Forretningsdrift
Forretningsdrift Forretningsdrift er ein del av læreverket for Vg1 sal, service og reiseliv frå Fagbokforlaget. Boka tek føre seg grunnleggjande kunnskap om organisasjonar, roller og ansvar, helse, miljø og sikkerheit, prissetjing, budsjett, rekneskap og lønsemd, vareflyt og verdikjede, risiko og beredskap. Boka har eit eige kapittel for yrkesfagleg fordjuping.
Forretningsdrift
| Sal, service og reiseliv
Boka er rikt illustrert, og teksten er lett å lese. Fagbokforlagets læreverk i Vg1 sal, service og reiseliv omfattar tre bøker: → Forretningsdrift → Marknadsføring og innovasjon → Kultur og samhandling Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elev og lærar med omgrepsdatabase og aktivitetsforslag.
Sal, service og reiseliv
Bjørn Hallvard Grinde Ingvill Kalvik
ISBN 978-82-11-03692-6
NYNORSK
Vg1 NYN
Vg1
Bjørn Hallvard Grinde og Ingvill Kalvik
Forretningsdrift Vg1 sal, service og reiseliv Nynorsk
Innhald Kapittel 0 Forretningsdrift ........................................................................ 5 Yrka i sal, service og reiseliv ..................................................... 5 Forretningsdrift .......................................................................... 9
2
Kapittel 1 Organisasjon og ansvar ........................................................ Organisering og organisasjon.................................................. Ansvarsfordeling og ulike roller ............................................... Leiinga i ei bedrift .................................................................... Organisasjonen i eit system ....................................................
15 15 17 20 22
Kapittel 2 Helse, miljø og sikkerheit ..................................................... Helse ....................................................................................... Det fysiske arbeidsmiljøet ....................................................... Det psykososiale arbeidsmiljøet.............................................. Miljø ......................................................................................... Tryggleik ..................................................................................
27 28 30 32 34 36
Kapittel 3 Prissetjing............................................................................... Strategier ................................................................................. Kostnadsbasert prissetjing ...................................................... Marknadsbasert prissetjing ..................................................... Konkurransebasert prissetjing................................................. Den endelege prisen ...............................................................
47 49 49 56 61 62
Kapittel 4 Budsjett .................................................................................. Å tenkje økonomisk – personleg budsjett ............................... Budsjettet i bedrifta ................................................................. Økonomiske mål...................................................................... Resultatbudsjett ...................................................................... Likviditetsbudsjett ...................................................................
65 65 66 66 69 77
Kapittel 5 Rekneskap.............................................................................. 85 Å føre rekneskap – steg for steg ............................................. 87 Kapittel 6 Lønnsomhet og budsjettkontroll........................................ Lønnsomhet .......................................................................... Nøkkeltall ............................................................................... Budsjettkontroll ..................................................................... Oppsummering......................................................................
103 104 106 111 116
Kapittel 7 Vareflyt og kvalitet i verdikjeden ........................................ Verdikjeden ............................................................................ Vareflyt ................................................................................... Avfallshåndtering ................................................................... Kvalitet i verdikjeden ............................................................. Dilemmaer om lønnsomhet og bærekraftig utvikling.............
119 120 126 129 131 133
Kapittel 8 Sikkerheit og risiko ............................................................. Hva er sikkerheit? .................................................................. Hva er risiko?......................................................................... Hva må vi beskytte? ..............................................................
139 140 142 145
Kapittel 9 Risikovurdering .................................................................... 1. Kartlegge verdiene til bedriften ......................................... 2. Fastsette sikringsmål......................................................... 3. Vurdere mulige trusler (lage et trusselbilde) ...................... 4. Velge ut aktuelle trusselscenarioer .................................... 5. Kartlegge eksisterende sikkerhetstiltak ............................. 6. Finne og vurdere sårbarheter ............................................ 7. Vurdere risikoen ................................................................. 8. Foreslå nye sikkerhetstiltak ............................................... Sikringsprinsipper..................................................................
149 150 155 157 160 162 165 168 170 172
Kapittel 10 Beredskapsplaner ............................................................... 177 Beredskap ............................................................................. 178 Beredskapsplanen................................................................. 178 Arbeidsoppgaver for arbeidspraksis ................................. 183
3
4
Kapittel 0
Forretningsdrift Gleda av å kunne gje andre menneske gode opplevingar er kanskje den viktigaste motivasjonen for at du søkjer deg til serviceyrka. Kanskje har du også ein draum om å starte di eiga bedrift. I faget forretningsdrift vil du få sjå kva som krevst for å drive ei berekraftig bedrift. Du vil få sjå korleis ho er organisert, korleis økonomien blir styrt og korleis helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet går føre seg. Undervegs vil du også bli kjend med lover og reglar bedrifta er pålagd å følgje. Yrka i sal, service og reiseliv Ved å gå på yrkesfaglinja sal, service og reiseliv kan du sikre deg læreplass og fagbrev innanfor fire ulike fagretningar: → Administrasjonsfaget → Reiselivsfaget → Salsfaget → Tryggleiksfaget Innanfor reiselivsfaget kan du få jobb ved hotell, reise- og bookingbyrå, turoperatørar, buss-, fly-og jernbaneselskap, event- og attraksjonsbedrifter, turistkontor eller ferjereiarlag. I nokre stillingar er det vanleg at ein sjølv reiser mykje i jobben, medan andre vil jobbe meir stadbunde på ein og same plass. Biletet er frå Svolværgeita.
Administrasjonsfaget Som administrasjonsmedarbeidar vil du vere eit viktig bindeledd mellom dei ulike avdelingane i organisasjonen du jobbar i, og mellom desse avdelingane og gjestene og kundane til organisasjonen. Dei viktigaste arbeidsoppgåvene du vil utføre, er → service, kundebehandling, rettleiing og rådgjeving → skriftleg og munnleg informasjonsformidling
5
Sal, service og reiseliv
Kapittel 0 Forretningsdrift
→ → → → →
Forretningsdrift
administrering av publiseringsverktøya og kommunikasjonskanalane til bedrifta booking og oppfølging av møteverksemd innkjøp, budsjett og rekneskapsarbeid planlegging og gjennomføring av marknadsføringsaktivitetar dagleg personalarbeid
Med desse oppgåvene vil du bli ein sentral person i bedrifta der du jobbar, og mange vil lære deg å kjenne fordi dei treng deg til mykje i kvardagen. For å lykkast i jobben treng du gode evner til å kommunisere. Du må også meistre bruken av IT- og kontorstøttesystema i bedrifta, slik at du kan jobbe effektivt. Reiselivsfaget Innanfor reiselivsfaget kan du jobb ved hotell, reise- og bookingbyrå, turoperatørar, buss-, fly- og jernbaneselskap, event- og attraksjonsbedrifter, turistkontor eller ferjereiarlag. I nokre stillingar er det vanleg at ein sjølv reiser mykje i jobben, medan andre vil jobbe meir stadbunde på éin og same plass. Sentrale arbeidsoppgåver i reiselivsfaget kan vere → kunde-/gjestebehandling → guiding, rådgjeving og rettleiing → planlegging og gjennomføring av aktivitetar og opplevingar → bruk av informasjonsteknologi (IT) som sals- og støtteverktøy, søkjemotorar og bookingsystem → reservasjon og billettering → marknadsføring og salsarbeid Arbeidet passar godt for dei som kan arbeide sjølvstendig, planmessig og effektivt, ofte i eit høgt tempo. Evnene dine i språk, kulturforståing og geografi vil vere viktige for å lykkast i reiselivet. Salsfaget Som seljar vil du jobbe med å avklare kva andre menneske har behov for, og å hjelpe dei med å finne dei beste løysingane i form av produkt og tenester som dekkjer behovet. Alle bedrifter – både private og offentlege – som tilbyr produkt og tenester, treng dyktige seljarar.
6
Sal, service og reiseliv
Nokre dagar kan det vere freistande å berre bli under dyna. Men i seljaryrket må du interessene til kunden framfor dine eigne. Nokre gonger handlar det om å rydde veg slik at kundane kjem fram til butikken din. Dagleg leiar for Hi Fi Centeret i Kristiansand, Knut Øyslebø, måtte tidleg opp denne laurdagen i januar.
Kapittel 0 Forretningsdrift
Forretningsdrift
Sentrale arbeidsoppgåver i salsfaget er → ulike former for sal og kundebehandling (direkte sal, nettsal, telefonsal osv.) → marknadsplan- og kampanjearbeid → bygging av salstorg og vareutstillingar → kommunikasjon og sosial samhandling (gjennomføring av salsmøte og salspresentasjonar) → øving på og vidareutvikling av kunnskap og ferdigheiter i salsteknikkar og produktkunnskap For å lykkast i seljaryrket må du vere kunde- og serviceorientert. Det vil seie at du set interessene til kunden framfor dine eigne og er oppriktig interessert i å hjelpe. Du er blid, høfleg og vågar å ta initiativ til å starte samtalar.
7
Sal, service og reiseliv
Sjukehus, skular, kyrkjer og kyrkjegardar, parkeringsplassar og museum er nokre døme på ulike objekt som vektarar blir sette inn for å verne. Tine Hansen var museumsvakt
8
Kapittel 0 Forretningsdrift
under den store Edvard Munchutstillinga på KODE i Bergen. Nokre gonger fekk ho skuleklassar på besøk.
Forretningsdrift
Sal, service og reiseliv
Kapittel 0 Forretningsdrift
Forretningsdrift
Tryggleiksfaget Vektaryrket er starten på karrieren for mange av dei som vel å ta fagbrev i tryggleiksfaget. Vektarar utfører ulike typar tenesteoppdrag. Til dømes kan vektarane ha ansvaret for å sikre ro og orden på eit kjøpesenter. Om noko gale skulle skje, skal dei vere klare til å setje førstehjelp, evakuering eller andre beredskapsprosedyrar. Andre oppgåver kan vere å kontrollere fellesareal, stoppe butikktjuvar, forhindre svinn, dirigere trafikk og overvake området. Sjukehus, skular, kyrkjer og kyrkjegardar, parkeringsplassar og museum er nokre døme på ulike objekt som vektarar blir sette inn for å verne. Vektarar rykkjer også ut på alarmar og tek seg fram både til fots og med køyretøy – alt etter kva oppdraget krev. Nokre vektartenester kan også utførast med hund. Andre typar tenester vektarar kan utføre, er kontrolltenester, resepsjonstenester, verdihandtering og oppgåver på alarmsentralen. Med fagbrev i tryggleiksfaget blir du ikkje berre i stand til å utføre vektartenester. Du skal også kunne vurdere kva som krevst av tryggleik for ulike kundar, og kunne føreslå kva for tenester ein kunde bør eller må nytte seg av. Fagbrevet gjer deg også relevant for jobbar i Forsvaret eller hos tryggleiksaktørar som brannvesenet og politiet, sjølv om dette kan krevje ytterlegare utdanning eller spesialisering. Kunnskap om tryggleik er alfa og omega, uansett om du søkjer ein karriere i eller utanfor tryggleiksbransjen. Kriminelle leitar ofte etter det svakaste leddet og kan utnytte tilsette for å skaffe seg tilgang til verdiar dei ikkje skal ha tilgang til. Kan du for lite om tryggleik, kan du vere det svakaste leddet i di bedrift, uansett kva yrke du vel.
Forretningsdrift Faget forretningsdrift handlar om korleis du kan styre eller administrere ei bedrift. Ei forretning er ein butikk eller ein annan type bedrift som driv handel eller yter tenester. Sjølv om du ikkje sit i leiinga, er det viktig å forstå korleis bedrifta fungerer, kven som gjer kva, og kva arbeidsoppgåvene dine har å seie for bedrifta.
9
Sal, service og reiseliv
Kapittel 0 Forretningsdrift
Forretningsdrift
Organisasjon og ansvar Både som arbeidstakar og administrasjonsmedarbeidar må du ha kunnskap om korleis personalet er organisert i ulike roller og ansvarsområde. Du må også vite i kva grad du sjølv har lov til å ta avgjerder på vegner av bedrifta. I denne boka vil du få innføring i dei viktigaste verktøya du treng for å forstå og kunne bidra i administrasjonen av ei bedrift. Du vil lære om korleis arbeidsoppgåver blir fordelte, om organisasjonskart, og å kartleggje korleis det blir skapt verdiar i bedrifta. Kunnskapen dette gjev deg, vil du få bruk for når du skal kommunisere med kollegaer og leverandørar, og når du yter service overfor gjester og kundar. Mykje av det administrative arbeidet blir utført ved hjelp av kontorstøttesystem (digitale verktøy) og rutinar. Økonomi Økonomi er læra om å skape, ta vare på, forvalte eller administrere verdiar. Når du studerer økonomi, lærer du om korleis du kan få mest mogleg ut av ressursane du eller bedrifta di har til rådvelde. Alle bedrifter planlegg og gjennomfører aktivitetar for å tene pengar eller skape verdiar. Av desse følgjer ei rekkje økonomiske hendingar, eller pengeoverføringar, som du må kunne halde oversikt over. Ei økonomisk hending – også kalla transaksjon – er ei verdieller pengeoverføring. Kvar gong vi kjøper eller sel noko, betalar ei rekning eller betalar ut løn til dei tilsette, skjer det ei økonomisk hending. Verdiar byter hand og blir overført frå ein stad til ein annan. Der er desse hendingane vi må halde styr på for å få oversikt over økonomien. På same måten som med rattet og pedalane i ein bil brukar vi nokre styringsverktøy for å halde orden på økonomien. Desse gjev deg svar på nokre viktige spørsmål:
10
Sal, service og reiseliv
Kapittel 0 Forretningsdrift
Forretningsdrift
Faget forretningsdrift handlar om korleis bedrifta di fungerer, kven som gjer kva, og kva arbeidsoppgåvene dine har å seie for bedrifta.
