2 minute read
Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane
Vegvisar til krigsminne på Ramsøy i Gudvangen. Foto: Kjell-Ragnar Berge
Frå 1. oktober 2016 er Kjell-Ragnar Berge engasjert av Fylkesarkivet i ei 20% prosjektstilling med formål å utarbeide eit mest mulig komplett oversyn over alle krigsminne i fylket. Vidare skal det skrivast nye artiklar til Kulturhistorisk leksikon, og saman med allereie eksisterande artiklar skal desse brukast i ein krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane.
Advertisement
I første rekkje er det tale om krigsminne som tyske militære støttepunkt det framleis er spor av i landskapet, men også andre objekt eller krigshendingar er aktuelle.
Tekstane skal knytast til kart, og med nye tekniske løysingar er tanken at informasjonen lett skal kunne hentast fram frå nettet anten ein sit heime, eller er ute på tur. I eit slikt oversyn vil ein også kunne sjå kva for krigsminne som er tilrettelagde for besøkjande. Oversynet kan også vere til hjelp når ein skal vurdere kva for krigsminne som bør takast vare på i framtida.
Kulturminne vert definert som alle spor etter menneskeleg verksemd. I følgje denne definisjonen er alt som er laga av menneske eit kulturminne, også krigsminne som ein tysk bunker frå den andre verdskrigen. Men det betyr ikkje at alt er verneverdig. Fylkeskommunen må gjere eit val om kva kulturminne vi har i Sogn og Fjordane som har ein slik verdi at dei skal takast vare på for framtida.
I fleire kommunar i fylket vårt er krigsminne tekne med i dei lokale kulturminneplanane. Informasjon om krigsminne finn ein på internett, mellom anna i Kulturhistorisk leksikon under Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Framleis står det att arbeid med registrering av krigsminne, og informasjonen kan gjerast endå meir tilgjengeleg.
Prosjektleiaren tek gjerne imot tips om krigsminne som bør registrerast og eventuelt omtalast i ein artikkel: Kjell-Ragnar.Berge@sfj.no
Kjell-Ragnar Berge er ein røynd krigshistorikar. Han har mellom anna skrive bøkene •«Fronten er kysten!» - oversyn over tyske festningsverk i Sogn og
Fjordane 1940-45 (1995/1999) •«Regiment 193» - fra Tyskland til
Vestlandet langs norskekysten til
Ishavsfronten 1940-1945 (2015) •«Kystfort i kamp!» - Batterie Egersund i kamp med Royal Navy 1944-45 (2016).
Han var dessutan medforfattar på boka «Krigsår» - Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945 (2005). I tillegg har Kjell-Ragnar skrive mange artiklar i Kulturhistorisk leksikon.
Frå eit guidekurs på Tangane arrangert av Tongane Velforeining i mars 2004. Berge heldt førelesing og var omvisar under kurset. På dette tidlegare tyske kystfortet på Rugsundøy i ytre Nordfjord er det sett opp tre informasjonsskilt. På grunn av historie og plassering er dette kystfortet eit av dei mest verneverdige krigsminna vi har i Sogn og Fjordane. Foto: Alf-Haakon Harlem