4 minute read
Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet
Gloppen Heradshus etter brannen.
Av Kjerstin Risnes Natt til 11. august opplevde Gloppen kommune det store marerittet. Heradshuset sto i brann, og eitt av dei mange spørsmåla som raskt melde seg var: Kva med arkiva?
Advertisement
Fylkesarkivar Fidjestøl var på plass fredag 12.august og gjorde ein fyrste inspeksjon saman med arkivleiaren i kommunen. Dei kunne konkludere med at sjølv om skadane var omfattande, såg det ut til at det stort sett har gått bra med det arkivverdige materialet, i den forstand at det ikkje var brent opp.
Så godt som alle eldre, bevaringsverdige arkiv var teke hand om av fylkesarkivet tidlegare, og stod trygt plassert i magasina våre. Men det stod att mykje nyare arkiv som hadde fått omfattande fukt, røyk og brannskadar. Ved eit fyrste blikk såg det ut til at det meste av det materialet som stod att kunne restaurerast. Spørsmålet var omfanget, kor mykje skade materialet hadde fått, skadekategori, samt at det måtte avklarast korleis materialet best kunne bergast.
Isbil og turking på fylkesarkivet Ein del arkivmateriale etter teknisk etat var svært fuktskada og løysinga vart å plassere det i ein isbil for nedfrysing. Fylkesarkivaren tok med seg ein del lettare røyk- og fuktskada materiale, samt uregistrert post frå daglegarkivet til Leikanger og kalla inn to tilsette til turkeoperasjon i helga. Det var eit underleg syn som møtte oss som kom att frå ferie måndag 15.08. Heile fylkesarkivet vart brukt som turkesone; gangar, lesesal, ordningsrom og magasin. Over alt vart det turka. Noko av materialet vart hengt opp, noko lagt ut over i bunkar og ein heil del vart lagt enkeltvis. Det vart endatil til henta inn hårfønarar for å få fortgang i turkeprosessen. Alt måtte skje systematisk slik at vi hadde kontroll med materialet.
Aksjon Arkivredning i Gloppen – naudberging og mellombelse tiltak Måndag 15.08 vart aksjon «Arkivredning i Gloppen» sett i gang for fullt på kommunearkivavdelinga.
Arkivredning etter brann var nytt for oss, og vi måtte difor lage ein strategi for rednings- og kartleggingsarbeidet, samt fordele oppgåvene mellom oss. Punkt ein var at vi måtte skaffe oss ei skikkeleg oversikt over materialet og omfanget av skadane. På bakgrunn av dette kunne vi starte arbeidet etter ein målretta plan. Det vart utarbeida skjema for registrering av arbeidet i Gloppen der vi systematisk skulle kartleggje arkiva ut frå administrativ verdi, bevaringsverdi, skadetype og prioritering av kva som hasta mest/minst. Arkiva måtte også lokaliserast, rom for rom. I tillegg måtte vi ha kontinuerleg dialog med arkivleiaren i Gloppen, samt hente inn råd og samhandle med tilgjengeleg ekspertise som Polygon, Documaster ol.
Arbeidet i Leikanger vart i fyrste omgang i hovudsak å overvake materialet vi hadde teke inn i løpet av helga. Materialet vart sjekka for fukt, det vart
Turking av arkivmateriale på ordningsrommet
hypsa for å få fortgang på turkeprosessen og hindre at det klistra seg saman, og sjekka for muggdanning. Vi måtte også kartlegge ledig magasinkapasiteten for mottak både på kortare og lengre sikt, og leggje til rette for ledig plass ut frå brann og skadekategoriar. Sterkt røykskada materiale kunne sjølvsagt ikkje plasserast i hovudmagasinet vårt. Før vi hadde fått oversikt over tilstanden på det som stod i Gloppen, var vi usikre på kor mykje vi skulle hente inn og kva tilstand materialet ville vere i.
Arbeidet i Gloppen På bakgrunn av kartlegginga som alt vart gjort tysdag 16.08, vart det praktiske arbeidet i Gloppen sett i gang. Materialet som stod utsett til, men som korkje var sterkt røyk- eller fuktskada vart sendt til mellombels depot på fylkesarkivet. 1.lasset gjekk 18.08. Totalt vart det frakta om lag 120 hyllemeter arkivmateriale til Leikanger. Igjen måtte vi sjekke materialet for fukt og sjå til at papira ikkje klistra seg saman. Alt det innkomne materialet vart sjølvsagt nøye registret og halde saman etter kvart som det turka.
På det brannskada loftet i Heradshuset stod arkivet etter teknisk etat. Der var det eit stort hol i taket og ope rett ut, så det hasta med å få flytta materialet
til ein mellombels tryggare stad i bygget for registrering og sortering. Gloppen kommune stilte med sterke berarar og saman med tilsette frå Fylkesarkivet vart loftet tømt i løpet av eit par dagar.
Vi rigga oss til i fyrste etasje der det var nokon lunde turt, og jobba oss gjennom kasse etter kasse, perm etter perm. Alt vart listeført, og kategorisert etter skadeomfang som fukt, brann og røyk. Det lettare fuktskada materialet vart omemballert og plassert i ein container med avfukting ved Heradshuset. Det meir fuktskada materialet vart frakta til Isbilen og frose ned. Dette materialet må vidare fryseturkast for å sikrast for ettertida. Det fuktskada materiale som står i låst, klimastyrt container vil i løpet av kort tid bli mellombels plassert på fylkesarkivet.
Kva no ? I løpet av om lag 14 hektiske dagar hadde fylkesarkivet, i godt samarbeid med arkivleiaren i Gloppen kommune, fått oversikt over skadeomfanget og fått redda dei mest utsette arkiva, på kort og mellombels sikt. Alle tilsette ved kommunearkiv var med arbeidet både i Gloppen og på Leikanger i løpet av redningsperioden. Og alle har difor fått innsikt i arbeidet både av teoretisk og praktisk karakter.
Golvet på lesesalen, her som turkerom. Privatarkivar Per Olav Bøyum trødde også til når det kommunale arkivmaterialet måtte turkast.
Som ført nemnt, var arbeidet desse dagane ein naudredningsaksjon. Vegen vidare handlar om langsiktige tiltak for det materialet som står att i kommunen, og materialet som har kortvarig og mellombels status. Fylkesarkivet har i sitt arbeid skissert meir varige løysingar for Gloppen kommune, men kva dei landar på, er enno uvisst.
Eit skremande syn. Prioritet nummer ein vart å få arkiva som stod her ned frå loftet.