogbøtnen her oppå tøyarøbben, mot lukta ta furenæle og solfjelge kinn, og den kjøvde lyden ta føssen opponde brånande vårsnøv. Og dei kan ha kjent på akkurat det same, i møte med ditte grøne punktet midt i dalen: Her høyre e te, og her e det gøtt å site. Her he tia stått stille. Her e lyse grønt og stresse frå væsste trakkje vekke. I ditte grøne vil e vere. Gulbrun pels Og der tenkje e øss he det. Det e disse plassane so fargelegg en naturbjønn so pelsen flyt i hop med naturfargane, og gjer han mottakele før nøke solid og varig. Desse plassane der sjølve tida flyt onda, som om du e i kontakt med nøke evig. Plassane so kan by fram desse opplevingane so han berre dele med andre so rek i einsemd, og so du sjeldant klare å ta inn i spitakkele frå ei turgruppe. Opplevinga so e knytt til å halde fast i nøke so e eldre og ste i en større sammenheng enn deg sjøl. Det e disse stadane
ein liten, nesten uhøyrleg lyd ein liten, beskjeden bekk ofte den famlande hjelpeløysa støy spetakkel og hendelse heft/hinder frambrusande framferd utan konsekvenstenking dei bøygde småbjørkene (verb) å slå lens her: samanrulling fjellstøvlane svolten/grådig på (verb) om matvarer: å gjere klart til lagring eller eting sjøaurane (verb) å lage lyd (lydmalande verb, fortidsform) å renne tynt som i en stråle småkrusing på vatnet fiskesnøret sva (bunden form fleirtal) overraska smålaks enkle/bekymringslause keisame rabber/høgdedrag i terrenget søkk/kompresjonar i terrenget varm furunåler (adj) solvarme knapp/tynn tykkjest (framstå som) stilige/elegante klippevegg/hjørne
so skape og farga en naturbjønn. Og dit må Blådalsbjønnen innimylljå, før å få kontakt me se sjøl. Te storfurå i Åndalen. Eller te tøppen ta et fjell so nesten berre han besøke. Te bjørka der blåmeisen alltid he reir tidle i mai. Te dinna hemmelie hammaren, der det gjeng ei snøypa klatrerute på raude edelsteina i eklogogitten. Te dinna sandstranda attme den grøne hølen, der fisken beit so inderle dinna eine gongen. Og av og te må han sette se i treklyngå der han faktisk såg spora ette gaupå kome fram, og fylgje hjortespora nordover lia! Gaupa ja... Blådalsbjønnen sku ha snakka litt med henne. Om ka vi sku ha gjort med en sivilisasjon so tikst øydelegge fleire og fleire ta disse stadane so gjer naturen te en varig heim. Bjønnen veit at gaupa kan bite frå se når ho vert trengt opp i et hjørne. Det kan kanskje dei godsligaste ta bjønnane også, viss dei ein dag må? So viss du ein dag på di ferd ser den snertne, lødne ryggen ta et gulbrunt rovdyr førsvinne bak ei ufs, eller inn i det tjukkaste kratte: Husk at naturn fyl gøtt med på om øss tek vare på alle fargane! Far vel!
33
34
Fjellsykling på Stranda TEKST OG FOTO: MATTIAS FREDRIKSSON
Om du søker eit unikt sykkeleventyr og er klar for å jobbe for løna, kan Sunnmørsalpane vere staden for deg. Men for å bli ein ekte sykkeldestinasjon, må det verte satsa meir seriøst.
Karen Eller frå Garmisch i Tyskland og Janne Tjärnström frå Åre i Sverige nyt utsikta mot Storfjorden og Sunnylvsfjorden på veg ned den fine stien frå Lievarden (799 m).
Fjellsykling på stranda
I vinterhalvåret er Sunnmørsalpane kjend for å vere ein skidestinasjon, og om sommaren for vandring, fjelløp og klassisk utsiktsturisme. Sakte, men sikkert har også terrengsyklistar fått auga opp for Sunnmøre dei siste åra. Stranda er dermed i takt med ein aukande popularitet kring fjellsykling med eventyrprofil, og passar perfekt for turistar som søker ei unik oppleving. Men dei må vere villige til å arbeide for løna. Akkurat som med skikøyring om vinteren, finst den aller beste syklinga sjeldan på allfarvegar. Å gå topptur på ski krev mange timar med slit. Det må du også førebu deg på om du vil oppleve dei beste perlene i Sunnmøre på sykkel. Om du er klar for hardt slit, vert du løna med vakker utsikt og unike sykkelturar. Produktutviklinga i sykkelindustrien har gått i rasande fart dei seinaste åra, og særleg fjellsyklane har utvikla seg til å verte meir robuste, men heller ikkje for tunge. Før såg ein entusiastar slepe tunge downhillsyklar oppetter Melfjellet og Liahornet på nordsida av Storfjorden. No for tida er det 11-12 kilo lette og fulldempa fjellsyklar som gjeld. Med så lette syklar kan ein sykle store delar av oppturen og fortsatt nyte turen ned mot fjorden. Men for å vere ærleg, så må det seiast at Sunnmøre-regionen ligg eit godt stykke bak dei verdsleiande fjellsykkeldestinasjonane som Squamish i Canada, Aostadalen i Italia og Trail centers i Skottland. Her har dei investert mykje pengar over lang tid i sykkelturismen, og med det har dei kome langt. I første omgang handlar det om å skape ein komplett infrastruktur for turistane. Det vert investert store pengesummar i utvikling av stiar, skiltsystem, kart og samarbeidet mellom hotell, sykkelutleige og guideføretak fungerer godt. Desse destinasjonane, og mange fleire, har lært av skiturismen og innsett at det må vere enkelt for gjesten å oppleve magien med sykling. Tidspresset som pregar tida vi lev i, gjer at turistane ønsker å maksimere feriedagane, så det gjeld å legge til rette for at dei enkelt kan få eit fantastisk opphald. Sykling på Sunnmøre er som ein upolert diamant. Potensialet til å verte ein skikkeleg bra sykkeldestinasjon ligg og godgjer seg der ute i skogen og til fjells. Men det må verte betre tilrettelagt for å kome seg rundt på effektive måtar om ein skal klare å lokke fleire enn dei aller mest entusiastiske og erfarne syklistane til Sunnmøre. Eg har vitja Stranda, Fjørå og nokre andre stadar rundt om i Sunnmøre nokre gongar dei siste åra for å sykle og fotografere. Som fotograf har eg hatt heilt magiske opplevingar, og nokre av bileta frå regionen har vorte publiserte over heile verda i kanskje verdas finaste fjellsykkelmagasin. Som syklist lyg eg om eg seier at eg heile tida får den same wow-opplevinga som bileta mine uttrykker. Det er litt for upolert og vanskeleg å sykle på mange av stiane til at eg kan vise ei udelt begeistring for området. Når det er sagt, veit eg at regionen har moglegheit til å verte ein svært interessant sykkeldestinasjon om berre nokon anstrenger seg litt meir og investerer så mykje pengar og tid som er naudsynt i sykkelprosjektet. Eg gjer tommel opp til dei som ser potensialet! På dei neste sidene finn du nokre av favorittbileta mine frå stiar på Stranda og i nærområdet. Eg skal vere ærleg og seie at somme gongar måtte vi klatre med syklane på ryggen, og det var ikkje alltid vi kunne sykle verken opp eller ned. Men nokre stadar byr Sunnmørsalpane på sykling i verdsklasse. Takk til Oscar Almgren og Uteguiden for å dele lokalkjennskap og guiding i fjella.
35
36
Janne Tjärnström og Kevin Landry fotografert ovanfor Ljøbrekka på ein liten omveg frå Den trondhjemske postvei.
Fjellsykling på stranda
På same vis som med toppturar om vinteren får syklistane som ønskjer det nyte fine sykkelstiar, men dei må også kjempe hardt på veg til toppen. Her klatrar Canadiaren Kevin Landry frå Squamish og Åre-buarane Jenny Liljegren og Janne Tjärnström mot toppen av Lievarden.
37
Løna for den harde oppturen er den spektakulære utsikta. Dei som kjem for å sykle i fjella kring Stranda, kjem garantert til å stoppe opp både ein og to gongar både på opp- og nedturen til Lievarden.
Lokale delikatesser frå Slogen Mat er best når ein er i fjellet og verkeleg har gjort seg fortent til å ete eit godt måltid. Karen Eller byr Kevin Landry på nyrøykt laks.
38
Stien frå Liahornet er ein av dei betre for sykling i nærleiken av Stranda, men han er ikkje for nybyrjarar. Den erfarne syklisten Kevin Landry frå Canada, lèt ikkje eit nedfalle tre stoppe han i den nedre og bratte delen av stien.
Fjellsykling på stranda
39 Oppe til enstre: Frå stien ovanfor Den trondhjemske postvei. Syklistar: Janne Tjärnström og Kevin Landry. Oppe til høyre: Janne Tjärnström på veg utfor Lievarden (799 m) med Skorene i bakgrunnen. Midten til venstre: Stisykling ved Ringstadsætra med dei over 100 år gamle hyttene. Midten til høyre: På veg ned frå Liahornet ovanfor Liabygda. Kevin Landry i eit vektlaust augeblikk med Stranda og delar av dei spektakulære Sunnmørsalpane i bakgrunnen. Under: Spektakulære omgivnadar mellom Lievarden og Blåhornet. Kevin Landry fanga av kameralinsa med Smogehornet (1445 m) i bakgrunnen.
40
Kevin Landry fotografert høgt over Den trondhjemske postvei med utsikt inn mot Geirangerfjorden.
Vi tilbyr turtransport og sightseeing med taxi, minibuss og buss. Ta kontakt for eit tilbud til konkurransedyktige prisar. Sjå heimesida vår for meir informasjon om tilbuda våre. We offer transportation and sightseeing with taxi, minibus and bus. Contact us for a offer on your trip. For further information visit our website.
• Alt innen anleggsarbeid • Mobile knuseverk • Sprengningsarbeid • Masseleveranser • Produksjon av ferdigbetong • Vi tar på oss både små og store oppdrag Opshaug Sandtak as, 6200 Stranda / www.opshaug.no / post@opshaug.no Betong: 942 88 538 / Transport: 958 30 125 / Kontor: 70 26 93 40
FJellgeita TEKST: OLE KRISTIAN ÅRDAL FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN, HÅVARD MYKLEBUST
Fjelløparen Emelie Forsberg skal setje verdsrekord og springe opp Cho Oyu, verdas sjette høgste fjell – utan ekstra oksygentilførsel. Men først skal ho berre dyrke litt grønsaker i Måndalen. 42
FAKTABOKS Emelie Tina Forsberg Fødd 11. desember, 1986 Profesjonell fjelløpar og skialpinist Sambuar med katalanaren Kilian Jornet Vann verdscupen for fjelløp i 2012, 2013, 2014 og 2015.
Om du stod langs løypa og heia på alle dei segneferdige deltakarane i fjelløpet Stranda Fjord Trail Race i fjor sommar, så la du kanskje merke til ei jente som skilde seg litt ut frå dei andre. Med blått skjørt og rosa panneband kom ho smilande forbi, som om ho berre var på ein liten søndagstur i skogen. Likevel slo ho fleire eliteløparar og sprang inn til ein sterk andreplass. Emelie Forsberg frå Noraström i Sverige er ein av verdas beste fjelløparar, og tok fjorårets løp på Stranda som ein liten treningstur, berre fire og ein halv månad etter ein korsbandsopperasjon. I fjor vinter flytta ho og kjærasten Kilian Jornet – verdas beste mannlige fjelløpar – frå alpebyen Chamonix i Frankrike til ein liten gard i Måndalen utanfor Åndalsnes. Bonden – Alpane var veldig travle, med masse folk og ingen ville fjell. Eg begynte å kjenne på at eg trengte noko meir enn berre folk og konkurransar. Alt vi ynskte var ein plass med heftige fjell og kort veg til flyplass. Så då vi fann denne plassen tenkte vi: «Kvifor ikkje?» Emelie står bøygd over spaden og grev opp ein liten åkerflekk ute på gardstunet då PS besøkjer ho ein nydeleg vårdag i april. Her skal ho blant anna plante bladbete, spinat, grønkål og ruccola. At ho no har busett seg på ein gard, er langt i frå tilfeldig. – Eg har lenge hatt ein draum om å vere sjølvforsynt, dyrke
min eigen mat og plukke bær, sopp og nesler. Det er ein fin måte å ta hand om naturen på, seier ho og tar eit nytt tak med spaden. – Kvar kjem denne kjærleiken til jorda og naturen frå? – Farmor og farfar var bønder, og familien til morfar er samisk. Interessa for jordbruk har berre blitt større og større. No har eg også funne nokre villsauer på finn.no, fortel Emelie engasjert. – Så kult. – Ja, men eg veit ikkje heilt korleis dette fungerer i Noreg. Vi reiser jo vekk av og til. Må villsauen ha tilsyn? – Nei, eg trur det skal gå greitt. Her går villsauen på fjellet for seg sjølv heile sommaren, forsikrar fotograf Martin. – Ja, men då blir det neste prosjekt, seier Emelie og smiler. Den aspirerande sauebonden gir oss ei omvising på den vesle fjordgarden sin og viser oss fleire åkerlappar der ho dyrkar ymse grønsaker, men då vi kjem inn i huset hennar blir den romantiske gardsidyllen brått brote av ein diger grå boks ståande i gangen. Høgdemaskina – Kva er dette, spør eg og peikar på den grå boksen. – Dette er ei høgdemaskin, svarar Emelie og viser meg luftrøret som går frå maskina og gjennom taket opp til soverommet. – Men er ikkje det ulovleg? – Jo, i Noreg så. Men eg er svensk, seier ho og ler nøgd.
FJellgeita
43
44
Når Emelie Forsberg ikkje spring i fjella, er ho ofte heime og jobbar på garden i Måndalen.
Emelie og Kilian er ikkje som alle andre par. Dei søv i eit høgdetelt oppe på soverommet sitt, 6000 meter over havet. I tillegg tar ho ei ettermiddagsøkt på spinningsykkelen eller tredemølla med pustemaske. Mange toppidrettsutøvarar brukar høgdehus for å auke mengda raude blodceller i blodet, men i Noreg vart metoden forbode i 2003, etter ein lang debatt. Emelie har på si side eit heilt konkret mål med høgdeopphaldet på soverommet. – Eg var ute og sprang i oktober i fjor og begynte å tenkje på klatrarane Emily Harrington og Adrian Ballinger som nyleg hadde klatra opp ein 8000-meters-topp. Kanskje eg skulle teste det same? – Men utan oksygen? – Det stemmer. Emily og Adrian hadde med seg surstoff, men eg vil gjere det lett og raskt, og berre akklimatisere meg her heime. Kilian vart sjølvsagt også gira på å bli med, og sidan har vi berre planlagt det. I slutten av månaden reiser vi til basecamp i Himalaya. Om alt går etter planen skal Emelie og Kilian klive opp Cho Oyu, verdas sjette høgaste fjell, 8201 meter over havet. Heile turen skal gjennomførast på berre ein dag frå basecampen på 5600 meter, noko ingen har klart tidlegare. – Det kjem til å bli ein veldig lang dag, seier Emelie og smiler. Vegetarianaren Emelie inviterer oss inn i stova og vi set oss ned på ein gammal benk som truleg stammar frå det eldre ekteparet som eigde
garden tidlegare. Over vindauget heng ei snor med tibetanske bøneflagg som minner ho om ferda ho snart skal legge ut på. – Vil de ha ein sjokoladebolle, spør Emelie frå kjøkkenet. – Ja, takk, veldig gjerne, svarar eg. For å vere ei av dei sprekaste kvinnene i verda, er Emelie overraskande glad i søtsaker. Etter eit par minutt kjem ho ut frå kjøkkenet med nypressa kaffi og eit fat med heimelaga sjokoladebollar. – Kjempegodt, seier eg etter eg har tatt ein bit, ikkje berre for å vere høfleg, men fordi dei også er kjempegode. – Så bra. Dei er ganske nyttige også, seier Emelie. – Er dette sunn mat? – Ja, dette er rein kakao, dadlar, litt nøtter og råmjølk som eg har fått av ein bonde i bygda. Emelie har vore vegetarianar sidan september i fjor. Då var ho på yogakurs i India, og har sidan verken klart å ete fisk eller kjøt. Men svensken er på ingen måte nokon fundamentalist. – Eg håpar eg snart blir sugen på fisk igjen, for eg trur det er bra i riktige mengder. – Kva med kjøt? – Eg lengtar av og til etter godt viltkjøt med poteter, men eg kjenner ikkje for det no. Det viktigaste for meg er å vite kvar maten kjem frå. Eg vil ikkje ete kjøt som har floge verda rundt frå Argentina, eller grisar frå Danmark som er pumpa fulle av antibiotika. Det er ikkje bra for nokon.
FJellgeita
45
Emelie Forsberg like før ho kryssa mållinja under fjorårets Stranda Fjord Trail Race.
Lauparen Medan vi sit og snakkar stikk kjærasten Kilian hovudet inn døra og helsar på oss. Han har akkurat kome heim frå ein (veldig) lang skitur i dei kvasse Romsdalsfjella, men ser ikkje direkte sliten ut av den grunn. Verken Kilian eller Emelie bryr seg noko særleg om å vinne over vanlege dødelege folk. For dei handlar løping om ein livsstil. – Eg berre elskar å løpe, seier Emelie i ekte Forrest Gump-stil. – Når skjønte du at dette faktisk var noko du kunne leve av? – Sommaren 2011 jobba eg som resepsjonist på Turtagrø hotell i Hurrungane. Då begynte eg å prioritere det eg hadde av ledig tid til å løpe. Eg var med i nokre få konkurransar, men det vart mest på slump, for eg var jo både student og i arbeid. Året etter fekk eg invitasjon til å bli løpar for Salomon, og den sommaren innsåg eg at dette kanskje var noko eg kunne leve av. Emelie vart nærmast ei verdsstjerne i løpemiljøet over natta, og sommaren 2012 vann ho fleire store fjelløp over heile verda. Gjennom blogg, sosiale medium og Salomon sine løpefilmar har ho blitt sjølve symbolet på urkvinna – som smilande og sminkefri dansar seg gjennom vill natur. – Har du nokon gong behov for å logge av? – Eg synes det er kjekt å dele om turar, opplevingar og alt det vakre. Men eg saknar dagar som då eg sprang på min første langtur rundt Hurrungane og ikkje hadde med kamera. – Då opplevingane berre var dine?
– Ja, nettopp. No har Facebook og Instagram blitt ein jobb, og det er baksida med det eg gjer. Men samtidig er det kjekt å sjå at folk blir inspirerte og kjem seg ut i naturen, seier Emelie. Sjokoladebollane er ete opp og Emelie begynner å krible etter å gå inn til treningsrommet, ta på seg oksygenmaska og ta seg ein sykkeltur på 6000 meters høgde. Om nokre frå veker sit ho på flyet til Himalaya, men mobiltelefonen blir liggande igjen heime. Denne turen er nemleg berre hennar. PS: Når ho kjem tilbake kan du følgje ho på Instagram-kontoane @tinaemelie og moonvalley_smallfarming.
Bortetter urkeegga TEKST OG FOTO: HĂ…VARD MYKLEBUST
46
Ryggtravers i variert terreng blant majestetar og ekte fjordnorsk landskap.
Bortetter urkeegga
47
48
Hausten er komen til Hjørundfjorden og Urkeegga.
Langs heile fjellryggen har du god oversikt over fjorden og dei omkring-
Bygda Urke ved fjorden.
liggande fjella.
Ryggtraversar har blitt noko av det hottaste ein kan gjere i den norske fjellheimen dei siste åra. Lenge har Besseggen trona høgst på lista til turistane, med Romsdalseggen som ein god nummer to. Denne trivelege måten å bevege seg i naturen på, der ein går rundtur eller overgangstur i staden for opp og ned same veg, har vist seg å vere eit spennande alternativ til dei meir dryge toppturane. Fleire lokale entusiastar har lenge etterspurt eit liknande konsept på Sunnmøre som ein del av ein strategi om vidare vekst og løft av aktivitetar i området, då med Hjørundfjorden som felles gjennomgåande og differensierande produkt. Ideen om ein ryggtravers gjekk ut på å skape eit konkret trekkplaster som inneheldt fleire ingrediensar som det unike fjorden kan tilby, samt er trygg, enkel og tilgjengeleg for så å seie alle som går i fjellet – både barnefamiliar, turlag og generelle fjellvandrarar. Etter suksessen med Saksa-råsa, som ligg like ved, trong ein ikkje å sjå lenger enn over Urkedalen etter eit slikt konsept. Der ligg Klokksegga og Maudekollen som kamelpuklar på fjellryggen som strekk seg søraustover frå Urke mot Slogen og Øye. Med utgangspunkt i setrevegen som rundar Klokksegga mot Myrsetra og Langseterdalen, danna dette allereie eit godt utgangspunkt for rundturen. Fjellryggen i seg sjølv la føringa vidare forutan om ei bratt, skogkledd fjellside nord for Klokksegga som måtte merkast og ryddast. Etter nokre sveittsame dugnadstimar frå lokale initiativtakarar vart ruta offisielt opna 3. september 2016. Som ivrige toppsamlarar hadde vi begge vore på desse to jamnhøge toppane før. Vi var likevel nysgjerrig på korleis den nyetablerte ruta var lagt opp, ettersom det mest ikkje var nokon som vitja desse beskjedne toppane før, forutan om sauer og ein og annan skodelysten hjort. Utan sti og merking hamnar dei i skuggen av merksemda til den langt meir iaugefallande Slogen og med sine innfartsårer opp Skylstadbrekka og inn Langseterdalen. Opninga av den nye turistattraksjonen hadde fått god omtale i lokalavisene og sosiale medium, og berre på få veker hadde fleire hundre allereie vorte lokka og teke turen hit. Det hadde vore ein nydeleg dag slik det ofte kan glimte til med tidleg på hausten. Nokre lange skyer bevega seg inn fjorden i løpet av ettermiddagen, men likevel var vi fast bestemt på å ta oss ein heller rask tur over Urkeegga, som var slagordet på den nye ruta. Vi tok 16.30-ferja frå Sæbø til Lekneset og tok av fjellvegen opp frå Klokk på Urke idet vi helste på nokre tilreisande som vandra langs Bruaparken. Kjem du frå Stranda eller
Grodås, følgjer du vegen gjennom Norangdalen til Øye og kjem deretter til Urke. Sjølv om turistane utgjer mest ei dobling av innbyggjartalet i høgsesongen, så er ikkje dette akkurat verdas navle, og ein kan enkelt finne fram ved å følgje skiltinga. t Oppover Urkedalen går der to setrevegar som begge fører opp til Myrsetra på 280 meters høgde der ein kan starte rundturen frå. Vi valde å parkere litt lenger nede for så å ta direkte opp stien til Klokksegga og vidare rundt og attende til Myrsetra og rusle setrevegen ned igjen til bilen. På denne måten slepp ein den bratte nedstigninga frå Klokksegga, og den seige kilometeren opp igjen til bilen ved Myrsetra. Klokka vart nærmare 17 før vi forlét parkeringsplassen og skiltet som markerte starten på stien opp lauvskogen. No låg om lag 750 bratte høgdemeter føre oss som var lempa med å gå rundturen denne retninga. Men som det oftast gjer på Sunnmøre, lønner det seg raskt i god utsikt etter bratte oppstigningar. Stien kunne nok med fordel ha vorte lagt i eit par sløyfer til der han gjekk mest beint opp den fuktige og klamme oreskogen. Likevel var det gjort ein god jobb, både når det gjaldt merking og skjering av tre. Ein såg tydeleg at det allereie var etablert eit trakk her etter alle dei skodelystne turføtene som hadde trakka seg opp og ned sidan opninga. Etter nokre korte pust i bakken og tørk av sveitte, trakka vi oss bortetter krokete fjellbjørk som klora seg fast i den sidebratte fjellsida. Idet vi runda rundt fjellet til sørsida, kom vi straks over skoggrensa og fekk utsikta som var skildra i innhaldsfortegnelsen om turen. Husa ligg godt mellom dei høge fjella, vegane snirklar seg langs strendene og kontrastane er store mellom den mørke fjorden og dei kvasse fjella, nett slik berre få andre stadar i verda har det. Vi helsar på ei mindre gruppe som kom andre vegen og var nett i gang med den bratte nedstigninga. Fordelen med denne gangretninga er nok at ein har utsikta i mot seg berre ein lettar blikket, men dertil ventar den lårtunge avslutninga ned den bratte oreskogen. Dei passerande kunne fortelje om ein triveleg tur i dei makelause omgjevnadane der ein vandra tusen meter over fjorden. Ein kort og lystig passiar som berre fjellfolk seg i mellom har, vart avslutta på tradisjonelt vis med «god tur vidare» før vi traska vidare oppover blant raudglødande lyng som førebudde seg på vinteren. Oppe på første toppen finn ein utplassert ei bok som held teljinga på dei besøkande og gir deg poeng etter trimboksystemet til det lokale idrettslaget. Boka kunne stadfeste for oss det vi nett hadde observert og talde om lag 300 ulike handskrifter sidan opninga. Eit par signaturar seinare fortsette vi i lett
Bortetter urkeegga
Bortetter Urkeegga i retning Slogen. Vi ser Maudekollen og vegen vidare under fjellet.
Myrsætra tempo i retning av Maudekollen, medan vi kika oss attende mot det opne landskapet. Lynggrodde svaberg forma av istidas herjingar følgde fartsretninga og braut med den konkave forma på fjellryggen. Stien gjekk i ei triveleg berg og dalbane over mindre haugar. I lågaste skaret mellom dei to høgste toppane kan ein bryte av rundturen dersom det er ønskeleg, og følge eit markant band som fører ned til stien i Langseterdalen. Mønet frå salen og opp til Maudekollen var også lett, men litt smalare eit par stadar som fører ein tilbake til fjordutsikta og minner deg på kvifor du går denne turen. Utsikta. Maudekollen er toppen nærast Slogen og det høgste punktet på turen (1021 m). Då vi nådde toppen, var sola i ferd med å gå ned mellom innkomande skyer som utgjorde eit flott fargespel mot den haustkledde fjorden. Frå solvarme steinar betrakta vi båtane som låg på fjorden i kvar sine oppdrag. Bilar som kunne minne om miniatyrfigurar der dei rulla sakte på dei krokete vegane der nede, med merksemda til sjåføren meir vendt mot fjorden enn neste sving. Ferja som frakta fjordfolket og tilreisande over til Sæbø for 13. gong denne dagen. Tida står mest stille når ein ser ut over ei slik harmonisk utsikt. På fjellryggen vidare er det berre Jenteskaret som skil oss mellom den mektige reisinga til Slogen som før eller seinare ville ha hindra oss i vidare framdrift forutan om bruk av tau og sikringsutstyr. I staden runda vi nedover med kurs mot Langseterdalen og meandersvingane til elva frå Storevatnet. Stien er mindre konsentrert her, truleg har folk funne sine eigne vegar opp eller nedover lyngrabbane mellom dei to relativt små vatna som er her. Vi sprang nedover langs elva før vi valde å krysse den for å kome oss inn på stien som går mellom Myrsetra og Patchellhytta. Den nye stien følgjer dalen nedover på vestsida av elva, men av omsyn til det litt ulendte terrenget der, vel vi den tydelegaste stien idet sola går ned og mørket kjem sigande. Stien kryssar så tilbake til vestsida av elva via ei bru like ved Langsætra og er enkel å følge heile vegen attende til Myrsetra og fjellvegen. Vi passerer flymotoren som står utstilt her – eit minne frå slutten av krigen, 16 februar 1945. Denne dagen var det eit luftslag mellom allierte fly og tyske fly som førte til at fire tyske Messerschmidt 109 vart skotne ned i lufta over Urke. Eit av desse styrta her ved Myrsetra i Langsæterdalen. Flygaren berga seg i fallskjerm og fekk hjelp ned til Urke av ungdomar
langesæterdalen 49
Klokksegga maudekollen i bygda. Den gamle setra finn ein berre restane av, og er bytta ut med moderne teknologi i form av inntaket til Urke kraftverk utforma i betong med design etter den markante toppen lengre framme i dalen. Vi ruslar nedover fjellvegen etter 9,5 flotte kilometer i variert terreng blant majestetar og ekte fjordnorsk landskap.
Kronjuvelen i Sunnmørsalpane, Slogen, tek seg godt ut frå Maudekollen. Her speglar han seg i ein sølepytt på Klokksegga.
facebook.com/uteguiden
instagram.com/uteguiden
twitter.com/uteguiden
OPPLEV SUNNMØRE MED OSS! » Fjellføring » Fjellturer » Kajakk » Sykling » Klatring
« VI TILBYR AKTIVITETER TIL PRIVATPERSONER, FIRMAER OG GRUPPER - TA KONTAKT FOR ET TILBUD! » Utvalg av aktiviteter: Klatring på Mollabladet – Føring på Slogen – Kajakktur rundt Ålesund
Besøk våre guidekontor i Ålesund eller på Stranda.
Besøk oss på uteguiden.com
søndag og skruven TEKST OG FOTO: JOHAN INGE KISTRAND
Skruven (1584 moh) Ein variert og spennande tur, spesielt om ein går via Hesten, frå Bygdastølen, og ned igjen via Tverrdalen. Då får du ein fin rundtur i ulikt terreng, Ikkje berre rett opp og ned same veg. Turen er stort sett lett å gå, og byr på enkle klyveparti mot Litle Skruven. Toppen er nok ikkje like mykje besøkt som naboane sine litt lengre vest, som for eksempel Slogen og Jakta, men byr på like storslagen utsikt, viss berre tåka lettar.
52
Stemningsfull vandring i tåkehavet.
søndag og skruven
Det er tidleg september, og søndagsturen går til Skruven. Det er litt grått utanfor når vi køyrer frå Ålesund, men ifølge vêrmeldingane skal det lette utover dagen. Vi stolar på dei. Rett etter Hellesylt tar vi av til Ringdal, og køyrer ein bomveg gjennom Sunnylvsmoldskredalen, og ca 4.5 km inn til Rindalstølen og Bygdastølen, omlag 470 moh. Vi blir tekne litt tilbake i tid ved desse stølane, og minna på seterlivet i gamle dagar. Det kan sjå ut til at nokre av sela i dag blir brukte som hytter. I tillegg er ein geitefjøs framleis i drift. Sola gløttar fram innimellom, og turen ser foreløpig lovande ut. Nesten framme ved stølen blir vi tekne varmt imot av 30 geiter. Dei fleste står midt i vegen, og det verkar ikkje som at dei har tenkt å flytte på seg med det første. Det viser seg at dei er svært selskapsjuke og ønskjer å bli klappa litt før dei vil sleppe oss forbi. Etterpå finn vi ein parkeringsplass ved den siste stølen, hiv på oss sekkene, og labbar i veg. Planen er å gå den lange ruta, via Hesten, og over Litle Skruven. Allereie frå start er det skilta mot Skruven. Så då er det berre å gå rett på. Men stien viser seg å forsvinne ganske raskt. Vi plukkar litt blåbær og funderer på om vi skal finne tilbake til stien, eller om vi berre skal gå vår eigen veg. Det blir det siste alternativet. Litt knoting oppover krattskogen, men så blir det meir opent terreng, og ruta vidare ser ut til å gå av seg sjølv. Tåka ligg framleis tjukk over toppane, men innimellom skimtar vi Litle Skruven. Han ser svært spennande og innbydande ut herfrå – ein markant topp med bratte sider. Kan nok bli ein fin rygg å klyve seg oppover. Håpar berre lovnadene om betre vêr utover dagen stemmer. Etter å ha passert Hesten og gått litt vidare tek vi en avstikkar og kjem til eit flott utsiktspunkt nedover til Norangsdalen. Det er alltid like overveldande å køyre innover denne mektige dalen med den smale vegen og
53
Endeleg over krattskogen. Stølane skimtes lenger nede.
54
dei bratte fjellsidene, men det er hakket meir overveldande å stå her oppe på utsiktspunktet og skode nedover. Det er nokre hundre høgdemeter rett ned. Her ser vi rett ned mot vegen som slynger seg innover dalen, omgitt av bratte fjellsider. Rett over på andre sida ligg Skjerdingstindane og Staven. Vi blir ståande her ei god stund å nyte utsikta. På avstand ser vegen vidare langs fjellryggen opp til Litle Skruven noko bratt og uframkommeleg ut. Men det viser seg å vere relativt enkelt å klyve oppover. Oppe på denne toppen er det heilt grått, og vi ser svært lite rundt oss. Her møter vi også tre andre som har gått opp frå Tverrdalen. Dei ser litt mørkt på å gå vidare til hovudtoppen, og vel å snu her på grunn av tåka. Toppen skal ligge eit kvarters gange herfrå, men vi kan ikkje sjå snurten av han. Uansett så vel vi å gå vidare. Etterkvart skimtar vi ein varde. Toppen er nådd. Men utsikta er lik null. Jaja, det var dumt, tenker vi, og kler på oss varme klede og får i oss matpakkene våre. Det ser temmelig dårlig stelt ut for at vêret skal lette. Men staheita tek overhand, og vi blir sittande i 45 minutt. Det er heldigvis vindstille, og vi har gode og varme klede. Det positive med slik tåke er at alt blir så stille. Det einaste vi kan høyre er lyden av ein ramn som flaksar forbi. Det er fortsatt like grått. Vi begynner å tenkje tanken på å snu. Men det er jo litt keisamt å bruke så mykje tid, og ikkje få med seg utsikta frå hovudmålet. Og så bryt det plutseleg opp. Sola får skine gjennom. Vi får sett Slogen og Norangangsfjorden frå ei litt ny side for vår del. Men det er ikkje til å ta feil av kva for ein topp det er. Han ser like flott ut frå alle kantar. Like markant og stolt. Smørskredtindane skimtar til innimellom. I andre retninga er det nesten blå himmel, vi ser elva som slynger seg nedover Tverrdalen helt ned til stølane kor vi parkerte, og vi ser kjente og ukjente fjell. Mange til inspirasjon til framtidige turar. Heilt fantastisk, seier vi til kvarandre med store smil, og konkluderer med at det var vel verd ventetida. Turen har teke litt lengre tid en venta. Tilbake på Litle Skruven ser vi ruta vi har gått opp. Litt lang tenkjer vi, og vel heller å gå rett ned i Tverrdalen. Her var det småbratt og veldig mykje laus stein, noko som kjennast godt på låra idet vi kjem ned i dalen. Vidare ned til stølane går i fint lettgått terreng. Når vi ser oss tilbake, ligg Skruven midt i en skydott. Trur vi var heldige med den. Tilbake til bilen begynner det å bli mørkt ute. Hausten har kome og kveldane er ikkje like lange. Ingen geiter å sjå på veg tilbake. Dei har nok krope til sengs. Nok ein flott dag i Sunnmørsheimen er over.
Variert terreng på veg opp mot Hesten.
Nærkontakt med nysgjerrige geiter ved stølane.
søndag og skruven
55
Enkel klyving opp mot Litle Skruven. Tåka har letta og nedstigninga mot Tverrdalen har begynt. Deler av ruta kan sjåast bak til høgre.
Utsikt frå toppen. Norangsfjorden og Slogen midt i bildet.
VI BYGGER FRAMTIDENS
BÆREKRAFTIGE SAMFUNN
Vi utfører alle entrepriseformer K. Nordang utfører alle entrepriseformer i offentlig og privat sektor. Vi bygger leilighets bygg, skoler, hotell, kontorbygg, industribygg, kaier, broer og noen spesialkonstruksjoner som for eksempel innen vannkraftanlegg. K. Nordang har spesialisert seg på effektiv elementmontasje både i egne prosjekter og som underentreprenører for andre entreprenører. Med høy kvalifisert personell innen betong, tømring og snekring, utfører K. Nordang oppdrag innen service, rehabilitering og ombygging på alle typer bygg. Firmaet har moderne og effektivt utstyr for alle typer kranoppdrag med både mobilkraner og kranbiler.
www.nordang.no
firmapost@nordang.no
+47 70 26 85 85
TIBE
Leverandør av sjømat
”Vi har tilgang på de ferskeste og mest pålitelige forsyningene av råvarer til produktene våre.” Norsk Sjømat AS
Norsk Sjømat AS Norsk Sjømat Oppdrett AS Svemorka 26, 6200 Stranda Tel. 70 26 88 80. Fax. 70 26 88 90 mail@norsksjomat.no www.norsksjomat.no
Storm Seafood Inc. 86 Pond Valley Road, Woodbury, CT 06798 Tel. 203-263-6933 (kontor) pgati@stormseafood.com www.stormseafood.com
Vital Seafood AS Kyrkjegata 57, 6200 Stranda Tel. 70 26 84 90 jh@vitalseafood.no
Norsk kvalitetsgarderobe - nyt den gode følelsen av å ha alt på plass, pent og ryddig Vi skaper innredningsløsninger og elegante walkin-garderober i møbelkvalitet for all slags oppbevaring. Vi er tradisjonsbærere med fokus på interiør, produktdesign og leveranser av skreddersydde, helhetlige løsninger. Instagram: @langlo.no Informasjon: www.langlo.no
Foto: Simen Berg, Arild Juul©Norwegian Seafood Council, Sven Raben©Norwegian Seafood Council, Tom Haga©Norwegian Seafood Council.
Norsk Sjømat Group
Fin dag med dødsangst TEKST: ARE KALVØ / ILLUSTRASJON: ROSS BODENMANN
58
Det hender ein kjenner seg som ein dårleg nordmann. Det hender også at ein kjenner seg som ein dårleg middelaldrande nordmann. For eksempel når ein må innsjå at ein sannsynlegvis er den einaste nordmannen mellom førti og femti som ikkje går i fjellet. Eg har mista så mange venner til fjellet dei siste åra. Folk eg trudde eg kunne stole på. Bra folk. Smarte og morosame folk. Som før gjerne blei med på pub for å prate tull. No står dei opp tidleg, tek bilde av skispor, legg dei ut på Facebook og skriv: «Fin dag på fjellet». Dette er folk eg før har rekna som gode venner. Og som vittige. No skriv dei altså «Fin dag på fjellet». Det er det dei klarer. Eller dei tek bilde av seg sjølv med armane i veret. Dette skjer med folk på eit punkt i livet. Ein begynner å miste humoren. Og håret. Det skjer ofte samtidig viss ein er mann. Eg har ein grufull mistanke om at humoren kanskje sit i håret. Og altså: ein begynner å gå i fjellet. Alt dette skjer når ein når det punktet i livet der dørvaktene for lengst har slutta å spørje deg om legitimasjon, og for lengst har begynt å spørje deg om du er heilt sikker på at dette er ein plass for deg. Det skjer fleire forandringar når ein når dette punktet i livet. Ein sluttar for så vidt ikkje å gå ut med kompisar når ein når dette punktet. Men ein går helst ut på plassar der det ikkje er så mykje lyd. Fordi at når ein når denne alderen, så vil ein gjerne gå ut for å snakke. Om ufatteleg kjedelege ting. For det skjer også i denne alderen. Når menn i førtiåra ofte svarer litt unnvikande på spørsmål frå kjærastane våre om kva vi dreiv med på den siste guteturen, så er det ikkje fordi vi har gjort noko unemnelig. Eller ikkje hugsar kva vi gjorde. Det er fordi vi helst vill sleppe å innrømme at vi sat på pub i London i tre dagar og snakka om avspasering og oppussing. Men først og fremst begynner ein i denne alderen – viss ein ikkje har begynt før – å trene og gå i fjellet. Og eg veit at mange seier dei gjer det utelukkande for den gode kjensla det gjer. Men
det er naturlegvis ikkje heilt sant. I så fall ville ikkje så mange begynt med dette akkurat samtidig med at ein når alderen der dødsangsten sett inn. Viss trening og fysisk aktivitet ikkje hadde nokon konsekvensar, for helsa di eller kroppen din, så ville vi neppe ha drive med det. Det har aldri skjedd at ein lege har sagt til ein pasient «Du har ein månad igjen å leve», og pasienten har svart: «Då skal eg begynne å trene. Eg skal bruke dei siste fire vekene mine på kloden til å gå i lycra, i eit altfor godt opplyst treningslokale, saman med andre folk i lycra, som eg ikkje kjenner, og som luktar sveitte, og der skal vi sjå rett framfor oss og høyre på musikk vi ikkje liker, spelt altfor høgt medan vi syklar på syklar som ikkje kjem seg av flekken.» Sånn sett har fjellet sjølvsagt overtaket på treningsstudioet. Eg ser den. Viss du først skal mosjonere vekk dødsangsten din, så er det betre å gjere det med utsikt og i frisk luft. Det gjer seg dessutan veldig mykje betre på bilde. For det må vi aldri gløyme: Dei fysiske utskeiingane skal dokumenterast. Og gjenforteljast. Heilt utan humor. Gode venner av meg, som eg før rekna som oppegåande, seier no i fullt alvor sånt som: «Den stillheita du opplever på fjellet, liknar ikkje noko anna.» «Eg har begynt å samle på fjelltoppar. Ting har eg nok av.» «Det er berre i møte med naturen at du forstår kor liten du er.» Altså, viss det berre er i møte med naturen at du forstår kor liten du er, då har du rett og slett for stort sjølvbilde. «Vi har bestemt oss for å gå frå hytte til hytte i fjellet i ferien i år,» seier dei. Sjølv om det å gå frå hytte til hytte i fjellet neppe kan kallast ferie. Det er i beste fall ei form for ferie som utelukkande inneheld dei to kjedelegaste tinga med å vere på ferie: pakking og transport. Men der går dei, frå hytte til hytte. Hytter som heiter Pyttbua og Krækkja og Fokkstuggu og Gaukhei. Og Myggheim! Der går dei. Frå topp til topp. Medan sveitten og humoren renn av dei.
Fin dag med dødsangst
59
jakta på fjellfolket TEKST: INGVILD HEGGE ERIKSEN / FOTO: TV 2
Eg er verken flink til å jakte på menn eller dyr i naturen. Faktisk er eg så dårleg på det at det kan verte interessant. Og da eg spontant vart med i førre sesong av «Jakten på kjærligheten», fann eg ut at ein aldri kan planlegge framtida.
60 – Se på han, da, Ingvild, kan du ikke melde deg på det der? Det er ein varm junikveld i 2016. Bestevenninna mi og eg ligg i kvar vår sofa med TV2 surrande i bakgrunnen, og magen og hovudet fullt av sukker. Kva for ein mann på denne kloden vil vel ha dette virvaret av ei jente som gruar seg litt til å verte vaksen? tenkjer eg idet bestevenninna mi kastar ei godterikrokodille på meg. Ein ung, sjarmerande grisebonde med skarre-r, breitt smil og ein stor gard fyller TV-skjermen. Martin Vågsæter heiter han, står det. Eg set meg opp i sofaen. Det er faktisk sant at eg alltid har drøymt om å bu på gard. Og viss han ligg ved foten av spisse fjell som gir meg sug i magen, er eg seld. Men reality-TV? Til slutt overtalar bestevenninna mi meg til å skrive eit friarbrev. Setningar haglar inn på Macen, dette skal eg naile, eg som snart er utdanna tekstforfattar og alt. Nokre dagar seinare held eg nærmast pusten der eg står i køen på posten med ein A4-konvolutt merka med TV2 og bondens fornamn på. Juni vert til juli og by vert til bygd. Tal på friarar har krympa frå ti til fire jenter, og eg gler meg til denne bonderomantikken eg har høyrt så mykje om – sjølv om eg knapt kjenner denne mannen eg har skrive til. Føretrekk han å gå timesvis i fjellet utan å møte menneske? Likar han å tenne stearinlys i ei koie mens det knirkar i treverket av vinden utanfor? Kjem eg endeleg til å få besøke desse kjente fjella? Kva eg har kasta meg ut i, er eit spørsmål som for lengst har forsvunne inn i arkivet av heilsprø tankar. For dette her er berre heilt vanvitig, tenkjer eg idet flyet landar på Vigra. Eg er yr av spenning, men innerst vil eg berre ha ein fjellmann eg kan utveksle nokre toppkyss med. Og blant desse naturskjønne omgivnadene kan vel ingenting passe betre? På bussen på veg ned frå Strandafjellet kjem dei enda betre fram. Eg angrar på at eg ikkje tok med meg spegelrefleksen. Over fjorden ligg ei lita bygd. Det kriblar i magen av tanken på å knyte på seg fjellskoa og gå opp på dei myteomspunne toppane eg berre kan førestille meg forsvinn opp i tåka. Eg skulle ønskje eg kunne spole over kleine samtalar no,
rare opningsreplikkar og merkelege spørsmål. Det er spesielt eitt spørsmål som gjekk igjen dei dagane på gardsveka i fjor sommar: –Ska vi ta ein prat, du og e, Silje? –Ska vi ta ein prat, æ og du? –Lone, vi skukje tatt ein prat, du og e? Å springe opp på toppar Dagane vert også fylde av kortspel, fliring, dyreprat, fylleprat, u name it. Ofte snakkar vi om kor gjengete vi har blitt. Det er ein spontansommar, spandert av TV2, ilag med folk eg aldri ville møtt elles, kor vi får hurtigopplæring i å brette ut kjenslene våre. Framfor kamera. For ei litt sart sjel frå dei beskjedne granskogane i Nord-Trøndelag, er dette hard kost. Omringa av himmelhøge toppar på alle kantar, er det ikkje fritt for at eg rømmer litt vekk både ein og to gonger. Ruslar langs gardsvegen og ringer mamma. Ser opp på toppane og lurer på korleis det må vere å gå der med nokon ein kan kysse på toppen. Blåhornet på andre sia av dalen, dit kan ein vel gå ein ettermiddag og ete kveldsmaten? Så mange ting på ein gong! Og utan at eg innrømmer det for nokon, er det eit lite nederlag, at eg, som til vanleg er forelska i, og høg på, sjølve livet, og spesielt viss eg får springe rundt med fjellsko på føtene og ullgenser i sekken, no finn meg sjølv i eit kaotisk hav av forvirra kjensler. Etter kvart siv grillukta over gardsplassen. Eg sit mellom to ihuga friluftsfolk på ein grillfest i Strandadalen og lurar på om det er teit å snakke om Grandiosa eller den gongen eg gjekk på Snøhetta to dagar på rad berre fordi det var så dårleg vêr den første dagen. Kvifor klarer eg ikkje å opne kjeften? Skjerp deg, Ingvild, skjerp deg. Mantraet går på repeat i hovudet mitt, men det gjer tydelegvis intervjuteknikkane til kamerateamet også. Alle fire jentene er blitt så vande til å snakke framfor kamera no at eg er litt redd for korleis vi vert framstilt på TV seinare i haust.
jakta på fjellfolket
Martin Vågsæter og Ingvild Hegge Eriksen under opptaka av «Jakten på kjærligheten» i fjor sommar.
61 Samtalen dreier seg om fjelltoppar og erfaring. Eg kavar meg vidare i mitt paniske forsøk på å vise at eg faktisk har vore ute ein vinterdag før og at eg er veldig interessert i desse fjelltoppane kring oss (utan å nemne at det er første gong eg er i fylket). –Ja, deinn der...ka heite deinn, Bladet? Såg et bilde av deinn ein gong, deinn såg skikkelig spiss ut. Hendene mine blar nervøst i eit friluftsmagasin alle jentene fekk utdelt av besøket. Bileta presenterer sylskarpe ryggar, puddersnø som er så fersk at den nærmast sprett ut av papiret framfor meg og ei sol som neppe kan skine like fint som den på Sunnmøre. Eg sit ved sida av naboen til Martin, ein mann som ikkje kunne kledd ein Mariusgenser betre. Og der og da visste eg så klart ikkje at den Mariusgenseren kom eg sjølv til å tusle rundt i eit halvt år seinare, men likevel var det noko med den kvelden som fortalde meg at eg berre måtte snakke med han. –Bladet, ja, den ligg i Molladalen. E he so lyst te å gå der ein gong. Men den e faktisk ikkje so spiss. Det e berre frå eine sida, seier naboen til Martin. –E me. Det må oss få te! seier storesøstera til Martin. –Gjerne! Begge to er kledd i obligatoriske ullgenserar. Desse folka, dei spring nærmast opp på toppane. Og eg? Kva gjorde eg? Tenkte at dette var så fint som det kunne vere, lukta av kyllingvenger, boblevin, fjøs og eit ønskje om å flytte vekk frå byen og leve av å vere på lag med naturen. I badestampen lenger ned i dalen nokre timar seinare skvisar vi oss tett i lag og pratar om emne ein aldri vert for barnslig for. Tre gutar og tre jenter. Vatnet er glovarmt, drikka er snart tømd og telysa blafrar nøgde i julivinden. Klokka er for lengst gløymd. Alle jentene forsøker å smigre Martin som sit i midten, konkurranseinstinktet kicker inn, og spesielt fordi kamerateamet er dregne heim for kvelden, er det småskummelt å ta i bruk triks for å få bonden på tomannshand. Fotflørting, tilfeldige plasseringar av hender, eller kanskje ikkje så tilfeldige…?
Tjuefire timar seinare sit eg med verdas største smil og Siena kebab på den eine sida av hotellsenga og Pepsi Max på den andre. I går vart eg sendt heim frå Jakten på Kjærligheten, men aldri i livet har det kjenst meir frigjerande å verte dumpa på TV. Neste dag skulle eg fly heimatt til Trondheim og livet skulle fortsette. Forvirra kjensler? Verte riven i fleire retningar? Vere ærleg, open – kanskje litt vel open – og ikkje berre til ein person, men to, tre, fire, fem, tusenvis. Å vere med på eit realityshow er alt anna enn korleis du ser det på TV. Vil du vete korleis det var? Då må du nesten melde deg på eit, for det er berre eg og eit veldig lite knippe andre folk som veit korleis det er å skulle opne seg, i ukjente omgjevnader, til folk du har kjent ein halv brøkdel av livet ditt, vere tvungen til å smile og vere sprudlande, gi av deg sjølv, og alt det pjattet. I ettertid er det kanskje ikkje så rart at eg kjente meg forvirra, men å sjangle heimover i fem-tida på natta, med grillande og rosinfingre etter stampinga, var ikkje forventa. Ei heller at eg skulle bli så godt kjent med naboen til Martin. Det var så mykje kjensler i spel at det gjekk stafett i å sette seg i grøftekanten og lengte etter ein trøstande armkrok den kvelden. –Dette e jo helt Paradise, syns du itj? flirer eg, idet eg og naboen i Mariusgenseren står ved krysset inn til garden. Han flirer han òg. På bussturen til flyplassen i Ålesund skrur eg opp volumet på musikken og tenkjer på korleis eg fekk til å vikle meg inn i dette. Korleis eg klarte å flørte, eg som berre har reist på utallege turdates med bikkja heime. Kor mykje vi flira, og kor mykje av oss sjølve vi henta fram. Og i riktig husmorsande hadde vi så klart med oss gåver til bonden og kjente oss både heldige og vettskremde på same tid. Vi vart plutseleg spurt om vi kunne tenkje oss å bu på ein gard på Sunnmøre, og attpåtil på TV, mellom dei enorme fjella? Bu ilag med folk som spring opp på toppar? Hoppe i høyet og nyta bonderomantikken? Eit aldri så
62
Martin Vågsæter og dei håpefulle friarane på garden i Strandadalen.
lite kjærleikskollektiv var det nesten. Men kven som hoppa i høyet med kven, kan fortsette å vere hemmeleg. Januar 2017 Det knirkar i treverk når vi bankar snøen av skiskoa og går inn i hytta. Under oss ligg gardar sjarmerande strødd oppover i Strandadalen og lufta er blåaktig utafor vindauget. Etter nokre harde twistar, nysgjerrig lesnad i gamle hyttebøker og armkrokkos, er det tid for å køyre ned i pudder. No er det berre meg og naboen til Martin. Og fjella rundt oss, Kvitfjella bak hytta og Blåhornet på andre sia. Emdalstindane som gir meg magesug og alt er postkortlekkert. Her kan ein bu. –Æ vart så lei av TV-greian, det va bære...sjukt slitsomt, sånn psykisk, seier eg idet vi tek på oss skia igjen. Heng på stavane og nyt utsikta. –Hadde du meldt deg på igjen? sender han tilbake i ein spøkefull tone. –E det eit lurespørsmål, eller? Det er nokon augeblikk eg vil ramme inn i og hengje opp på veggen. Eller putte i ein konvolutt og aldri kaste. Men ekte naturopplevingar skjer berre utandørs. Uansett kor mykje eg skriv eller les om Sunnmørsalpane, vil det aldri måle seg med å gå i lag med ein annan person oppover seige, bratte bakkar og sjå dalen forsvinne lenger og lenger under oss. Det er sekunder av galfridom, og det er ein lyst på livet som kitlar i magen. Fordi eg veit, berre ved å ha tråkka i skispora hans i ein halvtime, at desse omgivnadane er synonymt med eit hav av moglegheiter. Hemmelege stiar og forbi fjellryggar berre dei nærmaste naboane kjenner til. Og det beste av alt er at det er så enkelt. Å kunne knyte på
seg eit par fjellsko og ha uendeleg med tid opp i høgda, burde vore ein menneskerett, synast eg. Kjensla av å eige verda i nokre få sekund etter at eg har nådd toppen, er så unik at eg unner nesten berre den personen eg går i lag med akkurat den kjensla. Fortenesta smakar så himmelsk. Kjensla av fornøgd mjølkesyre som siv gjennom kroppen og ulltrøya som klistrar seg til ryggen, gjer at eg ikkje lenger gruar meg til å verte vaksen. Det finst jo så mange turar eg vil gå på! Og skulle eg verte kald, er det ein fin bonus at det finst ein varm armkrok halvmeteren unna. Nye utsiktar Nokon vil kanskje seie at eg heller forelska meg i Stranda og fjella omkring enn bonden eg skreiv til i utgangspunktet. Nokon vil kanskje seie at eg vart eit offer for ei lita tjuvutveksling mellom to gardar i Strandadalen. Nokon vil kanskje flire når dei spør korleis eg og Mariusgenseren eigentleg vart kjent no i ettertid. Men det eg vil seie, er at denne bygda, folka og sommaren i fjor lærte meg at du må gjerne planlegge ein fjelltur, men du kan ikkje planlegge kva slags folk du kjem til å møte på turen. Nokon trur kanskje ikkje på eventyr, nokon trur på vitskap og harde fakta. Men kva om friluftslivets gratisbillett til nye utsiktar og augeblikk som tek pusten frå deg, er eit lite kvardagseventyr i seg sjølv? Eg trur ikkje på nokon gud, men eg trur at naturen gir oss noko vi ikkje får nokon annan stad. Og lite visste eg at det å melde meg på eit grisekleint reality-program om bonderomantikk skulle verte starten på nettopp det. For eigentleg var det jo berre ein bonde, fire jenter og ein sommar på Sunnmøre.
STRANDA
HAVNEVIK
Åpningstider 07-23 / 08 -21
Skreddersøm av smarte løsninger for oppdrettsnæringen SeaSide AS, 6201 Stranda www.stansas.no
Innteikninga av forma pĂĽ skaftet i treemnet.
64
Med millimeterpresisjon fører Harald treemnet mot sagbladet til stikksaga.
Eit av Harald sine mange fine knivhandverk.
Knivmakaren i Helsemvika
Knivmakaren i Helsemvika TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
65
– Då eg var gutunge, spikka vi mykje. Vi laga pil og bue, og fløyte på våren. Vi hadde ikkje råd til å kjøpe dyre knivar den gongen, men hadde speidarknivar og andre billige saker. Det å lage sin eige kniv var ein draum, seier Harald Sørheim. 80-åringen sit heime på hobbyrommet sitt i Helsemvika på Stranda og fortel om korleis draumen om å lage eigne knivar vart fødd. I hylla ligg fem sjølvlaga knivar, og på veggane heng ulike verktøy som han har samla gjennom åra. Midt i rommet står ei stikksag, langsmed veggen eit borrestativ, og i høgre hjørnet ein benkslipemaskin. Vårsola skin gjennom vindauget, og av og til ser vi kona, Liv, gå forbi medan ho gjer vårarbeid i hagen. – Vi kom til Stranda i 1967, og flytta inn i våningshuset i
Olagarden. Kona mi, Liv, er frå Hellesylt, og ville nærmare heimstaden. Då var tunnelane mellom Hellesylt og Stranda ferdige, noko som gjorde det praktisk å bu på Stranda. Harald jobba heile sitt yrkesaktive liv i skuleverket. Først som lærar i barneskulen på Ringstad, så på ungdomskulen då den kom, seinare på skulekontoret i kommunen som pedagogisk konsulent, og nokre år som skulesjef, før han ønska seg tilbake til ungdomskulen og avslutta tida i skuleverket som rektor. Det var i Sløydsalen på ungdomsskulen at knivmakar-
Harald med nokre av dei mange knivane han har laga på verkstaden sin. Grovpussinga blir gjort med pussemaskin.
66
en Harald Sørheim la grunnlaget for det fine knivhandverksarbeidet han meistrar i dag. – I 1992 gjekk vi nokre kompisar ilag og fekk ein knivmakar frå Volda, som heitte Knut Lid, til å kome hit og halde knivkurs for oss. Mange var med på kurset, og vi begynte å møtast i sløydsalen på ungdomskulen for å lage knivar. Vi utvikla oss meir og meir, og etter kvart vart vi ganske flinke. Harald er ferdig med å teikne inn på knivskaftemnet kor han skal sage, og startar stikksaga. Med millimeterpresisjon fører han knivskaftemnet mot sagbladet etter oppteikninga. – Eg syntest det var så spennande å lage knivar at då eg begynte å jobbe på ungdomsskulen igjen i 1994, hadde eg lyst til å lære interesserte elevar å lage sin eigen kniv. Det vart eit veldig populært valfag som eg fortsette med til eg slutta i 2000. Etter at eg vart pensjonert, har fleire av mine gamle elevar kome til meg for å få hjelp til ny kniv. Mange av elevane var kjempeflinke til å lage knivar. – Korleis er prosessen med å lage ein kniv? – Fyrst startar eg med å finne eit knivskaftemne og kappar det opp i passeleg størrelse. Knivblad bestiller eg frå kjende knivsmiar, dei tilpassar tangen som skal inn i skaftet etter størrelsen på knivskaftemna mine. Når eg har motteke knivblada, lagar eg eit hol i skaftet som passar til tangen, deretter formar eg skaftet. Eg avsluttar med å pusse skaftet med grovt og fint sandpapir før eg oljar han. Når skaftet er ferdig og limt, er det slire som står for tur. Slire er etuiet for kniven, det som vernar knivbladet. Men ei god slire gir meir enn berre vern for knivbladet. Det ser også fint ut, og er på mange måtar eit smykke. – Slireemne er av solid lær, og må blautleggast i eit kvarter. Deretter skjer eg etter ein mal med ein spesialkniv. Ei fin slire skal syast for hand. Eg brukar ein gamal skomakarsømteknikk med nål i kvar ende av tråden, og stikk dei mot kvarandre i same hol og strammar til heile vegen. På denne måten blir det fine korssømsting. Det er alltid spennande å sjå om kniven passar i slira. Passar han, byrjar arbeidet med å dekorere. Eg brukar lite dekor på slirene mine. Det held med noko øvst, nedst og kanskje noko over bladet. Då blir ikkje alle slirene like. Når læret er tørt, går eg over med ein glattepinne for å få blankt lær. Så fargar eg slira og avsluttar med å gnikke med ei tørr fille for å få fin glans. Aller sist oljar eg skaftet på kniven med ei spesiell treolje som trekkjer godt inn og gjev ein matt glans. Eg likar ikkje skaft som er skinande blanke, eg synest skafta skal vere silkematte. – Kva tenker du på når du sit her i hobbyrommet ditt og lager knivane dine?
– Som oftast er eg så konsentrert med planløysing og utforming av kniven at det vert lite plass til andre tankar. Men i pusseog syfasen kan tankane vandre. Ofte er eg oppteken av barnebarna og deira vandring inn i vaksenlivet, og elles kan det vere filosofering over prosjekt vi held på med i hus eller hage. Det kan og vere kjekt å lytte til radio eller berre nyte knitringa av veden og kjenne varmen i ryggen frå omnen. Harald har tolv barnebarn, og det har blitt ein tradisjon at kvart barnebarn får sin eigen kniv når det fyller ti år. Det har også blitt knivar på svigerdøtrer og svigersøner, kona Liv har også sjølvklart fått sin eigen kniv. Men det er ikkje berre familien som har gleda av Harald sine knivverk. Etter kvart har Harald blitt ein kjent knivmakar på Sunnmøre. Mange har kjøpt kniv av han til seg sjølve eller som ei unik gåve i samband med viktige feiringar elle markeringar. – Eg har inntrykk av at dei som kjøper knivar som gåve, vil gje ein ting som varar. Det er jo ikkje mange som slit ut knivane sine. Så lenge ein fer fint med ein kniv, vil han vare til neste generasjon. Det set jo kniven i perspektiv, og gåva får endå større verdi då det kan bli ein arvegjenstand. Det gjer jo gleda over å lage knivar endå litt større.
PS!
Har du sjekka våre prisar? Vi skaffar alt du treng til ditt byggep rosjekt og leverer heilt til døra om du vil!
ALT AV TRELAST OG BYGGEVARER Vi har også entreprenør- og byggmesterforretning i tillegg til byggevareutsalg. Spør oss når du har behov for byggevarer. Utkøyring også til Strandafjellet og Fjellsetra etter avtale.
Velkomen til oss!
Opningstider: Mandag-Fredag: 08.00-16.30 Laurdag: 09.30-13.00 Butikk: Ødegårdsvegen 125, 6200 Stranda Tlf: 70 26 20 60 - firmapost@ous-emdal-bygg.no
www.ous-emdal-bygg.no | Facebook: Byggfag Stranda - Ous & Emdal Bygg As
Lokal bank. ENGASJERT BANK. Sparebanken Møre.
I fotspora til olav den heilage gjennom valldal 68
TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN
Desember 1028, fem vikingskip er på veg inn Storfjorden, fremst siglar det stolte skipet Visund. Kong Olav Haraldsson har hamna i skvis mellom to sterke fiendar.
Frå sør er han truga av sønene til Erling Skjalgasson, som Olav drap, og frå nord av Håkon Jarl. Einaste utveg for Olav er austover, han har blitt tvungen til å flykte frå Nørve, gjennom Vegsundet og inn Storfjorden. På fjorden utanfor Sylte blir Olav ifølgje ei lokal legende angripe av ein stor sjøorm. Basketaket endar opp med at Olav slenger ormen opp i Syltefjellet kor ein kan sjå han den dag i dag – Sylteormen. Etter å ha drepe sjøormen seglar Olav inn til Valldal kor han går i land med sine fire hundre menn. Det er ingen sjøormar å sjå på fjorden medan vi kjem roande mot Valldal, i vikingskipet som Morten Gravdal og kona Monika Tettli tek turistar ut på fjorden med om sommaren. Morten Gravdal er sokneprest i Norddal og har stor interesse for Olavstradisjonen. Han ønskjer at fleire skal få ta del i han, både på fjorden og langsmed pilegrimsleia. Vi klarar å ro i takt slik at vi, som Olav og hans menn, også kliv i land på Sylte. Men der Olav møtte vinter og snø, skin som-
marsola medan vi vandrar gatelangs i Sylte, forbi Fjellro Hotel på veg til Korsbrekka. I Snorres kongesaga står det at Olav kvila og reiste to kors på det som i ettertid vert kalla for nettopp Korsbrekka. «Då han var komen opp bakkene til Korsbrekka, kvilte han, og sat der ei stund og såg ned mot fjorden og sa: Ein slitsam veg har dei lagt for meg, lendmennene mine, dei som no har skifta truskap; men ei stund var dei mine fulltru vener.» Frå Korsbrekka rei Olav vidare oppover dalen, og han stansa ikkje før han kom til Alstad. Vi har ikkje hestar å ri på denne dagen, men let føtene føre oss framover på traktorvegar, gjennom gardstun, grusvegar, asfaltvegar og på stiar mot Alstad. På vegen passerer vi blant anna garden Døving, kor lokalhistorikar Astor Furset skriv at den fyrste kyrkja i Valldal vart reist kort tid etter at Olav passerte garden. Vi kjem til Hol, og kryssar elva. Frå brua ser vi fleire turistar som gjer seg klare til rafting. Vi kjenner at sola steiker. Det freistar med ein dukkert i kaldt elvevatn, men dukkerten får vente
I fotspora til olav den heilage gjennom valldal
69
Innseglinga til Sylte.
70
På veg til Rem.
til seinare. Etter å ha gått på grusveg nokre hundre meter går pilegrimsleia over på sti gjennom furu- og bjørkeskog oppi fjellsida. Tidvis har vi godt utsyn ned i elva på vegen til Rem, og heile tida til fjella på andre sida av dalen. Denne strekninga av pilegrimsleia er ein fin tur, sjølv om ein ikkje vil gå heile vegen frå Sylte til Alstad. Frå Hol til Alstad er ein akkurat passe lang sommartur i variert terreng med alt frå den allereie nemnde furu- og bjørkeskogen, til nedbeita elevbredd nærmare Rem. Ved elvebredda står kyrne og nyt friskt grønt gras, medan vi spaserer forbi og fylgjer stien tilbake inn i skogen. Men før vi går frå elvebredda fyller vi vassflaskane slik at vi har vatn den siste strekninga som går på grusveg frå Rem og til Alstad. På Alstad vart Olav ifølge Snorre verande i to netter. Framfor Olav og mennene hans låg ei steinur kalla Skjærsura. Den lokale bonden Bruse hadde åtvara Olav mot denne ura då den skulle vere umogleg for Olav og hæren hans å ta seg gjennom. Snorre skriv at Olav, den fyrste morgonen på Alstad, sende sine eigne menn og lokale bønder for å rydde veg gjennom Skjærsura, men dei fekk ikkje utretta noko som helst. Den påfølgande natta skriv Snorre at Olav bad heile natta, før han sende mennene tilbake ut i ura for å rydde veg. Men framleis kunne dei ikkje utrette noko som helst då steinane var altfor store. Då la Olav frå seg kappa si og bad mennene følgje han og gjere eit nytt forsøk. Plutseleg kunne tjue menn løfte store steinar lett som berre det, steinar som ikkje hundre menn hadde kunna flytte tidligare. På denne måten fekk Olav rydda vegen gjennom Skjærsura slik at
«Tidvis har vi godt utsyn ned i elva på vegen til Rem, og heile tida til fjella på andre sida av dalen.»
han kunne fortsette ferda til Grønning og vidare over fjellet til Lesja. Vi har ikkje tenkt oss like langt som Olav på vår ferd i fotspora hans gjennom Valldalen, og stoppar ved Olavskjelda på Alstad. Her vaska Olav seg, og etterpå blir det sagt at han velsigna kjelda og at både folk og dyr vart lækte av å drikke av kjelda. Vi drikk ikkje av kjelda denne gongen, men kanskje burde vi gjort det då ein eldre Valldaling har sagt at han og hans familie har drukke frå kjelda og aldri blitt sjuke. Vi let oss heller freiste av tanken på ein is ved Gudbrandsjuvet, og snur der Olav fortsette. Men no har vi heller ikkje fiendar som jagar oss over fjellet denne sommardagen.
I fotspora til olav den heilage gjennom valldal
71
Pilegrimsleia er godt merka heile vegen gjennom Valldal.
Skiltinga som viser veg frĂĽ Sylte. Eit av krossa sokneprest Morten Gravdal set ut kvart ĂĽr i samband med Olsok-feiringa til Norddal kyrkjelyd.
Fuglemannen TEKST: OLE KRISTIAN ÅRDAL / FOTO: RITA SVORKÅS
72
Etter at gondolen til Roaldshornet stod klar til bruk i 2012 har Strandafjellet blitt eit perfekt utgangspunkt for paragliderturar. Ein av dei med flest turar frå fjellet er sykkylvingen Jens Petter Fauske.
I likskap med mange andre gode historier startar også Jens Petter sitt paraglidereventyr på Strandafjellet ein vinterdag i 1990. –Eg var på ski på Strandafjellet og såg nokon halde kurs i paragliding. Eg vart så fasinert av at ein berre ved hjelp av det ein kan pakke i ein sekk kunne kome seg opp i lufta, mimrar Jens Petter. Sykkylvingen melde seg på paragliderkurs med strandaren Harald Lien og sidan har det blitt fleire hundre luftige turar. Termikk –Dei beste turane er ofte i mars, april og mai – når dalane har begynt å tøya medan det framleis ligg snø i fjella. Då får vi ofte termikk. Termikk – alle paraglidarpilotar sin beste ven – er ein stigande luftstraum som oppstår når lufta ved bakken er varmare enn lufta i høgda. Vårsola varmar opp terrenget som igjen varmar opp lufta. Då begynner den varmare lufta i låglandet å stige og
paraglideren kan følgje termikken oppover som ein heis. I slike tilfelle er det berre flygeleiarane i tårnet på Vigra som set grenser for kor høgt du kan gå. –Strandadalen har ei høgdegrense på 1676 meter, Roaldshornet på 1372 og Sykkylvsfjorden 1070 meter, men av og til blir det gitt særskilt løyve til å flyge høgare. Då gir dei faktisk flya ei ny rute, forklarar Fauske. Tryggare enn før Sjansen er altså svært liten for å krasje med eit Norwegian-fly som nyleg har letta frå Vigra, men ein kjem likevel ikkje unna at paragliding er ein risikosport – ein heng tross alt og dinglar fleire hundre meter over bakken. Då blir tryggleiken ein grunnleggjande faktor, og skal vi tru Jens Petter har denne berre blitt betre med åra. Han trekkjer fram tre essensielle punkt som er viktige å ta omsyn til før ein paraglidertur: Vêret: Det er viktig at ein ikkje berre nøyer seg med å sjekke vêret der ein skal starte og lande. Skal ein flyge på Stranda må
Fuglemannen
73
Ø. V. Utsyn mot Sykkylven. Fjellsetra og Nysætervatnet til høgre. Ø. H. Utsyn mot Strandadalen. Hevsdalen til høgre. N. V. Landing på Ringstadsetra etter ein flygetur frå Roaldshorn. N. H. Utsyn mot Hevsdalen. Roaldshorn til høgre. Foto: Jens Petter Fauske
74
ein sjekke vêrforholda for heile Sunnmøre. Sjekk Yr sine vêrstasjonar i området, helst dei som er høgare enn deg sjølv. Sjølv om det er vindstille der du står, kan det blåse stiv kuling på fjellet bak deg. No finst det mange fleire vêrstasjonar enn kva det gjorde tidlegare. Utstyr: Utstyret har blitt mykje betre og tryggare enn før. Om ein skal kjøpe nytt, får ein venge og sele til rundt 25 000 kroner. Om ein ønskjer GPS og flyinstrument, kostar det 3-4000 kroner ekstra. Kunnskapen i miljøet: Då eg begynte med paragliding, høyrde eg ofte historier der ein ikkje kunne forklare kva som hadde skjedd, men no er det mykje meir kunnskap i miljøet og folk kan forklare. Miljøet har også blitt mykje trivelegare og ein er meir opptatt av å samarbeide enn å konkurrere.
Følg oss på Facebook: facebook.com/Stranda Energi As
Borte bra, men heime best Tidlegare i vår sette Jens Petter ny lengderekord frå Roaldshornet då han like godt flaug heile vegen til Stryn. Den spektakulære turen sette djupe spor i sykkylvingen, men favoritturen hans var av det meir enklare slaget. – Eg hugsar første gongen eg flaug frå Roaldshornet og heim til Sykkylven. Då landa eg 10 meter frå hagen. Det var veldig spesielt, konkluderer Jens Petter.
www.strandaenergi.no
N E S L E V E L P P O R TU
! S S O S O H R E T R A ST
YR
T S T U E K IS F , R Y T S T U RILUFTS F V A G L A V T U T D O D! E VI HAR G T S K R E V L E K K Y S T OG SYKLER MED EGE
Bestill på nett - hent i vår butikk!
STRANDA
Vi er på facebook
AS
Layout: Raw Reklame og Foto
Sjøgata 8, 6200 Stranda Tlf. 70 26 00 60. post@stranda.g-sport.no
Kyrkjegata 5 / / 6200 Stranda
70 26 13 29
strandablomsteras@mimer.no
Facebook/Stranda Blomster
Instagram/strandablomster
utstyr
1.
76
1. DYNAFIT ALPINE PRO
Skoa for deg som spring mil etter mil på stiar og i fjellet. Med Dynafit Alpine Pro-skoa har Dynafit gått eit steg vidare i utviklinga av sko for terreng- og fjelløping. For å gi minimal motstand er det utvikla ein rockerforma midtsole med 8 mm drop som gir ei rullande rørsle idet foten går frå nedslag til fråspark. Saman med god demping i solen resulterer dette i ein sko som er skånsam for foten samtidig som løpinga blir meir energieffektiv. For god komfort har hælen ei gummikappe som held foten godt på plass utan at skoa trykker hardt rundt akillessena. Ei karbonplate i framfoten hindrar spisse steinar i å trykke opp i fotbladet. Megagrip gummi frå Vibram i solen gir godt grep slik at du kan nyte den gode løpekjensla uansett underlag. Rettleiande pris: 1899,- www.vpg.no 2. URGE ENDURO-O-MATIC 2 RH
Endur-O-Matic har vore flaggskipet og grunnpilaren i heile hjelmkolleksjonen til Urge sidan 2009. Hjelmen har låg vekt, utmerka ventilasjon, og han sit godt på hovudet. God plass over øyra sikrar komfortabel plass til sykkelbriller, og hjelmen passar bra saman med goggles. Boa 360-justeringa i nakken er enkel å operere med hanskar. Stor brem som vernar ansiktet mot sol og gjørme. RH står for «Ride Hard». Rettleiande pris: 1699,- www.vpg.no
Hofteveska gjer deg mindre klam på ryggen og gir deg betre rørslefridom både opp og ned. Rettleiande pris: 799,- www.vpg. no 5. ROCKY MOUNTAIN SLAYER 750 MSL
Reindyrka race-ready enduromaskin som passar for deg som vil køyre rundar i heisanlegget, eller dra på røffe sykkeltoppturar i Sunnmørsalpane. DH-eigenskapar og rask tråkkerespons gir sykkelen ei formidabel evne til å halde god fart i rufsete terreng. Ramme i full karbon spekka med det råaste av det råe. Rettleiande pris: 46 000,- www.vpg.no 6. DYNAFIT ENDURO 12
Løpesekken for blant anna dedikerte ultraløpdeltakarar. Dynafit Enduro 12 veg 289 gram og er utvikla i samarbeid med verdseliten innan enduro-sport. Rom for 2 drikkeflasker, kompatibel med drikkesystem, eiga lomme til energigel, feste for stavar, fløyte og vasstett lomme. Rettleiande pris: 999,- www. vpg.no 7. NORRØNA BITIHORN DRI
Norrøna si lettaste vanntette jakke med hette. Ideell til løping, sykling og fotturar. Mjuk og pustande, med ventilasjon under armane som gir god lufting. Rettleiande pris: 2499,- www. boardshop.no
3. BERN FL-1 XC MIPS
Lett sykkelhjelm til alle sykkelopplevingar. Boa strammesystem, spesialbygd utskiftbart visir, MIPS-beskyttelse og 18 lufteventilar gjer denne hjelmen prefekt til sommarens stisykling langs fjorden. Rettleiande pris: 1619,- www.boardshop. no
8. OAKLEY JAWBREAKER RETINA BURN
Solbrillene for aktive brukarar. God lufting og overlegent synsfelt gjer desse brillene perfekte til actionfylte aktivitetar i fjellet i sommar. Rettleiande pris: 1789,- www.boardshop.no 9. OAKLEY HOLBROOK
4. EVOC HIP PACK RACE 3L BLACK
Hip pack race er den ultimate løysinga for enduro-syklisten som er fokusert på låg vekt, men som framleis ønskjer å kunne ha med seg nødvendig utstyr for trening og konkurranse.
