1
Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Lars Mæhle og Gro Ulland
Lesebok 1B
Nynorsk • 2. utgåve
Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.
Lesebok 1B Lesebok 1B er bygd opp tematisk rundt seks tema som alle er svært relevante for elevar på 1. trinn. Kvart kapittel presenterer eit variert tekstutval i forskjellige sjangrar og med ulik vanskegrad.
Parallelt med leseboka kan elevane jobbe med tekstar og oppgåver i Arbeidsbok 1. Leseboka finst òg i digital utgåve.
NYNORSK • 2. utgåve
Tekstane blir presentert i tre nivå, og kvar tekst er rikt illustrert. Dette gir alle elevar moglegheit til å kunne delta på eigne premissar. Tekstane i leseboka er henta fra både den nyaste barnelitteraturen og frå kjente klassikarar. I tillegg møter elevane igjen Sam, Ina og fleire andre kjente personar frå nabolaget Snippen.
Ordriket Lesebok 1B
1–7
Les meir på fagbokforlaget.no
ISBN 978-82-11-03559-2
,!7II2B1-adffjc!
Ordriket 1B Lesebok bm og nn.indd 2
03.09.2020 13:14
Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Lars Mæhle og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve
Lesebok 1B
Tips til bruk av boka Før lesing: • Sjå på bilde og overskrifter saman med barnet: Kva kan denne teksten handle om? • Finn ting med bokstavlyden i illustrasjonen. • Leit etter bokstavar og ord i illustrasjonen. • Still opne spørsmål: Kva held ungane på bildet på med?
Under lesing: • • • • •
Barnet les høgt. Peik på orda samtidig som de les. Vent litt med å gi hint når barnet nøler. Pass på at barnet les nøyaktig og ikkje sløyfar endingar. Stopp opp ved vanskelege ord, og snakk om kva dei tyder. • Leik med orda: Finn det lengste, det kortaste, det vanskelegaste, det finaste ordet.
etter lesing: • La barnet sjølv fortelje kva det har lese: Kva fekk du vite i denne teksten? • Opne gjerne for ein samtale rundt noko av innhaldet i teksten.
når dU les med barnet ditt: • Ver eit forbilde: Vis at du har glede og nytte av å lese! • Bidra til å utvikle språket til barnet: Leik med ord, rim, regler, vitsar og gåter!
DIFFERENSIERING Teksten har tre ulike vanskegradar. Dei er merkte med Elevane øver på det nivået som passar best.
Den enklaste teksten. Han inneheld enkeltord og korte setningar. Teksten har større skrift og er lettare å lese.
Besøk hos farfar armen
glad
farfar
kjem
når
No skal Sam til farfar. Farfar har knekt armen. Farfar blir glad når Sam kjem. No skal Sam besøke farfar. Farfar har knekt armen. Det gjer litt vondt. Farfar blir glad når Sam kjem. Då har han ikkje så vondt lenger.
,
eller
.
Den vanskelegaste teksten. Denne teksten bør ein vaksen lese høgt fram til eleven sjølv kan lese han.
Sam skal besøke farfar. Farfar har knekt armen. – Det er ikkje noko farleg, seier farfar. – Han kjem til å bli heilt fin igjen. – Gjer det vondt? spør Sam. – Ja, litt, men det går bra. Og det går endå betre no som du er her! – Kvifor det? spør Sam. – Når du er her, blir eg jo glad, det er nesten som medisin. Sam har aldri tenkt på at han kan vere medisin. – Eg kan godt vere medisin, seier Sam. – Men eg vil ikkje vere hostesaft, for det likar eg ikkje!
no 52
Litt vanskelegare tekst. Teksten inneheld enkle setningar, men kan innehalde nokre vanskelege ord.
•
når 53
Øveord. Ord vi brukar ofte, og som elevane bør lære seg å kjenne att.
