4 minute read

Tidsnok

Next Article
Besøk frå UWC

Besøk frå UWC

Tidsnok Av Ole W. Fasting

Klokke fanst ikkje på kvar gard i dei tider. Om dagen laut dei klare seg med sola som tidvisar, om natta med månen og stjernene. Men dei mørke vintermorgonane var det mykje godt kjenslene – «kroppsuret» - å takke om dei kom seg opp i rett tid.

Så var det ein søndag inne på den inste fjellgarden i Botnen. Dei hadde bestemt seg for å ha seg til kyrkje. Laurdagen hadde det vore eit stort snøfall, føret var tungt og vegen til bygda lang, så ein fekk ta seg ut i god tid. Gamlepresten likte ikkje at nokon kom for seint inn og uroa kyrkjelyden. Då kunne det ofte vere at han stogga midt i preika og venta til dei hadde sett seg. Dette såg bygda på som ei stor skam.

Alle på garden hadde lauga seg og greidd håret om kvelden, slik at vasking og stell ikkje skulle seinke dei om morgonen. Matskreppa var laga ferdig og hadd ut på sleden. Denne hadde dei fylt med ny halm og breidd åkle over. Skorne var tjøresmurde og stod klare til bruk. Det var ikkje noko ugjort som skulle hefte. Utpå natta klårna det opp, og himmelen var oversådd med stjerner. Litt nordlys brann og bragla nedmed fjelltoppane. Det var blikstilt, så elvesuset kunne høyrast heilt oppe ifrå stryka inne i sidedalen oppunder sommarstølen.

Anten det no var fordi dei låg meir enn vanleg på otten den natta, eller om det kom seg av den uvande vaskinga – noko mykje søvn vart det ikkje, og då veit ein at natta vert lang. Men no måtte det likevel lide så langt at det var best å reise på seg. Kjerringa grov seg fram or senga og nørte på varmen i grua. Brisken, som ho heiv innpå først, sprutta og spraka. Så fyrte ho på med nokre fang risved og opna ljoren, så røyken kunne sleppe ut. Endeveden som låg på beten til tørking, skvetta ho vatn på. Det var best det, så han ikkje skulle fatne.

Deretter byrja ho å stelle til mat. Då stova hadde vorte koseleg og varm, hadde mannen seg fram til glaset og keik ut: «Å jøss, kor lyst det er ute!» sa han. «Det lid visst langt, vi må skunde oss av stad!» No ja – så drog dei då nedover køyrande. Kona sat midt i sleden med ungane ikring seg, godt nedbreidde, og mannen på sida framme med høgrefoten dinglande ute for liksom å streke og styre om sleden skulle skeive seg utfor vegen. Drengen og jenta kom stabbande etter. Det gjekk berre fot for fot og i skritt i djupsnøen, og dessutan var det heller ikkje heilt sømeleg å fare i trav når ein skulle til kyrkje.

Det vart eit syndens ståk då dei for gjennom Indrebøtunet, og alle dei hersens gneldrebikkjene dei hadde der på gardane sette i å gøy. I den eine stova kom mannen sjølv fram i glaset og skulle sjå kva det stod slik ståk av. «Å nei, å nei, dar fer botnafolkjet te kirkje, og her he me ikkje kara oss fram or sengja endå!» Han til å vekkje og romstere. Det fekk vere det same med å nøre på varmen. Dei kunne alltids få seg noko varmt i livet sidan nede i bygda.

«Nei, i dag er no botningane sturt galne!» meinte kona på Angedal. Ho stod i fjøsdøra og såg kyrkjefolket fare forbi. «Det er då natta endå!» - Men sjå der – der kom Indrebø-karane veltande også. Nei, korleis kunne dette ha seg då? Det var nok best å vekkje dei andre. Tida kunne vere liden lenger fram enn ho visste. Dei kunne komme for seint.

Ei stund etter køyrde angedalsfolket nedover vegen i smådilt. Det var brøytt no, og det kom vel med, for her var det om å gjere å skunde seg, så seint som dei var ute. På «Bruket» vart det ikkje mindre kommers då dei såg alt kyrkjefolket oppe ifrå dalen som for forbi. Så annsamt angedølene hadde det, og slik som dei smurde i veg, måtte det sikkert vere i siste liten om ein skulle nå fram til kyrkja i rett tid. Maten laut dei late vere til dess dei kom heim att. Og nedover bar det i tvibyks.

For kvar gard kyrkjefolket for gjennom, vart det eit overhendig styr inne i stovene fordi kjerringane hadde forsove seg, slik at ein no vart til spott og spe i bygda. Karfolket opp i ørska, til å rive og slite i sledar og selar, og så av stad så snøspruten stod omkring dei.

Botningane var alvorlege og høgtidssame å sjå til då dei køyrde inn på Skeitunet attmed kyrkja. Men dei lo godt inni seg, for her låg heile huset og snorksov. Det fekk då vere måte på forsoving og! Men på Skei hadde dei klokke, og klokka ho var fem, ho – akkurat fem!

Den søndagen sov kyrkjefolket frå Angedalen så godt under preika at dei ikkje eingong vakna då presten sa amen.

Frå boka «Sunnfjordingen, tekstar av og om Nikka Vonen og Ole W. Fasting» ved Einar Offerdahl, Selja forlag 2015.

This article is from: