
1 minute read
Omnar
Omnar kjem i mange utformingar, og det fi nst mange merke. Kva omnstypar dei ulike bakeria har, handlar mykje kva type produkt som blir produsert, kor stort bakeriet er, pris og kva kvar enkelt bakar liker best.
Omnen er hjartet i bakeriet, og det er prosessen som går føre seg i omnen, som har gitt namn til faget vårt. Å bake er å varmebehandle produktet i ein omn. Korleis vi behandlar deigen før han går på omnen, er viktig. I omnen får du svar på om du har gjort alt rett. Vi seier ofte at «omnen lyg aldri».
Luftomnar
Ein luftar ein omn der vifter blåser varmluft inn i omnen og varmar han opp. Her vil steikjetralla eller geideren ofte gå rundt. Sidan lufta blåser rundt inne i omnen, blir varmen meir intens. Derfor steikjer vi ofte på lågare temperatur i desse omnane enn ved andre omnstypar.

Termooil-omnar
Dette er ein type tralleomn der vi har slynger med varm olje som varmar opp omnen. Her vil lufta ofte stå stille når vi baker.
Steinomnar/herteomnar
Ein steinomn eller herteomn er ein omn som blir varma opp ved hjelp av varmeelement som ligg i taket og under ein steinbotn i kvart omnskammer. Dette gjer det mogleg å steikje produkta rett på steinbotnen (herten) i omnen. I ein steinomn står lufta stille.
Tunellomnar
Ein tunellomn er som namnet seier, ein omn der produktet går inn i den eine enden av omnen og kjem ut av den andre. Her blir produkta transporterte på eit band gjennom omnen. Dette bandet kan vere laga av netting og fungere litt som ein luftomn, eller det kan vere kledd med stein og fungere som ein steinomn.
Vedfyrte steinomnar
Den vedfyrte steinomnen er den eldste steikjemetoden vi bakarar bruker. Slike omnar er ofte laga i massiv stein med eit tjukt sandlag på utsida. Varmen kjem av at vi fyrer opp bål inne i omnen. Veggene på omnen samlar opp varmen frå bålet. Før vi skal bake i denne omnen, tek vi ut bålet eller glørne, og vi baker på ettervarmen i omnen. I motsetning til alle dei andre omnstypane vil denne omnen falle i temperatur etter kvart som vi baker i han. Da er det viktig å tenkje igjennom kva produkt vi steikjer, ut frå kor varmt det er i omnen. Å bake i ein vedfyrt steinomn krev erfaring og å bli kjend med korleis omnen oppfører seg.
