
2 minute read
Deiganlegget/linjeproduksjon
del varme og eltar inn meir luft i deigen, som igjen fører til at heile deigføringsprosessen kan gå raskare.
På ein spiraleltar er det særleg viktig å passe på at deigen ikkje blir for varm, eller at ein ikkje eltar for lenge.
Piskemaskin
Denne maskintypen er ein multifunksjonell maskin som i utgangspunktet er laga for å produsere rørte og piska massar, men som også kan elte deig ved bruk av ein eltekrok. At maskinen er multifunksjonell, vil seie at han kan brukast til fl eire ulike oppgåver. På piskemaskinen går eltekroken rundt i ei stilleståande gryte, og han legg deigen i faldar omtrent som spiralmiksaren. Men han har ikkje den same effektiviteten som ein spiralmiksar. Det at eltegryta står stille, vil også gjere sitt til at vi får ein del friksjonsvarme tilført deigen ved at deigen subbar meir mot grytekanten enn ved bruk av ein spiraleltar eller toarms eltar, der eltegryta også går rundt.
Eit deiganlegg er eit sett med maskinar som utfører dei same rørslene mekanisk som vi gjer når vi baker manuelt. Eit deiganlegg består av ein maskin for kvar operasjon i deigføringa, og desse er sette etter kvarandre slik at deigen følgjer eit gitt sett med rørsler i eit gitt tempo. Eit deiganlegg gjer heile deigføringa automatisk, og rolla til bakaren er å sjå til eller sørgje for at denne prosessen skjer etter bestemte spesifi kasjonar ut frå kva produkt ein skal lage. Dette gjeld alle typar linjer, anten det er ei brødlinje, wienerlinje eller andre deiganlegg for andre produkt.
Når vi jobbar med eit deiganlegg, er det viktig at vi har god kunnskap om handverket. Det er dei same prinsippa vi jobbar etter som når vi baker manuelt. Men når vi baker manuelt, er det mogleg å justere og endre på deigføringa undervegs i prosessen. Det kan vi ikkje gjere i like stor grad på eit deiganlegg, og det er viktig å ha god reseptstyring og kontroll på deigkonsistens og temperaturar.
Det at maskinane simulerer manuell baking, ser vi gjerne att på namnet til kvar maskin.
Gryteløftar
Dette er ein maskin som løftar heile eltegryta for å tømme deigen opp i deigdelaren.
Deigdelar
Dette er ein maskin som deler opp deigen i rett storleik eller vekt og sender emna vidare til rundverkaren.
Rundverkar
Dette er ein maskin som rundverkar emna.
Kvileskap/kvilebane
Her kviler deigen for at glutenet skal slappe av og gi deigen rett konsistens før han går vidare til oppslag.

Oppslagsmaskin/utlangar
Eit anna ord for å slå opp emna er å lange ut emna. Derfor har denne maskinen fått namnet utlangar eller oppslagsmaskin, og han brettar og rullar emna til rett lengd med rett spenst.
Avsetjar
Etter at emna er slått opp, går dei gjerne vidare til ein avsetjar som anten set emna på plater eller legg dei i former. Mange bakeri gjer denne prosessen manuelt, men på eit moderne deiganlegg gjer maskinane jobben heilt fram til produktet står ferdig i stikktralla.
Raskeskap/prosesskap
Dette er eit skap eller rom som vi kan styre temperatur og fukt i når vi skal heve produkta.