Gøril Grov Sørdal: Nomino. Historia om norske stadnamn

Page 1



gøril grov sørdal

nomino

historia om norske stadnamn


Nomino © Spartacus forlag AS, 2018 Gitt ut med løyve frå NRK Skriven med støtte frå NFFO, Fritt Ord og Mediefondet, eigd av BJ, Vestenfjeldske Redaktørforening og Presseveteranene i Hordaland Omslagsdesign: Anja Hauger Ratikainen, Spartacus forlag AS Omslagsfoto: Forside: Cem Sagisman, Bakside: Ignacio Ceballos Prinsippdesign: Kåre Martens, Handverk Kart: Wikiedia og Punktum forlagstjenester Sats: Punktum forlagstjenester Sett med Garamond Premier Pro 11/14 Papir: Maestro Print 120 g Trykk: Balto Print Printed in Lithuania

ISBN 978-82-430-1109-0 Det må ikkje kopierest frå denne boka i strid med åndsverkloven eller i strid med avtaler inngått med KOPINOR .

SPARTACUS FORLAG AS Pb. 6673 St. Olavs plass, 0129 OSLO spartacus.no

Kapi Wate Prøy


INNHALD Forord s. 6 Kapittel 2 s. 27 Den nye guden – og dei gamle

Kapittel 3 s. 43 Kjellsgropa, Gudbrandsdalen og Møhlenpris, slik hamna dei på noregskartet

Kapittel 4 s. 71 Arven etter hanseatane

Kapittel 5 s. 89 Svartedauden kj

Kapittel 6 s. 101 Frå norsk til dans k og tilbake til nors k

em

Kapittel 8 s. 133 Tragediane som sette spor

Kapittel 7 s. 119 Leikanger, Rykkinn og Homse – kva betyr eigentleg namna?

Kapittel 9 s. 149 Preikestolen, St. Hanshaugen og Hunn, stadene som bytte namn

Kapittel 10 s. 163 Gatenamna, små kikkhol inn i lokalhistoria Kapittel 11 s. 177 Waterloo, Malakoff og Prøysen, storpolitikke n når

11 Kapittel 1 s. sle namnet Noreg – det ve rt sto som voks seg

noregskartet

s. 207 Kapittel 13 oreg, Amerika i N Amerika og Noreg i

s. 193 lvstende Kapittel 12 antikk til sjø m o lr a n jo s Frå na

Kapittel 14 s. 22 5 Dei samiske stad namna vil fram att i lyse t

Kapittel 15 s. 247 Kristiania og Trondhjem blir til Oslo og Nidaros

Kapittel 16 s. 27 3 Noreg i tiss, bæsj og

85 kk! s. 2

g ta Hjartele

L

6

29 r s.

atu itter

Notar s. 287

Regis

ter s . 312

promp



Til vesle Solveig, som veit alt og kan alt. Ein vakker dag vil du oppdage at jo meir du lærer, jo betre skjønar du kor lite du veit. Det ligg mykje vidunderleg kunnskap og ventar på deg der ute.


Forord

Det hender eg tek grundig feil, og då eg skulle lage ein TV-serie om

stadnamn, tok eg grundig feil på to punkt: 1: Dette er nok eit litt kjedeleg og tørt tema. 2: Stadnamn fortel berre om stadene som ber namna. Så feil kan ein altså ta. I dag veit eg at dei norske stadnamna er fantastisk underhaldande! Ikkje fordi dei fortel noko om staden, eller fordi dei er språkleg interessante, det er som reine bonusar å rekne. Det mest fascinerande med stadnamna våre er kva dei fortel om oss. Stadnamn gjer oss stolte, dei gjer oss flaue, og dei får oss til å le. Sjølv humrar eg stadig over Setersetersetra og Der bikkja beit mannen. Fyrste gongen eg høyrde desse stadnamna, trudde eg knapt på at dei verkeleg fanst, men www.norgeskart.no viser at Setersetersetra ligg i Hemne, og at Der bikkja beit mannen ligg i Risør. Men mest fascinerande av alt: Over natta kan me gå frå å ta stadnamna for gitt til å gå over lik for dei. Nesten, i alle fall. Ta namnet på heimbyen din eller bygda di, gata du bur i eller garden du kjem frå. Om nokon kom og endra på dette namnet, eller til og med bytte det ut med eit anna, korleis hadde du reagert? Slikt er vanskeleg å sjå for seg, men når du les denne boka, trur eg du vil skjøne kor viktige stadnamn kan bli for oss. Bråket kring namnebyta Kristiania–Oslo og Trondhjem–Nidaros–Trondheim er både underhaldande og tankevekkjande, og temperaturen i debatten på 1920-talet viser kvifor stadnamn med eitt kan bli så overveldande viktige; stadnamnet på heimen din er ein viktig del av identiteten din. I 1929 sa trønderane: «Køddar du med stadnamnet mitt, så køddar du med meg!» Debatten for snart 100 år sidan gjer at eg skjønar kvifor 6


