Christian Bjerke, Linda Evenstad Emilsen, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland
Elevbok 6B
Copyright © 2022 by Vigmostad & Bjørke All Rights Reserved
2. utgåve / 1. opplag 2022 ISBN: 978-82-11-03842-5
Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Grafisk design: C-form Cecilie Forfang Omslag: C-form Cecilie Forfang Omslagsillustrasjon: Marius Pålerud Omsetjing til nynorsk: Totaltekst ved Vebjørn Sture
Denne boka er ein del av læreverket Ordriket 1–7. Verket dekker måla i læreplanen for norsk 1.–7. trinn etter LK20.
Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland har fått støtte frå Det faglitterære fond.
Spørsmål om denne boka kan rettast til: Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no
Materialet er verna etter åndsverkslova. Utan uttrykkeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.
Velkommen til Ordriket!
Kjære 6.-klassing!
Det finst mange slags forteljingar om tusser og troll, hekser og prinsesser. Kanskje du kan nokre allereie? I denne boka skal du lære endå fleire. Dessutan skal du lese tekstar som verkeleg får deg til å tenke på kva som er rett eller gale. Kanskje finst det ikkje noko ordentleg svar på det. Deretter må du halde deg fast i pulten, for då kjem det forteljingar som sitrar av spenning. Du lærer om film og om livet til ulike menneske, og du skal få fortelje dine eigne historier både gjennom film og tekstskriving. I tillegg skal du bli endå betre i språk og grammatikk når du arbeider med språkrika.
Helsing forfattarane
Innhald
6Fortel det vidare 7
Ord og omgrep 8 Førebu deg 9 Fordjup deg 9
Leseriket 10 Lesestrategi: Gjenfortel innhaldet i teksten 10
Taleriket 36 Å fortelje 36 Språkriket 38 Bokmål og nynorsk 38 Skriveriket 46 Moderne eventyr 46 Skrivestrategi: Skriv med utgangspunkt i ein annan tekst 48
Dette vil eg samle på! 49
Tenk sjølv 51
Ord og omgrep 52 Førebu deg 53 Fordjup deg 53
Leseriket 54 Lesestrategi: Skift synsvinkel 54
Taleriket 96 Argumenter for det du meiner 96 Språkriket 98 Subjunksjonar 98
Skriveriket 106 Meddikting 106 Skrivestrategi: Tenkeskriving 106
Dette vil eg samle på! 109
8
Sitrande spenning 111
Ord og omgrep 112
Førebu deg 113 Fordjup deg 113 Leseriket 114 Lesestrategi: Lesestopp –lag hypotesar 114
Taleriket 162 Opplesing 162 Språkriket 164 Adjektiv 164 Adverb 170 Skriveriket 172 Skriv ei kriminalforteljing med åstadskart 172
Dette vil eg samle på! 175
Film på programmet 177
Ord og omgrep 178 Førebu deg 179 Fordjup deg 179
Leseriket 180
Lesestrategi: Skriv refleksjonslogg 180
Taleriket 206 Respons 206
Språkriket 208 Pronomen 208
Skriveriket 214 Å lage film 214
Skrivestrategi: Skisse 215
Dette vil eg samle på! 219
Å lese eit liv 221
Ord og omgrep 222 Førebu deg 223 Fordjup deg 223
Leseriket 224 Lesestrategi: Lag tidslinje 224
Taleriket 256 Presentasjon 256 Kjeldebruk og kjeldeliste 257 Kriterium for ein god presentasjon 258
Språkriket 260 Stumme konsonantar 260
Skriveriket 266 Skriv ein biografi 266 Skrivestrategi: Lag tidslinje 266
Dette vil eg samle på! 269
Stikkordregister 270 Litteraturutval 272 Bilde og illustrasjonar 274
Fortel det vidare
• Kva ser du på bildet? • Kva forteljingar tenker du på når du ser bildet? • Er det nokon skilnad på å høyre ei forteljing og å lese ei? • Kva eventyr hugsar du namnet på?
Fortel det vidare
LESERIKET
Her skal du lese eventyr og andre forteljingar og gjenfortelje det du har lese.
TALERIKET SPRÅKRIKET
Her skal du øve på å framføre ei forteljing.
