Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25
Gloppen Heradshus etter brannen.
Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet Av Kjerstin Risnes
Natt til 11. august opplevde Gloppen kommune det store marerittet. Heradshuset sto i brann, og eitt av dei mange spørsmåla som raskt melde seg var: Kva med arkiva? Fylkesarkivar Fidjestøl var på plass fredag 12.august og gjorde ein fyrste inspeksjon saman med arkivleiaren i kommunen. Dei kunne konkludere med at sjølv om skadane var omfattande, såg det ut til at det stort sett har gått bra med det arkivverdige materialet, i den forstand at det ikkje var brent opp. Så godt som alle eldre, bevaringsverdige arkiv var teke hand om av fylkesarkivet tidlegare, og stod trygt plassert i magasina våre. Men det stod att mykje nyare arkiv som hadde fått omfattande fukt, røyk og brannskadar. Ved eit fyrste blikk såg det ut til at det meste av det materialet som stod att kunne restaurerast. Spørsmålet var omfanget, kor mykje skade materialet 42
hadde fått, skadekategori, samt at det måtte avklarast korleis materialet best kunne bergast. Isbil og turking på fylkesarkivet Ein del arkivmateriale etter teknisk etat var svært fuktskada og løysinga vart å plassere det i ein isbil for nedfrysing. Fylkesarkivaren tok med seg ein del lettare røyk- og fuktskada materiale, samt uregistrert post frå daglegarkivet til Leikanger og kalla inn to tilsette til turkeoperasjon i helga. Det var eit underleg syn som møtte oss som kom att frå ferie måndag 15.08. Heile fylkesarkivet vart brukt som turkesone; gangar, lesesal, ordningsrom og magasin. Over alt vart det turka. Noko av materialet vart hengt opp, noko lagt ut over i bunkar og ein heil del vart lagt enkeltvis. Det vart endatil til henta inn hårfønarar for å få fortgang i turkeprosessen. Alt måtte skje systematisk slik at vi hadde kontroll med materialet. Aksjon Arkivredning i Gloppen – naudberging og mellombelse tiltak Måndag 15.08 vart aksjon
«Arkivredning i Gloppen» sett i gang for fullt på kommunearkivavdelinga. Arkivredning etter brann var nytt for oss, og vi måtte difor lage ein strategi for rednings- og kartleggingsarbeidet, samt fordele oppgåvene mellom oss. Punkt ein var at vi måtte skaffe oss ei skikkeleg oversikt over materialet og omfanget av skadane. På bakgrunn av dette kunne vi starte arbeidet etter ein målretta plan. Det vart utarbeida skjema for registrering av arbeidet i Gloppen der vi systematisk skulle kartleggje arkiva ut frå administrativ verdi, bevaringsverdi, skadetype og prioritering av kva som hasta mest/minst. Arkiva måtte også lokaliserast, rom for rom. I tillegg måtte vi ha kontinuerleg dialog med arkivleiaren i Gloppen, samt hente inn råd og samhandle med tilgjengeleg ekspertise som Polygon, Documaster ol. Arbeidet i Leikanger vart i fyrste omgang i hovudsak å overvake materialet vi hadde teke inn i løpet av helga. Materialet vart sjekka for fukt, det vart