
1 minute read
Silikonformer

Nokre former er laga i silikon og fungerer som brødformene. Silikon har den fi ne evna at deigen ikkje set seg fast i forma, og vi slepp å feitte formene. Silikonformer blir i all hovudsak brukt til små produkt, da silikon er mjuk og støttar ikkje opp like godt når vi baker store bakverk. Da er det betre å bruke metallformer.
Traller og steikjeplater
I bakeriet har vi traller som vi bruker til å setje ferdige deigemne i og oppbevare ferdigsteikte produkt i. Nokre traller er reine avlastningstraller, mens andre fungerer som både steikjetraller som passar til tralleomnen og som avlastningstraller. Trallene er utstyrte med små hyller som er tilpassa steikjeplatene. Steikjeplater har ofte to variantar, ein med hol som er kalla holplater, og ein type utan hol som er kalla glatte plater. Som hovudregel kan vi dele opp bruksområde til desse: glatte plater til søte bakevarer og holplater til salte bakevarer. Holplatene slepper igjennom meir varme enn glatte plater og sørgjer for ei kortare steikjetid. Glatte plater hindrar at sukker, feitt og fyllingar dryp ned på produkta under. Vi bruker dei platene som er mest tenlege alt etter kva produkt vi skal lage.