Her skal du lære om viktige skilnader og likskapar mellom bokmål og nynorsk.
SKRIVERIKET
Her skal du skrive eit moderne eventyr.
Forteljingar finst overalt, for eksempel på film, TV, spel og i bøker. Nokre forteljingar er nye, mens andre er gamle. Faktisk er mange av dei mest kjende forteljingane våre fleire hundre år gamle. Før folk lærte seg å skrive, blei desse gamle forteljingane fortalt frå person til person. Etter kvart blei forteljingane skrivne ned.
I dag møter vi desse forteljingane på nye og spennande måtar. For eksempel har eventyra om Oskeladden og mytane om dei norrøne gudane blitt til både filmar, dataspel og TV-seriar. Forteljingane blir formidla vidare fordi dei er morosame, spennande og lærerike, eller fordi dei knyter eit band mellom dykk som kjenner historia. Nokre gonger er forteljingane realistiske, andre gonger legg ein på litt ekstra for å få ei god historie.
Det at eventyra og dei andre forteljingane blei skrivne ned, gjer at vi ikkje gløymer dei. I dette kapittelet skal du få og øve på å fortelje nokre av desse forteljingane vidare til nye mottakarar, både munnleg og skriftleg.
Ord og omgrep
Forteljing → ei sann eller oppdikta historie Eventyr → ei oppdikta, fantasifull forteljing der det ofte skjer noko magisk, men som ikkje gir seg ut for å vere sann Myte → ei forteljing om noko guddommeleg Segn → ei oppdikta forteljing som gir seg ut for å vere sann, men som ikkje er det
Førebu deg
Lag ei liste over personar og andre skapningar du kjenner til som er med i eventyr og gamle forteljingar. Det kan vere både verkelege og overnaturlege skapningar.
Fordjup deg
I gruppe. Dramatiser eit av eventyra i Leseriket i dette kapittelet, eller vel dykk eit anna eventyr. Les eventyret godt og bli einige om roller. Prøv å lære eventyret så godt at de ikkje treng å bruke manus. Det gjer ikkje noko om de ikkje hugsar nøyaktig kva som står i teksten. De kan også velje å lage ein eigen vri på eventyret. Kva skjer viss den midtarste bukken blir eten av trollet? Korleis endar eventyret om dei tre bukkane Bruse då?
MÅL
LESERIKET
Etter arbeidet med Leseriket skal du kunne
• lese eventyr og forteljingar
• gjenfortelje innhaldet i tekstar du har lese
LESESTRATEGI
Gjenfortel innhaldet i teksten
I dette Leseriket skal du øve på å gjenfortelje tekstane du les. For å kunne gjenfortelje må du velje ein strategi for å hugse teksten. Du kan for eksempel skrive nøkkelord eller nøkkelsetningar, eller du kan lage teikningar til teksten. Det viktigaste er at du vel ein arbeidsmåte som får deg til å hugse mest mogleg av teksten, slik at du kan gjenfortelje så fritt som mogleg. Når du gjenfortel teksten, er det viktig å sjå på den du fortel til, og også tenke igjennom korleis du skal bruke stemma slik at du får merksemda til tilhøyraren. Teksten til høgre kan du gjenfortelje ved bruk av nøkkelorda vi har valt ut, og du kan også bruke teikninga til å hugse.
bjørn rev fisk hol i isen hale frose fast
Kvifor bjørnen er stubbrumpa
Bjørnen møtte ein gong reven, som kom luskande med eit knippe fisk han hadde stole.
«Kvar har du fått det frå?» spurde bjørnen.
«Eg har vore ute og fiska, herr bjørn!» svarte reven.
Då fekk bjørnen også lyst til å lære å fiske, og bad reven seie han korleis han skulle gjere det.
«Det er ein simpel kunst for deg», svarte reven, «og det lærer du fort. Du skal berre gå ut på isen, hogge deg eit hol og stikke halen nedi. Og så må du halde han der bra lenge. Du må ikkje bry deg om at det svir litt i han, det er når fisken bit, det. Jo lenger du kan halde han der, jo meir fisk får du. Og når du er klar, skal du rykke halen fort opp!»
