4 minute read
Når uhellet først er ute
Arbeidsdagen den 11. august i haust starta ikkje som alle andre dagar. Det som ikkje skulle skje, hadde skjedd. Følgjande avisoverskrifter frå lokalpressa i fylket slo i mot meg: «Brann i kommunehuset i Gloppen i natt». Dette er arkivaren sitt verste mareritt. Nå hadde dette altså hendt hjå ein av våre eigarar.
Som med alt anna, er dette klart verst for dei som står nærast dramatikken. Eg var difor svært spent då arkivleiar i Gloppen kommune, ringde meg ut på dagen. Ho kunne fortelje meg at ho hadde følgt brannutviklinga med eigne auge frå sitt stovevindauge. Ho visste nøyaktig kva arkiv og kva dokumentasjon som var i faresona. Vi vart samde om at eg og arkivleiar saman med skadestadsleiaren skulle inspisere huset dagen etter, og vurdere skadeomfanget.
Advertisement
Då eg møtte arkivleiaren morgonen etter, kunne ho fortelje at ho tok for gitt at det eldre saksarkivet til teknisk etat var gått tapt, sidan det sto plassert omtrent der det brann mest. I dette arkivet fanst mellom anna dokumentasjon knytt til utbygginga av Anda flyplass.
Etter å ha synfart lokalet konstaterte ho at svært mykje materiale var brann-, røyk, vatn- og fuktskada, men ingenting, eller svært lite bevaringsverdig materiale var brent opp. Dette var ei stor lette opp i det heile. Det digitalt skapte materialet såg heldigvis også ut til å ha klart seg. På slutten av synfaringa gjorde vi endå ei særs gledeleg oppdaging. Saksarkivet vi hadde rekna som tapt, viste seg likevel, mirakuløst, å ha overlevd brannen! Rett nok svært brannskada, men ikkje tapt for alltid. Dagen som byrja med pessimisme vart, trass omstenda, avslutta med eit optimistisk oppsving. Tida etter brannen har vore prega av hektisk aktivitet, både hjå fylkesarkivet og kommunen, for å få berga det skadde materialet. Vi er godt i gang med å berge det mest kritisk skadde materialet, men det vil ta fleire år før vi er i mål med alt bergingsarbeidet.
Eg har gjort meg nokre refleksjonar etter brannen i Gloppen. For det første må eg rose Gloppen kommune sine aksjonar i dagane etter brannen. Eg er på ingen måte sikker på at alle kommunar ville ha vist ei slik handlekraft på alle nivå som det Gloppen kommune gjorde når krisa først var eit faktum. Her har heile kommunen, med arkivleiar i spissen, stått på frå første stund. Dette har vore heilt avgjerande for at ein har klart å berge arkiva til kommunen.
For det andre må eg også gje honnør til Gloppen kommune for tidleg å ha vist «arkivvett» ved å flytte arkivmateriale, i samspel med fylkesarkivet, over i stadig tryggare omgjevnader. Ein prosess som starta med medlemskapet i fylkesarkivet si kommunearkivordning frå midten av 80-talet. Omtrent alt det eldste materialet er plassert i arkivmagasina hjå fylkesarkivet på Hermansverk. Mykje av det materialet som er hardast råka av brannen, har tidsavgrensa bevaringsverdi eller er mykje i aktiv bruk. Dette materialet er ikkje underlagt så strenge sikkerheitskrav som til dømes eldre
Redaksjon
Arnt Ola Fidjestøl (red.), Per Olav Bøyum og Kjerstin Risnes
Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 2 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,- ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: Bergen Grafisk AS Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 63 80 00. Fax. 57 65 61 01 fylkesarkivet@sfj.no
Nettstad: www.fylkesarkivet.no
Av fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl
avslutta arkiv. Sjeldan har vel verdien av eit langvarig samarbeid mellom Fylkesarkivet og Gloppen kommune vore meir synleg!
Den tredje refleksjonen eg har gjort meg, er kor lite råka administrasjonen vart av brannen i den daglege sakshandsaminga. Dette er verdt å merke seg, og ville ha vore utenkeleg for berre få år attende. Årsaka til dette er at Gloppen kommune har fullelektronisk arkiv. Så og seie all sakshandsaming skjer elektronisk. Det at materialet er lagra elektronisk, er ingen garanti for at det ikkje skal gå tapt i brann. Når eg spør IKT-eksperten på Fylkesarkivet om ein kommentar til dette, seier han at dette ikkje var uventa. Gloppen har etter hans syn vore blant dei beste i klassen på elektronisk arkivhandtering, og det har dei verkeleg fått mykje att for i denne samanhengen.
Avslutningsvis kan det seiast at sjølv om ein brann aldri er velkomen, så er det grunn for ein Fylkesarkivar å gle seg over resultatet av det lange samarbeidet mellom Gloppen kommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Sjølv om det er Gloppen kommune som skal ha æra for at det trass alt har gått så bra som det har gått, så trur eg situasjonen hadde vore ein heilt annan dersom kommunen ikkje hadde vore så «arkivrobust». Der meiner eg Fylkesarkivet har spelt ei medverkande rolle.
Innhald
Når uhellet først er ute Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944 «Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune. Julegrisen i Nordfjord Kvalstasjon i Vågane Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule. Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet Alden, Orkja og Bjørga Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting Haarklou-operaene Sunnfjordingen Folket på Korsvollen Tidsnok Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik Elsa Horne heidra med kulturpris Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet Før i tida hadde alle svin på skogen. Dyr for domstolen Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016 Besøk frå UWC
2 4 10 11 12 15 16 19 22 27 30 31 32 35 35 36 37 40 41 42 44 45 46 50 51