3 minute read
Historia om Elvegården
Entreprenør Fritz Hjelmeland bygde i 1971 Elvegården som såleis var starten på kjøpesenter og utvikling av handelsbyen.
Fritz Hjelmeland.
Advertisement
Foto: Arne Stubhaug
Fritz Hjelmeland kom frå Hjelmeland i Gaular. Han vart fødd i 1939, som den yngste av «Hjelmelandskarane» - som spelte ei stor rolle i å bygge det Førde vi kjenner i dag. I alt var dei 11 søsken!
Talent for forretning kom tidleg – i ungdommen kjøpte han seg ein skogteig og selde ved.
Fritz reiste som far sin til USA for å utdanne seg til murar. Brørne var gode idrettsfolk, og Fritz var den beste. 16 år gamal fikk han 1. plass i fylkesmeisterskap i både hopp og kombinert. Han vart og beste hoppar i rennet, uansett klasse. Medan han var i USA vart han amerikansk juniormeister i hopp, 17 år gamal. Under prøve-OL i Squaw Valley i 1959 vart han nummer 14 av 90 hopparar. I 1961 vende han heim og følgde i fotefara til far sin og brørne: Han starta eige entreprenørselskap. Ei kort tid eigde han også selskapet som selde Ford-bilar i Førde. Fram til 1996 var han med på å sette opp mange bygg i Sogn og Fjordane, men størst preg sette han på Førde sentrum. Mot slutten av 90-talet la han ned entreprenørverksemda, og fokuserte på forvaltning av bygningsmassen sin i Førde. Fritz gjekk bort 19. desember 2013, men det viser att mange bygg etter han. Eit av dei er Elvegården.
Historia om Elvegården starta i 1971 då Fritz Hjelmeland bygde Elvegården sitt første byggetrinn. Der flytta Erdal Sport og Førde Bilsenter AS (Ford) inn. Fritz var medeigar i Førde Bilsenter AS dei første åra. I 1973 kom Regnskapssentralen som sidan har ført rekneskapet til Elvegården. I april 1982 kom Sparkjøp med ein butikk på nesten 1900 m2, då i lokala som Førde Bilsenter AS hadde, og ei tid husa også Elvegården Handelsskulen. I
JONNY TJØNN, DAGLEG LEIAR
desember 1983 kom «Norges lengstlevande gatekjøkken med same eigar», Aba´s Inn, til Elvegården, samt at vi fekk eigen interiør-butikk med golv og maling då Bokuben flytta inn i 1988. På mange måtar var dette med på å starte handelseventyret i Førde.
Utover 80-og 90-talet kom det til fleire byggetrinn og fleire leigetakarar. Etter kvart husa Elvegården både bank og kontor. På 1990- og 2000 -talet kom Fokus Bank, samt Norges Vassdrags- og Energidirektorat og PWC. Ein annan viktig aktør å ha med seg - for ein utbyggar som Fritz Hjelmeland - var konsulenten Sæle AS og VestConsult AS som har vore med lenge og er nytta mykje i ulike byggetrinn. Den mest synlege utbygginga av Elvegården ser vi som forlenginga av bygget, mot Førde Torg. Her etablerte Varner-gruppa seg tidleg med fire butikkar, og i 2. etg finn du Olefine som er ein svært populær kafe!
Både Cubus og Olefine har utvida og oppgradert, noko som synleggjer eigarane si satsing i Elvegården.
Etter kvart som tida gjekk har bygget stadig blitt oppgradert og vedlikehalde. Den siste større oppgraderinga skjedde i perioden 2014-16, då fasadar blei bytta ut og etterisolerte, samt at vindauge blei bytta ut med vindu med dagens standard. Med denne oppgraderinga fekk fasaden eit løft og framstår no som eit stilfullt bygg. Sjølv om Elvegården i dag husar mange kontor, var dette starten på Førde som handelsby. Eigarane har tilrettelagt for dei leigetakarane som vil inn og det har aldri vore problem med å fylle lokala. Ein god miks av kontor og butikkar gjer det til eit interessant bygg å vere i. – Vi er stolte over å ivareta og vidareføre drifta av Elvegården slik Fritz ville gjort det, seier Jonny Tjønn, som er dagleg leiar for Fritz Hjelmeland sine selskap.
Førde på slutten av 60-talet. Dette var før både Elvegården og Førde Torg var bygd. Vi ser her slaktehuset før det blei bygd om til Handelshuset.
Førde på slutten av 80-talet. Det første byggetrinnet var det kvadratiske bygget som ligg langs Naustdalsvegen. I 1986 kom tilbygget vi ser til høgre.
Elvegården i dag. I 2020 kom det ny fasade på hovudbygget, medan mellombygget har same fasade som på Førde Torg.