Ja, bjørnen gjorde som reven hadde sagt, og heldt halen lenge, lenge nedi holet, til han var frosen heilt fast. Så rykte han til – så han gjekk rett av, og no går han der stubbrumpa den dag i dag.
Stubbrumpa: kort hale
OPPGÅVER
MYTAR
Nokre forteljingar blir kalla mytar. Ein myte er ei forteljing som handlar om gudar og menneske og forholdet mellom dei. Alle kulturar og religionar har kvar sine mytar. I Noreg kjenner mange forteljingane om dei norrøne gudane Tor og Odin. Også skapingsforteljinga og andre forteljingar i Bibelen blir kalla mytar.
Frå Trymskvida
1 Vreid var Ving-Tor då han vakna, og sin hamar han sakna.
2 «Høyr du no, Loke, kva eg no seier, som ingen veit anten på jorda eller i himmelen: Hamaren har dei stoli.»
ORD I TEKSTEN
1
a) Prøv å finne ut kva orda betyr ved å lese heile setninga dei står i.
b) Skriv utdraget frå Trymskvida så godt du kan med dine eigne ord.
Tor hentar hammaren
Ein morgon Tor vakna, var Mjølner borte. Han blei så rasande at skjegget rista. Hendene hans skalv då han famla etter hammaren.
Tor fortalde Loke det som hadde skjedd. Ingen andre måtte få vite noko, og Loke lovde å finne ut kor hammaren var. Derfor lånte han fjørhamen til Frøya og flaug til Jotunheimen. Der møtte han jotunen Trym, tussane sin konge, som sat og snodde gullband til hundane og stussa mana på hestane sine.
Då han såg Loke, spurde han korleis det stod til med æsene og alvane, og kvifor Loke kom aleine til Jotunheimen. Loke svarte at det stod riktig dårleg til, og spurde om det var Trym som hadde teke Tors hammar. Jo, det var han som hadde teke han, og han hadde gøymt han godt. Åtte mil under jorda låg han. Berre om han fekk Frøya til brud, ville han gi hammaren frå seg.
Med denne bodskapen flaug Loke tilbake til Åsgard. Der venta ein utolmodig Tor på tunet.
Loke fortalde Tor det som var skjedd, og så drog dei til Frøya for å overtale henne.
Ho blei så rasande at Brisingamen, det store smykket hennar, fall av henne. Sanneleg skulle ho vere gal etter mannfolk om ho gjekk med på det forslaget!
Dette likte ikkje Tor, men Loke overtalte han. Det var Heimdall som først tok ordet. Han foreslo at Tor skulle kle seg ut som brud. Med brudeslør, kvinneklede og Brisingamen på brystet skulle han gi seg ut for å vere Frøya.
Dette likte ikkje Tor, men Loke overtalte han. Om Tor ikkje henta hammaren, ville jotnane snart bu i Åsgard, åtvara han.
Så kledde dei Tor som brud, og Loke følgde med som brudepike. Bukkane blei spende for vogna, og det bar av stad i vill fart til Jotunheimen. Jorda flamma, og fjella rivna der dei fór fram. Då Trym forstod kven som kom, stelte han i stand til fest. Sveinane hans bar inn halm som dei la på benkane.
Mjølner: namnet på hammaren til Tor
Fjørhamen: klesplagg laga av fjør Æsene: gudane
Gå til tings: møtast for å bestemme viktige ting
Sveinane: tenarane
Mjød: øl
Tenk å få sjølvaste Frøya, Njords dotter frå Noatun, som brud. Trym hadde nok av gods og gull; det einaste han mangla, var Frøya.
Då kvelden kom og alle sat til bords, blei ølet skjenkt. Bruda tok for seg av maten. Ein heil okse, åtte laksar og alle slags søtsaker sette Tor til livs. Så tømde han tre tønner mjød. Trym undra seg over denne enorme matlysta:
Møy: jente
Kor såg du brud bite kvassare? Aldri såg eg brud bite breiare, eller møy drikke meir mjød enn denne.
