Ordriket 7A Elevbok NYN (2. utgave) (9788211038470)

Page 1

Christian Bjerke, Linda Evenstad Emilsen, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Elevbok 7A I elevbøkene for 7. trinn arbeider elevane med tema og tekstar med ulik vanskegrad og i ulike sjangrar. Kvart kapittel er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket.

Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheteine. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga. Elevboka finst òg i digital utgåve. Supplerande oppgåver finst på ordriket.no og i kopioriginalane i lærarrettleiinga. Les meir på fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03847-0

NYNORSK • 2. utgåve

Leseriket øver leseferdigheitene. I tekstarbeidet kan elevane utforske og reflektere over fiksjon og verkelegheit, identitet, språk og kreativitet. Kvart kapittel har eit utval med lesestrategiar som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing.

Ordriket Elevbok 7A

1–7

Elevbok 7A



Christian Bjerke, Linda Evenstad Emilsen, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Elevbok 7A


Copyright © 2022 by Vigmostad & Bjørke All Rights Reserved 2. utgåve / 1. opplag 2022 ISBN: 978-82-11-03847-0 Grafisk produksjon: John Grieg, Bergen Grafisk design: C-form Cecilie Forfang Omslag: C-form Cecilie Forfang Omslagsillustrasjon: Ketil Selnes Oversatt til nynorsk av Totaltekst ved Britt Høyland Denne boka er ein del av læreverket Ordriket 1–7. Verket dekker måla i læreplanen for norsk 1.–7. trinn etter LK20. Christian Bjerke, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland har fått støtte frå Det faglitterære fond. Spørsmål om denne boka kan du rette til: Fagbokforlaget Kanalveien 51 5068 Bergen Tlf.: 55 38 88 00 e-post: fagbokforlaget@fagbokforlaget.no www.fagbokforlaget.no Materialet er verna etter åndsverklova. Utan uttrykkeleg samtykke er eksemplarframstilling berre tillate når det er heimla i lov eller avtale med Kopinor.


Velkommen til Ordriket!

Kjære 7.-klassing! Alt du tenker kan du fortelje om ved å bruke språket ditt. Men har du tenkt på kva språk eigentleg er? Når vi uttrykker oss gjennom språket, kommuniserer vi saman. Vi blir kjent med kvarandre, og vi bruker språket for å halde kontakt. Visste du at vi har over 6000 ulike språk? Språket ditt kan fortelje mykje om kven du er og kvar du høyrer til. I Ordriket 7A skal du lære om både nabospråk, scenespråk og språklege bilde. Vi håper du blir nysgjerrig og vil lære meir om språk! Velkommen inn i Ordriket! Helsing forfattarane


Innhald

1

2

3

Kva er språk? 7

Språklege bilde 65

Gode naboar 113

Ord og omgrep 8 Førebu deg 9 Fordjup deg 9

Ord og omgrep 66 Førebu deg 67 Fordjup deg 67

Ord og omgrep 114 Førebu deg 115 Fordjup deg 115

Leseriket 10 Lesestrategiar 10 Lesetekstar 11

Leseriket 68 Lesestrategiar 68 Lesetekstar 69

Leseriket 116 Lesestrategiar 116 Lesetekstar 117

Taleriket 50 Presentasjon 50

Taleriket 100 Opplesing 100

Taleriket 148 Samisk 148

Språkriket 52 Setningsanalyse 52

Språkriket 102 Heilsetningar og leddsetningar 102

Språkriket 150 Konjunksjonar 150

Skriveriket 60 Lag ein brosjyre 60 Dette vil eg samle på 63

Skriveriket 108 Skriv ei novelle 108 Dette vil eg samle på 111

Skriveriket 158 Skriv ein saktekst 158 Dette vil eg samle på 161


4

5

Lik og del 163

På scena 221

Ord og omgrep 164 Førebu deg 165 Fordjup deg 165

Ord og omgrep 222 Førebu deg 223 Fordjup deg 223

Leseriket 166 Lesestrategiar 166 Lesetekstar 167

Leseriket 224 Lesestrategiar 224 Lesetekstar 225

Taleriket 206 Diskusjon 206

Taleriket 272 Rollespel 272 Publikum 275

Språkriket 208 Adverb 208 Skriveriket 216 Skriv ein argumenterande tekst 216 Dette vil eg samle på 219