11
Sal, service og reiseliv
Kapittel 0 Forretningsdrift
Forretningsdrift
Priskalkylar
→
Korleis reknar vi ut rett pris på produkta eller tenestene vi sel?
Resultatbudsjett
→
Kva for inntekter og kostnader ser vi føre oss at vi vil få i den komande perioden (månad eller år)?
Likviditetsbud- → sjett
Har vi alltid nok pengar til å betale rekningar til rett tid?
→
Kva for økonomiske hendingar har skjedd (innkjøp, sal osv.)? Kva blei resultatet? Samsvarar tala med det vi såg føre oss i budsjettet?
Rekneskap
→ → Finansiering
→
Korleis skaffar vi pengane som trengst for å starte opp eller vidareutvikle ei bedrift? (Ikkje behandla i dette læreverket.)
Med desse verktøya kan du også vurdere om bedrifta er lønsam. Meistrar du dei, vil du ha gode føresetnader for å kunne starte di eiga bedrift eller jobbe i ein administrasjon, og du vil også få mykje betre kontroll på din eigen private økonomi. Tryggleik Arbeidet med å sikre verdiane bedrifta har, er også ein del av forretningsdrifta. Du vil derfor lære å vurdere risikoen for at verdiar kan gå tapt, og å presentere tiltak som førebyggjer at uønskte hendingar oppstår. Du vil også lære å gjennomføre og dokumentere arbeid med helse, miljø og sikkerheit i bedrifta, i tråd med lover og reglar. Dersom noko gale likevel skulle oppstå, er det viktig å reagere raskt. Då må du vite kva du skal gjere. Du finn ut korleis ved å setje deg inn i beredskapsplanane til bedrifta.
12
Sal, service og reiseliv
Kapittel 0 Forretningsdrift
Forretningsdrift
Kva kan du no?
1 Kva for fag kan du ta fagbrev i etter at du har fullført sal, service og reiseliv, og kva for eit av dei synest du verkar mest interessant? 2 Kva går faget forretningsdrift ut på? 3 Kva for tre hovudtema må du ha kunnskap om for å kunne drive ei bedrift? 4 Kva handlar økonomi om? 5 Nemn tre døme på økonomiske verktøy. Klarer du å forklare kva vi brukar dei til? 6 Kva er ei økonomisk hending?
13
Læreplanmål:
Kjerneelement:
Tverrfaglege tema:
skildre ansvarsfordeling og kva dei
– drift, utvikling og lønsemd
– berekraftig utvikling
ulike rollene i ei verksemd inneber, og
– service- og vertskapsrolla
– folkehelse og livsmeistring
utarbeide og presentere eit organisa-
– tryggleik og beredskap
sjonskart
Ein or menn mål. R som h Noreg kjende
Kapittel 1
Organisasjon og ansvar Bedrifter varierer i storleik, men alle kan skildrast som orga nisasjonar. Ein organisasjon er ei gruppe menneske som arbeider saman for å nå eit felles mål. I ein organisasjon kan du og andre ha ulike ansvarsområde, ulikt mynde og ulike arbeidsoppgåver. Vi lagar eit organisasjonskart for å få oversikt over kven som har ansvar for å utføre kva arbeids oppgåver og mynde til å delegere.
Organisering og organisasjon
Ein organisasjon er sett saman av ei gruppe menneske som samarbeider om å nå eit mål. Røde Kors er ein ideell organisasjon som har som mål å hjelpe menneske både i Noreg og i andre land. Dei er kanskje mest kjende for å hjelpe folk på fjellet.
Å organisere i ei bedrift tyder å setje dei tilsette og arbeidsopp gåvene deira i system. Du og kollegaene dine i ei bedrift vil ha ansvar for å utføre ulike arbeidsoppgåver, alt etter kva rolle de har. Organisasjonen fungerer best når arbeidsoppgåvene er fordelte på ulike roller. Du som tilsett får derfor ein stillingsin struks eller ei stillingsskildring som skal fortelje deg kva di rolle i bedrifta er, og kva for arbeidsoppgåver du har ansvar for. Å ha ansvar vil seie at det er du som eig konsekvensane av korleis ei arbeidsoppgåve blir utført. Du har då ei forplikting til at oppgåva blir gjord med tilfredsstillande kvalitet og til rett tid. Om arbeidsoppgåva ikkje blir løyst på ein måte som møter 15
Sal, service og reiseliv
Kapittel 1 Organisasjon og ansvar
Forretningsdrift
forventningane, er det du som må stå til rette. På den andre sida vil du kunne få ros og anerkjenning om du oppnår utmerkte resultat. Mynde vil seie å ha lovleg rett og makt til å bestemme på vegner av bedrifta. Dei som har mynde, har som regel eit leiaransvar. Men du som arbeidstakar kan også ha mynde til å ta ulike avgjerder innanfor ansvarsområda dine. Alle arbeidstakarar vil jamleg komme i situasjonar der dei må ta avgjerder på vegner av bedrifta. Dette krev kompetanse. I nokre tilfelle har ikkje arbeidaren som er i situasjonen, nok mynde til å ta avgjerda. Han må då kontakte næraste leiar for å avklare, noko som fører til at kundar må vente. Får dei tilsette for høg grad av mynde, kan det bli fatta avgjerder utan tilstrekkeleg oversikt eller informasjonsgrunnlag. Dette kan til dømes føre til at kundar blir behandla ulikt – og dermed urettferdig – av ulike seljarar og i ulike avdelingar. Nivået av mynde må derfor balanserast i lys av kompetansen til dei tilsette, storleiken på bedrifta og dei etiske retningslinjene. Ein organisasjon er ei gruppe menneske som samarbeider om å nå mål for kva dei ønskjer å oppnå gjennom drifta. Vi har fire ulike kategoriar av organisasjonar i Noreg, og dei har ulike mål. Private bedrifter → har som mål å tene pengar
→
Rema 1000, Norwegian, Dale of Norway osv.
Offentlege verksemder → skal løyse samfunns oppgåver
→
skular, sjukehus, brannvesen osv.
Frivillige organisasjonar → skal fremje ideelle inter → esser (bistand, velgjerds arbeid), religion, idrett og kulturliv Interesseorganisasjonar → skal fremje interessene → til medlemmene, gjerne i saker som gjeld økonomi, arbeidsvilkår, helse og tryggleik
16
Røde Kors, Norsk Folke hjelp, Dræggens buekorps, Nardo fotballklubb osv.
fagforeiningar, idretts foreiningar, korps osv.
Sal, service og reiseliv
Bruk det du kan! 1 2
Nemn ulike stillingar i bedrifter med stillingstittel og rolle. Kva for ansvarsområde og arbeidsoppgåver trur du dei ulike stillingane har? Lag ei liste.
Kapittel 1 Organisasjon og ansvar
→ → → →
Forretningsdrift
Ein organisasjon omfattar menneske, som vi også kallar humankapitalen organisering, gjennom ansvarsfordeling og roller arbeidsoppgåvene til leiinga og dei tilsette reiskapane eller teknologien dei tilsette brukar for å utføre arbeidet sitt
Ansvarsfordeling og ulike roller I ein organisasjon er det ulike arbeidsoppgåver og dermed ulike roller. Ei rolle er eit sett med arbeidsoppgåver du har i ein orga nisasjon. Døme på ulike roller i ein butikk: → dagleg leiar → økonomiansvarleg → personalansvarleg (Human Resources / HR) → innkjøpsansvarleg → sals og marknadsansvarleg → seljarar Storleiken på butikken du jobbar i, påverkar kva roller du må fylle. I mange butikkar arbeider dagleg leiar også som seljar saman med dei andre «på golvet». I større butikkar kan det hende at dei administrative oppgåvene er så omfattande at den daglege leia ren hovudsakleg jobbar med økonomi, personal, innkjøp, sal og marknadsføring frå kontoret sitt. Dei vanlegaste arbeidsoppgå vene for ein seljar i ein butikk er kundebehandling, kassearbeid, varepåfylling og plassering, å halde butikken ryddig og rein, og varebestilling. Den viktigaste arbeidsoppgåva til seljaren er kundebehand ling, og ho eller han har avgrensa mynde. Nokre gonger vil kundar prøve å forhandle fram rabattar hos seljaren. Ofte vil ikkje selja ren ha mynde til å gje meir enn 10 prosent rabatt, og rabatten er låst til seljaren si innlogging på kasseapparatet. Dersom kunden ønskjer meir enn 10 prosent rabatt, må seljaren tilkalle ein leiar som har mynde til å gje meir rabatt dersom salssituasjonen tilseier det.
17
Sal, service og reiseliv
Kapittel 1 Organisasjon og ansvar
Ei rolle er eit sett med arbeidsoppgåver du har i ein organisasjon. Som resepsjonist på eit stort hotell har du ofte berre éi rolle, men på mindre hotell må du kanskje også ha rollene som servitør og vaktmeister. Caroline Steine
pussa opp det meir enn 130 år gamle hotellet i Sunndal i Kvinnherad, før ho opna sommaren 2020. No er det rett før gjestene kjem, og då må ho stå i resepsjonen.
18
Forretningsdrift
Sal, service og reiseliv
Kapittel 1 Organisasjon og ansvar
Forretningsdrift
Døme på ulike roller på eit hotell: → hotellsjef → økonomiansvarleg → sals og marknadsansvarleg → resepsjonssjef og resepsjonistar → husøkonom (reinhaldsavdeling) → restaurantsjef, hovmeister, servitørar, bartenderar → kjøkkensjef og kokkar → vaktmeister og anna driftspersonale Bruk det du kan! 1
2
Du har no lese om ulike roller i handels- og reiselivsbedrifter. Kva for personlege eigenskapar meiner du er viktig for å vere godt eigna for dei ulike rollene: a) personalansvarleg b) økonomiansvarleg c) seljar d) vektar e) administrasjonsansvarleg f) reiselivsmedarbeidar Ta ein personlegdomstest på internett og finn ut kva for ei rolle du er best eigna for.
I mindre reiselivsbedrifter og hotell kan det vere at reiselivsmed arbeidarar eller resepsjonisten har fleire roller slik som vertskap for gjester, guiding og formidling, sal og marknadsføring, serve ring av mat, og nokre husøkonomoppgåver. Kva for arbeidsoppgåver du har som resepsjonist, vil avhenge av storleiken på det hotellet du jobbar på. Er du resep sjonist på eit mindre hotell, vil du kanskje få fleire arbeidsoppgå ver og ha litt større ansvarsområde enn om du jobbar på eit større hotell. Dei vanlege arbeidsoppgåvene til ein resepsjonist på eit middels stort hotell er å sjekke inn og sjekke ut gjester, hjelpe gjestene når det oppstår utfordringar, svare på spørsmål, gje informasjon om nærområdet, selje produktet til hotellet, booke rom eller andre fasilitetar på hotellet, og å bidra med marknadsføring av hotellet du jobbar for.
19
Sal, service og reiseliv
Kapittel 1 Organisasjon og ansvar
Forretningsdrift
Leiinga i ei bedrift Ei bedrift kan ha fleire leiarar. Dagleg leiar er den som står øvst i hierarkiet i den daglege drifta. Under dagleg leiar kan det vere avdelingsleiarar som har personalansvar for kvar sine avdelingar. Vanlege avdelingar i servicenæringa er personal, økonomi, sal og marknadsføring, produksjon og innkjøp. Avdelingar på eit hotell eller ein annan type reiselivsbedrift kan vere resepsjon, kurs og konferanse, rom, drift, restaurant og kjøkken. Dagleg leiar er ansvarleg overfor
Dagleg leiar er ansvarleg for
bedriftseigaren
→ → → →
kundane til bedrifta
→
norske styresmakter dei tilsette
→ → →
→ →
økonomisk resultat kvalitet og service utnytting av ressursar setje mål og stake ut kursen for bedrifta at kundane får det produktet dei har blitt lova i marknadsføringa at kundane får rett kundebehandling og service held lover, reglar og forskrifter for drift betalar skattar og avgifter skaffe ressursar slik at dei tilsette kan utføre jobben sin best mogleg informere og kommunisere planleggje, bestemme og kontrollere forsvarleg drift av bedrifta trygge arbeidsplassar, HMS opplæring organisere og administrere på eit over ordna plan, slik at dei tilsette kan utføre jobben sin best mogleg motivere personalet sitt arbeidsmiljø for personalet
→
rekningane må betalast til rett tid
→
renter og avdrag må betalast til rett tid
→
→ → → → → →
leverandørar, produsentar og/ eller distributørar bankar og penge utlånarar
20
Sal, service og reiseliv
I mange butikkar arbeider den daglege leiaren saman med dei tilsette om sal og kundeservice. Då har den daglege leiaren fleire roller. I større butikkar må kanskje leiaren sitje meir på kontoret for å ta seg
Kapittel 1 Organisasjon og ansvar
Forretningsdrift
av administrative oppgåver. Då har den daglege leiaren færre roller. Her får næringsminister Torbjørn Røe Isaksen opplæring i kassen av butikksjef Kathrine Madsen på Kiwi på Hasle i Oslo.
21
Sal, service og reiseliv
Kapittel 1 Organisasjon og ansvar
Forretningsdrift
I mindre organisasjonar kan ein person ha fleire roller. I en butikk med 6–8 tilsette vil dagleg leiar gjerne tre inn i det daglege sals arbeidet ute i butikken. Mange butikksjefar har kontortid, men jobbar også ute i butikken. I ei lita reiselivsbedrift som sel natur opplevingar og har 5 tilsette, kan det vere vanleg at dagleg leiar også jobbar ute med kundar som guide og vertskap. Daglege leiarar i bedrifter vil ha eit styre over seg, og derfor har også daglege leiarar avgrensa mynde med omsyn til kva dei kan gjere. Eit styre er det øvste leiingsorganet i ein organisasjon. Til dømes kan styret utforme strategiar, kontrollere innsatsen til den daglege leiinga og liknande oppgåver. Styret skal ta dei viktigaste avgjerdene for ein organisasjon.
Organisasjonen i eit system Vi set opp eit organisasjonskart over ei bedrift for å visualisere kven som har ansvar for kva i bedrifta. Organisasjonskartet viser strukturen i organisasjonen. Denne kan vere flat eller hierarkisk. I ein flat organisasjon er myndet jamt fordelt mellom medlemmene. Kvar enkelt har ofte eit stort handlingsrom til å ta eigne avgjerder. I ein hierarkisk struktur blir medlemmene rangerte etter kor stort mynde dei har. I organisasjonskartet kan kvar enkelt tilsett kan sjå kva rolle dei har, kva avdeling dei høyrer til, og kven som er den næraste leiaren deira. Det vanlegaste er at organisasjonskartet får form som ein pyramide, med leiinga øvst og personalet under. Etter kvart som organisasjonen veks, blir pyramiden utvida med fleire etasjar. Ein liten organisasjon vil ha eit lite organisasjonskart med få etasjar. Ein større organisasjon, som til dømes eit stort hotell, vil ha eit større organisasjonskart med fleire etasjar. Det finst fleire ulike organisasjonsformer. Dei vanlegaste formene for organisasjonsstruktur er → linjeorganisasjon → linje–staborganisasjon → prosjektorganisasjon
22
Sal, service og reiseliv
Kapittel 1 Organisasjon og ansvar
Forretningsdrift
Linjeorganisasjon Ein linjeorganisasjon vil variere ut frå talet på tilsette, kva for funksjonar organisasjonen har behov for, og kva for avdelin gar han har. Kvar tilsett har berre éin sjef. Det er klar mynde og ansvarsfordeling. Kommunikasjonslinjene går frå toppen og nedover i organisasjonen. Fordelar Ulemper med ein linjeorganisasjon: med ein linjeorganisasjon: Kommunikasjonslinjene → Dei tilsette har berre éin → kan bli lange og tungvinte. leiar. Det blir stilt store krav til at → Det er ei klar fordeling av → leiarane skal ha god inn ansvar og mynde. sikt i ulike ansvarsforhold. → Kommandolinjene er klare. → Modellen er lite fleksibel. Linje–stab-organisasjon
Dagleg leiar
Mange små og mellomstore bedrifter er i dag organiserte som linje–staborganisasjon. Skilnaden frå ein linjeorganisasjon er at i denne organisasjonsforma har vi ei stabsavdeling som skal gje service til resten av organisasjonen. Stabsavdelingar er rådgjevande avdelingar og skal ikkje gje ordrar – berre råd.
Økonomi
Marknadsføring
Utvikling
Produksjon
Ein linjeorganisasjon er ein organisasjon der kvar tilsett berre har éin sjef. Ein linje–stab-organisasjon har stabsfunksjonar i tillegg, til dømes ei økonomiavdeling. Stabsavdelingane gjev råd og service til resten av organisasjonen, men gjev ikkje ordre.
Fordelar med linje–staborganisasjon: → Dei andre avdelingane kan få eksperthjelp av staben, som HR, helse, miljø og sik kerheit (HMS), økonomi osv. → Linjeleiarane kan spesialisere seg innanfor sin funksjon, ved at staben støttar og tek seg av større oppgåver rundt, HR, HMS osv. → Staben avlastar toppleiinga ved å gje råd innanfor HR, økonomi og HMS.
Ulemper med linje–staborganisasjon: → Det kan oppstå konfliktar mellom funksjonane som er i linje og stabsavdeling ar. → Stabsfunksjonen kan få for mykje makt. → Stabsfunksjonen har ikkje noko mynde.
23
Sal, service og reiseliv
Kapittel 1 Organisasjon og ansvar
Forretningsdrift
Prosjektorganisasjon Prosjektorganisasjon blir brukt som organisasjonsform når ein organisasjon har eit tidsavgrensa prosjekt. Her skal tilsette frå ulike avdelingar (fagmiljø) jobbe saman. Organisasjonen blir oppløyst når arbeidet er utført. Merksemda blir retta mot prosjektet som skal gjennomførast. Fordelar med prosjektorganisering: → fagkunnskapen til delta karane i prosjektet → deltakarane får høve til personleg vekst og utfor dringar → fremjar forståing mellom ulike faggrupper → gjev ein meir fleksibel organisasjon (der kompe tansen til dei tilsette kan brukast der han trengst mest)
Ulemper med prosjektorganisering: → krevjande arbeid → konflikt mellom ordinære arbeidsoppgåver og arbeid i prosjektgruppa → utydeleg leiing, avdelings leiar og prosjektleiar
Bruk det du kan! Undersøk på internett og finn appar eller program som du kan bruke til å setje opp eit organisasjonskart. Utforsk og bli kjend med verktøya i programvara.
24
Eit organisasjonskart skal fortelje → kven som har ansvar for kva (roller) → korleis myndet er fordelt (etasjar) → kva for avdelingar bedrifta består av → kven som er næraste leiar for dei tilsette
Sal, service og reiseliv
Kapittel 1 Organisasjon og ansvar
Forretningsdrift
Kva kan du no?
1 Kva vil det seie å organisere i ei bedrift? 2 Kva er ein arbeidskontrakt? 3 Kva er skilnaden mellom ansvar og mynde? 4 Skildre fagomgrepet organisasjon. 5 Skildre fagomgrepa funksjon og rolle. 6 Kan du liste opp døme på ulike roller? 7 Kva er leiing? 8 Kva ansvar og kva for arbeidsoppgåver har ein dagleg leiar? 9 Korleis set vi opp ein organisasjon? 10 Gje døme på fordelar og ulemper ved ulike organisasjonstypar. 11 Kva skal eit organisasjonskart fortelje oss?
25
Forretningsdrift
Forretningsdrift Forretningsdrift er ein del av læreverket for Vg1 sal, service og reiseliv frå Fagbokforlaget. Boka tek føre seg grunnleggjande kunnskap om organisasjonar, roller og ansvar, helse, miljø og sikkerheit, prissetjing, budsjett, rekneskap og lønsemd, vareflyt og verdikjede, risiko og beredskap. Boka har eit eige kapittel for yrkesfagleg fordjuping.
Forretningsdrift
| Sal, service og reiseliv
Boka er rikt illustrert, og teksten er lett å lese. Fagbokforlagets læreverk i Vg1 sal, service og reiseliv omfattar tre bøker: → Forretningsdrift → Marknadsføring og innovasjon → Kultur og samhandling Læreverket har ein nettressurs med innhald for både elev og lærar med omgrepsdatabase og aktivitetsforslag.
Sal, service og reiseliv
Bjørn Hallvard Grinde Ingvill Kalvik
ISBN 978-82-11-03692-6
NYNORSK
Vg1 NYN
Vg1