Informasjon frå Samnanger kommune
SYNFARING AV EIGEDOMAR I SAMBAND MED INNFØRING AV EIGEDOMSSKATT Det skal med verknad frå 2015 innførast eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar i Samnanger kommune. I samband med dette vil kommunen synfara fritidseigedomar og ein del bustadeigedomar i august 2014. Dette informasjonsarket inneheld orientering om korleis synfaringane vil verta gjennomført. Før det vert skrive ut eigedomsskatt, må kommunen fastsetja takst på fritidseigedomar og på ein del bustadeigedomar (bustadeigedomar som ikkje har fått fastsett eit såkalla formuesgrunnlag av Skatteetaten). Synfaringa vil vera med på å danna grunnlaget for taksten på eigedomen. Kommunen vil i utgangspunktet berre gjennomføra utvendig synfaring, der ein gjer følgjande: Sjekkar at kommuen sine registrerte opplysningar om eigedomen er rette (gjeld til dømes talet på bygningar på eigedomen). Tek bilete av eigedomen Tek utvendige mål på bygningar på eigedomen (ved behov) Noterer eventuelle spesielle forhold på eigedomen. Synfararane vil gå med refleksvest merka med ”Samnanger kommune”. I tillegg vil dei ha identitetskort frå kommunen. Synfararane vil ikkje kunne svara på spørsmål om kor stor taksten eller eigedomsskatten vert. Det er ikkje synfararane som avgjer desse spørsmåla, men kommunen si sakkunnige nemnd for eigedomsskatt. Sakkunnig nemnd består av tre innbyggjarar som er valde av kommunestyret.
Side 1 av 2