Kjelda nr. 2 2016

Page 10

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Fauske framhevar bygdelivet som ei sameining av nyting og nytte.

ein del ”rekvisittar og kulisser som minimumsvilkår for regisering av det frilynde” Den standardiserte folkedrakta, bygd på den regionale hardangerbunaden står i ei særstilling, men også i sjølve scenerommet eller kulissane er Fauske flink med symbolsk ladde element. Det kan vere bjørkestammer, og poserande budeier og kyr. Fauske har og fleire kort med vintermotiv og skigåing. På ei tid då Nansen og Amundsen sine polarekspedisjonar gav grunnlag for mykje heltedyrking, kunne denne koplinga mellom vinter og friluftsliv tene som ein sterk nasjonal metafor.

Ein mann av si tid Olai Fauske var ein mann av si tid. Ein modernist med røter i det bygdenorske. Dersom nokon ser ein motsetning i eit moderne yrkesval kombinert med norskdomsrørsle, skal ein vite at norskdomsrørsla på slutten av 1800talet var ei radikal og moderne rørsle som sprang ut av intellektuelle krinsar i byane, men som spreidde seg ut over landet til ei stor politisk og nasjonal reising. Det er i denne tradisjonen ein må sjå Olai Fauske og gjerninga hans.

«Samlinga etter Olai Fauske»

- eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune Av Elin Østevik

Olai Fauske (1887-1944) kan seiast å vere den fotografen frå Sogn og Fjordane som er best dokumentert. Ikkje berre er negativarkivet etter Fauske bevart, men også brev, protokollar og anna skriftleg materiale, i tillegg til gjenstandar frå atelieret, er berga for ettertida. Det er til og med skrive ei doktorgrad om fotograf Fauske! Det er Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Museum som saman tek vare på Fauske-samlinga. Fylkesarkivet har eit særskilt ansvar for privatarkivet på 1,8 hyllemeter og fotoarkivet på kring 17 500 foto, medan Sunnfjord Museum tek hand om gjenstandane etter Fauske. Materialet etter Fauske har sidan det kom inn til våre to institusjonar på 1990-talet blitt ordna og sikra trygge oppbevaringstilhøve. Videofilming av negativarkivet på 1990-talet, den gongen siste skrik på teknologifronten, gjorde det mogleg å samle inn opplysningar til ein god del av bileta, samstundes som materialet vart lettare tilgjengeleg for forskarar. Etnologen Oddlaug Reiakvam si forsking på det rike foto- og arkivmaterialet etter Fauske var eit viktig element i doktorgradsavhandlinga hennar «Bilderøyndom. Røyndomsbilde. Fotografi som kulturelle tiduttrykk», der ho samanlikna den fotografiske 10

praksisen til tre ulike fotografar. I avhandlinga si argumenterer Reiakvam for at fotografia etter Fauske kan lesast som visuelle representasjonar på brytinga mellom tradisjon og modernitet i Sunnfjord i tiåra etter unions­ oppløysinga i 1905. Med prosjektet «Samlinga etter Olai Fauske» ønskjer vi også å gjere breidda i det rike materialet etter Fauske tilgjengeleg både for forskarar og for ålmenta. I løpet av prosjektperioden er målsetjinga: • å digitalisere og publisere 6000 negativ frå Fauske-arkivet. • å samle inn og registrere opplysningar til så mange bilete som mogleg • å registrere og publisere gjenstandssamlinga etter Fauske. • å registrere og publisere bedrifts­arkivet etter Olai Fauske. Ordrebøkene skal i tillegg digitaliserast.

Fotomaterialet etter Fauske vil bli tilgjengeleg for publikum i fylkesarkivet sin fotobase etter kvart som det blir digitalisert og registrert. Per oktober 2016 er vel 4400 foto digitalisert. Privatarkivet etter Fauske, inkludert dei digitaliserte platebøkene, finn du no på Arkivportalen. Det står att å registrere gjenstandane etter Fauske, desse vil etter kvart bli tilgjengeleg på Digitalt Museum. Prosjektet «Samlinga etter Olai Fauske» er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Sunnfjord Museum. Prosjektet starta opp februar 2016 og vil etter planen avsluttast i juni 2017. Prosjektet har motteke prosjektstøtte frå Norsk Kulturråd og Førde kommune.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.