2 minute read

Elsa Horne heidra med kulturpris

Elsa Horne fekk Flora kommune sin kulturpris 17. mai i år for den store innsatsen ho gjer for å bevare og gjere tilgjengeleg fotoarkivet etter faren og Florøfotografen Malvin Horne. Foto: Dag Nesbø Frøyen.

Av Elin Østevik Elsa Horne vart tildelt Flora kommune sin kulturpris for 2016. Prisen har ho fått for arbeidet ho gjer med å bevare og gjere tilgjengeleg fotoarkivet etter Florø-fotografen Malvin Horne.

Advertisement

Horne-arkivet Malvin Horne (1904-1962), frå Svortevik i Naustdal kommune, tok over 25.000 bilete i løpet av sine 33 år som fotograf. Det er eit rikt fotografisk materiale Malvin Horne etterlét seg – her er bilete både frå arbeidsliv, fritid, sosiale hendingar og mykje anna, så vel som klassiske atelierportrett. Hornearkivet er ei viktig kjelde til livet på kysten, også i nasjonal samanheng. I det nasjonale registeret over norske fotografar og fotografiske samlingar vert det blant anna poengtert at Horne-arkivet truleg er den største og viktigaste kjelda til bilete frå storsildfisket på 1950-talet. Horne-arkivet er i dag deponert hos Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Eldsjela Elsa Og dette viktig kjeldematerialet er det altså at Elsa Horne gjer ein utrøytteleg innsats for å bevare og gjere tilgjengeleg for alle interesserte. Elsa, som er dotter til fotograf Malvin Horne, pakkar om og klargjer materiale til digitalisering, og ho registrerer opplysningar til fotografia i fylkesarkivet sin fotobase. Til dette arbeidet har Elsa også rekruttert seg fleire medhjelparar som saman har lagt ned ein stor dugnadsinnsats. Fylkesarkivet på si side syter for at materialet vert digitalisert i tråd med arkivfaglege standarar, og sikrar også at originalmaterialet er trygt oppbevart i klimaregulert fotomagasin. Flora kommune har også vore ein viktig bidragsyter til dette arbeidet gjennom den prosjektstøtta dei har ytt til Horne-arkivet.

Horne på nett Per i dag er vel 10.000 fotografi frå Horne-arkivet pakka om, digitalisert, registrert og gjort tilgjengeleg på nett. Mykje godt historisk materiale frå Flora kommune er dermed tilgjengeleg for ålmenta. Men som fotograf hadde Malvin Horne eit større nedslagsfelt

Elsa Horne saman med dugnadsgjengen frå Bremanger som har pakka om dei kring 4000 Bremanger-bileta som no skal digitaliserast. Frå venstre: Reidun Torvanger Solberg, Margret Frøyen, Elsa Horne og Marit Ryland Strand. Foto: Elin Østevik enn berre Flora kommune. Også folk frå nabokommunane reiste til Florø for å la seg fotografere av Malvin Horne. I desse dagar går startskotet for å digitalisere og registrere om lag 4000 av Malvin Horne sine Bremangerbilete. Arbeidet er støtta av Bremanger kommune. Bileta frå Bremanger vil bli tilgjengeleg i fylkesarkivet sin fotobase etter kvart som dei vert digitalisert.

This article is from: