Alle tiders 2021

Page 70

K U LT U R M I N N E P R I S E N

70

Kulturminneprisen til eigarane av Møllstunet RIKSANTIKVARENS KULTURMINNEPRIS 2021 GJEKK TIL GRUNNEIGARANE AV DEI TRE BRUKA PÅ MØLLSTUNET, FOR Å TA VARE PÅ DET GAMLE KLYNGETUNET I GEIRANGER: ANETTE MØLL OG WILLY FREDHEIM, PER OTTO SOLHAUG OG LIV ØRJASÆTER SOLHAUG OG JAN OTTAR MØLL OG SOLVEIG LOE WOLDSETH.

TEKST FOTO

Gunvor Haustveit, Riksantikvaren Sigurd Neby, Willy Nikkers AS

– Det er ei ære å bli anerkjent for det arbeidet vi gjer på Møllstunet, og at kjærleiken vi har til staden er blitt lagt merke til. Å få ein slik pris er også ei ære til dei som vi arva det ifrå, seier Anette Møll, ein av grunneigarane. I tunet finn ein tre bruk, Utigard, Bøtel og Framigard, og i alle år har det vore eigd og busett av personar som har vore opptekne av å ta vare på historia og det gamle bygningsmiljøet. Det har budd folk på tunet heilt tilbake til folkevandringstida. Anette og Willy som har Utigard-bruket bur der fast heile året, medan dei andre er der jamleg. Møllstunet er ikkje eit museum, her bur folk og held både bygningar og kulturlandskapet i hevd. Heile året, heile tida. – Heilt sidan vi overtok Bøtelbruket har det vore som ei spennande oppdagingsferd i kultur­historia, det er uvurderlege verdiar som vi tar vare på, seier Per Otto Solhaug. Det er spennenda å gå tilbake i historia og leve der slekta har vore i generasjonar. Når ein er ein del av historia blir ein òg interessert i å halde bygningane og tunet i god stand. Hus tett i tett Tunet i dag er stort sett likt som det har vore dei siste hundre åra. Dei gamle driftsbygningane står støtt som fjell. Ein ny driftsbygning, der geitene held til, står utanfor tunet. Dei har kvar si løe, nystove (stabbur) og stove­ hus (bustadhus). Det er òg eit eldhus på tunet. Det vart restaurert i fjor. Løene er bygde i tradisjonell grindkonstruksjon med lafta fjøs medan dei andre bygningane i tunet hovud­sakeleg er bygde i lafta tømmer med innslag av stavverk.

– Til sommaren skal eg til med Nystova, om vi får midlar då, ler Per Otto. Muren skal jekkast opp, tak og vindauge skal fiksast. Det er alltid noko å gjere når ein bur på ein slik plass. Gard frå fjord til fjell Det er liv i det gamle freda tunet. Formidlinga av historia er eit viktig bidrag til å fortelje om korleis folk levde, og lever, i verdsarvstaden Geiranger. Her kjem det besøkjande frå inn- og utland, og alle kan få glede av dei kulturhistoriske verdiane. Men det er ikkje plass til store bussar, så det blir ikkje masseturisme. Tunet vart freda i 2017, og grunneigarane meiner fredinga ikkje har vore til hinder. Dei bur tett og samarbeider godt, og då blir det automatisk tatt godt vare på. Her er mottoet vern gjennom bruk!

FA K TA

Kulturminneprisen Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for: • bevaring og/eller restaurering av kulturminne • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Kulturminneprisen til eigarane av Møllstunet

2min
pages 70-72

Tusenårsstaden Trondenes

2min
pages 66-67

Et kulturhistorisk landskap

1min
pages 68-69

Ferden gjennom Femundsmarka

5min
pages 62-65

Helgenen i Valdres

3min
pages 60-61

Den viktige verdensarven

3min
pages 44-45

Skogfinske kulturminner fredes

7min
pages 52-58

Liverpool mistet verdensarvstatus

3min
pages 46-47

Nå er Akershus slott tilgjengelig med rullestol

5min
pages 48-51

Bærekraftig forvaltning av historiske bymiljø

6min
pages 40-43

Berges etter alarmerende rapport

3min
pages 38-39

Ny bruk på Svalbard

5min
pages 32-35

Gården som forsvinner i havet

2min
pages 36-37

Tre historiske klimakriser

4min
pages 30-31

Hilsen fra statsråd Espen Barth Eide

1min
page 5

Havråtunet: Norske akveduktar

6min
pages 7-11

Tinfos på Notodden: Industrikjempene sin by

6min
pages 18-23

Birkelunden: Murbyens hjerte

7min
pages 12-17

Leder

2min
page 4

Fredete kulturmiljøer

0
page 6

Intervju med Ulf Holmene: En fredningens mann

7min
pages 24-27

Kulturarv for en grønnere fremtid

3min
pages 28-29
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.