vår debatt kring dei nye fylkesnamna blei så glovarm. Då Hordaland og Sogn og Fjordane knabba fyrst Vestlandet, så Vestland, som sitt nye fylkesnamn, var det med god grunn folk i nabofylka sette kaffien i vrangstrupen. Høyrer ikkje Rogaland og Møre og Romsdal òg med i Vestlandet, kanskje? Men eg har òg lært at me har eit velsigna kort minne, for kven hugsar vel i dag at for litt over 100 år sidan omfatta Vestlandet òg Agder? Den gongen var det ein diktar som krympa Vestlandet då han introduserte det nye namnet Sørlandet, denne gongen er det fylkespolitikarane som gjer det. I dag er det kanskje superviktig, men om hundre år er alt gløymt. Eg trur stadnamna våre er viktige for oss fordi me trur dei er evige. Dei har alltid vore der, og dei skal alltid vere der. Mykje kan endre seg med heimstaden vår, men namnet, det endrar seg ikkje, det er ankeret som gjer at heimstaden vår alltid er den same, uansett kva. Staden blir namnet, slik me sjølve blir namnet me fekk som små. Sjølv er eg Gøril, eg har alltid vore Gøril, og eg kjem alltid til å vere Gøril. Å endre namnet mitt er utenkjeleg. Men stadnamn er ikkje evige. Verda endrar seg, Noreg endrar seg, og endringane fører til at gamle stadnamn blir bytte ut med nye. Før Preussen blei ei stormakt, heitte husmannsplassen på Rudshøgda noko anna, og hadde historia på kontinentet teke ei anna vending, ville Alf Prøysen hatt eit heilt anna etternamn. Truleg fanst det berre ein einaste norsk gard som heitte Solbakken før Bjørnstjerne Bjørnson skreiv forteljinga om Synnøve, i dag finst det minst 11 000. Om ikkje kristendomen hadde slått an, ville ikkje det fastande katolske Europa hatt behov for tørrfisken frå Nord-Noreg, hanseatane hadde ikkje brydd seg med Bergen, og byen ville kanskje heitt Bærn i dag. Og hadde nokon annan enn Harald Hårfagre og etterkomarane hans samla Noreg, ville kanskje landet vårt heitt Trøndelag eller Oppland, eller noko heilt anna. Då eg skjøna korleis stadnamna våre speglar noregshistoria, såg eg denne boka for meg. Rikssamlinga og kristninga, svartedauden og dansketida, nasjonalromantikken og nasjonsbygginga, alt viser att på noregskartet. Men det er ikkje berre dei store omveltingane som viser att stadnamna, dei små hendingane er der òg, som Kjell som køyrde fast skuteren mot Finnmarksviddas einaste gjerdestolpe, som bikkja som beit mannen i Risør, eller visa i Bremanger som skapte Noregs finaste tunnelnamn: Berleporten. Namn som Kjellsgropa og Berleporten oppstår på eit blunk, men namn som Setersetersetra treng fleire hundreår for å oppstå. Ei seter i Hemne blei til ein gard, og garden beheldt namnet 7


Seter. Denne garden fekk seg ei seter, som naturleg nok blei kalla Setersetra. Men så blei Setersetra òg til ein heilårsgard, og Setersetra fekk seg òg ei seter, og det er denne setra som i dag heiter Setersetersetra, eit stadnamn som fortel historia om at me sakte blei fleire og fleire nordmenn, og at me stadig måtte rydde ny jord for å dyrke nok mat. Arbeidet med TV-serien og denne boka har lært meg utruleg mykje, både om norsk historie, om språket vårt og om meg sjølv. Til dømes har eg alltid hatt problem med å skrive Noreg, slik ein skal på nynorsk. Forma Noreg verka så kunstig når eg munnleg seier namnet slik dei fleste andre nordmenn gjer det, nårge, med tonem 2. I dag ser eg annleis på det, no veit eg at ingen sa nårge slik for 150 år sidan. Nårge er den danske forma av namnet på landet vårt, og var det ikkje for det danske skriftspråket me brukte så lenge, hadde me kan hende sagt Noreg eller Norig i dag, alle som ein. No skriv eg Noreg med rak rygg og stolt penn. Noko anna eg har lært, og som strengt teke ikkje burde overraska meg, er at over halve landet vårt er samisk. Kanskje har eg lært det ein gong og sidan gløymt det? Det er kanskje ikkje så rart med tanke på at samiske stadnamn er nesten heilt fråverande i det offentlege rommet. Kvar er vegskilta som viser at Noreg sør til Trollheimen og Hedmark er, og har vore, samisk? Hadde vegskilta vore der, ville kanskje fleire av oss blitt nysgjerrige på Noregs fleirkulturelle fortid og notid, både dei av oss som har samisk bakgrunn, og dei av oss som ikkje har det. Fleire vegskilt kunne ha bidrege til at det samiske Noreg blei ein naturleg og likeverdig del av det daglegdagse norske. I staden for blei det samiske fortrengt. Mitt forsett om å skrive om samiske stadnamn utan å dvele ved alt det vonde gjekk i vasken. Eg kom rett og slett ikkje utanom det faktum at den samiske kulturen blei forsøkt viska ut frå 1850-åra av. Heldigvis har eg fått hjelp av kyndige fagfolk innan historie og språk undervegs i arbeidet, for eg er verken historikar eller språkforskar. Eg er ein formidlar. Når eg blir fascinert av noko, klør det i meg etter å fortelje det vidare til andre, og då eg oppdaga kor mange fine, rare, triste og interessante historier som gøymer seg bak stadnamna våre, blei arbeidet med Nomino til ein leik. Her fann eg historier om enkeltmenneske og om lokalsamfunn, om kulturrevolusjonar og om språkendringar. Men TV-formatet kan vere brutalt for ei som ynskjer å fortelje sjåaren alt ho har lært, og alt ho har funne ut. Det går berre ikkje, det blir ikkje plass til alt. 8


Difor kjenner eg meg fantastisk heldig som fekk skrive ei bok om stadnamn, for i arbeidet med boka kunne eg ta fram att historiene som ikkje fekk vere med i TVserien. For meg blei det naturleg at ei bok om stadnamn skulle handle både om oss, om landet vårt og om historia vår. Våre liv og våre lokalsamfunn er resultata av hendingar i noregshistoria, og stadnamna er eit resultat av vår plass i denne historia. Forfedrane våre var stormenn og flyktningar, kongar og friller, immigrantar og emigrantar, skurkar og heltar, men fyrst og fremst heilt vanlege folk som deg og meg. Stadnamna våre viser kven me er, og kven me ein gong var. Dei er brutalt ærlege og fortel at me både er forfengelege og audmjuke, sta og milde, sårbare og knallharde, kreative og pragmatiske, valdelege og vare. Me er ein rar og fin gjeng. Når du les boka, vil du kanskje oppdage at eg ikkje berre skriv om stadnamn som er offisielle, eg skriv òg om namn som blir brukte munnleg i daglegtalen. Om eit stadnamn er så nytt eller ukjent at det ikkje er blitt registrert, eller så uoffisielt at det aldri vil komme på kart eller på vegskilt, så er det likevel eit stadnamn. Eit stadnamn kan òg finnast i mange variantar, og eg har valt å bruke Statens kartverks former. Desse finn eg i karttenesta www.norgeskart.no. Ta deg gjerne ein titt på denne karttenesta. Zoomar du deg inn på kartet, vil du garantert få deg ei overrasking, truleg finst det mange stadnamn i ditt eige nærområde du aldri har høyrt om før, og nokre av dei vil truleg få deg til å klø deg i hovudet og bli nysgjerrig. Kvar teig og kolle, kvart nes og kvartal har eit eige namn, og ingen veit akkurat kor mange stadnamn som finst i Noreg. Eit anslag seier det finst minst fem millionar av dei, og kvart stadnamn gøymer ei lita historie. Det er desse historiene eg vil fortelje, for til saman utgjer dei historia om landet vårt og om oss. Kanskje hamnar du sjølv på noregskartet ein dag? Det er fort gjort, sjå berre på Der bikkja beit mannen. God fornøyelse! Gøril Grov Sørdal, Bergen, våren 2018

9



Kapittel 1

Noreg – det vesle namnet som voks seg stort 880–1050


12


Kva betyr Noreg? Namna på nabolanda våre er enkle å forklare, Sverige og

Danmark har namn etter sine dominerande folkestammar, sveane sitt rike og danane si mark. Island har truleg namn etter drivisen tidlege sjøfararar såg utanfor øya. Men Noreg? Det namnet er det ikkje fullt så enkelt å forklare. Det er takka vere Harald Hårfagre og etterkomarane hans at landet vårt heiter Noreg i dag, hadde noregshistoria teke ein litt annan kurs, kunne landet vårt heitt noko heilt anna. På 800-talet var landet vårt oppdelt i mange smårike og lovområde, som Hǫrðaland, Vingulmǫrk, Þrǿndalǫg, Agðir og Vestfold, Noreg var berre eitt av mange områdenamn. Nokre av smårika, eller fylka, hadde namn etter landskapet dei låg i, Vestfold var landet vest for Folda, som Oslofjorden heitte den gongen, og Upplǫnd, ‘dei øvre landa’, var namnet på området nord- og innover i landet frå Folda. Andre område hadde namn etter folkegrupper, som hǫrðar, þrǿndr, rygir og firðir i Hǫrðaland, Þrǿndalǫg, Rygjafylki og Firðafylki. Då Harald Hårfagre sigra ved Hafrsfjord kring 880, blei han ein vestlandskonge som styrte over delar av Vestlandet og Agder, men sjølv om han blir omtala som rikssamlaren, var riket hans berre det fyrste skrittet på vegen mot vårt Noreg. Då Harald Hårfagre døydde, var etterkomarane hans sterke nok til å utvide riket vidare. Fyrst la dei Trøndelag og Nord-Noreg under seg, sidan stod Austlandet for tur, og på midten av 1000-talet blei rikssamlinga fullført av Harald Hardråde. Truleg kalla Harald Hårfagre riket sitt for Noreg. Då riket hans voks seg større, voks områdenamnet Noreg seg òg større, og til slutt omfatta namnet Noreg heile landet. 13


Så kva betyr Noreg? Det finst to hovudteoriar, og dei aller fleste held ein knapp på den eldste teorien, den om at Noreg betyr ‘vegen mot nord’. Skal me bli klokare på namnet, må me reise tilbake til Harald Hårfagres tid, då ein handelsmann frå Hålogaland segla til Wessex i dagens England. Der etterlét han seg kimen til usemja kring namnet Noreg. Kvar vår fylte denne handelsmannen skuta si med pels, dun, kvalbein og selskinn, før han sette kursen sørover mot fjerne hamner. Varene hans var ettertrakta, så han var ein velståande mann som fekk sett mykje av verda. I år 880 eller der omkring nådde han Britannia, og der fortalde han ein konge om heimlandet sitt og om reisene sine. Handelsmannen heitte Ottar. Ottar frå Hålogaland. Verda såg annleis ut den gongen, kongerika var mindre og fleire. Ottar kom ikkje frå Noreg, han kom frå Hålogaland, Noreg var Harald Hårfagres vesle rike i sørvest. England eksisterte ikkje enno, og vikingar regjerte over store delar av den britiske øya, i Danelagen. Me veit at Ottar møtte kong Alfred i Winchester, hovudstaden i kongeriket Wessex. Alt Ottar fortalde kongen, blei nemleg skrive ned, og dette møtet er opphavet til teorien om at Noreg betyr ‘vegen mot nord’. Prøv å sjå det for deg; Alfred av Wessex seg godt til rette i høgsetet. Kongen er ein nysgjerrig mann, og i dag skal han bli litt klokare. Utanfor ventar handelsmannen frå landet langt mot nord. Kongen vil vite alt om verda utanfor det angelsaksiske riket. Kva heiter folkeslaga der ute? Korleis lever dei liva sine? Kva slags gudar tilber dei? Kong Alfred er ivrig etter å spørje ut handelsmannen og gir eit teikn til vakta ved døra. Like ved kongen sit skrivaren klar med pergament og skrivereiskap. Skrivaren er handplukka til jobben fordi han kan språket til danane. Han håpar sjøfararen frå nord er ein dane, eller at han i det minste beherskar språket deira. Kanskje kan han til og med litt engelsk? Ottar ventar tolmodig. Han har møtt kongar før og er ikkje nervøs. Helst ville han brukt dagen til å finne kjøpmenn som vil byte varer med han, men ein takkar ikkje nei til ein kongeleg invitasjon. Og kven veit, kanskje vil nokon ved hoffet kjøpe litt pels til vinteren? Hålogalendingen anar ikkje at han er i ferd med å bli historisk. Om han hadde visst at etterkomarane hans ville diskutere dette møtet meir enn 1100 år seinare, ville han då ha vore nervøs? Ville han kanskje ha snakka litt tydelegare? 14


Dørene glir opp, og Ottar blir vist inn. Kong Alfred smiler til gjesten sin og kremtar. Tenk å få vere fluge på veggen den dagen i Winchester. Då hadde me vore sikre på kva namnet på landet vårt betyr, vel å merke om me hadde beherska gamalnorsk. Forstod kongen og nordmannen kvarandre? Sannsynlegvis. Ottar hadde reist langt og mykje som handelsmann, og kongen hadde mykje med danane i Danelagen å gjere. Kva med skrivaren? Fekk han med seg alt Ottar sa? Tja, det er akkurat det me skal gruble litt på, for nokon meiner det sneik seg inn ein ørliten skrivefeil då samtalen blei ført i pennen. Dei to fyrste setningane i dokumentet ser slik ut: Ohthere sæde his hlaforde, Ælfrede [cyninge], þæt he ealra Norðmanna norðmest bude. Ottar sa til herren sin, kong Alfred, at han budde lengst nord av alle nordmenn. He cwæð þæt he bude on þæm lande norðeweardum wið ða west sǽ. Han sa at han budde nord i landet, ved Vesterhavet.

Litt lenger uti teksten står det at når ein seglar sørover frå Hålogaland, har ein … … ealne weg Norðweg on þæt bæcbord. … heile vegen Noreg på babord side.

Det er i denne siste setninga me finn fasiten for teori éin. Sjå korleis skrivaren stava namnet; Norðweg. Norðr betyr ‘nord’, medan gamalnorske vegr betyr ‘veg, lei’, eller ‘strok, land’, difor blir forklaringa at Noreg betyr ‘vegen mot nord’ eller ‘landet som ligg mot nord’. Teorien blir undersøtta av fleire eldre dokument frå kontinentet der Noreg er skrive slik på latin; Nortuagia (år 840), Northwegia (ca. 900) og Norwegia (ca. 950). Fyrsteleddet i desse formene av namnet betyr òg nord. Logisk, ikkje sant? Me er jo nordmenn, enkelt og greitt. For enkelt, meiner nokon. – Eg trur ikkje Ottar sa Norðweg. Han sa Nórweg med lang o, altså med ein å-lyd. Det seier Klaus Johan Myrvoll, språkforskaren mot straumen. Myrvoll trur ikkje Noreg betyr ‘vegen mot nord’, han trur Noreg kjem av Nórweg, og Nór betyr 15


Språkforskar Klaus Johan Myrvoll trur Noreg betyr ‘Sundlandet’ eller ‘leia med dei mange tronge sunda’.

ikkje nord. Men om Ottar sa Nórweg den gongen i Winchester, kvifor står det då Norðweg i kong Alfreds dokument? – Eg trur det er ei mistyding, for i same tekst står det òg Norðmanna land, landet til nordmennene, seier Myrvoll. Han trur det har skjedd ei samanblanding mellom ordet nordmann og namnet på landet nordmennene kom frå. Skrivaren kan ha trudd namnet på landet inneheldt ordet norðr fordi han hadde skrive termen Norðmanna land tidlegare i teksten, og difor skreiv han Norðweg sjølv om Ottar kanskje sa Nórweg, utan lyden ð.1 Det same kan ha skjedd med namnet på latin, der Noreg òg er omtala som Northmannia, landet til nordmennene. – Det er ikkje uvanleg med slike samanblandingar og misforståingar når nokon utanfrå skriv om noko som er ukjent for dei, seier Myrvoll. Norðweg eller Nórweg? Det er ikkje store forskjellen. Men den vesle bokstaven gjer at tydinga blir ei anna. 16


No er me komne fram til den andre hovudteorien, som blei lansert for 170 år sidan. Mannen bak teorien rakk aldri å bli ein språkforskar med tyngde og pondus, han døydde ung, berre 30 år gamal. Men teorien hans døydde aldri. Niels Halvorsen Trønnes var framleis student då han i 1847 skreiv ein artikkel om norske stadnamn. Der lanserte Trønnes sin nye teori om namnet Noreg, og han hevda at Ottar må ha sagt Nórweg, ikkje Norðweg. – Han hevda at den vanlege forklaringa ikkje kunne vere rett, og at det norske dialektordet nór måtte liggje til grunn for namnet, seier Myrvoll. Nór betyr ‘smalt sund, trongt farvatn’, og dette forleddet finn me att i fleire andre norske stadnamn, som Norheimsund og Nore, Norangsfjorden, Norefjorden og Norefjell. Trønnes meinte Ottars Nórweg kunne bety ‘Strøget (vegr), med de trange Fjorde og Indsøer (nórar), Sund-Landet’. Niels Halvorsen Trønnes studerte under Peter Andreas Munch, historikar, språkforskar og geograf, men den unge studenten sat med kunnskap om dialektar som lærarane hans ikkje hadde. Der Trønnes kom frå, Stor-Elvdal i Østerdalen, brukte dei tjukk l, blant anna i ordet nord, men Noreg hadde ikkje tjukk l, så han tykte teorien om at Noreg kom av norðr, var urimeleg. Namnet måtte opphavleg ha hatt ein å-lyd, altså Nórweg.

ME NORDMENN VAR ÒG AUSTMENN Det var ikkje me sjølve som fyrst kalla oss nordmenn, den tittelen fekk me av andre. Og folkenamnet hadde ingenting med namnet på landet vårt å gjere, i Ottar og Harald Hårfagres tid var me rett og slett nordmenn for folk sør for oss. Reiste du til Danmark frå Noreg, kom du frå nord, ergo var du ein nordmann. Me har òg vore austmenn, eller austmaðr, ‘austmann’.4 I norrøn tid var me austmenn for dei på Island og på Vesterhavsøyene Shetland, Orknøyene, Hebridene og Færøyene. Òg her til lands brukte me nordmenn og austmenn om kvarandre. Ein person som kom reisande austfrå, eller som budde i aust, var ein austmann. Folk på Vestlandet kalla folk på Austlandet for austmenn, og me finn att nemninga i fleire norske stadnamn, som Austmannalia i Røldal, Austmannatoppen i Vaksdal og Austmannanuten i Sauda.

17


Klaus Johan Myrvoll held ein knapp på Trønnes’ teori, og sjølv tolkar han Noreg slik; ‘Sundlandet’, som Trønnes, eller ‘leia med dei mange tronge sunda’. – Nór heng saman med det engelske ordet narrow, som betyr trong, seier han. Men Niels Halvorsen Trønnes fekk lite gehør for arbeidet sitt og døydde berre fire år etter at artikkelen kom ut. Kanskje hadde teorien hans fått fleire tilhengjarar om han hadde fått eit langt liv og blitt ein anerkjend forskar, men slik gjekk det ikkje. 50 år seinare, i 1897, la den svenske språkforskaren Adolf Noreen fram den same teorien som Trønnes, men heller ikkje han lukkast i å gi teorien fotfeste i miljøet. Snarare tvert imot, Noreen blei sabla ned av historikarane. Så kvifor meiner Myrvoll at studenten Trønnes hadde rett når generasjonar av språkforskarar og historikarar meiner han tok feil? Kvifor er Myrvoll overtydd om at Ottar sa Nórweg den gongen i Winchester? Jau, fordi ingen norrøne kjelder har ð i namnet. Myrvoll meiner fasiten er å finne i nordiske tekstar, ikkje i engelske og latinske dokument. Dei sikraste opplysningane ligg i kjeldene som ligg oss nærast geografisk, og i dei nordiske kjeldene finn me noko heilt anna enn i kong Alfreds tekst. Dei eldste nordiske formene av namnet Noreg finn me i runer på den danske Jellingsteinen frå ca. 980 og på den norske Kulisteinen frå ca. 1034. Der står det ᚾ ᚢ ᚱ ᚢ ᛁ ᛅ ᚴ (nuruiak) og ᚾ ᚢ ᚱ ᛁ ᚴ ᛁ (nuriki). Myrvoll trur uttalen av desse to var Norwæg og Nóregi. Ingen ð. I tillegg har Myrvoll studert norske og islandske skaldedikt frå 900-talet, der fleire rim viser at Nóregr skulle uttalast med å-lyd og med r. Nåår. Nååregr. Nååreg. Utan ð og utan norðr. Kor sikker er Klaus Johan Myrvoll på at Trønnes hadde rett? Fyrst dreg han litt på det. Kanskje tenkjer han på alle språkforskarane som meiner Noreg betyr ‘vegen mot nord’? Så seier han: – Eg er så sikker som eg kan bli. – Bombesikker? – Ja. Så kvifor meiner dei fleste språkforskarane noko anna? Kvifor trur dei heller på ‘vegen mot nord’-teorien? – Det er vel fordi alle som har skrive om namnet, har sagt det, og så har det spreidd seg i litteraturen. Dessutan er det enkelt, og det gir god meining. Me er jo folket som bur lengst mot nord.2 Mange språkforskarar vil truleg riste på hovudet når dei les dette kapittelet. 18


Dei er ikkje samde med Myrvoll og Trønnes, og kan hende har dei rett. Der Trønnes meinte å ha funne bevis i dialektane for at Noreg ein gong må ha hatt lang o, eller å-lyd, meiner andre å ha funne bevis for det motsette.3 Likevel, Myrvoll står ikkje åleine, fleire har fått augo opp for forklaringa frå 1847. Myrvoll har redigert artikkelen om namnet Noreg i Norsk stadnamnleksikon, der no begge teoriane er med. Men enno er dei som trur på ‘vegen gjennom tronge sund’-teorien, i mindretal. Ingen veit heilt sikkert kvar og når namnet Noreg oppstod, men sikkert er det at namnet har oppstått blant dei som ferdast langs kysten. Hugs kva sjøfararen Ottar fortalde kong Alfred den gongen i Winchester: – Når ein seglar sørover frå Hålogaland, har ein heile vegen Noreg på babord side. Noreg kan opphavleg ha vore namnet på skipsleia langs norskekysten heilt frå utløpet av Oslofjorden, rundt Lindesnes og nord til dagens Tromsø. Den gongen var sjøen vegen, så Noreg var eit slags vegnamn som kraup på land og voks seg større og større. Seinare, med Harald Hårfagres hjelp, enda det opp som namnet på eit heilt rike. Myrvoll trur Harald Hårfagre sjølv kalla riket sitt Noreg, og at kongen uttala det med å-lyd; Nårvegr. Kva om Harald Hårfagre hadde tapt slaget ved Hafrsfjord? Då hadde maktbalansen i vest blitt heilt annleis i tiåra og hundreåra etterpå, og eit anna områdenamn kunne ha vakse seg stort. Kanskje hadde landet vårt heitt Oppland? Eller det kunne fått namn etter ei dominerande folkestamme og heitt Ryfylke, Hordaland eller Trøndelag?

KONG NOR I mellomalderen trudde ein namnet Noreg kom av kong Nor, ein mytisk konge som i ei fjern fortid skal ha samla landet under seg. Den gamle opphavsmyten om kong Nor og Noreg forklara kvifor makta i Noreg var fordelt på mange småkongar i staden for at éin eineveldig konge sat med makta. Myten fortel at jotunprinsen kong Nor var soneson av jotnen Snø den gamle og stamfar til småkongane fylka seinare fekk namn etter, som kong Trond og kong Agde. Kong Nors søner delte riket seg imellom, deira søner gjorde så det same, og slik blei kongedømet mindre og mindre, medan kongane blei fleire og fleire.

19


Niels Halvorsen Trønnes var framleis ein ung student då han lanserte teorien sin om namnet Noreg i 1847. Fire år seinare døydde han, berre 30 år gamal.

Det er kanskje vanskeleg å sjå for seg at landet vårt kunne heitt Trøndelag, men det er ikkje heilt usannsynleg, for samstundes med Harald Hårfagres erobringar i sørvest voks det fram eit anna rike lenger nord, under ladejarlane. Harald Hårfagres etterkomarar angreip ladejarlane og erobra Trøndelag tidleg på 1000-talet, men kva om ladejarlane hadde vunne? Då kunne me i dag vore ein nasjon av fem millionar trønderar. Tenk det!

20


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.