Kjelda nr. 2 2016

Page 32

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Haarklou-operaene Av Egil Hjelmeland

Historia om komponisten Johannes Haarklou, frå Haukedalen i Førde kommune, er som eit eventyr henta ut frå eit verkeleg liv. Det er mange som undrar seg over korleis ein vanleg bondeson kunne hente fram evner og energi i ein slik grad at han klarte å kjempe seg fram mellom ein allereie etablert kulturelite. Den som best kan gi svar på dette, vil nok vere professor Finn Benestad, som i 1961 tok doktorgrad på komponisten Johannes Haarklou. I føreordet til boka ”Mannen og verket” skriv han mellom anna: Johannes Haarklou (1847-1925) vann seg ein framståande posisjon i norsk musikkliv i perioden 1880-1925. Han var både komponist, musikkmeldar, organist og dirigent. Men han kom i skuggen av sine store samtidige som Grieg, Svendsen og Sinding. Som komponist er han kanskje den mest allsidige Noreg nokon gong har fostra. Johannes Haarklou. Haarklou vart fødd i Haukedalen i Førde 13. mai 1847. Familien sat i gode kår på den tida, og heimen vart eit naturleg samlingspunkt i bygda. Allereie frå vogga fekk han høyre felespel av dyktige spelemenn frå sine farbrør og morbrør. Straks han kunne gå, var han ofte med faren til kyrkje og fekk høyre salmesong og orgelmusikk. Allereie som 7 åring, byrja han å syne interesse for fela. Balestrand og Stord. Etter å ha lese for sokneprest Fasting til konfirmasjon, tykte presten at Johannes var ein så evnerik gut, at han oppmoda faren til å sende guten på lærarskule. I 1865 vart han elev ved Balestrand lærarskule og ved Stord seminar i 1868. Ei nymusikkverd takka vere Mozart. Før Haarklou kom til Stord, trudde han Lindemann si koralbok og 32

Johannes Haarklou, 1847-1925, ein av dei fremste i norsk musikkliv i åra 1880-1925. Han var ikkje berre verksam som komponist, men òg som musikkmeldar, organist og dirigent. Fotograf: Ukjend. Datering: Ukjend.

preludier av Reissigers og Behrens ”Lette Mannskor” var det høgste i kunstmusikken. Men etter å ha lese ein biografi av Mozart i eit bind av ”Skillingsmagazinet”, innsåg han at det måtte finnast ei musikkverd han ikkje kjente til. Den nye informasjonen gjorde at han vart meir interessert i musikk, men på same tid sterkt prega av tungsinn då han trudde det var umogeleg å bli musikar.

Frå Hårklau til Eiker. I 1868 las han i eit blad om ein nytilsett organist og komponist i Drammen, Christian Cappelen. I sin iver etter å lære meir om musikk, fekk han seg lærarjobb i Eiker og som elev hjå Cappelen fekk han grundig opplæring i orgelspel og harmonilære. Ein dag i 1872 reiste han til Kristiania for å høyre Mozart sitt ”Requiem”. Sidan han var vikar på orgel for


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.