3 minute read
Dyr for domstolen
Av Per Olav Bøyum I arkivet etter Sigrid Tang finst det ein konvolutt med påskrifta «dyrestraff». Innhaldet er ein illustrasjon som viser ein gris som vart offentleg avretta i den franske byen Falaise i 1386.
Det høyrest mest ut som eit agurknyhende, dette at eit svin vert dømt til døden. Men i europeisk historie er praksisen med å stille dyr for retten godt dokumentert. Eit eksempel er ei sak frå ein landsby i den franske regionen Burgund, der ein fem år gammal gut i 1457 vart funnen drepen. Kort tid etter arresterte påtalemakta dei mistenkte – ei purke og dei seks grisungane hennar.
Advertisement
Under rettssaka kom det fram at det var grisemor som stod bak ugjerninga. Ungane vart frifunne, då det ikkje kunne provast at dei hadde vore delaktige i drapet. Purka vart dømt til døden og seinare hengt.
Dyrerettssakene følgde ofte vanleg prosedyre med omsyn til rettargang og domfelling. Dei mistenkte vart sette i arrest og fekk oppnemnt forsvarar. Men fleire av sakene førte med seg spesielle utfordringar. Ved eitt høve, då ein olm okse vart dømt til henging, tok det to dagar å få bygd ein galge til beistet.
Det var slett ikkje enklare å handtere dei små dyra. Innbyggjarane i landsbyen Saint-Julien-de-Maurienne melde på 1500-talet ein insektsverm som hadde herja stygt på vinmarkene. Dei små krypa fekk oppnemnt ein gløgg forsvarar. Han argumenterte for at klientane hans ikkje hadde gjort noko gale. Snarare tvert om. Dei hadde handla etter ei guddommeleg befaling. Stod det ikkje i Bibelen at alle skapningar skulle vere fruktbare og bli mange? (1. Mosebok 1:22) Mot dette klåre gudsordet kom ikkje landsbybuarane opp med gode motargument, men dei foreslo at insekta skulle få tildelt eit jordstykke ved sida av vinmarkene, der dei kunne ete seg mette og øksle.
Illustrasjon frå ”Chambers Book of Days” som visstnok skal vise rettssaka mot purka som i 1457 tok livet av ein fem år gammal gut i Frankrike (Biletet henta frå Wikipedia).
eit dyr er frå 1266. Fenomenet oppstod i Nord-Frankrike, og spreidde seg seinare til andre europiske land. Desse sakene må vel vere det beste beviset på at fortida er eit framand land? Trudde verkeleg folk i mellomalderen og tidleg nytid at dyr kunne skilje mellom rett og gale, og såleis vere ansvarlege for handlingane sine?
Den engelske historikaren Darren Oldridge meiner at dette ikkje var tilfellet. Dyr kunne til ein viss grad bli vurdert som rasjonelle, men det var ikkje vanleg å sjå på dei som fullt ut moralsk ansvarlege vesen. Kjelder og litteratur SFF-89213 Tang, Sigrid W. Oldridge, Darren: Strange histories : the trial of the pig, the walking dead, and other matters of fact from the medieval and Renaissance worlds. London : Routledge, 2007 Salmonsens konversationsleksikon : dyrestraffe og dyreprocesser Wikipedia : animal trial
Dels var fenomenet grunna i eit krist ent syn på forholdet mellom menneska og naturen. Nokre teologar forsvarte rettssakene ut frå bibelordet om at men nesket skulle råde over dyra (1. Mosebok 1:28). Når ein gris drap eller skada eit menneske, var dette eit brot på ein guddommeleg orden som måtte rettast opp. At dyret ikkje var i stand til å vurdere sine eigne handlingar var irrelevant.
I tillegg til å gjenreise eit gudgjeve hierarki i naturen, fungerte rettssakene som ei påminning til folk om at brotsverk ville bli hardt straffa, likesælt kven som stod bak. Det var òg ei åtvaring til eigarane om å passe betre på dyra sine.
Eit svin som vert offentleg avretta i den franske byen Falaise i 1386