Kjelda nr. 2 2016

Page 46

Kjelda, nr. 2 – 2016, årgang 25

Bedriftsarkivet frå hermetikkprodusenten Firda Canning er det største privatarkivet vi oppbevarer. Det er på godt over 100 hyllemeter.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv Av Per Olav Bøyum

Fylkesarkivet har i år laga ein verneplan for privatarkiv. Arbeidet har vore todelt. Først var det naudsynt å gå gjennom allereie innsamla og registrerte arkiv. Det munna ut i ein bestandsanalyse. Deretter vart det skrive ein samfunnsanalyse som tok for seg dei viktigaste kjenneteikna ved næringslivet i kvar einskild kommune. Denne artikkelen summerer opp dei mest sentrale funna frå bestandsanalysen. Privatarkiv er ei svært variert kjeldegruppe. Dei vert gjerne negativt definert, ved kva dei ikkje er. Det er såleis tale om arkiv som ikkje er offentlege. Dei fleste har sitt opphav i organisasjonar, bedrifter, institusjonar eller som samlingar frå gardar eller einskilde personar. Også i omfang er det stor variasjon. Dei minste privatarkiva inneheld ikkje meir enn nokre få dokument. Det største vi oppbevarer på fylkesarkivet er meir enn 100 hyllemeter. Jamt over er likevel privatarkiva heller små i omfang. Kvifor privatarkiv? Kvifor dette strevet med å ta vare på privatarkiv? Om historieforståing og sogeskriving er viktig, noko truleg dei fleste vil vere samde i, gjev det seg nesten sjølv at det er ein fordel med eit 46

variert kjeldegrunnlag. Fleire offentlege styringsdokument har då også framheva at målet med arkivpolitikken er ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Privatarkiva er med på å fylle ut og korrigere dei offentlege arkiva.

Eit døme kan vere slektsgransking, som er ein type historiearbeid mange driv med. I det offentlege kjeldematerialet, som kyrkjebøker og folketeljingar, finst det heilt sentrale opplysingar som rissar opp livsløpet til ein person, slik

Tabell 1. Oversikt over privatarkiv oppbevart på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, fordelt på kommune.


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Besøk frå UWC

1min
pages 51-52

Tilvekst til biblioteket 28.05.2016-12.10.2016

1min
page 50

Brannen i Gloppen heradshus og redningsarbeidet til fylkesarkivet

4min
pages 42-43

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid med privatarkiv

10min
pages 46-49

Før i tida hadde alle svin på skogen

3min
page 44

Dyr for domstolen

3min
page 45

Krigshistorisk vegvisar for Sogn og Fjordane

2min
page 41

Elsa Horne heidra med kulturpris

2min
page 40

Minnestein over romanifolk (taterar) i Vik

6min
pages 37-39

Tidsnok

4min
page 36

Personlige iakttagelser og observasjoner under Måløyraidet

8min
pages 27-29

Haarklou-operaene

7min
pages 32-34

Alden, Orkja og Bjørga

2min
page 30

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

3min
page 31

Lavik kommunale husmorskule - ein stridens skule

14min
pages 22-26

Fylkesbaatane - Om kaptein Wærness

6min
pages 19-21

Modernist og norskdomsmann: Olai Fauske 1887-1944

16min
pages 4-9

Kvalstasjon i Vågane

6min
pages 16-18

Julegrisen i Nordfjord

2min
page 15

Kor gamle er gardsnamna våre? Ein kort studie kring gardsnamna i Stryn kommune

8min
pages 12-14

Samlinga etter Olai Fauske» - eit prosjekt støtta av Norsk Kulturråd og Førde kommune

2min
page 10

Matteo Pisani – stordansaren frå Lærdal

4min
page 11

Når uhellet først er ute

4min
pages 2-3
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.