16 minute read

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

Next Article
Besøk frå UWC

Besøk frå UWC

Sjølvportrett frå tidleg i fotografkarriera.

Av Asbjørn Tyssen Kva var det som fekk ein ung gut, fødd og oppvaksen på ein litt avsidesliggande gard i Sunnfjord kring siste hundreårskiftet, til å bli fotograf ? Det var eit yrkesval som låg milevis unna det andre ungdomar på denne tida kunne tenkje seg. For dei som ikkje hadde gard å gå til var draumen om Amerika meir lokkande, anten som eit høve til å legge seg opp pengar på hardt arbeid nokre år, eller som ein stad å byggje heile framtida si på.

Advertisement

Yrkesvalet Men Olai valde å satse på ei framtid som fotograf. Det var eit val han gjorde sjølv, men med rådgjevarar både i bygda heime og, som vi skal sjå, på andre sida av Atlanteren.

Olai Fauske var fødd på bruk 5 på garden Fauske i dåverande Naustdal kommune. Mora heitte Kristiane Mari Salomonsdotter og kom frå Klopstad på nordsida av fjorden. Ho kom til garden som kone til Elias Martinus Olson Fauske og fekk 5 born med han. Han drukna og ho gifte seg opp att i 1878 med Anders Matiasson Reikvam og dei fekk 4 born. Olai var den eldste av desse, men som eldste gut i andre ekteskap fekk ikkje Olai overta garden. Den gjekk til mora sin svoger frå første ekteskap.

Olai hadde dessutan dårleg helse, slik at hardt fysisk gardsarbeid var ein uaktuell livsveg for den unge guten. I eit brev han sende i 1904 til Martinus Olai, ein eldre halvbror i Naustdal, gjorde han greie for dette. Han hadde på det tidspunktet bestemt seg for å satse på ei framtid som fotograf så sant det praktisk let seg gjere. Han skreiv:

”Ja jeg forstaar godt at jeg ikke kan gaa her og ikke have noget at bestille, og hva skal jeg saa begynde med? Dette er noget som jeg lenge har tenkt paa, og efter som min helbred ikke tillader mig det, kan jeg ikke overgaa til noget tungt arbeide, og ved et eller andet lettere fagarbeide, vil der alltid i begyndelsen medgaa en del penger. Efter som jeg tengt mig forskjellig, har jeg nu foreløpig stanset ved: ”En stilling som Fotograf. Til dette ville medgaa ca kr. 500,00. Dette arbeid er nu ikke saa strengt, og behøver kun smaa legemskrefter til.”

sitt og å filosofere over om dette var eit yrke som var liv laga, var nok brevet og meint som ei bøn om økonomisk støtte. Det var trass alt eit handverk som skulle lærast, og ein del utstyr som skulle kjøpast. Bøna har nok hjelpt, for alt året etter drog han til Bergen med ein lærlingkontrakt hjå fotograf Otto Talle i bagasjen. I Bergen var det eit stort fotografmiljø, og den næraste staden for ein ung sunnfjording som ville lære eit slikt yrke.

Olai hadde både sysken og andre jamaldrande sambygdingar frå Fauskegrenda som drog til Amerika. Fleire av dei var Olai jamleg i kontakt med og dei var nok viktige i samband med det yrkesvalet han gjorde. Meldingane attende var fleirtydige; nokre angra på valet dei hadde gjort og klaga over det meste, medan andre fann seg godt til rette og oppmoda Olai om å gjere det same. Olai hadde nok eit realistisk bilete av livet på andre sida av havet, og i fleire av breva får han støtte for det valet han gjorde.

Etter ei læretid i Bergen på kring 3 månader slo Olai seg til heime på Fauske der han budde saman med mora og den yngre systera, Anna. Det at fleire av søskena hadde emigrert gjorde og at dei to heimeverande fekk eit særskilt ansvar for mora. I breva frå søskena, og særleg frå systera Ellen, vert han minna på dette og ho overfører sitt dårlege samvit på broren.

”Jeg spaar moder er bleven gammel nu saa hun skulde ikke være allene der ute en eneste dag […]. En anden ting er jeg vil minde dig paa vær sneld mod gamle mor for vi ved ikke hvor lenge hun kan leve og du skal aldrig angre det.”

Det at Olai Fauske valde eit yrke som syner ut over bygdesamfunnet sine tronge og tradisjonelle karrierevegar, tyder på at ein moderne mentalitet var i ferd med å vinne innpass i bygdesamfunnet. Denne tidsperioden har ein del særkjenne som kan vere med på å forklare yrkesvalet til Olai.

For det første var det ei tid der det gamle gardssamfunnet var i oppløysing. Det gav seg materielle utslag som jordskifte på gardane, utflytting frå dei gamle fellestuna, nye driftsmåtar og ein økonomi som gjekk over frå ei tilnærma naturalhushaldning til pengehushaldning. Men det førte og til meir mentale endringar som ei gradvis oppløysing av gamle institusjonar som bedelag og dugnad, som alle var baserte på fellesløysingar, og akseptering av nye tankar og individualisme i motsetnad til det tradisjonsbundne og kollektive.

Det er også ei tid der trua på framstegsteknologien var sterk. Mange tekniske nyvinningar fekk innpass på denne tida, både i gardsdrifta og i samfunnet elles.

I denne perioden voks det og fram eit samfunn med mykje større mobilitet enn tidlegare. Mobiliteten gav seg utslag i nye vegar og dampskipsruter som gjorde at folk kunne forflytte seg i større grad enn tidlegare, både innanlands og ut over landet sine grenser, men det førte og til ein sosial mobilitet som gav høve til sosial klatring. Litt forenkla kan ein seie at

Portrett av mora Kristiane Mari i atelieret i Førde.

ein gut som tidlegare var fødd på ein husmannsplass hadde stor sjanse for også å døy som husmann, medan ein no kunne verte fødd husmann og døy som handelsmann, politimann eller farmar i Amerika.

Dei grunnane som er nemnde ovanfor – den dårlege helsa, støtte frå vener, ansvarskjensla for mora og framveksten av eit moderne samfunn som tillet slike val – er nok det som til saman forklarar kvifor Olai gjorde dette uvanlege yrkesvalet og med det sikra ettertida i Sunnfjord ei svært viktig kulturhistorisk kjelde.

”…det gildaste ein kan sende vener” Olai Fauske var i mange tiår einaste fastbuande fotografen i Førde. Fleire av dei landskjende fotografane som Axel Lindahl og Knud Knudsen reiste med jamne mellomrom frå 1860-talet og frametter til litt ut på 1900-talet gjennom bygda. Postvegen mellom Trondheim og Bergen gjekk gjennom Førde og det har ført til at bygda er godt dokumentert fotografisk også i tida før Fauske opna praksis. Bergensfotografen Thora Bentzen budde også eit års tid i Førde først på 1891-talet, men det er lite fotomateriale bevart etter henne.

Etter nokre månader i lære hjå fotograf Otto Talle i Bergen drog Fauske

attende til Sunnfjord og starta eigen praksis i 1905 med adresse Ærvik, Søndfjord. Han starta eit ambulerande atelier og reiste rundt i bygdene og fotograferte. For å marknadsføre seg, la han ut kort på krambuer og andre møteplassar. Der gjorde han greie for kvar han var til ei kvar tid. Etter kvart fekk han også trykt opp større plakatar og prislister til oppslag.

Slike lappar la Fauske ut på sentrale stader når han var ute på fotooppdrag.

Olai Fauske fann seg tidleg ein eigen nisje i marknaden. Det var avbilding av folk, gardar og landskap i heimegrendene til vener, slektningar og andre som hadde emigrert til Amerika. I ein annonse i Den 17de Mai i 1911 heiter det:

”Noko av det gildaste ein kan sende vener slektningar og kjenningar som er burte fraa heimen, er eit godt bilætkort fraa heimstaden eller heimbygdi. Det er ogso ei høveleg tid no, daa alt stend paa det fagraste og faa seg eit bilæte av garden eller grendi, og etter dette bilætkort. Er det so der ikkje er nokon einskild som vil taka kostnaden paa seg aaleine, kan fleire slaa seg saman, og daa vert der ikkje saa mykje paa kvar. Korti vert prenta med god norsk tekst.”

Og responsen frå det norske Amerika var god. Dei skreiv attende til Fauske og takka og kom med framlegg om motiv dei ynskte seg. Lengten etter heimbygda var stor og Olai fekk ei viktig oppgåve i å oppretthalde minna.

”Du lover mig flere belleder der gjemmefra, og dem maa du ikke glemme at sende mig, for det er den bedste moro jeg har, naar jeg faar nogen saadanne der gjemme fra. Du synes vel jeg er noksaa bejerlig, jeg har faat mange før fra dig. Men aligevel saa kan jeg ikke slute at tige om flere, om du kan spare nogle.”

”Ja du maa have saa mange tak for det Korte som du sente mig, jeg ser at Fauske er i den gammele Skap som det er moro til at se sin Føde plats ijen.”

Prislista til Fauske. At også mottakarane hadde noko å seie vitnar fylgjande brev frå venen Alfred i 1909 om:

”Du, naar det lider ut i juni trur eg det ikkje var saa dumt aa freiste faa eit prosp. av Erviki, daa er alle lider grøne, fossen kanskje noko stor, eg likte best det. Eimbaaten, ja eg veit ikkje eg, det kunde kons være mest det same um den ikkje var der elder um den laag ved bryggje – eg veit ikkje eg, dette skynar du bedst sjølv.”

”Kjøp deg ei tumt i Førde, Olai” I 1912 flytta Olai Fauske heile fotografiverksemda si frå heimegarden og inn til Teigen i Førde. Her kjøpte han seg hus som kunne romme atelier, butikk og bustad og hadde med det eit betre og meir sentralt utgangspunkt for verksemda si.

Om det var det som var avgjerande eller ikkje er uklart, men i brevet frå barndomsvenen Alfred i 1909, som er sitert over, kjem han og med fylgjande gode råd: ”Kjøp deg ei tumt i Førde, Olai. Eg trur du kan leve godt der inne.”

Inne ute. Den tida Fauske dreiv som ambulerande fotograf heime hadde han ikkje tilgang til atelier med gode nok lysforhold. Mange av bileta vart difor tatt ute, enten framfor ein stein eller ei hesje, eller som her med atelierlerret slått opp på veggen. Tunhellene i framgrunnen avslører likevel. Det er Stefina og Olai Horstad som her vert avbilda.

Olai Fauske held til i huset i Teigen fram til han døydde i 1944. Som næraste nabo hadde han frå 1921 Kristian Ulltang, ein jamaldring som også hadde valt seg ein moderne karriereveg i Førde. Han starta trykkeri som gav ut Ungdomsvennen, bladet til Sunnfjord ungdomsskule. Ulltang var med å starte opp Firda i 1917, og frå 1921 vart det trykt på trykkeriet som Ulltang starta heime i huset.

Den fotografiske praksisen Vi har sett korleis Fauske fann seg ein nisje med å sende bilete av lokale landskap og folk til utflytta sunnfjordingar i Amerika. Desse bileta hadde ein eigen funksjon – dei skulle tilfredstille det litt romantiske biletet som mange utflytte hadde av heimegarden og heimegrenda etter nokre år i utlegd. Bileta var ein sjanger som Fauske meistra til fulle, noko dei mange attendemeldingane og syner.

For å gjere fotograferinga til ein leveveg måtte han likevel ha fleire bein å stå på. Fauske hadde i alle fall fire. Viktigast, eller i alle fall det som utgjer det største materialet i ettertid, var nok prospektfotograferinga av enkeltpersonar og grupper. Til å byrje med vart dette, på grunn av lystilhøva, gjort i friluft, men etter at han flytta inn til Førde kunne avbildinga skje i atelieret.

Eit anna bein var produksjon av skulebilete. Allereie i det første siterte brevet til broren i 1904 nemner han på dette som ei sikker inntektskjelde. I Førde var det to aktuelle skular der han kunne drive denne verksemda – Førde Ungdomsskule på Solvang og Mo Jordbruksskule. Bileta kunne vere gruppeoppstillingar, enkeltbilete montert med namn og år og sentrert rundt eit bilete av skulen, eller meir uformelle oppstillingar som elevane kunne kjøpe med seg som minne.

Det tredje beinet kan ein kalle reportasjebiletet, der Fauske skildra bygda og bygdelivet i fest og høgtid, men også i arbeid. Han er med ungdomslaget på fjellstemne og idrettsstemne, på fest med trekkspel og på 17.mai feiring. Olai Fauske var ein modernist i si tid, noko også mange av avbildingane hans omkring arbeidslivet i bygdene syner. Det er moderniseringsprosessen

Mo Jordbruksskule var ein av skulane der fotografen Fauske hadde ein marknad. Elevane vart avbilda enkeltvis som portrett, samla som heile avgangskull eller som her i meir humoristisk arrangerte gruppebilde som elevane kunne kjøpe med seg heim att etter opphaldet på Mo.

Første slåmaskina på garden var eit ynda fotomotiv. Her kan det og verke som det er ein av sønene på garden som sit på maskina, noko som er med på å understreke det moderne og framtidsretta.

I motsetning til bryllaupsgruppene som kan uttrykke eit ”Velkomen til gards” har gravferdsbilda ein annan bodskap. Her er det avskjeden som står i fokus. Det vert mellom anna uttrykt med garden i bakgrunnen og den oppsala hesten med kista på sleden. Det er eit farvel til heimen.

”No er det i Norig atter dag” på baksida av korta til Fauske symboliserte mykje av det mål- og norskdomsstrevet han stod for.

”Ivar Aasens fødestad” er det mestseljande kortet frå Fauske si hand. Motivmessig er det kanskje ikkje så spennande, men symbolmessig hadde det stor slagkraft.

på bygdene han fotograferer, med meieridrift og separator, elektrisitetsverk og mekaniseringa på gardsbruka. Det typiske arbeidsbiletet i så måte er hesten og slåmaskina, med den stolte eigaren sittande på maskina og familien i ein halvring bak.

Det fjerde men slett ikkje minst viktige beinet var det ein kan kalle oppdragsfotograferinga. Dette gjekk i hovudsak ut på fotooppdrag i samband med ulike vendepunkt i familielivet, då særleg bryllaup og gravferder. Ved slike høve vart fotografen bodsendt. Det kunne vere eit planlagt oppdrag slik det var ved bryllaupsfotograferinga eller det kunne vere eit hastig utkalla oppdrag i samband med dødsfall. I eit av breva som ligg att etter Fauske heiter det:

”Herr Fotograf Fauske. Jeg maa bede Dig komme ut her kommende torsdag med dampskibet for at tage billede av min avdøde kone Anna. […] Jeg skal betale det som De maa ha for reisen. Vi maa have to forskjellige billeder et av dem før laaget er lagt paa og et med det hele følge med Kjesten. Er det mulig for Dig saa maa du komme. Kan du ikke vente herute til dampen gaar indover igjen lørdag skal jeg skaffe Dig Skyds hvis det haster for Dig at komme hjem igjen. Hilsing ….”

Dette gir oss eit blikk inn i ein røyndom som ikkje alle i dag kjenner til. At det vart tatt bilete i samband med bryllaup er skjøneleg, men at død og gravferd skal vere eit arbeidsfelt for fotografar fortonar seg litt meir framand.

Avbilding av den døde, eller post mortem-bilete, har ein tradisjon som er eldre enn den fotografiske teknikken. Når dei fotografiske bileta tok over for måleriet i andre halvdel av 1800-talet, vart det svært populært og tatt i bruk også av folk flest. Det er mange som har freista forklare dette fenomenet og forklaringane spriker frå mangel på minnebilete av den døde til forklaringar som går på fascinasjon for det morbide.

Det underlege, og det som for mange har vore ei gåte, er likevel at denne tradisjonen fekk ein brå slutt kring første verdskrigen. På same vis som det har vore vanskeleg å forklare populariteten til desse bileta, har det og vore vanskeleg å forklare fråværet av bilete.

Etter å ha studert fenomenet konkluderer etnologen Oddlaug Reiakvam i doktoravhandlinga si Bilderøyndom Røyndomsbilde med at det er dei rituelle seremoniane som endrar seg på denne tida i overgangen frå det tradisjonsdefinerte samfunnet til modernitetens gjennomslag i kulturen. Ho skriv:

”I det førmoderne samfunnet omfatta dødens rites de passage [overgangsriter] kistelegging, likstrå, likvake, utsynging og til sist gravferd. Det eldre synet på det rituelle subjektet sin status i denne liminale perioden mellom livets og dødens polaritet var tvetydig og uklårt, den døde var statuslaus.[…] denne haldninga [vart] avløyst av den moderne dødskonsepsjonen med samanfall mellom den biologiske og sosiale døden, der døden vart løyst ut or sine rituelle og samfunnsmessige samanhengar og gjord privat.”

Det var med andre ord synet på døden og dei rituelle handlingane

knytt til døden som endra seg. Den ”tradisjonelle” døden var ei sosial hending, medan den ”moderne” døden vart privat og hadde ikkje rom for fotografen.

Sjølv om post mortem fotografering ei tid var ein viktig del av Fauske sin praksis vert den aldri annonsert på same vis som portrettfotografering, bryllaupsfotografering m.m. Den skjulte seg meir bak formuleringar som ”All slags fotografering ute og heime” og ”Tilreising etter avtale”.

”No er det i Norig atter dag” - Forleggjar og målmann I tillegg til fotograferinga dreiv Olai Fauske også som kortforleggjar i tida mellom 1907 og 1920. Fauske var sterkt merkt av den bygdenorske tidsånda på denne tida som gav seg utslag mellom anna i målstrev, frilynt ungdomslagsrørsle, skyttarlag og norskdom.

Sal av fotografiske prospekt hadde lenge vore ei god inntektskjelde for fotografar, men rundt århundreskiftet kom det tekniske nyvinningar på trykkerifronten som gjorde det lettare å masseprodusere desse korta.

Den ideologiske grunnhaldninga til Fauske kunne ein avlese på begge sider av korta, både gjennom motivvalet på framsida, og på teksten han let trykke på baksida. Der sto det ”No er det i Norig atter dag. Brevkort fraa Norig”. Annonseringa han dreiv for desse korta var svært aggressiv og han omtala heile tida verksemda si som ”Forlag av norske kort”, eller endå til ”Heil-norske jolekort”. Annonseringa føregjekk gjennom nasjonale nynorske aviser og blad som Gula Tidend, Den 17de Mai og Unglyden i tillegg til dei lokale avisene. Marknaden hans var bygdefolk heime og i utlegd. Han kjende sitt publikum og gjorde det svært godt som kortforleggjar.

I doktoravhandlinga si Bilderøyndom Røyndomsbilde freistar Oddlaug Reiakvam seg på ein analyse av motiva i kortmaterialet etter Olai Fauske og ei forklaring på salssuksessen. Ho deler biletmotiva i to – bygdelivet og kulturlivet. ”I landskaps-, arbeids- og kvardagsskildringane er bygda samnemnaren, i kulturskildringane er norskdomen og det frilynde samnemnar.”

Det som sameinar motiva under bygdelivet ”… er kulturlandskapet som konstituerer fotografen sin landskapsmodell, den norske bygda er det overordna omgrepet og ”bilderammene” for visualiseringane. Det ”kulryggede” sunnfjordske landskapet er formidla som det heilnorske gjennom eit motivrepertoar som tematiserer sentrale bygdeverdiar og dermed underordnar naturen under dei kulturlege verdiane.[…] bygda (er) formidla i både sommar- og vinterham, som ein stad der det alltid er solskinn og godvêr. Kulturlandskapet har, uansett årstid både nytingsverdi og nytteverdi […] eit trottig folkeferd sysselsett med den typen arbeid som framfor alt sameinar nytinga og nytten; sommaren med stølsliv, turrhøytak og lediggang, vinteren med vedkøyring og annan slede(tran)sport”

Den andre motivkrinsen er det Reiakvam kallar kulturskildringane eller ”visualiseringane av ”nasjonale” og ”frilynde” tema”. Ho tar utgangspunkt i

This article is from: