1 minute read
Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016
Skrivande bønder i Hornindal Jostein Fet har ved si gransking av den litterære kulturen mellom ålmugen på Nordvestlandet endra vår forståing av lese- og skrivekunna til bønder i tidleg moderne tid. Eit viktig kjeldegrunnlag i boka Skrivande bønder var gardsarkivet frå Kirkhorn i Hornindal.
Jostein Fet leverte i fjor haust grunnlagsmaterialet frå Kirkhorn-arkivettil Hornindal bibliotek. Det består av sju permar med kopiar, avskrifter, kommentarar og saksopplysingar. I tillegg kjem eit hefte med reinskrift av alt Knut Rasmusson Kirkhorn (1757-1787) etterlet seg.
Advertisement
Fylkesarkivet fekk så spørsmål om vi kunne tenkje oss å ta materialet inn til registrering, og kanskje digitalisere utvalde delar av det, slik at det vert tilgjengeleg for ålmenta. Det sa vi sjølvsagt ja til.
Arkivet ligg no på Arkivportalen, som er den nasjonale inngangen til arkiv her i landet. Vi har i tillegg digitalisert heftet Visebøkene frå Kirkhorn: tekstar nedskrivne av Knut Rasmusson Kirkhorn i Hornindalen(1757-1787), som også er tilgjengeleg via Arkivportalen.
I fylgje Jostein Fet er materialet frå Kirkhorn unikt. Han kjenner ikkje til at det finst så rikhaldige gardsarkiv andre stader i landet. Kirkhorn-arkivet inneheld visesamlingar, brev, offentlege/halvoffentlege dokument m.m. frå fleire generasjonar på garden. Materialet er oppbevart privat hjå arkiveigar.
Nettstader: Arkivet på Arkivportalen: http://tinyurl.com/h76t6tt Visebøkene frå Kirkhorn: http://tinyurl.com/jzscln2
Horningdalen efter den Sorte død. Ei segn om korleis Hornindal vart bygd på nytt etter Svartedauden, nedskriven av Rasmus Olsson Kirkhorn
Eids privatbank Nordfjordeid 1911-1935. Ved Adm. Direktør. 22 s., 1935? Farstad, Aud: På liv og død, distriktsjordmødrenes historie. Samlaget 2016, 429 s. Den fremmede reisetrafik i Norge 1912. Optat paa foranstaltning av «Foreningen for reiselivet i Norge», de økonomiske beregninger ved foreningens kontor. Foreningen for reiselivet i Norge. Kristiania, Marius Stamnes’ boktrykkeri, 1912?, 25 s. Vatnahalsen hotel, Myrdal st. Bergensbanen. Eier: Edv. Holte. Kristiania, Centraltrykkeriet, utan år. 22 s. Lote skule 100 år, 1883-1983, skriftstyret. 1983, 15 s. Kjellevold d.e., Rasmus A.: Dalsøyra bedehus 100 år, 2016, 4 s. I Gulen kyrkjelydsblad 2/2016 Skulen vår, Fresvik skule 50 år. Red. Bjarne Bjørkevoll. Utgjevar Fresvik sogelag og Fresvik skule. 1999, 144 s. Torvanger, Magnus Helge: Harald Seim. Kunstmålaren frå Kinn. Selja forlag, 2014, 128 s. Torvanger, Magnus Helge: Einar Seim. I norske fotefar på Shetland. Selja forlag, 2016, 192 s. Melheim, Rolf: Gamle Eid og Hornindal. Selja forlag, 2016 Nestegard, Dag H.: Hestehandlaren Kjell Opseth. Samlaget, 2016, 286 s.