På Stranda – Sommar 2016

Page 1

Foto: Mattias Frediksson

Utgåve 4 / Sommar 2016

EIT GRATISMAGASIN OM VERDAS VAKRASTE TUROMRÅDE

HISTORIEFORTELJAREN Du kjem ikkje utanom Margreth Olin i norsk film

DEMONTERT SOMMAR Are Kalvø reflekterer over årstider

NOREGS VAKRASTE FJELLØP Stranda Fjord Trail Race


www.fjellsport.no – friluftsbutikken med det enorme utvalget


ekstremt utvalg bratt • trening • villmark

TIL DEG: 20% RABATT

FOTO: NORRØNA / FRODE SANDBECH

R A B AT T KO D E : F S 1 6 P S

over 10.000 merkevarer Gjelder ikke GPS, klokker/kamera, sykler, outlet og kampanjevarer. Tilbudet gjelder t.o.m. 31.07.16


© Raw Reklame og Foto AS

EXELLENCE IN ATLANTIC SALMON AND TROUT

Platina Seafood leverer et smakfullt og variert utvalg av lakseprodukter til kvalitetsbevisste kunder på alle kontinenter.

www.platinaseafood.com



6


7

MALENE BLIKKEN HAUKØY PÅ VEG OPP ROALDSHORN EIN TIDLEG SOMMARMORGON. FOTO: MATTIAS FREDRIKSSON


innhald 8

8

REDAKSJON

14

SOMMARBAD

16

SOMMAR PÅ ROALDEN

18

EIN DAG I PARADIS

20

HØGT OG LÅGT I VALLDAL

24

DEMONTERT SOMMAR

28

GOD KAFFI

32

VELKOMEN TIL FRAMTIDA

36

SKINKEHOVUDSTADEN

40

DARE TO. DESIGNSTUDIO

46

DESSERTMENNESKJE

50

MEIR ENN BERRE BLOMSTER

52

FLOFJELLET

56

DEN VESLE BÅTEN SOM SEGLA GJENNOM TIDA

60

KREKSING ETTE KRE

66

MARGRETH OLIN

72

I STAMPEN MED SEVERIN

76

NOREGS VAKRASTE FJELLØP

84

PRODUKTTEST

86

SKAGEFLÅ

90

SAKSA

94

EIN FIN START PÅ DAGEN

96

INFORMASJON

98

KALENDER

100

COVERBILETE Foto: Mattias Fredriksson Løpar: Malene Blikken Haukøy BAKSIDEBILETE Foto: Martin André Kristoffersen Løpar: Eldrid Sognnes Kristoffersen

PAPIR Omslag: Munken Kristal 240g m 2 Innhald: Amber Graphic 120g m 2 TRYKK 07 Gruppen AS

LEIAR

10

NESTE UTGÅVE


innhald

9

MORGONSOLA HELSAR MALENE BLIKKEN HAUKØY VELKOMEN TIL FJELLS. TIL VENSTRE I BAKGRUNNEN LIGG SMØRSKREDTINDANE OG VENTAR PÅ BESØK FRÅ FJELLFOLK. FOTO: MATTIAS FREDRIKSSON


leiar REDAKTØR MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN

10

Tid, visstnok er det like mange minutt og timar i kvar dag heile året, men det kjennast som at tida varar lengre om sommaren enn om vinteren. Tid er likt for oss alle. Uansett kvar ein bur og kor gamal ein er, så er eitt minutt eitt minutt, og ein time er ein time. Forutan dei minutta kor tida står stille, når ein kjenner at ein er ein del av noko større enn seg sjølv. Nokre av oss får slike opplevingar i naturen, eller i fellesskap med andre menneske. Men korleis vi vel å bruke tida vår, er særs ulikt for kvar einskild av oss. Nettopp kva vi gjer med tida vår, seier kanskje meir om kven vi er enn kva orda våre påstår at vi er. I denne sommarutgåva av PS finn ein mange tips til ulike måtar å bruke tida si på Stranda og omland i sommar. Det finst uteljande opplevingar for gamal som ung, her omkring. Vi kan blant anna nemne at Strandafjellet utvidar opningstida på gondolen med to timar kvar dag denne sommaren, noko som er perfekt for livsnytaren eller barnefamilien, som no får enda betre tid til å nyte eit av Fjord-Noregs mest unike utsyn. Om ein kjenner for å utfordre seg sjølv, både høgt og lågt, er Valldal Klatrepark ein utmerka stad for adrenalinfylde timar. Medan turane til Skageflå og Saksa fyller timane med den harmoniske kjensla berre ein tur langs fjorden kan gje. Det mest verdifulle ein kan gjere med tida si, er å bruke den

til å gjere godt for andre. Det finst mange ulike måtar å gjere godt på, og i denne utgåva har vi slått av ein prat med Margreth Olin, som har valt å bruke av tida si på å gjere ein skilnad i verda gjennom å fortelje historier til menneske som ikkje passer heilt inn i firkanten som vanlege folk stressar med å halde seg innanfor. Mange i bygda vår vel å bruke tida si på frivillig arbeid i ulike lag og foreiningar. Vi tek av oss hatten for desse. Utan frivillig engasjement hadde vi ikkje hatt det rike mangfaldet av fritidstilbod og arrangement som vi har. Eit av arrangementa som ikkje hadde vore mogleg utan frivillige, er Stranda Fjord Trail Race. Allereie etter eitt år har fjelløpet fått internasjonal merksemd. Om du har tid til å springe 31 km i sommar, anbefaler vi det på det varmaste. Heit vil du bli uansett om du stiller til start i den lange eller dei korte distansane. Om du ikkje allereie har meldt deg på, kan du starte med å lese om løpet lenger bak i magasinet. Uansett kva du vel å gjere med tida di i sommar, om du vil sykle, vandre, springe, padle eller berre sitte i ein solstol og nyte av utsikta, håpar vi du finn det augeblikket kor tida står stille. God sommar!


leiar

11

Wes Kloefkorn nyt tilvĂŚret og utsikta i ein solstol pĂĽ Roalden ein varm sommardag. Foto: Michaela Potterbaum


redaksjon

MARTIN ANDRÉ

OLE KRISTIAN

DAVID

ANDRÉ

LARS

KRISTOFFERSEN

ÅRDAL

SVILAND

SKJEGGESTAD

JENSSEN

REDAKTØR

TEKSTREDAKTØR

TEKSTBEHANDLAR

ART DIRECTOR

FORMGIVAR

BIDRAGSYTARAR

12

Mattias Fredriksson Ein av verdas absolutt beste ski-, sykkelog actionsportfotografar. Den arbeidsame og dyktige smålendingen er busett i Åre, men reiser omkring i verda med kameraet sitt. Vi er stolte av å ha coverfoto og to andre bilete frå Mattias på trykk i denne utgåva. Håvard Myklebust Den sprekaste fjellfotografen på Sunnmøre. Fjellmannen frå Bjørke spring opp fjell raskare enn dei fleste. Vi veit ikkje kva rekorden hans opp Saksa er, men til denne utgåva leverer han både bilete og tekst om den vakre turen til eit av dei nye store turistmåla på Sunnmøre. Michaela Potterbaum Anerkjend amerikansk fotograf, buande i Ålesund, men fyk rundt omkring i verda på ulike fotooppdrag. I fjor sommar vitja Michaela Roalden, og vi har gleda av å trykke nokre av dei fine bileta ho tok på fjellet. Are Kalvø Ei levande legende og son av Stranda. Forfattar, satirikar, komikar, skodespelar og ikkje minst skribent for PS. ross Bodenmann Illustratør, kunstnar og fotograf. Bur på Vancouver Island i Canada.

petter Hjørungdal Samfunnsengasjert fjellmann frå Stranda. Til denne utgåva har han omsett og skreve etterord til Arnold Berwick sin tekst om den vesle båten i Liabygda. Eldrid Sognnes Kristoffersen Smilande sogning som til dagleg jobbar på Stranda Blomster. Når ho ikkje lagar vakre ting på Blomster’n, drikk ho god kaffi, sunn smoothie og spring i fjella rundt fjorden. Hamish Melville Motefotograf og Stranda-venn frå New Zealand. Denne gongen har Hamish teke på seg turskoa og levert bilete frå turen over Flofjellet. Blådalsbjønnen Bjørn, busett i Blådalen. Ingen har nokon gong sett han, men rykta seier at han luskar langs elvane i kreksing etter kre om somrane. Yngvild Åm Sognnes Illustratør, grafisk designar og klatrar buande i Bergen. Til årets sommarutgåve har Yngvild leika seg med linotrykk. Krister Kanck Illustratør, skribent og renessansemenneske frå Bodø, buande i Oslo.

renate Thor Illustratør frå Trondheim, buande i Oslo. Tar mastergrad i illustrasjon ved Kunsthøgskolen i Oslo. Sara Angelica Fotograf og artist buande i Oslo, oppvaksen i Los Angeles og Vegårshei. Mathilde Knutsen Sprudlande friluftsjente frå Ålesund, buande i Valldal, der ho jobbar på Valldal Camping og nyt dagane med turar til fots og på hest. Axel Brunst
 Frilufts- og livsstilsfotograf frå Stuttgart i Tyskland. Mats Michael olsen Ein vaskeekte tusenkunstnar. Jobbar som filmregissør hos Spoon i Oslo. Debuterer som illustratør i denne utgåva! Takk til: Tore Bjørnstad, Magnus Maråk, Ruben Kjølås, Svein-Erik Eide, Vegard Lødøen, Lars Ivar Henriksen, Duane Adams, KariAnne Toth, Karl Kristian Brunvær *Vi vil også nytte høve til å takke Oddvar Løseth som driv landhandelen på kaia i Ramstaddalen. Han hjalp oss med å finne vegen til Søvikkaia kor vi skulle treffe Severin.

KAN DU TENKJE DEG Å BIDRA MED TEKST, ILLUSTRASJONAR ELLER BILETE TIL PS? SEND OSS EIN E-POST TIL POST@PASTRANDA.NO VI SER FRAM TIL Å HØYRE FRÅ DEG!


redaksjon

13


layoutlayout & fotofragering | raw |reklame og fotoog/foto rafting: erlenderlend hjelmehjelme & fotofragering raw reklame / rafting:

1 1

På Paviljongen Roalden (1042moh) kan du nyte maten til eineståande utsikt. På Paviljongen Roalden (1042moh) kan du nyte maten til eineståande utsikt.

2

2

Gondolen gjer fjellet tilgjengelig for alle med 360 graders utsikt til fjord og fjell. Gondolen gjer fjellet tilgjengelig for alle med 360 graders utsikt til fjord og fjell.

3

14

3

Kort veg til aktivitetar av alle slag. Her rafting i Valldal. Kort veg til aktivitetar av alle slag. Her rafting i Valldal.

4 4

God mat smakar alltid enda betre ute. Vår mat er laga med sesongens råvarer God mat smakar alltid enda betre ute. frå lokale produsentar. Vår mat er laga med sesongens råvarer frå lokale produsentar.

5 5

Barna likar seg godt på Stranda Hotel. Buande gjestar kan fritt nytte seg av Barna likar seg godt på Stranda Hotel. symjebasseng og sauna. Buande gjestar kan fritt nytte seg av symjebasseng og sauna.

booking@strandahotel.no booking@strandahotel.no

STRANDA STRANDA

-- ein ein liten liten stad stad ii verdsklasse verdsklasse Med utsikt over dei mektige Sunnmørsalpane har gondolen på Strandafjellet blitt ein av Fjordutsikt Norges vakraste sommerattraksjonar. er perfekt for både fjellvandring, Med over dei mektige SunnmørsalpaneStranda har gondolen på Strandafjellet blitt ein av toppturar, stisykling og fjordopplevingar. Ribbturar, klatrepark, og på fjorden Fjord Norges vakraste sommerattraksjonar. Stranda er perfekt forfisketurar både fjellvandring, er berre litt av det som kan opplevast. Her fins aktivitetar for alle, uansett alder toppturar, stisykling og fjordopplevingar. Ribbturar, klatrepark, og fisketurar påeller fjorden ferdigheiter, på eiga eller med guide. Stranda Hotel byr påalder overnatting, er berre litt aventen det som kan hand opplevast. Her lokal fins aktivitetar for alle, uansett eller lokal mat, symjehall ogeiga sauna – ein perfekt baseguide. for aktive dagar. ferdigheiter, enten på hand eller med lokal Stranda Hotel byr på overnatting,

lokalmeir mat,informasjon symjehall og sauna – ein perfekt base for aktive dagar. For og gode tilbod - strandafjellet.no For meir informasjon og gode tilbod - strandafjellet.no

opningstider gondol og paviljongen roalden opningstider gondol og paviljongen roalden

18.juni-21.august ope kvar dag 10:00-17:00 Dagleg Guida Fjelltur kl 10:30-13:30 Guida Sykkeltur kl 14:00-17:00 18.juni-21.august ope kvar dag 10:00-17:00 27. august -16. oktober Laurdag og Søndag 12:00-17:00 Dagleg Guida Fjelltur kl 10:30-13:30 Guida Sykkeltur kl 14:00-17:00 27. august -16. oktober Laurdag og Søndag 12:00-17:00

Strandafjellet Skisenter AS / Stranda Hotel

strandafjellet / strandahotel

Strandafjellet Skisenter AS / Stranda Hotel

strandafjellet / strandahotel

Bestilling av billettar - strandafjellet.no hugs 10% på online bestilling.


redaksjon

FJELLFØRING KURS & EVENT Fjellturer » Klatring » Fjelløping » Kajakk

LES MER PÅ UTEGUIDEN.COM

KONTAKT +47 40 55 46 70

15

Besøk oss på uteguiden.com facebook.com/uteguiden

instagram.com/uteguiden

twitter.com/uteguiden


sommarbad TEKST: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN / FOTO: KARL KRISTIAN BRUNVÆR

Sommaren er tida for sol, bading, strandliv og late dagar. Langsmed fjorden vår finst det uteljelege badeplassar. Lokalbuarane kjenner godt til desse plassane, men vi vil at også du som kjem hit som turist skal kunne ta deg ein forfriskande dukkert i sommar. Difor gir vi deg nokre tips på dei mest besøkte badeplassane langsmed fjorden. 16

Helsemvika Strandas badeplass nummer 1. Her finst eit stort område med gras til å breie seg ut på handduken ein varm sommardag, om du ikkje vil breie deg ut på handduken, kan du til eksempel nytte graset til å spele krokket. Her er gode grillmoglegheiter – du treng berre ta med eige grillkol. Om lag 25 meter frå land ligg ei flåte med stupebrett. Det er steinbotn her, og for dei minste kan det vere smart å nytte badesko. Badehuset på Hellesylt Like ved ferjekaia og småbåthamna i Hellesylt ligg badehuset. Badehuset blei bygd i 1937 og er eit staseleg badehus i tre. I 1997 blei badehuset kåra til årets kulturminne i Stranda kommune. Her er det ei fin sandstrand, og eit stupetårn på 12,5 meter med ulike avsatsar for stuping. I tillegg er det eit idyllisk grøntareal kor ein kan slappe av på graset eller grille om ein er svolten. Ein perfekt stad å vente på ferja til Geiranger på ein varm sommardag. Liasjøen Blant dei meir kjende plassane på denne lista er Liasjøen å rekne som ei bortgøymd perle. Hit kjem du ved å svinge bort frå allfarveg, og den svingen tek du ned til høgre i «vegkrysset» i Liabygda om du kjem køyrande i retning Valldal frå Stranda. Du skal sjølvklart frå rv 650 og ned til fjorden. For å kome til

fjorden må du følge ein smal grusveg som tek deg på ei eventyrferd forbi hus og hytter der den svingar seg nedover i terrenget. Nede ved fjorden er det som at du har kome til ei anna verd, skjerma frå turistbussar og campingbilar. Her er steinbotn, så det er smart med badesko til dei minste. Det finst også ei fin brygge å hoppe frå. Tafjord Friluftsbad I Tafjord har dei oppvarma symjebasseng, slik at du er garantert eit varmt bad i bygda som ofte er varmast i landet på sommaren. Fjellveggane som kransar Tafjord lagar ei gryte som gjer at det blir ekstra varmt og godt her inne. I friluftsbadet finst det symjebasseng på 25x12 meter med djupne på 0,9-1,85meter. I tillegg finst eit plaskebasseng på 8x8 meter, med djupne på 0,3-0,5 meter. Vassklier og leikeapparat finst også. Muribugen, valldal Sandstranda på Muribugen ligg idyllisk plassert eit par steinkast utanfor sentrum i Valldal. Stranda er langrunn og særs barnevenleg. Utsikta utover fjorden og til omkringliggande fjelltoppar gir ei mektig naturoppleving. Og når det i tillegg på varme sommardagar kan kome opp i 20 grader i vatnet her, er det slettes ikkje feil å stoppe i Valldal på veg til eller frå Trollstigen ein sommardag.


sommarbad

17

SUSI BRUNVÆR SVEVAR GRASIØST GJENNOM LUFTA I HELSEMVIKA EIN VAKKER SOMMARDAG.


18

sommar pĂĽ roalden FOTO: MICHAELA POTTERBAUM

Vi gler oss til fine lange dagar pĂĽ fjellet med gode vener, latter, god mat og passeleg lange spaserturar.


sommar

19


Ein dag i paradis TEKST: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN / ILLUSTRASJON: MATS MICHAEL OLSEN

Om du av ein eller annan grunn berre skulle ha ein dag å bruke på Stranda og omland, har vi her laga nokre forslag på kva du kan gjere. Vi vil jo ikkje risikere at du reiser heim utan å ha fått med deg fine opplevingar rundt fjorden. 20

For Barnefamilien Begeistra og spente på ein dag i eventyrriket langs fjorden vaknar ungane allereie klokka 07.00. For å ikkje vekke alle andre på Stranda Feriesenter, tek de ungane med ned til fjorden og let dei ta nokre morgonkast med fiskestanga. Fisken er frukostsvolten og bit velvillig på kroken. Då er det ikkje anna å gjere enn å ta fram primusen, koke fisken og servere brød med nykokt fisk og majones til frukost. Med frukosten unnagjort køyrer de på ferja og set kursen mot Valldal Aktivitetspark. Her får heile familien verkeleg utfordra seg sjølv og får nye mestringskjensler. Etter ein actionfylt formiddag i Klatreparken køyrer de ned til Valldal og et lunsj medan de tel bilar som kjem køyrande ned frå Trollstigen. Etter lunsjen er spist, og foreldra har fått kjøpt seg ein god kopp kaffi på Under Taket, køyrer de heilt inn til Tafjord og vaskar av sveitte i Tafjord Friluftsbad. Etter badet går ferda oppover i fjellet, heilt opp til Kaldhussæter, kor de stikk innom turistforeiningshytta og et middag før de køyrer enda litt lenger inn i Kaldhusdalen og slår opp teltet for kvelden. Kva får de: Morgonfiske ved fjorden Nykokt fisk på skiva til frukost Ferjetur Formiddag i Valldal Klatrepark Lunsj i Valldal og kaffi på Under Taket Ettermiddag i Tafjord Friluftsbad Middag på Kaldhussæter Teltovernatting ved fjellvatn i Kaldhusdalen. Nøgde ungar som sovnar tidleg etter ein minnerik dag.

For livsnytaren Du vaknar opp til fuglekvitter klokka halv ti. Frukostsvolten køyrer du opp til Hevsdalen og tek gondolen opp til Roaldshornet. På paviljongen bestiller du deg frukost. Etter frukosten går du ein liten spasertur opp til Roaldshorn og skriv deg inn i boka. Då du kjem ned att til Roaldspaviljongen er det tid for lunsj. Du et lunsj og finn deg ein strandstol som du chillar litt i medan du tek ein is og kaffi til dessert. Klokka er nesten to no, og det byrjar å fylle seg opp med turistar på Roalden. Du tek Gondolen ned, og køyrer til Hellesylt. I Hellesylt nyt du ein kopp kaffi på Hellesylt Boutique & Bar, før du tek ferja til Geiranger. I Geiranger tek du inn på Union og går direkte til spa-avdelinga kor du har bestilt ei sanseleg oppleving for heile kroppen. Etter avslapping i spaet legg du deg i ein solstol ved utebassenget på Union, og der blir du liggande og nyte livet resten av dagen. Kva får du ut av dagen: Sove lenge på morgonen Frukost og lunsj på Roaldspaviljongen Kaffi på Hellesylt Boutique & Bar Ferjetur på Geirangerfjorden Hotellopphald og spa på Union Geiranger.


Ein dag i paradis

For roadtriparen: Start dagen med kaffi på Hellesylt Botique & Bar. Sving innom den mektige Hellesyltfossen før du vender nasen i retning Stranda. Ta deg ein pause og nyt utsikta til Geirangerfjorden frå utsiktspunktet på Ljøen. Neste stoppestad er Strandafjellet. Ta gondolen til topps og et lunsj på Roaldspaviljongen. Frå paviljongen kan du nyte utsikta over til Liabygda, og det er nettopp denne vesle bygda på andre sida av fjorden som er din neste stoppestad. Men fyrst må du ha ein ny kaffi. Sett bilen i ferjekøa og stikk innom Kos kaffibar og kjøp ein kaffi to go. Etter du har køyrt av ferja og gjennom Ringset-tunnelen, tek du til venstre mot Ansok. Parker bilen på Lomingsmia og ta ein liten spasertur ut mot fjellgarden Ansok. Sitt deg på ein benk og nyt kaffien og dagens tredje utsikt. Denne utsikta er ei av dei vakraste ein får rundt Storfjorden, og altfor mange turistar drar herifrå utan å ha fått opplevd denne utsikta. Du kjenner det byrjar å rumle i magen, det er på tide med litt påfyll. Difor køyrer du til Valldal og Under Taket kafé og bar. Her bestiller du ein quiche og ein ny kopp kaffi. Etter å ha ete quichen på kaia utanfor kafeen, sit du deg i bilen og køyrer mot Linge. Du har sjølvklart kjøpt med deg ferske jordbær frå Valldal. Frå Linge tek du ferja over til Eidsdal, fylgjer skiltinga til Geiranger og tek ein liten stopp i Ørnesvingen. Som vanleg er det altfor mange turistar her, og du tenkjer lykkeleg tilbake på roa og freda på Ansok tidlegare på dagen. Men midt i turistkaoset ser du stien som går opp i skogen forbi utsiktsplatået. Etter litt er du igjen omringa av fred og ro. Du nyt utsikta i 10 minutt før du set kursen ned mot Geiranger. I Geiranger har du allereie tinga bord på Brasseriet Posten, og ein god pizza med ost frå Tingvoll ventar på deg. Pizzaen smakar himmelsk. Glad og nøgd går du innom Geiranger Sjokolade og kjøper med deg nokre strutar av Noregs beste sjokolade. Samtidig nyttar du høvet til å fylle på termosen med kaffi. Du er nesten klar for avreise no, men fyrst må du innom Joker for å kjøpe fløte og sukker. Frå Geiranger går ferda oppover heile 1500 høgdemeter til Dalsnibba. Her avsluttar du ein fantastisk dag med ferske Valldal-jordbær og fløte, dagens fjerde kaffi, og utsikt ned til Geiranger. Dette får du ut av dagen: 4 kaffiar 4 utsikter 2 ferjeturar 1 pizza Ferske Valldal-jordbær Geiranger Sjokolade Quich frå Under Taket

For den spreke og miljøbevisste Start dagen med ein liten sykkeltur inn til Helsemvika for å ta eit forfriskande morgonbad. Etter badet let du sommarlufta tørke kroppen medan du tråkkar tilbake til Stranda for å ete frukost på Stranda bakeri. Kl. 08:50 hoppar du på bussen mot Ålesund, ved Svartevatnet kliv du av bussen og strammar løpeskoa. Frukosten har no fått tid til å sette seg, og du let beina trippe lett langsmed stien opp mot Langevatnet og Kleivdalsfjellet. Frå Kleivdalsfjellet flatar stien litt ut og du kan nyte eit spektakulært panorama til Sunnmørsalpane på veg mot Roaldshorn. På Roaldshorn skriv du deg inn i boka før du spring ned til paviljongen. Der kan du ete ein utsøkt lunsj og nyte utsikta før du spring vidare via Meraftahornet og Langlo ned til Stranda sentrum. Etter denne formiddagsturen treng du litt mat i magen, og i sekken, så du stikk innom Kos kaffibar og kjøper to sandwichar med pulled hjort og ein kaffi. Du drikk kaffien og et den eine sandwichen, medan du legg den andre i sekken. Så tek du ferja til Liabygda, og hoppar på bussen mot Valldal. Rett før Overåtunnelen kliv du av bussen, strammar løpeskoa og sekken, og byrjar å springe mot Overåsætra. Frå Ovråsætra fylgjer du stien vidare opp til Hogsetdalen. Sidan du kjenner deg frisk og fin i beina, legg du turen om Hunden og Vardefjellet og nyt den majestetiske utsikta ned i fjorden. Etter ein fem minuttars utsiktspause spring du ned til Klovsetsætra, vidare til Lingås og heilt ned til Fjellro hotel i Valldal. Her slår du deg til ro for kvelden etter ein dag og to løpeturar som gir minner for livet. Kva får du ut av dagen: Eit morgonbad Frukost på Stranda Bakeri Lunsj på Roaldspaviljongen To kaffiar og to pulled hjort sandwichar To bussturar To løpeturar på til saman 25km og 1500 høgdemeter Middag på Fjellro Hotel

21


Høgt og lågt i valldal TEKST: MATHILDE KNUTSEN

22

I vakre Valldal, mellom Trollstigen og Geiranger, ligg Valldal Aktivitetspark. Med klatreløyper på til saman 1150 meter, har parken løyper som passar for alle.

Vi er klare. Pølser og brød er pakka og vi vender bilen mot Valldal Aktivitetspark. Langs vegen gjennom dalen ser vi unge jenter og gutar som sit og sel jordbær. Vi stoppar for å kjøpe med oss nokre korger med store saftige Valldal-bær medan vi fyrst er i jordbærbygda. Ved inngangen til parken får vi band rundt handa. Vi går vidare forbi kiosken og ser løypene over oss. Fire-fem meter oppe i lufta kastar ein gut seg ut på zip-linen og roper jooho medan han fyk over oss i stor fart. Vi ser på kvarandre med spente ansiktsuttrykk og seier oss einige i at dette kjem til å bli ei luftig oppleving. Ved utstyrsbua ønsker tre blide instruktørar oss velkomne og gir oss kvar vår klatresele og hjelm. Den eine instruktøren tek oss med gjennom ei opplæringsløype. Vi får informasjon om korleis vi skal bruke utstyret og

Foto: Lars Ivar Henriksen

kva løyper vi kan ferdast i. Her kjem banda vi har rundt handa i funksjon. Parken har fire løyper som er merka med forskjellege farger ut i frå vanskegrad. Vi har fått raude band rundt handa, det fortel oss at vi kan ferdast i alle løypene. Men før vi får kaste oss ut på eige hand, må vi vise at vi har kontroll på korleis vi skal sikre oss i løypene. Ein etter ein går vi gjennom opplæringsløypa. Er noko usikkert, hjelper instruktøren oss. Endeleg er det klart for klatring. Vi er omringa av vakker natur og høge fjell på alle kantar. Det ligg framleis litt snø igjen på fjelltoppane, og elva som framleis er full av smeltevatn, svingar seg langsmed parken. Vi bestemmer oss for å prøve oss i den blå løypa fyrst, også kalla Elvafaret. Løypa strekker seg frå tre til tre langs elvekanten, før den går vidare rundt heile parken og endar med ei 125 meter lang zip-line. Vi kjenner suget i magen allereie før vi klatrar opp til den fyrste plattforma. Der gjer vi oss klare for å klatre og sikrar oss. Gjennom Elvafarets hinderløyper og zip-lines, får vi kjenne på både skrekkblanda fryd og meistringsglede. Valldal Aktivitetspark har heile 600 meter med zip-line. Etter ein runde i Elvafaret, bestemmer vi oss for å ta same løypa ein gong til. Det fine med denne løypa er at den er delt opp i fleire delar, noko som gjer det mogleg å ta favorittdelen fleire gonger. Vi får beskjed om at det går greitt så lenge vi passar på at vi ikkje skapar kø for andre besøkande. Igjen går vi opp stigen og kjem oss til partiet der zip-linene byrjar. Vi vil ha meir luft og meir fart! Avslutninga er fantastisk, den lange vaieren gir oss god fart, og eit ordentlig sug i magen medan vi flyg over elva. Etter enda ein runde med fart og spenning, tek vi lunsj. Vi får låne ein av grillane til parken og et pølser i sommarsola medan vi kastar eit blikk over til Trolltunet, der ungane leikar med


Høgt og lågt i valldal

23

Valldal Aktivitetspark byr på mange morosame utfordringar og meistringskjensler. Foto: Lars Ivar Henriksen


Foto: Lars Ivar Henriksen Foto: Vegard Lødøen

24

Ein får både luft, fart og eit sug i magen når ein flyg over elva på zip-line. Foto: Vegard Lødøen

trolla som har teke turen til parken i dag. Nokre av dei minste er nok meir opptekne av trolla og sandkassa, enn å klatre. I elva kjem tre båtar flytande med rafteglade folk, alle med eit stor smil om munnen. Her er nok å gjere ser vi, medan vi tygg vidare på dei halvsvidde pølsene våre som er bada i ketchup. Då lunsjen er fortært vil dei barskaste i gruppa prøve seg i den mest utfordrande løypa, Krampetaket. Dette er ei raud løype der både koordinasjon, fysikk og eit tøft hovud må til for å henge med. Løypa har fått namnet på grunn av dei fritthengande hindera som gjer at ein må vere førebudd på både mjølkesyre og krampe. Krampetaket er kortare, men det skal seiast at vi blei meir slitne etter ein runde i denne enn i Elvafaret, til tross for at sistnemnde er lenger. Dei av oss som ikkje var tøffe nok for denne løypa, tok ein tur i ei anna løype med namnet Klatremusa. Dette er ei grøn løype og passar supert til dei som ikkje er så glad i høgda. Her er utvalet av hinder perfekt for dei med litt kortare bein og ungane såg ut til å storkose seg i denne løypa. Slitne i både kropp og hylemusklar leverer vi hjelmane og klatreustyret frå oss, ser på kvarandre og ler litt. Dette var jammen ein opplevingsrik dag. På tilbaketuren ser vi at jenta vi kjøpte korgene av, framleis sit og sel jordbær til forbipasserande turistar. Denne gongen stoppar vi ikkje, men vi gler oss allereie til å kome tilbake. Sommaren 2016 vil det nemleg vere ei ny og enda luftigare løype klar. Vi kan ikkje vente med å kjenne eit enda større sug i magen, og ete meir jordbær.

FAKTA Etablert av Erlend Hjelme, Gro Marita Valdal og Nils Jarle Hjelme i 2014 Alle apparat og installasjonar for klatring er forsvarleg montert i samsvar med bransjestandard EN – NS 15567. Klatreparken har årlig godkjenning og driftsløyve frå Statens jernbanetilsyn (SJT). Selskapet Høyt og Lavt, som blant anna eig og driv Skandinavias største klatrepark i Vestfold, er leverandør og står bak bygginga av klatreløypene i Valldal. www.valldalaktivitetspark.no


Høgt og lågt i valldal

MØBELINNREDNING Nyhet! Flexiseksjoner i sort, preget utførelse.

Tegn selv – og bestill din unike garderobeløsning www.langlo.no Norsk kvalitetsgarderobe skreddersydd etter dine oppbevaringsbehov og tilgjengelige plass! Få den gode følelsen av å ha alt på plass, pent og ryddig!

SKREDDERSØM Produsert på millimeter, fra gulv til tak, og fra vegg til vegg.

25


Demontert sommar TEKST: ARE KALVØ / ILLUSTRASJON: ROSS BODENMANN

26

Det er noko med plassar som er uløyseleg knytte til ei årstid. Typiske sommarstader som Mallorca eller Geiranger er noko heilt anna midtvinters. Stengde restaurantar, tomme hus, tomme gater. Ein og annan gamling som kranglar med naboen.

I vinter var eg ein god del på Sørlandet, og eg må innrømme at eg var bittelitt overraska over at Sørlandet i det heile tatt fanst i februar. Sørlandet ser så komisk sommarlig ut at det er lett å tru at alle dei små kvite trehusa blir demonterte og sende til lagring og måling i oktober ein gong, at alle dei maritime små kafeane blir plukka frå kvarandre, moloane blir bretta saman og frakta vekk, og alle dei lune brune gamlingane med kvitt skjegg barberer seg og flyttar til Thailand. Slik at viss du kjem dit ein eller annan gong mellom november og påske, så er det berre tomme svaberg å sjå. Men nei då. Trehusa stod der. Men det var jo mykje mindre folk i gatene enn om sommaren. Og iskioskane var stengde. Gamlingane med skjegg såg eg heller ikkje. Eg har mistankar om at dei faktisk er i Thailand. Sørlandet om vinteren ser ut som ein plass som berre ventar på at noko skal skje. Slik kan det også vere lett å tenke om typiske vinterstader. Stader med fleire skitrekk enn barnehageplassar. Stader med

fleire after-ski-tilbod enn daglegvareforretningar. Kjem du dit midt på sommaren, så ser dei ut som dårleg besøkte vintermuseum, med tomme trekk og bord som ingen dansar på. Mange har eit sommarforhold til Geiranger. Nokon har eit vinterforhold til Stranda. Men fjordar og fjell blir ikkje demonterte. Stranda heiter Stranda, trass alt. Det blir ikkje meir sommar enn ei strand. Og fjell kan du gå eller stå på heile året, om du liker slikt. Og det gjer folk. Viss det er tomt i gatene ein dag midt på sommaren på Stranda, så er det berre fordi alle er heime i hagane sine og grillar og solar seg. Eller så står dei på ein eller annan fjelltopp og tek bilde av seg sjølve, og så legg dei ut bilda, slik at bilda kan nytast av alle andre som står på andre fjelltoppar og tek bilde av seg sjølve. Og i bakgrunnen på bilda kan ein sjå noko som liknar på skyer. Det er ikkje det. Det er røyken frå alle grillane.


Demontert sommar

27


Vår unike eigarmodell gjer at vi utbetaler utbytte til våre forsikringskundar. I fjor fekk våre kundar 12,9% kundeutbytte av innbetalt forsikringspremie.

28

Ønsker du også kundeutbytte fra Gjensidige? Ring oss på tlf 03100, eller besøk oss i Storgata 8, på Stranda.


Demontert sommar

… MEN DU KAN GJØRE NOE MED DET

Bli en del av Hope Challenge og bidra til å redde ofre ved å støtte Hope for Justice som jobber mot menneskehandel.

STAVANGER KONTOR – ETABLERT 2015

NORSK ETTERFORSKNINGSENHET – LANSERES 2016

www.hopeforjustice.org/hopechallenge Organisasjonsnummer: 915 520 995

29


God kaffi TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN

30

Antonio Fernandez ønskjer velkomen til Hellesylt Boutique & Bar.

Eg har ikkje alltid likt kaffi. Faktisk likte eg ikkje kaffi før eg var i midten av tjueåra. Mor mi likte heller ikkje kaffi, og det gjer ho framleis ikkje. Mor mi drikk te. Eg drikk også te, men no drikk eg også kaffi. Ikkje på same tid sjølvklart, det finst ei tid for alt, og slik er det også med kaffi og te. Tid er kanskje ein av dei viktigaste faktorane når det kjem til god kaffi. Den tek tid å brygge. Hastverk er lastverk, seier ordtaket. Om eg forhastar meg med brygginga, får eg ikkje ut dei smakane kaffibønnene byr på. Når ein lagar kaffi som handbrygg, er det viktig å ta seg god tid. La vatnet treffe dei oppkverna bønnene varsamt, og la dei bloome, trekke litt, ca. 30 sek. Så byrjar dansen med handleddet; idet ein heller vatnet på bønnene, gjer ein sirkulære rørsler, slik at det dannar seg ei trakt i kaffien. På denne måten får ein vatnet til å renne gjennom kaffien til akkurat rett tid. Ein let tyngdekrafta gjere det den er god på, å trekke vatnet gjennom kaffien, slik at vatnet tek med seg smakstoffa frå kaffien og ekstraherer til ein kaffidrikk. Tid er også viktig når ein skal nyte kaffien. Om ein forhastar seg, går ein glipp av augeblikket og kjensla ein nybrygga kopp kaffi gjev både sjel og sinn. Like mykje som smaken, er det nettopp augeblikka ein deler med andre som gjer kaffi til kaffi. Kaffi er eit bindeledd mellom menneske. Eit sosialt ritual som gjer at vi kan sjå og lytte til kvarandre.

Tida er komen for at vi kan gå på ulike kaffibarar langs fjorden. Eit godt alternativ for oss som føretrekker å bruke tida på andre ting enn å lage kaffien sjølv, og heller vil la nokon med kunnskap og dei nødvendige reiskapane lage den i staden.

1.

3.

4.

2.

5.

Bilete 1-4: Hellesylt Boutique & Bar. Bilete 5: KOS Kaffibar.


God kaffi

31

TRE KAFFIBARAR LANGS FJORDEN

Hellesylt Boutique og Bar På Hellesylt opna Hellesylt Boutique og Bar dørene i fjor sommar. No har dei pussa opp ytterlegare areal, slik at dei kan ta imot endå fleire kaffitørste gjester i sommar. Kvifor starta de Hellesylt Boutique og Bar? – Ideen har sitt utspring i dei gamle forretningslokala og gründerhistoria til den fyrste bokhandlaren på Hellesylt, Anna Hellesylt. Forretningslokala er den dag i dag framleis intakte, og vi tykkjer huset bør kome til sin rett gjennom å bli brukt og ikkje gløymd. Vi ønskjer at Hellesylt Boutique og Bar i like stor grad skal vere eit tilbod til turistar som er interesserte i anten norsk samtidslitteratur og/eller kaffikultur, som det skal vere ein nabolagskafé. Vi ønskjer å gje eit skikkelig kaffitilbod i form av espressobaserte kaffidrikkar, kaker og anna søtt. Kvifor har de valt å bruke bønner frå Jacu? – Vi valte Jacu ettersom dei er eit velrenommert brenneri, som har fått mykje god kritikk. Men like mykje fordi dei held til i Ålesund og vi gjerne vil tilby kaffibønner som har blitt brent i vårt nærområde. Difor har vi også kaffibønner frå f.eks. Maddelynns Coffee i Fosnavåg. Kva er god kaffi for dykk? God kaffi er ein kaffi som er rik på smak. For å få ein god kaffi, er det viktig å ha gode bønner som er brent på ein god måte, godt utstyr, og ein kunnskapsrik barista.

Kos kaffibar / Stranda På Stranda har Lill Cathrin Gamlem drive Kos kaffibar i seks år. Ho såg eit behov for ein samlingsstad i bygda og har sidan drive kaffibaren vegg i vegg med kle- og interiørbutikken sin, Liga Klede og Interiør. Kvifor starta du KOS kaffibar? – Det starta eigentleg med at klesbutikken min Liga Klær var «oppe og gjekk», og at eg følte for nye utfordringar for meg sjølv. Då var det naturleg å tenkje på kva eg kunne tenkje meg å ha av tilbod; noko eg måtte ut av bygda for å få tak i. Visst kunne ein få kjøpt seg kaffi på Stranda, men ikkje frå ei kaffimaskin som ikkje var automatisk. Her var ingen plass du kunne få kjøpt deg ein caffè latte eller cappuccino på brente bønner som blir kverna rett før du får den i koppen. Dette var eit stort sakn for meg. Kva er god kaffi for deg? – God kaffi for meg er når eg får ein kopp kaffi på nykverna kaffibønner av nyleg brente bønner. Kaffi er ferskvare, og det er også viktig med friskt vatn. Vi er også veldig nøye på å reingjere kaffimaskina og utstyret som vi bruker. Som oftast er eg aleine på jobb, og må lage kaffi til meg sjølv. Det går greitt det, men smaker ikkje kaffi alltid best når nokon andre lager den for deg? Eg tykkjer det, så når Arnhild er på jobb, og ho serverer meg favoritten min, då smaker kaffien alltid best.


32

under taket / valldal Etter to nydelege sommarferiar i Valldal bestemde David og Eliska frå Tsjekkia seg for å slå seg til ro på Sunnmøre. No har dei budd fire år i jordbærbygda, og i fjor sommar var tida komen for å verkeleggjere draumen og starte kaffibar i Valldal. Kvifor starta de Under Taket? – Vi sakna ein stad å vere sosiale med venane våre. Ein stad kor ein kunne drikke god kaffi og øl, ete gode lokale matprodukt, og gå på ulike sosiale og kulturelle arrangement. Dette hadde vi ikkje i Valldal, så vi bestemde oss for å gjere noko med det. Kvifor serverer de kaffi frå Precious Beans Roasters? – Vi ønskjer å servere spesialkaffi frå eit lokalt kaffibrenneri som gjer kaffibøndene rettvis betaling for kaffibønnene. Precious Bean Roasters gjer oss fair trade-bønner av høg kvalitet, brent slik vi ønskjer. Kva er god kaffi for dykk? – God kaffi er laga av gode bønner, brent av erfarne kaffibrennerar, og laga av ein person som veit korleis ein lagar kaffi. Så lenge det blir gjort rett, spelar det ingen rolle om det er espresso, cappuccino, aeropress, filter eller ein annan type. Sjølv liker vi best ein god espresso med vener etter ein god dag i fjellet. Godt mjølkeskum er viktig i cappuccinoen. David er like god på mjølkeskum som han er på snowboard.


TIBE

Leverandør av sjømat

”Vi har tilgang på de ferskeste og mest pålitelige forsyningene av råvarer til produktene våre.” Norsk Sjømat AS

Norsk Sjømat AS Norsk Sjømat Oppdrett AS Svemorka 26, 6200 Stranda Tel. 70 26 88 80. Fax. 70 26 88 90 mail@norsksjomat.no www.norsksjomat.no

Storm Seafood Inc. 86 Pond Valley Road, Woodbury, CT 06798 Tel. 203-263-6933 (kontor) pgati@stormseafood.com www.stormseafood.com

Vital Seafood AS Kyrkjegata 57, 6200 Stranda Tel. 70 26 84 90 jh@vitalseafood.no

Foto: Simen Berg, Arild Juul©Norwegian Seafood Council, Sven Raben©Norwegian Seafood Council, Tom Haga©Norwegian Seafood Council.

Norsk Sjømat Group


velkomen til framtida TEKST: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN / ILLUSTRASJON: ROSS BODENMANN

Vi har slått av ein prat med nokre av aktørane som legg til rette for turismen til Stranda for å høyre kva dei tenkjer om potensialet som finst her og utviklinga vidare.

34 Tida då ein skiplass berre var ein skiplass er forbi. For skiplassar som til dømes Åre, Whistler og Saas-Fee, er dette gamalt nytt. Dei er i dag like mykje sommar- som vinterdestinasjonar. Ja, kall dei gjerne heilårsdestinasjonar. Dei starta ein gong som skidestinasjonar, men har oppdaga at folk trivst til fjells heile året, så dei let heisane gå også om sommaren. Men det har vist seg at det ikkje er nok med berre skiheisar. Eit lite puslespel med tenester og servicetilbod må vere på plass for å lykkast som heilårsdestinasjon: Hotel, leilegheiter og hytter som folk kan leige seg inn på, tilrettelegging av stiar for vandring og sykling, guiding, resturantar og moglegheiter for kjøp av aktivitetar og fritidsrelaterte produkt. Alle dei tre plassane nemnt ovanfor har umåteleg vakker natur, men manglar likevel noko som Stranda har, faktisk manglar dei fleste heilårsdestinasjonar noko som Stranda har, nemleg kombinasjonen av fjord og fjell. Ein blir aldri trøytt av kjensla ein får i gondolen når ein kjem høgt nok opp til at ein kan sjå over vindgjerdet i WC-løypa og ned i fjorden, fjorden som i mange år har lokka folk forbi Stranda og rett inn til Hellesylt og Geiranger, men no byrjar fleire og fleire å få auga opp for det fantastiske sommarlivet og potensialet som ligg langs heile fjorden. Dei etablerte sommardestinasjonane Geiranger, Hellesylt, Trollstigen og Valldal, i kombinasjon med utbygginga på Strandafjellet, gir moglegheiter ein ikkje finn nokon annan stad i verda. I Hevsdalen skjer det ei formidabel hytteutbygging og dei nye hyttene blir flittig nytta av både eigarar og turistar. Strandafjellet køyrer gondolen på sommartid, og fleire og fleire turistar finn vegen til ein av Fjord-Noregs mest unike og lettast tilgjengelege utsikter. Allereie før årets cruisesesong byrjar ligg det an til besøksrekord pga. førehandsbetalingane frå cruisebåtane. For dei som ønskjer personlege og meir skreddarsydde naturopplevingar tilbyr Uteguiden guida turar til fjells, og Valldal Aktivitetspark opnar ei ny og forlenga klatrerute i 2016. I tillegg til dei etablerte arrangementa som Nibbeløpet,

Mefjellet Opp og Alperittet Sykkel, veks det fram nye arrangement som dreg folk til området. Stranda Fjord Trail Race har før PS går i trykken allereie dobla deltakarlista før årets løp. Løpet har fått internasjonal merksemd gjennom blant anna engelske Trail Running Magazine, eit fjelløpmagasin med over 30 000 lesarar, og ikkje nok med det, SFTR har kome med på lista deira 50 dream races overseas. I Valldal veks Valldal Summer Games stadig, og om vinteren har Valldal Splitboard Festival gjort sitt inntog. Kan det vere at den naturopplevingsbaserte heilårsturismen er i ferd med å vekse seg større? Er Stranda og omland i ferd med å bli ein ettertrakta heilårsdestinasjon? Vi har slått av ein prat med nokre av aktørane som legg til rette for turismen til Stranda for å høyre kva dei tenkjer om potensialet som finst her og utviklinga vidare. oscar Almgren Gründer og eigar av Uteguiden, arrangør av Stranda Fjord Trail Race 1. Kva tenkjer du om utviklinga vi no ser, og potensialet som ligg i området? All utbygginga er kjempepositiv. Potensialet i området ser vi jo på dei store utfartsdagane, når det ikkje finst plass for å parkere bilen på p-plassen, og bilane står langs vegen gjennom Hevsdalen. Sjølv på slike dagar er det ikkje nemneverdig kø i anlegget. Eller til dømes i påska i år, vêret var jo ikkje det beste, men alle gjestane vi hadde i Uteguiden hadde ei fantastisk oppleving på Stranda, og dei sa at dei vil kome tilbake hit igjen. Vi har hatt ei auke på 100 % i vinter, og ser også at det kjem fleire og fleire kvar sommar. 2. Kva utfordringar ser du for utviklinga? Vi må bli betre på å lage pakketilbod på servicetilboda våre, og jobbe enda hardare for å promotere Stranda for sommarturistane. Stranda er ikkje ein sommardestinasjon endå. F.eks. trengs det meir liv i sentrum for at det skal være attraktivt for turistane å stoppe her. Ofte opplever eg at folk ser på Geiranger


velkomen til framtida

35

og Hellesylt som turistdestinasjonar, og ikkje Stranda. Eg trur vi som bur her må endre på dette om vi ønskjer å få fleire turistar hit. 3. Korleis trur du Strandafjellet/Hevsdalen ser ut om 10 år? Forhåpentlegvis fortset utbygginga som no, med mange nye hytter. Men eg håper det ikkje berre blir bygg som står som feriehus og berre blir nytta tre helgar i året. Det hadde vore kjekt med eit hotell nært anlegget. Og så håper eg at alle turistane som kjem får møte eit endå meir levande sentrum med fleire kafear og butikkar. Men då er det også viktig at vi som bur her set pris på og nyttar dei tilboda som allereie finst her no. Martin vidar vollen Gjennom selskapet Mivo arbeider Martin Vidar Vollen med regulering, prosjektering og utbygging av større tomteområde på Strandafjellet. Pr. dags dato har dei fått godkjent fire reguleringsplanar med totalt ca. 80 tomter, og nye reguleringsprosjekt er under oppstart. 1. Kva tenkjer du om utviklinga vi no ser, og potensialet som ligg i området? Eg har alltid tenkt på Strandafjellet som eit heilårsområde, og det gler meg at stadig fleire blir kjend med moglegheitene i området året rundt. Interessa for Strandafjellet er større enn nokon gong, noko vi også merkar på salet av tomter. Kort reisetid mellom heim og fritidsbustad er blitt viktig for mange, og Strandafjellet ligg som kjent midt i Sunnmøre. Det gjer også

Strandafjellet til det perfekte utgangspunktet for turar til fots eller med bil rundt i distriktet. Det at heisanlegget er topp moderne, og at heisane går dagleg heile vinteren og i sommarferien, gir i seg sjølv eit potensiale for å tiltrekke seg langt fleire besøkande. 2. Kva utfordringar ser du for utviklinga? For eigen del er nok den mest krevjande utfordringa å finansiere dei tunge investeringane som er nødvendige for å gjere tomtefelta byggeklare. For å sikre ein heilskapleg tankegang i planlegging av vegar, skiløyper, turstiar og tomter, er det heilt naudsynt å ha fleire prosjekt i gang parallelt. Eg skulle gjerne sett at vi fekk gjort endå meir på kortare tid, men det er samtidig viktig å ikkje gå så fort fram at det går ut over kvaliteten. For Strandafjellet generelt er det ei viktig utfordring å skaffe nok overnattingsplassar til korttidsbesøkande både sommar og vinter. Og eg håper at både administrasjonen og politikarane i kommunen vil halde fast på at reiselivssatsing er svært viktig for Stranda si framtid. Stranda har både naturgitte og menneskeskapte kvalitetar som er heilt unike, og desse må ein ta godt vare på. 3. Korleis trur du Strandafjellet/Hevsdalen ser ut om 10 år? Om ti år trur eg at talet på fritidsbustader er vesentleg høgare enn i dag, og at vi også har langt fleire overnattingsplassar til leige på Strandafjellet. Sannsynlegvis er også heis- og løypetilbodet utvida, og tilbodet av opplevingar og tilrettelagde aktivitetar er blitt større. Stranda er framleis ein liten stad i verdsk-


«Utviklinga er utruleg positiv, og potensialet er enormt stort. Det handlar berre om at det blir lagt til rette slik at utbygginga kan fortsette. Aktivitet avlar aktivitet, då veks det på alle nivå.» –Helge Ibrahim

36

lasse, men med langt fleire besøkande. Dette gir eit større kundegrunnlag for butikkar og serveringsstader i Stranda sentrum, og eg trur at talet på næringsdrivande har auka. Helge Ibrahim Eigar og dagleg leiar i Stranda Feriesenter og Stranda Booking. 1. Kva tenkjer du om utviklinga vi no ser, og potensialet som ligg i området? Utviklinga er utruleg positiv, og potensialet er enormt stort. Det handlar berre om at det blir lagt til rette slik at utbygginga kan fortsette. Det er framleis altfor lite hytter i området. I påska var eg ein tur i Oppdal, og såg korleis det er der med butikkar, skiheisar, folk i gatene og kor mykje aktivitet der er. Det kjem av at det er nok hytter og overnattingsmoglegheiter. Aktivitet avlar aktivitet, då veks det på alle nivå. 2. Kva utfordringar ser du for utviklinga? Eg tenkjer det er veldig viktig at kommunen legg til rette for nye hytteområder og leilegheiter, først og fremst på fjellet, men gjerne også nede i bygda. Det handlar om tilrettelegging, at dei som ønskjer å satse opplever at det blir lagt til rette for dei, og at vi tek imot nye som kjem hit. Vi må ønskje velkomen det som ikkje eksisterer i bygda frå før av. Vere ein framoverbøygd ja-kommune. 3. Korleis trur du Strandafjellet/Hevsdalen ser ut om 10 år? Då er Stranda kjend som ein turistplass i mykje større grad enn i dag, og det er mange fleire hytter på fjellet. I dag har vi vel 600-700 hytter der oppe, om ti år håper eg det er mange tusen hytter på fjellet. Ein bør også tenkje på samanknytinga av Strandafjellet og Fjellsætra. Turistane som kjem hit tenkjer at

dei kjem til eit område, så ein bør tenkje på ei samanknyting. Er det mogleg med løyper, skiheis, eller gondol? Frode Håkon Kjølås Deleigar av Strandafjellet og Stranda Hotell. 1. Kva tenkjer du om utviklinga vi no ser, og potensialet som ligg i området? Utviklinga vi ser er sjølvklart positiv, men det kunne godt skjedd endå meir. Men vi ser jo at det kjem fleire tilreisande no enn før, både utanlandske og norske turistar. Dei kjem også meir spreitt utover veka enn før. No kjem dei på dei dagane det er bra forhold i anlegget. Potensialet er stort, det ser vi gjennom den store interessa for området. 2. Kva utfordringar ser du for utviklinga? Utfordringa er å halde stimen på utviklinga oppe, at utbygginga ikkje stoppar opp. Eg tenkjer det er viktig at sentrumsområdet og campingområdet i Hevsdalen blir utvikla. Nokon må ta tak i dette. Om det skjedde utbygging her ville utviklinga i området gå endå raskare enn kva den gjer i dag. 3. Korleis trur du Strandafjellet/Hevsdalen ser ut om 10 år? Om 10 år vil det vere 400-500 nye bustadar i området. Det vil også vere fleire varme senger, og tilbod som gjer oss mindre vêravhengige. Servicetilbodet vil bli endå betre med servicebygg med storkiosk, større og meir rikhaldig skiutleige, restaurant og afterski. Afterskitilbodet på Stova var veldig bra i år, det verka som at folk har sakna noko slikt. Potensialet for sommaren er faktisk større enn vinteren, og om 10 år er det ikkje usannsynleg at det er fleire besøkande gjennom sommaren enn kva det er om vinteren. Og då vil det bli ytterleg tilrettelagt med vandringstiar og liknande barmarksrelaterte tilbod.


Opshaug Sandtak as er en maskinentreprenørbedrift som driver: *Anleggsarbeid *Mobile knuseverk *Masseleveranser *Produksjon av ferdigbetong *Vi tar på oss *Anleggsarbeid både små og store oppdrag *Mobile knuseverk *Masseleveranser *Produksjon av ferdigbetong *Vi tar på oss både små og store oppdrag 6200 Stranda www.opshaug.no Betong: 94288538 Transport: 95830125 Kontor: 70269340 6200 Stranda www.opshaug.no Betong: 94288538 Transport: 95830125 E-post: post@opshaug.no Kontor: 70269340 E-post: post@opshaug.no

TRELAST BY GGEVARE R Vi har også entreprenør- og byggmesterforretning i tillegg til byggevareutsalg.

SPØR OSS NÅR DU HAR BEHOV FOR BYGGEVARER! Utkjøring til Strandafjellet og Fjellsætra etter avtale.

BYGGFAG Stranda Ous & Emdal Bygg AS

Åpningstider:

Mandag-Fredag: 08.00 - 16.30 Lørdag: 09.30 - 13.00 Ødegårdsvegen 125 6200 Stranda | 70 26 20 60 | fir mapost@ous-emdal-bygg.no | www.ous-emdal-bygg.no

Fagbutikken i Ditt Distrikt

www.byggfag.no


skinkehovudstaden TEKST: OLE KRISTIAN ÅRDAL / ILLUSTRASJON: KRISTER KANCK

5 grunnar til at Stranda med rette kan kalle seg Skinkehovudstad 38

I lang tid har Stranda og Tynset krangla over kvar den rettmessige skinkehovudstaden i kongeriket Noreg ligg. No er det nok, og tida er inne for å slå fast, ein gong for alle, kvar spekeskinka høyrer heime. 1: Fleire generasjonar skinke Ein gong på slutten av 1800-tallet er skomakar Karl Johan Ringstad frå Stranda på veg nordover for å reparere sko til dei som er på Lofotfiske. I kofferten har han med seg heimelaga mør som proviant på turen. Vel framme finn han raskt ut at fiskarane heller vil bruke pengane sine på andre ting enn å få skoa sine reparert. Dei vil kjøpe spekemat frå Stranda. Denne oppdaginga får Ringstad til å reise attende til Stranda, og i 1884 starte spekematproduksjon i kjellaren heime på garden. Etter kort tid er produksjonen utvida, Ringstads pølsefabrikker AS blir stifta, og skinkeeventyret er i gang. Etter kvart tok sonen, Jon K Ringstad, over, og gjorde fabrikken til den definitivt største spekematsbedrifta i Noreg. I dag vandrar Bjørn Petter Ringstad, barnebarnet til skomakar Karl Johan Ringstad, mellom skinkene i dei gamle lokala til Ringstads pølsefabrikker i Kyrkjegata 45 på Stranda. Han er arbeidande styreleiar i Tind Spekevarer AS. Etter at pølsefabrikken vart kjøpt opp av større konsern på 70-tallet, som valde

å legge ned produksjonen i 2005, tok arbeidarane sjølv opp stafettpinnen og starta Tind. – Fagmiljøet i fabrikken har vore i kontinuerleg utvikling sidan 1884. Målet har vore å gjere nordmenn stolte av norsk spekemat, og det føler eg at vi har vore med på å bidra godt til, seier Bjørn Petter Ringstad. 2: Tre skinkefabrikkar i Stranda kommune. Når folk høyrer orda Stranda og skinke saman, er det lett å tenkje på Strandaskinke. Den blir laga på Grilstad, og er den mest selde spekeskinka i Noreg. Faktisk har Grilstad ein marknadsdel på 45 prosent når det gjeld spekeprodukt. I desse tider utvidar dei fabrikken med 400 kvadratmeter for å kunne lage ei ny type skinke med mindre salt. Ole Ringdal AS er ikkje berre ein kjøtfabrikk. I Sunnylven slaktar dei nemleg også grisen sjølv. Årleg ender ca. 25 000 dyr frå Sunnmøre og Nordfjord sine dagar på Hellesylt. Bedrifta lagar om lag 500 ulike varer, mange av dei blir røykt på bøkeflis. Tind er den litle fabrikken med dei dyre skinkene. Dei har valt å fokusere på eit eksklusivt segment, og brukar mykje tid og ressursar for å gjere spekematen så god som råd. Foreløpig har denne strategien vist seg å fungere bra. – Volumet er ikkje så veldig stort, men vi har hatt god vekst.


skinkehovudstaden

39

Vi opplever nok ein mykje høgare vekst enn marknaden sjølv, seier styreleiar Bjørn Petter Ringstad. 3: NM i kjøtprodukt 2016 Ein finn ikkje betre indikator på kvalitet enn noregsmeisterskapet i kjøtprodukt. Det blir arrangert kvart andre år, og spekemat er ein av kategoriane. Under årets meisterskap vart resultatlista for dei lokale bedriftene sjåande slik ut: • Tind: 5 gullmedaljar • Grilstad: 4 gullmedaljar • Ole Ringdal: 1 gullmedalje I tillegg sanka bedriftene fleire sølv- og bronsemedaljar, men det er ikkje så interessant for ein skinkehovudstad. 4: Skinkerådhus Det gamle rådhuset på Stranda har stått tomt i fleire år. Men kva er vel ein hovudstad utan fungerande rådhus? Grilstad tar saken i eigne hender og gjer om rådhuset til skinkerådhus. – Vi ønskjer å lage ein inspirasjonsarena for forbruk og utvikling av norsk spekeskinke. For identiteten til Stranda er rådhuset eit viktig signalbygg, seier Oskar Gjærde, marknadssjef i Grilstad.

Til rådhuset vil bedrifta invitere dyktige kokkar og matbloggarar for å utvikle gode oppskrifter og serveringstips. Med seg på dette store maktpolitiske skinkeprosjektet har dei meisterkokk Bjørn Tore Furset, som står for planløysinga, og møbeldesignar Torill Slettvoll, som tar hand om innreiinga. 5: World cup-skinke Då Bjarne Solbakken kryssa mållinja i Beaver Creek den 7. desember 2003, var ei heil skiverd frå seg av begeistring. For det var ikkje berre det at nordmannen hadde slått sjølvaste Hermann «The Herminator» Maier, og tatt sin første (og einaste) verdscup-siger. Det var imponerande nok i seg sjølv, men det store spørsmålet alle stilte seg, var: Kvar kom desse særdeles velskapte skinkene frå? Ein ting er iallfall sikkert. Dei kom ikkje frå Tynset. – Som alpinist må ein ha kraftige skinker. Det er vi dømde til å få med all den treninga vi driv på med. Skinke har alt å seie. Vi lagar eigne og et andre sine skinker. So vidt eg veit, har ikkje Tynset fostra ein einaste alpinist, så når det gjeld alpinskinker, ligg Stranda milevis framfor, seier Bjarne Solbakken.


Vi høyrer til her! Det er mykje inspirasjon å hente i naturen rundt oss. Gleda av å vere underveis er ofte like givande som å nå sjølve målet. For oss er det viktig å støtte verdfulle aktivitetar som skaper trivsel og velvære. Jo betre folk i Møre og Romsdal har det, jo betre har vi det.


HAVNEVIK

Rema 1000 i Stranda sentrum Opningstider, Mandag - fredag 07.00 - 23.00 Laurdag 08.00 - 21.00

Skreddersøm av smarte løsninger for oppdrettsnæringen SeaSide AS, 6201 Stranda www.stansas.no


Dare to. Designstudio TEKST: OLE KRISTIAN ÅRDAL / FOTO: ANNIKEN ZAHL FURUNES

«Det handlar om å skape innovative og nytenkande produkt som også er godt egna for maskinene på fabrikkane.» 42

Dare to. er meir enn berre eit designstudio. Tanken bak er mykje større. Den handlar om å skape verdiar, arbeidsplassar og å blåse nytt liv i ein over hundre år gammal møbelindustri på Sunnmøre. Hege Magreth Åbelvold vaks opp på Stranda og er lidenskapeleg opptatt av å bruke kunnskapen og kompetansen som ligg i veggane til møbelfabrikkane på Stranda og i Sykkylven: – Det handlar om å skape innovative og nytenkande produkt som også er godt egna for maskinene på fabrikkane. Vi må halde oss til at den og den maskina kan gjere det og det. På den måten kan vi produsere på ein effektiv måte. Materialet er omtrent same pris uansett kvar ein er. Det er arbeidstimane til arbeidarane som kostar. Sjølv om Dare to. Designstudio knapt har eksistert eit par år, har dei allereie fått stor merksemd, både nasjonalt og internasjonalt. Og spørsmålet alle lurar på: Korleis klarar dei å produsere i Noreg? – Norske designarar går framleis med den oppfatninga om at Noreg er alt for dyrt og at det ikkje ein gong er vits i å sjekke ut norske produsentar. Difor er det lite kunnskap om kva moglegheiter som faktisk finst her på Sunnmøre. Norwegian Icons, som jobbar med å eksportere norsk design til resten av verda, har spurt oss om hjelp til å lage ei oversikt over produsentar på Sunnmøre og deira ulike kompetanseområder. På den måten kan vi bygge etterlengta bruer mellom norske designarar og produsentar, seier Åbelvold.

Dare to. designstudio Namn: Anniken Zahl Furunes (Brønnøysund) og Hege Magreth Åbelvold (Stranda) Studio: Trondheim Kompetanse: Interiørdesign, møbeldesign og designstrategi Kontakt: daretodesignstudio.com Design: Organize – oppbevaringssystem Produsert hos Langlo (Stranda) og Riksheim (Sykkylven)


Dare to. Designstudio

43

Hege Ă…belvold og Anniken Zahl Furunes utgjer Dare to. Designstudio. Foto: Kari-Anne Toth


44

– Organize er eit fleksibelt modulsystem som passar til alle rom. Inspirasjonen fekk vi frĂĽ verktøystavla til handverkarar. Med dette oppbevaringssystemet kan ein organisere rotet i heimen med hjelp av pinnar, boksar og hyller, der mĂĽla er satt slik at ein kan vende dei alle vegar. Organize er fleksibelt, plassparande, funksjonelt og kan enkelt brukast til alle ulike behov, seier Anniken og Hege i Dare to. Designstudio.


Dare to. Designstudio

45


BOOK DITT OPPHOLD PÅ

PRISER FRA

590,for 4-manns hytte

Over 300 senger i hytter på Strandafjellet og Stranda Feriesenter

© RAW REKLAME OG FOTO | Terje Rakke/Nordic life - Visitnorway.com

BO RIMELIG, OPPLEV MYE!

MODERNE FAMILIEHYTTER SENTRALT PÅ STRANDAFJELLET • Kjempeflott sommer og vinterterreng • Ski inn/ut, ca.150m fra skiheisene • Direkte tilgang til preparerte turløyper • Moglegheit for gode leigeinntekter

+47 451 64 000

• Lett tilkøyring og eigen g garasjeplass • Ca. 58 m2 • Høg standard • Pris fra 2.250.000

www.strandafjellgrend.no - 932 17 451

strandabooking.no | strandaferiesenter.no e-post: booking@strandabooking.no

LAYOUT:RAW REKLAME OG FOTO | FOTO: ELLEN- BEATE WOLLEN

#strandaferiesenter #strandabooking

VELVÆRE FOR

hud, kropp og sjel Fintfølende fingre er en hudpleiesalong som tilbyr velværebehandling innen ansikt og kropp, hårfjerning, massasje, manikyr, pedikyr og salg av profesjonelle hudpleie- og sminkeprodukter. Hos oss får du full kroppsbehandling – fra topp til tå! Unn deg selv en avslappende behandling, eller gi bort en behandling som gave til en du setter ekstra stor pris på.

BYRG “VANN I MUNN”

Velkommen til oss!

NYHET: STØRRE OG BEDRE

LOKALER!

RINGSTADVEGEN 67 6200 STRANDA

TIMEBESTILLING: 998 96 401

BEST PÅ MØTEMAT! /

Kva har du lyst på til lunsjen i dag? Vi leverer rykande ferskt brød med eit variert utval påsmurte sandwichvariantar, baguettar eller rundstykker (også glutenfritt). Eller kva med ein smakfull pastasalat med brød til eller smurte torillalefser? For fullstendig meny, sjekk våre heimesider: byrgkompetanse.no

BESTILLING:

Tlf: 48 99 64 03 // inger.helen@byrgkompetanse.no


VI BYGGER FRAMTIDENS

BÆREKRAFTIGE SAMFUNN

nybygg VARTDAL SKULE

fasadearbeid ÅSE SJUKEHEIM

vi ønsker oss LÆRLINGER

nybygg ALNES

K. NORDANG har virksomhet innen boliger, næringsbygg og anlegg og har avdelinger i Ulsteinvik, Ålesund og Stranda. Betongarbeid er fortsatt en kjerneaktivitet i K. Nordang, slik det var da vi ble etablert. Vi bygger også leilighetsbygg, skoler, hotell, kontorbygg, industribygg, kaier, broer og noen spesialkonstruksjoner innen for eksempel vannkraftanlegg. Vi har moderne og effektivt utstyr for alle typer kranoppdrag med mobilkraner opp til 220 tonn og kranbiler opp til 85 t/m og transportkapasitet på disse bilene. Videre har vi spesialisert oss på effektiv elementmontasje, både i egne prosjekt og som UE for andre entreprenører. Vi utfører oppdrag innen service, rehabilitering, ombygging på alle typer bygg med vårt høyt kvalifiserte personell innen betong, tømring og snekring. nordang.no

firmapost@nordang.no

+47 70 26 85 85

facebook/ PEAB K.Nordang


dessertmenneskje TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN

«Vi kan dele inn menneskjer i to grupper; forrett- eller dessertmenneskjer. Eg er definitivt eit dessertmenneskje» seier Bengt Dahlberg med eit smil.»

48

2010 blei starten på eit sjokoladeeventyr. Skåningen Bengt Dahlberg flytta til den verdsberømte fjordbygda, lengst inne i Geirangerfjorden. Kontrastane frå storbylivet i Stockholm til bygdelivet i Geiranger var store. – Eg flytta hit i 2010, då eg på den tida hadde ein kjærast som kom herifrå. Ho ville ikkje flytte til Stockholm, så då fekk eg flytte til Geiranger. Sommaren 2009 tok eg turen for å sjå om eg kunne tenkje meg å bu her. Eg tok meg jobb som massør og guide og likte meg godt, men eg kunne ikkje tenkje meg å jobbe

som massør resten av livet. Av ein eller annan grunn fann eg og sambuaren eg hadde på den tida ut at vi kunne lage sjokolade. Eg har alltid vore glad i sjokolade. Vi kan dele inn menneskjer i to grupper, forrett- eller dessertmenneskjer. Eg er definitivt eit dessertmenneskje. Men eg hadde aldri laga sjokolade før. Etter fire dagar med sjokolademakarkurs, to dagar hos ein konditor i Fredrikstad og to dagar på restaurantakademiet i Stockholm, var Bengt klar for å endre yrkeskarriere. Han byrja å eksperimentere med sjokoladeproduksjon heime på kjøkkenet. – Jula 2009 blei eg ein veldig populær onkel då onkelbarna mine fekk smake mykje eigenprodusert sjokolade. Vi planla å opne Geiranger Sjokolade til 17. mai 2010, men det var transportstreik i Noreg den våren, og alt gjekk ikkje etter planen. Vi opna 6. juni, på Svenska flaggans dag. Bengt har blitt ein mester på å tilverke sjokolade. Den svenske avisa Expressen plasserte Geiranger Sjokolade på si topp ti-liste over europeiske sjokoladedestinasjonar. Men enda høgare heng nok omtala han nyleg fekk av boka Chocolate – The reference standard, the chocholate tester 2015, skriven av den anerkjende tyske konditoren Georg Bernardini. Den tyske sjokoladetestaren har for denne boka testa 4000 ulike sjokoladeprodukt, frå 550 ulike produsentar i 70 ulike land. Bengt sin sjokolade er den einaste sjokoladen frå Noreg som er med i boka. Og ikkje berre det: På ei eksklusiv liste over verdas 34 mest spennande sjokoladeprodukt, har Bengt to produkt på lista: Sjokoladen med blåskimmelost og sjokoladen med brunost. Med andre ord, det er ikkje berre naturen i Geiranger som held verdsklasse. Korleis bestemde de dykk for kva Geiranger Sjokolade skulle vere og smake? – Då vi starta Geiranger sjokolade, ville vi produsere sjokolad-


dessertmenneskje

49

Bengt Dahlberg kan drikke kaffien med eit smil dĂĽ han veit at sjokoladen kjem til ĂĽ smake fortryllande godt.


50

Bengt kan tilby sjokolade med mange ulike smakar. Kvifor ikkje prøve ein sjokolade med brunost eller blåmuggost neste gong du er i Geiranger?

en lokalt og fjordnært; sjokoladen blir laga i eit gamalt naust. Men også jordnært, å ha så reine og lokale ingrediensar som mogleg. Dei lokale ingrediensane vi kan putte i sjokoladen vår er fantastiske. Til dømes jordbæra frå Valldal og bringebæra frå Norddal. Eg har faktisk ikkje sett tilsvarande bringebær i Sverige. Dei er magiske. Korleis er prosessen når du lagar ein ny type sjokolade? – Det er ikkje så lenge sidan vi fekk ein førespurnad frå Hurtigruta om å vere sjokoladeleverandør til deira nye matkonsept – Norway’s coastal kitchen. Dei ville ha ein ny smak, ein nordisk smak. Vi kom fram til smaken av norske eple. Oppe på Møll, ein gard ikkje så langt frå Ørnesvingen, er det ein gamal frukthage med epletre. Resultatet blei sjokolade med eplesmak. Vi forsøkjer å sjå kva som finst omkring oss og lagar sjokolade utifrå det. Men eg finn også inspirasjon frå spennande smaker frå andre land. Det blir jo til at eg lagar sjokolade ut frå kva eg tykkjer er godt.

Kva er god sjokolade for deg? – Du skal smake kva den er laga av, og den skal ikkje vere for søt. Til dømes smakar belgisk sjokolade altfor søtt for min smak. Sjokolade skal også ha fin konsistens. Eg vel å lage sjokolade i skorne biter. Mange vel å lage sjokoladen i støypte former, men då blir sjokoladeskalet veldig tjukt. Med tynnare sjokoladeskal får ein fram smaken av fyllet betre. Om eg vil ha rein sjokoladesmak, et eg heller ei sjokoladeplate. Har du eit tips til kva besøkjande i Geiranger må oppleve? – Ein må jo oppleve fjorden. Den mest klassiske av alle er jo turen til Skageflå. Start med ribbåttur på fjorden med drop-off i Skagehola. Derifrå kan ein vandre tilbake til Geiranger via fjellgarden Skageflå. På denne måten opplever ein fjorden både frå båten og fjellet. Då skal ein sjølvsagt ha ein strut med blåbærsjokoladen Skageflå i sekken.



Meir enn berre blomster TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN

«I butikken treffer vi kundane våre i alle ulike livssituasjonar.»

52

Hilde Wenge kjem opphavleg frå Åndalsnes, men kjærleiken mellom henne og Knut Ole lokka henne til Sunnmøre og Liabygda i 2001. Året etter opna ho Stranda Blomster, som 14 år seinare har blitt den leiande blomsterbutikken langs Storfjorden – Då eg starta Stranda Blomster i 2002 hadde eg vore mykje rundt omkring og jobba i forskjellige blomsterbutikkar og gartneri. Eg hadde danna meg mange meiningar om kva som var den rette miksen av alle dei erfaringane eg bar med meg og hadde eit ønskje om å skape noko eige, vere sjølvstendig og ta dei ideane eg hadde ut i verkelegheita. Det har vore eit tiår med mykje hard jobbing, samtidig som vi har hatt gleda av å ha småbarn heime. Dei som var innom Blomsterbutikken den første tida kunne ikkje unngå å bli sjarmert av gutane til Hilde som ofte var med på jobb. Det å vere liten i blomsterbutikk kjenner også Hilde godt til. – Eg var mykje heime med besteforeldra mine då eg var lita. Eg hugsar bestemor sine pionar og påskeliljene under trappa, og eg fikk gjerne lov til å hjelpe til med hagearbeidet. Etter kvart blei eg kjent med nokon som dreiv blomsterbutikk, og eg fekk sitje på bakrommet og lage mine eigne blomsterdekorasjonar. Då eg var ferdig på ungdomskulen flytta eg heimafrå for å gå på landbruksskule. Eg var svært interessert i alt som grodde og vaks. Eg har alltid blitt fasinert av ting som kjem opp av jorda, og kva eg kan gjere med dei tinga. Hilde er avslappa og glad i å prate, og ofte sit latteren og smilet laust, både hos Hilde og kundane som er innom butikken. – Eg likar å gjere andre glade. At kundane blir nøgde gir mykje tilbake. Det er også kjekt å vere ein del av livet til folk. Vi jobbar med blomster, men det er så mykje meir enn berre blomster. I butikken treffer vi kundane våre i alle ulike livssituasjonar. Til dømes ved gravferder, jobben vår er å hjelpe dei som er midt

i ei sorg med å velje blomster som passar godt til den dei har mista. Å hjelpe folk i ein tung situasjon, det gir mykje. På den andre sida av livet har vi til dømes konfirmasjonsfeiring der vi kan vere med på å lage ramma rundt ein superbra dag, då blir eg så glad. Det er store kontrastar mellom sorgene og gledene vi alle opplever i liva våre. Kontrastane er ein del av kvardagen vår, men av og til er det mykje å førdøye. Nokre dagar reflekterer eg mykje over livet etter eg kjem heim frå arbeid. Kva gjer du når du kjem heim frå jobb og skal slappe av? – Eg likar å vere ute i naturen. Toppturar gjev meg mykje energi. Dei siste åra har det vore mest korte turar i og med at det har vore hektisk med butikken og små barn heime. Men no har eg så flinke folk som jobbar for meg at det er lettare å ta seg ein fridag. Sommaren nærmar seg, snart er det grønt på trea og stiane ligg bare i Liabygda, kvar går turen? Eg likar å gå til dei ulike sætrane som ligg rundt om i Liabygda. Turane til Overåsætra, Ringsetsætra, Ansoksætra og Liasætra, er fine. Om eg skal trekke fram ein spesiell tur så er det å gå ut på Hammar’n. Å stå eller sitte heilt ute på kanten der, og sjå ned på eit kjempestort turistskip med masse folk om bord som seglar forbi, det er fint!

Hilde Wenge Gift med Knut Ole Overaa To søner, Jakob og Håkon Eigar og dagleg leiar av Stranda Blomster Bur på Overå, Liabygda


Meir enn berre blomster

53

Hilde Wenge har laga nok ein vakker blomsterbukket til glede for nok ein person langsmed fjorden, slik ho har gjort det i godt og vel fjorten ĂĽr.


flofjellet TEKST: OLE KRISTIAN ÅRDAL / FOTO: HAMISH MELVILLE

«Flofjellet, dit har eg tatt med alle fotomodellane i Noreg i ei årrekkje.» – Jostein Flo

54

Å gå tur over Flofjellet er som å vere med i Nintendo-spelet Super Mario Bros, der ein går ned i eit grønt røyr og plutseleg kjem opp ein heilt annan stad, ein annan dal, i eit anna fylke. Flofjellsvegen er ein ni km lang turveg mellom garden Vollset i Sunnylven og bygda Flo i Stryn. Skal du køyre bil mellom dei to stadane, må du køyre heile 81 km rundt fjellet. Då er det rart å tenkje på at folket på Vollset ein gong sokna til Stryn prestegjeld, og dermed måtte gå over fjellet kvar gong dei skulle i kyrkja. I dag er turen over fjellet ein flott tur for folk i alle aldrar. både som sykkel-, fot- og ridetur. På vegen går du forbi fleire vatn og setrar før du møter eit nydeleg utsyn over Strynevatnet på veg ned til Flo.

TRE KARAR OM FLOFJELLET Tore André Flo Eg har vore masse på Flofjellet, og har veldig gode minne frå den vegen. Tidlegaste minne er frå då vi drog opp i traktor med heile slekta. Av og til har vi gått heilt ned til Vollset, det er ein svært flott tur. I starten, då eg var barn, syntes eg det var veldig bratt å gå opp frå Flo, men no er det ein flott trimtur. I barndomen tok vi sjølvsagt med oss ballen opp, og hadde nokre fine kampar på plenen utanfor hytta. Det einaste var at ballen fór så langt av garde når den først begynte å rulle.

Jostein Flo Flofjellet, dit har eg tatt med alle fotomodellane i Noreg i ei årrekkje. Neidå, berre tulla. Men fjellet har betydd mykje for heile familien. Vi har ei felleshytte der oppe med familien til Håvard. Frå Øvre Flosætra kan ein gå ein fantastisk fjelltur opp til Rinddalshyrna (1670 m.o.h.). Spør du meg, har Flofjellet den finaste naturen i verda. Det tek ca. 30 minutt å jogge opp frå Flo, men Floarane pleier å køyre opp med bilar, traktorar og alt mogleg. Sjølv har eg ikkje turt å køyre opp, men mor mi på 70 gjer det. Bommar du med 20 cm, rullar du plutseleg 4000 rundar ned. Det er ein tøff tur.

Håvard Flo Eg har mange gode minne frå turen over Flofjellet til Vollset. Då vi var yngre, gjekk vi ofte opp på fjellet for å fiske i vatna som låg der. Når eg, Jostein og Tore André har vore tilbake på Flo om somrane, har det vore eit ritual å ta oss ein tur over fjellet og ned mot Vollset. No tar eg ein årleg sykkeltur frå Flo til Stryn, Hellesylt og tilbake igjen til Flo over fjellet. Foreldra mine gjekk ofte over fjellet til Sunnylven for å fare på fest, og så gjekk dei tilbake igjen til Flo om natta. Før vegen kom, var Flo veldig isolert, og det var meir naturleg å reise over fjellet til Vollset, enn til Stryn. Bestefar min var i si tid med på å byggje denne vegen over fjellet. I starten av juni skal eg ta meg ein ny weekend på Flo, og då skal eg love deg det blir sykkeltur.


flofjellet

55

Ved Ångelsvatnet vaktar kyrne vegen ned til Flo. Men dei er ikkje farlege, dei vil berre sjekke om du veit kven som skåra det første norske målet då Noreg slo Brasil under Fotball-VM i 98. Om ikkje kan det fort bli pinleg når du kjem ned til Flo.


56

Flofjellsvegen Lengde: 9 km Høgdemeter: 185 høgdemeter frå Vollset, 328 høgdemeter frå Flo Tid: 2-3 timar til fots, 1 time med sykkel. Vanskegrad: lett Tilkomst til Vollset: Fylg skilting frå Hellesylt mot Flofjellsvegen til parkeringsplass på Vollset. Tilkomst til Flo: Fylg riksveg 15 frå Stryn mot Otta, og ta av til venstre mot Flo ved munningen av Strynevatnet. Merka parkeringsplass på Øvste Flo.


flofjellet

57

FRAM TIL 1848 MÅTTE FOLKET PÅ VOLLSET GÅ OVER FLOFJELLET KVAR SØNDAG FOR Å KOME SEG TIL KYRKJE. I DAG ER VEGEN EIN POPULÆR TURVEG, BÅDE FOR SUNNMØRINGAR OG NORDFJORDINGAR.


Den vesle båten som segla gjennom tida TEKST: ARNOLD BERWICK / OMSET TIL NYNORSK AV PETTER HJØRUNGDAL ILLUSTRASJON: YNGVILD ÅM SOGNNES

58

«Min tiande sommar, og dei mest minneverdige månadene i livet mitt, oppheldt eg meg på Ansok på Sunnmøre, på fjellgarden der mor mi vart fødd. Minna som står klarast for meg, er samværa med bestefaren min, Jørgen.»

Det fyrste ved han som gjorde inntrykk, var den tjukke, bustete barten og dei breie skuldrene. Det andre var den utrulege arbeidskapasiteten hans. Heile sommaren såg eg på han med beundring. Han slo gras med breie sveip av ljåen, raka det saman og hengde det opp i hesjene til turking. Sidan samla han høyet i digre fange som han batt saman med tau og bar på ryggen sin bort til låven. Han slipte ljårne på ein slipestein, slakta ein gris, fiska fisk som han salta, mol bygg på ei vassdriven kvern, dyrka poteter og fekk dei i hus. Gjennom den korte sommaren måtte han produsere nok til å berge familien og dyra gjennom den lange og snørike vinteren. Han tok berre så lange pausar som han trong for å få seg litt søvn og mat. Likevel hadde han tid til å vere saman med meg. Ein dag han hadde vore på bytur, gav han meg ein kniv med slire og sa: «Denne er til deg. Her skal du sjå!» Han drog sin eigen kniv ut av slira, skar av ein slank, saftig seljekvist og sette seg ved sida av meg. Med dei grove nevane sine viste han meg korleis eg kunne lage ei fløyte. Kvar gong eg høyrer dei reine tonane frå ei fløyte, må eg den dag i dag, 63 år seinare, alltid tenkje på bestefar som kunne skape musikk berre ved hjelp av ein smekker kvist frå eit tre. Der han budde på den isolerte fjellgarden sin, langt frå grannar og butikkar, måtte han greie seg med det han hadde for handa. Som amerikanar hadde eg alltid trutt at folk berre kjøpte det

dei trong. Om bestefar var klar over dette, veit eg ikkje. Men det verka som om han gjerne ville lære meg noko, for ein dag sa han til meg: «Kom, eg har noko til deg!» Eg fylgde han ned i kjellaren der han leidde meg bort til ein arbeidsbenk ved vindauga. «Du treng ein leiketybåt. Du kan segle med han på Storvassdalsvatnet,» sa han, «eit lite vatn som ligg nokre kilometer frå garden.» – Kjempefint, tenkte eg og såg meg rundt etter båten, men det var ingen båt å sjå. Bestefar tok fram eit kraftig trestykke, om lag 45 cm langt. «Båten er inni her,» sa han, «og du kan få han fram.» Dermed gav han meg ei lynskarp øks. Eg var ikkje sikker på kva eg skulle gjere, så bestefar viste meg korleis eg skulle bruke øksa. Eg starta å hogge ut baugen. Seinare, etter at han hadde vist meg korleis eg skulle bruke hammar og stemjern, starta eg å hole ut skroget. Bestefar heldt meg ofte med selskap i kjellaren, der han reparerte treriver eller slipte verkty. Han svara på det eg spurde om og kom med forslag, men han passa på at eg gjorde alt arbeidet sjølv. «Dette blir ein fin båt, og du kjem til å lage han heilt med dine eigne hender,» sa han. «Ingen kan gje deg noko du har laga sjølv.» Orda gav gjenlyd inne i hovudet mitt medan eg arbeidde. Endeleg var eg ferdig med skroget og laga mast og segl. Båten var kanskje ikkje så fin å sjå på, men eg var stolt av produktet mitt.


den vesle båten som segla gjennom tida

59

Denne artikkelen var først publisert i tidsskriftet «Det Beste» i 1993. Artikkelen stod fyrst i den amerikanske utgåva av bladet.


60

Så sette eg kursen mot Storvassdalsvatnet. Eg klatra oppover lia, gjekk inn i skogen og fylgde så ei bratt rås. Eg kryssa små bekker, gjekk på fjørande mosebotn og klatra opp glatte steinavsatsar; høgare og høgare til eg kom over tregrensa. Då eg hadde tilbakelagt om lag sju kilometer, kom eg omsider til vatnet. Dei bratte fjellsidene rundt var dekte av steinar i alle storleikar og fasongar. Eg sjøsette båten min og fall i draumar medan ein svak bris førte den vesle farkosten til ei strand på den andre sida. Lufta var klar og rein. Ikkje ein lyd var å høyre bortsett frå ei og anna Nokre føreslo at eg skulle ta han med til Amerika. «Nei,» sa eg, fugletrille. «båten høyrer heime under steinen ved Storvassdalsvatnet.» Eg I løpet av sommaren fór eg mange gongar tilbake til vatnet tok han med tilbake til gøymestaden. for å segle med båten min. Ein dag kom mørke skyer drivande, Eg besøkte Noreg i 1968, 1971, 1977 og 1988, og tok kvar gong slusene opna seg og regnet hølja ned. Eg søkte ly inn mot ein turen opp til vatnet. Og alltid når eg stod med den vesle båten i diger stein, og kjende solvarmen som var lagra i han. Gjennom handa og skar inn eit nytt årstal, kjende eg at bestefar var nær. regnet såg eg den vesle båten min bane seg veg gjennom bølgSiste gongen eg besøkte Storvassdalsvatnet, var i 1991. Denne jene. Eg såg for meg at han var eit skip som kjempa tappert på gongen hadde eg med meg to av barneborna mine frå Amerieit opprørt hav. Så kom sola fram igjen, og alt var fryd og glede. ka, tretten år gamle Catherine og tolv år gamle Claire. Medan vi Det oppstod ei krise då vi skulle reise tilbake til Amerika. «Du klatra oppover fjellskråninga, tenkte eg på bestefar og samankan ikkje ta med deg båten heim,» sa mor, «vi har allereie for likna livet hans med livet til barneborna mine. Catherine og mykje bagasje.» Claire er av same ætt som forfedrane sine. Dei er sjølvstendige Eg tigga og bad, men det nytta ikkje. og rådsnare – det ser eg på måten dei ter seg i leik og arbeid. Med tungt hjarte gjekk eg til Storvassdalsvatnet for siste Men medan bestefar hadde så avgrensa måtar å utfalde seg på, gong, fann den digre steinen, plasserte båten i eit holrom ved har barneborna mine så mange. foten av steinen og la opp ei røys Vanlegvis er det dei tinga vi drøymer for å gøyme han, fast bestemt på om, og deretter strevar og arbeider for «Det oppstod ei krise då vi å kome tilbake ein dag for å hente å oppnå, som vi set høgst. Har barneskatten min. skulle reise tilbake til Amerika. borna mine, i all sin velstand, gått Eg tok farvel med bestefar, men glipp av dei grunnleggjande gledene «Du kan ikkje ta med deg båten i livet? visste ikkje då at eg aldri skulle sjå han igjen. «Farvel,» sa han og trykte Med sitt uthaldande arbeid på ein heim,» sa mor, «vi har allereie handa mi fast mellom sine. avsides gard lærte bestefar meg at vi for mykje bagasje.» skal godta og vere takksame for det vi Sommaren 1964 reiste eg til har fått – anten det er mykje eller lite. Noreg saman med foreldra mine og kone og born. Ein dag la Vi må bere børene våre og setje pris på dei gledene vi får. Det er eg av garde frå familiegarden og oppover råsa til Storvassdals- så mykje vi ikkje kan rå med, men når vi kan, skal vi gjere ein vatnet for å sjå etter den svære kampesteinen. Men der var så innsats for å betre kåra våre. mange store steinar at det kunne verke håplaust å leite. Barneborna mine som har vakse opp i eit komfortabelt hus i Eg var i ferd med å gje opp då eg fekk auge på ein haug med ein velståande forstad, har fått eit anna utgangspunkt. Men eg småstein som var kilt under ei stor steinblokk. Sakte fjerna eg vonar – og trur – at dei på sin måte vil klare seg like godt som småsteinane og strekte handa inn i holromet under blokka. bestefar min gjorde, og ta lærdom av det bestefar lærte meg for Handa mi kom bort i noko som gav etter. Eg drog fram båten og lenge sidan. Den dagen eg tok dei med til Storvassdalsvatnet, heldt han i hendene mine. I 34 år hadde han lege der og venta vona eg at dei på ein eller annan måte ville forstå verdiane den på at eg skulle kome tilbake. Det grove treskroget og masta var vesle båten fortalde om, og den enkle bodskapen om å lite på praktisk tala urørt av tidas tann, berre seglet var gått i oppløys- eigne krefter. ing. Høgt oppe i fjellet vart eg ståande utan å seie noko for ikkje å Eg gløymer aldri denne augneblinken. Då eg heldt båten i forstyrre freden. Då såg Claire opp og stogga dagdraumen min handa, kjendest det som om bestefar var hos meg. Det var gått ved å seie ganske stilt: «Bestefar, ein dag skal eg kome tilbake 22 år sidan han døydde, men han var likevel til stades. Vi tre hit.» Ho tok ein pause. «Og då skal eg ha med borna mine.» var saman igjen – bestefar, eg og den vesle båten, det konkrete bindeleddet mellom oss. Etterord Eg tok båten med tilbake til garden for å vise han til dei andre, Eldste dottera til Marie Hjørungdal Lied og Jostein Lied i Liaog skar inn årstala «1930» og «1964» i sida. bygda, Inger Johanne, gifte seg i USA (Springfield i Oregon) sommaren 2007. Under opphaldet i USA i samband med bryllaupet, besøkte Marie og Jostein nokre av Jostein sine slektningar der borte. Desse budde nær San Fransisco og hadde gjennom organisasjonen «Sons of Norway» vorte kjende med artikkelforfattaren Arnold Berwick. Han budde no på ein heim for eldre der i området, og hadde fortalt slekta til Jostein om Storvassdalen og båten som låg der oppe. Då han fekk vite at dei hadde slekt i Liabygda, vart han i fyr og flamme og sa til dei: «Viss de reiser til Noreg og Liabygda, må de gå opp i


den vesle båten som segla gjennom tida

«Handa mi kom bort i noko som gav etter. Eg drog fram båten og heldt han i hendene mine. I 34 år hadde han lege der og venta på at eg skulle kome tilbake.»

61

Storvassdalen og leite fram båten.» Dette lova dei å gjere, og i slutten av august 2007 kom dei til Liabygda. Hausten 2007 var svært regnfull på våre kantar, men slekta frå USA ville likevel opp til Storvassdalsvatnet for å sjå båten. I svært dårleg vêr, med sludd og regn, tok så Marie og Jostein dei med dit. Slektningane syntest det var ei stor oppleving å få kome opp i Storvassdalen og få sjå båten, og dei tok mange bilete av han og frå området. Då dei kom tilbake til San Fransisco, inviterte dei Arnold Berwick heim til seg slik at dei kunne fortelje frå turen og vise bilete. Arnold var no 87 år, men han kom køyrande i eigen bil. «Vi skulle ynskt at de fekk sjå ansiktet hans då han såg bileta frå Storvassdalen. Han vart opprømt som eit lite barn om julekvelden,» skreiv slekta. «Eg vil reise tilbake no med det same for endå ein gong å sjå båten før eg døyr. Trur de eg maktar å kome meg opp endå ein gong?» spurde han. Arnold fortalde og at vegetasjonen oppe i Storvassdalen hadde endra seg mykje. Då han forlét båten i 1930, fanst det ikkje skog i området. No viste bileta at der var mange tre og buskar. Under steinen ved Storvassdalsvatnet ligg no to båtar, og Arnold fortalde meir om dette. Arnold si dotter fekk den minste

båten då ho var på besøk i Liabygda. Det var onkelen hennar som laga han, og dottera til Arnold bestemte at ho ville leggje båten sin på same plassen som faren sin båt låg. Litt meir om forfattaren Arnold var utdanna jurist. Han besøkte Liabygda også i 1997 og i 2004. Siste gongen var han ikkje opp i Storvassdalen, men i 1997 vart han frakta opp i helikopter og fekk eit varmt gjensyn med båten. Arnold miste kona si i 2004. Ekteparet var foreldre til 3 born, to døtrer og ein son. Døtrene har ikkje born. Sonen døydde diverre under ein joggetur då han var 40 år, men han har fire døtrer etter seg. Alle desse har vore oppe i Storvassdalen og sett båten. Arnold døydde 27. desember 2013, 93 år gammal. Slekta hans i Noreg hadde jamleg kontakt med han heilt til det siste. Sluttord Når eg les denne historia, tenkjer eg på eit av dikta til Øverland, «Jeg går omkring», der han m.a. skriv: «Og jeg har gjemt et blåmalt øsekar. Det er de eldste tingene jeg har, de bringer stunder av mitt liv tilbake.»


Kreksing ette kre TEKST: BLÅDALSBJØNNEN / ILLUSTRASJON: RENATE THOR

62

Han flytte elvane i heimbygda inn i hjernen sine nære, men likefullt fjerne og imaginære landskap. Der vart dei minste grøvene te Ringenes Herre-aktige draumeelva, med urgamle trølljkre i bakevjene. Og der kom draumen om storfangsten nær, om han oppsøkte dei. So han sykla og traska, og han klivra og drubba i dei brattaste gjøla. Vabba se gjønå långtekkjelege sivmyre og depel. Han levde se inn i det, og jakta på draumefisken i draumane sine elva...

Det va no igrunn dissa store kreene han i ungdommen ha sett ti blødå, so sette igong ideane om friluftsliv i det heile tekje. I Villmarksliv og Jakt og fiske so låg rondt i heimane her å der, og kanskje på tannlegekontor og andre plassa han va innom i ongdomsåra. Der va dei! Det va der dei stod å vaka, i utkantn ta tekststraumen, på skarpe og blånke fotografi frå elvekanta, eller frå små trølljtjønne innpå austlandsskogå. Ved fjellvatn på vidde og i dala lande rondt va dei tekje billede ta: Fantastiske, feite, fantasifiska, med prikkete skinn og nøke resignert oppsyn. Gapande ette oksygen, med mepps eller fluge i munnvikjene, blenkte dei frå glossy papir, og freista te forsøk på fangst. Det va berre et stort hefte me å lese om slikt: Kreene va likso aldri fånga på Sunnmøre. Tvert imot, ha beista so øftast høgge te på enj stuggeversdag, i ei pøyte eller elv so det tok både tidsmessig og økonomisk kapital å køyre eller gå te. Han såg dei likevel so levande føre se, der dei ha funne se utkome opponde en heldig plassert stein, på siå ta enj føss so velte se kvitskummande uti ein grøn høl, kanskje opponde ei fure og nøkre standhaftige seljegreine, enkvansta’ i terrenget mylljå bygdene og høgfjella. Der stod dei i årevis i sin eigen elvakrok, i si eiga visse om at maten kom og kom og heldt fram med å kome med straumen. Og der vaks dei. År ette år. Insekt

ette insekt. Dei jaga vekk små konkurrerande piritlekre når dei va på jobb, og brukte fritia på å vente på meir mat frå øvre dela ta vassdragje. Og kanskje, berre kanskje, viss han hadde lukkå me se, hadde dei ste der rettele lengje den dagen han sjøl kom luskande me troå. Det gjaldt berre å finne fram te dissa plassane, på rette dagen, med rette temperaturen, rette vassføringa og rette trua. Å attåt so va det ditta me å plassere makketuggå so ho dreiv på rette måten rett opponde nasen på trølljkreå. Og so, og so, og so... De va kje bere bere ditta der, før en tenåring so måtte nøyte finevere og trakke se ålsveitt på sykkelpedalane, same kar han sku. So i mangel på landskjende fiskeperle i nærmiljøet, gjaldt det dermed å gjere lokale og tilgjengele vassdrag om til legendene frå fiskeblødå. Han tok altso fantasien te hjelp og flytte elvane i heimbygda inn i hjernen sine nære, men likefullt imaginære landskap. Der vart dei minste grøve te Ringenes Herre-aktige draumeelva, med urgamle trølljkre i bakevjene. Og der kom draumen om storfangsten nær om han oppsøkte dei. So han sykla og traska, og han klivra og drubba i dei brattaste gjøla. Vabba se gjønå långtekkjelege gjørmete sivmyre og depel. Han levde se inn i det, og jakta på draumefisken i draumane sine elva. Fangst og napp fekk han. Levande og ekte kre dukka stadig


Kreksing ette kre

63


64

delane, der kvitstraumen frå føssn hindra fiskarn i å sjå det so opp på uventa plassa, i umulege høla, både i elva og i ei og anna leve nedi der. Ditte e fiskeplassa for fantasin, og det va her, grov. Likevel va det mestå heile tia småbrørne og hynkylpertane i et zen-moment av total naturmenneskelegheit, at syste trøllkreå so snuste på makketuggå. Men av og te, når vêre va kenbanje hass nådde varig opplysning og vake blikk då mystisk, og ei veksande torebye trua långt frammi Habostaddaln, halvkilosfisken, som lyn frå klar himmel, manifesterte og når straum, møse og store steina og berg på bøtn samarbeidde seg i enden ta taumen, en sommarsdag i nittenåtti. om å riste søkket på rette måten, ja då kjende han at dei nappa, dei Hass eigen rekord i elva vart ei feit hokre på tre og eit støsste ta dei støsste. Dei so nesten va uråd å få te å bite skikkele. So halvt hekto, fånga nøkre år seinare. derfør dreiv han på. En dag ville han finne rette elva, med rette fisken, på rette dagen. Det va han sikker på. Og slik va det at han vart kjend Langloelva og Skuravatnet med og gla ti dei einsame og sjelereinsande stondene långsme elvane. På syttitalet og åttitalet va hynfantane på Langlo Og gjønå dinnje kreksinga ette kre, vart han gøtt kjend med og inderle og i Storgjerde gøtt kjende med Langloelva. Få elva gla ti månge ta dei lokale elvane og vatna. Her e nøkre ta dei: he so mykje skrønebefengt skryt om storfangst pr. fånga gram so dinne itlje elvemølen. Elva e Hevsdalselva og Fursetelva innimylljå rett lita og turr, meir so ei lita sirle, Gjønå Hevsdalen, førbi skisentere, renn det ei trivele å variert elv so so det kan virke rart at det ska ver nøke te fisk i veksla mylljå stille møla, stryk og føssa med høla opponde. Elva he småhølane. Men elva e også relativt bratt, å kan i månge trivele idylla, med veksling mylljå småbjørk, myrparti med bråninga på vårdagane og på våte hausdage, frameinekryla, møserøbba, og et og annja nakje berg utette dalen. Elva byr stå som rett ofjelg og stugg. Ho renn frå Skuravatnet på gode gytehøve for kre, og goe fiskeplassa långsme bardane. På et ta te Storelva, långs Knutitlekvitla gjønå Langlo og so sela på Hevsdalsstølen, va det før ei gammal dør, der det va skøre inn et Ringstad, der ho henta styrke frå Storgrova heimafør omriss ta ei kre fånga i Svartestillå midt i dalen på tidle byggefeltet i Storgjerde. Om det e jordbruksekstital. Den fisken va garantert over halvki«Ho savrenning eller andre tehøve so gjer loen. I dag he elva nøke mindre vassføring skaut en dryg det, e uvisst, men om du trekkje frå enn tidlegare, sia drikkevatne te Strandei vesste skrønene, e det likevel da, so no flyt i rør opponde bakkjen, frå meter te vers, i en påfallande goe rapporta om fine naturen si side sku ha fløte i vassdrageksplosjon ta kraft i lav kre fånga i dinnje lissje elva. Uoffje. At det meir eller mindre e heilt slutt isielt he både tre, fire, fem og seks på beiting og husdyr i Hevsdalen, he motsol, i finaste hølen. En hektos kre blitt rapportert. Dei meir nøkk i tillegg påvirka insektsfaunaen minnerik dag, sjøl om openberre skrønene treng kje øss og næringsinnhaldet i elva, so det kan trølljkreå heller ikkje snakke om, men du treng kje klepp, sjå ut som om det er mindre fisk ta nøke før å seie det slik. Elva e fiskandes heile størrelse her en før. Men det e månge kre i der viste se.» vegen te skoggrenså, men det e nøk i nedste elva, og mange gode gøymeplassa før småkrene, delen det e best fiske. so fisk, det e der. For eit par år sida vart det fortalt nå Øvst, der Langloelva begynde, ligg det trøllske og ikkje altfør om fangst ta fleire kre på over tre hekto. Hevsdalselva e i store Skuravatnet. Oppi dinnje mørke pøytå ste det te eikvar tid stor grad stiltflytande, slik so i Svartestillå og Firkanthøln, nøkre onderlege trøllkre, so aldri vise seg, før en heldig fluge- eller men he brattare parti i starten, utme Buvatnet, stryk og makkfiskar enj gong i mylljå fe se ei alder so lita overrasking. Dei vêd buktinga i Elvakrokane, og flotte føssa og høla mylljå ’kje dissa kreene der oppe, og han he alder høyrt om nøken so he sett berga i nedste enden, rett før ho skifta namn og bli te enj einaste fisk uti vatnet, før ho med eitt bit på, nøke so skjer omtrent Fursetelva. kvart jubelår. Og då e kreå stor, men stygg og klen å sjå te. Det e tydeleFursetelva på si side, kasta seg frå Hevsdalen, ned vis nøke snøype med næring, og långt mylljå godbitane oppå Skura. mot Storelva, so e elva gjønå Strandadalen. Ho e, me full vassføring, ei dramatisk strekning med spekStorelva frammigjønå Daln takulære føssa. I djupe gjøl og utfør reinvaska svøde. Storelva e lakseførande, so om du fysst og fremst vil fiske ette kre, Mesteparten ta åre e ho rett nøkk nøke hemma ta at må du løyse fiskekort på elvemølane framma Rødsetføssane. Der kan Furset Kraftverk tappa ne for krefte og vatn, men kan du spankulere de långsme bardane te det långtekkjele, og likevel likevel by på flotte naturinntrykk. Særle om du kjem oppleve stor variasjon i fiskeplassa og fangst. Finast e kanskje stilgåande elva nedette, e ho litt ta et syn, og ved full lepartia mylljå Herdalen og Røyr, der elva syg se gjønå meandrevassføring kan lyden frå dinnje elva skremme Føssegrande svinga, som ei lita «Overfloden» frå åttitalet sitt Halvsjuprorimen sjøl. Du bør kje gjer nøka slysme på elvebardane gram. Tekomst te dissa fiskeplassane krev vassing i myr og depel, når elva e på det stille’. Sett oppover mot Fursetbrua, men dei kan antakele presentere fine kre innymylljå småkreene. frå hølå nedme Kraftverksbygningå, e ho so henta frå Uansett fangst: Å smyge seg gjønå stirrige seljeryste me troå en eventyra. Tre høge føsseslør i kvitt skum, det andre sommarkveld der framme, er magisk, sia innramingå mylljå delt i to ta en kampestein midt i straumen, dryle vatnet Herdalsnibba sine mørke flóg og dei kvite breane opponde etappevis mot svarte bergside. Skumme ste oppette Blåfjellnibba byd på overdose med nasjonalromantikk, dei frodigt, djupgrøne og stupbratte elvebardane, og allereie før du he fått lirka taumen fast på mustadkrokkan gi ei hyskja og fukti stemning. I lavt ettemiddagsjen. All fangst en slik kveld må reknast som reinaste lys ligg heile gjøle i skuggen, medå lauvkrunene frå dei bonusn. utoverhengande rogne- og bjørketrea drys et spøkelsesakAttåt elva, finn du tre vatn på rad å rekkje frammi tig lysslør over dei glitrande fiskehølane. Hølane e djupe, dalen. Nedst ligg Røyravatnet, der Vassfønnja med klart, grønfarga vatn, so gjeng mot svart i dei djupaste


Kreksing ette kre

frå Emdalstindå enj og annja vinter dondra elva. Der stigninga mot Nysetvatnet Elva e elles fin, he mykje sandbøtn, og se nedi vatne, og skyl alt ta væske og fisk slynge se i rolie kryla gjønå landbrukbegynde, og føssane frå svødene långt oppå markane, so ferdafølk kan plukke lengre oppe daska se ned i flatare slandskape, ette å ha samla se vatn kre på vegastikkene långs riksveg 60. Lengre terreng, fånga han to feite tohektobåde frå Frøysadaln og gjøle framma framme ligg det grunne og stemningsfulle Herskre på et øyeblikk, en varm somfremste deln ta bygda. Der ser førdalsvatnet, heimafør bøane på Herdalen. Der e mardag på nittitale. At han kunne restn gøtt fiskandes ut der mæ. det både kre og setrestemning å få. Kre e det oppi gje dei vekk te to utlandsurbane fotFrå meir sørle retning kjem elva øvste Herdalsvatnet mæ, viss du gidd å trakke de turistar so hadde kome førbi, og allfrå dalen mot Røyrhus og Hønopp nøkre høgdemeter, mot den flotte, buktande deles øsne og førbina blitt ståande og njdalen. Ho avslutta me å kaste gamle postvegen over Herdalsbrekkå. I vatne vêd sjå på opptrinne, gjor’kje opplevinga Hellesyltføssn mot sentrum. det småkre stort sett på jamnå, og det sku nøk Elva e variert og fiskerik, med minder. gjerne vøre fiska en go grand meir før størrelsn og høla, føssa og stryk ta månge kvalitetn sin del. slag. Gjøla mot sentrum byr på Møldskreddalen og Storevatne muligheite før særinga so he tru Møldskreddalen gjeng i nedste enden mestå parallelt med Habostaddalen, på å kombinere klatreteknikk «Ditte e fiskeplassa for fantasin, med fiske i lause luktene, men og he sjølsagt si eiga elv. Ho e nøke og det va her, i et zen-moment av mindre enn Ensetelva, men fine resten ta elva e meir imøtekofiskeplassa i krystallklårt vatn finn mande og tegjengele, den flotte total naturmenneskelegheit, at sideelva frå Fivelstad inkludert. du der me. Du treng en lång dag ska syskenbanje hass nådde varig du fiske elva te endes. Gjer du det, Hass personlie beste minne e ein opplysning og vake blikk då varm julidag, der han med fire he du sannsynlevis fått de steikefisk, men neppe nøke so e eigna før skryt grams spinner og lettaste troå, før halvkilosfisken, som lyn frå på Facebook og Instagram. Starta du å omgå herkje med kreksing i seljklar himmel, manifesterte erystene på bardå, vabba se barbeint nedst he du i tillegg vørtn nøke utasa seg i enden ta taumen, en og fjelge i støvlå, og du he nått fram motstraums i ei lunka og sommarlita elv mot Røyrhusdalen. Fangsten va te det vatne der du kanskje egentle sommarsdag i nittenåtti.» sku’ ha begjynt: Storevatne ligg i betydele, og han huska gøtt øset ette innste enden ta Møldskreddalen, nappe frå den støsste kreå. Ho skaut en Habostaddaln og Ensetelva dryg meter te vers, i en eksplosjon ta kraft og e et nøkelonde stort fjellvatn Storelva fæ vatn frå månge sidedala. Den med bra med fisk ta moderat støri lav motsol, i finaste hølen. En minnerik støste ta teførselelvå e Ensetelva, so flyt relse. Fisken e lett å fånge med oter, dag, sjøl om trølljkreå heller ikkje der viste ihop me Storelva heimafør Stabburet og vassbardane e lettgådde. Nøke se. I Sunnylven he dei førrestn goe og enkle sin pizzafabrikk i Svemørkja. Alle kre minder vandelaust e det å få napp ordninga med et enkelt og rimele fiskekort for fånga frammafør fabrikken e garanheile område. Og so, sei han, he dei rett trivele på sluk og makketugge, men det tert fri før pizzaost, og he ventele med let se gjere. Trøllkreå bur neppe natur rondt elvane, både her og der. normal apetitt på almindele agn. i Storevatne, men dei smaka visst Ensetelva kan slik sett vere kjekk å ikkje so væst dissa små slektningane, Trølljkreene? fiske i. Endå kjekkare e det at elva so på varme dage driv å vêd og laga Men so va det kor det teslutt gjekk me trøllkreene, e spektakulær og variert, og flyt då? Ette det øss veit leve dei i beste velgåande. I yvjestôde der framme, helder. gjønå både bratte glyvre og gjel draumen? I minne om eit spesielt napp ovafør ei bru med svøde og våt møse, gjønå Sunnylvselvane inni Sunnylven? Og kanskje i en grønsvart, djup høl, fin storvaksen blandingsskog, Då han endele va komen førbi opponde en brusande kvit føss i ei ta dei andre elvane og øvst oppe, gjønå fjellbjørkeframslengsaldern og fekk se sertvåre? Akkurat det e i grunn ikkje so nøye, meina han, skog. Dei beste minna hass fikat, va det på tie å søkje utabygds so lenge en på goe dage kan strøyme inn i sine eigne frå elva e knytt te fiske i gjøle ette kreene. Ette nøke mysing på eventyrstonde med fisketroe og elvesus. I lengda so e neafør det som i dag e demå det faktisk det so e den virkelie fangstn. kartblødå, gjekk turane fort te Sunte kraftverke på Enset. Me Likevel e det ei kjend sak at trøllkreå enj dag nylven. På Hellesylt møtest nemle to normal vassføring e ditte en vassdrag so dreg me se mykje frikst innimylljå faktisk vert fånga. Ja, faktisk, her me øss dramatisk elvemøle, mylljå mæ! Det skjer øftast i høgtliggande fjellvatn rondt ferskvatn uti fjordn. Begge e store og fløg på oppte femten meter. kraftige elva, so antakele kan hyse om i kommunå. Fjellvatn med gunstig fauna før visse Særle en ta føssane, dinnja temmele store kre. Særle gjeld det vasslevande insekt so trøllkreå he beita på. Jaudå, han so skrur se gjønå lause lukKorsbrekkeelva, so e lakseførande sei at han he vør der, og at han he fått trøllfisken, ja tene ut i bassenge nedafør, ned me sjynå, men elles kjem frå Sunat han der oppe he smakt verda si beste halvannakie litt av et syn. Når det gjeld nylvsbygda i «høglandet» i aust, og los kre. Raud i kjøtet, og sid i buken som enj smågris. fiske, so e nøk fangsten ta he fine stiltflytande parti på slettene Prikkevert på stormkjøken i Helsporttelt, meda vinden synsinntrykk so regel større frå Frøysa, og nedette mot den bratruska i dukjen. Men du må ver innstilt tøle både motenn det so ettepå skal i steiktare mølen mot fjorden. Det va blitt bakka og stuggever ska du oppleve det same. Du lure jepannå. Likevel he han goe ventele på kar ditta va? Tja, Blådalsbjønnen he løva nå førtalt om svære kre på et par kilo minne om go fangst. Blant dei oppi dinna elvemølen der, og han va kjeldene sine å teie, so akkurat det må du nok lese i e to flotte minutt attme den lenge hekjen på å få krøkt se ei slik. andre blad før å finne ut. mest fotograferte føssen i heile Men alltid uteblei den store fangstn.

65


LOKAL ORDLISTE OMTRENTLEG SORTERT ETTER FØREKOMST I TEKSTEN

66

kreksing kre grøvene klivra drubba vabba långtekkjele depel blødå mepps et hefte pøyte pi troå makketuggå å nøyte ålsveitt hynkylpertane torebye møla einekryla møserøbba bardane svøde slysme å dryle hyskja hynfantane itle ei sirle ofjelg Knutitlekvitla vêd klen snøype frammigjønå stirrige seljeryste taumen heimafør glyvre demå lause luktene øsne førbina utasa fjelg vandelaust yvjestôde framslengsaldern hekjen kryla herkje prikkevert ventele

her: problematisk kav og jag fram og tilbake i terrenget aure (ørret) fleirtal av grov, liten bratt bekk klatra snubla vassa keisame og langdryge våt gjørme fleirtalsform av blad (magasin) eng. trade mark for ein spinnertype, ofte brukt generelt om spinner ei ulempe pytt verkeleg små småaure (ørret) fiskestong av tro/kjepp/stong munnfull meitemark å søke fullt utbytte av/bruke godt så sveitt at du er klissete som ein ål smågutane bye med torever bitar/strekningar/delar av små, krokete einebuskar rabbar (høgdedrag) kledd i mose elvebardane/elvebreddene fleirtal av sva/skrått, glatt berg klumsete tabbe på grunn av manglande merksemd/fokus å kaste hardt kald/rå/ofjelg gutfantane vesle lydhermande substantiv. lita grov der det so vidt renn vatn uhyggeleg særnamn på den mot elva skrånande dyrkamarka på Knutgarden av å vade/å vake (om åtferd hjå fisk) sjuk knapt og i minste laget framover (fram = oppover dalen (motsett: heim = mot sentrum)) sta og gjenstridige krattklyng av selje fiskesnøret heim = mot sentrum (motsett: fram = oppover dalen) sprekk (er) demninga/dammen lause lufta ville og oppkava forbausa og overraska utsliten/tom varm enkelt/problemfritt leven og spetakkel puberteten frampå og ivrig etter å forsyne seg buktingar fysisk heft/trøbbel/hindring teken vare på og førebudd antakeleg



68


Margreth olin

Margreth olin TEKST: DAVID SVILAND / FOTO: SARA ANGELICA SPILLING

Historieforteljaren frå Stranda

Du kjem ikkje utanom Margreth Olin i norsk film. Filmskaparen frå Stranda har satt sitt særpreg på filmbransjen sidan ho i 1994 debuterte med den groteske, poetiske, kritiske og komiske eksamensfilmen I kjærleikens hus. Ho er kjend for å gå langt i filmane sine – har ho sjansen til å vise publikum noko dei til dagleg ikkje vil sjå, gjer ho som oftast det. Vilje til utforsking og leik med sjangrar og konvensjonar pregar filmane hennar. I Kroppen min (2002) brukte ho sine eigne subjektive erfaringar til å fortelje ei historie om kroppspress som dei aller fleste kan relatere til. Med Ungdommens råskap (2004) gjekk ho ein heilt annan veg då ho etter førespurnad frå Lars von Trier laga ein film etter dogma hans. I denne filmen jobba ho konsekvent med eit handhaldt observerande kamera på Hauketo ungdomsskule. I 2012 var De andre klar for kinolerretet, ein dokumentarfilm som retta sterk kritikk mot måten Noreg behandlar mindreårige asylsøkarar. Her fekk vi sjå ein regissør som ikkje er redd for å gripe inn når ho ser at noko kan ende frykteleg galt. Eit eksempel på dette er eit ekte opptak frå ein telefonsamtale ho hadde med den atten år gamle flyktningen Goli, som fortel at han har fått plass på ein båt som skal køyre han frå Tyrkia til Hellas, kor på Margreth svarar at det burde han ikkje gjere, – det kan bli ein sjølvmordstur ... Slike personlege inngrep i filmane er ein gjengangar hjå Margreth, og bak nettopp desse klippa anar vi at det også eksisterer ei historie mellom ho og dei medverkande. Dette gjer filmprosjekta hennar til noko meir enn underhaldning; dei freistar gjere ein skilnad i verda. Eg undrar meg over at den sportsglade industribygda Stranda har fostra ein filmskapar med så stor sans for dei vanskelege sidene av livet. Korleis dette kunne ha seg, freista eg finne ut då eg trefte ho ein roleg laurdag på Blindern i Oslo. Det tok nokre år før Margreth fann ut at det var filmskapar ho skulle bli. Gleda over å fortelje historier kom til ho først. – Eg bestemde meg tidleg for å bli historieforteljar. Det var ikkje mange nok impulsar på Stranda til at ein kunne sjå for seg å bli filmskapar – ungdomshuset brann ned, og vi blei utan kino etter kvart. Men eg var veldig heldig, for eg hadde ein lærar på barneskulen som meinte at eg hadde eit talent for å skrive historier, og slik blei denne interessa ivaretatt. Eg elska å få stiloppgåve. Mor mi var mitt første publikum. Eg sat og skreiv medan

ho var på jobb, og så las eg for ho då ho kom heim. Målet var å få ho til å gråte, sette ho ut, eller sette noko i gang – ein dialog eller ein diskusjon. Margreth har etter kvart formidla historiene til mange menneske. Trass openberre forskjellar er det eit fellestrekk som går igjen hjå personane som opptrer i filmane; dei passar ikkje heilt inn i firkanten som vanlege folk stressar med å halde seg innanfor. Dei er for røffe, sårbare og originale til det. Det var onkelen til Margreth som først fekk ho til å sjå dei som ikkje passar inn. – Eg hadde ein onkel med downs syndrom – onkel Reidar. Han var ein utruleg snill og kjærleg mann. Sidan han ikkje hadde eigne barn, og heller ikkje var gift, hadde han alltid tid til å vere med oss barn. Han var ein fanten voksen mann som alltid hadde pengar til is, han underheldt og likte å vere med på ting som vi barn likte å gjere. Ein gong skulle eg og Reidar ta bussen inn til mormor i Hornindal, eg var kanskje ni år, og på denne bussturen oppdaga eg dette blikket. Vaksne damer kom og tok meg på skuldra og smilte til meg som om eg trengde trøyst, eller som for å seie at eg var flink som var saman med han. Dette skapte ei enormt opprørt kjensle i meg. Reidar merka dette og kviskra til meg, «du veit, Margreth, eg er ikkje som alle andre», og då tenkte eg at nei, Reidar, du er mykje betre enn dei, og ein dag skal eg vise dei. Der og då bestemte eg meg for å fortelje Reidar si historie. Den første filmen Margreth laga etter I kjærleikens hus, handlar nettopp om onkel Reidar. Filmen viser ein mann som er mykje meir enn syndromet sitt. Ein annan stereotypi Margreth liker å utfordre, er den småkriminelle badguyen. Han du hugsar frå ungdomsskulen med hettegenser og som tilsynelatande ga blaffen i alt, eller han som fortel dei grovaste vitsane på jobben, eller flyktningen som ikkje vegrar seg for å gå til menneskesmuglarar for å komme seg vidare, desse folka finn du i filmane til Margreth. Kva er det med deg og badguys? – Då 22. juli skjedde og Breivik blei tatt, sa dotter mi som var ganske lita på den tida: «Mamma, visst han Breivik kontaktar deg og vil ha hjelp til å komme ut av fengsel, kjem du til å hjelpe han då?». Det seier ein del om hennar oppfatning av kva folk eg held med. Ho veit jo at eg kjenner mange som sit inne – menneske som slit med rus, som søv på gata, illegale innvandrarar

69


Margreth olin Mykløen Kjem frå: Stranda Busett: I Oslo Yrke: Filmskapar Utdanning: Journalistutdanning frå Volda og Bergen Merittar: Har laga sju dokumentarar og ein spelefilm Vann Amanda sin pris for årets dokumentarfilm for Dei mjuke hendene i 1999 Vann Folkets Amanda-pris i 2010 for sin første og til no einaste spelefilm, Engelen (2009) Fekk Arne Skouens Ærespris i 2013

70

– eg skil ikkje mellom folk. Derfor måtte Milla vite om det går ei grense ein plass for meg òg. Så då sa eg at han vil eg ikkje hjelpe, han må sitte i fengsel. Det vart ei aha-oppleving for meg. Går du automatisk til folk som ikkje har det bra? – Ja, eg gjer det, det sit i meg frå opplevinga med Reidar. Eg har alltid vore oppteken av utanforskap. Då eg var ti-elleve år gammal var eg i Oslo med storesøster og foreldra mine. Vi besøkte fetteren til mamma som tok oss med på Oslo-sightseeing i bil – Holmenkollen og slottet og slikt. Då turen nærma seg slutten, var dei vaksne veldig nøgde med turen. «Ja, no har de fått sett mykje, er det noko de tykkjer står att?», spurde fetteren oss. «Skal vi ikkje sjå Oslo kretsfengsel?» svara eg fortvila. Det var jo det viktigaste for meg å sjå. Filmane dine skapar ofte politisk debatt. Har du ein politisk agenda? – Eg har ingen partipolitisk agenda, eg finn meg ikkje til rette på verken høgre- eller venstresida i norsk politikk. Mange på venstresida trur at dei kan ta meg til inntekt for sine politiske visjonar, medan nokre gongar vil folk på høgresida tenke det same. Eg er oppteken av endestasjonar i samfunnet, det som me ikkje orkar å sjå, men som likevel finst der, som til dømes ein eldreheim. Eg tek publikumet mitt med inn dit, slik at dei kan gjere seg opp ei meining om det dei ser. Eg er oppteken av humanisme, å bevare humaniteten i samfunnet vårt; av alt menneske har skapt, er menneske det finaste. Det er grunnsteinen i humanismen, og eg tenker at humanismen må forsvarast når ein opplever at den står på spel i samfunnet. Korleis var det å vekse opp Stranda? – Det fine med å vekse opp på ein liten plass, er at ein får overblikk. Foreldra mine jobba på Stranda handelslag som låg i murbygninga rett nedanfor kyrkja. I første etasje var det kolonial, manufakturavdeling og leikebutikk, i etasjen over var Grand kafé, og øvst i tredje etasje budde vi fram til eg byrja på skulen. Emma, ho som starta og dreiv Grand, budde i den andre leilegheita i same etasje som oss. Ho var ei ugift og barnlaus dame med skikkeleg tak i; ho hadde 80 fabrikkarbeidarar til middag kvar dag, i tillegg til alle dåps- bryllaups- og gravferdsmiddagane i bygda. Så det var der det skjedde. Vaksenlivet på Grand var mykje meir interessant enn barnehagen, tykte Margreth.

– Eg hata å gå i barnehagen, så då eg kom i førskulealder fekk eg lov til å vere med Emma på kafeen i staden. Eg hjelpte ho med å servere, følgde med på alt som blei gjort, og fekk små arbeidsoppgåver. Det fine med Grand var at alle gjekk på Grand. Dei som skilde seg kom dit og fortalde det til Emma medan eg var tilhøyrar. Dei som drakk var der og presten og prestefrua var der. Emma var eit sånt menneske som trakk til seg alle. På Grand fekk eg oversikt over menneska, ei oversikt som kan likne ein samfunnsmodell. Filosofien til Emma var at her er det plass til alle. Ho var ein slags institusjon på Stranda. Ideen til Dei mjuke hendene, var å lage ein film om sjukestova Emma låg på. Men det sa kommunestyret nei til – som om ein blir statens eigedom når ein vert gamal – så då måtte eg dra til Sande i Vestfold. Den filmen er eit ønske om å gi ein takk tilbake til alderdom og til Emma som var to generasjonar eldre enn meg, og mi beste og næraste venninne då eg vaks opp. Apropos barndom, rykta skal ha det til at din neste film skal handle om barn? – Det stemmer, eg byrja klippe i førre veke. Det kjem til å bli ein lågmælt, poetisk og observerande film, kor vi ser på barns kreativitet – evna deira til å løyse små og store utfordringar på eigen hand. Det er så mykje resultatorientering i skulen, og svært mange barn fell igjennom, vert medisinert og får psykiske problem. Barna minner oss på at vi ikkje skal skilje kroppen frå hovudet, leiken frå arbeidet, draumane frå røynda. La barn få vere barn. Barn vil ikkje bli vurdert, dei vil bli sett og anerkjent. Eg håper på å starte ein debatt om tenkinga rundt læring, men det får kome når filmen er klar. Det som er så fint når ein er liten, er å bli tatt på alvor og ikkje bli aktivisert heile tida. Då eg var liten, gjorde vi ordentlige ting. Vi plukka bær, gjekk i fjøset, baka marsipankake, vatna blomane på kyrkjegarden eller henta varer på kaia som kom med båten. Vi fekk hjelpe til og vi blei tekne på alvor. Korleis var ungdomstida på Stranda? – Det var bra festkultur på Stranda. Kaia var møteplassen. På søndagane køyrde alle ned dit for å høyre kva folk hadde gjort på fredag og laurdag. Det som ikkje var bra, var at det var mykje fyllekøyring på den tida. Det var alltid nokon som hadde køyrd inn i ein hage eller eit hus. Har du høyrt om promillerennet? Nei...


Margreth olin

71


72


Margreth olin

«Det har vi jo eit eige ord for på Stranda: å dra på fuke. Visst du gjekk på fuke, drog du ut på fredag og kom heim på søndag. Kva som skjedde på fuka snakka du ikkje høgt om.»

73 – Vi gjekk opp på Heimarhaugane med skia på skuldra, der var første stopp kor du skulle drikke heimebrent, eller kønnøl (heimebrygga kornøl). Så gjekk ein vidare innover fjellet der det var fleire drikkestasjonar før ein skulle renne ned på Vasset. Dei måtte opp i løypa med scooter for å hente dei som ikkje kom seg ned. Dette dreiv dei med då min far var ung akkurat som vi gjorde det rundt påsketider. Det finst sikkert ikkje no lenger, no sitt jo alle og ser på Netflix... Kva var det som var så bra med festkulturen på Stranda? – Det var kultur for å feste saman med fleire generasjonar. Når vi gjekk på bygdedans var det ikkje berre ungdommar, det var også folk midt i livet og litt eldre folk. Vi drog gjerne heim til vaksne folk som likte å ta seg ein fest, berre for å ha ein stad å vere. Det er noko med den sosiale samværsforma som ein kan sakne. Fest- og drikkekulturen eg kjem frå gjer at eg i filmbransjen er kjent for å vere ho som alltid går sist heim frå nachspiel. Dei yngre vennene mine i bransjen seier sånn, «faen, kor har du den stayerevna di frå?», dei vil heim att i firetida, medan eg gjerne går heim klokka elleve morgonen etter. Det har vi jo eit eige ord for på Stranda: å dra på fuke. Visst du gjekk på fuke, drog du ut på fredag og kom heim på søndag. Kva som skjedde på fuka snakka du ikkje høgt om. Eg dreg fortsatt på fuke og prøver å innføre det i filmbransjen, men det er ikkje så mange som har den sunnmørske stayerevna. Fuke er eit fint ord. Margreth snakkar mykje om å sjå folk. Og det er i sanning det ho gjer med filmane sine. I samband med den siste filmen hennar, Mannen fra Snåsa, skreiv ho eit innlegg på Facebook om korleis det er å sjå filmen saman med dei som opptrer i den: «Jeg husker når Kazim og Mikal så Ungdommens råskap, Pia så Engelen, Goli, Hassan og Hussein så De andre. Det er slike dager som blir stående. Det er slike øyeblikk som befester og endrer relasjoner. Denne gangen er det Joralf Gjerstad som er sett». Når Margreth lagar film, ser ho folk gjennom kameralinsa. Eg tykkjer det er vanskeleg å fange dei viktige augeblikka

på film – kameraet blir alltid eit forstyrrande instrument i hendene mine. Men Margreth evner å fange det essensielle i menneske med kameraet sitt og sette snuttane saman til ei sterk og identitetsskapande historie. Det er som om ho ser betre med eit kamera framfor auga. Treng du kameralinsa for verkeleg å sjå folk? – Hm. Ja, det er kanskje slik. Eg bruker så mykje energi på det at eg vert elendig på å sjå utanfor linsa. Hehe, neidå, men då Joralf såg filmen for første gong, syntes han at det var så mektig og overveldande at han kjende seg dårleg. Han sa «Å, Gud, alle desse menneska gjennom alle desse åra, alle desse andleta med alle desse historiene. No kjem alt tilbake til meg. Har eg valt riktig? Eg tenker på all forsakinga». Eg kunne relatere meg til dette. Ta f.eks. filmen De andre, då eg laga den møtte eg ungdommar eg kjem til å følge opp resten av livet, både med omsorg, tid, økonomi og kva det no ikkje er. Ved sida av det har eg born, kjærast og familieliv. Margreth har fleire gongar uttala at ho trengde å fokusere på noko positivt etter å ha laga filmar om tunge tema som rus og asylpolitikk. Derfor laga ho filmen om Joralf Gjerstad. Etter publikumstala å dømme, lengtar også publikum etter å sjå noko godt. Mannen fra Snåsa er sett av 160.000 publikumarar. Det er formidable tal, spesielt for ein dokumentarfilm. Er Mannen fra Snåsa eit vendepunkt, vender du blikket bort frå dei som har det vanskeleg? – Nei, eg vender ikkje blikket vekk frå dei, eg skal berre fortelje om det på ein annan måte. Hjartet er fortsatt hjå dei som har det vanskeleg, det er berre hjernen det har skjedd noko med. Det er tryggande å høyre at Margreth kjem til å fortsette med å lyse opp der det er mørkt med filmane sine. Vi treng nokon som viser oss kva som har gått galt, og vi treng det korrigerande blikket på dei som fell utanfor. Slike filmar hjelper meg til å sjå folk med nye auge.


I stampen med Severin 74 TEKST: OLE KRISTIAN ÅRDAL / FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN

Severin følgde draumen og tok opp arven etter forfedrane langs Storfjorden. No vil han inspirere deg til å følgje din draum.


I stampen med Severin

75


76 Severin flytta til den veglause familiegarden Rønes i 2005. Om alt går etter planen startar innspelinga av ny sesong med Severin til hausten.

8. mars 2009 fekk over ein million nordmenn bli med Oddgeir Bruaset på besøk til 25 år gamle Severin Rønes i TV-serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Sjåarane fekk bli kjent med ein ung og sjarmerande Sykkylving, som hadde valt å busette seg på den veglause garden Rønes ved Storfjorden. Mot slutten av TV-programmet meinte Oddgeir at Severin trong eit kvinnfolk på garden og lurte på kva ungkaren hadde å tilby? – Villmark, svara Severin. – Eg hugsar ein dag eg var på veg til jobb med båten inn til Stranda. Det var ein nydeleg morgon med blikkstille fjord og raudleg lys over himmelen før sola stod opp. Etter at eg hadde kome eit stykke innover såg eg plutseleg noko i sidesynet. Eg stoppa, og plutseleg var der massevis av grindkval som kom opp på sida av båten. I bakgrunnen stod fjellet Lauparen som ein silhuett mot den raudglødande himmelen, medan desse kvalane kom opp med hovudet som det her, ikkje sant, rett opp sånn, berre for å sjå på meg. Severin illustrerer i badestampen korleis grindkvalane duppa opp og ned for å sjå på han den morgonen, der han stod med skjeggete andlet og blå termodress i båten på veg til jobb. Han får blanke auge medan han mimrar tilbake til den morgonen. – Eg er så utruleg heldig, seier han. Kjenner du deg alltid like heldig, eller kan det vere skikkelig kjipt å bu her av og til? – Når eg får motorstopp midt ute på fjorden i dårleg vêr, og det er ti minutt til eg skal vere på jobb, då tenkjer eg: «Kva er det du held på med? Gidd eg dette her meir?». Desse tankane kjem av og til, men så forsvinn dei veldig fort igjen. Det er så mange fine opplevingar som få andre får oppleve i kvardagen.

Noko du ofte seier i TV-serien din er: «Ditta he e aldri sett før!» Det verkar som du stadig er på oppdagingsferd? – Eg tenkjer med det same på det lemenet eg såg som sumde over fjorden. Og eg berre: «Hæ! Er det mogleg?». Då det kom over på andre sida var det heilt utmatta. Sånne ting lev og andar eg for. Det er heile tida noko nytt å sjå og oppdage, iallfall om du leitar litt og er ute i naturen. Langs fjorden ligg det skattar over alt, rett framfor nasen på deg, som du enda ikkje har sett. Er det dette mange i dagens samfunn har mista, denne oppdagingsferda? – Heilt klart. Eg trur mange folk har hatt det til ein viss grad, gjerne i barndomen. Eg får mange kommentarar frå folk som seier: «Dette kjenner eg igjen, dette gjorde vi som barn». Men kvifor mistar dei fleste dette når dei blir eldre? – Det er kanskje sånn i dag at du blir forma heilt i frå du begynner i barnehagen. Alt er lagt til rette for at du skal gå den rette sti. Du skal inn i eit slags system, skapt av forventningar og press frå samfunnet. Det var ikkje alle som syntest det var like lurt det eg heldt på med, men eg trur at uansett kva som skjer i framtida, så kjem eg til å vere stolt av det eg gjorde og tenkte då eg flytta til Røneset. No har Severin budd på garden i elleve år. Den første tida kunne han vere fleire veker aleine, utan å møte eit einaste menneske. Då kunne han oppleve angst dei få gongane han måtte til butikken for å kjøpe mat. Kva inspirerte deg til å slutte i jobben, flytte ut hit og leve det livet du lever i dag? – Eg vaks opp med bøkene til Fønhus og Ingstad. Når eg las


I stampen med Severin

77

var det noko som skjedde med meg og eg begynte å filosofere over verdiane i livet. Skulle eg satse på ei sikker utdanning og få meg fast jobb, hus, heim, bil og familie, eller skulle eg gjere det er verkeleg hadde lyst til? I boka Pelsjegerliv frå 1931 kan ein lese om Helge Ingstad som gjekk frå eit trygt tilvære som advokat i Levanger til å leve som pelsjeger i Canada. – Den er så fin den beskrivinga: «Efterat våre innkjøb var undagjort, hadde vi akkuratt nok mynt til toget så langt det gikk, og to glass øl». Då var det slutt, då hadde han ikkje noko meir, og måtte jobbe som pelsjeger, seier Severin. I TV-serien får vi også møte bestefaren din, som sjølv budde på garden for snart 50 år sidan. Kva rolle spelar han i livet ditt i dag? – Han har vore ein viktig rådgjevar og er vel den einaste eg kan snakke med som veit kva det går ut på å bu her. Han fortel mykje om tida si her på garden. Han fiska på fjorden, og når fabrikkane stengde låg han utanfor kaia på Stranda og selde fersk fisk. Severin er svært opptatt av lokalhistorie og brukar mykje tid på å lese om og besøke dei gamle gardane som ligg langs fjorden. Arven etter forfedrane var ein av hovudgrunnane til at han valde å busette seg akkurat her. – Dei som budde her før hadde sikkert i tankane at her er ein god plass å vere, og her skal det bu folk i tusenvis av år. Derfor la dei inn alt dei kunne for å gjere dette til ein enda betre plass. Men så blei det ikkje sånn, og det var nok det som gjorde at eg tenkte: Ok, no skal iallfall eg prøve å gjere det eg kan for at det blir brukt og tatt vare på.

Du har tidlegare sagt at meininga med livet er kjærleiken og naturen? – Har du dei to har du vunne i lotto. Kjærleik er noko vi alle vil ha og treng, det same gjeld naturen. Har eg begge deler er iallfall eg nøgd. Og det skal jo vere sagt, at når ein bur på ein sånn plass og lever som eg gjer, då er det ingen sjølvfølgje å få oppleve kjærleiken. I sesong ein av Severin får vi sjå Jelena Mensah kome på besøk til Røneset. Ho er opphavleg frå Danmark, oppvaksen i Vesterålen og hadde nyleg flytta til Ålesund då ho blei invitert i ein bursdagsfest på Røneset i samband med jobb. I dag er dei sambuarar og Jelena har blitt ein viktig støttespelar på garden. Kva råd vil du gi til dei som sit heime og drøymer om eit liv nærmare naturen? – Du har berre eitt liv. Dette blir litt klisjéaktig, men om du tenkjer over det, så har du berre det – eitt liv. Tida går veldig fort og så er det slutt. Det er utruleg viktig at du gjer det du tenkjer sjølv, same søren kva det er. Det er ein barriere å gå frå det trygge og ha alt, til kanskje å miste litt fotfeste. Tenk praktisk og lag ein plan på korleis du skal greie å realisere draumen din med tanke på familie og økonomi. Det er mange måtar å gjere det på. Kva drøymer Severin om no? – Eg drøymer om å overvintre på ein av fjell- eller fjordgardane inne i Sunnylvsfjorden eller Geirangerfjorden. Med utgangspunkt i å leve så likt som overhovud mogleg som dei siste fastbuande gjorde. Det trur eg hadde passa meg midt i blinken. Spørsmålet er om eg greier å få med Jelena, men eg skal nok klare å overtale ho, seier Severin og smiler lurt i stampen.


Noregs vakraste fjelløp TEKST: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN FOTO: AXEL BRUNST

78

Ola Hovdenak på veg opp den siste bratta mot Roaldshorn og til ein klar siger i fjorårets løp.


Noregs vakraste fjelløp

Kl. 13.03.55, 22 . august 2015, kryssa ein jublande Ola Hovdenak mållinja framfor Roaldspaviljongen som den første vinnaren av Stranda Fjord Trail Race. 4 timar, 3 minutt og 55 sekund tidlegare, la 43 spente fjelløparar i veg frå Vasset-skiftet og oppover langs grusvegen mot garden Lie. Ikkje akkurat nokon mild start på eit 31 km langt fjelløp. Arrangøren hadde sørga for at løparane fekk høgdemeter i føtene frå start. Dei hadde også tima det godt då mjølkebilen ikkje skulle opp til garden på Lie før klokka ti – det kunne blitt trongt om plassen om løparane skulle konkurrert mot mjølkebilen på vegen. Etter 500 høgdemeter og 2.5 km stiløping venta den første av mange eventyrlege utsynsplassar på løparane. Frå Lievarden kunne løparane sjå rett ned i den majestetiske Sunnylvsfjorden og vidare innover i fjordlandskapet som er oppført på UNESCO si verdsarvliste. Ikkje berre kunne løparane sjå innover fjorden, men om dei tok seg tid til å snu seg og sjå seg tilbake, kunne dei også sjå Roalden ligge og vente på dei. Men til mål på Roalden var det bortimot 28.5 km att å springe. No venta to kilometer med fantastisk løping på fin flytsti langs fjellryggen 700 meter over Sunnylvsfjorden. Stien leda til det ein av deltakerane omtala som ein vegg av eit fjell som berre blei større og større og brattare og brattare jo nærare ein kom. Den omtala veggen heiter Fremste Blåhorn. Løypa gjekk opp det som blir kalla for Mønet – eit bratt parti heilt på kanten av fjellet på sida mot fjorden. Frå rett vinkel kan vegen opp Mønet sjå ganske bratt ut, ja, nesten som ein vegg. Her må deltakarane ta i bruk hendene, då dette partiet grensa til lett klyving. Til gjengjeld fekk løparane ei fantastisk høgdeoppleving då dei kom opp. Frå Mønet kan ein kan sjå 900 meter rett ned i Sunnylvsfjorden. Men løparane var framleis ikkje på toppen. Opp til sjekkpunktet på Fremste Blåhorn var det framleis 600 høgdemeter att, i tidvis bratt steinur. I Noreg har det ikkje vore vanleg med konkurransar i terreng som er så krevjande som det er opp Fremste og Heimste Blåhorn. Men internasjonalt har løp i liknande og meir krevjande terreng vore gjennomført i mange år. Denne konkurranseforma stammar, som mykje anna bratt moro, frå Alpane. På 1990-talet byrja ideen om skyrunning å forme seg i Alpelanda. Den italienske tinderanglaren Marino Giacometti og ei handfull fjellklatrarar byrja å konkurrere på fjella Mont Blanc og Monte Rosa. Berre månadar seinare blei det arrangert fleire tilsvarande løp i Himalaya, Mount Kenya og til og med på vulkanar i Mexico. I 1995 blei organisasjonen The Federation For Sport at Altitude grunnlagt i den hensikt å legge til rette for løp i høgfjellet. I 2008 tok International Skyrunning Federation over ansvaret med å organisere denne forma for løpekonkurransar, som i dag sjølvklart har eige verdsmeisterskap og verdscup. Årleg blir det arrangert over 200 løp tilknytt International Skyrunning Federation, og over 30.000 løparar frå 65 ulike nasjonar deltek i desse løpa. Vinnaren av Stranda Fjord Trail Race, Ola Hovdenak, er ein merittert fjelløpar og skialpinist. Han har delteke i mange fjelløp i Noreg og Europa, og har i mange år vore mannen å slå i norske fjelløp. Han innehar mange rekordar på motbakkeløp og fjelløp rundt omkring i landet. Etter målgang kunne Ola fylle på med ein varm middag på Roaldspaviljongen og nyte utsynet over løypa han nettopp hadde løpt.

79


Strandarane Are Habostad og Lars Hallvard Helsem i selskap med den svenske frikøyringslegenda Kaj Zackrisson på Lievarden. Foto: Axel Brunst

80 «Det var eit kjempefint løp og ein spektakulær trasé. Ruta passa bra til meg, med mykje fjell og terreng. Løypa har sugande stigningar, teknisk løping og fine flytstiar som tek deg utmatta til toppen av Roalden.» Ola Hovdenak Etter alpin løping på Fremste og Heimste Blåhorn med spennande teknisk løping ned den smale ryggen frå Heimste Blåhorn, endra løypa karakter nede ved Blåhornsvatnet. Her fekk løparane eit høgfjellsplatå å springe over på veg til Vardnakken. Medan løparane lengst bak i feltet var på veg frå Vardnakken vidare mot Dregetua, sprang Kristin Larsson i mål som vinnar av kvinneklassa på tida 5.38.59. Ho er i Europa-toppen i swim-runn, ei konkurranseform der ein konkurrerer i ei løype som består av symje- og løpestrekk. Det var ikkje mykje symjing innlagt i SFTR, men Kristin sette likevel stor pris på opplevinga. «Mitt sterkaste minne frå løpet er frå då eg sprang opp den første stigninga. Eg begynte å bli trøtt, men såg opp og blei møtt av ei fantastisk utsikt over fjorden. Dei gongane eg konkurrerer gir så mykje energi. I staden for å kjenne meg trøtt, kjenner eg berre glede og takksemd for å kunne springe på så vakre plassar.» Kristin Larsson Frå Dregetua kunne løparane sjå nedover til Stranda sentrum, og sjølvklart også til målgang på Roalden. Den raske stien ned til Stranda sentrum tok løparane gjennom sætrane på Heimarhaugane og vidare ned til Stranda Hotel der det var drikke- og matstasjon. Øystein Drabløs Langlo sa følgande om turen ned frå Dregetua: «Stiløpinga nedover til Heimarhaugane var veldig fin og det var mykje tid å innhente på denne strekninga. Samtidig var det eit herleg naturpanorama. Å passere Heimarhaugane er eit nostalgisk tilbakeblikk på gamal sætredrift. Det var utruleg koseleg å passere desse hyttene med jublande rop frå lokale folk.» Tidlegare på sommaren hadde Øystein vore i Sveits og delteke i Zermatt Marathon, eit fjelløp på den ikkje ukjende alpedestinasjonen som ligg ved foten av Matterhorn. Her var ikkje Øys-

Stranda-tausene Oda Kristine Myklebust og Amalie Ringdal Birkhol gjer seg klare for start til motbakkeløpet. Foto: Håvard Myklebust

tein einsam. Årleg deltek ca. 2400 løparar i Zermatt Marathon. Det er nok ikkje kapasitet til å ha med så mange deltakarar i SFTR enda då det ikkje finst overnatting til så mange deltakarar på Stranda. Men det er kanskje ikkje alltid nødvendig å trakte etter å vere størst? Eit løp som ikkje har det største deltakartalet, men som kanskje er det mest anerkjende fjelløpet i verda, er Hardrock 100 i Colorado. Løpet tek stad i fjella mellom dei gamle gruvebyane Silverton og Ouray, sydvest i Colorado. Det er kjend for å vere eit av dei hardaste fjelløpa på planeten. Ikkje så rart når løypa er åtti kilometer lang, og tek turen innom fleire toppar på 4000 meters høgde. Hardrock 100 er ikkje berre populært blant løparane, men også blant dei frivillige. Faktisk er det så populært å hjelpe til under dette løpet at til det eine sjekkpunktet er det sju års venteliste for å vere funksjonær. No skal det leggast til at sjekkpunktet er midt på ein fjellrygg, kor dei ikkje har plass til å huse


Noregs vakraste fjelløp

Morten Eilifsen og Ola Hovdenak kosar seg på den fine stien på Lievarden. Foto: Axel Brunst

81

Oddbjørn Vad springande på Ringstadvegen mot stien som skal ta han opp til Skuravatnet og vidare til Roaldshorn. Foto: Håvard Myklebust

Målområdet ved Roaldspaviljongen. Foto: Axel Brunst


82

DELTAKARAR PÃ… TOPPEN AV LIEVARDEN. FOTO: AXEL BRUNST


Noregs vakraste fjelløp

83


84

meir enn åtte personar og passerande løparar. Om ein skal bruke dei frivillige som målestokk på om eit løp kan bli stort eller ikkje, så har Stranda Fjord Trail Race det som trengs. Løparane var utruleg nøgde med dei frivillige funksjonærane dei møtte under løpet. Fleire av funksjonærane har allereie tinga same sjekkpunkt eit år til, deriblant Marvin Hole som kunne seie følgande om løpet frå sitt sjekkpunkt mellom Blåhorna: «Det var ei oppleving å få sjå utøvarane kome «dansande» ned ura frå Fremste Blåhornet. Ulik fart og teknikk, men alle med eit smil om munnen i det dei passerte, uansett kor slitne dei var. Imponerande! Kjekt var det også å rekke å ta gondolen opp til Roalden, og i godt sosialt lag få ta imot utøvarane ved målgang.» Medan Marvin og dei andre funksjonærane som var utplassert tidlegast i løypa var på veg ned frå sine respektive sjekkpunkt, var Natalie Lauf frå Canada innom mat- og drikkestasjonen på Stranda Hotel. Ved hotellet var løparane no godt over halvegs, men nokre av dei var ganske langt nede i kjellaren og grov etter krefter til å ta fatt på ferda gjennom Stranda sentrum, og vidare oppover langs Langloelva opp mot Skuravatnet. Natalie var nok den som imponerte oss mest av alle. Ho er nemleg i utgangspunktet ingen løpar, men fjellklatrar, og brukar mykje meir tid i klatreselen enn i løpeskoa. Berre eitt år tidlegare var ho i ei alvorleg klatreulykke i Lofoten. Ho låg i koma, hadde to hjerneoperasjonar, og har vore i rehabilitering sidan. Då er det ikkje anna enn beundringsverdig at ho fem timar etter starten ved Vasset-skiftet stod og drakk energidrikk ved Stranda Hotel. «For meg var dette løpet ein moglegheit til å bevise for meg sjølv at energinivået mitt er tilbake til det det var før ulykka, og ein moglegheit til å bruke styrketreninga eg får gjennom klatringa.» Natalie Lauf Heile kjensleregisteret kom i sving etterkvart som løparane blei tatt imot med stor jubel frå tilskodarane som hadde samla seg oppe ved Roaldspaviljongen. Her var det både smil, latter og tårer. Det var tydeleg at det kosta å fullføre løpet. Strekket frå Skuravatnet og opp Trollvardegga hadde vist seg å vere mykje hardare enn kva mange hadde forventa. Etterkvart som deltakarane skifta til tørre klede, fekk dei varm mat som dei kunne nyte inne i paviljongen. Herfrå kunne dei sjå tilbake på Stranda nede ved fjorden og fjelltoppane dei hadde vore innom på ferda til Roalden. 36 av dei 43 løparane som stilte til start fullførte løpet, og fleire av dei sa allereie etter målgang at dei skulle kome tilbake neste år. Ein av dei var Bjørn Inge Hepsø frå Åndalsnes: «Eg er utruleg glad og takksam for å ha vore med og løpe i denne fantastiske traseen. Ein trasé som inneheld alt: raske stiar og klyving og løping i terreng utan sti. Ein krevjande, spennande og morosam trasé. Superhyggelege folk i løypa og målområdet. Måltidet i paviljongen og gondolbana ned var prikken over i-en. Me sjåast neste år!»

Guten med herrekondis FOTO: HÅVARD MYKLEBUST

Alle som stod og tok imot løparane ved Roalsdpaviljongen i fjor, smila og heia av beundring då dei fekk sjå Ole Siverts Røyrhus stråle som ei sol medan beina gjekk som trommestikker frå stein til stein på veg ned til mållinja. 12-åringen frå Stranda stod for løpets store overrasking då han sprang inn til tredjeplass i herreklassa på tida 1:31:29 i kortversjonen av SFTR. Dette var eit reint motbakkeløp som gjekk frå sentrum og opp til Roaldshorn. Korleis var det å delta på løpet i fjor? – Det var morosamt, ei fin oppleving. Eg har sprunge mykje i fjellet, men aldri i konkurranse. Eg spring også mykje på løpebane då eg held på med friidrett. Blei du overraska over at du kom på tredje plass? – Ja, eg blei det. Hadde du trena mykje på førehand? – Ja, eg trena no litt på førevegen då. Men etter løpet har eg trena mykje meir enn før. Så no er eg i betre form enn kva eg var i fjor. Så det betyr at du skal delta i år igjen? – Ja. Kva er det du likar med å springe? – Eg veit ikkje heilt, men eg får ei fin kjensle når eg spring. Pappa seier eg må ta det roleg på lange joggeturar, men eg greier ikkje heilt det. Kva er favorittfjellet ditt å springe på? – Dregetua. Kva likar du best av å springe oppover eller nedover? – Eg likar nok best å springe oppover. Vi gler oss til å sjå Ole Sivert og andre løparar krysse mållinja ved Roaldspaviljongen, helga 19. - 21. august. Arrangøren meldar om at det allereie er dobbelt så mange påmelde i år som i fjor. Det er berre å hive seg i treninga og melde seg på årets store løpefest på Sunnmøre.


Guten med herrekondis

NORGES VAKRESTE FJELLØP

på Stranda

19/8 20/8 21/8

Strandafjellet-sprinten Stranda Fjord Trail Race Stranda Fjord Trail Race Motbakkeløp

Info, påmelding og overnatting

WWW.STRANDAFJORDTRAILRACE.COM

85


rett opp og ned

86

Dynafit Vertical Pro er ein av årets mest spennande løpesko i butikkhyllene. Her har Dynafit laga ein sko med soledropp på 4 mm og 250 gram i størrelse 41. Skoen passar bra til korte og middels lange fjelløp. Ein av Noregs aller beste fjelløparar, Ola Hovdenak, brukte dette skoparet allereie i fjor i konkurransar og på trening. Ifølge Ola sit denne skoen utruleg godt på vått underlag, så vel på røter som på vått fjell. Dynafit har nemleg brukt ein mjukare gummi i solen på denne skoen enn kva dei har gjort tidlegare. Karbonplata i solen gjer den til ein behageleg sko å springe nedover med då plata beskyttar mot spisse steinar. Med andre ord er denne skoen bra både oppover og nedover. Etter mange år og uteljelege kilometer springande i fjellet veit Ola kva han pratar om når det kjem til fjelløping og løpesko. Så dette høyres ut som eit godt skoval for dei som skal ut å springe i Sunnmørsfjell i sommar.


Toni palzer – en av verdens raskeste menn i oppoverbakke, både på ski og med løpesko.

Speed Up. Photo: Michael Müller.

Bli med på Dynafit Trollheimen Fjellmaraton 11. september 2016

Finn din nærmeste forhandler på 7blaner.no


Skageflå TEKST OG FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN

«Dette er ein av dei absolutt finaste og mest spektakulære fjellgardane vi har her til lands.»

88

Det er sommar, slik sommar berre kan vere lengst inne i ein norsk fjord kransa med høge fjell. Smeltevatnet kjem buldrande ned fjellsida i høge fossefall og blomane viser seg fram i si finaste festkledning, der dei kosar seg i solskinet. Vi traskar oppover grusvegen mellom husa på Homlong og vidare på stien som leiar oss oppover berga. Dagens turmål er Skageflå, den segnomspunne garden der kongeparet feira sølvbryllaup i 1993. Vi treng ikkje gå lenger enn til berga over Homlong før utsynet tilbake til Geiranger er ein pause verdig. Her kan vi sitte og beundre fjella kring Geiranger heile dagen. Men som så mange gongar før lokkar stien oss vidare, den pirrar nysgjerrigheita på kva som ligg bak neste sving, idet den fører oss inn i bjørkeskogen, akkompagnert av fuglekvitter og susande sommarlauv. Det er kanskje ikkje så rart at H.M. Kong Harald og H.M. Dronning Sonja såg seg ut nettopp Skageflå som ein verdig stad å feire 25 års ekteskap. Dette er ein av dei absolutt finaste og mest spektakulære fjellgardane vi har her til lands. Dronninga og mange av dei kongelege gjestane tok sjoavegen opp til garden. Denne «vegen» går rett opp frå fjorden og var i si tid ein av dei mest strabasiøse sjoavegane av alle langs Geirangerfjorden. Det seiast at ein gong lensmannen var på veg til garden for å krevje skatt, tok bonden like godt opp tømmerstokkane som låg til hjelp på eit svaberg på veg opp til garden. Dermed måtte lensmannen reise tomhendt tilbake. Etter ca. 2,5 kilometer på fin sti har vi komme opp på Skagen, fjellplatået ovanfor Preikestolen. Her ligg Homlongsetra med særs fin utsikt over fjorden til Ørnesvingen kor vi ser bussane og bilane stå parkert på lang rekke. Der står folk frå alle verdas

kantar og knipsar bilete av fjorden, slik hundretusenvis har gjort før dei. Homlongsetra ligg på 522 meters høgde og er det høgste punktet på turen til Skageflå. Setra blei i si tid brukt til vårseter for Homlong. Hit tok dei dyra om våren før snøen hadde smelta i Skagedalen, ein dal der også dyra på Skageflå hadde sommarbeite. Sjølv om utsikta frå Homlongsetra også er ei utsikt vi kunne slått oss til ro med resten av dagen, tenker vi at vi får fortsette vandringa til garden. I starten går stien slakt nedover mot fjorden gjennom fin og open bjørkeskog. Men det tek ikkje lang tid før det blir betrakteleg brattare. Kvar sommar har sine augeblikk ein sit igjen med når hausten kjem, augeblikk som blir til minner som ein kan ta fram og glede seg over seinare i livet. På veg ned gjennom bjørkeskogen til Skageflå, får vi eit nytt slikt minne. For akkurat der bjørketrea må gi tapt mot fjellet, og ikkje kan vekse lenger ut på klippa, opnar det seg opp eit lite platå. Herifrå kan vi sjå ned mot garden, og til nabogarden Knivsflå og Dei sju systrene på andre sida av fjorden. Utsikta utover fjorden kor Hurtigruta kjem seglande, er majestetisk. Vi forstår kvifor dette er ein av favoritturane til så mange besøkande, for det finst ikkje mange utsikter lik denne. Det er eit utsyn og ei oppleving for auge og hjarte som vi kjem til å bere med oss lenge etter at sommaren er over. Vi ventar til Hurtigruta passerer rett under oss, og let beina ta fatt på den siste etappen ned til garden. Stien går tett inntil fjellsida. Det er gjort ein god sikringsjobb og det er mogleg å halde seg fast i ein utlagt vaier på dei luftigaste plassane. Etter femten korte minutt kan vi kjenne sommarhøgt gras stryke


Skageflå

89

ELDRID SOGNNES KRISTOFFERSEN NYT UTSIKTA OVER TIL KNIVSFLÅ MEDAN HURTIGRUTA KJEM SEGLANDE PÅ FJORDEN LANGT NEDANFOR.


Homlong er startstad for turen til Skageflå, med mindre ein tek sjoavegen til gards.

skageflå Fjellgard som ligg 250 meter over Geirangefjorden. I si tid ein av dei rikaste gardane langs Geirangerfjorden Stad for kongeparets sølvbryllaupsfeiring i 1993. Verdsarven blei feira her i 2006

90

Garden ser riktig fin ut etter det imponerande restaureringsarbeidet og dei utallege timane som Storfjordens venner har lagt ned på fjellhylla høgt over Geriangefjorden.

Hugs å gi ditt bidrag til at garden framleis kan vere i god stand, slik som i dag.


Skageflå

91 over låra medan vi spaserer inn på bøen til garden som ligg på ei fjellhylle, 250 meter over fjorden. Skageflå var i si tid ein av dei rikaste gardane langs Geirangerfjorden. Noko av grunnen til det er at det lengre opp i fjellsia, opp mot Skagedalen, fanst svært gode beitemarker for dyra på garden. På det meste kunne ein fø opptil 125 geiter på denne fjellgarden, samt femten kyr og to hestar. Det går ingen dyr og beitar i områda rundt garden då vi er på besøk. Derimot sit ei stor gruppe som har komme opp sjoavegen og høyrer på ingen ringare enn Oddgeir Bruaset fortelje historia til garden. Det er som vi plutseleg er med i TV-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Ute på kanten, like ved der gruppa sit, er det eit stup som går rett ned i fjorden. På grunn av dette stupet var gardsfolket nøydd til å sikre småungane med tau når dei leika utanfor husa. Då vi ser over kanten og ned på to små synåler som flyt rundt på fjorden, eigentlig to kajakkpadlarar, skjønar vi godt kvifor foreldra sikra småungane med tau. Det er godt med ein sommarkvil i graset. Vi et nistepakka og kastar igjen eit blikk over fjorden til Dei sju systrene og Knivsflå. Medan vi sit og drøymer oss bort i fossefall og fjellsider, kjem nokre andre, som er ute på tur, pustande og pesande opp sjoavegen. Gardsfolket pusta sikkert også godt når dei kom oppover sjoavegen. Dei bar nok betrakteleg tyngre bører opp og ned den bratte vegen enn kva dagens besøkande gjer. Ein kan ikkje gjere anna enn å la seg inspirere av vilja og pågangsmotet til menneska som budde på denne garden og andre fjellgardar langsmed fjorden. Kvar henta dei styrka og motet sitt frå? Historiene deira er på mange måtar like imponerande som utsikta, om ikkje enda meir imponerande. Dei fortel oss at ingenting er umogleg så lenge ein ikkje er redd for å ta i eit tak eller hundre. Nistepakka er eten opp, og vi vender ryggen mot fjorden og går inn på stien som skal ta oss tilbake same vegen vi kom opp, til Skagen og Homlongsetra og vidare ned til Homlong og Geiranger. Om vi ikkje går feil og tar opp til Skagedalen, det blir sagt at det er fint også der oppe, og sommaren er lang.

Majestetisk utsikt utover fjorden både frå garden og på veg til garden.


92

SAKSA ER EIN AV DEI LAVARE TOPPANE I OMRÅDET, MEN HAR TIL GJENGJELD SVÆRT GOD UTSIKT MOT OMKRINGLIGGANDE TOPPAR. HER NÆRMAR TOVE EGSET HOGGEN SEG TOPPEN MED MAJESTETEN SLOGEN 1564 MOH BAK, ØYE VED FJORDEN.


Saksa

Saksa TEKST OG FOTO: HÅVARD MYKLEBUST

La deg ikkje lure av at den 1073 meter høge toppen er ein av dei lågaste toppane i området. Plasseringa gjer at utsikta til fjord og fjell er spektakulær, der den ligg over fjordkrysset i hjartet av Hjørundfjorden. Mange, både lokale og tilreisande, kan synast oppstigninga til storebror Slogen er tung og krevjande. Då kan denne eksotiske toppen vere eit godt og meir familievennleg alternativ – med like spektakulært resultat. I tillegg er det mange timar sol i den sørvendte sida, som ofte er bar i juni når dei fleste andre toppane i området har større parti med snø. Frå Brua-parken forbi Urke Landhandel følger du retningsskilta «Saksa» og tek av frå hovudvegen opp ein grusveg. Eit nytt retningsskilt viser til stien opp den furukledde, bratte lia. Så set du bilen att på Sæbø og startar å gå frå Lekneset, forbi garden og følger ein traktorveg oppover. Ein litt steinete og sidebratt sti fører oppover til Leknesdalen. På kanten av Leknesdalen passerer du den nyleg oppkomne gapahuken «Bentebu», reist av Saksa Turistforeining – ei prosjektgruppe som har stått for utarbeidinga av turvegen. Her er det sjølvsagt å ta ein idyllisk rast med god utsikt over Urke i retning Øye og Slogen. I den lisje Leknesdalen følger du stien vidare over eit myrlendt område der ein kan vitje eit gammalt bjørnehi frå slutten av 1800-talet. Du passerer eit skilt der stigninga mot toppen av Saksa startar. Kjem ein opp frå Lekneset møtast dei to stiane her, etter å ha passert restane av eit sel med mur i olivinstein. Stien går så vidare opp i flott og open bjørkeskog, med stadig meir utsikt mot fjorden. Deretter brattnar det til før ein kjem inn på den nylagde stien av trappelagde steinheller. Dei trappelagde steinhellene er eit kunstverk. Frå ura startar halvveges nede i den siste fjellsida opp mot Saksa, og til ura sluttar, berre nokre få hundre meter frå toppen, er stein og heller lagt slik at det er som å gå i ei fin trapp. Det er stabilt og stødig, og det er slik at ein må stoppe av og til, ikkje berre fordi fleire hundre høgdemeter frå Urke røyner på, men berre fordi ein må sjå og nyte både trappa og utsikta.

Ettermiddagstur opp trappene til toppen av Saksa Vi tek ei sein ferje frå Sæbø denne varme ettermiddagen ein gong i byrjinga av august. Ein typisk sjøbris strøymde mot oss der vi stod fremst og kika over ferjelemmen på det som kanskje må vere ei av Noregs flottaste ferjestrekningar. Toppen av Saksa var allereie synleg for oss i det vi rulla over Bondalseidet på veg ned den om lag ei mil lange og rettstrekka Bondalen. Toppen ligg som ei skakk klippe midt imot oss på den andre sida av Hjørundfjorden, med dei tre kjente småtoppane som utgjer toppartiet. No var han like over oss, i det ferja nærma seg Leknes ferjekai. Det var ei stund sidan sist eg hadde vore på Saksa. Det var før den nyetablerte Saksa-råsa var laga, og toppen var mykje mindre kjent – pussig nok med sitt rykte for god utsikt. Den gong blei ruta frå Leknes valt, då på ein attgrodd og sidebratt sti som mest berre dei lokale geitene brukte som beite. I nyare tid har lokale krefter sett tankar i sving, og etter litt kronerul-

93


94

ling, skiping av Saksa Turistforeining og lokal dugnad, blei det satt i gang arbeid med å lage turveg til Saksa og utbetre den litt utrivelege ura som er der. Arbeidet tok til i slutten av juli 2015 og til utbetringa av steinura vart det leigd inn fire sherpaar frå Nepal med erfaring frå slikt arbeid andre stadar, mellom anna på Skåla i Loen. 12. september vart turvegen opna med fleire hundre ivrige frammøtte. Sidan har det vore over 2000 personar på Saksa i følge Saksa Turistforeining. I lokalavvisa kunne ein lese at Sherpaane nyleg hadde starta arbeidet med trappetrinna i ura då vi tok turen, og var spente på korleis stien hadde vorte. Vi kjørte den korte strekninga frå Leknes til Brua-parken og parkerte ved den kulinariske lokalbutikken Urke Landhandel. Vis omsyn når du parkerer, på dei mest folksame dagane kan det vere trongt om plassen. Vi følgde så nyoppført skilting opp grusvegen før det bar laust på den bratte furuskogen opp til Leknesdalen. Berre tre kilometer på dei vel tusen høgdemeterane gjer seg til kjenne allereie her. Den gamle stien bar allereie preg av jamt tråkk frå kikkelystne den siste tida, der han svinga seg oppover den flotte furulia. Høgdemeterane gjekk unna før det slakka av på kanten av Leknesdalen. Eit lite vindpust møtte oss her til ei forandring av den dampande lia vi nett hadde forsert. Den nemnde gapahuken var enno ikkje påbyrja, men han ligg i dag like aust for stien på kanten – umogleg å ikkje få auge på. Turen hit er overkommeleg for dei fleste, og om ein ønsker eit alternativ til dei resterande 700 høgdemeterane til Saksa, kan Leknesnakken 529 moh vere ein fin og kort avstikkar. Vi kryssa det litt våte myrområdet og fortsatte oppover Leknesdalen mellom krokete fjellbjørk. Utsikta blei betre og betre for kvart steg, der meir og meir av fjorden blir synleg rundt Leknesnakken som skuggar for den. Ved foten av sjølve toppbakken tok vi ein pust medan vi kikka oppover den dryge sida på vel 500 høgdemeter som stod att. Det kan sjå kort ut, men allereie etter kort tid byrja den bratte sida å røyne på. Heldigvis er det ikkje lange stykket før ein kjem til det første steinpartiet. Her steig vi inn på reine kyrkjetrappa, der steinheller på fleire titals kilo var tilrettelagt og ordna på utruleg vis. Det som tidlegare hadde vore ei uryddig og traurig ur med runde og lause steinar, var no omgjort til ei om lag meterbrei steintrapp som låg stabilt og godt. Vi byrja mest å springe oppover dei lette trinna der dei svinga seg oppover steinura. Like forbausa og imponert blei vi rundt kvar ein sving der eine steinen større enn den andre var flytta på og lagt på plass for å passe inn – og det berre med handmakt. Det utrulege handverket varte og rakk før vi omsider kom over eit par drikkeflasker og nokre signalfarga jakker i ura. Like over heldt dei fire karane til å lirke på plass ei solid helle i den steikande sola. Vi helste høfleg på dei og skrytte av arbeidet dei hadde lagt ned, noko som vart motteke med store smil frå sherpaane, før vi trakka oss vidare oppover etter den sporadiske merkinga som var der frå før. Det gjekk no over frå å vere tilnærma ein raud løpar til ulendt og laus steinur dei siste meterane opp til under toppen. Her runda vi Sørtoppen (hovedtoppen) på vestsida og følgde lyngbakken til topps. Utsikta som openberra seg var eit 180-graders fjordpanorama med mellom anna Øye og Norangsfjorden i aust og Sæbø og Bondalen i vest. Kjente tindar som Slogen, Skruven, Jakta og Skårasalen, ligg med sine beste sider til og lokkar fram turlysta i deg. Få stadar har du så mykje utsyn til Hjørundfjorden som frå Saksa. Skal du til Sunnmøre for ein snarvisitt, så gå trappene til topps på Saksa og få utsyn over ein av verdas vakraste fjordar. PS. Vil du til den nordlege og høgste toppen, går ein ned i eit smalt skar mellom Sørtoppen og Midttoppen. Det kan for nokre verke litt krevjande med eit parti med kort klyving. Utsikta er uansett best frå Sørtoppen. Har du god tid og ønsker å forlenge turen, er det absolutt å anbefale å gå vidare nordover ryggen over det sjeldan vitja Breidfonnhornet, før det smalnar av ei egg oppover mot Ellsandtindane 1398 moh. Eit tau kan vere kjekt å ha med her til den smalaste passasjen. Du går vidare ned i Nordkopskaret og følger Urkedalen attende til Urke – ein utsøkt, men lang rundtur høgt over fjorden. DS


Saksa

95

PANORAMA OVER FJORDKRYSSET I HJØRUNDFJORDEN. FÅ ANDRE STADAR FÅR DU SÅ GOD UTSIKT OVER FJORDEN SOM FRÅ SAKSA.


Ein fin start på dagen TEKST: ELDRID SOGNNES KRISTOFFERSEN / FOTO: MARTIN ANDRÉ KRISTOFFERSEN

96 DENNE SMOOTHIEBOWLEN GIR DEG EIN PERFEKT START PÅ EIN VAKKER SOMMARDAG. DEN ER RIK PÅ FIBER, PROTEIN, VITAMIN OG MINERAL, SOM ER BRA FOR KROPPEN FØR EIN FJELLTUR.

Porsjon: 2 store bowls, eller 4 litt mindre. 4 dl eplejuice frå Sydtyrol 1 frossen banan 1 pære utan skal Saft frå 1 lime 1 avokado 2-3 dl havregryn 1 matskei hampfrø 1 stor skive ananas 1 lita klype fersk koriander Topping: Ferske blåbær Kokosflak Hampfrø Gojobær eller tranebær Pecannøtter, valnøtter eller mandlar Ein kvast koriander


SPAR Svingen

Nå er det enda enklere å handle gode tilbud! Du ringer – vi bringer Hilsen oss på SPAR Svingen Ring oss på telefon 70 26 02 51, og les opp din handleliste, eller send den på epost til spar.svingen@spar.no. Du finner våre gode ukestilbud i vår kundeavis og på spar.no

Du finner oss her

Kom innom for en hyggelig handel.

t lle

e afj

nd

ra St l i T

SPAR Svingen • Åpningstider: 8-21 (9-20) Adresse: Ringstadvegen 67, 6200 Stranda


Informasjon OVERNATTING, MAT OG OPPLEVINGAR

OVERNATTING STRANDA Stranda Hotel 70 26 90 00 www.strandahotel.no Stranda Feriesenter 451 64 000 www.strandaferiesenter.no Stranda booking 451 64 000 www.strandabooking.no

98

Ensetstova 91 74 47 24 www.ensetstova.no Overvoll gard 404 570 62 www.overvoll.no Stranda Lodge 458 32 018 www.strandalodge.com VALLDAL Juvet Landskaps Hotel www.juvet.com Valldal Camping 45 80 07 44 www.valldalcamping.no Fjellro Turisthotell 70 25 75 13 www.fjellro.no Gjerde Camping 70 25 79 61 www.gjerde-camping.no Jemtegård Feriesenter 70 25 90 20 www.jemtegaard.no Vika Ferie og Fritid 97 04 33 97 www.wiigen.no

Jordbærstova Feriehus 70 25 76 58 www.jordbarstova.no Skoglund Camping 91583230 www.skoglundcamping.no Valldal Hytter & Fritid 90101143 www.kragebakk.no Gudbrandsjuvet Camping 70 25 86 31 Muri Hytteutleige 702 57 542 www.murihytteutleige.no EIDSDAL Eidsdal Camping 70 25 90 29 Solvang Camping 901 18 302 www.solvang-camping.no Hesthaug Gard 97 43 37 70 www.hesthaug-gard.no Solfjord 40964011 www.solfjord.no Eide Camping 70259744 www.eidecamping.com NORDDAL Petrines Gjestgiveri 92 23 48 20 www.petrines.com Relling Camping 70 25 92 13

GEIRANGER Hotel Union Geiranger 70 26 83 00 www.hotelunion.no Hotell Geiranger 70 26 30 05 www.hotel-geiranger.no

Hole Hytteutleige 70 26 30 30 www.holehytter.no Westerås Hytteutleige 92 64 95 37

Grande Hytteutleige og Camp 70 26 30 68 www.grande-hytteutleige.no

HELLESYLT Stadheimfossen Camp og Hytte 70 26 50 79 www.stadheimfossen.no

Geirangerfjorden Feriesenter 95 10 75 27 www.geirangerfjorden.net

Hellesylt Camping 90 20 68 85 www.hellesyltturistsenter.no

Dalen Gaard Familiecamping 90 87 74 60 www.dalengaard.no

Villa Norangdal 70 26 10 84 www.norangdal.com

Homlong Camping Hytter 90 85 50 82 www.homlong-camping.com

Hellesylt Motell 70 26 51 00

Solhaug Camping 70 26 30 76 w ww.solhaugcamping.no Vinje Camping 70 26 30 17 www.vinje-camping.no Geiranger Camping 70 26 31 20 www.geirangercamping.no Fjorden Camping 70 26 30 77

Hellesylt Vandrerhjem & Campinghytter 70 26 51 28 TAFJORD Tafjord Camping 97551535 www.tafjord-camping.no Olagarden Tafjord 911 57 953 www.olagarden-tafjord.no Tajord Båthamn og Camping 468 18 505

Homlong Gjestetun 70 26 30 40 www.fjelltuncamping.no

OMEGN Storfjord Hotel 70 27 49 22 www.storfjordhotel.com

Fossen Camping 70 26 32 00 www.fossencamping.no

Hotel Union Øye 70 06 21 00 www.unionoye.no


Informasjon

OPPLEVINGAR

RESTAURANTAR OG KAFÉAR STRANDA Stranda Hotell Resturant Man – Lau 15.00 – 21.00 Søn 14.00 -21.00 Biffjørnet Man – Tor 11.00 – 21.00, Fre – Lau 11.00 – 02.30, Søn 12.00 – 21.00 Siena pizzeria og grill Man - Fre 11 – 22, Lau 12 - 02.30, Søn 12 - 22. Stranda Bakeri Man, Tir, Tor, Fre 07.00 – 16.30, Ons 07.00 – 13.00, Lau 07.00 – 14.30 Liga kafe Man – Fre 10.00 – 17.00, Lau 10.00 – 15.00 Roaldspaviljongen 18.juni - 21.august ope kvar dag 10.00-17.00 27.august - 16. oktober ope Lau og Søn 12.00 - 17.00 KOS kaffibar Ons 10.00 - 17.00 Tor 10.00-19.00 Fre 10.00-17.00 Lau 10.00-16.00

GEIRANGER Braseriet Posten 70 26 13 06 www.brasserieposten.no Geiranger Sjokolade 967 25 205 www.geirangersjokolade.no Café Olé 70 26 32 30 www.olebuda.no Friaren Bistro 70 26 30 25 Naustkroa 70 26 32 30 Restaurant Westerås 70 26 32 14 www.geiranger.no/westeras

HELLESYLT Øcals Pizzabar 70 26 32 55 Peer Gynt Galleriet Kafe/resturant 950 13 170 Hellesylt Boutique & Bar 405 16 535 VALLDAL Jordbærstova 70 25 76 58 www.jordbarstova.no Gudbrandsjuvet Kafé Kafè Lupinen Kulå Bowling 702 57 020 www.kula.no Lykkeriet 908 42 540 www.lykkeriet.no

EIDSDAL OG NORDDAL Petrines Gjestgiveri 92 23 48 20 www.petrines.com Uteguiden 40 55 46 70 www.uteguiden.com Geiranger Adventure 47379771 www.geiranger-adventure.com Geiranger Fjordservice 70 26 30 07 www.geirangerfjord.no Valldal Aktivitetspark 480 90 599 www.valldalaktivitetspark.no Norsk Fjordsenter 70 26 38 10 www.verdsarvfjord.no Tafjord Kraft og Skredsenter 468 93 255 www.kraftogskred.no 62O Nord 70 11 44 30 www.62.no TRANSPORT Ingers Trans 40 45 13 33 www.ingerstrans.no

99


kalender 24.-26. JUNI

MIDTSOMMARDAGAR I NORDDAL

Konsert med Valkyrien Allstars, kyrkjekonsertar, midtsommardans og eit rikt program og aktivitetar. 26. JUNI

VERDSARVSGUDSTENESTE PÅ HERDALSÆTRA

Friluftsgudsteneste på Herdalsætra i Norddal. 7.-10. JULI

VALLDAL SUMMER GAMES

Noregs trivelegaste ekstremsportfestival i Valldal. 24. JULI

MEFJELLET OPP

Motbakkeløp opp Mefjellet. 7 km langt og 1100 høgdemeter er noko å bryne seg på for både konkurranseløparar og mosjonistar. 8.-10. JULI

HELLESYLTDAGANE

Tivoli, handelsbuer, konsertar og Hellesyltløpet. 30. JULI

OLSOK I VALLDAL

På laurdag inviterer Valldal idrettslag til ein dag med mange opplevingar. På søndag er det vandring og friluftsgudsteneste på Alstad.

100

19.-21. AUGUST

STRANDA FJORD TRAIL RACE

Løpefest på Stranda med Strandafjellet-sprinten på fredag, Stranda Fjord Trail Race på laurdag, og motbakkeløp frå Stranda opp til Roalden på søndag. 2.-4. SEPTEMBER

STRANDADAGANE

Livlege dagar på Stranda med aktivitetar for barn og familiar – konkurransar, handelsbuer på torget, Alperittet Sykkel, konsertar, festtelt, og mykje meir.


kalender

101

GLADE SOMMARVANDRARAR PÅ VEG NED FRÅ ROALDSHORN. FOTO: MICHAELA POTTERBAUM.


neste utgåve

102

Skikøyrarar: f.v. Oscar Almgren og Johan Arnemo. Foto: Martin André Kristoffersen

I komande vinterutgåve blir vi betre kjent med vêret vi alle er så glade i – Nordvesten Den mestvinnande snowboardkøyraren i historia, Kelly Clark, trefte ikkje på Nordvesten då ho besøkte Stranda på veg til X-games i Oslo. Men vi tok oss sjølvklart ein tur på Strandafjellet samen med ho og slo av ein prat om livet som profesjonell snowboardkøyrar. Om du nokon gong har lurt på kvifor skikøyring er verdas beste idrett, så gir vi deg svaret, samt nye toppturtips, intervju med Stranda-profilar og mykje anna fornuftig lesestoff om verdas vakraste skiområde.


annonsar

Sikre deg plass i neste utgĂĽve. For info om prisar og format, kontakt: annonser@pastranda.no


@PASTRANDA Instagram

WWW.PASTRANDA.NO Les og del magasinet digitalt

/PASTRANDA facebook.com


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.