Informasjon frå Samnanger kommune
Melding om EIGEDOMSSKATT på eigedom som har formuesgrunnlag frå Skatteetaten Frå 1. januar 2015 skriv Samnanger kommune ut eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen. For bustader har kommunestyret vedteke å bruka Skatteetaten sine bustadverdiar (formuesgrunnlag) som grunnlag for utrekning av eigedomsskatten. Denne brosjyren vert sendt til eigarar av bustader som har formuesgrunnlag frå Skatteetaten. Bustader som ikkje har formuesgrunnlag frå Skatteetaten, vert takserte av kommunen i medhald av reglar i eigedomsskattelova. Saman med brosjyren vert det sendt ut eit skjema som viser korleis eigedomsskatten for eigedomen din er rekna ut. Dette skjemaet er også skattesetel for 2015. Faktura for eigedomsskatt for 1. kvartal 2015 følgjer også vedlagt (gjeld ikkje dersom du har eFaktura-avtale med kommunen eller dersom utrekna eigedomsskatt for 2015 er under 150 kroner).
UTREKNING AV EIGEDOMSSKATT For å rekna ut eigedomsskatten har kommunen teke utgangspunkt i Skatteetaten sin bustadverdi (formuesgrunnlaget). Formuesgrunnlaget er ei vurdering av bustaden sin marknadsverdi, berekna ut frå bustaden sitt areal, byggeår, bustadtype, kvar huset ligg og opplysningar om omsette bustader i kommunen. Likningsverdien på ein bustad vert rekna ut på grunnlag av formuesgrunnlaget. Likningsverdien for ein primærbustad (bustad som ein eig og bur i sjølv) er 25 prosent av formuesgrunnlaget. Likningsverdien for ein sekundærbustad (bustad som ein eig, men ikkje bur i sjølv) er 50 prosent av formuesgrunnlaget. Styresmaktene har bestemt at ved utskriving av eigedomsskatt for 2015, skal bustadverdien reduserast ved å multiplisera formuesgrunnlaget med 0,8. I tillegg har Samnanger kommunestyre vedteke at det skal vera eit botnfrådrag på 100.000 kroner for bustaddelen av eigedomen. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådraget gjeld og fritidseigedom. Samnanger kommunestyre har vedteke at skattesatsen for bustader og fritidseigedomar i 2015 skal vera 2,4 promille. Eksempel på utrekning av eigedomsskatt 2015: Formuesgrunnlag frå Skatteetaten
2.100.000
Eigedomsskattetakst (formuesgrunnlag x 0,8)
1.680.000
Botnfrådrag fastsett av kommunestyret
- 100.000
Skattegrunnlag
1.580.000
Eigedomsskatt (2,4 promille av skattegrunnlaget) Mars 2015 -
3 792
Informasjon til eigarar av bustader med formuesgrunnlag frå Skatteetaten