Hoem. Ute. langt der ute. Omsl.qxp 18.10.2021 12:07 Side 1
edvard hoem (f. 1949) har ein rik forfattarskap. Han er ein prislønt roman- og biografiforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespearegjendiktar. Han har mottatt Kritikerprisen, Aschehougprisen, Doblougprisen og Brages hederspris. Han har vore innstilt til Nordisk råds litteraturpris fire gonger. I 2020 vart han utnemnd til Kommandør av St. Olavs Orden for sin store innsats for norsk litteratur og kulturarv.
I vika langt mot vest, langs haustmørk strand kjem svanene igjen, eg ser det no. Dei duvar lydlaust like attmed land og speglar seg når sjøen stig mot flo. Eg har sett pina skjera andletstrekk, eg har sett folk ta avskil utan fred, høyrt dører smelle, bilar køyre vekk, men no kjem svanene og slår seg ned. Det var ei verd, ein kyst, der langt mot nord, ein slik klar haustdag, vinter var på veg, eg sat og såg mot botnen av ein fjord og høyrde vengesus som nærma seg. Så vart det stille. Det gjekk mange år. No høyrer eg på nytt at venger slår.
a k va re l l på f rams ida: at le fæ røy fo rfat ta r port rett: paal aud es tad o m s la g : Egil Haraldsen & Ellen Lindeberg | exil desi gn
9
7 8 8 2 4 9
5 2 4 6 3 1
for lag et oktober
Dikta i Ute, langt der ute er sanselege, musikalske og inderlege. Naturens klangar og linjer frå barndommens landskap grip inn i kvarandre og utfyller kvarandre. Sjølv om fleire av dikta i denne samlinga er skrivne for mange år sidan, er dei haldne i eit poetisk språk som ikkje blir nedslite av år og alder.
e dva rd hoe m | Ute, langt der ute
i vika langt mot vest
EDVARD HOEM UTE, LANGT DER UTE. DIKT 1967 — 2021 f or l ag e t o k to b e r