3 minute read

19.

Next Article
Pavens krig

Pavens krig

april 2005 stod eg på Petersplassen saman med Arnt Stefansen frå NRK og såg kvit røyk stiga opp frå skorsteinen i Det sixtinske kapell. Journalisten tok meg med opp på «mediehøgda» ovanfor plassen like før namnet på den nye paven skulle kunngjerast, og Dagsrevyen heime byrja med at eg fekk fortelja mine landsmenn at valet fall på kardinal Ratzinger og at han gav seg sjølv namnet Benedikt 16. I stova heime på Jæren sat mor mi og såg på mimikken at eg ikkje var nøgd med «panserkardinalen» som den 265. etterfylgjaren etter Peter; eg var dum nok til å meina at han med sine 78 år var for gamal. Dessutan var han prefekt for den såkalla Truskongregasjonen – den gamle Inkvisisjonen. Det var tydeleg at Kyrkja ikkje skulle gjera seg til vens med verda. Unge prestestudentar i svarte kjolar omfamna kvarandre og gret av gleda. Dagen etter viste det seg at den gamle mannen kunne smila til verda og utfalda ein sjarm under «panseret» som media aldri hadde late oss oppdaga. Me såg at det ikkje var etter hans lynne å strekkja armane ut og veifta til svære folkeskarar, men han gjorde det, for no var det ein annan som førde han dit han ikkje ville.

«Professor Papst», som hans eigne landsmenn kalla han, gjekk lydig og lojalt inn i si nye teneste, men alt han hadde lese og tenkt og dosert fylgde med, og gjorde han til den mest intellektuelle Peter i manns minne. Han skreiv bøker på pavestolen, og fullførde mellom anna eit trebinds storverk om Jesus, der han på eit mønstergyldig språk utan akademiske krusedullar la for dagen ein filosofisk og teologisk kultur som han truleg var åleine om i verda. Verket er omsett til norsk.

Advertisement

tusen romerske katekismeborn med foreldre på Petersplassen. Ein flokk av borna sat i krins rundt paven på podiet, og hadde førebudd spørsmål om trua – så grunnleggjande og vanskelege spørsmål som berre born kan stilla. Dei svara paven improviserte på italiensk, var enkle nok til at borna skjøna han, og djupsindige nok til at også teologisk skolerte vaksne fekk noko å tenkja på. Det var meisterleg gjort.

Mellom pave Johannes Paul den Store og den sju år yngre kardinal Ratzinger var det eit nært venskap; eg såg på det som eit samkvem mellom åndelege gigantar, på høgd med det som kunne sjåast i Milano i siste helvta av 300-talet, der biskop Ambrosius både døypte og hadde lange og djupe samtalar med den ca. femten år yngre Augustin –den teologen pave Benedikt sette høgast. Han levde i levande dialog med heile den store tradisjonen, noko som ikkje berre kom til uttrykk i alt han skreiv, men også i korte talar, til dømes på alle onsdagsaudiensane som tusenvis av menneske hadde tilgjenge til kvar veke.

Denne teksten sto først trykt i ukeavisen Dag og Tid.

Like visst som Sigrid Undset hadde budd «tusen år» i Noreg, hadde Joseph Ratzinger budd tre tusen år i Europa. Dagen etter valet heldt han messe med kardinalane i Det sixtinske kapell, og preika på eit latin som kapellveggene truleg ikkje hadde høyrd maken til sidan renessansen. Når han som pave vart spurd om korleis han fekk tid til alt han gjorde, var svaret at det gjaldt å ha ein god rytme. Dessutan kasta han «aldri bort tid på sport».

Eg såg han ein gong han hadde samla hundre

På det reint menneskelege plan – og der lever jo også paven – var nok venskapen med den tretti år yngre Georg Gänswein noko av det fyrste han vil takka Gud for. Dei var begge frå Bayern, begge teologar. I 1996 vart Gänswein saksbehandlar i Truskongregasjonen, i 2003 kardinal Ratzingers privatsekretær. I 2012 vart han prefekt for det pavelege hushaldet, med rang av erkebiskop, og i alle desse åra stod ingen Ratzinger nærare enn han. «Han var som ein far for meg,» sa Gänswein då Benedikt var død, og han gjekk fremst bak båra då pavens lik vart ført til Peterskyrkja og lagt på «lit de parade». Det tyngste børa både for kardinalen og paven var sjølvsagt alle overgrepsskandalane i presteskapet, til og med blant kardinalar. Benedikt var den fyrste paven som verkeleg tok tak i problemet, og Gänswein har fortalt litt om kor hardt det gjekk innpå han. I 2013 kjende han seg så gamal og trøyt at han sjokkerte kardinalane og heile Kyrkja ved å gå av. I nærare ti år budde han som emeritus i eit kloster i Vatikanet, med eit par nonner og Gänswein som sin «familie». Pave Frans vitja han rett som det var, og sjølv om Benedikt mot slutten var svak i røysta og skral i kroppen, var han framleis seg sjølv i anden. Han lyt få ordet til slutt: «Å søkja Gud og lata seg finna av han er grunnlaget for all ekte kultur – også i dag.» •

This article is from: