Truser som tullar seg bort, og tallerkenar som dett ned frå taket på bilar i fart. Historier om dette og mykje meir finn du i denne underhaldande og lærerike boka om det å vera distré. Eller dønn distré, som forfattar og stortingsrepresentant Jenny Klinge sjølv er.Denne boka passar for den distré sjølv, som gjerne vil sjå at fleire strevar med dette, og at det går an å le av det heile. Og boka passar for dei «pårørande», dei som kjenner eller er i slekt med distré menneske, og som gjerne vil forstå meir om dette artige og litt slitsame fenomenet.