Notatbok fr책 ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 1
1
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 3
Norah Lange
Notatbok frå ein barndom Frå spansk ved Gunstein Bakke
Samlaget Oslo
Notatbok fr책 ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 4
Notatbok fr책 ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 5
Notatbok fr책 ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 6
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 7
Til Oliverio Girondo – som ingen knuslete lovord kan gjere rettvise – for hans strenge, sjenerøse og tolmodige skuld i denne boka
Notatbok fr책 ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 8
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 9
O
ppstykka, lykkeleg, aldri avbroten for meir enn høgst ei natt av gongen, stig den første reisa vi gjorde frå Buenos Aires til Mendoza fram for meg i minnet, slik eit landskap vender attende gjennom den doggete vindaugsruta i ei vogn. Ei redsle er årsaka til at eg og mine fem år likevel aldri har gitt slepp på den kvelden då vi kjem til Monte Comán for å overnatte der og morgonen etter fortsette mot målet vårt. Hotellet var lite, og vi måtte alle – foreldra, vesle Eduardo, vi fem, guvernanta, barnepika – sove på tre tronge rom, men verken dette eller annan umak kunne ha dempa fryden i oss jentene over å få ete middag saman med dei vaksne i spisesalen på eit hotell. Alle fem var vi kledde i kvite matrosbluser, og så utolmodig såg vi fram mot dette at vi syntest mor aldri vart ferdig med å pynte seg, og at barnepika brukte endå meir tid enn elles på å få vesle Eduardo til sengs. Då vi endeleg steig inn i spisesalen, fann vi den tom så nær som eitt bord der det sat eit par, og like etter at vi hadde sett oss, høyrde vi kelneren seie til far i ein fortruleg tone: – Det er sirkusdirektøren i selskap med den sterkaste dama i verda. Kvar kveld løfter ho tre menn med tennene. Fem par nyfikne auge sperra seg opp samtidig og feste 9
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 10
blikket på paret. Ettersom eg sat med ryggen til, måtte eg snu meg for å ta dama i augnesyn. Medan eg betrakta henne, meinte eg å legge merke til at ho sakte, men sikkert vart endå større, endå styggare, og det var over mi fatteevne korleis direktøren kunne spøke, sjå henne ete, halde seg så roleg attmed henne. Far, som sat rett imot meg, bad meg sitte ordentleg, men før eg lydde, såg eg at kvinna smilte til meg, og ettersom eg ikkje fann mot til å svare henne, snudde eg meg skundsamt for å halde fram med måltidet. Eg hadde aldri vore på sirkus, og det var ikkje råd å førestille seg at ei kvinne kunne ha tre menn hengande etter tennene sine. Medan eg bøygde meg over tallerkenen, fekk berre tanken på dette ei bølgje av redsle til å stige opp langsmed beina mine, utan at eg klarte å stagge den. Eg trudde kvinna kan hende var misnøgd med at eg ikkje hadde svart på smilet hennar, og at ho ville nytte første høve til å gripe fatt i meg med tennene. Ettersom eg sat med ryggen til, var det umogleg for meg å vere på vakt dersom ho skulle reise seg frå bordet sitt for å nærme seg vårt. Langsamt og utan skånsel, voks redsla til slike proporsjonar at eg heilt på gråten bønfall mor om å få sitte ved sida av henne. For å få sove måtte vi den natta vente til trøyttleiken hadde teke brodden av det vi så altfor godt visste, at sirkusdama var innlosjert like i nærleiken av romma våre. Neste dag drog vi, fordelt på to stasjonsvogner – foreldra med vesle Eduardo og barnepika i den eine; guvernanta og vi fem i den andre – mot nabolandsbyen. 10
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 11
Etter tre timar med humping og skumping måtte vi over eit elvefar. Før vogna vår glei ned i det dunkle vatnet, stirte vi engstelege og hjelpelause mot den som var køyrt uti framfor oss, og klamra oss til mor, som lente seg over vesle Eduardo utan å sleppe oss med blikket, medan plaskinga til hestane stenkte dei kvite kjolane våre og vatnet nesten nådde over hjulakselen. Samankropne sørgde vi for å avleie redsla ved å kjæle med hundane, som gøymde seg bak seta. Vel framme på den andre breidda fekk vi del i den fine gleda som seinare alltid skulle vere knytt til sølerestane frå skvettande hjul, det lettare travet til hestane etter ei myrlendt og vanskeleg strekning. Før kvelden fall på, fekk vi auge på det gamle huset der vi måtte installere oss medan dei bygde ferdig det nye. Eit ektepar frå San Luis tok imot oss i porten til hagen. Kvinna var kledd i ein kjole med eit gedige, blomemønstra slep som vi gjetta at ho hadde funne fram frå ei kiste for å gi mottakinga større glans, men i løpet av den halvannan månaden vi hadde tilhald der, tok ho den aldri av seg. Ved middagstid vart vi nøydde til å tenne ei rekke lamper og vokslys for å halde oppsyn med veggane, der det yrte av edderkoppar og chagastegar, noko som ikkje forhindra at vi bykste til berre ein stol strauk borti ein stol, sikre på at ei mus var i ferd med å klatre opp langs beinet på oss. Medan vi budde i det gamle huset, fekk vi for vane å vende utslitne attende om kvelden slik at vi straks fekk sove og såleis ikkje lenger enn nødvendig måtte stå ut med redsla for dyra som søkte husly der. Om dagane sprang vi rundt på eigedommen, klatra i trea og tok oss 11
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 12
opp på taka som var svarte av slyngplanter for å leite etter flaggermus, og lykkast vi med å fange ei, sperra vi henne inne i eit bur. Der dei hang urørlege frå ein ståltråd, likna dei mørke, samankrølla tøystykke. Andre gonger trudde vi at flaggermusene gret medan dei skjulte andletet sitt, og etter å ha teke dei ut av buret sette vi dei på ei grein for at dei skulle flyge sin veg. På den tida kjende eg verken frykt eller avsky for dei, men då vi hadde flytt frå dette dystre huset – fullt av avsondra, mystiske delar – til det svære bygget som var blitt reist for oss, såg eg dei sitte så tett samantrykte mot dei lyse veggane, og flukta deira innved dei opna vindauga var så lydlaus, som av fuktig bomull, at eg trong berre førestille meg korleis dei kunne streife kinnet mitt for at motviljen skulle ta endeleg feste i meg.
12
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 13
E
g ser henne omgitt av eit mildt skjær som ingen kunne komme nær utan å forstyrre, utan at det vart tilføydd meir ynde enn det som var nødvendig og verkeleg. Ho steig opp på hesten sin, kledd i desse vide, mørke skjørta som var i bruk på den tida. Vi såg henne i heilfigur på den eine sida av hesten, med andletet skjult under den breibremma, svarte hatten. På den andre ei einsleg hand i hansken sin; profilen så klar som om ho brått hadde stilt seg inntil ei lampe. Frå den eine flanken på hesten syntest heile skapningen hennar å danne ei motvekt mot den andre, der andletet hennar låg i lys. Når ho sat slik, vart vi fylte av ein dobbel sødme: Vi kunne sjå henne frå den eine sida, skuggesida, den minst kjende, og på den andre, der ho var heil, fann vi henne intakt, den same som kvar dag synte seg for oss gjennom sitt register av kjærleg merksemd. Når far hjelpte henne å stige til hest, trong han berre å falde hendene saman slik at ho kunne stø ein fot der. Mor steig opp og gav seg omgåande, allereie klar, til å vente oppmerksamt. Sjølv om rørslene hennar var nye, fann dei straks saman i eit velkjent landskap. Far leidde skimmelen sin nærmare, og ved å sparke den lett med støvelen fekk han hesten til å strekke framog bakbeina i kvar si retning heilt til salen var ført ned på eit nivå der det ikkje var nødvendig å bruke stigbøylane. 13
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 14
Vi jentene stod i ein halvsirkel og kommenterte den underdanige og lydige haldninga til hesten, og etter å ha bydd oss på denne førestillinga fjerna dei seg i sakte trav. Den skinande sida av mor forsvann, og berre den minst kjende, den strengaste, vart att hos oss. Då dei nærma seg dei første poplane, som danna grensa for eigedommen, hadde vi allereie ei kjensle av at noko mangla. Det raudlege skjegget til far min var det einaste vi kunne skimte. Eg veit no at den andre sida til mor, den lysande, heldt seg heilt inntil hans.
14
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 15
T
re vindauge opnar mot barndommen min. Det første høyrer saman med kontoret til far. Dei få gongene vi kom inn i dette rommet, kjende vi oss litt hemma blant dei strenge møblane i kjølig, glatt lêr og veggane som var dekte av teikningar og kart over fjerne land. Det ante oss at hit kom ein berre for å tale om alvorlege ting, eller når det var påkravd å kvitte seg med ein gardsarbeidar eller ein tenar. Av arbeidsbordet hans minnest eg berre den svære globusen som far frå tid til anna snurra framfor oss for at vi der og då skulle peike ut Noreg og Irland. I eit skåp låg det stablar av piler, bogar, piper og halskjeder som indianarane hadde gitt han i gåve på dei ulike ekspedisjonane hans, og som vi iblant fekk lov til å snuse rundt i. Når vi gjekk for å legge oss, kunne vi frå dørene våre skimte ein lysstråle, unnseleg og lite å ty til for trøyst, frå terskelen hans. Det var timen då far skreiv, og berre mor med sitt uforanderleg milde vesen gjekk inn dit for å tale med han. Når det i minnet brått kjem lys i vindauget hans, synest det romme same vemodet som slike brev som er påbegynte og sidan avbrotne av årsaker ein ikkje kjenner, for lang tid seinare å bli funne att i djupet av ein skuff. Vindauget til mor var meir gjestmildt. Det høyrde til eit syrom. I hus med mange barn er syromma alltid dei vennlegaste, dei som oftast blir oppsøkte. Framfor syborda 15
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 16
som var oversvømde av band og blonder, studerte vi ofte dei små kleda som ikkje var i vår storleik. Aldri hadde det falle oss inn at nokon, slik heilt utan vidare, kunne komme etter oss. Mor sat lange timar på syrommet og strikka og broderte ørsmå saker. I dette rommet verka ho meir tilgjengeleg, meir mottakeleg for alt ein måtte fortelje henne, slik at vi, dei yngste, då vi vart tretten eller fjorten år gamle, forstod at det ville vore lettare å tru oss til henne der, om redsla og skamma, det skjendige og triste ved denne brysame alderen. Dei tre eldste hadde gjort det. Susana og eg fekk ikkje del i denne omsorga: eit vindauge så bortgøymt, eit lys så veleigna for å dekke over rauden og ilska, trongen til å gråte og kjensla av å vere skild frå dei andre ved ein smittsam sjukdom. Frå vindauget hennar kom alltid det lyset som er godt for barn. Eg har ikkje seinare fått auge på andre. Barna kjem til rom der dei ikkje er venta, rom som ikkje er laga for dei; dei små plagga deira blir tilverka på golde gardsplassar, i soverom vane med andre nærvær, andre kjærteikn, andre minne, eller ved tetid, under samtale med gjestar, i ledige stunder som avleier all glød. Eg har sett så mange kvinner som ikkje endrar tonefall, som held fram med å utføre dei same rørslene, som ber over med spøk om tilstanden sin eller prøver å skjule den, som ser på livet utan verken større eller mindre misnøye, som om det dei har inni seg, ikkje er nok til å få dei til å innsjå at dei lever den veldige gleda det er å få eit barn; som om eit barn som skal bli fødd, høyrde til vanleg dagsorden og det ikkje var nødvendig å skilje ut alle dei dagar og alle dei netter denne ventinga varer, for seinare å kunne snakke om 16
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 17
den med eit uttrykk som ikkje er det same som det ein bruker når ein kommenterer andre hendingar. Mor mi var annleis. Mor mi strikka verken sokkar eller barnekjolar i sine ledige stunder. Fritida var dei andre tinga. Ho levde i ansvaret for det ho venta, og ho venta heile dagen og heile natta. Når ein trødde inn i eit slikt rom som var innsett av kjærleik, var det som ein førte og rørte seg på ein ny måte. Kvar gong eg såg henne trekke seg attende til dette kammerset for å tråkle saman bitte små ting, hadde ho det litt forstørra og triste blikket som kjem av å skode innover, og som eg sidan har lagt merke til hos dei som har stått og sett utover havet. Når vi leikte i hagen, var det lampa hennar, litt søvnig om vinteren, som forsikra oss om at ho fanst der. Vi var ikkje klar over at vi frå ein dag til den neste ville ha eit nytt namn i husstanden, ein ny munn å kysse før vi gjekk til sengs. Det tredje vindauget var Irene sitt. Eg kjende alltid ein snev beundring og ein snev frykt for henne. Ho var seks år eldre enn meg. Iblant fekk ho lov til å sitte med til bords i den store spisestova når dei besøkande var folk ein var fortruleg med. Dei eldre søstrene mine talte om henne med senka stemmer. Dei hadde avdekt løyndommar ho bar på, og når dei kommenterte desse i eit frydefullt og fordekt tonefall, var dei utan minste aning om at det snart nok ville bli deira tur. Susana og eg, dei minste, var ikkje skarpsindige nok til å forstå kva som låg til grunn for all denne kviskringa og tiskinga. Ein kveld høyrde eg dei snakke om bryst. Når eg tenker på det, for17
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 18
står eg frykta som ho, den eldste, må ha vore åleine om å kjenne når ho merka at kroppen fekk kurver, at brystkassen vart mindre stiv, at brysta tok til å gjere vondt og røre så vidt på seg. Frå vindauget hennar venta vi oss alltid dei største overraskingane. Irene snakka til oss om kvinnerov, om flukt, om at ho ein vakker morgon ville dra sin kos med kleda i ein bylt, som Oliver Twist, fordi ingen i huset elska henne, eller fordi nokon venta på henne utanfor. Kan hende var det derfor vindauget hennar alltid stod for meg som så løyndomsfullt. Ei natt då vi alle hadde gått til sengs, kom Irene bort til senga mi for å ta farvel. Inntulla i eit teppe heldt ho ein liten bunt med klede i armane. Ho snakka med sønderknust stemme og erklærte at ho drog sin veg fordi vi behandla henne dårleg, og fordi ho var svært ulykkeleg. Eg tenkte straks på vindauget. Eg tenkte at tida var kommen. Eg stod opp, og gråtande følgde eg henne. Etter ei stund forstod eg på Martas botferdige lepper at det heile var eit narrespel. Såleis vart vindauget hennar langsamt borte, heilt til det var som eit av dei andre.
18
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 19
H
o var fire år eldre enn eg. Det var som om vi alltid fekk auge på henne lenge før dei andre, og som om ho alltid venta på noko. Ho beit seg i leppene heilt til dei blødde, og reiv i ro og mak opp all huda på hendene med neglene sine. Eg ser henne framleis for meg i denne stillinga som pla få oss til å grøsse: eine handa open, den andre alltid ovanpå denne, med så stillsame rørsler at ingen kunne merke korleis fingrane forsiktig gnura den opptrevla huda, heilt til det omsider – på grunn av ei litt for nervøs rørsle – kom ei lita stripe blod som fekk henne til å rynke panna for så, utan å ytre eit ord, å klø vidare på ein annan og mindre ømfintleg hudplett, med ei atterhalden og liksom misnøgd hand. Eg kjem alltid til å hugse hendene hennar. Med all den oppflisa huda likna dei sidene i ei bok som er lesen så mange gonger at hjørna bøyer seg bakover. Eg veit ikkje korleis ho heldt ut kontakten med ting, å komme borti kleda, å komme borti sin eigen kropp. Ho var likeglad, apatisk, alvorleg, og barndommen hennar var den konsentrerte verda til den som ventar, utan å gi noka hjelp til det som måtte vere undervegs. Far, som visste at ho ikkje kunne klokka, tvinga henne til å øve kvar dag. Utan å hulke, nesten utan tårer, gret Marta stille medan ho dekte andletet med ei open hand. 19
Notatbok frå ein barndom ferdig_A 11.09.15 12:54 Side 20
Mellom dei utstrekte og sprikande fingrane klarte vi å skimte eit fuktig auge, ein bit av nasen, ei munnvik. Enkelte gonger la ho av seg apatien og underheldt seg på eiga hand. Ei natt gjekk ho i gang med å ta på seg alle dei stiva underskjørta, fulle av faldar og rysjer, som var i bruk på denne tida. Litt etter litt este figuren hennar ut, heilt til det vesle hovudet hennar var ein blond prikk øvst på ei veldig krinoline. Då mor kom inn på rommet, slik ho gjorde kvar kveld, for å breie godt over henne, fann ho henne utkøyrd og sovande i senga, forvilla i ein labyrint av sløyfer og blonder. Neste morgon, ved frukosttid, var det ingen som spøkte med henne. Ho hadde funne attende til det alvorlege og fjerne uttrykket sitt. Eine handa var utstrekt under bordet; den andre klorte roleg mellom fingrane.
20