InnhAld
FORORD 6
Magne Vangsnes – liv og verksemd
8
Oddrun Midtbø PÅ, MED OG TIL STADEN
22
Magne Vangsnes sine l and art-prosjekt Ingrid Norum Estetiske eksperiment
56
Magne Vangsnes – Arbeid på o g med papir 1971–2015
Morten Johan Svendsen
English tr ansl ations
125
Tr aducción al castell ano
147
Verksliste / List of works / Lista de obr as 171 Cv 175
8
Magne Vangsnes – liv og verksemd
a v O d d ru n M i d t b ø
Grafikaren Magne Oddvin Vangsnes vart fødd 19. august 1945. Han er son av Otto Vangsnes og Dagny Holen og vaks opp på Vangsnes i Sogn. I motsetnad til dei mange smale og tronge dalane i Sogn er landskapet her, midt langs fjorden, ope med fantastisk utsikt, store former og vakre linjer. Det er eit landskap som har prega både personen Magne Vangsnes og kunstverka hans. No er han blitt 70 år, og han har rekt å bli både familiefar, bestefar og oldefar. Røtene er framleis planta på Vangsnes, men samstundes er han urban og internasjonal. Han reknar Spania som sitt andre heimland.
Barndom og oppvekst Magne Vangsnes vaks opp ikkje langt frå Fridtjovstatuen, laga av den tyske kunstnaren Max Unger og reist av keisar Vilhelm II i 1913. Med ei høgde på totalt 22,5 meter har bronsestatuen alltid vore ein del av kunstnaren sitt liv. Då han var liten trudde han statuen var den mektige og allvitande guden folk snakka om. Magne teikna kvar einaste dag gjennom barndomen. Han hugsar godt den første skilsetjande opplevinga han fekk i samband med denne interessa. Arkitekt Arne Berg frå Norsk folkemuseum var på besøk hjå bestefaren, Åmund. Berg skulle teikne husa i dei då forsvunne historiske tuna på Vangsnes. Magne sat ved bordet då bestefaren skildra og Berg teikna. Fascinert følgde den vesle guten med på mannen som med lett hand teikna flotte linjer og hus på det kvite arket. Då bestefaren fekk tilsend ein kopi av tunet, såg han at det mangla eit hus på Indreneset. Berg sa han måtte finne nokon andre til å teikne det. Det sju år gamle barnebarnet fekk jobben. Han teikna mange utkast før bestefaren og han sjølv var nøgde. Det var det første teikneoppdraget. Både foreldra og besteforeldra såg evnene til guten, og dei sytte for at han alltid hadde papir og blyant. Magne Vangsnes i arbeid med HES, 1990
Oppmuntring fekk han også frå det eldre naboekteparet Ingebjørg og Hans Vangsnes. Teikningane han gav til dei, vart hengde opp på tømmerveggen i hei-
9
22
PÅ, MED OG TIL STADEN M agne Va ngsnes sine l a nd a rt-prosjek t
a v ING R ID N O R U M
Magne Vangsnes har i tillegg til si grafiske verksemd òg arbeidd med land art.
Konservator NMF,
Uansett kva medium han arbeider med, så er Vangsnes oppteken av samspe-
Musea i Sogn og Fjordane
let mellom kunst og natur. I grafikken har naturen gjerne vore motivet, i den skulpturelle grafikken materialet. I land art-prosjekta har naturen vore både materiale og stad, eller han har vorte fysisk teken inn i gallerirommet. Frå 1990 og fram til i dag har Vangsnes skapt eit titals ulike land art-verk i Noreg og utlandet, med særs ulike teknikkar og uttrykk, men over nokre få tilbakevendande tema. Dei mest kjende prosjekta er HES frå 1990, KUNA NAKU – Overgang frå 2000 og ONN frå 2006. For å få ei god forståing av Vangsnes’ land art skal vi sjå på det utanlandske opphavet til den relativt unge kunstsjangeren, for så å nærme oss korleis han har ytra seg i Noreg og hos Magne Vangsnes.
Opphav Land art1 er ikkje ei retning, ein -isme, med klare mål, medlemmer og eit manifest. Ergo finst det ikkje éin, men mange typar land art-kunstnarar. Som installasjonskunsten er land art ein del av det utvida skulpturfeltet. I dag er det stort sett kunstnarar i USA, Vest-Europa og Japan som arbeider med land art. Opphavet til land art finn vi i kjølvatnet av minimalismen i USA og England på slutten av 1960-talet. Sentrale kunstnarar var og er Robert Smithson, Nancy Holt, Walter De Maria, Michael Heizer, Dennis Oppenheim, Richard Long, Chris Drury og Andy Goldsworthy. Dei første land art-verka var ein viktig del av overgangen frå modernismen til postmodernismen. Kunstnarane ønskte å bryte med den rådande oppfatninga av kunst og byrja å prioritere idé, prosess og erfaring framfor produksjonen av fysiske, varige objekt. Dei gjekk ut av atelieret og galleriromma for å undersøkje og ta verkelegheita i bruk. Dei forlét ideen om det mediespesifikke, og nye og gamle, høgverdige og lågverdige materiale og teknikkar vart tekne i bruk om kvarandre. Det tidlegare skiljet mellom kunst, landskap og arkitektur vart viska ut. Framveksten av land art skjedde i ei tid då mange vart merksame på at aukande urbanisering og industrialisering hadde Staurgjerde (detalj) 1992
uheldige konsekvensar både for menneske og miljø. Antimaterialisme og det
23
prosjekt bak, som vart til i samarbeid med Bergens kunstforening og med økonomisk støtte frå Kulturby Bergen 2000, Bildende Kunstneres Vederlagsfond og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Etter avslutta utstilling 21. desember 2000 skulle trea køyrast på fyllinga, men det enda med at alle fekk ein ny heim hos publikummarar frå fjern og nær. KUNA NAKU – Overgang var resultatet av 3 års samarbeid med Planteforsk Njøs i Sogn for å skape kunstig vårblomstring midt på mørkaste vinteren. Det var ein del uvissemoment undervegs: Ville trea tole å verte flytta til Bergen? Ville det fungere å framskynde vårblomstringa med eit halvt år? I tillegg vart utstillinga plutseleg framskynda med ein månad slik at blomstringa måtte framskyndast tilsvarande. Vangsnes fortel om prosjektet: «Høsten 1998 ble trærne som skulle brukes valgt ut og stukket for å sikre en rik blomstring. Epletrærne ble tatt opp av jorda på Hermansverk i Sogn i mars 1999 for å bli drevet til tidlig blomstring i drivhus. Deretter ble de satt i kjølelager for å simulere tidlig høst og vinter. Utpå høsten 2000 ble de flyttet tilbake til drivhusene der vårens lys og varme ble simulert. Transport til Bergen var en utfordring midt på vinteren. For at trærne skulle bli akklimatisert, ble de plassert oppe på kunstforeningens loft. To dager før åpningen ble de så satt inn i utstillingssalen i et jordsmonn utformet slik at det kan minne om en sarkofag. Og det gikk bra. Blomstringen begynte på beregnet tidspunkt. Under utstillingen ble døgnet snudd for trærne gjennom at de ble gitt kunstig dagslys om natta. I galleriets åpningstid på dagtid var der vanlig innelys, noe epletrærne oppfattet som natt.»21 Installasjonen vart bygd opp som eit stort rektangulært «podium». Dei skrå sidene var laga av treplater trekt med svart stoff, og toppen var dekt av tynne forsinka jernplater. Trestammane stakk opp av podiet i 4 x 7 rekker. Podiet skjulte bøttene med jord som trea var planta i. Speglinga av trea i metallet skulle bygge opp under illusjonen av ei vårnatt. Magne Vangsnes er frå ein liten eplegard i Sogn kor han fram til rundt 1980 var med på fruktdyrkinga. Nok ein gong ser vi at kunstnaren har late seg inspirere av oppvekst og eiga erfaring med det vestnorske landbruket. Installasjonen i kunstforeininga kunne opplevast på ulikt vis. På den eine sida gav han ei reint ut smellvakker og velduftande oppleving som fekk publikum til å drøyme seg vekk til ein annan stad – ein stad i naturen, ein frukthage i Sogn. Her gjekk gjerne assosiasjonane i retning av noko nostalgisk og nasjonalromantisk. På den andre sida kunne kontrasten mellom installasjonen, tida og staden gje ei meir urovekkande oppleving. Tittelen KUNA NAKU, er samansett av første del av orda kultur og natur og speler på forholdet mellom dei. Ved å isolere blomstringa vekk frå sin naturlege syklus tukla kunstnaren og kulturen her med naturen, noko som kunne få ein til å tenkje vidare på genmodifisering,
32
KUNA NAKU – Overgang 2000
33
52
53
Edges I, 1999
86
102