Kjelda nr. 2 2016

Page 2

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Når uhellet først er ute Arbeidsdagen den 11. august i haust starta ikkje som alle andre dagar. Det som ikkje skulle skje, hadde skjedd. Følgjande avisoverskrifter frå lokalpressa i fylket slo i mot meg: «Brann i kommunehuset i Gloppen i natt». Dette er arkivaren sitt verste mareritt. Nå hadde dette altså hendt hjå ein av våre eigarar. Som med alt anna, er dette klart verst for dei som står nærast dramatikken. Eg var difor svært spent då arkivleiar i Gloppen kommune, ringde meg ut på dagen. Ho kunne fortelje meg at ho hadde følgt brannutviklinga med eigne auge frå sitt stovevindauge. Ho visste nøyaktig kva arkiv og kva dokumentasjon som var i faresona. Vi vart samde om at eg og arkivleiar saman med skadestadsleiaren skulle inspisere huset dagen etter, og vurdere skadeomfanget. Då eg møtte arkivleiaren morgonen etter, kunne ho fortelje at ho tok for gitt at det eldre saksarkivet til teknisk etat var gått tapt, sidan det sto plassert omtrent der det brann mest. I dette arkivet fanst mellom anna dokumentasjon knytt til utbygginga av Anda flyplass. Etter å ha synfart lokalet konstaterte ho at svært mykje materiale var brann-, røyk, vatn- og fuktskada, men ingen­ ting, eller svært lite bevaringsverdig materiale var brent opp. Dette var ei stor lette opp i det heile. Det digitalt skapte materialet såg heldigvis også ut til å ha klart seg. På slutten av synfaringa gjorde vi endå ei særs gledeleg oppdaging. Saksarkivet vi hadde rekna

som tapt, viste seg likevel, mirakuløst, å ha overlevd brannen! Rett nok svært brannskada, men ikkje tapt for alltid. Dagen som byrja med pessimisme vart, trass omstenda, avslutta med eit optimistisk oppsving. Tida etter brannen har vore prega av hektisk aktivitet, både hjå fylkesarkivet og kommunen, for å få berga det skadde materialet. Vi er godt i gang med å berge det mest kritisk skadde materialet, men det vil ta fleire år før vi er i mål med alt bergingsarbeidet. Eg har gjort meg nokre refleksjonar etter brannen i Gloppen. For det første må eg rose Gloppen kommune sine aksjonar i dagane etter brannen. Eg er på ingen måte sikker på at alle kommunar ville ha vist ei slik handlekraft på alle nivå som det Gloppen kommune gjorde når krisa først var eit faktum. Her har heile kommunen, med arkivleiar i spissen, stått på frå første stund. Dette har vore heilt avgjerande for at ein har klart å berge arkiva til kommunen. For det andre må eg også gje honnør til Gloppen kommune for tidleg å ha vist «arkivvett» ved å flytte arkivmateriale, i samspel med fylkesarkivet, over i stadig tryggare omgjevnader. Ein prosess som starta med medlemskapet i fylkesarkivet si kommunearkivordning frå midten av 80-talet. Omtrent alt det eldste materialet er plassert i arkivmagasina hjå fylkesarkivet på Hermansverk. Mykje av det materialet som er hardast råka av brannen, har tidsavgrensa bevaringsverdi eller er mykje i aktiv bruk. Dette materialet er ikkje underlagt så strenge sikkerheitskrav som til dømes eldre

Redaksjon Arnt Ola Fidjestøl (red.), Per Olav Bøyum og Kjerstin Risnes Kjelda blir utgjeven av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Kjelda kjem med 2 nummer i året. Ei årstinging kostar kr 195,- ISSN 0803-9682. Stoffet i Kjelda kan nyttast fritt, men vi ser gjerne at kjelde blir oppgjeven. Ansvarleg dette nummer: Per Olav Bøyum. Utforming: Bergen Grafisk AS

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger. Tlf. 57 63 80 00. Fax. 57 65 61 01 fylkesarkivet@sfj.no Nettstad: www.fylkesarkivet.no FRAMSIDEBILETE: Olai Fauske (sjølvportrett)

2

Av fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl

avslutta arkiv. Sjeldan har vel verdien av eit langvarig samarbeid mellom Fylkesarkivet og Gloppen kommune vore meir synleg! Den tredje refleksjonen eg har gjort meg, er kor lite råka administrasjonen vart av brannen i den daglege sakshandsaminga. Dette er verdt å merke seg, og ville ha vore utenkeleg for berre få år attende. Årsaka til dette er at Gloppen kommune har fullelektronisk arkiv. Så og seie all sakshandsaming skjer elektronisk. Det at materialet er lagra elektronisk, er ingen garanti for at det ikkje skal gå tapt i brann. Når eg spør IKT-eksperten på Fylkesarkivet om ein kommentar til dette, seier han at dette ikkje var uventa. Gloppen har etter hans syn vore blant dei beste i klassen på elektronisk arkivhandtering, og det har dei verkeleg fått mykje att for i denne samanhengen. Avslutningsvis kan det seiast at sjølv om ein brann aldri er velkomen, så er det grunn for ein Fylkesarkivar å gle seg over resultatet av det lange samarbeidet mellom Gloppen kommune og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Sjølv om det er Gloppen kommune som skal ha æra for at det trass alt har gått så bra som det har gått, så trur eg situasjonen hadde vore ein heilt annan dersom kommunen ikkje hadde vore så «arkivrobust». Der meiner eg Fylkesarkivet har spelt ei medverkande rolle.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.