Informasjon frå Samnanger kommune
SJEKK FAKTAOPPLYSNINGANE OM EIGEDOMEN DIN! Samnanger kommune skal i 2015 innføra eigedomsskatt på bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar. I samband med dette gjennomførte kommunen i juli og august 2014 synfaring av fritidseigedomar og bustadeigedomar utan formuesgrunnlag frå Skatteetaten. Kommunen sender no ut eit faktaskjema til eigarane av dei eigedomane som vart synfarte i sommar. I faktaskjemaet går det fram kva opplysningar kommunen har registrert om eigedomen. Desse opplysningane vil danna grunnlaget for utskrivinga av eigedomsskatt (eigedomsskattetaksten) i 2015. Det er derfor viktig at opplysingane er så korrekte som mogleg. Me ber no om at eigarane hjelper kommunen med å kvalitetssikra opplysningane ved å gå gjennom faktaskjemaet og melda frå til kommunen dersom du finn feil. Frist for å melda frå om feil er måndag 15. desember 2014. Det er viktig at flest mogleg feil vert retta opp no, for å spara både eigarar og kommunen for ekstraarbeid seinare. Dersom du ventar med å melda frå om feil til eigedomssskattetaksten på eigedomen vert sendt ut i februar/mars 2015, vil dette verta handtert som ein klage på eigedomsskattetaksten. På dei neste sidene i denne brosjyren kan du lesa meir om korleis du kontrollerer faktaopplysningane om eigedomen din, og korleis du skal gå fram for å få retta feil i opplysningane.
November 2014