Lomen svarar meg ferdig_A 14.04.16 11:15 Side 1
Lomen svarar meg ferdig_A 14.04.16 11:15 Side 3
Terje Tørrisplass
Lomen svarar meg i blanke timar Dikt
Samlaget Oslo
Lomen svarar meg ferdig_A 14.04.16 11:15 Side 4
Lomen svarar meg ferdig_A 14.04.16 11:15 Side 5
Lomen er den fuglen eg skrik mest som. Eg kan gå langs vatnet før solrenning eller skuve frå båten. Midt utpå sluttar eg å ro. Skiftande i vinddraget sjoar Valibekken og gir munnen form.
Lomen svarar meg ferdig_A 14.04.16 11:15 Side 6
Då mor song «Nærmere deg, min Gud» i skreddartimen sat eg i kråa og ynskte lyset ikkje vart tent at skumringa skulle vare ved aldri bli noko anna enn skumring denne umælande overgjengaren, saumfararen som sig ned frå skoglia nedetter jordet, smyg forbi stabbursnova inn kjøkenglaset krinsar rundt syngjande skymare mor og nestar dei dvelande andletsdraga inn i mi uro mi ro.
6
Lomen svarar meg ferdig_A 14.04.16 11:15 Side 7
I ei seng på eit framandt vatn. På breidda står ein kvit hund og gøyr. Eg flyt rundt under månesigden. Søv ikkje og er ikkje vaken. Komen heim frå skogen i går sat eg og stirte. Mor kom inn frå fjøset tok meg i armane og bar meg ut på kammerset. Du skal ikkje døy enno, sa ho slikt må du ikkje gå rundt og tenkje på. Mange skal gå bort før deg. Du skal bere dei til grava. Men hunden, spør eg, den kvite hunden? Det er han som skal berge deg i land, sa mor når det er like ved å gå gale. Då ser eg ho og vatnet ikkje er til å skilje. Månesigden speglar seg i mor.
7
Lomen svarar meg ferdig_A 14.04.16 11:15 Side 8
Du er i spranget. Det er inga endeleg løysing. Over dørstokken er du redd. Du er redd jorda skal rulle bort under deg. At du vert omringa av steinhogde andlet. At mor er blant dei. At ho ikkje er blant dei. Ho vender seg bort. Ho kjem over deg. Mor skulle ikkje sett deg slik. Du kastar og femnar: Mor! Og det er natt. Og det er morgon. – Kva er det med deg, gut? Drøymde du vondt? Nei, mor. Eg drøymde ikkje. Det var far. Eg måtte bere han over fjellet.
8
Lomen svarar meg ferdig_A 14.04.16 11:15 Side 9
Då kraup eg under selja oppi Lindelien. Regnet song mot lauvet som alkymistens jern. Det kunne vore toget nedi der så mange dreg av stad men det var dropar.
9
Lomen svarar meg ferdig_A 14.04.16 11:15 Side 10
Brått sat heiloa der på kartlavet og fløyta om avstandane i eit fuglebryst. Om heilotrekket i brystet til ein gutelarv visste eg ingenting før fløytinga med eitt var lenger unna.
10