Ordriket 6A Elevbok NYN (2. utgave) (9788211038388)

Page 1

Christian Bjerke, Linda Evenstad Emilsen, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Elevbok 6A I elevbøkene for 6. trinn arbeider elevane med tema og tekstar med ulik vanskegrad og i ulike sjangrar. Kapitla er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket.

Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheteine. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga. Elevboka finst òg i digital utgåve. Supplerande oppgåver finst på ordriket.no og i kopioriginalane i lærarrettleiinga. Les meir på fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03838-8

NYNORSK • 2. utgåve

Leseriket øver leseferdigheitene. I tekstarbeidet kan elevane utforske og reflektere over fiksjon og verkelegheit, identitet, språk og kreativitet. Kvart kapittel har ein tydeleg lesestrategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing.

Ordriket Elevbok 6A

1–7

Elevbok 6A



Christian Bjerke, Linda Evenstad Emilsen, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Elevbok 6A


Copyright © 2022 by Vigmostad & Bjørke All Rights Reserved 2. utgåve / 1. opplag 2022 ISBN: 978-82-11-03838-8 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Grafisk design: C-Form, Cecilie Forfang Omslag: C-Form, Cecilie Forfang Omslagsillustrasjon: Marius Pålerud Denne boka er ein del av læreverket Ordriket 1–7. Verket dekker måla i læreplanen for norsk 1.–7. trinn etter LK20. Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland har mottatt støtte frå Det faglitterære fond. Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget Kanalvegen 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.


Velkommen til Ordriket!

Kjære 6.-klassing! Er du ein som er nysgjerrig på verda og korleis ting rundt deg fungerer? Likar du å bli dratt inn i fantastiske forteljingar, eller er du kanskje ein som synest det er meir spennande å lese om det som har skjedd i den verkelege verda? Kanskje du likar å leike med språk og formuleringar, eller vil du helst fordjupe deg i kunst, gatemåleri og fotografi? I Ordriket 6A får du lese og lære om alt dette. I tillegg til å lese og skrive tekstar skal du bli endå betre i språk og grammatikk i språkrika og få utfalde deg i talerika med høgtlesing, rollespel, diskusjonar og som reporter. Velkomen inn i Ordriket! Helsing forfattarane


Innhald

1

2

3

Leik med ord 7

Fri fantasi 55

Rett på sak 125

Ord og omgrep 8 Førebu deg 9 Fordjup deg 9

Ord og omgrep 56 Førebu deg 57 Fordjup deg 57

Ord og omgrep 126 Førebu deg 127 Fordjup deg 127

Leseriket 10 Lesestrategi: Beskriv det du ser for deg når du les 10

Leseriket 58 Lesestrategi: Still spørsmål til teksten 58

Leseriket 128 Lesestrategi: Lag tankekart 128

Taleriket 108 Rollespel 108

Taleriket 164 Munnleg reportasje 164

Språkriket 112 Verb 112 Svake og sterke verb 118

Språkriket 166 Substantiv 166 Substantiv med endinga -ing 169 Konkrete og abstrakte substantiv 170

Taleriket 40 Opplesing 40 Språkriket 42 Synonym og antonym 42 Homonym 43 Hyperonym 44 Å bruke ordbok 45 Skriveriket 50 Skrivestrategi: Skriv dikt ved hjelp av skriverammer 50 Dette vil eg samle på! 53

Skriveriket 120 Skriv ein fantasytekst med portal 120 Skrivestrategi: Skriv etter eksempeltekst 121 Dette vil eg samle på! 123

Skriveriket 174 Lag reportasje 174 Skrivestrategi: Skriv ut frå notat og stikkord 175 Dette vil eg samle på! 179


4 Blikk for bilde 181 Ord og omgrep 182 Førebu deg 183 Fordjup deg 183 Leseriket 184 Lesestrategi: Tokolonnenotat 184 Taleriket 202 Diskusjon 202 Språkriket 204 Kj-lyd 204 Sj-lyd 208 Skriveriket 212 Bildeanalyse 212 Skrivestrategi: Bruk hjelpespørsmål 212 Dette vil eg samle på! 217

5 Korleis ser ingenting ut? 219 Ord og omgrep 220 Førebu deg 221 Fordjup deg 221 Leseriket 222 Lesestrategi: Skriv nøkkelord 222 Taleriket 250 Lag ein enkét 250 Språkriket 252 Determinativ 252 Skriveriket 260 Lag ei spørjeundersøking 260 Dette vil eg samle på! 263 Stikkordregister 264 Litteraturutval 265 Bilde og illustrasjonar 266


66 KAPITTEL 4 – SERIØST?


1

Leik med ord • Kva vil det seie å leike med ord? • Korleis ser du leik med ord på bildet? • Ser du ulike ting på bildet som heiter det same? • Veit du om nokon som er gode til å leike med ord? Kven?

77


Leik med ord LESERIKET

TALERIKET

SPRÅKRIKET

SKRIVERIKET

Her skal du lese tekstar som leikar med ord, og skildre det du ser for deg når du les.

Her skal du lese dikt høgt og bruke stemma på ulike måtar.

Her skal du lære om kva ord betyr og det å bruke ordbok.

Her skal du skrive dikt ved bruk av skriverammer.

Å leike med ord vil seie at vi brukar ord på uvande og leikne måtar i språk og tekstar. Vi gjer det fordi det er morosamt, eller for å skape merksemd eller ettertanke hos lesaren. Vi kan leike med ord i alle slags tekstar, men i nokre sjangrar er det vanlegare enn i andre. For eksempel er dikt ein sjanger der det passar veldig godt å leike med ord og bruke ord på kreative måtar. Nokre gongar kan ord bety fleire ting. Andre gongar er orda sette saman på uventa og morosame måtar. Orda kan også vere sette opp på ein spesiell måte, då leikar forfattaren både med ord og forma på teksten, altså utsjånaden. På neste side ser du eit dikt. Korleis leikar forfattaren med ord i det diktet?

Ord og omgrep Leike med ord Dikt Ordbok Å vere kreativ

8

KAPITTEL 1 – LEIK MED ORD

→ bruke ord på morosame og uventa måtar → ein kort, kunstnarisk tekst som er skriven på vers → ei bok der du kan finne kva eit ord betyr, og annan informasjon om ordet → sette saman kjente ting på nye måtar


Førebu deg Korleis leikar forfattaren med ord i dette diktet?

Messe for Narve Splitter naken står Narve Nesset på Nordens største datamesse Narve synest folk bør forstå at alt skal vere trådlaust nå Niels Chr. Geelmuyden

Lag tre samansette ord av desse orda, og lag ei fantasiforklaring på kva dei betyr.

skole traktor

stjerne krokodille

gitar sykkel

båt

musikk krakk

okse

Eksempel: Oksekrakk er ein krakk som oksar kan sitte på.

Fordjup deg Lag eit spel der du skal setje saman så mange ord som mogleg. Klipp ut 29 lappar, og skriv alfabetet frå A til Å på dei. Spel med ein som også har laga 29 lappar. Legg lappane med bokstavsida ned. Ta tida. Sei klar, ferdig, gå, og snu alle lappane. De har fem minutt til å bruke så mange av bokstavane som mogleg til å setje saman ord. Orda kan gjerne gå på kryss og tvers av kvarandre. Den som brukar flest bokstavar, vinn.

9


B A

C

D

E

LESERIKET MÅL

Etter arbeidet med Leseriket skal du kunne • leike med ord på ulike måtar • beskrive det du ser for deg når du les

LESESTRATEGI LESESTRATEGI

Beskriv det du ser for deg når du les Når vi les, lagar vi samtidig mange bilde inne i hovudet vårt. Vi ser for oss menneska, stadene og tinga vi les om. Dette hjelper fantasien oss med. I dette kapittelet skal du beskrive bilda du får i hovudet ditt. Det kan du gjere ved å bruke ord eller teikne. Les gjerne teksten fleire gongar slik at du er sikker på at du forstår alle orda. Det kan vere spennande å samanlikne skildringane du lagar, med skildringane til dei andre i klassen. Ofte kan dei bli veldig ulike sjølv om teksten er den same.

10

KAPITTEL 1 – LEIK MED ORD


Ulykkelig baker Det bor en baker ved Ullensaker som aldri smaker på sine kaker. Han hiver deigen, for det står skrevet at man skal vente til den er hevet. Niels Chr. Geelmuyden

Her ser eg for meg ein bakar som står og kastar deig i ein søppelkasse mens han er lei seg.

Her ser du korleis teiknaren Finn Graff har sett for seg bakaren.

LESERIKET

11


12

KAPITTEL 1 – LEIK MED ORD


Eit spørsmål om glede Kva skal vi eigentleg med sukker? Ikkje er det sunt. Ikkje er det lurt. Ikkje er det bra for noko som helst. Men godt er det, berre lyden av sukker er godt, berre den søte lyden av søtt søtt sukker som knasar mellom tennene når eg seier ordet «sukker» mange gongar på rad. Sukker sukker sukker, berre høyr korleis det knasar av sukker mellom tennene, nam nam nam.

LES MEIR!

Gro Dahle

ORD I TEKSTEN

OPPGÅVER

1 a) Kva betyr ordet sunt? b) Skriv ei liste med ting som er sunt å ete. TENKE

2 Beskriv med ord kva du tenker på når du les diktet. 3 Kva tenker du på når du høyrer ordet sukker? Skriv fem ting du kjem på. 4 Kvifor trur du at diktet heiter «Eit spørsmål om glede»?

LESERIKET

13


Kåre med håret Hår kan vere eit problem, sjølv med spray og skum og krem. Berre sjå på Kåre-gut, han har nesten tatt seg ut for å få ein sveis som er kledeleg og mindre sær. Heilt frå han var liten knott var håret hans ein myrulldott. Grodde rett til vêrs frå kroppen, møttest i ein spiss på toppen. Hovudbotnen har ingen sett – håret veks så altfor tett. Ein gong mista mor ei full handlekorg i Kåres ull. Og til hennar store skrekk: Varene var borte vekk! Nedi håret til Kåre ho leitte, men berre brødet kom til rette.

OPPGÅVER

Då gjekk han til Frank Frisør og sa: – Ver så snill og gjer håret mitt litt meir normalt; mindre spisst og høgt og smalt! Frank han klipte og barberte, tynna, spraya og danderte. Kåre ønskte sideskil. Frank sleit hardt, og fekk det til. Men då neste morgon kom, Kåre-gut fekk spegelens dom: Håret var igjen som før – då gjekk han til ny frisør. Søkte råd hos Kruse-Kent, som befalte permanent. Og med raske tommeltottar gjekk han laus med papiljottar.

ORD I TEKSTEN

1 Her er bokstavane stokka om. Kva for eit ord er dette?

TOTRULLMYD HUGSE

2 Kva skjedde med handlekorga til mora? 3 Kva gjorde Kruse-Kent med håret til Kåre?

14

KAPITTEL 1 – LEIK MED ORD


Kent, det er frisøren sin! Kåre blei så fjong og fin, som ein liten sviskeprins (om den typen prinsar finst?). Men i nattas mørke gru – krøllene forsvann, uhu ... Håret til Kåre så fort og brått blei igjen ein myrulldott. Då sprang guten som ein vind raskt av stad til Føne-Finn, han kan trylle med gelé både fast hår og tupé.

Kåre var no heilt som ny; eplekjekk, ja, litt for kry? Kunne denne lykka vare?

Tupé: liten parykk

Berre vent, her kjem svaret:

Flanke: side

Håret til Kåre er ikkje skapt til å ligge flatt og slapt. No er Kåre som han var, men om sveisen er litt rar har han heldigvis forstått:

Manke: hår

Myrulldott er ganske flott! Anne Østgaard

Finn han slåst med Kåres manke. Føna det mot høgre flanke. La på voks og gelatin, superlim og vaselin.

TENKE

4 Beskriv med eigne ord kva du ser for deg når du les diktet. 5 I diktet har alle frisørane namn som passar til det å vere frisør, som Føne-Finn, Kruse-Kent og Frank Frisør. a) Lag tre namn som passar til det å vere snikkar. Eksempel: Sage-Simon b) Lag tre namn som passar til det å vere musikar. Eksempel: Kåre Klarinett

LESERIKET

15


Ein bakar – to dikt

Det bor en gammel baker Det bor en gammel baker på en bitte liten øy. Han er så lei av kaker og krem og syltetøy. Men han må sitte likevel og spise sine kaker selv. For han bor helt alene på en bitteliten øy. Når små og store båter går dampende forbi, da sitter han og gråter i sitt varme bakeri, og spiser loff og fattigmann, for ingen kunder går i land. Og han er helt alene på en bitte liten øy. 16

KAPITTEL 1 – LEIK MED ORD

Det var en gammel baker på en bitte liten øy. Han åt for mange kaker med krem og syltetøy. Forleden dag så satt han død midt i en haug av wienerbrød. Og nå bor ingen baker på en bitte liten øy. Inger Hagerup


Andre boller Retting til Inger Hagerups vers «Det bor en gammel baker» Det var en gang en baker på en øy i Kattegat. Han bakte søte kaker så melk og tårer skvatt Han spiste sine kaker selv for ingen kjøpte likevel. Det rare var at bakeren ble borte her en natt. Da morgensolen strålte så himmelen ble rød satt folk i båt og skrålte: «Hei, bakeren er død! Se, nå er øya helt forlatt han døde sikkert nå i natt. Det var jo synd, jeg likte godt den lukten av hans brød.»

De rimte om herr baker og snakket stygt om han: «Han åt for mange kaker og loff og fattigmann.» Men lurer du på hvor han er så skal jeg gi deg svaret her. Så hør på min historie, for den er faktisk sann. En natt satt han ved ruta i sitt lille bakeri. Da så han denne skuta som het Havets Poesi. En nittihesters hurtigbåt med hurtigbåters bråke-låt og oppi sto en dame som var ung og frank og blid.

LESERIKET

17


Hun ropte: «Kjære baker! Jeg har sett deg mange år du baker pepperkaker som en sann conquistador. Vel, hopp om bord, vis hva du kan jeg rømmer fra min slemme mann. Nå blir det andre boller, kan jeg kalle deg señor?» Så krysset de Atlanten som et flytebakeri. Og det er litt på kanten det jeg nå må få si. Men på en dønning ved Marseille så sank han ned på kne og frei slik bare nakne bakere i bakerhatt kan fri. Det var en gammel baker på en bitte liten øy. Han var så lei av kaker med krem og syltetøy. Nå bor han borti San Juan og steker taco på en strand. Så derfor: Ingen baker på en bitte liten øy. Ingvil H. Rishøi

18

KAPITTEL 1 – LEIK MED ORD


ORD I TEKSTEN

OPPGÅVER

1 Finn på eit kart: Kattegat, Marseilles og San Juan. TENKE

2 Beskriv det du ser for deg etter å ha lese desse to dikta. 3 Samanlikn dei to dikta. Kva er likt? 4 Samanlikn dei to dikta. Kva er den største forskjellen?

LESERIKET

19


Slips Slips. Smak på ordet. Slips. Er ikkje det eit pysete ord? Litt for enkelt og kort? Slips er jo langt og tøft! Det gjer mannen stolt, eit manneplagg. Eit skikkeleg stilig stykke tøy. Heng rundt halsen, blir med i valsen. Heng i knute, inne og ute. Pyntar opp hardhausen, samlar opp sausen. Slipset er kult! Kan det ikkje heite noko tøffare? Har du e i t f o r s l a g ?

OPPGÅVER

TENKE

1 Har du eit forslag til eit anna namn på slips? 2 Kvifor trur du forfattaren har valt å setje opp diktet slik han har gjort? 3 Tenk kritisk. Korleis kan ein smake på ord? 20

KAPITTEL 1 – LEIK MED ORD


på ndt u er

den måten? Plu

tsele

g ka

kal s

nd

nu rre se

ikte

t ve

re

bor

pa p

t dikt må su a l rr ti

i

o

dikt som på død og liv s

e kkj gi to ire

legge seg i ro. Kva er gr u n kan ne n

g

bl

lm va k r

v el a v gu

e s å nn

t på und gr

E

Snurresurr

ORD I TEKSTEN

te f

ør d

u fe k

k v i te at det

OPPGÅVER

1 Finn synonym til ordet uvel. 2 Finn antonym til ordet uvel. 3 Finn ord i ordet PLUTSELEG. TENKE

4 Diktet stoppar midt i ei setning. Skriv fortsetjinga og slutten på diktet.

LESERIKET

21


Røvarspråk Røvarspråk er eit kodespråk. Kodespråk kan vi for eksempel bruke dersom vi vil snakke hemmeleg med nokon utan at andre skal forstå det vi seier. Du snakkar røvarspråk ved at du legg til bokstaven o etter kvar konsonant. Samtidig legg du til den same konsonanten etter o. Du skal ikkje gjere noko med vokalane. Bokstaven g blir då til gog. Namnet Gro blir til Gogroro. Namnet Lena blir til Lolenona.

22

KAPITTEL 1 – LEIK MED ORD


Dodyror sosomom fofåror vovenononeror 2 Enon dodacochohsos vovedod nonavovnon Momaxox sostotøtotote boborortoti etot soslolagogsos ekoksosemompoplolaror sosomom hohetot Popaxox. «Hohei, dodu Popaxox!» roropoptote Momaxox. «Eror dodu ogogsoså enon dodacochohsos? Ogog hohvovororfoforor soseror hohalolenon dodinon utot sosomom enon sosakoksos?» «Nonei, dodu Momaxox,» sosvobarortote Popaxox. «Jojegog eror fofakoktotisoskok enon lolakoksos.» Ogog dodu vovetot: Nonå totilol dodagogsos eror dodetot momakoksosimomumom foflolakoksos nonåror enon dodacochohsos vovedod nonavovnon Momaxox bobloliror vovenonon momedod enon lolakoksos. Inongogvoviloldod Rorisoshohøi

TENKE

OPPGÅVER

1 Kva blir Per på røvarspråk? 2 Kva blir ditt eige namn på røvarspråk? 3 Kva blir Eg syklar fort på røvarspråk? 4 Gjer om teksten frå røvarspråk til vanleg språk. 5 Skriv ei melding til ein annan i klassen, bruk røvarspråk.

LESERIKET

23


Christian Bjerke, Linda Evenstad Emilsen, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Elevbok 6A I elevbøkene for 6. trinn arbeider elevane med tema og tekstar med ulik vanskegrad og i ulike sjangrar. Kapitla er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket.

Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheteine. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga. Elevboka finst òg i digital utgåve. Supplerande oppgåver finst på ordriket.no og i kopioriginalane i lærarrettleiinga. Les meir på fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03838-8

NYNORSK • 2. utgåve

Leseriket øver leseferdigheitene. I tekstarbeidet kan elevane utforske og reflektere over fiksjon og verkelegheit, identitet, språk og kreativitet. Kvart kapittel har ein tydeleg lesestrategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing.

Ordriket Elevbok 6A

1–7

Elevbok 6A


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.