Språkriket 276 Samskriving og særskriving 276 Skriveriket 282 Skriv ein dramatekst 282 Dette vil eg samle på 285 Stikkordregister 286 Litteraturutval 287 Bilde og illustrasjonar 288


6


1

Kva er språk? • Kva bruker menneska i bildet språk til? • Kva skriv journalisten? • Kven bruker språk til å tenke med? • Kva trur du det første ordet i verda var?

77


Kva er språk? LESERIKET

TALERIKET

SPRÅKRIKET

SKRIVERIKET

Her skal du lese og lære meir om kva språk er, og kva vi bruker språk til.

Her skal du lage ein presentasjon om eit språk.

Her skal du lære å analysere setningar.

Her skal du lage ein brosjyre om språk.

Plutseleg tenkte eg på ein ELEFANT! Og no tenker du også på elefant, ikkje sant? Er ikkje det stilig? Eg tenker på elefant, og så kan eg liksom flytte min tanke over til hovudet ditt berre ved å bruke språket og seie «elefant». Språk er nesten magisk. Men kvifor har vi språk? Og kvifor finst det så mange forskjellige språk i verda, og korleis blei språk funne opp? Og kva med skrift? Kven fann opp skrift? Har alle språk skrift, og blir alle språk skrivne likt? (Nei, det veit du kanskje allereie.) Dette er store og spennande spørsmål som du skal få utforske i dette kapittelet. Du skal også få lære om korleis språk også har familiar, og om det vi kallar for språktre. Visste du at for eksempel norsk og svensk er i slekt? Men også norsk og engelsk er i slekt. Ja, til og med norsk og russisk er i slekt, men det er langt ut i slekta. Som du skjønner, er dette eit skikkeleg språkete kapittel der du skal lære mykje meir om språk. Du skal få undre deg mykje!

Ord og omgrep Talespråk Skriftspråk Lånord Språktre Å formulere seg 8

KAPITTEL 1 – KVA ER SPRÅK?

→ → → → →

når vi bruker språk til å snakke og lytte når vi bruker skriftsystem til å skrive og lese ord vi bruker i norsk som vi låner frå andre språk ein måte å vise korleis språk er i slekt på å seie eller skrive noko


Førebu deg Gå på språkjakt I gruppe. Kva språk finn de på skolen? Leit på plakatar, skilt, tavler, i bøker og andre stader. Bruk også øyra: Kva språk høyrer du? Høyrer de musikk eller nokon som snakkar? Ta bilde av det de finn.

Fordjup deg Lag ein språkvegg i klasserommet I gruppe. Skriv ei liste med alle språka de veit om. Prøv å finne ut korleis ein seier «hei», «ha det» og tel til tre på så mange som mogleg av dei forskjellige språka. To og to. Vel eitt av språka. Lag ein plakat som viser fram språket. Fyll inn fakta om språket. Heng alle plakatane på ein vegg og lag ein språkvegg. Kor mange forskjellige språk har de på veggen?

Hei

你好

Habari

Привет

‫ًالهأ‬

9


B A

C

D

E

LESERIKET MÅL

Etter arbeidet med Leseriket skal du kunne • • • •

lese tekstar som handlar om språk vite kva eit språktre er forklare og bruke orda talespråk, skriftspråk og lånord nokre kjenneteikn på talespråk og skriftspråk

Alfabetdiktet ingen hugsar Forstår du språket i diktet?

Kvifor trur du dette er eit alfabetdikt?

Avadro bi cvirdo dvang. Esv fyis gvadere hrang. Iarji jirji ki larg Miritti nilliti ovatt pvatt? Qvilje raviljo svaddi tvatt! Urada, vriditi, wvrodso xi yrirto Zrad? Æærad! Øøradi! Å …?

Er dette eit språk?

Kan du lese dette diktet høgt? Pass på teiknsettinga.

LESESTRATEGI

I dette kapittelet møter du desse lesestrategiane: • vel nøkkelord • lag tankekart • lag venndiagram

10

KAPITTEL 1 – KVA ER SPRÅK?


LESERIKET

11

b) Veit du om andre språk som har desse orda? 1 a) Er det nokre ord du saknar i det norske språket? TENKE

OPPGÅVER

Svar: Hallo! Alle språk er rike, og då er heller ingen språk fattige. Kva er det fattigaste språket i verda? Svar: Alle språk er rike. Kva er det rikaste språket i heile verda? Svar: Tja, ganske mykje vil eg seie. Eller kva trur du?

Kor mykje er eit språk verdt?

Svar: Alle språk er like mykje verde. Kva er det mest verdifulle språket i heile verda? Svar: Alle språk er like lette og like vanskelege, men dei er det på forskjellige måtar. Kva er det vanskelegaste språket i heile verda?

Svar: Det veit ikkje denne forfattaren svaret på. Veit du?

Kva for eit språk har flest ord for snø? Svar: Ingen språk har ord for alt, men alle språk kan lage nye ord for alt dei treng ord for. Har alle språk ord for alt i heile verda? Svar: Oi, det er eit vanskeleg spørsmål! Kva trur du? Kva er eit språk?

Quiz


12

KAPITTEL 1 – KVA ER SPRÅK?


Menneske, språk og menneskespråk Du er eit menneske, og du kan språk. Mest sannsynleg bruker du også språk kvar dag og kanskje nesten heile dagen. Har du nokon gong tenkt på alt du kan gjere fordi du har språk? Du kan for eksempel bestille deg ein milkshake. Du kan lure veslebror din til å gi deg alt godteriet sitt (om du har ein veslebror, då). Du kan uttrykke smerte ved å rope «Æuow!». Du kan lære noko nytt ved å lese ei bok. Du kan til og med skrive brev til framtida. Alt dette kan du gjere ved å bruke språk. Men dette kunne du ikkje då du blei fødd, for då kunne du ikkje snakke. Du kunne i alle fall ikkje snakke med ord som andre menneske forstod. Språket har vakse fram i deg samtidig som du har vakse opp. Først babla du litt som baby, og så sa du kanskje nokre få ord, før du seinare begynte å sette saman fleire ord for å uttrykke meir meining. Men kanskje sa du orda på ein litt annleis måte og i ei uvanleg rekkefølge. Du har kanskje sjølv høyrt små barn som lærer norsk, seie ting som «æ ikkje ete mat» eller «æ gådde heim». Måten vi snakkar på, utviklar seg etter kvart som vi blir eldre, heilt til vi snakkar slik som dei fleste andre rundt oss. Eller rettare sagt: som dei fleste andre menneske rundt oss snakkar. Forskarar meiner at menneskespråket er meir avansert enn språket til alle kjente dyreartar. Om det er sant eller ikkje, så er uansett menneskespråket temmeleg komplisert.

Avansert: vanskeleg Komplisert: vanskeleg

ØV Du er eit menneske. Du har språk. Du bruker språket til mange forskjellige ting. Du hadde ikkje språk då du blei fødd. Men då du blei eldre, lærte du språk. Det finst 6000–7000 språk i verda.

LESERIKET

13


Vi kan for eksempel lage uendeleg lange setningar: Eg les bøker. Eg les bøker om språk. Eg les bøker om språk mens eg ligg på senga. Eg les bøker om språk mens eg ligg på senga som mamma bygde til meg i fjor. Eg les bøker om språk mens eg ligg på senga som mamma bygde til meg i fjor fordi … Slik kan vi fortsette i det uendelege. Men til slutt blir setningane for lange til at vi klarer å hugse dei, då. Men korleis blei språk til? Og kvifor finst det så mange språk i verda? Det kan vi eigentleg ikkje vite. Vi kan berre gjette oss til det. Kanskje det var ei lita jente som plutseleg såg ein sabeltiger springe mot far sin, og ho liksom berre ropte «Pappa, pass deg, det kjem ein diger sabeltiger og tar deg!» Og faren snudde seg fort rundt og såg med det same tigeren hoppe fram for å angripe han, men i siste liten klarte faren å køyre det sylspisse spydet sitt inn gjennom halsen og hovudet på dyret, så det fall dødt om med ein gong. Eller kanskje det var nokon som stakk seg på spydet sitt og ropte «Aaauu!»? Uansett korleis språk oppstod, har det i alle fall skjedd mykje på språkfronten, og i dag reknar ein med at det finst mellom 6000 og 7000 språk i verda. Men i dag held mange språk på å døy ut, og mange språk er allereie utdøydd, så det blir berre færre og færre språk i verda. 14

KAPITTEL 1 – KVA ER SPRÅK?


ORD I TEKSTEN

OPPGÅVER

1 To og to. Lag tankekart med ordet språk. 2 Kva betyr det at språket veks fram? 3 Kva betyr det at eit språk har døydd ut? 4 Lag eit likt skjema og fyll det ut. Kva visste du frå før?

Kva var annleis enn du trudde?

Kva nytt har du lært?

Var det noko du ikkje forstod, eller noko du lurer på?

HUGSE

5 Kva betyr det at menneskespråk er uendelege? 6 Kor mange språk finst i verda i dag? TENKE

7 a) Kva er typisk for måten du snakkar på? Snakkar du på same måte som vennene dine? b) Snakkar du annleis saman med vennene dine enn når du er saman med familien din? 8 Kva trur du var det første ordet som blei sagt? Skriv ei kort forteljing om då det første ordet i verda blei sagt. 9 Tenk kritisk. Snakk saman. Når kan ein eit språk? For eksempel: Om du kan telje til ti på eit språk, kan du det språket då?

LESERIKET

15


Slektstrea til språka

16

KAPITTEL 1 – KVA ER SPRÅK?


LESERIKET

17


Oppstod: blei til

Opphav: utgangspunkt Slektstre: viser kven som er i familie med kven

18

Vi veit ikkje kva som var det første ordet som blei sagt, og vi veit heller ikkje korleis språk oppstod. Men vi veit at ikkje alle språk i verda oppstod samtidig. Truleg har språk oppstått på ulike stader i verda til litt ulike tider. Dei første språka har så blitt delt inn i fleire nye språk. Og seinare blei dei nye språka delt inn i endå fleire språk, og så vidare. Derfor har vi så mange språk i verda i dag. Vi deler språka inn i ulike språkfamiliar. Ein språkfamilie vil seie ei gruppe språk som stammar frå eitt og same språk. Språka i ein språkfamilie er derfor i slekt. Å vere i slekt betyr at ein har eit felles opphav, altså at ein kjem frå det same. Slik ein lagar slektstre for menneske, kan vi også lage slektstre for språk. Det kallar vi språktre. På førre side såg vi to språktre: Eitt for den indoeuropeiske språkfamilien og eitt for den uralske språkfamilien. Norsk har vakse ut frå det indoeuropeiske språket. Andre språk som stammar frå indoeuropeisk, er dansk, svensk, islandsk og færøysk. Desse språka liknar mykje på kvarandre. Ser vi på språktreet, ser vi også at dei sit tett saman på same grein. Hindi, romani, persisk, polsk, litauisk, engelsk, spansk, gresk, walisisk og mange fleire er også indoeuropeiske språk. Desse er også i slekt med norsk, men dei sit på andre greiner. Norsk er ikkje like nært i slekt med desse språka. Samiske språk har vakse ut frå det uralske språket. Mange snakkar om samisk som eitt språk, men på greina som heiter samisk, ser vi at det er heile åtte samiske språk. Desse er igjen delt inn i to grupper: vestsamiske og austsamiske språk. Nokre gonger er det enkelt å forstå at språk er i slekt, fordi dei liknar på kvarandre, sånn som norsk og svensk. Men andre gonger kan det vere vanskeleg å skjønne at språk er i slekt, fordi dei er så ulike. Det er litt som med menneske i ein familie. Nokre slektningar er like, og det er lett å sjå at dei er i familie. Andre slektningar liknar ikkje på kvarandre i det heile.

KAPITTEL 1 – KVA ER SPRÅK?


ORD I TEKSTEN

OPPGÅVER

1 Skriv nøkkelord frå teksten. 2 Lag ordkart med eitt av nøkkelorda du har valt ut. Forklaring

Teikning

Bruk ordet i ei setning

3 Kva betyr det at språk er i slekt? HUGSE

4 Kva for språkfamilie høyrer norsk til i? TENKE

5 Sjå på språktrea. Kva språk er nærast norsk? 6 Sjå på språktrea. Kva for større og mindre greiner høyrer norsk til? 7 Sjå på språktrea. Kor mange samiske språk finst det?

LESERIKET

19


Kva språk er i slekt? Norsk

Engelsk

Tysk

Fransk

Russisk

Finsk

ein

one

ein

un

odin

yksi

far

father

vater

pére

otets

isä

mor

mother

mutter

mére

mat

äiti

namn

name

name

nom

imya

nimi

månad

month

monat

mois

mesyats

kuukaus

dag

day

tag

journée

den

päivä

venn

friend

freund

ami

drug

ystävä

hus

house

haus

maison

dom

talo

fisk

fish

fisch

poisson

ryba

kalastaa

hovud

head

kopf

tête

golova

pää

mjølk

milk

milch

lait

moloko

maito

sko

shoe

schuh

chaussure

tuflya

kenkä

veg

road

strassβe

route

doroga

teie

OPPGÅVER

TENKE

1 To og to. Sjå på orda. Kva språk liknar på kvarandre? Korleis liknar språka på kvarandre? 2 To og to. Finn ut kva språkfamiliar alle språka høyrer til. Ikkje alle språk høyrer til den indoeuropeiske språkfamilien. 3 To og to. a) Prøv å finne ut kva buss, kjærleik, datamaskin, kaffi, telefon og sykkel er på dei forskjellige språka. Bruk ordbøker. b) Tenk kritisk. Snakk saman. Kvifor er det nokre ord som liknar kvarandre på alle språka? 20

KAPITTEL 1 – KVA ER SPRÅK?


Tekstmeldingar på færøysk Hey mamma, nær eta vit døgurða í dag? Um 5-tíðina. Hvat hugsar tú um? Nei, eg og Guðrið ætlaðu kanska at fara oman í svimjihøllina … Ok, men kunnu tit ikki bara koma her aftaná? So goymi eg mat til tykkum. Hugnið tykkum! Taaaaaaakk!

ORD I TEKSTEN

OPPGÅVER

1 Les tekstmeldingane. Kva handlar tekstmeldingane om? 2 Kven er det som skriv tekstmeldingar til kvarandre? 3 Omsett så mykje du klarer, til norsk. TENKE

4 På kva måtar liknar færøysk på norsk, og kva er ulikt? Samanlikn dei to språka i eit venndiagram.

LESERIKET

21


Kva bruker vi språk til? Vi kan bruke språk til nesten kva vi vil, og vi har forskjellige måtar å bruke språket på. Vi kan for eksempel snakke eit språk. Talespråk er orda vi bruker om det å snakke eit språk. Ein kan snakke eit språk ved å lage teikn med hendene, som er det ein gjer når ein snakkar teiknspråk, eller ein kan snakke eit språk ved å bruke pusten til å lage lydar i halsen, nasen og munnen. Talespråket gir oss moglegheiter til å bruke språket saman med andre, på ein rask og enkel måte. Om vi misforstår noko eller ikkje høyrer kva som blir sagt, kan vi berre seie «hæ?», og så får vi høyre om igjen kva som blei sagt. Når vi bruker talespråk, og vi er saman med andre, kan vi også bruke kroppsspråk for å understreke kva vi meiner. Og vi kan bruke måten vi snakkar på, til å kommunisere meir enn det orda betyr. For eksempel kan vi snakke høgt eller lågt og med store eller små bevegelsar. Tenk deg korleis det hadde vore om vi ikkje hadde talespråk. Det hadde vore slitsamt og masete! Alt ville tatt mykje lengre tid! Men det er også fint å ha skriftspråk. Skriftspråk vil seie at eit språk har eit eige skriftsystem. Vi bruker bokstavar og teikn til å kommunisere med.

ØV Når vi snakkar, kallar vi det talespråk. Når vi skriv, bruker vi teikn og bokstavar. Dette kallar vi skriftspråk. Ikkje alle språk har eit eige skriftspråk. Norsk har to skriftspråk. Det er litt spesielt.

22

KAPITTEL 1 – KVA ER SPRÅK?


Med skriftspråket kan vi kommunisere med menneske som er på ein annan stad og på eit anna tidspunkt enn oss, utan å vere avhengige av moderne opptaksutstyr. Når vi skriv, bruker vi språket på ein annan måte enn når vi snakkar. Ofte må vi forklare meir fordi lesarane er ein annan stad enn oss og ikkje har moglegheit til å spørje om igjen om dei misforstår noko. Vi bruker også ofte andre ord og lengre setningar. Ein ting som er veldig bra med skriftspråk og tekstar, er at vi kan gå tilbake i teksten om vi er usikre på noko. Det er mange språk i verda som ikkje har eigne skriftsystem, men for norsk har vi det, og vi har til og med to ulike system: bokmål og nynorsk. Det er litt spesielt, faktisk. Det er ikkje så mange språk i verda som har to skriftspråk.

ORD I TEKSTEN

Opptaksutstyr: utstyr som vi bruker til å ta opp lyd eller filme

Skriftsystem: symbol vi bruker til å skrive med

OPPGÅVER

1 Kva betyr å kommunisere? Lag eit tankekart med å kommunisere i midten. Skriv synonym rundt. HUGSE

2 Lag eit venndiagram og vis likskapar og ulikskapar mellom talespråk og skriftspråk. 3 Kva er spesielt med norsk skriftspråk? TENKE

4 Hender det at du skriv på ein munnleg måte? Når? 5 Hender det at du snakkar på ein meir skriftleg måte? Når?

LESERIKET

23


Christian Bjerke, Linda Evenstad Emilsen, Marit Midbøe Hagen og Gro Ulland Nynorsk • 2. utgåve

Ordriket er eit prisvinnande norskverk for heile barnetrinnet. Verket legg opp til eit systematisk arbeid med dei grunnleggande ferdigheitene, samtidig som det fremmer leselyst og leseglede.

Elevbok 7A I elevbøkene for 7. trinn arbeider elevane med tema og tekstar med ulik vanskegrad og i ulike sjangrar. Kvart kapittel er delt inn i fire rike: Leseriket, Taleriket, Språkriket og Skriveriket.

Taleriket gjennomgår og øver munnlege ferdigheiter. Språkriket inneheld grammatikk- og rettskrivingsoppgåver. Skriveriket øver skriveferdigheteine. Kvart kapittel presenterer ein skrivestrategi som lettar arbeidet med skrivinga. Elevboka finst òg i digital utgåve. Supplerande oppgåver finst på ordriket.no og i kopioriginalane i lærarrettleiinga. Les meir på fagbokforlaget.no

ISBN 978-82-11-03847-0

NYNORSK • 2. utgåve

Leseriket øver leseferdigheitene. I tekstarbeidet kan elevane utforske og reflektere over fiksjon og verkelegheit, identitet, språk og kreativitet. Kvart kapittel har eit utval med lesestrategiar som skal trene elevane i kritisk og analytisk lesing.

Ordriket Elevbok 7A

1–7

Elevbok 7A


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.