Innhald 1
Året rundt 9 Fire årstider 10 Årstidene 12 Jul eller juli 14 Månadene 16 Vekedagane 18 Eit døgn 20 Kvelden listar seg på tå 22 Bursdag 24 Karlson på taket i fødselsdagsselskap 26
2
Bli med! 29 Klassen vår 30 Jakten på dei skjulte vaffelhjarta 32 Fotballkamp 34 Blir du med på? 36 Gjere saman! 38 Skjora 40 Johannes Jensen føler seg annleis 42 Ingen 44
3
Snufs! 47 Sjuk og frisk igjen 48 Sokken min er våt 50 Besøk hos farfar 52 Feber 54 Vitsar 56 Tambar på sjukehus 58 Sjuk 60 Grisungen må ta urken 62
4 Nei og atter nei 65
Nei 66 Ikkje smile 68 Ja eller nei? 70 Sam og Ina inviterer 71 Sur 72 Rett eller feil? 74 Veslemonster og Storemonster 76 Veslesøster 78 Karius og Baktus 80 5 På reise 83
Jorda rundt 84 Reisemål 86 Quiz-kveld om reiser 88 Transportmiddel 90 Unni og Gunni reiser 92 Retningar 94 Pakkeliste for ferieturar 96 Farao på ferie 98
6 Alfabetet 101
Alfabetet 102 ABC 104 O, O, O 105 Bokstavar 106 Himmel-stripe 110 Ropealfabetet 112 Dd 114 Det 116 Dei 117 Eg skriv bokstavar 118
8
Året rundt
1
Ser du? snø lue egg kake is sol måne juletre
9
Fire årstider vinter
vår
sommar
Er det sommar eller vinter? ake rose lue gras snø bade kvefs ski
snø 10
•
snøen
haust
Er det vår eller haust? Snøen smeltar. Eg ser gule hestehovar. Det blir mørkare ute. Blada fell ned.
Eg likar våren. Snøen smeltar. Eg kan hoppe tau og sykle.
Eg likar sommaren. Det er varmt. Eg kan bade og ete is.
Eg likar vinteren. Det er snø. Eg kan ake og lage snømann.
Eg likar hausten. Blada blir gule. Eg kan plukke bær og sopp i skogen.
11
Årstidene Først kjem nyttår, og nissen er glad, no skal han kvile og ha det så bra.
glad bra
12
Så kjem våren med pinnar og strå, blomstrar på bakken og kyllingar små.
strå
små
Så blir det sommar med mange slags bær, og alle går barbeint med mange slags tær.
Så kjem hausten så fin og så gul, så kjem snøen, og så blir det jul. Alf Prøysen Copyright © Norsk Musikforlag A/S, Oslo. Trykt med løyve.
bær tær
gul
jul
13
Jul eller juli jul
juli
vinter
sommar
Jan Julegran likar jul. Då er det vinter. Jan Julegran likar ikkje juli. Då er det sommar. Jan Julegran ber om hjelp. JUL eller JULI? Du badar ute. Du pyntar juletreet. Sola varmar. Du plukkar blomstrar. Du drikk julebrus.
det 14
•
då
Jan Julegran elskar jul. Men no er det sommar. Det er juli. Då må du jo vere glad. – Eg er berre glad når det er jul, seier Jan Julegran. – Men det er jo jul i juli, seier Sam og ler. – Nei, det er jul i desember, seier Jan Julegran. – Nei, seier Sam, høyr no: JUL I. Juli. Det er jul i juli! – Dette blei vanskeleg, seier Jan Julegran. Forresten, det er Jan i januar også! seier Ina. No går det heilt rundt for Jan Julegran.
15
Månadene Vi har tolv månader i året. I kva månad har du bursdag? Kva årstid er det då?
16
Oi, sĂĽ varmt!
Det var betre..
17
Vekedagane
fr e da tysdag g s g ø a d n s dag on
måndag
g a d s tor
u la
Vekedagsspelet De treng: Terning og små brikker. Slik gjer de: Kast terningen tre gonger. Set brikker på felta. Les heile setninga.
dag 18
g a rd
Terningskast
Første kast
Andre kast
Tredje kast
måndag
syklar
eg
tysdag
spring
vi
onsdag
dansar
kongen
torsdag
målar
læraren min
fredag
hoppar
rektor
VEL laurdag eller søndag
svømmer klatrar
mamma og pappa
19
Eit døgn vaknar
et
leikar
Morgon Eg vaknar. Eg står opp. Eg et frukost. Eg går til skolen. Dag Eg har timar på skolen. Eg har friminutt. Eg et skolemat. Eg leikar ute og inne.
20
pussar tenner
søv
Kveld Eg gür heim. Eg et og leikar. Eg pussar tenner. Eg legg meg. Natt Eg søv. Eg drøymer. Eg snorkar. Eg vaknar igjen.
21
Kvelden listar seg på tå
Kvelden listar seg på tå over kløverenga. Himmelen har tatt stjerner på. Alle barn skal sove nå, sove søtt i senga.
Mjølk og brød frå krus og fat er så gode venner med ein liten trøytt krabat som skal ete aftansmat med små mjølketenner.
tå på då
sko to ro
fat krabat mat
stor jord bord
22
Og to raude lette sko samlar vi på matta. Er så slitne begge to. Men no skal dei stå i ro heile, heile natta.
Natta er så svart og stor. Alle ting blir borte. Segl i mørker, vesle jord, med ein liten gut om bord, i si vesle skjorte. Inger Hagerup
jord
•
bord 23
Bursdag hattar
krone
gåver
kake
Ein dag i året har du bursdag. Dette er din dag! Gratulerer med dagen! Ina har bursdag i dag. Alt er klart til festen. Bordet er dekt. Maten er laga. Brus er kjøpt inn. Kaka er pynta. Der ringer det på døra! No kjem gjestene.
24
brus
Stolleiken Stolar står i to rekker med stolryggane mot kvarandre. Når musikken spelar, går ungane rundt stolane. Når musikken stoppar, set dei seg. Det er ein stol for lite. Den som ikkje finn ein plass, er ute. Ein ny stol blir tatt vekk. Leiken held fram til det berre er eitt barn igjen.
Halen på grisen
X
På veggen heng ei teikning av ein stor gris. Det er eit kryss der halen skulle ha vore. Ungane får bind for auga og snurrar rundt nokre gonger. Deretter skal dei teikne halen på grisen med ein tusj. Den som kjem nærmast krysset, vinn leiken.
25
ing
tl
es
g Hø
Karlson på taket i fødselsdagsselskap Karlson bur på taket. Han har ein propell på ryggen og kan fly. Han lyg, skryter og øydelegg ting. Veslebror har bursdag i dag. No skal Karlson på festen til Veslebror. Men han er litt seint ute. – Har de begynt alt! ropte han. – Kor mykje har de ete? Veslebror trøysta han med at dei ikkje hadde rokke å ete noko endå. – Fint! sa Karlson. – Skal du ikkje seie «gratulerer» til Veslebror? spør Gunilla. – Jaså, jo, gratulerer, sa Karlson. – Kvar skal eg sitte? 26
* – Karlson, eg har fått ein hund, sa Veslebror. – Han ligg der. Han heiter Bimbo. Veslebror peika på Bimbo som hadde sovna i korga si. – Jaså, det var jo fint, sa Karlson. – Fritt for den skiva … og … den … og den! – Det er forresten sant, sa han etter ei stund. – Eg har ei fødselsdagsgåve med til deg, for eg er den snillaste som finst! Fram frå bukselomma trekte han ei fløyte og rekte henne til Veslebror. – Den kan du bruke når du skal fløyte på hunden din. Astrid Lindgren
27
1
Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen, Lars Mæhle og Gro Ulland
Lesebok 1B
Nynorsk • 2. utgåve
Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.
Lesebok 1B Lesebok 1B er bygd opp tematisk rundt seks tema som alle er svært relevante for elevar på 1. trinn. Kvart kapittel presenterer eit variert tekstutval i forskjellige sjangrar og med ulik vanskegrad.
Parallelt med leseboka kan elevane jobbe med tekstar og oppgåver i Arbeidsbok 1. Leseboka finst òg i digital utgåve.
NYNORSK • 2. utgåve
Tekstane blir presentert i tre nivå, og kvar tekst er rikt illustrert. Dette gir alle elevar moglegheit til å kunne delta på eigne premissar. Tekstane i leseboka er henta fra både den nyaste barnelitteraturen og frå kjente klassikarar. I tillegg møter elevane igjen Sam, Ina og fleire andre kjente personar frå nabolaget Snippen.
Ordriket Lesebok 1B
1–7
Les meir på fagbokforlaget.no
ISBN 978-82-11-03559-2
,!7II2B1-adffjc!
Ordriket 1B Lesebok bm og nn.indd 2
03.09.2020 13:14