Kjelda nr. 2 2016

Page 4

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Sjølvportrett frå tidleg i fotografkarriera.

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944 Av Asbjørn Tyssen

Kva var det som fekk ein ung gut, fødd og oppvaksen på ein litt avsidesliggande gard i Sunnfjord kring siste hundreårskiftet, til å bli fotograf ? Det var eit yrkesval som låg milevis unna det andre ungdomar på denne tida kunne tenkje seg. For dei som ikkje hadde gard å gå til var draumen om Amerika meir lokkande, anten som eit høve til å legge seg opp pengar på hardt arbeid nokre år, eller som ein stad å byggje heile framtida si på. Yrkesvalet Men Olai valde å satse på ei framtid som fotograf. Det var eit val han gjorde sjølv, men med rådgjevarar både i bygda heime og, som vi skal sjå, på andre sida av Atlanteren. Olai Fauske var fødd på bruk 5 på garden Fauske i dåverande Naustdal kommune. Mora heitte Kristiane Mari Salomonsdotter og kom frå Klopstad på nordsida av fjorden. Ho kom til garden som kone til Elias Martinus 4

Olson Fauske og fekk 5 born med han. Han drukna og ho gifte seg opp att i 1878 med Anders Matiasson Reikvam og dei fekk 4 born. Olai var den eldste av desse, men som eldste gut i andre ekteskap fekk ikkje Olai overta garden. Den gjekk til mora sin svoger frå første ekteskap. Olai hadde dessutan dårleg helse, slik at hardt fysisk gardsarbeid var ein uaktuell livsveg for den unge guten. I eit brev han sende i 1904 til Martinus

Olai, ein eldre halvbror i Naustdal, gjorde han greie for dette. Han hadde på det tidspunktet bestemt seg for å satse på ei framtid som fotograf så sant det praktisk let seg gjere. Han skreiv: ”Ja jeg forstaar godt at jeg ikke kan gaa her og ikke have noget at bestille, og hva skal jeg saa begynde med? Dette er noget som jeg lenge har tenkt paa, og efter som min helbred ikke tillader mig det, kan jeg ikke overgaa til noget tungt arbeide, og ved et eller andet lettere fagarbeide, vil der alltid i begyndelsen medgaa en del penger. Efter som jeg tengt mig forskjellig, har jeg nu foreløpig stanset ved: ”En stilling som Fotograf. Til dette ville medgaa ca kr. 500,00. Dette arbeid er nu ikke saa strengt, og behøver kun smaa legemskrefter til.” I tillegg til å gjere greie for yrkesvalet


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.