5 minute read

FK satser på landbruksbygg

Slik satser Felleskjøpet på landbruksbygg

• Med nye samarbeidspartnarar tilbyr Felleskjøpet no alle typer landbruksbygg over heile landet. Felleskjøpet kan ta hand om alt, men du kan også finne mellomløysingar med lokale firma i lag med Felleskjøpet. • – Dann deg eit framtidsbilete av drifta fem til ti år fram i tid før du set i gong med ny driftsbygning, råder Karl Arne Leivestad i Felleskjøpet.

Advertisement

Tekst og foto: Håvard Simonsen

–Felleskjøpet inngjekk i fjor samarbeidsavtaler med entreprenørane Steinar Myhre og MidtNorsk Bygg og Eiendom om oppføring av landbruksbygg. Avtalen med Gråkjær er sagt opp, men samarbeidet med det danske selskapet fortsett på uformelt grunnlag.

Samstundes har Felleskjøpet sjølv flytta

FKA Bygg og innendørsmekanisering til landbruksdivisjonen i konsernet.

– Felleskjøpet utviklar ein bygg og prosjektorganisasjon for planlegging og sal av driftsbygningar til alle produksjonar og dyreslag. Det inneber at vi tek ansvar for prosjektgjennomføring, montering og oppføring. Saman med samarbeidspartnarar ynskjer vi å bli ein landsdekkande aktør innan landbruksbygg. I dette ligg det også at vi vil sikre gode leverandør og samarbeidsavtaler for kundane, seier avdelingsleiar for bygg og planlegging, Karl Arne Leivestad.

Tilbyr alt

Leivestad fortel at Felleskjøpet kan tilby alt i eit prosjekt, fra planlegging og prosjektering med byggesøknad på vegne av kunden til kalkulasjon av bygget, levering av materialar og oppføring. Og Felleskjøpet kan vere prosjektleiar.

– Dei første kundane har kontakt med i eit byggeprosjekt, er imek seljarane våre. Saman med dei vert det gjort ei behovsanalyse for å klarleggje kva kunden ynskjer av bygg og materialer. Etter dette blir prosjektet meldt inn til FKA Bygg, forklarar Leivestad.

Felleskjøpet sin leveranse består i hovudsak av overbygget, men gjennom samarbeidspartnarar kan ein også tilby pris på betongarbeider.

– Vi kan saman med leverandørar og samarbeidspartnarar tilby bygg i alle materialer – tre, betong og stål, med dei variasjonar og kombinasjonar som er ynskjeleg, seier Leivestad.

Lokale entreprenørar

Leivestad viser til at også lokale entreprenørar vil vere ein god match med Felleskjøpet.

– Det at Felleskjøpet kan prosjektere og stå ansvarleg for leveransar av bondens bygg, samstundes som lokale entreprenørar og snekkarar vert nytta til oppføringa, er god utnytting av kompetanse og ressursar. Mindre lokale entreprenørar har ofte ikkje eiga prosjektavdeling og må då kjøpe slik teneste. Dette gjer at dei ikkje vert nytta i samband med oppføring av landbruksbygg. Men ved at Felleskjøpet engasjerar dei som underentreprenørar, vil dei få ferdig prosjektert underlag og kunden vil kunne nytte lokale ressursar. I Felleskjøpet er vi opptekne av at kundane skal ha ein slik moglegheit, sier Leivestad.

Ansvar og risiko

– Det kunden må hugse på i samband med val av entreprise og entreprenør, er ansvar og risiko. Dei fleste byggeprosjekta i landbruket vert gjennomført som delt entreprise med kunden som ansvarleg søkar, då mange av prosjekta er under 1 000 m2. I slike tilfeller er det kunden sjølv som har koordineringsansvaret mellom dei ulike faga og er ansvarleg for innkalling til byggemøter og referater etter dei. Alternativet er å velge totalentreprise, der hovedentreprenøren stiller med byggeleder og er ansvarleg for samordning av fag og framdrift, sier Leivestad.

Råd til dei med byggeplanar

– Kva er dine råd til dei som går med byggeplanar?

PLANLEGG: – Tenk gjennom korleis drifta på garden vil vere om 5-10 år før du bygger, og bruk god til på planlegging, råder Karl Arne Leivestad i Felleskjøpet.

i dag, må mange auka både kvote og areal for å kunne realisere investeringa. Oppbygginga av ressurgrunnlag og besetning må difor starte mange år før ein tenkjer investere i ny driftsbygning. Då er det lurt å danne seg eit framtidsbilete av bruket og kva situasjon ein er i om 510 år og planleggje ut frå det, understrekar Leivestad.

Han oppmodar til å vurdere kva nytteverdi eksisterande bygningsmasse kan ha og sjå kostnaden til påbygg og ombygging opp mot framtidig behov for vedlikehald.

– Bruk god tid på planlegging. Ta del i fagmøter og sjå på bygg som er i drift. Slik kan ein danne seg eit inntrykk av kva ein likar og ikkje likar, seier han.

– Utarbeid driftsplan slik at ein veit rammene for driftsopplegget før ein går i gang med utforminga av planløysing og bygg. Det gjer at ein kjenner sitt økonomiske handlingsrom, og ein kan vere meir konkret i planleggingsfasen med tanke på val og prioriteringar, seier Leivestad. Han rår til å investere i prosjekt eller byggeleiar og bruke planleggjarar berre som diskusjonspartnarar. Han åtvarar mot å leggje for mykje eigeninnsats i byggeprosjektet. Til sist meiner Leivestad ein bør planleggje slik at det er mogleg å utvide i framtida, og om mogleg etablere driftstunet adskilt frå botunet.

Venter vekst

Landbruksbygg utgjer ein tredjedel av bygningsmassa i Noreg og som følgje av nye forskriftskrav vil eit stort tal fjøs ha behov for fornying dei kommande åra,

– Alt ligg difor til rette for at det vert stor byggeaktivitet i åra som kjem. Dette gjeld spesielt innafor mjølkeproduksjonen, der lausdriftskravet trer i kraft frå 2034 og også krav knytt til båsfjøs som trer i kraft frå 2024. Det gjeld krav til kalvings og sjukebinge, utlastingsrampe og auka krav til mosjon og beiting. Det er også venta ein auke i byggeaktivitet innafor svinenæringa. Her har det vore liten aktivitet dei siste 15 åra og mange treng fornying i produksjonsapparat og bygningsmasse. Vi ser også ein aukande etterspørsel etter ammekufjøs, plantørker og reiskapshus, og forventar vekst også innafor desse områda, seier Leivestad.

Kor og korleis samarbeider Felleskjøpet med andre?

I tillegg til Felleskjøpet sin eigen aktivitet innafor bygg og innendørsmekanisering, har Felleskjøpet samarbeidsavtalar med fleire leverandørar. Her er ein oversikt over kva Felleskjøpet tilbyr saman med sine partnarar.

FKA Bygg:

• Leverer og setter opp trebygg og stålbygg på Austlandet. • Leverer og setter opp trebygg på

Vestlandet. • Leverer byggesett i heile

Felleskjøpet Agri sitt område. • Koordinerer leveransen mot andre fag, som betong, El og VVS der det er ønskeleg.

Steinar Myhre

• Betongentreprenør med virkeområde i Innlandet, Møre og

Romsdal, Trøndelag og Nord-Norge. • Leverer betongvegger innanfor samme områder som over. • Brukar underentreprenørar på tretakstolar, overbygg i tre og sandwich-løysingar.

Midt-Norsk Bygg og Eiendom

• Leverer og setter opp stål- og sandwichbygg i heile Felleskjøpet

Agri sitt område (landsdekkande).

Gråkjær

• Avtalen mellom Felleskjøpet og Gråkjær er sagt opp, men alle påbegynte og kontraherte prosjekter ferdigstilles i tråd med samarbeidsavtale. • Gråkjær har sjølv ansvaret for garantiar og reklamasjonar ovanfor dei kundane dei har bygd for. • Gråkjær vil fortsette som samarbeidspartnar, men utan formalisert avtale med Felleskjøpet.

Andre entreprenørar

• FKA vil benytte andre, ofte lokale, entreprenørar på prosjekter som ikkje kan utførast av prioriterte samarbeidspartnarar.

This article is from: