7 minute read

Haarklou-operaene

Next Article
Besøk frå UWC

Besøk frå UWC

Av Egil Hjelmeland Historia om komponisten Johannes Haarklou, frå Haukedalen i Førde kommune, er som eit eventyr henta ut frå eit verkeleg liv.

Det er mange som undrar seg over korleis ein vanleg bondeson kunne hente fram evner og energi i ein slik grad at han klarte å kjempe seg fram mellom ein allereie etablert kulturelite.

Den som best kan gi svar på dette, vil nok vere professor Finn Benestad, som i 1961 tok doktorgrad på komponisten Johannes Haarklou.

I føreordet til boka ”Mannen og verket” skriv han mellom anna: Johannes Haarklou (1847-1925) vann seg ein framståande posisjon i norsk musikkliv i perioden 1880-1925. Han var både komponist, musikkmeldar, organist og dirigent. Men han kom i skuggen av sine store samtidige som Grieg, Svendsen og Sinding. Som komponist er han kanskje den mest allsidige Noreg nokon gong har fostra.

Johannes Haarklou. Haarklou vart fødd i Haukedalen i Førde 13. mai 1847. Familien sat i gode kår på den tida, og heimen vart eit naturleg samlingspunkt i bygda. Allereie frå vogga fekk han høyre felespel av dyktige spelemenn frå sine farbrør og morbrør. Straks han kunne gå, var han ofte med faren til kyrkje og fekk høyre salmesong og orgelmusikk. Allereie som 7 åring, byrja han å syne interesse for fela.

Balestrand og Stord. Etter å ha lese for sokneprest Fasting til konfirmasjon, tykte presten at Johannes var ein så evnerik gut, at han oppmoda faren til å sende guten på lærarskule. I 1865 vart han elev ved Balestrand lærarskule og ved Stord seminar i 1868.

Ei nymusikkverd takka vere Mozart. Før Haarklou kom til Stord, trudde han Lindemann si koralbok og

Johannes Haarklou, 1847-1925, ein av dei fremste i norsk musikkliv i åra 1880-1925. Han var ikkje berre verksam som komponist, men òg som musikkmeldar, organist og dirigent. Fotograf: Ukjend. Datering: Ukjend.

preludier av Reissigers og Behrens ”Lette Mannskor” var det høgste i kunstmusikken. Men etter å ha lese ein biografi av Mozart i eit bind av ”Skillingsmagazinet”, innsåg han at det måtte finnast ei musikkverd han ikkje kjente til. Den nye informasjonen gjorde at han vart meir interessert i musikk, men på same tid sterkt prega av tungsinn då han trudde det var umogeleg å bli musikar. Frå Hårklau til Eiker. I 1868 las han i eit blad om ein nytilsett organist og komponist i Drammen, Christian Cappelen. I sin iver etter å lære meir om musikk, fekk han seg lærarjobb i Eiker og som elev hjå Cappelen fekk han grundig opplæring i orgelspel og harmonilære. Ein dag i 1872 reiste han til Kristiania for å høyre Mozart sitt ”Requiem”. Sidan han var vikar på orgel for

Operaen ”Tyrfing” var ferdig som orkestermanus allereie i 1912. Av ulike grunnar låg den i 96 år lagra i eit arkiv ved Universitetsbiblioteket i Oslo, heilt til Opera Nordfjord i april 2008, ved Kari Standal Pavelich og musikalsk leiar og dirigent Michael Pavelich, reiste til Oslo og henta operamanuset heim til Sogn og Fjordane.

Cappelen, måtte han denne gongen leige hesteskyss om natta for å nå heim til kyrkjetid. Det verka som om ingenting kunne hindre han frå å få høyre på musikk. Han hadde ein kjærleik til musikken og ein viljestyrke som såg ut til å overvinne vanskar som ville ha tvinga andre til å gi opp. På denne tida studerte han også kontrapunkt i Kristiania hjå Ludvig M. Lindemann.

Fjellturen heim til Sunnfjord. Haarklou var lenge i tvil om han verkeleg skulle bli musikar på heiltid. Då han drøfta dette med slekt og vener, vart han rådd frå på det sterkaste. Men etter ein lang fjelltur gjennom Gudbrandsdalen på vegen heim til Haukedalen, kjende han seg lettare til sinns og meir trygg på seg sjølv. Dette var siste gongen han såg far sin. Mora var død tidlegare.

Arven og Leipzig. Då han ei tid seinare, i 1873, fekk ein arv på 4000 kroner etter foreldra, tok han avgjerda om å reise til Tyskland for å studere musikk. Frå 1873 til 1875 studerte han ved konservatoriet i Leipzig og seinare ved musikkhøgskulen i Berlin. Frå 1880 var han organist og dirigent i Kristiania. Han hadde ry som virtuos for sine improvisasjonar på orgel. Komponisten. Haarklou var ein svært allsidig komponist. Han laga verk både for klaver, orgel, fiolin og orkester og i tillegg romansar og songar for ulike kor, m.a. den kjende komposisjonen ”Varde”, til tekst av Per Sivle. Han er mest kjend for Oratoriet ”Skapelsen og Mennesket” til tekst av Henrik Wergeland, som vart uroppført allereie i 1891, med reprise i 1924 og seinast som nypremiere av Kringkastingsorkesteret i Oslo i 2008. Han komponerte kantatar, fire symfoniar, det symfoniske diktet ”Westminster Abbey” og heile fem operaer.

Haarklou og opera. Under dei to første åra i Leipzig var Haarklou ein ivrig operagjest og såg opera fleire gonger i veka. Han vart tidleg av den meining at opera var den beste måten å formidle musikkglede til den vanlege borgar. Det intime samspelet mellom musikken frå orkester, songen frå kor og solistar, kombinert med ei dramatisering med flotte kostymar og skiftande scenebilde påverkar publikum sine sansar maksimalt.

Vel heime i Noreg, vart Haarklou ein ivrig forkjempar for norsk opera. Han ville at folk skulle få oppleve ein libretto med norsk tekst. Det mest vanlege folk fekk oppleve var utanlandske opera med tekstar på fransk, tysk eller italiensk. Professor Benestad hevdar at Haarklou har mykje av æra for at det endeleg vart skipa ein norsk opera i 1957.

Fleire operaer av Haarklou. Etter at Haarklou laurdag 2. mai 1891 opplevde ein merkedag i norsk musikkhistorie, ved urframføringa i Logens sal i Kristiania av det første oratoriet i landet, ” Skapelsen og Mennesket”, med tekst henta frå Wergeland sitt ” mektige Verdensdikt”, byrja han straks med nye, store oppgåver.

I 1894 vart Haarklou sin aller første opera ”Fra gamle dage”, oppført 13 gonger på Kristiania Theater. I 1901 kom neste opera ”Væringene i Miklagard”, som vart oppført både i Trondheim, Bergen og Stavanger. I 1903 skreiv han operaen”Emigranten”, som vart oppført 15 gonger på Centraltheateret i Kristiania. ”Marisagnet” vart i 1910 oppført heile 16 gonger på Nationalteateret.

Opera Tyrfing. Allereie i 1902 byrja Haarklou å arbeide med operaen ”Tyrfing”, men det skulle gå med den som med oratoriet, den gjorde krav på lang tid. Mange ytre tilhøve var så ugunstige at han først hadde den ferdig etter 10 år. Innimellom arbeidet med «Tyrfing» skapte han ei heil rekkje gode verk, og begge operaene «Emigranten» og «Mariasagnet» vart til før «Tyrfing» vart sluttført i 1912. Det positive ved at «Tyrfing» kom til slutt, var at Hårklau no var på topp som komponist. Han hadde skaffa seg mykje erfaring og hadde modnast, og kunne lettare skrelle bort kontrapunktiske melodiføringar som kunne gjere «Tyrfing» betre.

Ros og fagnad I 1911 fekk Haarklou St. Olavs orden for arbeidet sitt. Ei av dei største opplevingane til Haarklou var då «Oratoriet», etter ein pause på 33 år, vart oppført på nytt i 1922, med kong Haakon og dronning Maud til stades.

Etter at Haarklou døydde i 1924, reiste vener og bygdefolk ein bauta ved heimgarden på Haarklou i Haukedalen.

Operahuset på Nordfjordeid. I 2009 hadde Opera Nordfjord verdspremiere på operaen «Tyrfing.» Det skjedde 85 år etter at komponisten Johannes Haarklou døydde. Foto: By Nimnisi (Eige arbeid) [CC BY-SA 3.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0)], via Wikimedia Commons.

Kyrre Vangsnes og Nils Olav Nygard skal arbeide med det store prosjektet «Skulen min » frå 1.desember fram til mai 2017. Dei skal registrere skuleprotokollar, samt skanne og publisere dei til glede for brukarane våre. Dei fyrste protokollane som vil kome på internett, er frå skulane i Hyllestad. I haust har Kyrre og Nils Olav ordna arkivet etter Sunnfjord og Ytre Sogn kjøt- og næringsmiddelkontroll. Frå 1. oktober 2016 er Kjell-Ragnar Berge engasjert av Fylkesarkivet i ei 20% prosjektstilling. Berge skal utarbeide eit oversyn over alle krigsminna i fylket. Han skal også skrive nye artiklar til Kulturhistorisk leksikon. Dei nye og tidegare publiserte minneartiklane skal brukast i ein krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane. Kjell-Ragnar Berge er fødd i 1957 i Hyllestad, og busett i Førde. Han har militær bakgrunn og er utdanna adjunkt. Berge var tilsett ved Hafstad vidaregåande skule i Førde i 30 år - dei siste åra som IKT-ansvarleg ved skulen. I 2016 blei han frilansforfattar på heiltid, med spesiell interesse for krigshistorie. Berge har gitt ut fleire krigshistoriske bøker. I 1997, i høve 150-års jubileet, vart det arrangert mange konsertar både i Sunnfjord og Bergen. Førde kammerkor var m.a. med på konsert på Trollhaugen i Bergen. Sigurd Melvær Øgaard og Asbjørn Flåm heldt fleire orgelkonsertar med orgelsymfoniar av Haarklou.

Under 160-års jubileet reiste Førde Ungdomskorps og Sunnfjord Orkesterforeining til Haukedalen der både ordførar Nils Gjerland og kommunalsjef Haakon Fimland deltok i markeringa saman med bygdefolket ved ei flott tilstelling i skulehuset på Gjerland.

Operaen «Tyrving» dukka opp att i 1961 under professor Finn Benstad sitt arbeid med doktorgraden om Haarklou. Sidan har den blitt lagra på Universitetsbiblioteket i Oslo. I boka om Haarklou «Mannen og verket», vert opera «Tyrfing» omtala som den beste

Personalnytt

Prosjekt:

Kyrre Vangsnes Nils Olav Nygard

Kjell Ragnar Berge

Haarklou har komponert. Fast tilsetjing: Annette Langedal Holme har fått fast tilsetjing som kommunearkivar. Ho byrjar i denne stillinga 1.november. Annette har jobba her sidan 1.1.2015 som prosjektarbeidar. Ho har mastergrad i historie ved Universitetet i Bergen. Annette har tidlegare arbeidd som konservator og rådgjevar ved Musea i Sogn og Fjordane, avdeling Nordfjord folkemuseum.

This article is from: