Informasjonsbrosjyre om eigedomsskatt i Samnanger - juli/august 2014

Page 1

Informasjon frå Samnanger kommune

INFORMASJON OM EIGEDOMSSKATT Det skal med verknad frå 2015 innførast eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar i Samnanger kommune I dag har kommunen berre eigedomsskatt på såkalla ”verk og bruk”. I denne brosjyren finn du informasjon om innføringa av eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar. Kvifor vert det innført eigedomsskatt? Samnanger kommune står framfor store økonomiske utfordringar i dei komande åra. For å greia å halda drifta på same nivå som no, og samstundes greia å byggja ny sjukeheim og senter for funksjonshemma, er det naudsynt å ta i bruk det inntektsgrunnlaget som finst. Kva tid vert eigedomsskatt innført? Utskrivinga av eigedomsskatt vil gjelda frå 01.01.2015., men kommunen har frist til 1. mars 2015 med å skriva ut eigedomsskatten for 2015. Kor mange eigedomar vil få eigedomsskatt? Utgangspunktet for kommunestyret sitt vedtak 18.12.2013 var at det er om lag 900 bustader og om lag 700 fritidsbustader i kommunen. Det vil verta eigedomsskatt på dei fleste av desse. I tillegg vil det også verta eigedomsskatt på ein del næringseigedomar. Det er per i dag ikkje klart kor mykje kommunen vil få inn i årleg eigedomsskatt. Kor stor vert eigedomskatten? Det er fleire faktorar som er med på å avgjera kor stor eigedomsskatten på ein eigedom vert. Utgangspunktet er at det er den forventa marknadsverdien på eigedomen som skal danna grunnlaget for utrekninga av eigedomsskatt. Kommunen har likevel ulike måtar å påverka kor stor eigedomsskatten skal verta. Nærmare informasjon om taksering av eigedomar og fastsetjing av eigedomsskatt finn du på side 2 og 3 i denne brosjyren.

Juli/august 2014


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Informasjonsbrosjyre om eigedomsskatt i Samnanger - juli/august 2014 by Samnanger kommune - Issuu