Nett og nydelig i neglisjé K V I N N EU N D E R TØY ET HA DD E i mellomkrigstida gjennomgått store endringar om ein samanliknar med nokre tiår tilbake, og den nye moten var å finne i dei mange strikkehefta – strikka i tynt ullgarn. Sjølv om undertøy lenge var noko ein ikkje skulle snakke om – det blei gjerne omtala i finare vendingar som «benklær» eller «unevnelige» – har også intimplagga vore gjenstand for motesvingingar og spegla samfunnsideal og sosial status opp igjennom historia. Mens kvinnene i dei finare kretsane på kontinentet gjekk i både krinolin, korsett og mamelukkar på midten av 1800-talet, gjekk dei fleste norske kvinner framleis utan noko som helst under stakken. Det blei sett på som moralsk forkasteleg at ei kvinne skulle ha på seg noko som kunne minne om ei bukse. Det var ikkje før heilt på slutten av 1800-talet at det blei allment blant norske bondekvinner og arbeidarkvinner å bruke underbukser. Saman med underbuksa som gjekk nedom knea, var det på overkroppen vanleg med ei korterma undertrøye i ull, så eit linnet, som var ein slags singlet eller kort underkjole,
51