Tidlaus og klassisk solbrille som passar til dei fleste høve, og fungerer like godt i byen som på fjellet. Veil pris: 1060,- www. boardshop.no
utstyr
9.
6. 8.
4.
77
3. 2.
7.
5.
InStordal Hytte for folk flest.
78
–InStordal er moderne og funksjonelle hytter som har alt du treng på lite areal. Alle komponentane er henta frå lokale leverandørar og hyttene er tilnærma vedlikehaldsfrie. Modellane blir levert nøkkelklare og skal halde høg standard i alle ledd, seier Steffen Leganger i IH Bygg. IH Bygg har gjennom fleire år spesialisert seg på å bygge hytter og oppdaga etter kvart eit aukande behov for mindre og billegare hytter som heller ikkje krev særleg vedlikehald. –Mange vil inn på hyttemarknaden, men har ikkje råd til å punge ut 3,5 millionar. Vi ønsker å gi ein inngangsbillett til folk flest, der dei får moglegheit til å kome seg inn på marknaden utan å låne til opp under øyra. Om ein seinare ser at ein treng større plass, er det enkelt å bygge på hytta med fleire modular. Det vesle byggfirmaet består av venane Steffen Leganger frå Stordal og Arvid Frostad og Leif Inge Grønning frå Valldal. Med InStordal satsar karane på tidlaus minimalistisk design, og lokale leverandørar skal sikre tryggleik i lang tid framover. –Vi samarbeider med firma som har eksistert i fleire tiår og som etter alt å døme kjem til å fortsette i lang tid framover. Om det skulle oppstå problem av eit eller anna slag, veit vi at leverandørane framleis vil kunne levere dei same komponentane.
Design: InStordal Produsent: IH Bygg Kompetanse: Funksjonelle hytter Produksjon: Dei gamle lokala til Pedro Møbler i Stordal Pris: 790 000 – 1 590 000 Kontakt: instordal.no
neste utgåve
79
neste utgåve I komande vinterutgåve spenner vi på oss langrennskia og blir med Stranda Skigymnas ut i langrennsløypa i Hevsdalen. Vi tek også på oss pudderplankane i laussnøen med Karsten Gefle og blir med Håvard Myklebust og Johan Inge Kistrand på topptur. I tillegg besøker vi Villa Norangdal og hoppar inn i tidsmaskina for ei reise gjennom skimoten si historie.
Skikøyrar: Håvard Kristoffersen Foto: Martin André Kristoffersen
Informasjon OVERNATTING, MAT OG OPPLEVINGAR
OVERNATTING STRANDA Stranda Hotel 70 26 90 00 www.strandahotel.no Stranda Feriesenter 451 64 000 www.strandaferiesenter.no Stranda booking 451 64 000 www.strandabooking.no Ensetstova 91 74 47 24 www.ensetstova.no
80
Overvoll gard 404 570 62 www.overvoll.no Stranda Lodge 458 32 018 www.strandalodge.com VALLDAL Juvet Landskaps Hotel www.juvet.com Valldal fjordhotell www.classicnorway.no 70 33 46 00 Valldal Camping 45 80 07 44 www.valldalcamping.no Fjellro Turisthotell 70 25 75 13 www.fjellro.no Gjerde Camping 70 25 79 61 www.gjerde-camping.no Jemtegård Feriesenter 70 25 90 20 www.jemtegaard.no
Vika Ferie og Fritid 97 04 33 97 www.wiigen.no Jordbærstova Feriehus 70 25 76 58 www.jordbarstova.no Skoglund Camping 91583230 www.skoglundcamping.no Valldal Hytter & Fritid 90101143 www.kragebakk.no Gudbrandsjuvet Camping 70 25 86 31 Muri Hytteutleige 702 57 542 www.murihytteutleige.no EIDSDAL Eidsdal Camping 70 25 90 29 Solvang Camping 901 18 302 www.solvang-camping.no Hesthaug Gard 97 43 37 70 www.hesthaug-gard.no Solfjord 40964011 www.solfjord.no Eide Camping 70259744 www.eidecamping.com NORDDAL Petrines Gjestgiveri 92 23 48 20 www.petrines.com
Relling Camping 70 25 92 13 GEIRANGER Hotel Union Geiranger 70 26 83 00 www.hotelunion.no Hotell Geiranger 70 26 30 05 www.hotel-geiranger.no Grande Hytteutleige og Camp 70 26 30 68 www.grande-hytteutleige.no Geirangerfjorden Feriesenter 95 10 75 27 www.geirangerfjorden.net Dalen Gaard Familiecamping 90 87 74 60 www.dalengaard.no Homlong Camping Hytter 90 85 50 82 www.homlong-camping.com Solhaug Camping 70 26 30 76 w ww.solhaugcamping.no Vinje Camping 70 26 30 17 www.vinje-camping.no Geiranger Camping 70 26 31 20 www.geirangercamping.no Fjorden Camping 70 26 30 77 Homlong Gjestetun 70 26 30 40 www.fjelltuncamping.no Fossen Camping 70 26 32 00
www.fossencamping.no Hole Hytteutleige 70 26 30 30 www.holehytter.no Westerås Hytteutleige 92 64 95 37 HELLESYLT Stadheimfossen Camp og Hytte 70 26 50 79 www.stadheimfossen.no Hellesylt Camping 90 20 68 85 www.hellesyltturistsenter.no Villa Norangdal 70 26 10 84 www.norangdal.com Hellesylt Motell 70 26 51 00 Hellesylt Vandrerhjem & Campinghytter 70 26 51 28 TAFJORD Tafjord Camping 97551535 www.tafjord-camping.no Olagarden Tafjord 911 57 953 www.olagarden-tafjord.no Tajord Båthamn og Camping 468 18 505 OMEGN Storfjord Hotel 70 27 49 22 www.storfjordhotel.com Hotel Union Øye 70 06 21 00 www.unionoye.no
Informasjon
OPPLEVINGAR
RESTAURANTAR OG KAFÉAR STRANDA Stranda Hotell Resturant Mandag-laurdag: 19:00-22:00 / Lobbybar: Døgnåpent
Uteguiden 40 55 46 70 www.uteguiden.com
Strandafjellet Gondol og Fjord Panorama Restaurant 01.07-20.08 11:00-17:00 Helgeopent 26.08-15.10 11.00-17.00
Geiranger Adventure 47379771 www.geiranger-adventure.com
Kos kaffibar Juni og juli: man-fre 10-17, lau 10-16. / Aug og sep: ons-fre 10-17, lau 10-16. / Okt: Man-fre 10-17, lau 10-16 Biffjørnet Alle dagar 12-21 / Fre og Lau open pub til kl.02.00
Valldal Aktivitetspark 480 90 599 www.valldalaktivitetspark.no
Siena pizzeria og grill Man - Fre 11 – 22, Lau 12 - 02.30, Søn 12 - 22.
Norsk Fjordsenter 70 26 38 10 www.verdsarvfjord.no
Stranda Bakeri Man, Tir, Tor, Fre 07.00 – 16.30, Ons 07.00 – 13.00, Lau 07.00 – 14.30
Tafjord Kraft og Skredsenter 468 93 255 www.kraftogskred.no
Grand Pub Stranda. Fre og lau 22.00-02-30
GEIRANGER Braseriet Posten 70 26 13 06 www.brasserieposten.no Geiranger Sjokolade 967 25 205 www.geirangersjokolade.no Café Olé 70 26 32 30 www.olebuda.no Friaren Bistro 70 26 30 25 Naustkroa 70 26 32 30
HELLESYLT Øcals Pizzabar 70 26 32 55 Peer Gynt Galleriet Kafe/resturant 950 13 170 Hellesylt Boutique & Bar 405 16 535 VALLDAL Jordbærstova 70 25 76 58 www.jordbarstova.no
Geiranger Fjordservice 70 26 30 07 www.geirangerfjord.no
Kulå Bowling 702 57 020 www.kula.no Lykkeriet 908 42 540 www.lykkeriet.no
62O Nord 70 11 44 30 www.62.no TRANSPORT Ingers Trans 40 45 13 33 www.ingerstrans.no
EIDSDAL OG NORDDAL Petrines Gjestgiveri 92 23 48 20 www.petrines.com
Gudbrandsjuvet Kafé Kafè Lupinen
Restaurant Westerås 70 26 32 14 www.geiranger.no/westeras
- din VB Rørlegger på Stranda Stranda Rørservice AS utfører små og store oppdrag innen VVS - både for private og bedrifter. Vårt arbeidsfelt dekker Stranda kommune og omegn - inkludert steder som Stranda, Geiranger, Valldal, Liabygda, Hellesylt, Eidsdal, Nordal, Strandafjellet, Fjellsætra og Sykkylven.
81
©RAW REKLAME OG FOTO
BOOK DITT OPPHOLD PÅ
PRISER FRA
590,for 4-manns hytte
Over 300 senger i hytter på Strandafjellet og Stranda Feriesenter
© RAW REKLAME OG FOTO | Terje Rakke/Nordic life - Visitnorway.com
BO RIMELIG, OPPLEV MYE!
VELVÆRE FOR
hud, kropp og sjel Fintfølende fingre er en hudpleiesalong som tilbyr velværebehandling innen ansikt og kropp, hårfjerning, massasje, manikyr, pedikyr og salg av profesjonelle hudpleie- og sminkeprodukter. Hos oss får du full kroppsbehandling – fra topp til tå! Unn deg selv en avslappende behandling, eller gi bort en behandling som gave til en du setter ekstra stor pris på. NYHET! Fra medio april har vi utvidet våre tilbud av kroppsbehandlinger.
+47 451 64 000
strandabooking.no | strandaferiesenter.no e-post: booking@strandabooking.no
#strandaferiesenter #strandabooking
RINGSTADVEGEN 67 // 6200 STRANDA // TIMEBESTILLING: 998 96 401
eldArt Grafisk
Last ned den nye friluftsliv-appen Summit to Sea, og samle digitale turpoeng!
VILLA NORANGDAL HELLESYLT BOUTIQUE & BAR
Foto: Anne Jorun Sæten
www.norangdal.com tlf 70 26 10 84 www.summittosea.no
@PASTRANDA Instagram
WWW.PASTRANDA.NO Les og del magasinet digitalt
/PASTRANDA facebook.com