Den snarrådige Loke forklarte at Frøya hadde lengta slik etter brudgommen at ho ikkje hadde klart å ete på åtte døgn. Trym bøygde seg fram og løfta på brudesløret. Han ville ha eit kyss av bruda si. Men blikket Tor sende, fekk han til å rygge bakover. Det var som om flammane stod ut av auga på han, så bistert var blikket.
Loke var ikkje svar skuldig denne gongen heller. Bruda hadde lengta slik etter å komme til Jotunheimen at ho hadde lege søvnlaus i åtte netter.
Men no skulle bruda viast med Mjølner, og Trym bad om å få hammaren boren inn og lagt i fanget hennar.
Hjartet lo høgt i brystet på Tor då han kjende hammaren. Først drap han Trym. Deretter knuste han alle jotnane. Slik fekk Odins son hammaren tilbake.
ØV Ein morgon Tor vakna, var hammaren hans borte. Han blei rasande. Tor fekk høyre at det var Trym som hadde tatt hammaren.
Tor kledde seg ut som brud for å lure Trym til å gi hammaren som gåve. Det blei bryllaup, og Tor fekk hammaren i fanget. Då drap han Trym. Slik fekk Tor hammaren sin tilbake.
Norrøn myte
OPPGÅVER
ORD I TEKSTEN
1 Bruk bibliotek eller internett til å finne ut:
a) Kva er Åsgard?
b) Kva er jotnar (oppslagsform: ein jotun)?
2 Finn synonym til orda vie og bistert. Bruk ordbok.
HUGSE
3 Kva heitte hammaren til Tor?
4 Kven var det Trym ville ha til brud?
5 Skriv nøkkelord eller nøkkelsetningar, eller lag teikningar til forteljinga. Gjenfortel til ein annan i klassen. Bestem deg for korleis du skal bruke stemma. Korleis høyrest Tors stemme ut?
TENKE
6 Kvifor trur du Tor ikkje likte at han skulle bli kledd ut som brud?
7 Les på side 12 kva ein myte er. Korleis kan du sjå at denne forteljinga om Tor som får tilbake hammaren sin, er ein myte?
SEGN
Ei segn er ei kort forteljing som kan handle om ulike ting. Mange handlar om korleis ting i naturen blei til. Andre fortel om livet til historiske personar. Segnene er gjerne både tid- og stadfesta. Dermed verkar dei truverdige. Likevel er dei eigentleg oppdikta. Det er lettast å sjå i segnene som handlar om overnaturlege vesen.
Segna om Jostedalsrypa
Da svartedauden gjekk i landet, var det mange av dei gjævaste slektene i Sogn som drog opp i Jostedalen. På den måten ville dei sleppe unna pesten. Der busette dei seg og bygde hus og rydda gardar. Dei hadde gjort den avtalen at folket nede ved fjordane ikkje måtte ta seg fram til dei før pesten var over. Ville nokon skrive til dei, måtte dei leggje breva sine under ein viss stein. Denne steinen har dei sidan kalla Brevsteinen. Under den kunne dei òg hente brev, dei som levde att nede ved sjøen. Steinen ligg tett attmed vegen frå Jostedalen til Luster.
Kor omtenksame og varsame dei enn var, kom svartedauden til Jostedalen også, og der fór pesten så hardt fram at alle strauk med, så nær som ei lita jente. Somme seier at det til nabosokna i Gudbrandsdalen kom sju bølingar med sine bjøllekyr. Ingen kom og lette etter dei, men det var somme som trudde at dei hørte til i Jostedalen. Gjorde dei det, stod det visst gale til der. Nokre folk drog over fjellet og ville finne ut korleis tilstanden var.
Husa stod tomme, og mange av dei døde var ikkje gravlagde. Folka fór gjennom heile dalen, men dei såg ikkje røyk frå ei einaste stue og fann ikkje eit einaste liv. Da dei kom til Mjelvesdalen, såg dei i nysnøen spor etter menneske. Dei følgde det, og på garden Bjørkahaug såg dei ei lita jente. Med det same ho merka dei, la ho på sprang inn i bjørkeskogen; men dei klarte å fange henne. Dei spurde henne om forskjellig,
Gjæv: fin
Pest: sjukdom Bøling: flokk
men ikkje skjønte ho dei og ikkje dei henne, så nær som nokre få ord: «Mor, vesle rypa.»
Dei fortel at da mor hennar døydde, sette ho mat igjen på bordet, putta veslejenta i ei seng kledd med fjør og stakk mat nedi der, så ho i alle fall ikkje skulle svelte i hel. Da dei fann henne, var det vakse fjør på henne.
Mennene tok henne med seg heim, og ho blei ei skikkeleg og bra jente. Somme fortel at ho blei gift og budde på Bjørkahaug, men fleire seier at ho busette seg på Runnøy i enden av Gaupnefjorden, der jostedølene kjører til sjøs. Dei kalla henne Jostedalsrypa, etter det mor hennar hadde sagt da ho stakk henne ned i fjørsenga. Og slekta hennar kalla dei Rypeslekta; det var gjæve og mektige folk. Denne slekta skulle ha det til merke framfor andre at ho hadde «fuglehold», det vil seie store opne sveittehol i huda etter den duna som hadde begynt å vekse på henne.
ØV
I Jostedalen budde det ei jente. Då svartedauden kom, sprang ho inn i skogen. Til folka som fann henne, sa ho berre nokre få ord. Desse orda var «Mor, vesle rypa». Då mor hennar døydde, la ho jenta i ei seng med fjør og stakk mat nedi senga.
Folk siger at jenta fekk fjør på kroppen. Ho blei kalla Jostedalsrypa.
Jostedøl: person frå Jostedalen
ORD I TEKSTEN
1 Kva er rett? Svartedauden var ein pest eit vikingskip ein type svart måling
HUGSE
2
Eit viktig nøkkelord i teksten er ordet rype. Kva hugsar du frå teksten når du høyrer dette ordet?
3 Kva var det som hadde vakse på jenta mens ho låg i senga?
TENKE
4 Kva synest du om segna? Var ho spennande, rar, kjedeleg, merkeleg eller noko anna? Grunngi svaret ditt.
Segna om Torghatten
I Nord-Noreg budde det for lenge sidan eit troll som heitte Hestmannen. Han var forelska i den vakre trollkvinna Lekamøya. Ho budde på Landego. Ein kveld såg Hestmannen at Lekamøya bada i sjøen ved Landego. Han måtte ha henne! Han sette seg på hesten sin og rei sørover for å fange henne. Det var midt på natta, for trolla blir til stein når sola skin på dei. Lekamøya prøvde å flykte frå Hestmannen. Ho sprang lenger og lengre mot sør. Då dagen nærma seg, var ho i nærleiken av Brønnøysund. Hestmannen forstod at han ikkje kunne fange Lekamøya før sola stod opp. Han la ei pil på bogen og ville skyte henne. Trolla i Brønnøysund såg at Hestmannen prøvde å skyte Lekamøya. Han slengde hatten sin etter henne for å redde henne frå pila til Hestmannen. Pila gjekk tvers gjennom hatten. Hatten fall ned ved Torgar. Akkurat då kom sola opp, og alle blei til stein, hatten også, med eit hol tvers igjennom. Det er Torghatten.
ORD I TEKSTEN
1 Finn Torghatten på eit kart. Kvar i Noreg er det?
HUGSE
2 Kva seier segna at fjellet Torghatten eigentleg er?
3 Korleis blei det hol i Torghatten, ifølge segna?
TENKE
4 Kva synest du om segna om holet i Torghatten? Likte du henne, eller likte du henne ikkje? Grunngi svaret ditt.
OPPGÅVER
EVENTYR
Dei mest kjende munnlege forteljingane blir kalla eventyr. Eit eventyr er ei fantasiforteljing som ofte har ein spesiell oppbygning. Dei blir ikkje tidfesta, men blir innleidd med «Det var ein gong». Deretter blir det presentert ei oppgåve som skal løysast, og det er nesten alltid den som er minst eller svakast, som klarer å løyse oppgåva. På vegen mot løysinga er handlinga gjerne tredelt, det vil seie at ein del av handlinga går igjen tre gonger. Talet 3 er ofte viktig i eventyra. Andre tal som går igjen, er 7, 9 og 12.
Ofte tenker vi på eventyr som noko urnorsk. Oskeladden og kjerringa og bjørnen og reven er ein viktig del av norsk kultur og natur. Men eventyr finst over heile verda, og viss du reiser til Asia, Afrika eller Amerika, vil du finne eventyr som liknar på dei vi kjenner i Noreg. Men i staden for bjørnen og reven møter du kanskje løva og sebraen. Men historia er ofte ganske lik.
Reven som gjetar
Det var ein gong ei kone som skulle ut og leige gjetar. Så møtte ho ein bjørn.
«Kvar skal du hen?» sa bjørnen. «Å, eg skal ut og leige meg gjetar», sa kona.
«Vil du ikkje ha meg til gjetar?» spurde bjørnen. «Jo, berre du kan lokke, så –» sa kona. «Hø-i!» sa bjørnen.
«Nei, deg vil eg ikkje ha», sa kona då ho høyrde det, og gjekk sin veg.
Då ho hadde gått eit stykke, møtte ho ein ulv.
«Kvar skal du hen?» sa ulven.
«Eg skal ut og leige meg gjetar», svarte kona. «Vil du ikkje ha meg til gjetar?» spurde ulven.
«Ja, kan du lokke, så –» sa kona. «Uh-uh!» sa ulven. «Nei, deg vil eg ikkje ha», sa kona.
Då ho hadde gått eit stykke til, så møtte ho ein rev.
«Kvar skal du hen?» sa reven. «Å, eg skal ut og leige meg gjetar», sa kona. «Vil du ikkje ha meg til gjetar?» spurde reven.
ØV
Det var ein gong ei kone som trong ein gjetar. Ho spurde bjørnen og ulven, men dei kunne ikkje lokke. Så spurde ho reven, og han kunne lokke. Han ville ho ha som gjetar. Men reven åt opp alle geitene hennar. Så åt han opp fløyten hennar. Kona blei så sint at ho kasta resten av fløyten på han. Og derfor har riven kvit haletipp.
Buskapen: dyra
«Jo, berre du kan lokke, så –» sa kona. «Dill-dall-holom!» sa reven, så grant og fint.
«Ja, deg vil eg ha til gjetar», sa kona, og så sette ho reven til å gjete buskapen.
Første dagen reven gjette, åt han opp alle geitene til kona. Den andre dagen gjorde han ende på alle sauene hennar, og tredje dagen åt han opp alle kyrne.
Då han så kom heim om kvelden, spurde kona kvar han hadde gjort av buskapen hennar.
Åa: bekken, elva Holtet: skogkledd bakke Kinna: laga smør
«Skallen er i åa og kroppen i holtet», sa reven. Ho stod nettopp og kinna, men ho syntest då ho likevel måtte sjå etter, og mens ho var borte, smatt reven ned i kinna og åt opp fløyten. Då kona kom heim igjen og fekk sjå det, blei ho så sint at ho tok den vesle fløyten som var igjen, og slo det etter reven, så han fekk ein skvett på enden av halen.
Og derfor har reven kvit haletipp.
OPPGÅVER
ORD I TEKSTEN
1 Bruk ordbok og finn ut kva orda betyr. gjetar grant holtet lokke
HUGSE
Norsk folkeeventyr
2 Skriv ei kort oppsummering av dette eventyret. Bruk maks fem linjer.
TENKE
3 Kvifor begynner eventyr med «Det var ein gong»?
4 Tenk kritisk. I eventyret står det at reven har kvit haletipp fordi han fekk fløyte på halen. Trur du det er sant? Grunngi svaret.
Tommeliten
Det var en gang en kone som hadde en eneste sønn, og han var ikke lengre enn en tommelfinger. Derfor kalte de ham også Tommeliten.
Da han var kommet til skjells år og alder, sa mor hans til ham at han skulle ut og fri, for nå syntes hun det var på tide han tok til å tenke på å gifte seg. Da Tommeliten hørte det, ble han glad. De fikk i stand kjøregreiene og reiste av gårde, og moren satte ham på fanget. De skulle reise til en kongsgård, der var det en stor prinsesse. Men da de hadde kommet et stykke på veien, ble Tommeliten borte. Hun lette lenge etter ham og ropte på ham, og gråt fordi han var borte og hun ikke kunne finne ham igjen.
«Pip, pip!» sa Tommeliten, han hadde gjemt seg i manen
Komme til skjells år og alder: bli vaksen
Bryte arten: forandre seg
på hesten. Så kom han frem, og så måtte han love at han ikke skulle gjøre det oftere.
Da de hadde kjørt et stykke til, så var Tommeliten borte igjen. Moren lette etter ham, og ropte og gråt, men borte var han.
«Pip, pip!» sa Tommeliten, og hun hørte han lo og kniste, men hun kunne slett ikke finne ham igjen. «Pip, pip, her er jeg, da!» sa Tommeliten, og kom frem av øret på hesten. Så måtte han love han ikke skulle gjemme seg oftere. Men da de hadde kjørt et stykke, så var han borte igjen. Han kunne ikke berge seg. Moren hun lette og gråt og ropte på ham, men borte var han, og borte ble han. Og alt hun lette, kunne hun ikke finne ham på noen vis.
«Pip, pip, her er jeg, da!» sa Tommeliten. Men hun kunne slett ikke skjønne hvor han var, for det låt så utydelig. Hun lette, og han sa «pip, her er jeg!» og lo og godtet seg fordi hun ikke kunne finne ham igjen. Men rett som det var, så nøs hesten, og så nøs den ut Tommeliten, for han hadde satt seg i det ene neseboret på den.
Moren tok ham nå og puttet ham i en pose, hun visste ingen annen råd, for hun kunne skjønne han ikke kunne bryte arten.
Da de kom til kongsgården, så ble det snart trolovelse, for prinsessen syntes han var en vakker liten gutt, og det varte ikke lenge før det ble bryllup heller.
ØV
Tommeliten var ikke større enn en tommelfinger. Han kunne gjemme seg overalt, fordi han var så liten. Han skulle gifte seg med en prinsesse. På vei til kongsgården måtte moren til Tommeliten putte ham i en pose for at han ikke skulle forsvinne. Men under bryllupsmiddagen druknet Tommeliten i grøtfatet.
Da de skulle til med middagen i bryllupsgården, så satt Tommeliten til bords ved siden av prinsessen. Men han var verre enn ille stelt, for da han skulle til å ete, kunne kan ikke nå opp til bordet. Og han hadde visst ikke fått matbiten, hadde ikke prinsessen tatt og hjulpet ham opp på bordet. Nå gikk det både godt og vel så lenge han kunne ete av
tallerkenen, men så kom det inn et stort grautfat, det kunne kan ikke nå opp i. Men Tommeliten visste råd, han satte seg på kanten. Men så var det et smørøye midt uti fatet, det kunne han ikke rekke, og så måtte han sette seg utpå kanten av smørøyet. Men rett som det var, kom prinsessen med en stor skje og skulle dyppe en dyktig grautbete i smøret, og så kom hun nær Tommeliten så han dumpet uti og druknet i smørøyet. Norsk folkeeventyr
ORD I TEKSTEN
1 Teikn ein hest med ei man på.
HUGSE
2 Kor liten var Tommeliten?
3 Kven gifta Tommeliten seg med?
TENKE
4 Tenk kritisk. To og to. Diskuter. Tommeliten drukna i smørauget fordi han sette seg for langt ut på kanten av grautskåla. Kva kan vi lære av det?
5 Skriv setningane ferdig:
Eg syntest det var rart at Tommeliten …
Eg likte ikkje at …
Eg syntest det var litt gøy at … Dette eventyret var …
Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.
Elevbok 6B
I elevbøkene for 6. trinn arbeider elevane med tema og tekstar med ulik vanskegrad og i ulike sjangrar. Kapitla er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket.
Leseriket øver leseferdigheitene. I tekstarbeidet kan elevane utforske og reflektere over fiksjon og verkelegheit, identitet, språk og kreativitet. Kvart kapittel har ein tydeleg lesestrategi som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing.
Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver.
Skriveriket øver skriveferdigheteine. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga.
Elevboka finst òg i digital utgåve. Supplerande oppgåver finst på ordriket.no og i kopioriginalane i lærarrettleiinga.
Les meir på fagbokforlaget.no
ISBN 978-82-11-03842-5