10 minute read

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

Bedriftsarkivet frå hermetikkprodusenten Firda Canning er det største privatarkivet vi oppbevarer. Det er på godt over 100 hyllemeter.

Av Per Olav Bøyum Fylkesarkivet har i år laga ein verneplan for privatarkiv. Arbeidet har vore todelt. Først var det naudsynt å gå gjennom allereie innsamla og registrerte arkiv. Det munna ut i ein bestandsanalyse. Deretter vart det skrive ein samfunnsanalyse som tok for seg dei viktigaste kjenneteikna ved næringslivet i kvar einskild kommune. Denne artikkelen summerer opp dei mest sentrale funna frå bestandsanalysen.

Privatarkiv er ei svært variert kjeldegruppe. Dei vert gjerne negativt definert, ved kva dei ikkje er. Det er såleis tale om arkiv som ikkje er offentlege. Dei fleste har sitt opphav i organisasjonar, bedrifter, institusjonar eller som samlingar frå gardar eller einskilde personar.

Også i omfang er det stor variasjon. Dei minste privatarkiva inneheld ikkje meir enn nokre få dokument. Det største vi oppbevarer på fylkesarkivet er meir enn 100 hyllemeter. Jamt over er likevel privatarkiva heller små i omfang.

Kvifor privatarkiv? Kvifor dette strevet med å ta vare på privatarkiv? Om historieforståing og sogeskriving er viktig, noko truleg dei fleste vil vere samde i, gjev det seg nesten sjølv at det er ein fordel med eit variert kjeldegrunnlag. Fleire offentlege styringsdokument har då også framheva at målet med arkivpolitikken er ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Privatarkiva er med på å fylle ut og korrigere dei offentlege arkiva. Eit døme kan vere slektsgransking, som er ein type historiearbeid mange driv med. I det offentlege kjeldematerialet, som kyrkjebøker og folketeljingar, finst det heilt sentrale opplysingar som rissar opp livsløpet til ein person, slik

Tabell 1. Oversikt over privatarkiv oppbevart på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, fordelt på kommune.

Tabell 3. Privatarkiv fordelt på periodar.

Tabell 2. Privatarkiv oppbevart på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, fordelt på aktørtype.

som fødsel- og dødsår. I dei offentlege arkiva kan ein òg finne dokument som gjev meir «kjøt på beinet». Men ofte kjem det levde livet best fram i privatarkiv, av typen dagbøker, brev og foto. Er det bevart slike kjelder etter ein slektning, vil det som regel kome fram opplysingar som ikkje eksisterer i offentleg skapte arkiv.

Arbeidet med privatarkiv i fylkeskommunen Sogn og Fjordane fylkeskommune har sidan 1991 finansiert ein heil fast stilling knytt til arbeid med innsamling, ordning og formidling av privatarkiv.

Privatarkivvernet har vore drive som ei blanding av passivt mottak og meir systematisk innsamling. Av dei målretta tiltaka kan nemnast bankprosjektet, som resulterte i at 120 hyllemeter arkiv, fordelt på 26 bankeiningar, vart ordna og tekne vare på. Det var eit samarbeid mellom fylkesarkivet og Sparebanken Sogn og Fjordane. Over same lest skjedde vernet av Gjensidige branntrygdelagsarkiv.

Eit anna målretta tiltak er innsamling av arkiv frå fagrørsla og partilag på venstresida. Etter ein samarbeidsavtale frå 1989 mellom fylkesarkivet, Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek i Oslo og arbeidarrørsla i Sogn og Fjordane, kjem det inn kontingentbidrag til vern av arbeidararkiv. Over tid har den jamne jobbinga med arbeidararkiv bore rike frukter. 310 slike arkiv har blitt verna.

Privatarkiv i Sogn og Fjordane Fylkesarkivet oppbevarer 1714 privatarkiv (arkiv oppretta i 2016 er ikkje medrekna). Kommunevis fordeler dei seg som vist i tabell 1. Leikanger tronar øvst med 140 privatarkiv. I andre enden ligg Solund, der det har blitt samla inn 11. Ytterpunkta kan bli forklart ved at

Tabell 4. Eksterne privatarkiv, fordelt på kommune.

Tabell 5. Alle privatarkiv, fordelt på kommune.

Leikanger er vertskommune for fylkesarkivet, og at Solund har det minste folketalet i fylket.

I oversikta er det òg teke med regionale arkiv, som dekkjer meir enn ein kommune. Slike finst det 276 av. Dei fleste er anten fylkesvise, eller har Nordfjord, Sunnfjord og Sogn som geografisk nedslagsfelt.

Fordelt på aktørtype, eller arkivskapar, fordeler arkiva seg som vist i tabell 2. Det har blitt samla inn flest arkiv frå lag og organisasjonar, bortimot 1000 til saman. På neste plass kjem aktørtypen person/familie, med 364 oppretta arkiv. Vidare har det blitt samla inn 336 arkiv frå bedrifter.

Tabell 3 syner korleis arkiva fordeler seg i tidsbolkar. For svært mange arkiv (29%) har det ikkje blitt lagt inn ytterår. Av arkiva med registrerte årstal er flest frå periodane 1901-1950 og 1951-2000 (Begge periodane 28%). Fleirtalet av

privatarkiva vi har samla inn er såleis skapte dei siste 100 åra. 9% har innhald frå perioden 1851-1900.

I mengde utgjer det private tilfanget om lag 1400 hyllemeter. Bortimot 25% av arkiva er uordna. Fylkesarkivet har digitalisert små utvalde delar av samlinga. I alt har 7900 filer med skanna kjeldekopiar frå privatarkiv blitt publisert på internett.

Av anna tilgjengeleggjering bør databasen Amerikabrev bli trekt fram. 3000 brev, dei fleste frå USA, har blitt lagt inn med opplysingar om avsendar, mottakar og stikkord om innhald.

Eksterne arkiv Fylkesarkivet har opp gjennom åra også registrert mange eksterne privatarkiv. Dei fleste av desse er samla inn og forvalta av kommunar. I nokre av dei finst det eigne lokalhistoriske samlingar.

Tabell 4 viser fordelinga av eksterne privatarkiv på kvar einskild kommune. Det kjem fram at det er eit stort spenn, frå Jølster med over 120 eksterne privatarkiv, til Flora, Gulen, Høyanger og Naustdal, der det ikkje er registrert nokon. Det bør bli understreka at talgrunnlaget her er svært usikkert. Det er tvillaust slik at ein heil del privatarkiv ikkje har blitt fanga opp.

Slår ein saman dei deponerte/avleverte privatarkiva og dei eksterne, så blir mønsteret som vist i tabell 5. Sogndal kjem best ut med 204 registrerte privatarkiv. I den andre enden ligg Solund med 28.

Vegen vidare Hovudmålet med vern av privatarkiv er som nemnt å sikre ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Då er det viktig at innsamlinga ikkje skjer medvitslaust.

Ettersom privatarkivfeltet har vore lite regulert, er det store forskjellar på kva som har blitt teke vare på frå fylke til fylke. Vonleg vil dette endre seg. Riksarkivet lanserte tidlegare i år ein strategi for privatarkiv. Den skal sikre at arkivmateriale frå privat sektor i større grad vert sikra for ettertida.

Attåt det koordinerande arbeidet på nasjonalt nivå, er det viktig at det på regionalt og lokalt nivå vert meisla

Frå første møteprotokollen for Jostedal Mållag. Kampen for nynorsk var ei av motrørslene som slo djupe røter på Vestlandet. Som den sterkaste nynorsk-bastionen vil det vere naturleg at Sogn og Fjordane prioriterer høgt vernet av arkiv frå målrørsla.

ut ein kurs for korleis innsamlinga av privatarkiv skal skje. Og nett det er hovudmålet med verneplanen. Ved å jamføre arkivbestanden mot dei næringsmessige særdraga, og eventuelle andre spesielle tilhøve i ein kommune, er det mogeleg få til eit meir planfast arbeid med vern av privatarkiv.

Utgangspunktet er at det ikkje vil vere mogeleg å ta vare på alle privatarkiv. Det er neppe ønskjeleg heller. Dessutan har svært mange privatarkiv allereie gått tapt. Målet er å ta vare på arkiv som er viktig samfunnsdokumentasjon.

Verneplanen vil ikkje vere ei tvangstrøye. Den er meint å stake ut ein kurs. Kva som er viktig dokumentsjon å ta vare på for ettertida kan det vere delte meiningar om. Fagfeltet vil dermed vere prega av ein god slump med skjøn.

Arkivet frå Hotel Mundal dokumenterer den viktige turistnæringa i Sogn og Fjordane.

Det er dessutan viktig å understreke at bevaring av privatarkiv skjer i eit samspel mellom det offentlege og det private. For bedrifter og organisasjonar som har høve til det, ligg det ei forventing om at dei, i alle fall til ein viss grad, tek vare på eiga historie.

Litteratur Utgreiinga ”En helhetlig samfunnshukommelse” levert Riksarkivaren 31.12.2014 Alle privatarkiva fylkesarkivet oppbevarer er no tilgjengeleg på Arkivportalen. Skjermdumpen viser søk på privatarkiv frå Høyanger.

Joleboka 1957

På Ornes skule i Luster hadde dei i fleire år ei lita Jolebok. Her skreiv elevane inn små forteljingar, julesongar og teikningar som førebuing til jula. I år helsar vi jula velkomen med to små forteljingar frå denne vesle elevboka. Halvor og juletreet. i stova med reven etter seg. Ola var «Halvor var berre 10 år då han måtte til bror hans og var berre 3 år, og ville vera skogs for å hente juletre. Han reiste med stor kar. Og så ville han prøva å letta øksa i handa og ryggsekk på ryggen. reven. Men då vart karen for lett. Han Då han kom ut av skogen, fekk han sjå datt atlengs med reven oppå seg. Dagen reven. Han tenkte med seg sjølv at der etter drog Halvor til lensmannen med var han som drap lammet mitt. Og så reven sin. Og så fekk han 100 kroner for sette han etter reven med øksa i lukta. han. Men då var det ein som var glad og Men reven var ikkje redd guten og sette det var Halvor. For no fekk han kjøpe opp. Men guten slo til reven i hovudet julegaver bode til far, mor og vesle Ole. « og trilla daud. Då var Halvor glad, men han like vel gløymde han ikkje juletreet. Ivar og Varg på skitur Då han hadde hogge juletreet, reiste «Den 22 desember tok det til å snøa. han heim over. Han drog reven etter seg Ivar vart glad då han om morgonen såg etter rumpa. Juletreet bar han på ryggen at det låg snø over alle marker. Han og øksa i handa. Då han kom heim på reiste seg i senga og kika ut. Han fekk garden kvilde han seg. Så rusla han inn kleda på seg i ein fart, og ut på kjøkenet til mor og fekk seg mat. Då han hadde ete, fann han lua og vottar og så for han ut og fann skia og for opp i bakken og slepte seg ned. Du kor det gjekk. Ein dag han og mor var å leine spurde han om han og Varg kunne få dra til fjells. Men mor sa at han fekk spyrja far, og det gjorde han. Han vart glad då far sa, ja. Me han fekk vera varsam og ikkje tufla seg bort på vegen. Dagen etter drog dei av stad. Det gjekk fint heile vegen. Då dei var oppe på høgda, såg dei stølen nede i dalbotnen. Det gjekk fint ned til stølen. Då dei var ned komne såg dei noko grått som kom nermare og nærmare. Ivar vart redd der han stod. Han sprang inn og let att kroken på døra. Mellom dei var ein stor reinsbukk

og han sprang mot selet og stanga i døra. Ivar vart så redd at han kraup opp på loftet og gøymde seg. Då høyrde han eit skrik uta for, det var Varg som vart stanga i hel av den sinte bukken. Ivar for ned og ut. Reinbukken fekk sjå han og kom setjande beint på han. Ivar la på sprang og nådde eit anna sel og skulle til å kliva opp, men då kjende han horna til bukken og han vart hivd høgt i veret. Ivar skreik av redsle. Så for tumla han var, nådde han på føtene att og sette av stad for full fart og reinsbukken sette etter. Men Ivar var lett som ein katt og med det same han nådde eit sel svinga han brått og hivde seg til og lukkast for han å koma opp på taket før den opphissa reinen nådde han. Då han sat der, fekk han sjå to karar som kom bein hit og hjelpte han ned. Dei vart glade heime då dei fekk att guten sin.»

Kultursjef i Flora Edvin Helgheim og fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl

Avlevering av skisseblokker etter kunstmålaren Harald Seim 23. september avleverte kultursjefen i Flora Edvin Helgheim skisseblokker etter kunstmålaren Harald Seim. Avleverar er Foreninga til Einar og Harald Seims minne.

Harald Seim var ein viktig sunnfjordkunstnar frå Kinn som levde i perioden 1882 til 1975. Han har ein allsidig produksjon med mykje motiv i frå heile fylket. Fylkesarkivet er svært glad for å ha motteke desse skisseblokkene. I tillegg fekk fylkesarkivet i gåve to bøker om Harald Seim og broren, språkmannen Einar Seim. Han er i boka omtalt som “Noregs lærdaste bonde”. Desse bøkene er forfatta av Magnus Helge Torvanger.

This article is from: