2 minute read

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

Next Article
Besøk frå UWC

Besøk frå UWC

Fauske framhevar bygdelivet som ei sameining av nyting og nytte. Av Elin Østevik Det er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Museum som saman tek vare på Fauske-samlinga. Fylkesarkivet har eit særskilt ansvar for privatarkivet på 1,8 hyllemeter og fotoarkivet på kring 17 500 foto, medan Sunnfjord Museum tek hand om gjenstandane etter Fauske. Materialet etter Fauske har sidan det kom inn til våre to institusjonar på 1990-talet blitt ordna og sikra trygge oppbevaringstilhøve. Videofilming av negativarkivet på 1990-talet, den gongen siste skrik på teknologifronten, gjorde det mogleg å samle inn opplysningar til ein god del av bileta, samstundes som materialet vart lettare tilgjengeleg for forskarar. Etnologen Oddlaug Reiakvam si forsking på det rike foto- og arkivmaterialet etter Fauske var eit viktig element i doktorgradsavhandlinga hennar «Bilderøyndom. Røyndomsbilde. Fotografi som kulturelle tiduttrykk», der ho samanlikna den fotografiske ein del ”rekvisittar og kulisser som minimumsvilkår for regisering av det frilynde” Den standardiserte folkedrakta, bygd på den regionale hardangerbunaden står i ei særstilling, men også i sjølve scenerommet eller kulissane er Fauske flink med symbolsk ladde element. Det kan vere bjørkestammer, og poserande budeier og kyr. Fauske har og fleire kort med vintermotiv og skigåing. På ei tid då Nansen og Amundsen sine polarekspedisjonar gav grunnlag for mykje heltedyrking, kunne denne koplinga mellom vinter og friluftsliv tene som ein sterk nasjonal metafor. praksisen til tre ulike fotografar. I avhandlinga si argumenterer Reiakvam for at fotografia etter Fauske kan lesast som visuelle representasjonar på brytinga mellom tradisjon og modernitet i Sunnfjord i tiåra etter unionsoppløysinga i 1905. Med prosjektet «Samlinga etter Olai Fauske» ønskjer vi også å gjere breidda i det rike materialet etter Fauske tilgjengeleg både for forskarar og for ålmenta. I løpet av prosjektperioden er målsetjinga: • å digitalisere og publisere 6000 negativ frå Fauske-arkivet. • å samle inn og registrere opplysningar til så mange bilete som mogleg • å registrere og publisere gjenstandssamlinga etter Fauske. • å registrere og publisere bedriftsarkivet etter Olai Fauske. Ordrebøkene skal i tillegg digitaliserast. Ein mann av si tid Olai Fauske var ein mann av si tid. Ein modernist med røter i det bygdenorske. Dersom nokon ser ein motsetning i eit moderne yrkesval kombinert med norskdomsrørsle, skal ein vite at norskdomsrørsla på slutten av 1800- talet var ei radikal og moderne rørsle som sprang ut av intellektuelle krinsar i byane, men som spreidde seg ut over landet til ei stor politisk og nasjonal reising. Det er i denne tradisjonen ein

Olai Fauske (1887-1944) kan seiast å vere den fotografen frå Sogn og Fjordane som er best dokumentert. Ikkje berre er negativarkivet etter Fauske bevart, men også brev, protokollar og anna skriftleg materiale, i tillegg til gjenstandar frå atelieret, er berga for ettertida. Det er til og med skrive ei doktorgrad om fotograf Fauske!

må sjå Olai Fauske og gjerninga hans. Fotomaterialet etter Fauske vil bli tilgjengeleg for publikum i fylkesarkivet sin fotobase etter kvart som det blir digitalisert og registrert. Per oktober 2016 er vel 4400 foto digitalisert. Privatarkivet etter Fauske, inkludert dei digitaliserte platebøkene, finn du no på Arkivportalen. Det står att å registrere gjenstandane etter Fauske, desse vil etter kvart bli tilgjengeleg på Digitalt Museum.

Prosjektet «Samlinga etter Olai Fauske» er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Museum. Prosjektet starta opp februar 2016 og vil etter planen avsluttast i juni 2017. Prosjektet har motteke prosjektstøtte frå Norsk Kulturråd og Førde kommune.

This article is from: