3 minute read

Blaksetbygdar, liabygdar og ålfoting

Next Article
Besøk frå UWC

Besøk frå UWC

Av Kristian Solvang

Ein blaksetbygdar, randabygdar, eller kanskje jølstring? Foto: Alexander Mayrhofer. Datering: 2004.(CC BY-SA 3.0, https://commons.wikimedia. org/w/index.php?curid=300110)

Advertisement

Eg skal i denne artikkelen kaste eit spesiell sideblikk til uttrykk som indirekte har noko med stadnamn å gjere. I fagspråket snakkar vi om innbyggjarnemningar som blir brukt i overført tyding. La oss gå rett på sak: vart eit grådig og sta kvinnfolk kalla Ein gong eg møtte stadnamngranskaren ei «sunnmøre». Ein «trondhjemmer» Ola Stemshaug, «spurde han radt kvar er ein akevittdram, ein «mjøndøling» eg var ifrå». «Eg kjem ifrå Stryn, frå ei ein spesiell drink. Ein drink av vodka lita bygd som heiter Blakset, men der og moltelikør heiter i Hammerfest ein har vel ikkje du vore? «Jau, der er eg «finn». Og medan vi held oss til temaet; kjend», sa han, «du veit vel at folk på ei «misværtaus» er namn på ei lommeNordfjordeid seier «blaksetbygdar» når lerke (Misvær i Nordland). dei får ein stygg fisk i sjøen?» «Nei, men eg veit at innvikarane seier det. Men i I Troms kallar dei ei kvass og kraftig bygda vår kallar vi dei «randabygdarar.» vindbyge for «branddaling». Dei må ha I Flora kalla dei stygge fiskar «jølstrinhatt mange møringar der, for i Tromsø gar» (marulk eller svartekjette). kallar dei fuglen teiste «ålesundar». Heime på Møre skrytte dei av seg Ola Stemshaug gav i 2002 ut ei bok sjølv i «å gå branddaling» - å gå ned om denne språkbruken: «Norske ein båtleider med ryggen vendt mot innbyggjarnemningar i overført tyding». leideren. Stormåsen vart kalla «vestHer finn vi mykje interessant. Eg har eråling». Måsefuglen vart i Jostedalen gjort eit lite utdrag av den. kalla «gopning» (bygda Gaupne ved fjorden) Landkrabbane, som ikkje var Slike «utnamn» er det nesten alltid folk i van med sjøen, kalla dei «opplendgrannebygda som lagar, og det går helst ing» på Nordmøre og «setesdøl» i ut over innbyggjarane i små bygder i Kristiansand. På Nordmøre sa dei «å ro utkantane. Dette har nok skjedd til alle bøverdaling» når dei løfte årane høgt tider, og vi treng vel ikkje ta det opp som når dei ror. Bergensarane sette namnet mobbing eller hets, det er meir som ein «haugesundar» på dei som klappa på feil godmodig spøk. På Svalbard seier dei plass på konsertane. Men fiskarane kalla «sunnmøring» om ein maskin som grev fisken breiflabb «bergensar». På Utsira til seg kol, i min oppvekst var «sunnkalla dei fisken brosme «tysværjente» møring» ein råkøyrar. På Nordmøre (Tysvær i Rogaland).

Her i fylket fekk bl.a. «jølstringar» gjennomgå, i Flora brukte dei dette namnet om ein person som var tungnem, ein molbo. Same namnet brukte dei på ein utgoten, mager laks. Ytst i Førdefjorden brukte dei uttrykket «få ein dalsfjording i halsen» (klump eller spyttklyse). I Trondheim heitte det «å få en sjørdaleng i hæsj’n» (Stjørdal), men i Lærdal fekk dei «ein sunnfjording i halsen». Late og dorske personar vart i Askvoll kalla «døl» og «døle». Ein som ikkje oppfattar alt med det same, ein intellektuell «treg-ost», vart i Telemark kalla «årdøl». På Toten brukar dei ordet «torping» om «eit menneske som har eitt auge, og det sit midt i skallen» (Torpa). Då er det motsett med «grimsting», ein person som er sjøltrygg og ikkje er redd for å stikke seg ut (Grimstad på Sunnmøre).

Å «danse brekking» er når mannen legg begge armane rundt kvinna og plasserer hendene litt for langt ned mot baken. Uttrykket kjem frå Røros. Den som gjekk med open buksesmekk, vart i Romsdal kalla ein «fjærli-kar» (Fjærlia), og i Skjåk og Lom kalla dei insektet stankelbein «geirangsmann». Ein «grungedøl» gjekk med korte langbukser som berre gjekk til midt på leggen.

Det verste er vel at dei på Hareid brukte ordet «liabygdar» om ein diger mannsskit (det gamle namnet på Hjørungavåg). I Agder brukte dei «rogalending» i tydinga: drittsekk, utriveleg person.

Før i tida hadde vi knapper i broka; datt knappane ut, var gode råd dyre. Her i fjorden snakka dei om ein «ålfotar», som er ein spikar som ein i naudstilfelle set inn som knapp i buksa. Sette dei inn ein trepinne, kalla dei det for ein «surnadaling» eller ein «bøverdaling». Ein tverrsnur på ein hesjestreng kalla dei i Nord-Trøndelag for ein «namsosing». Heime hos meg sa vi «ein revelort».

This article is from: