Hoem liv andre har levd

Page 1

Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 3

Edva rd H o e m Liv andre har levd Roman

FORLAG ET OKTOBER 2017


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 4

ÂŤI feel good. I feel like singing a song.Âť eilert knudtson, januar 1959


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 5

Fø r st e ka p i t t e l

uventa uro

1 1 8 . m a i 1 927. Eilert Knudtson stod ved relingen med frakken over armen, borsalinohatten i handa og bagasjen på dørken ved sida av seg da dampskipet frå Åndalsnes klappa til kai i Molde. Eilert var to meter høg. Med den store hatten ruvde han enda meir, og han var vant til at folk la merke til han. Motstridande kjensler sleit i han ved gjensynet av byen. Ein medpassasjer med knebelsbart og tynne kjakar forstod at ein utvandrar var komen til landet og spurde om det var lenge sidan han var her sist. – Trettifire år og to dagar, sa Eilert. Mannen flirte, som om han ikkje var sikker på at svaret var sant. – Eg høyrer det er dårlege tider der borte no, sa han. – Ikkje der eg kjem ifrå, sa Eilert. – Og kvar er det du held til? – Alberta, Canada. – Dei seier det kjem for mange solskinshistorier der borte frå, og at realitetane er annleis enn det som står i breva? 5


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 6

Eilert snudde seg bort. Han kjende at han vart irritert og var redd for at ansiktuttrykket skulle avsløre han. Han var ikkje flink til å skjule sine inste tankar. Ein lett vind ruska i håret hans, som hadde fått eit innslag av grått. Eilert var femti år gammal og dobbelt så tung som da han reiste. Mannen med knebelsbarten ville ikkje gi seg. – Unnskyld at eg spør, men kor lenge skal du vera heime? – Eg er ikkje heime når eg er her. – Å? Er du ikkje født her? – Heime er der barna mine er, sa Eilert. – Åja! Kor lenge skal du vera her i Molde? – Til eg reiser igjen, sa Eilert. Mannen opna munnen som om han ville seia noko meir, men ombestemte seg. Sola var komen eit godt stykke forbi middagsleite og trengde så vidt gjennom ein kraftig dis som låg over dei snøkledde tindane på den andre sida av fjorden. Landgangen vart lagt på plass på skipssida. Det var flo sjø og temmeleg bratt. Eilert greip kofferten med høgre hand og heldt både hatt og veske i den andre, da han som ein av dei første gjekk ned på kaia. Han hadde inga ledig hand å halde seg fast i rekkverket med. Somme av passasjerane måtte ha hjelp frå ein av billettørane. Eilert var vant til å greie seg sjølv. Tre personar steig ut av klynga på kaia for å ta imot han. Systera Kristine, som var tidleg i tenåra da dei såg kvarandre sist, omfamna bror sin. No var ho førtiåtte år, ikkje gammal, men ein tanke ferm, kledd i ei pen kåpe. Bak henne kom broren Hans som hadde drive forretning i Kristiansund i tretti år. Han var også velkledd, med lys sommarfrakk og 6


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 7

drivkvitt hår. Lengst bak kom ein som han først hadde trudd var broren Anton Edvard, men som Eilert skjønte var Ole Hol, mannen til Kristine. Tenk at han tok feil når det gjaldt sin eigen bror! – Kvar er Anton Edvard? sa Eilert. – Eg trudde du hadde skrive til han, sa Kristine. – Han veit at eg kjem i sommar, men ikkje kva dag eg ville vera framme. – Vi skal sende bod, kan du forstå! – Han har vel ikkje fått telefon enno? – Nei, det har han ikkje. – Eg skriv i morgon, sa Eilert. Bror Hans og Ole Hol var stillfarne, nesten sjenerte da dei handhelste, medan Kristine overfall Eilert med spørsmål om bror deira, Bastian Georg. Eilert hadde tatt ein svensk amerikabåt til Gøteborg og hadde vore innom bror deira i København før han la kursen mot Norge og Molde. Eilert sa at han skulle fortelja alt i tur og orden. Ole Hol greip kofferten til Eilert, og dei gjekk frå kaia og i retning av Alexandra Hotell. Den store trebygningen hadde overlevd bybrannen elleve år tidlegare, men hotellet var ikkje til å kjenne igjen for Eilert som hadde vore borte så lenge. Bygningen hadde fått eit tårnliknande framspring over midtpartiet, korte gavlspissar på kvar side og altanar på romma som vende mot fjorden. Vimplar og flagg vaia over taket. Ein hest med ei skyssvogn stod bunden til ein påle framfor hotellet. Ole hadde lånt hest og vogn av ein granne, sa Kristine, da Eilert nikka anerkjennande. Ole Hol hadde altså ingen hest sjølv. 7


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 8

Dei steig opp i skyssvogna. Ole heldt taumane da dei køyrde innover det som i Eilerts tid heitte Hovedgaten, men som fleire og fleire no kalla Storgata. I den vestlege delen kunne Eilert kjenne igjen dei gamle trehusa med rosehagar og stakitt, men lenger aust hadde storbrannen lagt husa i aske. Framfor dei nye forretningsgardane som var bygde opp etter brannen, var det steinlagte fortau og glasdører inn til butikkar som førte klede og sko, verktøy og kolonialvarer. Enno var det ikkje mykje folk i gatene. Det var onsdag, og arbeidsdagen var ikkje slutt. Eilert gledde seg over den friske lufta, som rettnok drog med seg ein eim av bensin når ein automobil køyrde forbi. Da Eilert reiste, fanst det ingen automobilar i gatene, berre hestar som fekk drikke seg utørste ved vasskrubba på torget framfor kyrkja, der ein og annan skrytepave på velociped kunne koma vinglande forbi. Stanken av kloakk, som før kunne vera ille når det var varmt i vêret, kunne ikkje merkast meir. Byen hadde fått eit avløpssystem som førte kloakken langt ut i fjorden, hadde Kristine fortalt Eilert i eit brev, stolt over all framgang ho kunne skrive om. Sant å seia hadde gjenreisinga av Molde tatt mange år. Framleis var det enkelte tomter som gapte som sår. Storgata var gjort eit par meter breiare, så det vart plass både til hestar og automobilar. Hestehovane klapra mot gata, og automobilane dura, men hastverk var det visst ingen som hadde her, verken gamle eller unge. Folk tok seg tid, stod på fortauet og snakka og diskuterte. Småbypreget var der som før, tenkte Eilert. Inne ved elva, der det gjekk bru over til Moldegårdsvegen, var det ein liten kafé. Ville Eilert stige av og sjå seg omkring? 8


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 9

Nei. Han hadde sett nok av småbyen og ville opp i Rekneslia, der han var vaksen opp.

2 l au r dag d e n 2 1 . mai 1927 fekk broren Anton Edvard på Hoem eit brev. Jeg er kommet til Molde, skreiv Eilert. La oss møtes i Rekneslien, der vår barndoms vugge stod! Så var det verkeleg sant at brørne skulle sjå kvarandre igjen etter trettifire lange år? Eilert skreiv at han ville at dei skulle møtast hos systera Kristine på Furuli ved Molde torsdag 26. mai, som var Kristi himmelfartsdag dette året. Broder Hans skulle også koma tilbake da. Anton Edvard kunne nesten ikkje vente dei dagane som stod igjen før gjensynet. Kona hans, Beret Anna, skulle vera med. Da Eilert reiste til Amerika, var Anton Edvard skulegut på Hoem i Frænen. Foreldra hadde sendt han til ein barnlaus onkel da han var sju år gammal. – Eg har ikkje klede for slike fine forsamlingar, sa Beret Anna. Ho tok fram sommarkjolane sine og såg misfornøgd ut. Anton Edvard sa ho ikkje måtte vera så forfengeleg. Skulle det ytre, som han kalla det, vera viktig når broren endeleg var komen? Jo, Beret Anna forstod at ho ikkje kunne bli att heime no. Men korleis skulle dei reise? Kristi himmelfartsdag gjekk det verken dampskip frå Aurekleiva eller rutebil frå Jendem, derfor måtte dei køyre sjølve, med hest og karjol. 9


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 10

– Eg kan køyre, sa den nest eldste son deira, Lars. Han hadde sete og høyrt på samtalen mellom foreldra. – Du må helst vera heime med Einar og passe dei mindre syskena dine, sa Beret Anna. Anton Edvard likte å køyre sjølv, men no ville han vera fri ansvaret for hesten, så han var ikkje uvillig til å la Lars halde taumane. Lars var ei uroleg sjel, og kanskje gjorde det han godt at han fekk lufte seg. Anton Edvard sa at Lars kunne bli med. Tilhøvet mellom Lars og foreldra hadde vore spent ei stund, men no fekk faren eit stort smil til takk. Da dagen kom, var Lars oppe tidleg, han som elles var slik ein sjusovar når det var helg. Han sat ute og venta i sommarsola, og han sela på og spente for da foreldra omsider var klare til å reise ved tolvtida. På veg inn mot Molde vart lite sagt mellom foreldra og sonen. Alle var spente på korleis gjensynet ville bli for brørne. Da dei nådde fram til Furuli ved firetida om ettermiddagen, var mange menneske samla der. Dei to døtrene til Kristine og Ole, Sigrid og Margot, som no var nitten og fjorten år gamle, hadde kledd seg i sin finaste stas og hjelpte mor si med å dekke bordet. Eldste son deira, prestestudenten Knut, var komen frå Oslo. Den fjerde av Hol-barna, ein annan ung mann med namnet Lars, var også der. Han budde på hybel i byen, var elegant i kleda og røykte sigarettar. Kva denne Lars tenkte om det eine og det andre, var ikkje så lett å grunne ut. Han smilte til alle og var mest opptatt av å skjemte med to barn som fetteren hans, Bernhard Westad og kona Karen hadde med seg. Bernhard hadde vore i Sør-Dakota i fleire år og hadde tatt med seg heim den w-en i etternamnet som han la seg til der borte. Han hadde 10


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 11

budd hos tante Gjertine i Roslyn, som alle kalla henne i denne familien, anten ho var tante deira eller ikkje. Gjertine var syster til Serianna, mor til Anton Edvard, Eilert og Kristine. Eilert og Bernhard hadde snakka om den modige og vakre tante Gjertine, som var så glad i livet og drøymde så store draumar. Det var berre to år sidan ho fann kvile ved Buffalo Lake Lutheran Church, og dei snakka om at ho døde medan mannen, Ole Aas, ringte med kyrkjeklokkene. No hadde Bernhard kjøpt den vesle garden Sellanrå, som låg berre eit steinkast unna Furuli og var døypt etter garden i Knut Hamsuns roman Markens Grøde. Mor til Bernhard, Ane-Martha Vestad, også ei syster av Serianna, var der. Ho var den einaste av den generasjonen som enno var i live. Ane-Martha sat i eit hjørne med stokken sin og sa ikkje stort. Eilert omfamna den yngste bror sin, og det var ikkje fritt for at dei vart rare i auga begge to. Så helste han på Beret Anna, som han aldri hadde sett før, men det var noko anna som stod i hovudet på han. Før han hadde helst på Lars frå Hoem, som stod litt i bakgrunnen, vende han seg mot Anton Edvard: – Jeg vil se huset på Kringsjå! sa Eilert, – og jeg har ventet, så vi kunne gå dit sammen. Blir du med, broder? – Eg blir her og kviler meg litt, sa Beret Anna. Ho gjekk ut på verandaen. Lars, son deira, sette seg også der. Han var rastlaus og litt ute av seg fordi Eilert ikkje tok seg tid til å helse på han. Dei to brørne tok til å gå opp bakkane mot plassen som far deira hadde gitt namnet Kringsjå, der dei begge var komne til verda. Eilert gjekk først, og var nesten eit hovud 11


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 12

høgare enn broren, som til gjengjeld var lettare i ganglaget. Likevel lét han Eilert bestemme farta. Snart kom dei til ein låve og eit lite hus i to etasjar med ei høg steintrapp på framsida. Eilert granska låveveggen, som sikkert var måla mange gonger etter at han reiste ut i verda. Men han skimta namnet sitt like fullt: Han hadde skore det inn med kniv nokre veker før han reiste den gongen. Kanskje gjorde han det den dagen han hadde betalt billetten, og det var for seint å ombestemme seg? – Eg gjorde rett i å reise, sa Eilert. Det kom berre ut av han. Anton Edvard såg på han ei stund og sa berre: – Det gjer godt å vita at ein har gjort rett. Eilert ville ha klarlagt noko han hadde spurt om i eit brev, som Anton Edvard aldri hadde svart på. Korleis hadde Anton Edvard hatt det, på garden der ute i Frænen, dit han vart sendt, mot sin vilje sju år gammal, for å vekse opp hos ein barnlaus onkel? – Eg forsona meg med med det, sa Anton Edvard. – Du kunne vel også ha valt ein annan veg da du vart vaksen? sa Eilert. – Eg tenkte på å bli underoffiser, sa Anton Edvard. – Men eg kjende at eg hadde ansvar for dei som hadde fødd meg da eg var barn. Mykje meir kunne ha vore sagt, men det vart ikkje lagt til noko. Dei to brørne gjekk opp mot huset på Kringsjå, seint no, så dei som budde der, kanskje kunne bli vár at dei kom. Det verken Eilert eller Anton Edvard visste, var at Kristine alt hadde snakka med enkemannen Johannes Simonsen, som budde på Kringsjå med ni store og små barn. Kristine 12


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 13

hadde ikkje sagt til Eilert at Thea Simonsen døde i barsel tre år tidlegare, slik Eilerts kone også hadde gjort. Før dei nådde opp til huset, kom Johannes Simonsen ut på trappa og ønskte velkomen. Bak han stakk fleire av barna hovuda fram. – Vi veit kven du er, sa mannen til Eilert. – Eg mista kona mi i barsel for tre år sidan. Eilert stokk. Kvifor hadde ikkje Kristine fortalt han dette? – Kor mange barn har du? sa Eilert. – Ni. Den tiande døde saman med mor si. Eg seier det rett ut, sidan eg veit at du har same erfaring. Eilert hadde ikkje ord. Han greip handa til Johannes Simonsen. – Det går på eit vis, sa Johannes Simonsen. – Dei store kan passe dei små. Du får sjå deg rundt, Eilert Knudtson. Dei gjekk inn. På kjøkkenet stod ei tenåringsjente og rørte i ei gryte. Ho såg opp, men helste ikkje. Sju barn kunne Eilert telja i alt. To måtte vera ute. – Du sov vel på loftet? spurde Simonsen. – Du må gå opp! Eg set over ein kopp kaffe så lenge. – Det er ikkje nødvendig, sa Eilert. – Så liten vil eg ikkje vera at eg ikkje byr på ein kopp kaffe, sa Simonsen. Eilert klatra opp trappa til loftet. Dei høyrde kor tungt han trødde på golvplankane. Så kom han ned, gjekk over golvet og fram til vindauget, der han vart ståande og sjå utover. Det var eit fantastisk utsyn, over byen og fjorden og holmane. Det hadde klarna opp, og dei snøkledde fjella på den andre sida stod der i all si prakt. – Eg forstår at det må vera rart, sa mannen i huset. 13


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 14

– Neinei, sa Eilert. – Alt er som det skal vera. Ingen ting av det som var, er her lenger. Dei to andre visste ikkje korleis dei skulle forstå han, og det vart mykje kremting før dei fekk sett seg. Kaffe kom på bordet. Eilert forhøyrde seg om kor mange kyr Simonsen hadde, og så var det berre to. Han var arbeidsformann i Molde kommune. Det var hans eigentlege geskjeft. Barna hang rundt dei og glante, til Simonsen sa: – Husj, gå ut og få luft no! Dei lystra straks, og fór som ei skrei, store og små, ut gjennom døra. Anton Edvard sat og følgde med i samtalen, men sa lite. Eilert snakka om skuleklassen han hadde gått i på Kvam skule, og dei han vart konfirmert saman med i Røbekk kyrkje. Han fortalte om tida da han var bakarlærling hos Ole Schistad i Molde. Men han var for ung da han kom over til USA , meinte han, dei første tolv åra over there var nesten bortkasta. Det var mange einsame stunder. – Så reiste eg til Canada, sa Eilert, – og det vart mitt Kanaan! Simonsen måtte bort i fjøset for å sjå etter ei ku som skulle kalve. Men for all del, dei måtte bli sittande, så dei fekk minna sine fram. Han nikka og gjekk ut. Brørne veksla ikkje mange ord da dei vart aleine. Ein skulle tru at alt som hadde hendt dei, ville koma som ein straum, og kanskje var det nett det som skjedde. Men dei fann i denne omgang ikkje ord for det, kanskje var det for vondt. I alle fall var det lenge sidan. Da Eilert reiste frå landet, hadde han ikkje tenkt at det var siste gong han såg foreldra sine. Men så fekk han aldri tid til å koma heim for å sjå til dei. 14


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 15

Først skulle han bygge hus og heim på Alberta-prærien, og så kom den store verdskrigen. Da var far hans alt gått bort. Eilert hadde mange brev der Knut Nesje bad om at foreldra måtte få sjå son sin att medan dei enno var i live. Mot slutten av livet hadde det gått opp for faren at det ikkje kom til å skje. Med mora, Serianna, hadde det vore annleis. Ho skreiv fleire gonger i sine siste år at Eilert ikkje måtte finne på å forlata kone og barn for å legge ut på ei farefull reise. – Tenk at ho bad meg om ikkje å koma heim, sa Eilert. – Ja, slik var ho, sa Anton Edvard. Etter ein liten halvtime reiste Eilert seg. Det same gjorde Anton Edvard, og dei gjekk gjennom vårkvelden tilbake til Furuli. Før dei gjekk inn til dei andre, sa Eilert: – Vi får snakke meir saman når eg kjem til Hoem. – Når kjem du? spurde broren. – Om ein fjorten dagars tid, sa Eilert. Inne var kveldsmaten sett fram. Hans og Berntine var komne og sat mellom dei andre. Eilert handhelste på dei, og på Lars, noko han ikkje hadde gjort før han drog Anton Edvard med til Kringsjå. Lars klemde til så Eilert drog handa til seg. – Au, du er ein kraftkar! Du liknar visst på meg, sa Eilert. – Eg har krefter nok, sa Lars. – Men kva skal eg bruke dei til? – Det er det store spørsmålet, sa Eilert. Beret Anna sende Anton Edvard eit augnekast som kunne tyde på at ho syntest han hadde vore borte for lenge. Men Berntine og Hans hadde sagt til henne at slike gjensyn tok si tid. 15


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 16

Berntine og Hans var litt meir framande enn dei andre, enda dei ikkje ønskte å vera det. Hans hadde forlate barndomsheimen i Rekneslia etter konfirmasjonen, da faren gifta seg på nytt, og var på ein måte aldri komen tilbake. Det var meir enn femti år sidan dette hende. I meir enn ein mannsalder hadde Hans drive ei forretning i Kristiansund, saman med svogeren sin, Hans Chr. Aas. Det var først og fremst ei isenkramforretning, der han blant anna selde omnar frå Trolla Brug A S i Trondheim, men også det ein kalla kortevarer, spadar, slegger, vekter og liknande. Dessutan hadde dei utsal for porteføljar, og Berntine hadde til og med ei tobakksforretning. Alt dette gjorde at Berntine sjeldan og aldri kom til familietilstelningar, men no hadde ho gjort eit unntak fordi Eilert var komen. Berntine var opptatt av å fortelja Eilert om korleis dei hadde det i si vesle verd, som omfatta Haugegata i Kristiansund, forretningane deira, Misjonsforeningen der, og losjen. Same kva dei andre kom inn på, heldt Berntine fram med å snakke om livet i Kristiansund. – En må aldri nøle med å ta inn en fortjeneste! sa Berntine. Og da det kom ein pause i samtalen sa ho: – Når man har brukt en krone, er den reist! Alle gjorde sitt beste for å finne noko samtalen kunne samle seg om, men det var Hans som førte ordet da dei sette seg til bords og hadde sunge bordverset. – Det er eitt av barna til Knut Nesje som manglar på denne samlinga, sa han. – Ja, han Bastian Georg! sa dei andre, nesten i kor. Hans fortalte om den gongen han var på forretningsreise til Danmark og Tyskland og hadde vona å få treffe broren i 16


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 17

København. Det var før krigen kom, altså våren 1914. Men broren møtte ikkje opp på den staden og det tidspunktet Hans hadde foreslått: Hovedbanegaarden. Forklaringa på dette fekk Hans langt seinare. Bastian Georg hadde forsømt å hente posten på adressa han hadde oppgitt, i Købmagergade. Han fekk brevet i hende fleire dagar etter at Hans var reist vidare til Stettin, Berlin, Brandenburg og Magdeburg. Så nær hadde dei vore å få sjå kvarandre igjen, og så møttest dei likevel ikkje. Men Eilert hadde vore hos Bastian Georg i København før han kom til Norge. No måtte han fortelja om korleis det stod til med broren! Eilert hadde fått den aller beste mottaking, sa han, og sjølv om brørne såg ulikt på mange ting, hadde møtet også mint han om at dei var brør og heldt av kvarandre. Eilert hadde lært ei lekse, sa han, og eit bibelord hadde stige fram for han i nytt lys: – Den som siger at han er i Lyset, men hader sin Broder, han er endnu i Mørket. Kva meinte Eilert? Han hadde vel ikkje hata bror sin nokon gong? Nei, men han hadde ikkje elska han heller. Det var for mange ting dei var usamde om, sa Eilert. Usamd og usamd, men det var vel ikkje det same som hat? Dermed var dei i gang med ein diskusjon som gjaldt både familieforhold og teologi, og syskena gløymde at dei hadde vore lenge borte, og dei andre at dei aldri hadde sett Eilert før. Den eine og den andre la seg borti, og fleire vart ivrige og ville legge imot. Lars Hol, elegantieren, vart oppgitt over desse teologiske refleksjonane. – Ein bror er vel ein bror? sa han til Beret Anna. Ja, kva skulle ho seia til det? 17


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 18

Samtalen roa seg snart og gjekk sakte og ettertenksamt mellom slektningar som stod kvarandre nær. Ansiktet til Beret Anna lyste kvitt mellom mange sommarbrune menneske. Ringane under auga hennar var mørke. Ein skulle tru ho ikkje hadde smakt sol på lang tid, og det hadde ho heller ikkje. Om ho i det heile gjekk utfor dør, som ein sa, knytte ho på seg eit tørkle, anten det var sol eller regn. Eilert snakka om korleis tidene var i Canada. Han ville ikkje pynte på noko, sa han, men han trudde at framtida var lys. Canada var den store frihamna for alle som ville utrette noko her i livet, etter at USA vart meir eller mindre stengt for innvandring. Enno var det umåtelege jordvidder som kunne ta imot millionar av innvandrarar. For ikkje å snakke om dei veldige skogane i British Columbia og Peace River Country-området lengst nord i Alberta. Her var det bruk for mannfolk med krefter og pågangsmot. Da var det som om noko stakk i Lars Hoem, og han reiste seg frå bordet før dei andre. – Eg må sjå til hesten, sa han før han forsvann ut. Da måltidet var over, og dei strekte på beina i tunet, dukka Lars opp igjen og sa til foreldra sine: – Eg vil ned i byen og sjå meg omkring. – I kveld får du bli her og snakke med syskenbarna dine, sa Anton Edvard. – Eg må berre lufte meg litt, sa Lars. Beret Anna kneip saman leppene. Ho var forskrekka over at sonen ikkje ville slå seg til ro. Men det var slik han var, han Lars Hoem, som dei gjerne kalla han her, for å skilja han frå Lars Hol. Eilert la merke til at Anton Edvard argumenterte med son sin og ville ha greie på kva som var på ferde. 18


Hoem. Liv andre har levd. Mat.qxp_mat 09.11.17 19.39 Side 19

– Guten må få røre på seg! sa Eilert. – Eg var også rastlaus da eg var ung. Gi han frie taumar. – Ja, slepp han laus, han roar seg tidsnok! sa Kristine. Ho gjekk i gang med å ta av bordet. Lars takka for maten og forsvann før dei fekk sukk for seg. Eilert drog fram lommeuret sitt. Klokka var åtte. Hans og Berntine reiste seg. Dei ville takke for seg. Kristine var forundra, nesten opprørt, over at Hans og Berntine ikkje ville bli lenger. – Det er reint for tidleg. Vi har ikkje vore saman meir enn nokre timar enno! Jo, Hans og Berntine ville gå til frøken Holms hotel, der dei hadde innlosjert seg. Dei skulle ta dampskipet til Kristiansund grytidleg neste morgon, derfor trong dei nattesøvnen. – I morgen er det møte i Misjonsforeningen i vår lille by, sa Berntine. Ja, dei fekk rå for seg og sitt, Hans hadde også kjøpmannskapet sitt å ta vare på, dei kunne ikkje halde på han, sa Ole Hol. Hans reiste seg på gammalmannsvis, ved at han heva kroppen opp med armane, og Berntine var raskt på beina, som om det var meir enn på tide. Dei tok kvar enkelt i handa og gjekk mot døra. Eilert sa til dei at han akta å koma til Kristiansund før han reiste igjen. Det var der han hadde begynt på den lange reisa over havet. Det var gledeleg, sa Hans og Berntine i munnen på kvarandre, at Eilert hadde interesse for vår lille by. Det uttrykket brukte dei alltid når dei snakka om heimstaden sin. Alle følgde Hans og Berntine ut, dei såg den kvite manken til Hans da han og Berntine gjekk mot byen. 19


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.