LANDBRUKSBYGG
Slik satser Felleskjøpet på landbruksbygg • Med nye samarbeidspartnarar tilbyr Felleskjøpet no alle typer land bruksbygg over heile landet. Felleskjøpet kan ta hand om alt, men du kan også finne mellomløysingar med lokale firma i lag med Felleskjøpet. • – Dann deg eit framtidsbilete av drifta fem til ti år fram i tid før du set i gong med ny driftsbygning, råder Karl Arne Leivestad i Felleskjøpet. Tekst og foto: Håvard Simonsen
–F
elleskjøpet inngjekk i fjor samarbeidsavtaler med entreprenørane Steinar Myhre og Midt-Norsk Bygg og Eiendom om oppføring av land bruksbygg. Avtalen med Gråkjær er sagt opp, men samarbeidet med det danske selskapet fortsett på uformelt grunnlag. Samstundes har Felleskjøpet sjølv flytta FKA Bygg og innendørsmekanisering til landbruksdivisjonen i konsernet. – Felleskjøpet utviklar ein bygg- og prosjektorganisasjon for planlegging og sal av driftsbygningar til alle produksjonar og dyreslag. Det inneber at vi tek ansvar for prosjektgjennomføring, montering og oppføring. Saman med samarbeidspartnarar ynskjer vi å bli ein landsdekkande aktør innan landbruks bygg. I dette ligg det også at vi vil sikre gode leverandør- og samarbeidsavtaler for kundane, seier avdelingsleiar for bygg og planlegging, Karl Arne Leivestad. Tilbyr alt Leivestad fortel at Felleskjøpet kan tilby alt i eit prosjekt, fra planlegging og prosjektering med byggesøknad på vegne av kunden til kalkulasjon av bygget, levering av materialar og
16
SAMVIRKE
#01 2021
oppføring. Og Felleskjøpet kan vere prosjektleiar. – Dei første kundane har kontakt med i eit byggeprosjekt, er i-mek-seljarane våre. Saman med dei vert det gjort ei b ehovsanalyse for å klarleggje kva kunden ynskjer av bygg og materialer. Etter dette blir prosjektet meldt inn til FKA Bygg, forklarar Leivestad. Felleskjøpet sin leveranse består i hovudsak av overbygget, men gjennom samarbeidspartnarar kan ein også tilby pris på betongarbeider. – Vi kan saman med leverandørar og samarbeidspartnarar tilby bygg i alle materialer – tre, betong og stål, med dei variasjonar og kombinasjonar som er ynskjeleg, seier Leivestad. Lokale entreprenørar Leivestad viser til at også lokale entreprenørar vil vere ein god match med Felleskjøpet. – Det at Felleskjøpet kan p rosjektere og stå ansvarleg for leveransar av bondens bygg, samstundes som lokale entreprenørar og snekkarar vert nytta til oppføringa, er god utnytting av kompetanse og ressursar. Mindre
lokale entreprenørar har ofte ikkje eiga prosjektavdeling og må då kjøpe slik teneste. Dette gjer at dei ikkje vert nytta i samband med oppføring av landbruks bygg. Men ved at Felleskjøpet engasjerar dei som underentreprenørar, vil dei få ferdig prosjektert underlag og kunden vil kunne nytte lokale ressursar. I Felles kjøpet er vi opptekne av at kundane skal ha ein slik moglegheit, sier Leivestad. Ansvar og risiko – Det kunden må hugse på i samband med val av entreprise og entreprenør, er ansvar og risiko. Dei fleste bygge prosjekta i landbruket vert gjennomført som delt entreprise med kunden som ansvarleg søkar, då mange av prosjekta er under 1 000 m2. I slike tilfeller er det kunden sjølv som har koordinerings ansvaret mellom dei ulike faga og er ansvarleg for innkalling til byggemøter og referater etter dei. Alternativet er å velge totalentreprise, der hoved entreprenøren stiller med byggeleder og er ansvarleg for samordning av fag og framdrift, sier Leivestad. Råd til dei med byggeplanar – Kva er dine råd til dei som går med byggeplanar? – Slik det er innafor mjølkeproduksjon